Nr 2 2014 - Undheimkyrkja

Download Report

Transcript Nr 2 2014 - Undheimkyrkja

Nr 2, 2014
møte:plassen
Møta nye venner - Søk ja Gud - Få del i oppdraget
Pinse
Eit magasin frå Undheimkyrkja
«Og sjå,
eg er med dykk
alle dagar så
lenge verda står.»
Nærbilde
Ane G Fosse
side 4 - 5
Gravplassen
side 6 - 7
Ny undomsarbeidar
side 8 - 9
Aktuelt
side 10 - 13
- GLAD SOMMAR! -
Køyre -
møte:plassen
2 - 2014
læraren
Eg har tenkt litt på at trua og livet
med Gud kan samanliknast med
kjøreopplæring til bilsertifikatet. Ein
må lære trafikkreglar. Det kan vere
litt kjedelig, men heilt nødvendig. Til
dømes er det avgjerande viktig å vite
kva side av vegen ein skal køyre.
Utgjevar:
Undheim sokneråd
Redaktør/grafisk utforming
Hanne Brit Sandsmark
tlf. 996 26 157
også mykje meir i Bibelen som er godt
å ha med på livsvegen. For meg er det
ein god tanke at Gud alltid er ved sida
av meg. Ikkje ein streng sensor som
er ute etter å stryke nokon. Eg tenkjer
også at til meir kontakt eg har med
Gud, til kjekkare vert
turen, sjølv om vegen
er ikkje kan vere utfordrande.
Gud er ein god køyrelærar.
Ein som gir hjelp til å
Gud
forstå
«trafikkbiletet»
ein streng sensor
eller livet vårt. I 40-grense
I Bibelen står det også
må ein vere ekstra på som er ute etter om vegar. Jesus seier:
vakt.
På
motorvegen å stryke nokon «Eg er Vegen, Sanninga
må ein halde tempoet
og Livet. Ingen kjem til
oppe. Nokre stader er det
Faderen utan gjennom
vikeplikt. Andre stader
meg.» I ein Salme står det «Legg din
er det gjennomkøyring forbode. veg i Herrens hand. Stol på han så skal
Køyrelæraren gjer også råd om gode han gripa inn.» Gud vil leve nær oss,
køyreruter.
og han ynskjer at alle kjem fram til
Som kristne er det også viktig at vi
kjenner til det som står i Bibelen, det
grunnleggjande. Til dømes gir dei ti
boda grunnlag for eit godt liv for den
enkelte og for fellesskapet. Det står
9. årgang
målet som er Himmelen.
Kari Sikveland
Redaksjonen:
Marta Dagestad Undheim
Siv Herikstad Undheim
Gunn Berit Landa Soldal
Hanne Brit Sandsmark
Adresse:
Møteplassen
Time kyrkjekontor
Pb 373
4349 Bryne
E-post:
[email protected]
Internett:
www.håp.no
www.undheimkyrkja.no
www.time-kyrkja.no
Trykk:
NetPrint Prosessen, Bryne
Opplag: 500 eks.
undheim sokneråd
kontonr.: 3325.21.55657
Nr 2,
v en
:p
møte
nye
Møta
mag
Eit
2 0 14
ag e t
n
lasse
ja
- S øk
ne r
Gu d
asi
op p dr
de l i
- Få
se
Pin
nd
å U
n fr
hei
a
rkj
mky
å,
g sj
k
dyk
med
eg er
r så
daga
alle
år.»
a st
verd
lenge
«O
ilde
Nærb sse
Fo
AnesiGde 4 - 5
n
lasse
p
Gravside 6 - 7
sdom
Ny un idar
arbe - 9
side
8
elt
Akdetu10 - 13
si
LA
- G
2
M
D SO
MAR
! -
Jeg har
vandret
med Jesus
Jeg har vandret med Jesus i mørke og lys,
under vekslende tider og kår,
Men når alt om meg skiftet, jeg sang til
hans pris: Han er trofast i dag som i går!
Denne sangen har alltid vært god for meg. Jeg har vandret
med Jesus i alle år. Og han har alltid vært trofast.
Ref:
Hvilken lykke og fred, ja, vidunderlig fred,
som jeg har når med Jesus jeg går!
La så allting forandres – min sang blir dog
ved: Han er trofast i dag som i går!
Da jeg var 17 år, var jeg ute og gikk, og snakket med
Jesus: «Ser du meg Jesus? Er jeg din? Kan du gi meg et
ord så jeg får dette bekreftet? Gi meg et ord jeg trenger når
jeg kommer hjem.» Da jeg slo opp Bibelen på måfå da jeg
kom hjem, falt øynene mine på ordene i Jes 41,10:
«Frykt ikke, for jeg er med deg! Se deg ikke engstelig
Jeg har vandret med Jesus på ensomme sti,
og jeg tenkte: Meg ingen forstår.
Da jeg hørte en stemme så mildt til meg si:
Jeg er trofast i dag som i går.
Det ordet hadde jeg aldri fått før. Det var som om alt falt
på plass. Jesus ble virkelig stor for meg.
Jeg har vandret med Jesus i sorgenes dal,
der hvor stien er knudret og hård.
Kun et ord – og den ble til en skjønn
blomstersal: Han er trofast i dag som i går.
Ja, jeg vandrer med Jesus så freidig og glad
til ved dødsflodens bredder jeg står.
Da jeg ennå en gang skal istemme mitt kvad:
Han er trofast i dag som i går.
Tekst: David Welander
omkring, for jeg er din Gud. Jeg styrker deg og
hjelper deg og holder deg oppe med min rettferds
høyre hånd.»
Jesus er med i medgang og motgang. Det er det som er
så stort – han er trofast i dag som i går. Uansett. Jeg har
fått leve et godt liv. Jesus har vært med i mørke og lys, i
vekslende tider, i sorgens dal, og hans trofasthet og hans
fred som overgår all forstand har holdt meg oppe.
Jesus har alltid vært god mot meg. Har jeg Jesus, har jeg
alt. Jeg er glad i Jesus, og han er glad i meg. Det er stort.
Det er godt å vite at Jesus er trofast. Jesus er glad i alle
mennesker, og ønsker å gi sin fred til deg også. Og han vil
du skal vite at hans trofasthet gjelder akkurat deg.
Henny Undheim
3
NÆRBILDE
Ane Gjerde Fosse
Tekst og foto: Marta D. Undheim
- Eg likar meg på landet. Nok med ein dag i byen for
meg, seier Ane Gjerde Fosse. Ho har funne seg til rette
på Tunheim. Det er dette som er heime no.
Sunnhordlending
Ane er fødd og oppvaksen på Moster på Bømlo. Dei budde
på garden Naustbakken som oldefar hennar frå Hardanger
kjøpte i si tid. Han dreiv garden i tillegg til at han var
båtbyggjar. No er det fleire av etterkomarane hans som
har busett seg der. Men neste generasjon slutta å byggja
båtar, dei kjøpte båtar, og dreiv med fiske og fraktefart. Dette med rederiet og båtane har vore ein stor del av min
oppvekst, fortel Ane. Kvar sommar frå ho var 5 til ho var
17 år var ho fleire veker med faren og reiste, så ho blei
tidleg biten av basillen med å reisa og har mange gode
minne frå det.
Ane hadde ein trygg og god oppvekst på Naustbakken med
familie på alle kantar. - Og med 4 eldre sysken som passa
på meg og påstod eg var ein bortskjemd attpåklatt. Det har
eg fått høyra mange gonger, smiler ho.
Tunheim no
Etter eit år på Solborg Folkehøgskule og nokre år i Bergen,
4
flytta Ane til Stavanger. Der møtte ho Eyvind etter nokre år,
og dei slo lag. Han hadde då kjøpt eigedomen på Tunheim,
og no har det òg vorte Ane sitt. - Det tok litt tid før eg vart
fortruleg med plassen, men no har eg funne meg til rette.
Dette er heime, seier Ane med ei smilande overtyding!
Ikkje minst betyr det mykje at dei har fått ein god, liten kar
som nærmar seg tre år og dette vert heimplassen hans. Ane
har hund òg, ein god tur-kamerat. Ho reknar med at folk
gjerne kjenner henne som «hu som går med den hunden».
Det er mange fine turar å ta i nærområdet.
Barnetrua
Å tru på Gud og Jesus har vore naturleg for Ane frå ho
var lita. Foreldra er kristne og ho «gjekk gradene» i
Sundagsskulen, Ving( 4.- 5. kl) og Yngres
i Salem, Indremisjonen sitt hus på Moster. I ungdomstida
vart det for henne som for mange i den alderen litt utprøving
av grenser, men som ho seier: - Om eg halta litt med ein
fot i kvar leir ei stund, så har eg inni meg alltid visst at eg
vil vera ein kristen. Ho tok ikkje lett på dette med kva det
er lurt å vera med på viss ein vil vera ein kristen, men kom
fram til at ho ville grubla seg gjennom spørsmåla og sjølv
finna ut kva ho ville stå for. Ane fortel at ho snakkar mykje
med Jesus, same kvar ho er. - Berre inni meg altså, legg ho
til. - Det må vera det me kallar bøn. Det er i alle fall veldig
godt for meg.
I Guds omsorg
For godt eit halvt år sidan hadde dei
ei vond oppleving med vesleguten
sin. Han hadde høg feber og fekk
eit epileptisk anfall utløyst av
feberkrampar. Han var bevisstlaus
ein times tid, så det var kritisk.
Legehelikopteret stod i hagen då Ane
kom heim. - Då ropte eg til Jesus i
bilen heim frå jobb, omatt og omatt:
- Ver så snill og ikkje ta han ifrå oss!
Lat oss få ha han litt til! Og det fekk
me. Eg er så takknemleg!! I den tida
var det mange som bad for dei, og det
merka dei. - Me hadde ein fred og var
trygge sjølv om me eigentleg hadde
grunn til å vera redde.
Bygdeliv er bra
Dei har ein del vener på Bryne og er
mellom anna med i ei bibelgruppe
der, men ser føre seg at dei vil verta
meir kjende her i bygda no når guten
deira har fått plass i barnehagen på
Undheim frå hausten.
Undheim-bygda er passeleg stor.
Her kan ein kjenna mange av dei ein
møter på butikken, på samfunnshuset
eller i kyrkja. Ane tenkjer det er godt
å vita om kvarandre og kven folk er,
ikkje minst når livet går imot.
I det siste har dei gått oftare til
gudsteneste på Undheim. Dei opplever
det godt å koma inn i kyrkja, føler seg
heime der, og Per Børge Hillestad sine
preiker får dei mykje av. Dei har gått
i andre forsamlingar før som har vore
retta berre mot ungdommar. - For oss
er det godt at alle generasjonar er med
i kyrkja. Det er noko trygt med det, og
gir ein følelse av at her høyrer me til,
seier Ane.
5
Gravplassen
- utvida og fornya
Tekst og foto: Marta D. Undheim
Dei siste månadane har me sett at det har føregått eit
omfattande arbeid på kyrkjegarden - eller «gravplassen»
som det heiter i dei nye forskriftene. Gravemaskinar,
lastebilar og arbeidskarar har snudd og vendt på jord og
steinar, og fine, rette murar reiser seg. Kanskje me ikkje
heilt har forstått korleis dette skal verta, men no siste
vekene, ser me at stiane er ferdige og molda kjem på plass.
Arbeidet nærmar seg sluttført og gravplassen vert fin!
Me har snakka litt med Tor Åse som har ansvar for ulike
prosjekt på vegne av fellesrådet, mellom anna utvidinga
av gravplassen på Undheim. Det er fellesrådet sitt ansvar
at gravplassen er stor nok, og så er det kommunen som tek
prosessen fram med ansvar for finansiering, rådgjeving og
6 6
alt det praktiske. Tor Åse gir kommunen ved Teknisk Etat
stor honnør for godt utført arbeid. Veldig bra! Seier han.
På det nye arealet skal det vera plass til 212 nye graver.
Det skal halda i mange år framover. Det er nok plass på det
«gamle» arealet nokre år til. Etter det vil det nye verta teke
i bruk. Då har jord- og grus-massane stabilisert seg der.
Mykje av massane som var der er no skifta ut med meir
«leke» massar slik at vatnet lettare renn ut. Endå i molda
er det blanda inn sand så grasbakken òg skal takla nedbør
betre.
Systemet for avfalls-handtering vert nytt. Rett innpå
den nye delen av gravplassen er behaldarar gravne ned
i bakken. Det vert ei diskret og grei ordning som er lett
å bruka. Tor Åse vil og gjera merksam på at viss nokon
treng hjelp til stell av graver, er det berre å ta kontakt med
kyrkjekontoret.
sjå berre på den fine muren, seier Gabriel,- kor fint dei
har kopla han saman med den gamle. Han minnest då den
gamle delen var ny. Dei beundra den fine og breie muren
når dei sykla forbi på veg til Handelslaget. Det var ikkje
mange stader dei hadde så fin mur i den tida.
Eit fint system med stiar skal gjera alle gravene lett
tilgjengelege, slik at folk slepp å verta våte og skitne på
skorne. Sjølve gravene vert større. Etter det nye regelverket
vert dei no 1,5 m breie og 3 m lange.
Karen og Gabriel tek seg ofte ein kveldstur etter at arbeidsdagen er slutt, og då er det naturleg å leggja vegen
innom gravplassen. Her er det fred og ro og ein kan la
tankane gå og minnast slekt og vener som ligg her. - Me
kjenner mange, ja, dei fleste av dei som ligg her. På den
eldste delen ligg dei som mor og far hugsa og snakka om.
Dei er på ein måte ein del av livet vårt, alle. Godt å vera
her, det gjev ro i sjel og sinn, og ikkje mindre no med den
nye delen. Det vert ei kvild for auga med alt det fine dei
har fått til, seier Gabriel.
Nye plantar og nye lysmaster skal på plass både på den
nye og den gamle delen slik at alt står i stil. Stiane skal
vera opplyste og like eins nokre av trea. Det skal gjera
gravplassen til ein trygg og god stad å vera òg på kveldstid.
Tor Åse er svært glad for at dette arbeidet no er i hamn og
at gravplassen vert så fin. - Det unner eg verkeleg folket
her i bygda. Gravplassen er ein viktig plass for mange, og
skal vera både ein fin og ein god plass å vera der ein kan
finna ro og gje rom for både fred, sorg og ettertanke.
Den nye delen av gravplassen vil verta vigsla av Prosten i
Jæren rett etter haust-takkegudstenesta søndag
28. september.
Gabriel Tjensvoll er av dei som set stor pris på å ha
gravplassen i nærleiken. Då det var snakk om at det vart
for dyrt å byggja ut her, og at kommunen hadde nok
gravplassar på Time, vart han helst «øvegidde». Han
meiner me bør ha råd til å ha gravplassar her, det høyrer
til i ei såpass stor bygd, og legg til med eit smil: - Så då
biskopen var her, sa eg nokre alvorsord til han om det, og
det ser ut til å ha virka!
Enno er dei ikkje heilt ferdige med arbeidet. Gravmaskina
driv og ryddar opp rundt gravplassen, og ein gartnar er i
ferd med å planta. - Ja, no vert det veldig fint. Du verden,
77
Ny
ungdomsarbeidar
Tove Hersdal
Tekst og foto: Siv Herikstad Undheim
Tove Hersdal er ansatt som ny ungdomsarbeidar på Undheim i 50 % stilling. Ho har allereie vore med på
nokre styremøter, men startar offisielt 1. august. Møteplassen har teke ein prat med henne.
Kven er Tove Hersdal?
Eg er 38 år, gift med Svein og har tre gutar på 15 og 13
(tvillingar) og ei jente på 9 år. Me bur på Bryne. Eg er
utdanna førskulelærar, har fordjuping i drama og har studert
sosialpedagogikk, og kan vera lærar opp til 5. klasse. Elles
er eg med og dirigerer eit familiekor og er fotballtrenar for
ungane mine. Opp gjennom åra har eg vore mykje med
som frivillig leiar i ungdomsarbeid.
Kvifor har du lyst til å vera
ungdomsarbeidar på Undheim?
Eg har ein 50 % stilling som trus-opplærar i Bryne kyrkje,
og hadde nemnt på kyrkjekontoret at eg ønska ei større
stilling. Så ringde Hanne Brit til meg. Eg hadde faktisk
sagt til Svein kvelden før ho ringde at eg kunne tenke med
noko innan ungdomsarbeid, og det var akkurat det Hanne
Brit spurte meg om. Det er jo fantastisk at det la seg slik til
rette! I tillegg hadde eg sagt til mor at eg tenkte slik på kva
eg skulle gjera, og ho svara at du som arbeider i kyrkja må
vel tru at det vil ordne seg. Og det er akkurat det det no har
gjort. Veldig kjekt! Frå før kjenner eg ein del folk her, så
Undheim er ikkje heilt ukjent for meg.
8
Kvaplanar har du for ungdomsarbeidet?
Eg ønsker at me får til eit samarbeid mellom UKUF,
og særleg ungdommane på Fotland bedehus, men og
ungdommane på Lye og Bryne. Me skal derfor, som ei
prøveordning eit halvt år, bytte helg på UKUF. På denne
måten kan ungdommane frå Fotland bedehus koma på
UKUF, og den andre helga, når det ikkje er UKUF, kan
dei som vil reisa til Fotland. Eg håper óg me får til nokre
møter i året der ungdommane frå Undheim, Fotland,
Lye og Bryne kan samlast alle og ha det kjekt i lag. Det
er inspirerande å treffa nye folk og få nye venner, så eg
vil oppfordra ungdommane på Undheim til å vera med til
Fotland og andre stader det blir aktuelt.
Eg har og veldig tru på og lyst til å få i gang nokre
smågrupper ein ettermiddag/kveld i veka. Ein times tid
med ulike aktivitetar i gruppene først, det kan for eksempel
vera lovsang, mekking, tur/klatring, matlaging, drama og
liknande, alt etter kva ungdommane sjølv vil, så har me ei
felles samling etterpå. Til dette treng me vaksne leiarar, me
må ha ein vaksen per gruppe. Me får sjå kva ungdommane
sjølv har lyst til å gjera og kva slags aktivitetar det blir i gruppene. Dersom det blir mekking, treng me ein som kan
skru, dersom det blir klatring treng me ein med sikringskurs, og så vidare. Slik som eg har forstått så skal Jakob og
Jarle fortsatt vera med, og det er eg så glad for! Det er to gode, stødige karer, og det er ein fordel at det er med leiarar
av begge kjønn. Slik som når me skal på turar, og det er allereie planlagt weekend til Evjetun til hausten, det blir kjekt!
Kva er viktig for deg som ungdomsarbeider?
Det er enormt viktig å høyra på ungdommane, og å vera i lag med dei. Det å ha tid til dei, å bry seg, og å ta dei på
alvor. Det er det viktigaste, synes eg. Så er det sjølvsagt viktig at ungdommane har lyst til å koma på UKUF og andre
arrangement, og at dei synes det er kjekt å vera med og at dei trivst. Målet er at alle som kjem skal føla at kvar enkelt
har ein plass, og at det er for alle. Det skal vera høgt under taket! Så er det viktig at me har eit åndeleg innhald på møta/
treffa våre. Av og til blir det eg som skal ha andakten, andre gonger får me inn nokon utanfrå. Det er sjølvsagt og viktig
med litt tull og tøys!
Kva blir det mest utfordrande?
Det blir utfordrande å finna det som gjer at ungdommane på Undheim vil prioritera å koma på UKUF og andre ting me
kjem til å arrangera. Ungdommar har så mange ting dei kan velja blant i dag, så me må finna det som gjer at dei vil vera
i kyrkja. Me må vera attraktive. Det blir spanande å sjå om me får det til!
Kva blir så det mest givande?
Det er å vera i lag med ungdommane, å snakka med dei og å gleda seg i lag med dei. Eg gler meg i alle fall veldig til å
koma skikkeleg i gang!
Me gler oss og over at Tove skal vera i lag med ungdommane våre og ynskjer lukke til i arbeidet!
UKUF
følg oss på
facebook!
Gløymde klesplagg
Er det nokon som kjenner
igjen desse kleda? Dette er
klede som er gløymt i kyrkja
ein eller annan gong. Det er
mellom anna fleire jakkar, ei
flott skibukse og eit par med
sko. Dersom det er nokon
som saknar noko, ta kontakt
med
Nina Fosse på tlf.: 994 99 952
eller
Hanne Brit Sandsmark
på tlf.: 996 26 157
før sommarferien. Dersom
dei ikkje blir henta, vil kleda
bli gitt bort til Fretex eller
UFF (klescontaineren på
Undheim).
9
Følg med på internett
www.håp.no
direkte fra Nepal
Du kan gå inn på www.håp.no - klikka på Direkte fra Nepal og sjå kor i verda bilen til Per Børge er til eikvar tid.
Der kan du lesa meir i dei ulike blogg-innlegga som han legg ut til venstre på sida.
Når møte:plassen går i trykken har han kome til Hellas. Her vil han mellom anna oppsøkja bibelske stader og
byar kor Paulus var på misjonsreisene sine. Før han kom så langt har han vore innom:
- Lutherstadt Wittenberg i Tyskland
- Auschwitz i Polen
- Ostrava og familien English i Tsjekkia
Vidare ligg Patmos, Araratfjella i Tyrkia og munkekloster i fjella i Georgia og ventar.
Etter dette kjem Kristin, og turen held fram til Nepal og oppdraget dei har der for misjonsorganisasjonen
Himalpartner.
Leige av kyrkjekjellaren
til konfirmasjonsfest 2015
saman
om
fire
bibeltimar
johannes’ openberring
Undervisning v/ Per Børge Hillestad
7. sept. Lye Forsamlingshus
28. sept. Time kyrkje
19. okt. Fotland bedehus
9. nov. Undheim kyrkje
kl. 19.30
Kaffi og samtale
ALLE VELKOMNE!
Time og Undheim sokneråd
Lye forsamlingsstyre, Fotland bedehus
De frå Undheim sokn som ynskjer å leiga
kyrkje-kjellaren til konfirmasjonsfest 2015
må søkja kyrkjestyret ved
Oddvar Egeland tlf.: 51484253 / 95930126
eller
Torvald Tjåland tlf.: 51484255 / 91359619
e-post: [email protected]
innan 1.juli. Me vil føreta trekning av
innkomne søknader innan 1 veke.
Kyrkjestyret.
10
30. mars
Herren velsigne
deg og vare deg!
Herren la sitt andlet
lysa over deg og
vere deg nådig!
Herren lyfte sitt
andlet mot deg
og gje deg fred!
Døypte i
Undheimkyrkja
20. april
Madelief Gerritsen
12.9 Konsert
med Country Lights og
Torild Egeland Reime m.fl.
Leander Bøe
14.9 Salmekveld
Trygg Oddane
11. mai
Sina Årdal Helland
Mathea Helland
Otto Undheim Seitzberg
Torjus Norås
i Time kyrkje
15.11 Egil Svartdahl
til Undheim
Onsdagskveld /
Åpen kyrkje
10. september
Tor Leiv Jonassen og Per Børge
8. oktober
Bønnevandring, bilete og musikk
12. november
Unni S. Vignes og Asbjørn Sivertsen
Kl. 19:30 i UNDHEIMKYRKJA
Dugnad for barnehagen
19. mai starta arbeidet med nybygget i barnehagen. Det
er entreprenør-selskapet Kvia og
Preben Undheim som har dette prosjektet. Det skal stå
ferdig til midten av oktober, og arbeidet går sin gang
heile sommaren. Ikkje minst reknar dei med å få gjort
mykje dei vekene barnehagen har ferie, seier Preben
Undheim.
Dei treng dugnadsfolk til rydding og til å gjera uteområdet ferdig. Preben skal organisera det, og no går oppfor-
dringa ut, fyrst og fremst til foreldre som har borna sine
der, men òg til alle andre som har tid og set pris på at me
har barnehagen i bygda:
Meld dykk til dugnad! - kjekt er det og!!
Me har tre mann de kan gje beskjed til:
Trygve Selbakk 402 01 161
Torstein Ertkjern Gjerdevik 908 84 598
Asle Bleskestad 404 96 208
11
Minneblomar
Barndomstida er dogga av framfarne år,
Kvelden stundar mot solfall og natt.
Men i ljoset og varmen frå livsdagens vår
kan eg finna mitt morgonland att.
Eg kan minnast når natta kom inn til mi seng,
mor sin song stilt i kveldsandakts ro.
Og eg sovna så trygt under ljos engleveng
sjølv om sorga ved nattlega stod.
Gjennom barndom og mogning til
manndommens år
har ho vove si tid inn i mi.
Hennar livskamp var tyngre enn nokon forstår,
men den daglege styrken var fri.
Under alderdoms kruna i livskvelden sein
tok ho glad imot æra og ros.
Og nå kviler ho kyrt bakom krossmerka stein
under kjærleikens signande ljos.
Eg vil tru at ho mor nå eig sigerkransløn
høgt i ljose og tidlause rom.
Og frå alle ho bar fram i arbeid og bøn,
vil eg leggja ved steinen ein blom.
Tobias Skretting 10.02.04
Torstein Tunheim vil gjerne dela denne songen av
Tobias Skretting med oss.
Torstein fortel at Tobias mista far sin då han var
9 år gamal. Mora vart då åleine med ansvaret for dei
6 borna. I denne tida med sorg og sakn og mykje arbeid
for å få endane til å møtast, vart Tobias og mora veldig
knytta til kvarandre.
Etter eit besøk på grava til mora mange år etter ho var
død, kjem dei takksame tankane med gode minne etter
mor. Då var han vaksen og kunne sjå hennar situasjon
som enkje på ein annan måte, og beundringa av mor
og takka for alt ho var vart berre endå sterkare. Så kom
denne songen....
- Innerst inne går vel dei fleste av oss og kjenner på
ei takksemd til mor. Me vert mjuke når me tenkjer på
henne, og kjenner meir på det når me sjølve vert eldre.
Tobias får sett ord på dette på ein slik måte at eg kjenner
meg så heilt att i det. Han er ein kunstnar med gode ord
og formuleringar som rører «på djupnå», seier Torstein.
Kontaktinfo:
Undheim sokneråd, leiar Kåre S. Undheim 957 82 780
Kyrkjestyret, leiar Torvald Tjåland
913 59 619
Sokneprest Per Børge Hillestad
934 42 919
Musikalsk leiar v/gudst. Kari Kaald Reiten 908 10 346 eller Sigmund Bjelland 957 51 707
Sekretær Hanne Brit Sandsmark
996 26 157
Ungdomsarbeidar 50% Tove Hersdal
922 57 342
UKUF Ungdomsarbeid: leiar Anja Ree Fosse 954 99 655
nestleiar Jarle Kartevoll 900 84 386
Leige av kyrkjekjellaren, Oddvar Egeland 51 48 42 53 / 959 30 126
Spørsmål om huskyrkje: Per Børge Hillestad, Erling Undheim Tom Kjetil Vestly eller Nils G. Reiten
Trusopplæringa Størst av alt, 0 - 13 år
Astrid Wold
51 77 03 77
Konfirmantundervisninga
Ingfrid Time Nærland
51 77 03 67 / 51 77 03 77
Diakon, sorg/samtale, samlivsarb.
Ingelin Norbakken
481 90 318 / 51 77 03 77
Avtale tid for dåp eller vigsel:
Time kyrkjekontor: måndag - fredag:
09:00 - 14:00
51 77 03 77
Ved dødsfall, ta kontakt med eit gravferdsbyrå, så avtaler dei vidare med kyrkje og prest.
12
Gudstenester i UNDHEIMKYRKJA
6. juli kl 10.30
Gudsteneste. Gunnar Frøyland. Dåp og nattverd.
Takkoffer til Terry og Hanka sitt arbeid blant ungdom i Tsjekkia.
17. august kl. 10.30
Gudsteneste med konfirmantpresentasjon. Ingfrid Time Nærland. Forbøn for Tove Hersdal - ny
ungdomsarbeidar på Undheim. Takkoffer til ungdomsarbeidet på Undheim. Søndagsskule kl. 11.00.
31. august kl. 10.30
Gudsteneste. Lek gudstenesteleiar: Torvald Tjåland. Preike: Kåre Sigurd Undheim. Nattverd. Takkoffer til
kyrkjelydsarbeidet. Søndagsskule kl. 11.00.
14. september kl. 10.30
Gudsteneste. Per Børge Hillestad. Nattverd. Takkoffer til Terry og Hanka sitt arbeid blant ungdom i Tsjekkia.
Søndagsskule kl. 11.00.
28. september kl. 10.30
Familiegudsteneste - hausttakkefest. Per Børge Hillestad. Dåp. Takkoffer til Bygdekvinnelaget sitt
samarbeidsprosjekt med NMS i Sambolabbo. Vigsling av den nye delen av kyrkjegarden
Musikalske leiarar:
Kari Kaald Reiten og Sigmund Bjelland
Pilegrimsvandringar
på Jæren i sommar
24. juni - Jonsok kl. 18.00
Frammøte på Tusenårsplassen ved
Obrestad Hamn. Går derfrå til
Kristkrossen på Njærheim og tilbake
til utgangspunktet via
"Stille rom" i Obrestad fyr.
Leiar: Andreas Haarr.
29. juli - Olsok kl. 16.30
Frammøte på Tusenårsplassen ved
Obrestad Hamn. Går sørover til
Varhaug gamle kyrkjegard,
og sluttar seg til friluftsgudstenesta
der kl. 19.00.
Leiar: Stein Ødegård
13
Jarle Waldemar hadde en inspirasjonssamling for barne- og
ungdomsledere i Undheimkyrkja i april. Andre interesserte
var også invitert. Det ble en inspirerende kveld. Jarle er
kanskje mest kjent for «Jarle-TV» for barn. Han jobber
som barne- og familiepastor i Klippen, Sandnes, og er
barneevangelist som gir ut en rekke spennende produkter
for barn og barneledere.
Vi fikk høre om Tre nøkler for å lykkes i barnearbeid
1 Engasjer Fang oppmerksomheten; gjerne med sang,
regle, trylling, vits, nesten hva som helst. By på deg selv.
Være engasjert. Ta på deg en rolle; snakk gjerne høyt og
med hendene. Gå og beveg deg litt. Nye innfallsvinkler.
2 Involver Delaktighet. Få med ALLE. Levendegjør
tema. Bruk gjerne skuespill på sparket.
3 Varier
Behold oppmerksomheten. Det enkle er ofte
det beste. Budskapet må ikke drukne i effekter. Pass på
at det skjer noe innimellom, for barn klarer ikke å være
oppmerksomme lenge om gangen.
Ellers er det viktig å være til stede. Se ungene. Og få
Bibelen inn i barnas liv. Legg gjerne til en egen tanke
som aktualiserer teksten til nåtiden. «Som Jesus ville være
venn med Sakkeus, vil han være venn med deg og alle
mennesker» eller «Jesus lærer oss her at…»
14
Dette er noen produkter fra Waldemar Inspirasjon:
«Barnas Klubb» (Medlemskap)
«Studiebibel for Tweens»
«Jarle-TV» på DVD
«Barnebibelen min» - «Barnebibelen min» på CD
196 ideer for barnearbeid og 197 ideer for barnearbeid
Familieandaktsbok «Tro i hjemmet»
Bibelandakter for barn
125 år
-S ID E
God bok og lydbok
1889
2014
Le
«Barnebibelen min» er en 280 sider barnebibel
gg bibelhistorier utgitt på Hermon
rg71ele
Fa
med
inspirerende
k. F
r o.
o r t e ll i n g . T
Forlag. Her får barna møte Guds ord på en måte som er
Fargelegg Jesus
enkel å forstå. Bibelhistoriene er fortalt på en levende måte
som
fer opp til
av Jarle Waldemar som vil engasjere både unge lyttere
himlen!
og lesere. Barna komme til å elske de flotte og fargerike
illustrasjonene. “Barnebibelen min” er en god måte å bli
kjent med Guds ord for barn og familier.
Årets bok 2012 hos Hermon Forlag!
Skrevet av Jarle Waldemar
Illustrert av Jakob Kramer
For barn fra 3-10 år.
Sider: 386 sider
«Barnebibelen min» som lydbok, er fortalt av
Jarle Waldemar. Inneholder 2 CD-er med til sammen 146
minutt bibellesning. Barna kan nå høre bibelhistorier på
soverommet, i bilen, i stua eller på ipoden.
Fin å høre på for alle!
Finn fem feil
Dei to bileta av Jesus
som syner seg for
læresveinana etter
oppstoda er nesten
like. Finn du dei fem
feila på biletet til
høgre?
Teikningar: Franfou
nett SPRELL
.no
14 blader + DVD + CD
= berre 365,nr.7
Oppdrag: Umulig?
– Musikkvideoar
²7HLNQHÀOPDU
– BARNAS-konkurransar
Søndagsskulen si
n!
nettside for bar
(privatabonnement
heim i posten)
Gruppeabonnement
berre 199,- pr barn
Jakte
stille n på
stem den
men
En
-CD
barneblad
med tårnagent
et
på www.son enes BARNAS
dagsskoleklubbavis
n.no
Antonsen
Håvard
Postprod , Studio StaffeldtsGressum
uksjon/fe
Vegard
rdigstilli
Schow,
Make
ng:
Paradisbukta
Kanako Music AS
SIDE& Yuzuru
Camilla
Hoholm
Odd Ketil
Sæbø
© og
SØNDAG
SSKOLEN
APRILs
Jesus og Tomas,
bibelserien side 4-5
Dagens ord:
Sammen med Gud
selv om vi ikke ser ham
Bli en
ekte tårnage
Jakte
stille n på
stem den
men
LUKAS
nt på
Jakte
stille n på
stem den
men
SUKAI
LINNE
A
MART
IN
Ting på [email protected]
eller på telefon 22 08 71 00
gode
De n e r e n
t
Den god
e
g je te r e n
gje
En
-DVD
En
fra
NSSF
-DVD fra
S0211
© 2011
SØNDAGSSKOLEN
NORGE
S0112 © 2012
tarnagentene.no
Tårnagentane sin
eigen nettstad!
15
Stor takk til sponsorane våre som gjer bladet mulig!
Lye Bil AS
Tlf. 400 06 447 [email protected]
Byggmester
Ståle N. Sikveland
Skårland, 4342 Undheim tlf. 90052565 / 51484583
Adresse: Kviav 129, 4365 NÆRBØ
Telefoner: 51 43 65 55, 48 23 60 10, 48 23 60 11
Telefaks: 51 43 65 56 E-post: [email protected]
Begravelsesbyrå
tlf: 51 77 80 80
Obed
Br yne
24-timers vakttelefon
Skulegata 9, 4340 Bryne
Tlf. 51 79 11 70
e-post: [email protected]
En god kontakt på Jæren
Møllevegen 12, 4360 Varhaug
tlf.: 51 79 85 79 www.ahbygg.no