Årsrapport - Storfjorden.kyrkja.no

Download Report

Transcript Årsrapport - Storfjorden.kyrkja.no

Årsrapport
2013
Storfjorden kyrkjelege fellesråd
Innhald:
1. Innleiing
2. Storfjorden kyrkjelege fellesråd
3. Vurdering av mål og tiltak i 2013
4. Personale
5. Kyrkjebygg
6. Kyrkjegardar
7. driftsrekneskap
8. Investeringsrekneskap
9. Kyrkja i lokalsamfunnet
10. Kyrkjestatistikk
11. Kyrkja i lokalsamfunnet
Nye glasmåleri i Stordal kyrkje. Kunstnar: Veslemøy Nystedt Stoltenberg
Nye medarbeidarar: Asbjørg Oksavik Sve
Martin Kristoffersen
1. Innleiing
Kyrkja er inne i ei tid med store endringar og reformer. Men både Storting og
kyrkjelege organ har sagt at dei ønskjer at kyrkja framleis skal vere ei landsdekkjande
folkekyrkje. Men dei administrative einingane i kyrkja kan i framtida bli mykje endra
mellom anna som følgje av kommunereforma der kommunar bli slått saman til større
kommunar.
Kyrkja skal gje tilbod om gudstenste, kyrkjelege handlingar, trusopplæring , diakoni
og kultur i alle sokn i landet.
Gjennom kyrkjebygg og ved sitt nærvær i lokalmiljøet skal kyrkja formidle tru, gje
identitet og byggje fellesskap.
Fellesrådet har no hatt 2 år med felles drift. Det er ikkje lang tid. Det er mykje som
skal gå seg til og som treng tid, men erfaringar og resultat frå desse første åra vil her
bli presentert i årsrapporten for 2013.
2. Storfjorden kyrkjelege fellesråd
2.1 Medlemer
Fellesrådet er eit lovpålagt kyrkjeleg organ for den lokale kyrkja. Saman med
soknerådet opptrer fellesrådet på vegne av soknet. Fellesrådet har fått definert sitt
ansvarsområde i Kyrkjelova § 14: bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, anlegg,
drift og forvaltning av kyrkjegardar, arbeidsgjevar for alle tilsette unntatt prestane,
drift av kyrkjekontor og prestekontor, administrativ hjelp til prosten og lokale, utstyr
og materiell til konfirmantundervisninga.
Kvar kommune har ein representant i fellesrådet.
I Storfjorden kyrkjelege fellesråd er det med 5 kommunale representantar, ein frå kvar
kommune, ein representant frå kvart sokneråd og prosten. Det er til saman 14
representantar i Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Det har vore nokre endringar i
samansetninga av rådet dette året.
Pr. 31.12.2013 er desse medlemer i fellesrådet
Medlemer
kyrkjelyd og kommune
Kolbjørn Gjære, leiar
Ørskog sokneråd
Velaug Vassbotn, nestleiar Stranda sokneråd
Arne Skotte
Skodje sokneråd
Karen Margrethe Dyrkorn
Stordal sokneråd
Kjell Rødven
Norddal sokneråd
Lars Kjell Smoge
Liabygda sokneråd
Lars Maråk
Geiranger sokneråd
Berit Tømmerbakke Hole
Sunnylven sokneråd
Kari Grindvik
Skodje kommune
Ragnar Bakken
Ørskog kommune
Ole Johan Vidhammer
Stordal kommune
John Inge Smoge
Norddal kommune
Ingvild Nykrem
Stranda kommune
Svein Runde
Geistleg representant
varamedlemer
Veronica Stene
Trond Otto Berg
Birger Blindheim
Oddrun Aunet Innselset
Jan Kåre Eide
Anne Kristin Ansok Tårn
Jon Axel Solhaug
Lilli Karin Sund Ljøen
Reidun Holm Aure
Karen Simonnes Aanes
Hilde Dyrkorn
Egil Berge
Arild Ringdal
Per Inge Vik
2.2 Møte og saker:
Fellesrådet har halde 5 møte i 2013 og handsama 36 saker. Dei viktigaste sakene
har vore budsjett, rekneskapsrapportar, økonomiplan, tildelingseiningar for
trusopplæring i prostiet, omregulering av kyrkjegardar utviding arbeid med
organisasjonskart og organisasjonsutvikling, sak om ny fargesetting i Ørskog kyrkje,
sak om ny salmebok, arbeid med verksemdsplan og evaluering av
samarbeidsprosjektet og endring av tilsettingsreglementet.
Det er oppretta fire utval under fellesrådet. Det er:
a) Arbeidsutvalet består av leiar, nestleiar og prost i tillegg til kyrkjeverja og er eit
førebuande utval som går gjennom sakene som skal til fellesrådet.
b) Administrasjonsutvalet som har hatt 5 møte og handsama 13 saker
Det er valt 2 nye varamedlemer til administrasjonsutvalet. 1. varamedlem har
vanskar med å møte no ein periode og 2.varamedlem er gått ut av rådet av
helsemessige årsaker.
Utvalet sine medlemer ved utgangen av 2013:
Medlemer
verv
Kolbjørn Gjære
Leiar
Ole Johan
nestleiar
Svein Runde
Medlem
Olav Rønneberg
Medlem
Solfrid Blindheim
Medlem
Varamedlemer:
Trond Otto Berg
Kari Grindvik
Berit Tømmerbakk Hole
1.varamedlem
2.varamedlem
3.varamedlem
c) Forhandlingsutvalet.
Det er ikkje gjennomført lokale forhandlingar i 2013 for andre enn leiargruppa.
Medlemer
verv
Kolbjørn Gjære
Leiar
Trond Otto Berg
nestleiar
Ole Johan Vidhammer
medlem
Ester Walgermo
medlem
d) Arbeidsmiljøutvalet som har hatt 3 møte og handsama 17 saker.
Medlemer
verv
Repr.
Marie Hellvik
leiar
tilsette
Ester Walgermo
medlem
rådet
Kolbjørn Gjære
medlem
rådet
Brit Skjelten
Medlem
verneombod
e) Bygningsutvalet har ikkje vore i funksjon. Det består av Lars Maråk og Lars Kjell
Smoge og rådgjevar Arnstein Sæthre.
3. Personalforvaltning
Tal på årsverk pr. 31.12.2013:
Ørskog
Skodje
Stordal
Norddal
Stranda
Sunnylven
Geiranger
Sum
årsverk
3,98
3,35
1,35
2,90
4,32
1,11
0,17
17,18
Fellesråd
2,63
2,35
1,25
2,80
3,62
1,11
0,17
19,93
Finansiert av
Sokneråd Bisped.råd/stat
0,55
0,80
0,50
0,50
0,10
0,10
0,70
1,15
2,10
Stillingane er delvis notert på det soknet der dei tilsette har frammøteplass og delvis
fordelt på dei sokna som samarbeider om stillingar.
Oversikt over stillingar i Storfjorden kyrkjelege fellesråd:
Sokn
stillingskategori
Skodje
rådgjevar
sekretær
kyrkjetenar
organist
diakon
kateket
reinhaldar
st.storleik
0,80
0,40
0,60
0,50
0,50
0,50
0,05
årsverk
m
k
m
k
m
k
3,35
Ørskog
kyrkjeverje
sekretær
kyrkjetenar
kyrkjetenar
Kyrkjegardsarbeidar
kyrkjegardsarbeidar
reinhaldar
organist
kateket
diakon
1,00
0,80
0,20
0,30
0,08
0,15
0,15
0,50
0,40
0,40
k
k
m
m
m
3,98
Stordal
rådgjevar
kyrkjetenar
kyrkjegardsarbeidar
organist
kateket
0,50 m
0,20 k
0,25 m
0,20
0,10
diakon
0,10
1,35
Norddal
rådgjevar
kyrkjetenar
organist
diakonimedarbeidar
1,00
1,00
0,40
0,50
m
m
k
k
Stranda
rådgjevar
sekretær
kyrkjetenar
kyrkjegardsarbeidar
organist
organist
kyrkjelydspedagog
reinhaldar
0,50
0,50
0,50
1,00
0,37
0,40
1,00
0,05
m
k
m
m
m
2,90
m
k
4,32
Sunnylven
Geiranger
sekretær
kyrkjetenar
reinhaldar
reinhaldar
organist
korleiar
korleiar
kyrkjetenar
Likestilling:
0,40
0,20
0,13
0,05
0,25
0,06
0,02
k
k
k
k
m
k
0,17
1,11
0,17
17,18
17,18
16 kvinner
16 menn
Endringar i løpet av året:
3 tilsette – 2,2 årsverk - har sagt opp og slutta og nye personar er tilsett i stillingane.
Dette gjeld kyrkjetenar i Norddal, trusopplærar i Skodje, Ørskog og Stordal, og
kyrkjetenar i Stordal.
Diakon i 100 % stilling er flytta frå Stranda til Skodje, Ørskog og Stordal og kjem i
staden for trusopplærarstillinga der.
Ny stilling: Kyrkjelydspedagog i 100 % i Stranda og Norddal.
Rådgjevar i Stranda, er redusert til 50 % stilling etter overgang til 50 % AFP
Fråvær:
Det har vore langtidsfråvær i 3 stillingar i 2013 og ei stilling har stått vakant.
Det har ikkje vore fullgode vikarordningar for alle stillingane. Særleg i
trusopplærarstillinga har det mangla folk også dette året. I dei andre stillingane har vi
delvis dekt opp med vikarløysingar.
Det har også vore tydeleg merkbart at to av prestestillingane har vore vakante.
Prestestillingar:
2 stillingar – Ørskog og Stordal, Sunnylven og Geiranger har vore utan fast
sokneprest heile året. Dette har vore svært merkbart i sokna. I oktober 2013 kom det
fast sokneprest i stillinga i Sunnylven og Geiranger. Det vart også tilsett ny
sokneprest i Ørskog og Stordal. Ho skal ta til i stillinga 1. febr 2014.
4. Vurdering av mål og tiltak i 2013
Heile Austre Sunnmøre prosti fekk trusopplæringsmidlar i 2013.
Målet då blei først å få til eigna tildelingseiningar og dernest å få kompetente
personar i stillingane. Det har vi lukkast med, og no er alle folk på plass. Det
gled vi oss over og ser fram til mykje kreativt og byggande arbeid i sokna
framover.
Det er ikkje formulert andre spesifikke målsettingar for 2013 utover det som
ligg i investeringstiltak og prosjekt som det er løyvd midlar til særskilt.
Men for heile samhandlingsprosjektet er det formulert nokre
hovudmålsetjingar. Desse vil vi bruke fleire år på å kunne nå.
Hovudmålsetjingar i prosjektet:







ein meir effektiv og mindre sårbar organisasjon
betre utnytting/disponering av økonomiske og menneskelege ressursar
frigjere ressursar til oppgåver som ein i dag ikkje får tid til
oppnå at dei tilsette i små fellesråd får betre tilgang på kollegialt fellesskap
ei betre og meir effektiv leiing, der dei ulike kompetansefortrinna blir vektlagt.
klarare skilje mellom sokneråd og fellesrådsoppgåver for eitt soknskommunane.
mindre til administrasjon – meir til utoverretta verksemd i sokna
a. Ein meir effektiv og mindre sårbar organisasjon og betre
utnytting/disponering av økonomiske og menneskelege ressursar:
Storfjorden kyrkjelege fellesråd har hatt som mål å ein meir effektiv
organisasjon. Ein viktig føresetnad for å få til dette er å ha ein trygg og
stabil økonomi. Desse to første åra har dette vore på plass og fellesrådet
har kunna planlegge drifta med større muligheiter for fleksibilitet og betre
utnytting av både menneskelege og materielle ressursar.
Muligheit for å få til større stillingar, gir betre grunnlag for rekruttering til
stillingar. Samarbeid på tvers av kommunegrenser gir heilt klart ein meir
effektiv organisasjon og betre utnytting av dei ressursane vi har i
fellesrådet både når det gjeld personell og utstyr.
Felles server og dataprogram og trådlaust bedriftsnett for telefon gjer at vi
no kan kommunisere med kvarandre på ein rask måte, uavhengig av kvar
ein har sin arbeidsplass. Dette er ein dynamisk og fleksibel driftsmodell.
Vi har likevel erfart eit år med tidvis mykje frustrasjon over nettopp
programvare som ikkje har fungert som forventa. Eit av fagprogramma
våre har fått ny utgåve med meir brukarvenleg grensesnitt. Men det har
vore mange feilmeldingar og «barnesjukdommar» forbunde med
overgangen til ny versjon. Dette har vore tidkrevjande og belastande.
b. Frigjering av ressursar til nye oppgåver og bruk av
spisskompetanse.
Administrasjonsressursar
Målet med å frigjere ressursar er ikkje blitt akkurat slik vi tenkte, i alle fall
ikkje ennå.
Leiargruppa har fått avlastning for mange av dei oppgåvene som ein før
måtte gjere nar alle hadde ansvar for alle fagfelt. Samstundes er
arbeidsmengda innafor dei fagfelta ein no kan ha meir fokus på, betydeleg
større. For nokre av dei tilsette går ein del av arbeidstida med til å reise
lengre i fellesrådsområdet.
Men vi ser også at på ein del området blir det gjort eit betre og grundigare
arbeid enn det som blei gjort kvar for seg i dei gamle fellesråda/sokneråda.
Bruk av spisskompetanse har tydeleg positiv effekt.
I høve til sokna opplever nok nokre sokneråd at dei har fått ei dårlegare
lokal leiing. Dette er ein av dei uløyste problemstillingane i organiseringa.
Kor store ressursar har fellesrådet totalt sett til lokal administrativ leiing, og
kor mykje er det ønskjeleg å arbeide for å bruke meir til
kyrkjelydsbyggande arbeid i staden for til administrasjon? Her har
sokneråda gitt uttrykk for ulike forventingar og ulike behov. I eit sokneråd
opplever ein at ein får alt for tide administrative ressursar. I eit anna
sokneråd har soknerådet valt å ta ansvar for sekretærfunksjonen sjølv mot
å få organistressurs til barnekor-arbeid i soknet.
Heilt konkret har fellesrådet i 2013 trappa ned administrasjonsressurs for å
kunne bygge opp fagleg kompetansestilling i trusopplæringa.
c. Personalomsorg
Det er framleis eit prioritert mål å bli betre på dette. Alle tilsette har fått nye
arbeidsavtalar, men arbeidet med å oppdatere alle stillingsomtalane er
ikkje avslutta. I samband med medarbeidarsamtale i 2014 vil
stillingsomtalane bli drøfta og justert. Personalressursane er dei viktigaste
ressursane vi har. Det er difor viktig å få til gode ordningar for dei tilsette.
Mange av dei tilsette har gjort gode erfaringar med at det har vore positivt
å vere del av eit større fellesskap. På mange område har tilsette hjelpt
kvarandre og tatt tenester for kvarandre. Dette har vore eit stort pluss for
fellesrådet, og dei tilsette har også i hovudsak opplevd dette positivt.
d. Klarare skilje mellom soknerådsaker og fellesrådssaker
Dett er vel det målet er mest tydeleg oppnådd. Dei sokneråda som var
fellesråd før gir klart uttrykk for at dei no har færre forvaltningssaker og kan
ha meir fokus på kyrkjelydsarbeidet. Det kan likevel hende at vi må arbeide
meir med å avklare roller og ansvarsområde og bli tryggare på korleis
samspelet skal vere.
e. Effektivisering
Arbeidet med å få til meir effektive rutinar når det gjeld post og arkiv, har
gått seinare enn forventa. Dette har mest å gjere med at vi har hatt
problem med programvaren vi brukar. Dei tilsette har venta på opplæring
og oppdatering på dette området. No er dette begynt å kome i rute.
Bruk av spisskompetanse har også innverknad på effektivisering. Døme på
det er at det å ha ein ansvarleg for samordning når det gjeld gravferd og
kyrkjegardsdrift har vore svært positivt og eit viktig effektiviseringstiltak.
f. Samspel mellom fellesråd og sokneråd og kommunar
Samspelet mellom fellesrådet, sokneråda og kommunane har hatt fokus.
Det var eit mål å få til ein god struktur på dette.
Intensjonsavtalen med kommunane er ikkje fullført ennå. Det har likevel
vore møte med kommunane, både samla og einskildvis med nokre av
kommunane. I budsjettprosessen for 2014 har fellesrådet ikkje hatt god
nok dialog med kommunane og kommunane har i ulik grad tatt kyrkjeleg
fellesråd på alvor i sitt budsjettarbeid.
Samspelet med sokneråda har ikkje på alle punkt fungert så bra som vi
kunne ønske. Nokre sokneråd gir lite tilbakemeldingar. Fellesrådet
etterlyser protokollane frå soknerådsmøta. Frå evalueringa i sokneråda
kjem det fram at sokneråda også kunne vere flinkare til å gå inn i
protokollen frå fellesrådet. Det blir etterlyst informasjon om kva fellesrådet
driv med. Då er det kanskje ein stad å begynne med den informasjonen
som i alle høve er tilgjengeleg. Fellesrådet hadde som mål at sokneråda
kunne tilpasse sine møte til fellesrådet sine møte og at dei kunne ta opp
spørsmål av interesse før fellesrådet sitt møte. Det er eit stykka att før vi er
der, og dette er framleis noko vi må arbeide med. Arbeidet med god
informasjonsflyt er ikkje utvikla som vi vil ha det ennå. Målet er å få til ei
sterkare Vi-kjensle og eit godt samspel i heile fellesrådet.
Sokneråda har i 2013 blitt invitert til eit felles møte for å drøfte korleis dette
samarbeidet skal vere. Sokneråda blir elles invitert til å kome med innspel
i saker der dei er direkte involvert, t.d. i tilsettingssaker, budsjettinnspel og
innspel om mål og planar for kyrkjelydsarbeidet.
Når det gjeld andre konkrete mål, er dei knytt til budsjett og økonomiplanen og
vil bli kommentert under dei neste kapitla.
5. Kyrkjebygg
Det største vedlikehaldsprosjektet i 2013 var utvendig måling av Norddal
kyrkje. Bygningsansvarleg, eigne tilsette og ein leigd medhjelpar utførte
arbeidet.
Av investeringstiltak i Kyrkjebygg var arbeidet i Stordal kyrkje det mest
omfattande:
Arbeidet med nye vindauge og glasmåleri i Stordal kyrkje vart sett i gang i
desember 2012. Rammene til vindauga vart levert frå Flåthe Trevare as, etter
at fem firma var inviterte til å levere tilbod. Rammene er laga hos glasmester
Ove Blegen og glasmåleria er etter Veslemøy Nystedt Stoltenberg sine
teikningar. Overrekking av glasmåleria, som er svært vakre, blei markert i
gudstenesta 20.10.2013 med kunstnaren til stades.
Det er også montert spottlys utvendig på glasmåleria. Dette arbeidet har ikkje
blitt akkurat slik det var tenkt. Det blir arbeidd vidare med å finne ei god
løysing på dette.
Det er også montert nye benkeputer i kyrkjebenkane og etterisolering av
sakristia er avslutta
Både i Skodje kyrkje og i Ørskog kyrkje er det starta opp arbeid med å få inn
anbod på brannsløkkingsanlegg.
6. Kyrkjegardar
I 2013 har det vore arbeidd med ei mindre omregulering avgrensa til eit
gravfelt på Ørskog kyrkjegard og eit på Ødegård gravlund.
Det er også lagt ned mykje arbeid på å oppdatere alle gravstellsavtalar og
samle ulike gravstellskontoar til ein felles konto for gravstell.
Vedlikehaldsarbeidet på kyrkjegardane har for det meste vore tilfredsstillande
og til dels veldig bra. Det er med stor uro ein ser at for neste sesong må ein
redusere arbeidet med vedlikehald og stell på kyrkjegardane, særleg i
Norddal og Ørskog.
7. Driftsrekneskap
Kommunane sine tilskot til fellesrådet si drift er samla kr. 9.615.992.
Stranda kr. 3.402.000; Norddal kr. 1.780.000; Stordal kr. 957.000; Ørskog kr.
1.720.000 og Skodje kr. 1.757.000. Tilskota skal dekke drift av administrasjon
og drift av kyrkjene og kyrkjegardane
Rekneskapen til Storfjorden kyrkjelege fellesråd for 2013 er avslutta med eit
overskot/inndekking av tidlegare underskot på kr. 162.477. Det står no att
omlag 150.000 i uinndekka underskot frå 2012.
Det er særleg på lønsutgifter at det har vore innsparingar i høve til budsjettet.
Dette skuldast først og fremst lågare lønsoppgjer enn forventa, vakanse i
stillingar og langtidssjukmeldte. Det er ikkje ønskjeleg å ha ein situasjon der
ikkje alle medarbeidarar er på plass, så eit overskot basert på fråvær av
budsjettert arbeidskraft kan vi ikkje leve med i lengda.
8. Investeringsrekneskap
Fellesrådet har i 2013 fått kr. 765.395 utbetalt til investeringar.
Resten av avsette midlar til sprinkelanlegg i Skodje og Ørskog kyrkjer vert
overført til 2014.
Investeringsrekneskapen er avslutta i balanse etter at restbeløp utbetalt frå
Stordal er avsett til fond Stordal kyrkje/kyrkjegard og eit overforbruk på Skodje
kyrkjegard er inntektsført som forventa inntekt frå Skodje kommune.
9. Oppsummering Evaluering av samarbeidsprosjektet etter 2 år:
Overgangen til ny organisering har kanskje vore størst for dei tidlegare
kyrkjeverjene. Erfaringa syner at det har vore tidkrevjande å ha ansvar for
både eit spesialfelt innafor fellesrådet og arbeidet i eige sokn.
Vi ser tydeleg at fagområda blir tatt hand om på ein veldig kompetent og
forsvarleg måte. Det gir auka kvalitet i det arbeidet kyrkja leverer på området.
Men fellesrådet er stort og har mange kyrkjer og sokn. Arbeidet blir difor meir
omfattande og krevjande. Vi ser også tydeleg tendensar til at vi totalt sett når
over ein større del av ansvaret som ligg til kyrkjeleg fellesråd å forvalte. Kvar
for oss nådde vi ofte ikkje over alle områda og det var fleire området som ikkje
blei handtert kvart år.
Rådgjevarane gir uttrykk for at dei har hatt eit travelt år, men at nokre nye
rutinar begynner å gje gevinst og lette i arbeidet. Den mest utfordrande delen
er at rådgjevarane også er administrative leiarar for sine sokn. Dette kan det
lett bli for lite tid til å ta hand om på ein god nok måte. Dette er ei
problemstilling som vi som forsøksprosjekt tar med til sentrale institusjonar:
korleis skal vi få til ei god leiing på soknenivå?
Dei andre tilsette har i hovudsak hatt den same arbeidssituasjonen, men det
har vore meir samarbeid over soknegrensene, og fleire arbeidsgrupper har
opplevd det positivt å vere i eit større kollegafellesskap. Den største
utfordringa er framleis å få til god informasjonsfly, frå leiinga ut til sokneråda
og alle tilsette og mellom dei tilsette. Sjølv om den geografiske avstanden til
øvste leiar er større enn før for mange, er det ikkje mange av dei tilsette som
uttrykker at dette er blitt eit problem.
Det at vi er blitt ein større organisasjon og ein større arbeidsgjevar har heilt
klart gitt oss større muligheiter til å bruke stillingar meir fleksibelt. Vi ser at vi
kan gjere andre grep enn vi kunne kvar for oss med veldig avgrensa
økonomiske rammer.
Sokna har nok opplevd overgangen noko ulikt. Nokre sokn har opplevd at dei
har mista ein del av den gode støtta dei hadde i den gamle kyrkjeverjestillinga
som gjorde mykje arbeid for sokneråda. Andre sokn har fått nye ordningar
som fungerer bra eller har same ordning som før. Vi ser også tydelege
tendensar til at sokneråd får eit større fokus på kyrkjelydsarbeidet. Dette er eit
klart mål for samarbeidsprosjektet. Levande og aktive kyrkjelydar er kyrkja si
framtid.
10. Kyrkjestatistikk
Kyrkjeleg årsstatistikk
2013
Gudstenester på søn-og
helgedag
Talet på frammøtte
Gudstenester med nattverd
Totalt Liabygd Strand Sunnyl Geiran Nordd Storda Ørsko Skodje
a
a
v
l
g
240
16
38
24
20
49
25
28
28
4605
106
898 579
123
3
24
5
4
14
7
22
44
141
Vigde
42
1
4
0
12
8
2
5
10
42
Gravferder
115
1
30
5
3
24
11
15
26
109
Konfirmantar
174
5
33
7
7
29
14
22
57
154
4-årsbok
130
3
26
8
2
22
8
20
41
136
Utdeling av Bibel/NT
185
0
42
11
4
17
21
32
58
166
Tårnagenter
29
0
11
12
6
0
0
0
0
37
Lys Våken
72
0
0
0
0
0
12
8
52
45
Konsert i eigen regi
23
0
1
3
7
3
1
6
2
25
Døypte
Innsamla offer
640899
27196 113654 34592
Gjevarteneste
120500
0
57500
Andre innsamla midlar og
gåver
1118517
0
100900 7779
0
13
19
118
10
217
21
21459
143
Nattverdgjestar
9
255
40
19132 650 3509 1871 1020 2803 1367 2918 4994
14
2012
29
291 245 437 1832
3790
17954 104138 39422 118422 185521 648071
0
2685
0
0
36600 26400 139425
75840 13991 626544 290778 1240576
Alle sokna unntatt Geiranger har hatt nedgang i tal deltakarar til gudsteneste.
Men også gudstenestetalet på søn- og helgedagar er redusert frå 255 til 240.
Det som er gledeleg er at talet på gudstenester med nattverd er auka frå 118
til 240 og med det er også nattverdgjestar auka frå 3790 til 4605.
Den store utfordringa for kyrkjelydane framover blir no å bygge ut
trusopplæringa for alle døypte frå 0 – 18 år. Dette vil vonleg også syne igjen
på statistikken etter kvart.
11. Kyrkja i lokalsamfunnet
Det viktigaste arbeidet i kyrkja skjer lokalt i den einskilde kyrkjelyd. Kyrkja er
ein viktig aktør i lokalsamfunnet og kyrkja ønskjer å bety noko for folk flest
både i sorg og i glede.
Sokneråda sine årsrapportar syner at det er mykje aktivitet som skjer i
bygdene våre. Dette er svært gledeleg og legg eit godt grunnlag for vidare
satsing på levande kyrkjelydar. I Skodje sokn var det bispevisitas i 2013.
Heile prostiet har fått trusopplæringsmidlar og alle sokna vil ha
trusopplæringsarbeidet i fokus.
Fellesrådet ønskjer å vere med å legge til rette for gode prosessar i alle
sokna.
Majoriteten av innbyggjarane i bygdene våre er medlemer i Den norske kyrkja.
Dei skal kjenne at Kyrkja er der i deira liv og kan utgjere ein forskjell.
Kyrkja er ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn prega av nærleik,
omsorg, identitet og kultur. Ho er ein sentral bidragsytar for at
einskildmenneske skal fatte mot og meining, tru og engasjement. Ei livskraftig
kyrkje gjer bygdene våre til ein betre stad å bu.
Kolbjørn Gjære
Fellesrådsleiar
Ester Walgermo
kyrkjeverje
Friluftsgudsteneste på Digerneset