Juleblad - Samnanger kyrkjelyd

Download Report

Transcript Juleblad - Samnanger kyrkjelyd

INFORMASJON
Jula
2013
KYRKJEBLAD FOR SAMNANGER
65.
årgang
Kyrkja på Ådland
Foto: Fred Morten Ervik
Frå biskopen
s.2
Juleblad 13 XX.indd 1
30-årsjubilantar
s.4 og 5
Frazer Siansengo
s.6 og 7
Grøne sider
s. 8 og 9
Trusopplæring
s.12
06.12.2013 00:03:07
«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for
tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg
kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk
alt eg har høyrt av Far min». (15,15)
Då Jesus blei fødd og lagd i krubba, blei
noko av Gud sjølv overgitt i hendene våre.
I Jesus kom Gud oss så nær som det er
mogeleg. Han blei ein av oss, ein bror og
ein venn.
Ungdom i dag, som ungdom i går, er opptekne av vennskap. Mange har nære venner som betyr mykje for dei,
men mange har også opplevt at venner sviktar. Somme
veit kanskje ikkje om dei har ein verkeleg venn.
I ungdomsåret 2013 har det vore målet vårt at ungdom,
og alle andre, skal få høyre at det her og no finst ein
som alltid og under alle forhold vil vere vennen deira,
slik han var det for munken Menas for mange hundre år
sidan. Jesus er ein venn som ikkje sviktar og som aldri
blir klok av skade.
Kan du sjå at munken skjeglar litt med venstre auge?
Det er neppe ein glipp frå målaren si side. Med eitt auge
ser han mot Jesus og med eitt auge ser han på vegen som
ligg framfor. Slik fortel biletet noko om kva det er å vere
ein kristen.
(C) RMN-Grand Palais (musée du Louvre)/ Hervé Lewandowski
I 2013 har vi ungdomsår i Bjørgvin bispedøme. I møta
våre med ungdom hentar vi ofte fram dette biletet som
står saman med andakten. Det passar som hand i hanske
med juleevangeliet.
Biletet viser Jesus og den egyptiske munken Menas frå
ca. år 600. Det blir gjerne kalla «Jesus og vennen hans»
og heng i dag i Louvre i Paris.
Ofte når Jesus blir skildra i kunsten er han tydeleg større
enn menneska som omgir han. Men i dette biletet er dei
jamlike. Jesus og munken er omtrent like høge, og Jesus
legg handa si rundt munken sine skuldrer. Dei er venner
og går vegen saman.
Dette er eit bilete om som fell i god jord hos ungdom,
fordi det viser venner som bryr seg om kvarandre, der den
eine ikkje gjer seg stor på den andre sin kostnad.
Jesus vil ikkje vere fjern, men nær. Jesus vil ikkje vere eit
uløyst mysterium, men ein venn som gir seg til kjenne og
vil vere den fortrulege følgjesveinen gjennom livet vårt.
Speler Gud ei rolle i livet ditt? Betyr Jesus noko for deg?
Viss ikkje, er det bra at du les dette og får sjå biletet av
Jesus og vennen hans. Jesus er vennen som aldri gir oss
opp, heller ikkje når vi går bort. Ville det ikkje vore fint
å vere vennen hans?
Halvor Nordhaug
Biskop i Bjørgvin
Biletet minner oss om Jesu ord i Johannesevangeliet:
Juleblad 13 XX.indd 2
06.12.2013 00:03:08
Ny salmebok
Guds frelse til
verda er komen
Ho har lenge vore varsla, og no kan me
endeleg ta ho i augnesyn: Den nye salmeboka. Eit stort og grundig arbeid har vore
gjort for å gå gjennom den gamle, plukka
ut salmar som er lite brukte og føya til nye.
Nemnda hadde eit ynskje om å få inn fleire
salmar som høver for trusopplæring, ta inn
nye salmar, sjølvsagt frå Noreg, men og frå
andre land, og gjera utvalet breiare. Ser me
på lista over «nye» salmar, kan me der finna
alt frå «gode gamle» barnesongar som «Min
båt er så liten» og gospelsongar som «Shine
your light» til Erik Bye sin «blå salme» og
Haldis Reigstad sin «Du lyser fred over
barnet», ein dåpssalme med tone av Eilert
Tøsse laga i 2006. Og for å skryta litt: Vår
eigen komponist har heile 8 tonar inne, berre
to mindre enn Henning Sommerro!
Og dei som er redde for at me no berre
skal syngja nytt og ukjend, kan trøysta seg
med at 638 av salmane frå den gamle boka
er komne med i den nye. (67%) I tillegg har
halvparten av songane i «Salmer 97» kome
med, 144 stk. Berre 272 salmenummer har
ikkje vore med i DNK si salmebok før. Så
berre 27% av den nye boka er nye ting! Og
for dei som lurer på språkfordelinga: av dei
norske tekstane er 59.4% er bokmålstekstar
og 40,6% nynorske. Elles har me inne både
samisk, svensk engelsk, kvensk og andre
språk, men mange av desse har to tekstar,
ja nokon har både tre og fire.
Kor tid me får ta boka i bruk i Samnanger,
veit me ikkje enno. Soknerådet let saka
venta til litt utpå nyåret, før dei har betre
oversyn over økonomien for 2014. Etterpå
må me ha eit soknemøte om saka, for heile
soknet skal få seia kva dei meiner når slike
avgjerder skal takast. Det er nesten 30 år
sidan sist det kom ut ny salmebok – så dette
er ikkje kvardagskost i kyrkjene våre.
Og kva med dei mange hundre salmar og
kyrkjelege songar som ikkje fekk plass i
den nye boka? No vert det faktisk laga ein
database med salmar, der du heile tida kan
finna det nyaste av det nye – også mange
av dei det ikkje vart plass til i boka. Me
gler oss!
B.H.
Guds frelse til verda er komen.
Simeon løfter si skjelvande hand,
no kan han fara i fred til sitt land,
han har skoda Guds son, han er fri!
Guds heilage namn vere lova!
Guds frelse til verda er komen.
Anna fortel om Guds nyfødde son:
Sjå, han er her, vår trøystar og von,
Gud har gjesta oss no, vi er fri!
Guds heilage namn vere lova!
Guds frelse til verda er komen.
Bodskapen skin gjennom dagar og år,
Sonen er her som solrenning klår,
han har fridd oss or djupaste natt.
Guds heilage namn vere lova!
Dette er ein av dei nye julesalmane., nr. 67 i Salmebok
2013, skrive av Gerd Grønvold Saue. Trykt med løyve frå
forfattaren. Les om Anna og Simeon i Luk.2, 22-40.
Ny og gamal
salmebok
Juleblad 13 XX.indd 3
06.12.2013 00:03:10
30 ÅR I SAMNANGER
Den 1. august i år var det 30 år sidan organistane
våre, Anne-Lise og Eilert Tøsse, tok til i dei nye
stillingane sine her i Samnanger, Eilert i halv stilling som organist og Anne-Lise i halv stilling som
musikk-rettleiar, som det heitte den gongen. Anne
Lise hadde rett nok vikariert ein del her før dette, og
det er med eit smil ho minnest første julekonserten
ho var med på her. Det var i 1982 og ho var vikar.
Dei ulike aktørane hadde fått 20 minuttar kvar til
disposisjon, så konserten varte heile 4 timar! Ho
nådde ikkje det arrangementet ho skulle vore med
på i Bergen same kvelden.
Kyrkjebladet møter Anne-Lise og Eilert på orgelgalleriet i kyrkja på Ådland ein fredag ettermiddag for å slå
av ein prat om tenesta deira. Dei meiner dei er ofte nok
på trykk i ymse samanhengar, men tek likevel mot oss,
blide som alltid.
Det kjennest naturleg å gå litt tilbake i tida og sjå på kva
det var som førte dei til Samnanger. Anne-Lise vaks opp
i Alvdal og byrja tidleg å ta pianotimar der. Ho som var
læraren hennar, var organist, så det var kanskje der frøet
vart sådd til orgelinteressa? I alle fall enda det med at ho
var vikar i kyrkjene i Alvdal og Folldal kvar sommar alt
frå 14-årsalderen.
Etter Tonheim folkehøgskule med orgel som hovudinstrument, vart det musikklina på lærarskulen i Bergen
– framleis med orgel som hovudinstrument – og så orgelutdanning som ho var ferdig med i 1983.
I Bergen var det ein annan som òg var interessert i musikk, og det var Eilert. Han og Anne- Lise møttest og
me forstår at det etter kvart også oppstod «søt musikk»
mellom dei!
Eilert byrja òg tidleg å ta pianotimar, men gav seg etter
6. klasse – som så mange gjer i den alderen. Men Eilert
slutta likevel ikkje å spela, men byrja med gitar og klunka
framleis på pianoet innimellom. På ein påskeleir i 2.
klasse på gymnaset fekk han vera med på ein orgelkonsert, og dermed vakna orgelinteressa. Det vart etter kvart
orgelstudium og i 1980 tok han høgare organisteksamen
ved Musikk-konservatoriet og byrja så som organist i
Nygård kyrkje i Bergen.
Men kva var det som gjorde at dei hamna nett i Samnanger? Som nemnt tidlegare hadde Anne-Lise vikariert
i Samnanger og spela på det gamle orgelet frå 1885 (i
vår kyrkje frå 1919). Organiststillinga hadde vore utlyst
før, men ingen kjende seg freista til å koma til eit slikt
gammalt instrument. På byrjinga av 80-talet vedtok
Slik såg dei ut for 30 år sidan! Biletet er teke 7. august
1983, den siste sundagen det gamle orgelet var i bruk.
kommunestyret at det skulle kjøpast nytt orgel med 15
stemmer, men dette vart endra til 17 då dei 17 kommunestyre-representantane ville ha ei stemme kvar! Dermed
vart det mykje meir attraktivt å søkja organiststillinga i
Samnanger. Både Anne-Lise og Eilert kjende til orgelbyggjar Bruno Christensen og visste at hans orgel var av
det beste slaget.
Når dei valde å søkja seg til Samnanger, vóg det også
tungt at det var på «landet» med nærleik til fjell og fjord,
men likevel så nær byen at dei kunne få med det han
hadde å by på av kultur. Dessutan hadde Eilert familien
sin der. Sjølv om Eilert var bygut, var han ikkje ukjend
med bygdelivet etter mange somrar i Rosendal der han óg
prøvde seg som dreng. Begge to set stor pris på å vera ute
i naturen. Ja, dei seier det er heilt naudsynt å koma seg ut
og kopla av frå arbeidet og tenkja på andre ting.
Anne-Lise meiner at det at ho hadde fiolin som bi-instrument gjorde sitt til at dei fekk stillinga, framføre eit
anna ektepar som også hadde søkt. Men ho legg til at dei
har kjent på at det var meininga at dei skulle koma her,
at det handla om å «gå i ferdiglagde gjerningar», slik
Bibelen seier det.
Då dei kom hit, var eldstebarnet Frøydis med «på lasset»,
framleis i magen til Anne-Lise. Ho vart fødd i januar 1984
etter berre godt og vel 5 månaders arbeidstid. Dermed såg
det stygt ut for permisjonspengar for mor, men ved hjelp
av vikararbeidet ho hadde hatt, gjekk det akkurat.
-Det hadde nok ikkje gått så bra med berre ei halv inntekt
å leva av, er dei einige om.
Både Anne-Lise og Eilert er takksame og glade for at dei
berre hadde halve stillingar då borna var små. Dermed var
Juleblad 13 XX.indd 4
06.12.2013 00:03:11
ho på ein så fin måte taklar urolege born som gjer at det
kan «koka» skikkeleg rundt henne mange gonger. Ho
stussar ikkje med svaret på det: «Eg veit korleis det er å
vera barn!»
Samningane møter Anne-Lise og Eilert i mange samanhengar, både i glede og sorg. Begge har spela fast på
Pensjonisten, først Anne-Lise i omlag 15 år og no Eilert
like lenge. Elles er det sjølvsagt først og fremst i samband med gudstenester og andre kyrkjelege handlingar
me møter Eilert. Han finn det særs meiningsfullt å spela
i gravferder og er glad for at det til vanleg er så god tid
ved slike høve her hos oss. Anne-Lise er den som oftast
spelar til bryllaup og synest det er fint.
-Har de nokon ynskje for framtida?
Begge vonar at den nye salmeboka som no er komen , skal
verta til inspirasjon og glede for kyrkjelyden og kanskje
fornya gudstenestelivet.
dei fleksible og kunne vera heime med borna. Barnehagedekninga var det så som så med den gongen.
Alt første hausten dei var her, starta dei opp med korarbeid – blandakoret Samklang. Det var stor oppslutnad
om koret, i alle fall blant damene. På første øving møtte
ein stor flokk damer og ein mann! Pluss Eilert, då. Det
kom nokre fleire menn etter kvart, men det var vanskeleg
å motivera mennene til korsong, og etter om lag ti år
vart det slutt for Samklang. Men kor-arbeidet tok ikkje
slutt for det. Anne-Lise gjekk over i barnekorarbeidet,
og saman byrja dei og med prosjektkor, altså eit kor sett
saman av interesserte songarar som så arbeider med eit
prosjekt over ein kortare periode.
Til dei fleste av desse prosjekta har Eilert arrangert
songane for kor, og nokre gonger for orkester i tillegg.
Dette er eit arbeid som tek mykje tid, men Eilert tel ikkje timar når han arbeider med dette. Og frå arrangøren
Eilert er ikkje vegen så lang over til komponisten Eilert.
Og komponering har han drive med lenge og mange verk
har kome frå hans hand. Då det nye orgelet vart innvigd
27. november i 1983, fekk samningane for første gong
høyra eit av verka hans, eit koralpreludium for 6 messingblåsarar og orgel.
-Har du tenkt på å verta komponist på heiltid?
-Eigentleg ikkje. Tru og kyrkjelyd i samspel med komponistgjerninga er viktig for meg. Det utgjer ein heilskap
som eg likar å vera ein del av.
I 2005 var han med på ein salmeverkstad på Lia Gard
og fekk for alvor smaken av å laga melodiar til songar
og salmar. Han fortel at frå barndommen fekk han med
seg mykje av salme- og songskatten vår frå mora som
song så ofte for dei i heimen.
Av dei han har samarbeidd med, nemner han spesielt
Kristin Reitan frå Molde, Haldis Reigstad og Anders
Holmefjord. Han seier at Kristin Reitan sine tekstar
på ein måte frigjorde skapargleda i han. Samarbeidet
med henne munna ut i ein konsert i Molde Domkyrkje
i 2007.
Han opplever elles at musikkuttrykket kan verta heilt
ulikt alt etter kva for forfattar han samarbeider med.
Det gjeld å «lytte etter tekstens tone», som han uttrykkjer det. Me kunne nemnt mange vakre salmetonar
han har laga, fleire hundre i talet, og i vår kyrkjelyd er
me vortne særs glade i dåpssalmen hans med tekst av
Anders Holmefjord. I den nye salmeboka har han fått
med heile 8 melodiar!
Me takkar Anne-Lise og Eilert for innsatsen gjennom 30
år i bygda vår og ynskjer begge Guds rike signing over
tenesta vidare!
ARH
Og slik ser dei ut no! Er dei verkeleg 30 år eldre?
I Aa
Som nemnt tidlegare starta Anne-Lise med halv stilling
som musikk-rettleiar i kommunen. Musikkskulen var i
sin barndom, men etter kvart auka aktiviteten og stillinga auka med den, og no er ho rektor i Kulturskulen.
Ho synest det er ein takknemleg jobb å arbeida med
born og unge, og me har sett korleis ho oppmuntrar og
finn noko positivt hos alle. Me har ofte lurt på korleis
Juleblad 13 XX.indd 5
06.12.2013 00:03:12
Skuleprosjekt i Zambia
I 2004 var Samnanger kyrkjelyd med å etablera
den frivillige organisasjonen «Soul X Ministries»
i Lusaka, hovudstaden i Zambia. Namnet kom frå
ungdomsgruppa i kyrkjelyden på den tida – Soul X.
Soul X hadde då i om lag fem år vore engasjerte i
å støtta ei lita kyrkje i det store fengslet Mukobeko
i Kabwe, Zambia. «The Bible Christian Church»
hadde medlemer som var dømde til døden. Fengslet
var dårleg og hjelpa frå Samnanger kom godt med.
Det var tørrmat, klede, vitaminar, toalettartiklar,
bøker mm.
Kontaktpersonen vår heitte Frazer Siansengo, og
vart seinare sett fri frå fengslet. Då han vart gjenforent med mor si, Emmah, vart han med i hennar
kyrkje – Bread of Life, Kanyama – i slumbydelen
Kanyama i Lusaka. Bønegruppa til Emmah var engasjert i fengselsarbeid for å hjelpa fangar med mat
og klede. Dei tok initiativet til Soul X Ministries,
med formål å driva besøksteneste i fengsla, ettervern
for fangar som kom ut att i samfunnet og hjelpa
foreldrelause barn.
Medlemskap er gratis, men alle medlemene er
venta å yta noko inn i arbeidet. Til gjengjeld får dei
t.d. høve til å søkja om hjelp frå «naudhjelpsfondet»
me sender ein gong for månaden. Tusen kroner som
har hjelpt folk i vanskelege situasjonar med betaling av uføresette utgifter som medisin, gravferd,
sjukehusrekningar m.m. Dei får også ei julegåve
Frazer Siansengo pr. oktober 2013
På veggen bak han står mottoet til skulen måla:
”Building a bright future for our children in the
community with christian values.”
som dei brukar til å laga julefest for medlemene.
Etter nokre år vaks tanken fram om å hjelpa fattige
og foreldrelause barn med skulegong. I slummen er
det mange foreldrelause barn. HIV- epidemien har
gjort sitt også her, i tillegg til dårleg helsestell og
kosthald. Ein gong oppdaga dei at om lag 50 barn
mellom 0 og 18 år budde i lag utan vaksne som hadde
ansvar for dei.
Samnanger kyrkjelyd har engasjert seg i arbeidet
med å samla inn pengar til Soul X Ministries – for
å hjelpa dei å hjelpa andre, både fangar, familiane
deira og foreldrelause barn. Konfirmantane i Samnanger har hatt flaskeinnsamlingar og
dør-til-dør aksjonar før påske dei siste
åra. Det har vore gitt kyrkjeoffer og er
oppretta ei gjevarteneste til denne skulen
som til slutt fekk namnet «Faith Trust
School». 59 elevar er no innskrivne ved
skulen. Dei er mellom tre (!) og tolv år.
Skulesystemet i Zambia er slik at barna kan
begynne allereie som treåringar. Det blir
som ein barnehage, men med meir fokus
på opplæring. Landet har 73 ulike språk,
så barna lyt læra seg både swahili og engelsk før dei kan begynna med opplæring
i skulen. På Faith Trust School betalar
elevane skulepengar ettersom dei føresette
har råd til. På skulen får dei i tillegg til
Juleblad 13 XX.indd 6
06.12.2013 00:03:13
undervisning, også eit måltid varm mat, hjelp med
hygiene og skuleuniform. For elevane betyr det at
dei kan eta to måltid om dagen i staden for eitt, og
at dei har heile og varme klede (det kan vera ganske kaldt i Zambia deler av året – ned i ti grader)
For å hjelpa enno fleire barn til skulegong, samarbeider Samnanger kyrkjelyd og Soul X Ministries
frå hausten 2013 om ei fadderordning der ein ved
å betala 100 kroner for månaden, kan sikra skulegang for eit barn i Kanyama-slummen. Dette
hjelper også resten av familien til barna. Mange
familiar har tatt til seg foreldrelause slektningar
eller avdøde naboar sine barn. Det at barna kan
få hjelp med skulepengar, kan vera avgjerande for
om dei i det heile får noko skulegong. I tillegg får
dei altså mat, klede og opplevingar. Dei reiser på
ekskursjon til Mundawanga - dyrehage, botanisk
hage og leikeplass - ein gong for året, og får delta
på fellesarrangement for skulane i Kanyama, t.d.
ved semesterslutt og nasjonaldag. Dette er med og
gir verdigheit og auka livskvalitet til elevane, men
også til dei som er med og driv skulen, og til dei to
lærarane og to assistentane som er tilsette. Lønstilhøva i Zambia er annleis enn me heldige nordmenn
er vande med! Arbeidskraft er billig. Dei to lærarane
får lønsauke frå nyttår, og då vil dei få ei årsløn på 12
tusen kroner… Assistentane har kr 650 i månadsløn.
Frazer Siansengo har gifta seg med Matildah.
Saman har dei tre barn, Frazer jr, Lydia Grace og
Joshua. Dei bur saman med Emmah i eit hus som
vart bygd av pengar samla inn av Soul X – gjengen
for nokre år sidan. Frazer er leiar for Soul X Ministries, og vert vel omtala av medlemene. I tillegg til å
drifta skulen, driv Soul X Ministries framleis med å
hjelpa dei fattigaste i slummen, og prøver også å yta
hjelp til fangar i Lusaka Central Prison. Dei er svært
glade og takksame for hjelpa dei får frå Samnanger,
som har gjort at dei har kunna reisa seg og få bety
noko for andre.
Stor takk til alle i Samnanger som er med og støttar
skuleprosjektet i Zambia ved ulike høve og på ulike
måtar, og me håpar at enno fleire vil vera med å gi
pengar til dette gode føremålet!
Viss du ønskjer eit fadderbarn, kostar
det kr 100 kvar månad. Du vil få namn
og bilete av fadderbarnet ditt.
Legg sjølv inn automatisk trekk til kontonr.
3530 21 38786. Merk betalinga «fadder».
Bruk same konto til gåver eller faste trekk
utan fadderbarn.
På førehand takk, og riktig god jul!
Hilde M. Aarvik
Å verta fotografert er ein alvorleg ting synest Agness, William og Thelma, alle elevar ved Faith Trust School.
Juleblad 13 XX.indd 7
06.12.2013 00:03:13
Kvifor skal kyrkja bry seg om miljøvern?
leggja ut på flukt.
Globalt vil mange frå problem med å dyrka jorda. Artar
og økosystem kan verta trua. Tørke kan ramma store
jordbruksområde og ørkenområda vil spreia seg. Område med mykje nedbør kan få meir, det vil verta meir
ekstremvêr, hetebølgjer, flaumar, syklonar og orkanar.
Dette merkar me alt no..
Jorda vår har feber - ho viser tydelege sjukdomsteikn og det er vår skuld!
Dette er ikkje tvilsame påstandar som enkeltforskarar
dreg fram, men godt dokumenterte undersøkingar som
over 97% av forskarane på området er samde om. Dei
som forskar på klimaet vårt, seier at det aldri før har
vorte så mykje varmare på jorda over ein så kort periode.
Forskarane er også einige om at rundt 80% av denne
oppvarminga er skulda opphoping av drivhusgassar i
atmosfæren, på grunn av forbrenning av olje, kol og gass.
2500 forskarar frå heile verda på ulike fagfelt, sit i FN s
klimapanel - desse er samde om at klimaendringne stort
sett er menneskeskapte. Dei seier også at konsekvensane
av klimaendringane vil føra til dramatiske endringar i
menneska sine levevilkår og i alle økosystem.
Desse endringane er ”urettferdige”.
Medan me i dei rike landa står for største delen av utsleppa
som øydelegg klimaet, er det dei fattige landa som får
merka dei største konsekvensane. For det første ligg dei
fleste av desse landa i subtropiske og tropiske strøk som
vil verta hardast ramma av ekstremvêr. For det andre
livnærer 75% av dei fattige seg av jordbruk og husdyrhald og er avhengige av at jorda der dei bur kan dyrkast
i framtida. Dessutan har dei fattige landa mindre midlar
til å setja i verk sikringstiltak for katastrofar.
Det er på høg tid at me som er i den rike delen av verda,
byrjar å innsjå at vårt forbruk øydelegg jorda, og byrja tenkja på kva me kan gjera for å stoppa denne utviklinga.
”Når nokon kjøper, brukar og kastar altfor mykje, då ber
det med seg død ein anna stad”, seier Sunniva Gylver, som
er prest. ” Kvifor skal me kjøpa, bruka og kasta mindre?
For at me ikkje skal verta så mette at me gløymer Gud
og gløymer å setja pris på ting. For at ikkje jorda vår skal
verta endå sjukare og meir feberheit. For at andre skal
verta mette nok og sleppa og lida, stela og oppleva seg
gløymde av Gud.”
Kva kan skje?
Kva konsekvensar får klimaendringane?
Nedsmelting av fastlands-is t.d. på Grønland, Antarktis, og andre isbrear kan føra til stigning av havnivået.
Stig havet med 1m vil t.d. 21% av Bangladesh verta
oversømd og 20 millionar folk vert heimlause. I mange
andre land vil også store delar verta liggjande under vatn.
Nedsmelting av isbrear vil og føra til at folk som lever i
elvedalane langs dei store elvane som kjem frå breane,
vil missa livsgrunnlaget sitt. Dei vil missa drikkevatnet
sitt og vatn til avlingane sine. Store folkegrupper må difor
Kvifor skal kyrkja bry seg?
” Kvifor skal me kjøpa, bruka
og kasta mindre? For at me ikkje skal verta så mette at me
gløymer Gud og gløymer å
setja pris på ting. For at ikkje
jorda vår skal verta endå sjukare og meir feberheit. For at
andre skal verta mette nok og
sleppa og lida, stela og oppleva
seg gløymde av Gud.”
Men kva har dette så med kyrkja å gjera, kvifor skal dei
engasjera seg? Nokon seier at kyrkja ikkje burde involvera
seg i slike politiske saker som klimaendringar, kva seier
du om det? Spørsmålet vart stilt til Desmond Tutu, pensjonert afrikansk erkebiskop. ” Eg blir så lei av å høyra
det der”, seier han. ” Det finst ikkje ein del av livet som
ikkje er viktig for Gud. Eg lurer alltid på kva for Bibel
dei menneska les. Den Bibelen eg les, fortel om ein Gud
som bryr seg om alle”.
Generalsekretærane i Misjonsselskapet, Normisjon og
Misjonssamandet har saman gått ut og oppmoda politikarane til å ta klimakrisa på alvor. Dei seier at klimakrisa
ikkje kan løysast utan ein ny samfunnsmodell som gjer
”mellommenneskeleg velstand” utan framleis økonomisk
vekst for oss rike. Siterer litt frå deira appell: ”Som
kristne og ledere for Norges største misjonsorganisasjoner
vil vi vise til vårt felles ansvar. En samlet kristen kirke
vil gjøre en forskjell i verden. Hemmeligheten er fellesskapet. Å forplikte seg til et fellesskap er radikalt. Det er
Sunniva Gylver. prest
Juleblad 13 XX.indd 8
06.12.2013 00:03:14
avgjørende på veg til ei bærekraftig framtid. Vi ønsker å
løfte fram gode, kristne idealer: nøysomhet, nestekjærlighet, arbeid, hengivelse. Dette er verdier med bærekraft, og
de viser oss en annen forståelse av velstand som minner
om den ”shalom” som omtales i Det gamle testamentet,
en rettferdig fred som søker fellesskapet og vår nestes
beste. Som mennesker har vi en tendens til å ville ta Guds
plass. Alternativet er å vende seg til Gud og gjennom bønn
søke trøst for motløshet, hente ressurser til engasjement
og søke tilgivelse for våre synder. Slik vil vi vende oss
fra et forbruk som belaster Guds skaperverk og gjør oss
til avgudsdyrkere. I bønn åpner vi oss fra Han som kan
forvandle menneskers hjerter og deretter samfunnet og
de maktrelasjoner som preger dette.” Dette sa altså tre
misjonshøvdingar!
i Noreg i framtida, - med store klimaproblem vil matproduksjonen globalt gå ned.
Men det er og viktig at me alle prøver å tenkja over kva
me kan gjera for rettferd og berekraftig forbruk. Byrja i
det små, kjøpa økologiske Fair-trade-bananer i staden for
vanlege, sykla eller gå av og til i staden for å køyra. Ta
toget til byn i staden for å køyra heile vegen, kjøpa brukt i
staden for nytt av og til - eller lat vera å kjøpa ting du ikkje
treng. Sorter boss og lever til gjenvinning. Slike småting
er enkle å gjera og kan vera med og snu straumen.
Når leiaren i Frikyrkja, Arnfinn Løyning, vert spurd om
kvifor klimasaka er viktig for han, seier han; ” Det er så
enkelt at jeg tror på Gud Fader den allmektige, himmelens
og jordens skaper. Det er rett og slett så enkelt. Det er en
integrert del av troen, det å vere kristen, det å vere et menneske. Det henger uløselig sammen med alt. Mennesket
er en del av skaperverket, vi er en del av naturen Og da
angår dette oss i aller høyeste grad”, seier han.
Når alt kjem
til alt, er det summen
av det enkeltmenneske
gjer som kan gjere ein
skilnad.
I 2007 vedtok kyrkjemøtet som er det øvste organet i
Den Norske Kyrkja, at det skulle setjast i gang ei 10-årig
berekraftreform for endringar i kyrkje og samfunn. Dei
starta eit prosjekt som heiter ”skaperverk og bærekraft”,
og er eit felles kyrkjeleg tiår for endring i kyrkje og
samfunn og eit økumenisk samarbeidsprosjekt mellom
Norges Kristne Råd, Kirkens Nødhjelp kyrkja. Målet er
at ”prosjektet skal prege det kirkelige livet både i konkret
arbeid og i plan- og strategiarbeid. ” seier dei.
Mykje vert gjort for å endra haldningar og få kyrkjelydane med på å jobba for haldningsendring. ”Klimakirken”
er ein nettstad der det kan hentast informasjon og inspirasjon. Her finn ein også studieopplegg for bærekraftig
utvikling, global rettferd og lokalkyrkjeleg ansvar.
Dei oppmodar også kyrkjelydane om å verta ’”grøne”.
Me i Samnanger har no registrert oss som ”Grøn kyrkjelyd”. Det me har gjort er å forplikta oss på 25 enkle
tiltak, mange av dei var alt i funksjon. Td. har me i mange
år kjøpt Fair Trade-kaffi, sortert boss og sløkt lyset og
dataen når me går heim. Men me forpliktar oss også på
å integrera forbruk og rettferdsperspektiv i undervisning
og trusopplæring og arrangera minst ei gudsteneste i året
med fokus på miljø og forbruk.
Kva kan me gjera?
Ja, det er viktig at politikarane våre sentralt tek ansvar
og vedtek tiltak som gjev mindre CO2utslepp. Og det er
viktig at politikarane lokalt ikkje byggjer ned den dyrka
jorda me har, me kjem til å ha bruk for å dyrka meir mat
Juleblad 13 XX.indd 9
06.12.2013 00:03:16
noko for borna - noko for borna - noko for borna - noko for borna - noko for
Fargelegg biletet av Jesus i krybba
Kva
dyr gøymer seg bak julepresangane?

2
4
3
1
5
6
7
8
9
10
11
12
Svar: 1) Ape, 2) Papegøye, 3) Sjiraff, 4) Slange, 5) Leopard, 6) Zebra, 7) Elefant, 8) Løvefamilie, 9) Nesehorn, 10) Tigerfamilie, 11) Flamingo, 12) Krokodille
10
Juleblad 13 XX.indd 10
06.12.2013 00:03:17
borna - noko for borna - noko for borna - noko for borna - noko for borna
Skriv inn orda i rutene etter bileta. Då får du eit nytt ord loddrett i dei gråe rutene.
Vismennene
følgde
Kryssord
- nte
-i
- bs
Re
bu
s
for
- ss
-ukke
-s
-b
- ter
D
+
-g
!
11
Juleblad 13 XX.indd 11
06.12.2013 00:03:17
Hjelp oss med trusopplæringa!
Alle born som er døypte, skal få trusopplæring i kyrkja.
På skulen lærer dei om kristendom og andre religionar,
men trusopplæring for dei døypte borna, skal kyrkja sjølv
ta seg av. Eit stort arbeid er i gang med å laga ein plan der
alle døypte born frå 0-18 år kvart år får invitasjon til ei
TO-samling i kyrkja. Dette er noko som kyrkja sentralt har
bestemt og me får ein del statlege midlar til føremålet.
Nokre tiltak har me hatt lenge, som 4-årsbok og samling
for 6-åringane. Noko har me teke til med dei siste åra,
som Kompisleir, Lys Vaken og Tårnagenthelg. Noko er i
startfasen, som konfirmant-reunion for X-konfirmantar.
Men det står mykje att enno før alt er på plass.
Korleis skal me som kyrkje greia å gjennomføra alle
desse tiltaka? Me er sjølvsagt avhengige av mange frivillige medarbeidarar. Heldigvis har me fått mange positive
svar på å hjelpa til med ulike ting, men me kjem til å ha
bruk for fleire. Nokon må og ha ansvar for å planleggja,
organisera, senda ut invitasjonar, kjøpa inn materiell,
føra lister og rapportera. osb. Me har no to tilsette for
trusopplæringa: Ein kyrkjelydspedagog i 50 % og ein
barnearbeidar i 30%. Me har og nokre medarbeidarar
som vert løna for å hjelpa til med Kompis som går på
føremiddagstid. Det er for knapt med tid innanfor desse
små stillingane til å rekka over alt som skal gjerast. I fyrste
omgang har soknerådet bestemt at barnearbeidarstillinga
skal aukast til 40% frå januar i år.
Men då er spørsmålet: Greier me utgiftene? Det einaste
av trusopplæringa som vert finansiert av kommunale
midlar, er noko av konfirmantarbeidet. Me har knapt 300
tusen i statlege midlar, og 110 tusen i gjevarteneste frå
kyrkjelydsmedlemer. Klokkarane våre arbeider gratis, og
To blide jenter på ”Lys Vaken” i november;
Amalie og Lisa
lønsmidlane dei skulle hatt, går også til dette arbeidet. I tillegg samlar me inn midlar gjennom offer i gudstenestene.
Dette er likevel ikkje nok. Me manglar rundt 100 tusen
for å kunna dekka det planlagde budsjettet for 2014.
No vil me gå ut og oppmoda alle som set pris på det
som kyrkja gjer for borna i Samnanger, til å vera med
og hjelpa oss:
Gje pengar eller tid!
Kan du avsjå nokre kroner i månaden til trusopplæringsarbeid? Får me 30 stk. som gjer 200 kr. kvar i
månaden, vert det 72 000 kr i året. Det hadde vore til
stor hjelp for oss. Lag eit fast trekk i banken til konto
3562.07.01910 på den summen du ynskjer å gje, og meld
frå til kyrkjekontoret at du ynskjer
verta gjevar. (Sjå s. 19 for adresser.)
Har du tid til overs og engasjement
for born og unge? Me kan finna ei
oppgåve i trusopplæringsarbeidet som
passar for deg. Er du pensjonist eller
har fri om onsdagen? Er du flink til
eit eller anna du kunne tenkja deg å
læra vekk? Spøta, baka, trylla, snekra,
syngja, teikna +++ Då kan du vera med
«kompisane» og ha eit lite «kurs» der.
Meld deg til kyrkjekontoret! Me har
bruk for deg!
B. H.
På ”Kompis” er det mat å få. Denne
gongen er det fisk, potetstapp og og
grønsaker gutane kosar seg med!
12
Juleblad 13 XX.indd 12
06.12.2013 00:03:19
året som gjekk- året som gjekk - året som gjekk - året som gjekk -
r
a
u
n
jafebruar
Festleg bord var det også i påskehelga,
då me hadde kveldmat saman på skirtorsdag som vanleg. (Til høgre)
Januar starta med Alphamiddag. Her held konfirmantane
Helene og Nora på med å laga
velkomstdrinkar til gjestane.
ma
rs
april
Sam
sam
26. april hadde me eit korprosjekt soim heitte ”Oh
happy day!” Solhild Røen Hauge var solist her,
og prosjektkoret kosar seg i bakgrunnen.
I april hadde me også ”Barnas misjonsdag” i
kyrkja på Ådland. Misjonær Turid T. Amenya
held andakt
13
Juleblad 13 XX.indd 13
06.12.2013 00:03:22
året som gjekk- året som gjekk - året som gjekk - året som gjekk Mai er tid for konfirmasjon.
Dette biletet er frå samtalegudstenesta
Frå v. Sandra Gundersen, Helene Lemme,
Nora Grønsdal og Astrid Marie Foss.
I slutten av mai gjekk turen til Wallemtunet på
kyrkjelydshelg. Midt i blinken for både små
og store!
mai
O.Aa
august
jul
i
n
ju
I juni var det Sætrastemna med trekkspel til både
kyrkjeorgel og underhaldning etterpå. (T.v) Anne
Lise Tøsse og Reidun Tunes kosar seg i sola. Fint
sommarver var det også i august, då det var familiemix
på Neset etter gudstenesta. Grilling høyrer med.
i
septem
ber
15. september var det søndagsskulens dag
og utdeling av bok til 4-åringane. Trengsel
når soknepresten skal finna bøker til alle.
O.Aa
14
Juleblad 13 XX.indd 14
06.12.2013 00:03:26
året som gjekk- året som gjekk - året som gjekk - året som gjekk -
ober
okt
nov
Kompisane laga til marknad i
gymsalen til inntekt for skuleborn i Zambia. Dei fekk inn
over seks tusen kroner!
em
ber
T.Je.
30-års-jubileumskonsert for orgelet
(og organistane) i kyrkja på Ådland
1. november. Bach var temaet denne
dagen, og både kor, korps og solistar var med. På galleriet bytte Eilert
og Anne Lise på å traktera orgelet.
Under Syng Therese Ervik og Veronica Rosseland på ei storsamling
i kyrkja på Haga
Sam.
Sam.
desember
F.M.E.
På Lysmessa 1. søndag i advent, tek både konfirmantar
og dei borna som har vore på ”Lys Vaken” del.
I Aa
I Aa
15
Juleblad 13 XX.indd 15
06.12.2013 00:03:29
i
Kjem
2014
Nytt Alpha-kurs
Samnanger sokneråd inviterer sambygdingane sine til middagsselskap, med kaffi og kaker tysdag 7. januar kl.
19.00 - 21.45 i kyrkja på Haga. Informasjon om Alpha-kurset. Påmelding til kyrkjekontoret innan 3. januar.
Alle som leitar! Alpha-kurs er for alle som vil vita meir om kristen tru, som lengtar etter å høyra til
i eit kristent fellesskap. Det er ein stad for spørjande menneske, søkjande menneske og eit pusterom
for travle menneske. Meir info på middagen 8. jan.
Læring og latter. På Alpha-kurset går det også an å ha det moro samtidig som ein lærer om den
kristne trua. Aktuell, utfordrande undervisning og samtale blanda med humor og alvor. Gammal
kunnskap får nytt liv
Pizza og pasta, i alle fall mat :) Kurskveldane tek til med eit godt kveldsmåltid. Dette er ein fin anledning til å verta kjend med dei andre på kurset og få nye vener.
Hjelpa kvarandre! I små grupper kan me hjelpa kvarandre med å finna svar på vanskelege spørsmål.
Samtalane kan gå djupare, du kan få hjelp med spørsmåla dine.Det handlar om liva våre, det meiningslause, det uforståelege, men også det som gir meining. Det handlar om håp, ein annan dimensjon,
ein open himmel.
Alt du vil vita! Ingen spørsmål er for store eller for små, for vanskelege eller for dumme. På Alphakurset vil du bli teken på alvor med spørsmåla, ideane og tankane dine. Her kan ein setja ord på tru
og tvil utan å bli pådytta noko meining.
Velkomen!
Korprosjekt med Ruben Espelid
I vår vert det korprosjekt i
samarbeid med Ruben Espelid. Nokre hugsar han kanskje
frå då han hadde ein fin julekonsert i kyrkja på Ådland for
2 år sidan. No vert han altså
med på korprosjekt, der han
vel ut songar frå sitt repertoar,
- så arrangerer Eilert Tøsse
dei slik at koret kan syngja
saman med han. Ruben kjem
òg til å syngja nokre songar
solo.
Konserten vert 28. mars og
øvingane tek til den 6. Det
vert 4 øvingar, og så konsert. Dette vert kjekt! Me vil
oppmoda nye og gamle korsongarar til å melda seg på til
kantorane våre, - no eller når
ivitasjonen går ut i februar..
16
Juleblad 13 XX.indd 16
06.12.2013 00:03:30
E.OLDERVOLL
REGNSKAPSKONTOR
5652 Årland
Kyrkjebladet vil ynskja
lesarane sine ei
velsigna julehøgtid !
Vel møtt i kyrkja i jula.
INKA FOT- OG KROPPSTERAPI
Kari: 90 78 09 55 Elin: 91 78 28 40
Samnangerheimen, Haga
deKorina
blomster & interiør
Tlf. 56 58 79 00 www.dekorina.no
THOMAS EIKELAND
Betongentrepenør
Tlf. 56 58 64 27 Mo. 909 80 599
Gåsdal, 5650 Tysse. Tlf.: 56 58 63 87. Fax: 56 58 78 94
Sløyser, skottrenner, tak- og veggbeslag.
Det klippes og bukkes etter standard eller oppgitte mål.
http://privat.bluezone.no/blomdal/
[email protected]
- http://www.okbservice.no/
K.I. SVENSDAL A/S
Graving - transport
56 58 66 23 - 915 58 853
Tlf. og faks:
56 58 77 40
www.bjorkheim.no
[email protected]
KRO OG MOTELL
5652 ÅRLAND
Tlf. lager
Bjørkheim
56 58 77 30
Tlf. kontor
Eidsvåg
55 33 37 30
17
Juleblad 13 XX.indd 17
06.12.2013 00:03:32
VAAGE SERVICES
A.S.SAFA - SAMNANGER FABRIKKER
5650 Tysse
Tlf. 56 58 98 00 Telefaks 56 58 98 01
Motorreparasjonar. Alt i sveising
Rolvsvåg Tlf.957 84 451
SAMNANGER
TAXI
Tlf. 56 58 88 66 - Mob. 470 26 289
Lakslia 14 - Borgstova - Indre Arna
Står til teneste med alt ved dødsfall
Døgnvakt
55 24 08 08
SAMN. FYSIKALSKE INSTITUTT
Off. godkjent fysioterapeaut Geir Næss
Timebestilling 56 58 91 09
SAMNINGEN
Ting Samningen du også!
56 58 77 05
SOLHEIM AUTOSERVICE A/S
Bjørkheim
56 58 90 00
SAFA-UTSALGET
PÅ TYSSEKAIEN - TLF. 56 58 63 32
5652 Årland
56 58 61 60
K. THARALDSEN
Maling / tapetsering
56 58 63 20 - 958 45 545
Transport og graving
Tlf. 56 58 87 00
Mobil 99 55 29 29
NORDVIK ELEKTRO AS
Autorisert elektroinstalatør
918 93 650
Avdeling Samnanger Telefon: 05555
TYSSELAND
Smie og mekanisk verkstad
Tlf. 56 58 76 40 - Mobil 480 08 815
KIWI BJØRKHEIM
Mandag - lørdag 7-23
Telf. 56 58 76 16
18
Juleblad 13 XX.indd 18
06.12.2013 00:03:32
Samnanger kyrkjelyd
Kyrkjelydskontoret:
Telefon:
56 58 90 10
Fax. 56 58 90 11
E-post:
[email protected]
Postadresse:
Hagabakkane 1, 5650 Tysse
Kontortid:
Måndag -fredag: kl.10-15
Om du vil treffa nokon særskild, er det lurt å ringja på førehand.
Alle er ikkje på kontoret kvar dag.
Tilsette:
Kontortelefon Privattelefon
56 58 90 13 56 58 61 30
[email protected]
Dagleg leiar: Britt Haukanes 56 58 90 15 56 58 78 59
[email protected]
Leiar for barne- og ungdomsarbeidet:
Tor Vilhelm Tysseland
56 58 90 16
92 62 61 75
[email protected]
Barnearbeidar :
56 58 90 17 47 46 61 55
Line Bjørhovd
[email protected]
Kantorar:
56 58 90 14 56 58 65 43
Anne Lise og Eilert Tøsse, [email protected]
Sekretær og kyrkjetenar
56 58 90 12
Haga: Bente L.D. Bødker bente.bø[email protected]
Kyrkjetenarar Ådland: Finn Moss
56 58 77 70
Kyrkjegardsarbeidar: Hans Tysse
56 58 63 14
Sokneprest: Audun Aase
Gudstenester i jula
Julaftan kl.14.30 - Ådland
Familiegudsteneste
Solosong av Linn Borgny, Benjamin og K.I. Røen
Offer til Kirkens Nødhjelp
Julaftan kl.16.00 - Haga
Soknerådsleiar - Åshild Aadland Haga 56 58 65 08
Familiegudsteneste
Kirkens S.O.S .
Tlf. 815 33 300
Kyrkja sin nattfilial - døgnope. Her får du snakka med ein
prest / sjelesørgar, gjerne anonymt om du vil.
E-postteneste: www.kirkens-sos.no
Solosong av Siri Aarvik
Samnanger Skulemusikklag spelar
Offer til Kirkens Nødhjelp
Vitjing i heimen
Juledag kl.12.00 - Ådland
For dei som ikkje kan koma til kyrkje, kan soknepresten halda
nattverd i heimen. Om nokon ynskjer samtale/ sjelesorg eller skriftemål, kan dei også ta kontakt. Presten har sjølvsagt teieplikt.
Høgtidsgudsteneste
Dåp
Solosong av Helene og Rebecca Schmidt
Blåsargruppe tek del
Offer til Misjon uten grenser
Barnedåp
Alle foreldre som er medlemer av DNK, får sendt ei orientering
om dåpen straks kyrkjelyds-kontoret har fått fødsels-melding.
Dåpssøndagane vert kunngjorde i kyrkjekalenderen og på heimesidene våre. Elles er det berre å ta kontakt med kontoret.
29. desember kl.11.00 - Haga
Gjevarteneste
Gudsteneste
Trusopplærings-stillinga:
Prosjekt Haga kyrkje:
Prosjekt Zambia:
Nattverd
Offer til Haga kyrkje
Gåver til konto:
3562 07 01910
3562.71.03172
3530.21.38786
Kyrkjeblad for Samnanger
Nyårsdag kl. 17.00 - Haga
Redaksjonsnemnd: Bente Dyrøy Bødker, Anlaug Røen Hauge
Redaktør: Britt Haukanes Takk til alle som har lånt oss
bilde! Foto merka Sam” er teke av ”Samningen”, I Aa av
Inge Aasgaard, FME av Fred Morten Ervik, O.Aa av Olav
Aarvik og TJe Av Tor Jellestad
Gudsteneste
Nattverd
Offer til Åpne Dører
Juletregang etter gudstenesta
Heimeside www.samnanger.kyrkja.no
19
Juleblad 13 XX.indd 19
06.12.2013 00:03:33
Returadresse:
Samnanger kyrkjekontor
Hagabakkane 1, 5650 Tysse
Vel møtt til faste aktivitetar i kyrkjelyden
Søndagsskular
Babysong
Song musikk og rørsler med
dei minste. Annakvar måndag
i kyrkja på Haga.
Aldersgruppe: 0-1 år.
Oppstart etter jul: Sjå lysing i
Samningen.
Kompis
Ein plass å vera etter
skulen. M.a. mat,
spel, musikk,
aktivitetar,
”on line”,
leksehjelp,
vera med venner.Haga kyrkje
ons. 12.30 -16.00
Pris 150 pr. mnd. Påmelding til barnearbeider
Line 474 66 155
Ei hjelp for heimane med dåpsopplæringa. Søndagsskulane følgjer opplegget ”Sprell levande”.
I Haga kyrkje under gudstenestene.
I Nesodden bedehus kl. 11.- 12.15.
For datoar, sjå lysingar i Samningen.
Barnekor
Glad song med borna.
To korgrupper: 4 år
tom.1.klasse og King
Sing for 2.-7. klasse.
I Tysse bedehus,
tysdagar kl. 17.30
(Arr: Samarbeid mellom Misjonsforsamlinga og kyrkja.)
Basement
For vaksne:
LOVSONG OG BØN
Haga kyrkje. Måndagar kl. 20-21
PROSJEKTKOR
2 gongar i året.
I vår: Prosjekt med Ruben Espelid
SAMTALEGRUPPER/ SMÅGRUPPER
Ynskjer du vera med i ei gruppe, ta kontakt med soknepresten 56 58 90 13
Juleblad 13 XX.indd 20
Rusfri open ungdomsklubb med café. PS2
med ”Band Hero”, biljard og andre spel,
lovsong, musikk og prat i kosekroken.
Frå og med 8.klasse. Anna kvar fredag i
kyrkja på Haga. I partalsveker.
Oppstart fredag 10..januar
06.12.2013 00:03:36