Røyrodden, Treungen - Vest

Download Report

Transcript Røyrodden, Treungen - Vest

NATUR OG KULTUR
NATUR OG KULTUR
5 KM RUNDTUR / 2 TIMAR
Mystiske gravhaugar
Badeplass
LETT TUR

Nissedal
Foto: Simonas fotostudio
YTTERST PÅ RØYRODDEN, heilt nede ved innsjøen Nisser,
ser du nokre store steinhaugar ute på svaberga. Dette er gravrøyser frå bronse-, eller jernalder. Slike gravrøyser finst på fleire
oddar og nes langs Nisser.
På andre sida av riksvegen, går stien inn i ein lund, med nesten
1000 år gamle eiketre og 15 gravhaugar frå jernalderen. Denne
gravplassen ligg ved ein av dei eldste gardane i Treungen, Årak.
Det er funne gamle spydspissar, hesteutstyr, vevskeier og forskjellig verktøy på Årak. Alt er av jern, og er datert tilbake til
vikingtida. Det er nesten så ein kan høyre suset frå larmen av
gamle vikingar inne i den lune lunden.
Kjelde: Nissedal kultursoge, Kjell Åsen.
KVA KAN
DU SJÅ
PÅ TUREN?
elgspor
Foto: Jostein Hellevik
ELGEN ER DET STØRSTE HJORTEDYRET
i verda. I området rundt turløypa kan du sjå
Skogens konge sine liggegroper og lort.
Elgjakta startar i slutten av september.
Layout Nina Akersveen / trykk Erik Tanche Nilssen as
Foto: Tone L. Reinholt
LANGS INNSJØEN NISSER skjuler det seg mange, fine badeplassar. Ein av dei er ute ved Røyrodden. Gå langs stien, rett ut
mot vatnet og oppdag den mest fortryllande, vesle, kvite sandstranda du kan tenke deg. Ta med barna, god niste og bli der
resten av dagen.
I GAMLE DAGAR På den eine sløyfa av stien, går du forbi to
gamle husmannsplassar, Liland og Norke. Det er bare grunnmurane igjen, men ein kan forestille seg korleis livet var på desse
to karrige plassane. Begge høyrde til storgarden Årak.
www.vandretelemark.no
www.nissedal.kommune.no
Ansvarleg utgjevar er VTNU AS og Nissedal kommune med støtte frå
I NISSER LEVER aure, røye,
sik og tryte. Fiskeutstyr: Sluk,
mark, eller helst oter.
Fiskekort. Foto: Helge Reinholt
TIUR: Skogen ved Norke og Liland
er bustad for tiuren. Plutseleg flyg
han opp frå eit tre framom deg på
stien. Foto: Jostein Hellevik
Foto: Simonas fotostudio
ÅRAK TYDER: Ordet “rak” kan tyde “krøterveg, beiteplass”. Gardane
Årak, Gaurak, Naurak, og Strandrak ligg ved Nisser, så verbet “å reka”
kan også vere opphavet. Der ting rak inn. Foto: Tone L. Reinholt
Om turen
Turkart:
Nissedal
1 : 50 000
Skotøy: Vanlege joggesko,
men fjellsko/støvlar, dersom
det er ein regnfull sommar.
Tilgang: Med ein gong snøen
brånar! Ca. april – desember.
Høgste punkt: 373 moh
Kart: AT plan.
Kjelde: Statens kartverk,
Geovekst og kommuner
DENNE TURSTIEN går i eit åttetal. Den eine sløyfa går ned
mot Nisser med fin badeplass, og opp på ein liten topp. Der
kan du skrive namnet i turboka, og bli med i trekning av fine
premiar frå Treungen IL.
Den andre sløyfa går opp i skogen til Årak-gardane. Her finn
du blåbær og tyttebær, spor etter elg, rev, rådyr og tiur.
Tuftene etter to gamle husmannsplassar og gamle gravhaugar
er spor etter farne tider. Oppe på toppen av Åraksåsen, er det
fin utsikt mot Treungen.
Du kan velje å gå heile, eller delar av turen. Fine kvileplassar
langs ruta.
Køyreforklaring
Frå Treungen: 3 km frå sentrum ser du denne gardsvegen.
Parker på venstre hand, der du ser eit skilt med “Røyrodden”.
Du kan også køyre ein halv km vidare, opp på
bakketoppen. Der er litt større parkering på venstre
hand. Skilta mot Røyrodden, Gravhaugane og Liland.
Stien går ut frå begge parkeringsplassane.
Parkering sør: (GPS: N59002.313’ E8300 233’)
Parkering nord: (GPS: N59002.656’ E8300 086’)
Målestokk 1 : 50 000
........
Ekvidistanse 20m
= merkt sommarløype
Gunnarsøy
Tveit
Tveitåsen
Tveitsund
Skuggenatten
Langfjell
Skålfjell
Gaurak
Du har sjølv ansvar for tryggleiken undervegs.
Ta omsyn til naturen og beitande dyr.
Gjer vel å ta med søppel heim. God tur!
Foto: Simonas fotostudio