Årbok 2005 - Samnanger historielag

Download Report

Transcript Årbok 2005 - Samnanger historielag

Gamle dagar i
SAMNANGER
Årbok 2005
Samnanger historielag
2005
Bokutforming: Svein O. Aadland
Trykk: Øystese trykkeri A/S, 5610 Øystese
Framsidebiletet:
Utsnitt av bilete som viser
folketoget på Tysse i
samband med folkeavrøystinga om unionsoppløysinga 13. august
1905. Heile biletet er vist
på midtsidene.
Gamle dagar i
SAMNANGER
2005
Redaktør: Magda Haugen
Innhald
Dagleglivet på Tysse på 1930-talet.
Av Odd Tveiterås
side 5
Vonheim fortel.
Av Anna Holmefjord
side 14
Snarefangst - big business for små karar
Av Svein O. Aadland
side 17
Litt om Filen eller Filialen
Av Ågot Hadeland
side 20
Vi som vokste opp under Gråfjellet
Av Arthur Grønsdal
side 22
Samnanger husmorlag
Av Solveig Røen
side 27
Minneord 17.mai 2005
Av Ivar Bård Aadland
side 34
Minne frå 1930 til 1945
Av Kristina Røen Dale
side 37
Gamle oppskrifter
Av Magda Haugen
side 45
Ous prestegjeld 1837 - 1937
Av Nils Lauvskard
side 48
Dagleglivet på Tysse
på 1930-talet
Av Odd Tveiterås
Når eg i dag skal prøva å skriva om korleis det var for oss gutane å
veksa opp på Tysse for 70 år sidan, må det sjølvsagt verta ut i frå dei
minne eg har og korleis eg opplevde det.
Me veit at Samnanger Uldvarefabrikk, som hadde 250 arbeidarar, brann
til grunnen 6.mars 1931. Eg var då eit år gammal og hugsar ikkje noko
av det.
Men det er ikkje vanskeleg å forstå at det måtte verta smalhans for
mange når det i tillegg var dårleg økonomiske tider i landet. Mange
vart gåande arbeids lause. Somme reiste på anlegg, somme fekk arbeid
i Ålvik, Odda, Sauda og Arne Fabrikker. Andre måtte ta tilfeldige jobbar
til dømes i samband med vintersildfisket o.s.v.
I samband med at Samnanger Uldvarefabrikk vart bygd og seinare utvida og at Frøyland Kraftstasjon vart bygd, grodde det opp mange
einmannsverksamder på Tysse. Dei fleste heldt det gåande også etter
fabrikkbrannen. Altså i min barndom. Her var meieri, fleire bakeri,
kolonialbutikkar, kjøttbutikkar, klede- og leiketøybutikk, kafear og
hotell, skomakarar, sydamer, skreddar, mekanisk verkstad, snikkarverkstad, post, bank, bil- og båtekspedisjon, lege og tannlege, to
bensinstasjonar, frisørar, telefonsentral, drosje og lastebileigarar.
Alle hadde utedo. I det huset eg budde var det ikkje verken vatn eller
avløp. Vatnet måtte me hentast frå ei pumpe utanfor huset. I kjellaren
vart det vaska klede og bakt kaker. Der var det ein vedomn med gryte
og bakstehelle. Om sommaren når det var fint og tørt ver, hende det at
eg var i skogen å samla ”trøsaved” til denne ovnen. I dei fleste hus var
det både vatn og avløp.
5
Dei få møblane me hadde heime var laga av far min på sløydskulen.
Det var vanleg å gå på sløydkurs etter at ein var ferdig med den sjuårige
folkeskulen.
Somme budde trongt. Det hende visst at den minste i ungeflokken måtte
liggja i kommodeskuffa.
Dokaggane vart tømde i fjæra. Anna avfall vart kasta på bossfyllingar.
Der var det skikkeleg med makk som me brukte til fiskeagn.
Mange av mannfolka brukte snus og skråtobakk. På butikkane var det
spyttebakkar og plakatar der det stod: ”Sputta ikkje på golvet”. Somme
brukte ovnen til å spytte i og på. Eg minnes enno korleis det freste, når
ovnen var varm.
Det var eit yrande liv i Tyssegatene, med mange ungar. Dei fleste hadde
god tid til leik, kanskje bortsett frå dei som kom frå småbruk. Me gjekk
på skulen berre annankvar dag. Det var lite med organiserte tiltak for
ungar, når ein ser bort i frå søndagsskulen og avholdslosjen, så me
måtte finna på noko sjølv. Eg kan ikkje minnast at dette var noko prblem.
Me hadde leikar av mange slag. Felles for dei var at dei ikkje kosta så
6
mykje. Pengar var mangelvare. Likevel hende det at me spela
”peng”med ein og toøringar. Det var somme vaksne som ikkje lika
dette. Dei lika heller ikkje at me spela med ”styggemannskort” (vanlege spelekort), eller at me plystra. Dei sa at dette var synd.
Eit av dei kjekkaste leiketøya våre var snellebilane. Dei vart laga av ei
fjøl, to trådsneller og litt hesjestreng. Nedanfor Storeboligen var det ei
leirhole der me laga vegar, bensinstasjonar o.s.v. Somme køyrde drosje eller lastebil, men dei fleste var tilsette hos blåbilane (Bergen Hardanger Billag), eller ”polet” som det og vart kalla.
Eit spel som vart mykje brukt var noko som me kalla for ”jipp”. Til
dette trong me ein kort og ein lang pinne og to steinar. Elles leika me
gøymespel, trilla ring og mangt anna.
Om vinteren gjekk me på snøskeiser, isskeiser og ski. Det var ofte eit
problem å få desse til å hanga fast på føtene. Me hadde og kjelkar og
krubber. Det mest avanserte køyretøyet var ”Bobbyen”. Den var laga
av to krubber, slik at den fremste krubba kunne svingast med eit ratt.
Mange av desse leiketøya var heimelaga og gjekk på omgang i søskenflokken.
Det var ofte tjukk is på fjorden. Dersom det kom sterk vind og reiv opp
isflata, fann me oss flak og sigla på desse. Ein livsfarleg leik. Me hadde
ikkje redningsvestar den gongen.
Om sommaren vart det mykje bading i sjøen og fisking frå robåt eller
med lange bambustrover frå land. Store størjestimar kom inn fjorden.
Det var som om sjøen koka når størjene gjekk til angrep på sild og pir.
Nokre få av mannfolka hadde harpunar som dei fanga storfisken med.
Dersom nokon ville selja fiskefangsten sin vart det ropt: ”Fisk i fjæro!”
Folk kom då springande og somme pruta på prisen.
Det trongst mykje ved i bakeria og me gutane fekk ofte jobben med å
bera veden fram til ovnane. For dette fekk me skalkane (endane av
tebrødstengene).
7
Når det hadde vore dans i Vonheim om laurdagskveldane, var me tidleg oppe om sundagane og samla tomflasker. Me kunne få 2 øre for ei
ølflaske, 3 øre for ei fuskebotn og 5øre for ei vinflaske.
Eit vanleg syn på Tysse var hest og kjerre. Bøndene skulle levera mjølk
og andre jordbruksprodukt. Heimatt hadde dei med seg tomspann og
div. varer. På kaien var det hestestall der bøndne kunne setja hestane
frå seg medan dei var og handla osb. Me ba gjerne bøndene om å få litt
tagl frå rumpene til hestane. Dette taglet brukte me til å laga løkker av
til snarene våre. Me fanga trast og brukte raunebær som lokkemat.
Samnanger hadde lensmann med Os, og annankvar torsdag kom han
til Tysse med bilen sin, som hadde ein stor koffert bak. Dersom me
hadde gjort noko gale, det hende nok, heldt me oss langt vekke frå
denne bilen, me trudde at han kunne ta os med til ”Olsnesøynæ” i kofferten sin.
Ved Tysse-kaien. Huset til Harald og Gro Røsseland kjenner me att.
8
I samband med kraftstasjonen på Frøyland var det mykje transport på
Kvittingsvegen, som gjekk forbi Haga. Det var ikkje veg mellom Totland
og Langeland vart bygd. Det var minst 15 grinder på denne vegen.
Gutane på Tysse var ofte med bilane for å opne grindene. Dersom dei
var plasserte i bratte bakkar, hoppa gutane av i fart, sprang framfor
bilen, opna grinda, venta til bilen hadde passert, let att grinda, sprang
etter og hoppa på att. Det var ikkje snakk om bøter for overlast den
gongen.
Når fjordabåtane låg ved Tyssekaien , var det som oftast mykje folk
samla og praten gjekk. Somme av mannfolka tok seg gjerne ein liten
tur ombord. Og dei måtte visst like seg der for dei var ofte i godt humør
når dei kom på land att.
Om sommaren kom det av og til store turistbåtar til Tysse. Dei la seg til
ute på fjorden og passasjerane vart frakta i land med småbåtar. Somme
av mannskapet var svarte. Eg hadde ikkje sett negrar før. Turistane
skulle frå Tysse over Kvamskogen, til Norheimsund. Difor møtte bøndene både frå Samnanger og Kvam opp med stasvognene sine. Hestane sto på rekke langs heile Tyssegata. Dersom eg ikkje hugsar feil,
hadde somme av vognene nummerskilt, som på bilane , der det stod:
”Søndre Bergens Amt.”
Karane på plass når dampen kom.
9
Sundagar og andre helgedagar tok både vaksne og ungar på seg bestekleda. Dei litt eldre mannfolka samlast då gjerne utanfor butikken til
bakar Totland og gjekk ein tur til Hagamulen. Praten handla visst for
det meste om pengar og politikk. Me gutane hadde ikkje side bukser
før konfirmasjonsdagen.
Nokon av gutane prøvde seg som Grundarar. Ein dag var det to av oss
som hadde produ sert karamellar, som dei ville selja på den frie marknaden. Ein annan gut som truleg var misunneleg fordi han ikkje fekk
vera med på dette, kunne då fortelja at det ikkje var lovleg å handla
varer utan handelsbrev. Det hadde far hans sagt. So det vart til at
produsentane åt karamellane sjølve.
Ein annan gong var det ein som hadde konstruert eit lysbileteapparat.
Me kunne få sjå lysbilete heime i kjellaren hans mot å betala 2 øre i
inngangspengar. Men midt under framsyninga tok lyset til å vippa. Det
synte seg at mora hans hadde teke til å koka middag og då vart det for
lite straum. Me fekk ei ny gratis framsyning etter at middagen var ferdig.
Me hadde alle respekt for autoritetar som: Lensmann, prest, lærar osv.
Det var også skilnad på folk elles. Til dømes vart nokon av kvinnene
omtala som Fru andre som Madam. Dei fleste vart omtala med førenamn
som Knuta-Lino, Sannes-Petro osv. Dei som hadde aller høgast status
hos oss gutane var vel kanskje brettvaktene og maskinvaktene som
arbeidde på kraftstasjonen på Frøyland. Eg gløymer ikkje når desse
kom køyrande til Tysse på motorsyklane sine med sidevogn. Mennene
som køyrde doningane, var utstyrt med lange hanskar, briller, skinnhue og skinnklær. Fruene som satt i sidevogna, hadde briller og skinnhue men var godt inntulla i ulltepper. Når desse fruene kom inn på
butikkane for å handle, kunne ein nok merka at dei fekk ekstra god
service.
Dei to store dagane i året var julekveld og 17.mai, som me såg fram til
i vekevis på førehand.
10
Stiligt kjøretøy, med sidevogn - og imponert dame.
Første desember vart gardinene i utstillings vindaugene i butikkane
trekt føre og me ungane var spente på kva me ville få sjå når gardinene
vart trekt til side att. Særleg var det eine vindauget hos ”Rakel
Svendsdals Eftf” populært. Det var der leikane var. Me lurte på om me
kom til å få noko av dette til jul. Første juledag fekk me ikkje lov til å
gå ut, men me vakna om morgonen til tonar frå Tysse musikklag, som
gjekk i gatene og spela julesongar. Laget spela og i gatene første på11
skedag og eg minnes enno kor fint det lydde når dei spela ”Påskemorgen slukker sorgen”.
Ja dette var nokon glimt frå livet på Tysse, sett med mine auge, no i
ettertid.
(Eg vil gjera merksam på at skulehuset og skuleplassen var der rådhuset no står).
Dans. Knut Haga spelar, står det på plakaten på neste side.
12
17.mai-plakat frå 1939.
13
Vonheim fortel
Av Anna Holmefjord
Prolog skrive i høve 80-årsjubileet for Vonheim 1993
Ein gong for lenge sidan,
så var det nokre menn – dei ville byggja hus,
eit ungdomshus.
Og så bygde dei meg!!
Dei kalla meg for ”Vonheim”.
Kanskje bak namnet låg låg ei von,
ei von om betre tider for folk og land.
Så stod eg her ferdig i all min glans.
Med opne dører og open favn
for slekt etter slekt eg var som ei samlingshavn.
14
17. mai, bryllup, festar – alt vart feira hos meg.
Ungdomslag, losje, musikk, fagforeningspolitikk,
og innimellom litt romantikk.
Ei soge eg er, men alle løyndommane mine vil eg ikkje fortelja deg her.
Nye menn, nye tider, nye ting:
Kinoen kom i salen inn.
År etter år – eg mange filmar såg.
Den første: ”Flukten frå Dakar” –
den siste – trist – eg kan ikkje ein gomg hugsa kva namnet var.
Så vart eg mest alltid åleina –
fjernsynet kom.
Og folket sat heima og såg inn i kvar si krå.
Når eg såg dei att, var dei blitt både gamle og grå.
Og eg tenkte med meg:
Det er fordi de ikkje lenger til ungdomshuset vil gå!
Få var dei som brydde seg om meg!
Malinga flassa tå meg både ute og inne.
Taket lek, regnet sila – og eg var heilt fortvila.
Men tenk – igjen kom nye kvinner og menn –
ein dugnadsgjeng.
Med kostar, klutar, stegar og spann –
Ein arbeidsflokk hand i hand.
Dei vaska, skrapa, pussa og mala –
Nye gardiner fekk og mine slitne salar.
Og no vart det liv i gamle meg:
søndagskafe med kaker og brus
julatrefest
ungar og vaksne i ring –
Tenk det var hos meg dei gjekk i kring!
15
Og no ser eg nye slekter:
Ungar som dansar, leikar og syng.
Velkomne til meg skal de vera,
gamal som ung!
Sjå berre her kor fin eg er blitt,
igjen er eg heilt på topp.
Takk til alle dåke som var med og pussa meg opp!
80 år eg feirar i dag – og i slik eit festleg lag!
Gamal av år, men ung i sinn, eg elskar dine lette dansetrinn!
I nye 80 år vil eg på same grunnen stå
Med opne dører og open favn –
For komande slekter
eg vonar eg framleis vil vera ei samlingshavn!
16
Snarefangst
- big business for små karar
Av Svein O. Aadland
Går me ein 70-80 år tilbake i tid var snarefangst av trast vanleg her i
Samnanger. Eg har snakka med tre karar med solid erfaring frå denne
jakta.
Det heile starta ein gong for over eitt år sidan, då eg var heime hos
Sigmund Myrvang for å snakka med han om noko heilt anna. Då kom
dette på snakk. Eg skreiv ned det han fortalde. Neste gong det vart
snakk om snarefangst av småfugl var ved kveldsbordet på Samnangerheimen i fjor vinter. Leif Drevsjø hadde fått eit krus med bilete av
nokre småfuglar på. - Da e visst noken jona, detta, humra han. Og så
måtte eg spørja kva jona var for noko. Dermed var me i gong. Ved
same kveldsbordet sat også Hermann Røsseland. Eg spurde om han
også hadde drive med snarefangst. Det hadde han.
Men først Sigmund Myrvang:
Går me rundt 80 år tilbake i tid kunne du gå på dei finaste hotell i
Bergen og mellom anna finna trast på menyen. Ein del av desse trastene kom frå Samnanger. Og ein av leverandørane i Samnanger heitte
Sigmund Myrvang. Nokre gutungar i 8-10-12-årsalderen på Lauvskar
dreiv stort med trastefangst kvar haust.
Trastene vart fanga med snarer, snarer som gutane laga sjølv. Då var
det om og gjera å ha gode forbindelsar til bønder med hest. For sjølve
snarene laga dei av hestaharg, hår frå hesterumpene. Kvart harg vart
tvinna dobbelt. Då var det så sterkt at det var uråd å slita det med hendene. Dei hengde snarene i tre, med raunebær som åte.
I byrjinga av fangst-sesongen, medan det enno var eitt og anna bær på
bærbuskane rundt husa, hengde dei snarene der. Men den gong gjekk
det ikkje lang tid før folk hadde petla kvart einaste bær på bærbuskane
17
sine. Då kom ikkje trasta dit lenger. Gutane måtte flytta snarene sine
lenger og lenger bort, til dei enda oppi marka. Sesongen vara i fleire
veker. Dei petla raunebær og lagra, slik at dei hadde åte også etter at
det minka med raunebær på trea.
Når gutane kom frå skulen, var det å ta ut for å sjå etter snarene. Ofte
kunne det vera nesten mørkt før dei kom heim att. Som oftast var trastene daude når dei fann dei i snarene. Men av og til hang dei berre fast
etter ein fot. Då måtte gutane avliva fuglen. Det gjorde dei med å trykkja
inn hovudskallen med tommelen. Då døydde fuglen momentant.
Dei opna nebbet på fuglane og putta eit par saltkorn inn i munnen på
dei. Deretter stakk dei ein liten pinne gjennom dei to hola som trastene
har i nebbet. Pinnen brukte dei til å surra trastene saman, slik at dei
fekk ein hank med fugl.
Far til Sigmund var matros på Midthordlandsbåtane, og det var han
som tok traste-hankane til Bergen. Betalinga varierte etter storleiken
på fuglane, men låg på mellom 5 og 10 øre fuglen. Og sidan det kunne
vera snakk om nokre få titals fuglar kvar gong, vart det nokre kroner av
det.
Kva gutane brukte pengane til? Bångbång (bonbon=drops) og karamellar, fortel Sigmund Myrvang og ler.
Så til samtalen rundt kveldsbordet på Samnangerheimen:
Leif Drevsjø var ein av fleire gutar på Steinsland og Haga som dreiv
med snarefangst av trast. Gutane hadde kvar sine område dei fanga
trast i. Sjølv hadde Leif Drevsjø eit område oppe ved Tømmerløypet.
Snarene laga også dei av hår frå hesterumper, hestetagl, som dei kalla
det. Men det var ikkje heilt enkelt å skaffa nok av det. Difor hende det
at dei var innom meieristallen på Tysse og stal seg nokre tagl frå hesterumpene der. Til «agn» brukte dei raunebær.
Gutane tok seg ein runde kvar dag og såg etter snarene. Det var
spennande. Ofte kunne dei høyra skrika frå trastene lang veg. Når dei
hadde fanga nok fuglar samla dei dei i knippe. Dei minste fuglane dytta
dei inn i knippet, og håpte at kjøparen ikkje ville leggja merke til kor
småe dei var. Det var desse minste fuglane dei kalla for jonar, eit namn
som kan ha vore lokalt berre for Steinslandsområdet.
18
Kundane var på Totland. Vanlege Samnanger-koner ville ikkje finna
på å kjøpa trast. Men på Totland budde det fine ingeniør-fruer. Og dei
kjøpte. Og betalte 5 øre for kvar fugl. Men jonane ville dei ikkje ha.
Hermann Røsseland fanga også trast, på same måten som dei andre.
Han og dei andre gutane på Tysse selde fuglane til Mathiessen. Gutane
forlanga 5 øre for kvar trast. - Men Mathiessen va fæl te å pruta, humrar
Hermann Røsseland.
Både Leif Drevsjø og Hermann Røsseland fortel at dei har smakt
trast sjølv. Det smakte riktig så godt, det. Men vanlege Samnangerkoner ville likevel ikkje ha dei, det var altfor mykje arbeid med dei
små fuglane. Det trongs mange fuglar om ein skulle laga middag til
heile familien. Dermed var den lokale marknaden heller liten. Stort
fleire enn fruene på Totland og Mathiessen-familien på Tysse var det
vel ikkje som åt slik mat her i bygda.
19
Litt om Filen eller Filialen
Frå Ågot Hadeland,
som no bur i Avesta i Sverige, har me fått ein artikkel som
omhandlar historien om forretningsverksemda
H. Hadeland på Tysse:
Anders Tvedterås bygget et hus på Bakken og flyttet inn der med sin
familie i år 1900. Ikke så lenge etter, kanskje 1903, begynte han med
en butikk. Handelsbrev var nødvendig den gang, og han endte sin datter Anna på et handelskurs. Hun lærte da bokføring, og fikk handelsbrev.
Begynnelsen har nok vært beskjeden. Kanskje var det en kommisjonshandel til å begynne med, derav da navnet Filialen, eller Filen, men
derom vet man ikke noe i dag. Likesom på andre butikker, var det
familiemedlemmer som jobbet. Det fantes døtre. I 1933 ble firmanavnet forandret til H. Hadeland, uten at dette hadde noen betydning for
den daglige handel.
Virksomheten har altså hele tiden foregått i samme lokaler, men med
ulike generasjoner innkoblet.
Med snille kunder og fornuftige butikkfolk har forretningen holdt i
gang nu over 100 år. Jeg behøver vel ikke beskrive dagens forretning,
som er et stykke fra Anders Tvedterås start, men la oss ta et lite tilbakeblikk for eksempel tyveårene. Da var Samnanger Uldvarefabrik i gang,
mange folk i arbeide, deriblandt mange unge damer. Fra begynelsen
var det jo kolonialvare og andre nødvendighetsvarer, parafin for eksempel, ingen elektrisitet den gang. Om vi nå ser på tyveårene, så fantes der jo til og med luksus, som parfyme (inget stort utvalg), ukeblader, sjokolade, tobakk. Til jul var det hvert år en liten, men koselig
juleutstilling, litt leketøy etc. Filen solgte mye julekort med GLANS,
men de kostet litt mer. En rulle med julepapir fulgte med fra år til år, i
20
flere år.Ingen hauger med papir den gang. Margarin var et nytt produkt
som dukket opp etter første verdenskrig, det ble en virkelig nødvendighetsartikkel, billig og bra.
Folk var både nevenyttige og flinke. De var jo nødt til det den gang. De
kjøpte lær og lappet sko selv, ja dette mest ute i bygden. Vi hadde jo så
mange dyktige skomakere på stedet. Folk tilberedte sin egen maling,
kjøpte linolje, terpentin, zinkhvitt, malerkoster osv. Alt dette var å få i
butikken. Spiker og skruer. Det var mye jobb for dem som stod i butikken. Varene kom ikke ferdigpakket. Det var å veie opp i små poser, en
mark 250 gram, et halvt kilo osv.. Sjelden ett kilo eller mer. Mel kom i
fine lerrets-sekker, sukker i litt grovere sekker. Salt i tykke strisekker.
En del på bygden hadde høns, de kjøpte hel mais og knust mais, som
kom i sekker. De som handlet hadde da samme sekk med, det var gjenvinning.
Til slutt kan nevnes at Filen også hadde tøy, tresko, ljåer, bryne osv.
Filen hadde også godt utvalg i stentøy. Varene kom fra Bergen med
”Dampen” eller Avance.
21
Vi som vokste opp
under Gråfjellet
Av Arthur Grønsdal, Stanghelle
I denne fortellingen har jeg har valgt å ikke tidfeste noe da det hadde
medført gransking av bygdebok og lignende.
En kan tenke seg tilbake til hine hårde ”dager” når bosettingen begynte
fra fjorden og oppover dalen mot Kvitingen. Ser en terrenget uberørt
med juv og dal, så måtte vilje og mot vært ufattelig stort hos de som
søkte en tilværelse langt ute i ødet. Redskap og utstyr var nok primitivt
når skog og kratt skulle fjernes sånn at hus kunne bygges. Tømmer til
husbygging ble hentet i skogen og siden ”laftet” sammen. En byggemåte som krevde innsikt og øvelse. Hver stokk ble naglet sammen med
trenagler kalt ”dymblinger”. Mellom hver stokk ble det lagt myrmose
som isolasjon. På taket ble det lagt never av bjørk slik at taket ble tett.
Oppå dette ble det lagt torv. Til laftearbeidet ble det brukt en spesiell
øks kalt ”bila”. Til kledning på løevegger ble brukt brake (einer) som
ble tredd mellom tynne stokker.
For å få det aller mest nødvendige å leve av måtte noe jord dyrkes.
Myrer måtte grøftes og ryddes. Bratte bakker var det mange av. Her
måtte skog, kratt og stein ryddes, alt med enkelt redskap.
Når et bosted skulle velges var det nok flere hensyn å ta. Muligheter
for dyrking og jordsmonnet, en bekk eller elv var nok med i vurderingen av stedet.
Vassdraget hadde sine vann og elver som var viktige for å skaffe fisk til
husholdningen. Husene ble ofte plassert slik at snødrev ble minst mulig. Å unngå rasfare var også viktig.
Låvebygningen kunne plasseres slik at den skjermet huset, til dels ble
22
de bygd sammen.
Potetkjellere skulle være frostsikre og kunne være plassert midt under
huset med tilgang gjennom en luke i gulvet. Det ble også laget potetkjellere i bakken med en mur med en tredør foran.
En kan tenke seg hvordan folk ernærte seg den tiden. Ved siden av å
holde husdyr som ku og geit samt dyrking av poteter, var nok jakt og
fiske helt nødvendig for å overleve. Lokale navn som Dyrhovden, Dyrelia, Hareskogen, Bjørnstona og andre navn med hentydning til dyreslag forteller hva som kunne være jaktvilt. Hjort og rein, hare og fugl
ble nok jaktet på. Elg var kanskje en art som hadde tilhold andre steder
i landet. Bestefar fortalte at min oldefar skjøt en jerv i Fuglefjellet, den
siste jerven på lange tider. Bjørn, jerv, og ulv var rovdyr som måtte
utryddes. Jaktvåpen var på den tiden ”munlader”, før det pil og bue.
Folk hadde små krav, så kjøpte varer var det lite av. Bare nødvendige
ting som mel, salt og liknende. Vann til folk og dyr ble hentet i brønner
eller bekker. Her ble brukt et nyttig redskap kalt ”vassele”. Dette var
en tilskåren bjelke som en la over skuldrene. Den hadde stropper med
kroker til å henge en bøtte på hver side.
Før det kom skolehus i Grønsdal, vart det brukt omgangsskole. Det vil
si at undervisningen foregikk på rundgang i private heimer, sikkert en
strabasiøs sak om vinteren.
Det største som hendte var nok veien som ble laget mellom Haga og
Kvittingen. Selv om biler var sjeldne, så gav det muligheter. Hestekløv
som tidligere ble brukt, ble erstattet med hestevogn og slede om vinteren. Sykkel ble det også mulig å bruke.
Videre vil jeg gå tilbake så langt som jeg selv husker om dagliglivet før
krigen.
Alle i en husholdning måtte ta sin tørn i arbeidet på gården både ute og
inne. Med skolegang og arbeide ble det lite fritid. Når du var stor nok
23
til å holde en ljå, øks eller annet verktøy, måtte du delta. Alt hadde sin
tid, og onner slåtten om sommeren, poteter og grønnsaker om høsten
og ved- og skogshogst om vinteren. Ingen nevnte barnearbeid da- -.
Ved siden av heimeslåtten hadde de fleste markeslåtter med utløer som
måtte fylles. Mange av slåttene lå ofte oppover mot fjellet. Høyet ble
hentet om vinteren og det ble brukt løypestreng eller kjelke til jobben.
En annen måte å lagre høyet på var å lage ”høystakk”. Her ble tørrhøyet lagt rundt en trestang og siden raket nedover sånn at regn og snø
rant nedover. Under høyet ble det lagt tregreiner på bakken. Høystakken
skulle være kjegleformet. På toppen ble det tredd næver som tak.
Det var helst slik at folk var selvhjulpne. Det meste ble laget i heimen.
Det gjaldt både tøy, og andre ting. Ski og verktøy ble også laget. Til ski
ble brukt tresorter som bjørk, alm og raun. Selvlaget skismøring måtte
også til, her ble det eksperimentert med tjære, smeltet grammofonplate
og talg.
Fritiden ble brukt til fiske. Utstyret var enkelt; en tøm til 25 øre og en
liten sene med angel ble festet til en rognetrove. Fangsten var ofte bra,
men var auren større den tiden? Husker at bestefar hadde fisketøm av
harg fra hesterumpe.
Pløying av veien ble utført med en treplog som hang etter en lastebil.
Bak plogen gikk en mann som styrte plogen med en trestang. På noen
strekninger hendte det at det gikk snøras. Dette klarte ikke plogen, da
måtte folk møte opp og spa veien open.
En stor begivenhet var når ”Brødperen” kom 2 ganger for veka. Bilen
han hadde var en gammel personbil som bråket veldig. Vi ungene tigget oss en 5-øre. Det var dette en skillingsbolle kostet den tiden. Ellers
var det fiskebil en gang i uka.. Melkebilen hentet melkespann som ble
kjørt til meieriet på Tysse. Melkebilen hadde melkespann bak, og foran
var det seter for folk. Bussen ble også benyttet til en skoletur vi hadde
til Fyksesundbrua som da var ny. Andre skoleturer var fottur over Bogaskaret for å se Vaksdal mølle. En annen tur gikk til Svartavatnet. Det
24
var en skoleklasse i Grønsdal på den tiden, siden ble den 2-delt.
Om vinteren med lange kvelder var det lite å ta seg til, men etter hvert
ble det kjøpt radioer. En billig og mye kjøpt radio var ”Folkemottakeren”. Nå hadde vi nyheter og musikk i huset.
Kvinnfolka brukte ofte kveldene til karding og spinning av garn som
ble strikket votter og labber av. Det var kvelder de hadde kvinneforening der det ble strikket og brodert til basarer til inntekt for misjonen.
For eksempel Santal- og Samemisjonen. Litt salmesang hørte også til.
Å vaske tøy den tiden var ganske tøft. Tøyet ble skurt på et skurebrett,
et riflet brett over en balje med grønnsåpe og vann og siden ble tøyet
båret til bekken. På en høvelig rund stein i bekken ble tøyet banket
med et ”banketre” og skylt før det ble hengt til tørk. E kald jobb om
vinteren.
Mellom Kvitingen og Småbrekke i Bergsdalen bygde militæret en kjerrevei. Veien ble bygd fra begge sider, men ble aldri ferdig. Det manglet
en del på midten. Militæret hadde en øvelse der styrker fra Ulven møtte
styrker fra Voss. All transport foregikk med hest. Det var nok mange av
oss småguttene som manglet på slåtteteigen de dagene øvelsen varte..
Det var vanlig i den tiden at mannfolka i dalen dro til kysten for å delta
i sildefisket om vinteren like over jul.. Dette gav bra inntekt Det var
helst lite arbeid å få. Senere ble det bedre når kraftutbyggingen startet.
Enkelte år kom det ”fantefølge” oppover dalen. De kom med hestevogner og ville gjerne overnatte i løer og lignende. De hadde visper og
andre ting som de solgte. Tigging var og normalt. Ellers kom det
”skreppekarer” som hadde mye rart som blonder, synåler, knapper og
lignende. Kvinnfolka kjøpte ofte sånt. Om høsten, etter slaktingen, kom
karer som kjøpte skinn som de solgte videre til skinnforhandlere i Bergen.
I Grønsdal var det brevhus og her ble det levert inn post som ble hentet
av postmannen et par ganger i uka.
25
Så kom krigen til Norge og det ble mobilisering. Det kom mange karer
som skulle møte på Voss. Da det var kamper i gang på Vossebanen,
måtte de gå over fjellet til Hamlagrø. Mange hadde ikke ski, men folk
ga gladelig bort sine ski til karene. Pussig nok dukket nok noen av
skiene pluss ski fra Vossetraktene opp da kampene på Voss var over og
karene returnerte tilbake på samme måten. En del hadde uniform som
de ville bytte i sivilt tøy. Uniformene ble gjemt og senere omsydd. Jeg
hadde selv en omsydd offisersuniform i gabardin da jeg gikk for presten.
Da nesten alt var på rasjon, måtte folk prøve å skaffe seg nødvendige
ting. ”Matauk” var viktig. Det gamle kvernhuset i fossen ble satt i stand
og her ble selvdyrket korn malt til mel. I skogen ble det hentet bær og
det ble sådd mest mulig av poteter og grønnsaker.
Om vinteren var det storsild å få kjøpt. Jeg husker det kom sildeskøyte
til Tysse. Da stilte folk i dalen med lastebil og fikk sild i jutesekker. På
toppen av sildelasta satt folka, det var helst litt kaldt i vinterkulda.
”Vernemakta” bestemte at alle radioer skulle leveres inn. Det var ikke
bra at vi skulle høre nytt fra London. Noen radioer ble gjemt bort..
Dette var farlig, men Øksnevad i London måtte høres. Likeens måtte
alle våpen leveres inn, men dette ble lite respektert. Våpnene, helst
haglegevær, ble båret ut i skogen og gjemt. Jakten ble som før, problemet ble å skaffe ammunisjon. Vi hadde en del farlige hendelser når
tyskerne ferdedes i dalen. Snarefangst etter rype var det også en del av.
Endelig var krigen slutt. Vi deltok i feiringen av et fritt Norge. Vi syklet til Tysse og her var det fest og stas som om det var 17.mai i flere
dager.
I den nyere tid er de fleste småbruk nedlagt, mange hus har ikke fastboende og blir brukt til feriehus av den nyere generasjon. Litt trist!
26
Samnanger husmorlag
Av Solveig Røen
Samnanger husmorlag var i gong frå 1951 til 1984. Det er såleis over
21 år sidan det vart lagt ned. Eg vil her fortelja litt om laget, kva oppgåver
det hadde og kva det arbeidde med.
Me les frå styreprotokollen frå skipingsmøtet:
”År 1951, den 2. februar, vart det etter innkalling frå fru Marta Isene,
halde møte i
Vonheim til skiping av husmorlag.
Kvinneforeiningane på Tysse hadde ved eit festleg samver fått heim
gruppeleiaren i
Midthordland krins, fru Lavik, til å gjera greie for laget sine arbeidsmål.
På skipingsmøtet den 2. febr. møtte 15 interesserte. Det vart fyrst
fyreteke val – skriftleg på formann og vara-formann. Marta Isene og
Elisabet Gjesdal fekk likt røyster. Etter lutdrag vart Marta Isene valgt.
I styre elles vart valgt Nanna Tveit, Bergit Langeland og Liv Aarsand.
Varamenn: Borghild Berge, Marta Tveiten og Borghild Tveiterås.
Det vart vedteke å setja medlemskontingenten til kr. 5,- for året.
Neste møte vart sett til stiftelsesdagen (-for Nordens Husmorforbund) 10. mars. Styret hadde so møte og valte Liv Aarsand til kasserar
og Bergit Langeland til sekretær.”
Dei som melde seg inn i laget denne dagen, var: Elisabet Gjesdal, Marta
Isene, Jenny Tømmerbakk, Bergit Langeland, Borghild Berge, Nanna
Tveit, Sigrid Totland, Ingrid Kvale, Marta Tveiten, Astrid Abotnes,
Agnes Reigstad, Liv Aarsand, Borghild Tveiterås.
Dette var altså dei 13 første medlemmene i laget. Medlemstalet auka
for kvart år, og på 70-talet var det kome opp i 88.
Samnanger Husmorlag var tilslutta Norges Husmorforbund (NH) som
27
vart stifta i 1915. NH var vidare tilslutta Nordens Husmorforbund (NHF)
og The Associated Country Women of the World (ACWW).
NH hadde sine lover og føreskrifter der det var nedfelt kva dei stod for.
I §1 står det:
”NH er en yrkesorganisasjon som skal samle Norges husmødre i arbeid for hjemmene -, etisk, sosialt, kulturelt, økonomisk og hygienisk.”
I §2 kan me lesa:
”NH vil arbeide etter kristne prinsipper.
NH er ikke partipolitisk.
NH arbeider for:
a)
å spre kunnskap og opplysning blant husmødrene om kulturelle,
faglige, økonomiske, familierettslige og mellomfolkelige spørsmål
b)
å oppdra barne til gode samfunnsmennesker
c)
riktig kosthold og forebyggende helsetiltak
d)
at det for alle elever på ale trinn i skolen blir avsatt rommelig
plass for undervisning i husstell, håndarbeid og familiekunnskap
e)
tekniske og sosiale tiltak som kan bedre arbeidsforholdene for
husmødre i bygd og by
f)
hjemmenes oppgaver, ved å være talerør overfor våre
myndigheterog kreve større representasjon for kvinner i offentlig utvalg og institusjoner
g)
å trygge familiens økonomiske stilling”
Desse lovene vart vedtekne på landsmøtet i 1961 og fekk små justeringar
seinare. Mykje av det som står i desse føremålsparagrafane, kan det
verka rart å ha med i dag, men ein må hugsa at dei vart til i ei tid då
husmødrene stort sett var heimeverande, og samfunnet var eit heilt anna
enn i dag.
Samnanger Husmorlag (SH) hadde møte ein gong i månaden. Laget
hadde ikkje eige hus, men hadde møta rundt om i dei ulike forsamlingshusa i kommunen, - ungdomshusa, Kvamshaug i Eikedalen, KNA si
hytte. Men ”Vonheim” på Tysse var vel likevel den staden der det var
flest møte.
Den første formannen i laget var Marta Isene. Seinare var det mange
som fekk prøva seg som formenn. Den som hadde lengst tid som for
28
mann, var nok Ada Haugen, som sat i 6 år.
SH skipa til mange ulike kurs fram gjennom åra. Dei hadde mest den
same funksjonen som Friundervisninga fekk seinare. Det var klipping
og buksesaum, smørbrødkurs og lampeskjermkurs, blomestell og barnestell.
SH hadde eigen studiering der Engelina Kvamme var leiar. Underteikna
var med i ringen då me fekk læra om møteleiing og møtekultur.
SH starta også opp og dreiv Arbeidsstover for born. Det var 4 slike i
kommunen. Dei samla 150 – 160 born. Her fekk dei læra ymse handarbeid og laga små ting av ulike materialar, t.d. stoff, tråd, skinn, peddik.
Dei vanlege møta vart alltid opna med ”Ord for dagen”. I dei første åra
var det oftast prestefrua vår, Elisabet Gjesdal som hadde andakt. Det
kunne elles vera mange gode program på desse møta.
Me hadde niste med, og så var det dei som høyrde til på den plassen me
hadde møte, som stod for kaffikoking.
10. mars, som var skipingsmøtet for Nordens Husmorforbund, vart alltid feira med fest, enten på Ådlands Hotell, Bjørkheim eller Gullbotn.
Det var også fast å ha eit adventsmøte. Dette var alltid i bedehuset på
Nesodden.
Til desse festsamvera fekk me alltid vitjing frå krinsen eller forbundet.
Eg hugsar til dømes Frida Borge frå Osterøy som heldt eit interessant
foredrag der ho fortalde m ei reise til Polen. Ho hadde vore utsending
for NH til eit stort møte i ACWW der kvinner frå svært mage land var
samla.
Guri Bonsaksen frå Voss hadde også eit svært interessant foredrag.. Ho
var med og starta husmorvikar-skulen på Voss.
Ingrid Espelid Hovig var også på vitjing ein gong.
Elles var det mange gode og byggjande foredrag og taler av tilreisande
frå bygd og by.
Men også lokale krefter tok del med foredrag. Det kunne til dømes
vera lege eller helsesøster som tala om helse, hygiene, sjukdoms-førebygging osv.
29
SH var òg på fleira turar for å vitja verksemder som laget var innbedne
til. Her kan eg nemna Bergensmeieriet, Martens bakeri, Schøtt
manufakturfabrikk på Laksevåg. Me var også til det som den gongen
heitte Dale Ullvarefabrikk. Der fekk me sjå korleis dei ymse varene
vart laga. I spinneriet var det eit sværa bråk av maskinene. Etter besøket i fabrikken var me i den nye kyrkja på Dale der me fekk fin, dempa
orgelmusikk. Det var litt av ein kontrast til bråket i fabrikken,- nesten
som å koma til himmelen!
Me var også ein tur til Bergsdalen der me fekk sjå korleis ein kraftstasjon fungerer.
Laget hadde også turar til Festspela i Bergen.
I mange år vart det skipa til julefestar der også ektemennene vart
innbedne. Her var det mange morosame bordtaler av mennene. Eg
hugsar ein gong Sigurd Reigstad tala varmt om å skipa eit husfarlag
også, men ideen vart aldri røyndom.
I dei seinare åra laga Husmorlaget til julefest i Tysse bedehus der alle
eldre over 70 år i bygda vart innbedne. Eit av dei morosame innslaga
på denne festen var utdeling av blomar etter ulike kriteria. Det kunne
til dømes vera til den som sist fylte år, den som hadde minst hår, hadde
kjøpt nye sko og så vidare.
Som tidlegare nemnt vart det aldri til at SH fekk sitt eige hus, men då
laget hadde møte 1. april eit år, las Johanna Spartveit opp eit brev frå
Samnanger Kommune. Der stod det at dei ville gje Husmorlaget eit
eige hus. Det var ikkje måte på kor velutstyrt det skulle vera. Eg hugsar
ikkje alt, men mellom anna skulle det vera ”solveranda mot nord”. Ja,
dette var ein god aprilspøk!
Så lenge Husmorlaget var til, var det alltid representantar derifrå med i
17. mai-komiteen på Tysse.
Etter kvart vart det små ”spor” etter arbeidet til SH.
Dei kjøpte til dømes inn dåpskjolar som dei leigde ut og som mange
fekk glede av.
Nokre av medlemmene meinte at ein burde kjøpa inn brudestolar til
kyrkja. Alise Solberg og Ada Haugen var to av dei ivrigaste for dette,
30
og i 1964 fekk dei laget si tilslutting til denne idéen. Dei reiste til Kinsarvik og såg på stolar og valde dei ut dei finaste stolane i gyllenlér dei
kunne finna. Biskopen og Riksantikvaren måtte sjølvsagt også ha eit
ord med i laget. Såleis vart stolar som passa inn i kyrkja, tekne ut.
Husmorlaget kjøpte stolane som no har vore i bruk i kyrkja i over 40 år.
Alterduken i kyrkja var gamal og sliten og ein var redd for at han kunne
ramla sund i vask. Laget gjekk då inn for å sy ein ny duk i hardangersaum
til altaret. Det var fleire som arbeidde på han, men Klara Sandvik var
vel den som gjorde mest.
Då kyrkja på Ådland skulle få nytt orgel, var også SH med og gav
pengar til dette.
Først på 80-talet gjekk medlemstalet sterkt ned. Det kan vel vera mange
årsaker til dette.
Tidene og samfunnet hadde endra seg, og mange av dei sakene Husmorlaget hadde kjempa for, var no sjølvsagde. All opplysninga og alle dei
tekniske hjelpemidla hadde på ein måte gjort mange av kampsakene
uaktuelle.
Ein annan faktor kan vera at det vart vanskelegare å engasjera folk i
friviljuge organisasjonar,- kanskje TV må ta noko av skulda?
Husmora sin status har vel også minka. Me har vorte tuta øyrene fulle
om at ho må ”ut og realisera seg”. Husmora sitt arbeid vert ikkje verdsett i samfunnet i dag.
Dessutan var mange av dei som hadde vore med frå starten, eldsjelene,
borte. Det var mange flinke og ivrige kvinner som la ned mykje arbeid
i laget. Me minnest dei med stor takk.
No vert alle referat- og styreprotokollar lagde på Folkebiblioteket på
Tysse. Dersom einkvan er interesserte i å få vita meir om arbeidet til
laget, kan dei gå der og lesa meir.
Olderbakken, den 7. nov. 05
Biletet på dei neste to sidene viser folketoget på Tysse
i samband med folkerøystinga 13. august 1905.
31
32
33
I år var det Ivar Bård Aadland som la ned krans og sa minneord ved
minnesteinen på kyrkjegarden 17.mai. Me har fått lov å trykkja det han
sa her.
Minneord 17. mai 2005
Av Ivar Bård Aadland
Så er me då atter samla på nasjonaldagen her ved minnesteinen på
kyrkjegarden. Og sidan me i år markerer 100-årsjubileet for eit fritt
Noreg ved oppløysinga av unionen med Sverige, kan det vera på sin å
plass å ta eit lite attersyn til ein augustdag i 1905 her i Samnanger. 13.
august skulle det vera folkerøysting om oppløysinga av unionen. På
Nytveit sat den gråhåra bygdehøvdingen Bård J. Tvedt – indremisjonsmann, bankmann og tidlegare ordførar – og skreiv ei oppmoding til
folket i fjellagardane. Han skreiv:
I anledning af afstemningen nu paa søndag er mand blevet enige om ,
at de stemmeberettige her i kredsen samler seg i veien ved Nytvedt
senest kl. 11 form og derpaa gaar i prossession nedover til Hage hvor
mand møder sammen med dem der kommer fra Nordbygden o. fl. steder og saa gaar sammen udover til bedehuset, hvor Haldorsen holder et
kort foredrag for anledningen. Derpaa fortsættes til afstemningslokalet
hos N. Røsseland, hvor vi alle afgiver vor stemme med et ”Ja”. Efterat
afstemningen er sluttet samles vi i bedehuset hvor Haldorsen m. fl.
holder foredrag. Saavel i prossessionen som i festen kan ikke bare
stemmeberettige men alle som vil, mænd og kvinder deltage. Lad det
bare bli rigtig mange, et særsyn paa denne store høitidsdag.
Og han fekk det som han ville. Det vart prosesjon med musikk, trommer og bunader, flagg og fest. Og i Samnanger var det ikkje ei einaste
nei-røyst. At Noreg skulle vera eit fritt og sjølvstendig rike utan noka
binding til storebror Sverige, kjendest så sjølvsagt den gongen.
Like sjølvsagt var det ikkje for alle då landet vårt vart hærteke av
framande styrkar i 1940. Men også frå vår bygd melde ungdomar seg
34
til kamp mot okkupasjonsmakta. Og heile den norske handelsflåten
vart sett inn i striden på alliert side. Sjøfolka vart verande på sin post –
trass i at dei visste vel at dei risikerte livet. Kva kvar og ein av dei som
tok opp kampen, tenkte, veit eg lite om. Men mellom dei fanst det nok
også idealistar som meinte at fridomen er meir verd enn deira eige liv.
Eg trur knapt dei rekna seg som heltar. Dei gjorde berre si plikt og det
dei meinte var rett då fedrelandet vart hærteke.
I dag minner desse fire namna på denne bautaen oss om at fridom og
fedreland er meir enn fine ord i festtalar:
”Fall for fedrelandet 1940-45”
Even L. Fagerlid
var sjømann, kystskippar og mest ferdig med styrmannsskulen då krigen kom til Noreg. I februar 1941 drog han til Skottland og melde seg
til teneste i Den norske marinen. Han kom med i trafikken med skøyter
frå det okkuperte Noreg til Shetland og førte flyktningar og ungdom
som ville melda seg til kamp ”ute”. 11. november 1941 var han mannskap på M/B ”Blia” då ho gjekk ut frå Bremnes med kurs for Shetland.
Båten kom ut for sterk storm og vart aldri meir spurd. Truleg omkom
42 personar ved dette forliset – det største i soga om Shetlandsfarten.
Even Fagerlid var ein av dei. Han vart 27 år.
Nils Høysæter
var møbelsnikkar og som vaksen busett med kone og eit barn i Laksevåg. Han kom tidleg med i motstandsarbeidet og var knytt til den såkalla
Stein-organisasjonen i Bergen. Nils var ein av mange frå denne organisasjonen som vart arrestert i oktober 1941. I mai 1942 vart han sendt i
fangenskap i Tyskland. Etter harde fangeår døydde han på tysk sjukehus i februar 1945 vel 30 år gamal.
Tomas Johan Røen
sigla i alliert fart som lettmatros etter krigen braut ut. Han var mannskap på motortankaren ”Buesten” då skipet vart bomba og søkkt i Den
engelske kanalen 9. april 1941. Tomas Johan var ein av dei som om
35
kom, 26 år gamal.
Johan Sandvik
var også sjømann og tok både kystskipparskule og sjømannskule. Han
sigla utanriks då krigen kom til landet, og heldt fram i alliert fart som
båtsmann på D/S ”Diana”. Skipet forsvann på veg til Plymouth i England i september 1940, og Johan omkom då 23 år gamal.
Med takk og vørdnad legg me ned denne kransen til minne om kva
fridomskamp har kosta - og enno kostar mange stader kringom i verda.
36
Minne frå 1930 til 1945
Med helsing til alle kjende frå Kristina Røen Dale
Foreldra mine
Eg vart fødd i 1925 på ein farm i Saskatchewan i Canada. Foreldra
mine var Vilhelm Røen og Kristina Tveit Røen.
Far utvandra frå Samnanger til Amerika i 1905, 18 år gamal. Han
arbeidde fyrst på ein farm hjå syskenbarnet sitt, Nils Tysseland, i NordDakota. Seinare prøvde han seg på forskjellige jobbar.
Då han var 21 år tok han ´homesteadª (fekk seg farm) i Sør-Dakota.
Han selde denne farmen og tok so ´homesteadª i Saskatchewan i Canada.
Hausten 1912 reiste Vilhelm tilbake til Norge og vart der forlova
med Kristina Tveit, men han drog tilbake til Canada att i 1913. Ikkje
før i 1916 vende han tilbake til Norge og gifta seg med Kristina. Dei
vart buande i Samnanger i tre år, og fekk to born – ei jente og ein gut.
I 1919 drog so heile den vesle familien til Canada. Men det var ikkje
lettvint å reisa på den tida, og vesle Harald vart sjuk og døydde.
I Canada fekk mor og far tre born til. Alle var jenter og vart fødde
med to års mellomrom. Mor døydde åtte dagar etter at eg vart fødd.
Ny heim
Då eg var 5–6 månader gamal, drog far heim til Norge med dei fire
jentene sine. Far si syster, Secelia Vaksdal, som også var farmar i Canada, reiste saman med han for å hjelpa han med oss småjentene.
Farmen i Canada hadde far leiga ut, og han vart verande i Norge tre
år.
I 1928 reiste far tilbake til Canada med dei tre eldste jentene. Eg vart
att i Norge.
Dei fyrste to åra var eg i Samnøy. Det gjekk ikkje so bra, og såleis
gjekk det til at eg vart Nordbygda-jente og vaks opp på Olderbakken
hjå onkel Andreas og tante Anna (Røen).
Dei var so snille mot meg. Der fekk eg også tre eldre søsken: Hans,
37
Knut og Anna. Eg har alltid rekna dei som familien min, og når me
(etter at eg flytta til Amerika) har reist til Norge, so har det å reisa til
Olderbakken vore å reisa heim.
Det tok ikkje lang tid før eg kalla tante og onkel for «mammo» og
«papen».
Skulejente
I 1932 begynte eg på skulen. Det var få born i Nordbygda på den tida.
Me var berre fire jenter som begynte det året: Annemor Eikestad, Olga
Lauvskard, Solveig Aadland og eg. Året etter var det ingen som begynte på skulen.
Skulen var todelt. Hugsar eg rett, so var fyrste, andre og tredje klasse
saman og gjekk på skulen tre dagar for veka. Fjerde, femte, sjette og
sjuande klasse hadde fire skuledagar for veka.
Dei fyrste tre åra var det papen, Andreas Røen, som var læraren vår.
Dei siste fire åra på barneskulen var onkelen min, Mons Tveit, læraren
vår.
Eg var glad i å gå på skulen og har mange gode minne frå den tida.
Eg trur at me alle brukte tresko, og om vinteren når det var is eller snø,
var dei gode å skreia på.
Dei som budde i Bjørnåsen og Haugen hadde lang skuleveg, og om
vinteren laut dei ofte gå i djup snø. Eg hugsar dei fekk tørka sokkane
og skoa attmed omnen og hadde varme vedskier under pulten for å
verma føtene på.
Det var ingen leikeapparat på leikeplassen utanfor skulehuset, men
eg kan ikkje hugsa at me hadde problem med å finna på noko å gjera i
friminuttane. Om våren leika me med ball og hoppa paradis. Tikken
leika me ofte, og me jippa. Alt me trong (til det siste) var to steinar og
ein liten og ein litt lengre pinne. Om vinteren hadde me ofte snøballkrig og skreia på skarva attmed skulen.
Sidan me gjekk så få dagar på skulen, hadde me mykje heimearbeid.
Me lærte utanåt Katekisma, Luthers forklaring, bibelsoga og salmer.
Me pugga og ein del i naturkunna, geografi og soga. Og så måtte me
skriva stil. Der fekk me som regel berre ei oppgåve. Rekning og var
heimearbeid
38
Arbeid og leik
Elles var det vanleg at borna begynte å hjelpa til med arbeid. Det var
ikkje ofte me gjekk nokon stad for å leika med andre born, men om
søndagane var me ofte saman.
I Stemhaugen hadde dei mange born, og der var dei vaksne so tålige
og let oss leika so fritt. Det var den einaste plassen der me fekk lov til
å hoppa i høyet.
Om vinteren var det moro å skreia på kjelke eller å gå på ski. Eg
eigde aldri ski sjølv, eg brukte skiene til brørne mine eller Mons Røen
sine hoppski. Me hadde beksaumstøvlar og brukte nikkers. Det var
ikkje i tankane å få noko flott utstyr.
Turane til fjells var svært kjekke. Ofte stoppa me i Haugen og fekk
rømmekolle hjå Olav og Anna Hildersmark. Rømmekolla vart servert i
eit djupt fat laga av tre. Me var gjerne 3–4 stykke med kvar vår skei og
åt frå kvar vår side. Sidan gjekk me over Fitjavatnet og ofte heilt inn på
Boganipo. Det tok lang tid å koma seg oppover, men so gjekk det fort
nedover.
På stølen
Alle gardane hadde kyr og sauer. På Rødne hadde dei sæter i lag. I 13–
14-års-alderen begynte eg å ´gå på stølenª, fyrst i heimemarka og seinare til fjells.
Eg var alltid glad i dyra og syntest det var kjekt å stella med dei.
Fyrste dagen kyrne fekk koma ut etter å ha stått på båsen heile vinteren, so måtte me passe på dei. Dei var nokså viltre og ville slåst.
Me hadde fleire kyr med horn, og dei hadde messingknappar på horna
so dei ikkje skulle skada kvarandre. Dei hadde bruk for å finna ut kven
som var leiar i flokken. Seinare kan eg ikkje hugsa at dei hadde noko
problem.
Dei fyrste vekene gjekk kyrne i heimemarka, og me gjekk morgon
og kveld for å malka dei.
So tok me dei til fjells og me gjekk på sætra. Det var som regel fem
jenter på Røss-sætra. Seselia og Brita Røen byttest om å gå på stølen.
Dei var døtrene til Knut og Anna Røen. Hjå Sivert Røen var det enten
Klara eller Anna som var stølejente. Dei hadde sæter for seg sjølv.
39
Artikkelforfattar Kristina (tv) saman med Seselia K. Røen
Hjå Johannes Røen hadde dei ofte tenestejente om sumaren. Dei åra
eg gjekk på stølen, var det Malmfrid Ådland, dotter til Ingjell Ådland,
som var hjå dei. Også hjå Hans Røen hadde dei tenestejenter etter at
døtrene deira gifte seg og flytta heimanfrå. Eg malka kyrne deira ein
sumar.
Når me skulle på sætra, møttest me som regel på Rødne klokka 16.30
og gjekk i lag oppover. Alle bar me stølebytter på ryggen og eit spann
i handa med sildesalt som kyrne likte å sleikja på.
40
Maten me hadde med oss på stølen var vanlegvis brødskiver med
pålegg. Av og til hadde me egg og flesk med oss og riktig koste oss.
Det hende og at me kokte semulegraut.
I allslags ver
Veret var skiftande. Var det varmt, so brukte me shorts og solblusar.
Regna det, so brukte me oljekæpe og sydvest. Som regel gjekk me med
enten gummisko eller gummistøvlar.
Frå Rødne var det bratt til å begynna med, til me kom opp på Bårdstigen. Derifrå og inn til Fitjavatnet var det lettare å gå. Me rodde 20–
30 minuttar innover til me kom til Røss-sætra. Det var berre eit kort
stykke frå vatnet og opp til Røss-sætra.
Stundom var me heldige med at kyrne var nære ved sætra, men som
oftast var dei langt innpå fjellet. Liene var bratte og det var tungvint å
gå med stølebytte på ryggen, spesielt etter at me hadde malka.
Når det var regn og vind, var det ikkje alltid so lett å finna kyrne. Dei
stod gjerne stille slik at me ikkje kunne høyra bjølleklangen.
Var veret fint, og kyrne var langt innover fjellet, so lokka me på dei,
og ofte kunne me høyra bjølleklangen, og me kunne sitja og venta på
dei.
Når me kom tilbake til sætra, silte me mjølka i eit spann og sette det
i ei oppkome som alltid hadde kaldt vatn. So var det å vaska stølbytter
og mjølkespann.
Med arbeidet unnagjort, kunne me kosa oss med kveldsmat og ein
god prat. Eg kan ikkje hugsa at det nokosinne var problem oss i mellom.
Torever
Med helgene hadde me ofte besøk av folk frå Vaksdal og Boga. Ostringane kalla me dei. Dei låg i telt nede ved Fitjavatnet.
Dette var i dei fyrste krigsåra, og det var ikkje mykje godt å få kjøpt,
men ostringane hadde som regel fått tak i noko godt til å ha med seg til
budeiene.
Det vart ofte lite søvn slike helger, men me kom oss av garde tidleg
for å malka kyrne og var nede i bygda i ni–halvti-tida.
41
Då me kom heim måndagsmorgonen, var det å arbeida med slåtten –
brøya i fint ver og hesja i styggever.
Eg hugsar godt ei helg det var slikt fælt torever. Det var stemne på
Nordvik-sætra og mykje folk som låg i telt rundt vatnet.
Langt innpå fjellet der eg sat og mjølka, slo lynet ned i ei fure eit par
meter frå oss. Kua tok av, og eg fekk ikkje tak i henne den kvelden.
Då me sat og malka regna det så hardt at vatnet stridrann av ryggen
på kua so det vart halvdelen mjølk og halvdelen vatn – det måtte berre
tømast vekk.
Uveret held fram til seint på kveld. Lynet slo også ned i ei fure rett
utafor vindauga i sætre. Det reiv barken frå toppen og ned i jorda. Me
kunne kjenna elektrisiteten like inn i sætra.
Det hende og at det var tett skodde. Då var det endå vanskelegare å
finna kyrne. Me visste ikkje alltid om me var på rett veg. På Fitjavatnet
var det og vanskeleg å vita om me hadde rett kurs. Eg veit me rodde
krokete slik at det tok oss lengre tid. Men me kom oss alltid heim.
Å bera mjølka på ryggen røynde knea både oppover og like mykje
nedover liene. Men det var eit sunt liv og helst sutlaust for oss unge.
Det var ikkje so lett for foreldra våre gjennom desse krigsåra, det var
vanskeleg å få det som trongst av både mat og klede.
I jenteforeining
Eg vil gjerne nemna jenteforeininga som Nanna Tveit begynte og dreiv
i mange år. Me var ikkje store då me fekk begynna i den. Ho lærte oss
å strikka, hekla og brodera.
Det fyrste eg laga var grytelappar. Dei skulle ha vore firkanta, men
vart ikkje akkurat det. Då hekla tante Nanna ein kant rundt dei, og eg
syntest dei vart so fine!
Så hadde me basar, og pengane gjekk til sjømannsmisjonen. Kven
det var som fekk grytelappane, kan eg ikkje hugsa.
Eg har alltid likt handarbeid.
Bryllaup
I mars 1945 vart eg gift med Ingvald Dale frå Ådland i Fusa.
Dette var rett før krigen var slutt, og me laut verta vigde av ein
nazibyfut. Prestane som ikkje var nazistar, hadde ikkje fullmakt til å
42
vigsla folk. Dette var noko me berre måtte finna oss i, sjølv om me
ikkje likte det. Alle som vart gifte på den tida, måtte gjera det slik.
Ingvald og Trygve Lægland gjekk på ´teknikkenª i Bergen og hadde
hybel i lag. Me trong to vitne med oss til byfuten, so Ingvald fekk med
seg Trygve og dama dei leigde hybelen av.
Eg tok ein buss inn til Bergen og møtte dei der hjå byfuten.
Det var eit retteleg uver den dagen, og etter fem år utan nye klede,
vart det ikkje noko bilete av eit vakkert brudepar. No når me ser tilbake
kunne det vore moro å hatt bilete frå den dagen og.
Dette var ein vanleg kvardag, torsdag 22. mars, og etter at me var
vigde gjekk Ingvald tilbake på skulen. Sjølv tok eg fyrste buss heim til
Olderbakken.
Men onsdagen før påske, den 28. mars, hadde me bryllaupsfest på
Olderbakken, og presten, Knut Gjesdal, vigde oss i kyrkja på Ådland.
Eg hadde på meg den kvite konfirmasjonskjolen min og hadde lånt
slør hjå tante Nanna. Ingvald låne smoking hjå bror min, Hans.
Det var ikkje råd å få tak i blomar til brudebukett, for tyskarane let
ikkje nokon driva drivhus. Me fekk nokre kunstige papirblomar, men
dei var ikkje så fine som silkeblomane ein kan få i dag.
Familiane våre hjelpte oss med å få tak i mat, og bakar Røsseland let
oss få kveitemjøl til kaker. Me feira bryllaup i to dagar. Andre dagen
brukte me bunad.
Harry Hope som skulle køyrt oss til kyrkja, og som skulle ha spela
trekkspel for oss i bryllaupsfesten, vart teken av Gestapo. Men Trond
Nordvik kom og spela for oss, og så spela Johannes Aadland fela den
andre dagen.
Onklane mine, Mons og Ingjald Tveit, var kjøkemeistrar. Me hadde
det kjekt, men der var også tårer på grunn av det som hende med Harry
og andre som var i fare på den tida.
Sidan dette var påskehelga reiste me til fjells og var på ´Gamlasætreª
i trefire dagar. Alle ungdomane reiste til fjells og gjekk på ski i påskehelga, og det var folk på alle sætrene. Heile påskehelga var det fint ver.
Utvandring
Ingvald begynte i arbeid i Oslo, men det var umogeleg å få leiga hus
der. Sidan me ikkje var frå Oslo, kom me ikkje ein gong på ventelista.
43
Eg budde på Ådland og leiga to rom hjå Dora og Johannes.
I 1949 emigrerte me til USA. Då hadde me to døtre, Kjersti på tre år
og Irene på tre månader.
Eg snakkar enno gamal ´samningadialektª. Eg likte svært godt då
´Vriompeisenª skreiv ´baksioª i Samningen på dialekt..
Me har halde fast på tradisjonar frå den tida me vaks opp i Norge.
Det er til dømes ikkje jul utan lutefisk og lefser. Kransekake og bløtekake er framleis festmat.
Me er medlemar i Sønner av Norge og Nordlandslaget. Der har ein
juletrefest og går rundt juletreet og syng norske julesongar, og der kosar
me oss med god, norsk mat.
Syttandemai feirar me med godt, norsk program, smørbrød, tebrød,
lefser og rømmegraut. Eg lagar rauddravle eit par gonger for året, og
alltid til Ingvald sin fødselsdag – det er det beste han veit.
Eg driv med rosemaling og er medlem i Western Rosemaling Association. Dei har hatt kurs kvart år sidan 1970. Elsa Sjøvaag, Sigmund
Aarseth, Nils Ellingsgaard og mange andre gode rosemalarar kjem frå
Norge og har kurs.
Me har likt oss godt i Amerika, men Norge og alt norsk er kjært for
oss – og for meg spesielt Samnanger.
Helsing frå Samnanger-jenta Kristina Roen Dale
44
Gamle oppskrifter
Av Magda Haugen
Dei fleste av oss brukar nok litt ekstra tid og krefter på å gjera julehøgtida koseleg, og då høyrer det med litt julebakst. I våre dagar treng
me vel ikkje kava så veldig mykje, for det meste kan me få på boksar
på butikken. Men det er nok slik for mange at det me lagar sjølv smakar
best. Me har snakka litt med ei dame som verkeleg kan kunsten å baka,
og fått ho til å røpa nokre oppskrifter for oss. Så kan du sjølv prøva
deg!
Bergit Tømmerbakk er fødd i 1922 og i oppveksten var far hennar Bernhard Røsseland (f. 1890- d. 1972) bakar på Ådland. Han leigde bakeri
på Ådland frå 1917 til 1956. Han baka både brød, bollar og tebrød. Til
jula høyrde det sjøvsagt også med å laga ”julamanna”. Det er sikkert
mange i Samnanger som hugsar desse kakene som så avgjort høyrde
med om jula skulle verta vellukka. Her er oppskrifta som Bernhard
hadde med seg frå si tid som bakar i Bergen:
Julamanna
2,5 kg kveitemjøl
0,5 kg rug
1,5 kg sukker
1 liter vatn
1 kopp olja eller 300 gr. smør
90 gr. hjortesalt
Deigen bør stå nokre timar i kjøleskapet slik at den vert god å kjevla ut.
Steikjetemperatur 200gr. C i ca 5 min. Kakene skal vera mjuke. Mal
dei gjerne med konditorfarge når dei er kalde. Noko som kan vera ein
kjekk aktivitet både for born og vaksne i lag. Denne oppskrifta vert det
enormt mange kaker av, så det er sikkert lurt å halvera oppskrifta.
Bergit fortel også om korleis far hennar laga hjortebakkels, eller
smultringar som mange seier no til dags. Oppskrifta er slik:
45
Bernhard Røsseland utanfor bakeriet
på Ådland.
Hjortebakkels (smultringar)
1 kg mjøl
250 gr. mjukt smør
500 gr. sukker
6-7 egg
15 gr. hjortesalt
15 gr. kardemomme
Bernhard bakar blanda alt det tørre på bakebordet først. Deretter til
46
sette han egg og smør og knadde det heile saman. Når deigen er ferdig
knadd, skal den stå kaldt over natta for så å verta forma til ringar og
steikt i smultgryta.
Kanskje nokon lurer på korleis Bergit lagar dei gode klapsekakene som
har vore til salgs på julemessene i Nordbygda grendahus gjennom mange
år. Når me spør henne etter oppskrifta, får me til svar at noko slikt har
ho ikkje. Det vert å laga deig på rus. Me får i alle fall ut av henne at
følgjande ingrediensar må til dersom ein skal laga klapsekaker:
Klapsekaker
Kveitemjøl
Surmjølk
Grov kveite
Smør / margarin
Sirup
Sukker
Natron / hjortesalt.
Bergit fortel også at før i gamle dagar var klapsekaker fattigmannskost, og det var ikkje vanleg å ha noko anna enn mjøl, mjølk og hevingsmiddel i deigen. Det vart rekna som luksus å ha sirup, smør og sukker
i desse kakene.
Deigen skal vera laus og litt klissete å arbeida med. Kakene kan steikjast
på bakstehelle og nytast (helst varme) med godt smør, sukker, sirup
eller brunost. God appetitt!
47
Ous Prestegjeld
OS, SAMNANGER, FUSA,
STRANDVIK OG HÅLANDSDALEN
HERADER
1837 – 1937
Dette er tittelen på ei bok utgjeve i 1937 med Nils Tveit frå Os som
skriftstyrar. Boka inneheld mange historiske skildringar som alle truleg
er baserte på opplysningar frå skrivne protokollar eller sjølvopplevde
hendingar. I tillegg til Nils Tveit frå Os finn me fleire forfattarar, mellom
dei Nils Lauvskard. Den same mannen som er forfattar av bygdesogene
våre Samnanger I og II. I dei utdraga som me presenterer her i Årboka
er det meste ført i pennen av Nils Lauvskard. Noko av stoffet er det
nok Nils Tveit som har skrive. ( I nokre av kapitla er ikkje forfattar
nemnd).
Me har i denne boka valt å presentera dei kapitla som i hovudsak
omhandlar Samnanger. Språket er noko normalisert.
Dei første artiklane stod i årboka i fjor. Her kjem dei to siste.
Magda Haugen
48
Samnanger herad 1907-1937
Ved Nils Lauvskard
”Bergen kommune kjøpte fleire fossar og ymse vassrettar i Storelvvassdraget i Samnanger i 1909. Dette fossekjøpet sette folket her i bygda
store voner til. Her ville verta godt om arbeid og pengar, bygda ville
snart skina med elektrisk lys, den billege elektriske straumen ville verta
nytta i arbeidslivet rundt om i heimane og kommunemennene rekna
med gode skatteobjekt.
Anleggsarbeidet med vassregulering og kraftstasjon skulle ta til i 1910;
men først laut konsesjonsvilkåra vedtakast. Heradstyret sette då opp
slike vilkår:
1.
Bergens kraftanlegg skal bera alle dei fattigutlegg, som kan koma
på grunn av anleggsarbeidet.
2.
Kraftanlegget skal halda nødvendig politi i anleggstida.
3.
Heradet held unna rett til å bruka inntil 5 % av den elektriske
straum som kraftanlegget kan gje til produksjonspris på kraftstasjonen
på Frøland.
4.
Om så vert, at kraftanlegget vert pålagd å svara ei årleg avgift
for kvar hestekraft, må Samnanger herad få sin del av denne avgifta.
5.
Heradet held unna rett til fritt bruk av alle vegar som anlegget
kjem til å byggja.
6.
Kraftleidningane må ikkje koma nærare kyrkjegarden enn 10
meter.
7.
Heradet held unna førerett for sine eigne folk til å få arbeid på
anlegget.
8.
Om så vert, om køyringsarbeidet til kraftanlegget vert utført av
andre enn heradet sine folk, skal kraftanlegget godtgjera for alt slit og
all skade på vegane i heradet.
Anleggsarbeidet tok til i 1910, og første byggjebolken var ferdig og
elektrisitetsverket sett i drift i 1912. No var den kraftprosenten å få
som heradet hadde hadde rett å krevja, og no var spørsmålet: Korleis
49
skulle heradet nytta denne krafta? Mange kom til det, at det burde
byggjast kommunalt lysverk. Saka kom føre i heradsstyret i 1913, og
det vart vald ei førebuingsnemnd. Nemnda ba om sakkyndig hjelp til
planlegging av det tekniske arbeidet, og heradstyret oppmoda ingeniør
Hertzberg om å laga ein byggjeplan. I 1914 kom lysverknemnda med
ferdig plan for bygging av leidningsnett til ymse grender i bygda; men
så braut verdskrigen ut, og det vart stogg i arbeidet. Fram på vårparten
året etter gjorde formannskapet framlegg om at lysverket skulle
byggjast, og heradstyret vedtok dette med 9 mot 2 røyster. Dette vedtaket vart dessverre ikkje sett i verk, og den laglegaste tida vart ikkje
nytta. Men så kom oljekrisa i 1917, og no vart kravet om lysverk så
sterkt, at det ikkje var til å halda nede. Det kom først søknad frå huseigarane på Tysse om å få elektrisk kraft, og no kom det liv i lysverksnemnda att. Sommaren 1917 vedtok heradstyret å byggja kraftline frå
Totland til Tysse. Dette arbeidet var ferdig til jul same året og Tysse
stråla i elektrisk lys med helga. Rundt i bygda elles sat dei halvt i
mørket og tigla (?) og spara på dei knappe oljerasjonane sine. Det var
då ikkje meining skapt i slikt, tykte dei, og så kom krava om elektrisk
lys frå grend etter grend. Sommaren 1918 vedtok heradstyret å ta opp
eit lån på kr. 150.000 til bygging av linjenett. Vedtaket vart godkjent av
departementet og no vart det skunda på med byggjearbeidet. Den eine
kraftlina vart bygd etter den andre, så i 1920 hadde desse grendene fått
elektrisk kraft og lys: Tveitakrinsen, Gjerdsbygda, Nordbygda, Frøylandsdalen og Gaupholmsstranda. Men no vart det verande med dette,
for arbeidet vart skræmeleg dyrt. Alt materiell vart dyrare, og daglønene
var store, så anleggskapitalen no var komen opp i kr. 273.000,-. Alt
saman var lån i Samnanger Sparebank mot heradstrygd.
Det synte seg snart, at dei lyse vonene om den billege elektriske krafta
helst var eit vonbrot. Anleggskapitalen vart så altfor stor, og straumprisen
vart annaleis enn ein først tenkte seg. Då heradstyret i 1910 tok inn i
konsesjonsvilkåra, at Samnanger skulle ha krafta til produksjonspris,
tykte dei det var eit godt kjøp, - men no veit me, at dette vilkåret vert
nytta på ein smart forretningsvoren måte av Bergen kraftanlegg, så straumen alltid vil verta toppris.
Det var nett i verste jobbeåra at lysverket i Samnanger var bygt. På dei
tider var mange folk heilt oppifrå jorda, og drøymde om ein gullalder
50
utan ende. Noko av dette bjartsynet fekk makta i Samnanger formannskap og heradstyre. Dei trudde på ein veldig framgang i bruk av elektrisk kraft i bygda, og ottast at den krafta som heradet, etter konsesjonsvilkåra, skulle ha hjå Bergen Kraftanlegg, ville verta for lite, og at
heradet difor laut vera om seg etter meir elektrisk kraft. Då vart Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) skipa, og no laut Samnanger gripa det høvet som baud seg og vera med der, meinte dei bjartsynte.
Saka kom føre i Samnanger heradstyre i 1918, og det vart gjort
samrøystes vedtak om, at Samnanger skal vera med å ta eit prøveskjønn til oreigning av Bergsdalsvassdraget. I samband med dette vedtok heradstyret sommaren 1919 at heradet skal vera med å bera utlegga
med å planleggja overføring og fordeling av kraft til
Midthordlandsbygdene frå BKK. Etter nyttår låg atter denne saka føre
i heradstyret, som gjorde slikt vedtak: Samnanger herad skal vera med
i BKK etter dei framlagde utkast til semja mellom Bergen og herada på
Bergenshalvøya om å skaffa elektrisk kraft. Halvparten av medlemmene såg ikkje lenger så lyst på dette og røysta mot vedtaket. Saka laut
difor takast opp att til ny avrøysting i eit møte frampå vårparten. Då
var både Fylkesmannen og ingeniør Lægreid med på møtet. Dei skulle
truleg hjelpa til med å berga vedtaket igjennom, og det hjelpte; det vart
vedteke andre gongen mot 2 røyster at Samnanger herad skulle vera
med i BKK.
Gleda over sigeren vart ikkje langvarig. Styret i BKK kom med julegåve
til heradet same året, og gåvebrevet låg føre i herdstyremøte sjølve
nyttårsafta 1920. Det var eit kravbrev på Samnanger herad, og det lydde
på kr. 186.000,-. Desse pengane skulle vera heradet sin del av grunnfondet til BKK. Heradstyret nekta å godta dette store kravet; men styret i BKK heldt fast på sitt, og i 1923 var kravet auka til 197.160,-.
Heradet nekta å yta desse pengane, fordi heradet ikkje makta eit så
stort utlegg, og vedtok å søkja om å sleppa ut or BKK. I 1924 kom det
krav frå BKK på kr. 3.410,- som var Samnanger sin part av utlegga til
prøveoreigning, og desse pengane laut heradet ut med. Styret i BKK
gjekk til slutt med på å sleppa Samnanger ut or klemma; men krov kor
som er kr. 9.686,- som heradet skulle svara. Dette kravet vart avvist, og
til dessar har heradet sloppe lett i frå jobbevedtaka frå 1918-20.”
51
—————————————
”Bilane ja, dei har ikkje alltid vore så velsedde her. Dei første av dei
synte seg på vegane her i 1909, og folk hadde reint ei utru på desse
kjøregreiene. Dette synet kom til orde i ein søknad frå busitjarane langs
hovudvegen Trengereid-Eikedal om at all bilferdsla må verta forbode
på denne vegen. Søknaden låg føre i heradstyremøte 6.september 1909,
der det vart gjort slikt vedtak: Herdstyret vil på det sterkaste telja til at
søknaden vert stetta. Saka om bilferdsla kom att frå departementet med
spørsmål om kva grunnar herdstyret hadde for for vedtaket sitt av 6.september. I heradstyremøte 25.oktober vart vedtaket grunngjeve med at
vegen er så smal og har så snøgge svingar, at heradstyret meiner, at
bilane ikkje kan ferdast der utan stor fare, - og dessutan vil dei vitskræma
hestane. Heradstyret strita lenge mot køyreløyve for bilane, men laut
gje etter, for det synte seg, at den nye ferdslemåten var både trygg, god
og billeg.”
——————————————
” Det vart tredelt skule i Nordbygda og då vart skulehuset på Reistad
for lite, og det vart bygt til eit nytt klasserom i 1927. Likeins kunne
skulen på Tveit verta tredelt, men skulehuset var for lite, og det stod på
ein ulageleg stad i krinsen. Det hadde difor lenge vore tale om å flytta
skulehuset til ein høvelegare stad.
Denne saka vekte ein hard strid i heradstyret. Arbeiderpartiet sette seg
med nebb og klo i mot at skulehuset skulle flyttast. Dei fekk så mange
av bygdefolket med seg på dette, at røystetalet var 8 røyster mot og 7
for flytting. Saka gjekk no att og fram mellom heradstyret, skuledirektøren og kyrkjedepartementet fleire gonger. Etter at departementet til slutt hadde varsla om, at det ville halda att statstilskotet til
lærarlønene i Samnanger, så framt ikkje skulehuset på Tveit no vart
flytta til den vedtekne staden, laut fleirtalet endeleg fira segla og røysta
for at huset vart flytta. Arbeidet med flytting og ombygging tok til om
våren 1929. Huset har to klasserom og sløydkjellar, og kostnaden var
kr. 10.703.
52
Eit lovkrav hevdar, at der skal vera minst ein lærar eller klokkargard i
kvart herad, og då Samnanger vart eige herad i 1907, laut dette lovkravet stettast. I 1908 gjorde skulestyret framlegg om at heradet burde
kjøpa Skottebakken av gardsnr. 17, bruksnr. 11 til klokkargard. Dette
framlegget møtte motbør i heradstyret, som vedtok å søkja om å få
svara søknadsgodtgjersle. Søknad om dette vart avslege av kyrkjedepartementet, som krov gardskjøp. Nett før jul same året vedtok
heradstyret å kjøpa garden for 5.500. Heradet har sidan hatt kostnad
med vøla av stovehusa, og nybygg av uthus.”
———————————————
Som nemnt før var det ein fast skipnad med kommunelækjar på Tysse
før hundreårsskiftet. Over nyttår 1907 kom det oppsigelse på
lækjarposten frå dr. A. Nilsen, som no hadde vore på Tysse i 3 år. Posten vart lyst ledig, og om våren vart dr. S. Gjestland frå Voss tilsett som
lækjar her. Han var misnøgd med bustaden sin, og sa opp før jul 1908.
Heradstyret bad han vent om å ta oppsigelsen attende, så skulle dei sjå
til å få eit betre husvære til han. Då baud landhandlar N.S. Røsseland
seg til å byggja eit nytt hus på Indre-Tysse og innreida dette til doktorbustad mot at heradet gav han byggjelån på kr. 6.000 mot pant i gardsbruket hans på Indre-Tysse. Dette vedtok heradstyret og spørsmålet
om doktorbustad var førebels løyst. Dr. Gjestland sa opp posten om
hausten 1911, og same året før jul vart dr. Johan Ås tilsett som lækjar
her. Han flytte att i 1914, og etter han kom dr. Eilertsen, som var her til
sommaren 1916. Posten vart lyst ledig, men det melde seg ikkje søkjarar.
Ordføraren skreiv då til medisinaldirektøren og spurde korleis dette
kunne ha seg. Svaret lydde, at ingen hadde gjort noko for at ikkje posten vart søkt; men det hadde vore klaga på at lækjarbustaden på Tysse
var lite tenleg. For å skaffa eit betre husvære til doktoren, kjøpte
heradstyret eit mest nytt hus hjå Johan R. Lindgren på Ytre-Tysse for
kr. 15.000,-. Kommunelækjarposten vart no lyst ledig gong på gong og
år etter år, og kvar gong vart også dokterløna pålagd; men søkjarar
kom ikkje.
Då det leid fram på sommaren 1918 søkte heradstyret ved ordføraren
53
om at distriktslækjaren måtte halda ein kontordag for veka på Tysse.
Dette ynskjet vart stetta, og annan lækjar var ikkje å få. Etter at
heradstyret hadde sett opp doktorløna til kr. 3.000,- årleg og fritt hus,
vart endeleg dr. Fretheim tilsett som kommunelækjar i 1921, og var
her til våren 1924. No vart posten lyst ledig att med kr. 4.000,- i årsløn
og dr. Kari Øpstad vart doktor på Tysse. Av alle kommunelækjarane
her har dr. Øpstad hatt posten den lengste tida nemleg 7 år, då ho sa opp
hausten 1931. Etter skriftleg oppmoding frå både heradstyret og bygdefolket om å ta oppseiinga attende, vart dette gjort. Men i mellomtida
hadde doktoren bydd seg til med lækjarpraksis i Sarpsborg og laut fara
dertil, og ho bad difor om å få permisjon eit år mot å syta for vikar.
Dette gjekk heradstyret med på; men før året var ute, kom det ny oppseiing. Posten vart lyst ledig att og dr. Edvard Mørk vart tilsett som
doktor på Tysse i desember 1932. Bygda har vore heppi
(?) og fått dugande lækjarar, som dessutan har vore gilde og greie menneske.”
———————————
”Livet gjekk no sin vante gang i bygda vår, det var nok inga jobbetid lenger; men her var arbeid og rørsla, og heradet stod seg etter
måten godt. Men så var ulukka ute, - natta til den 6.mars 1931 gol den
raude hane over bygda, - det var Samanger ullvarefabrikk som gjekk
opp i logar. Dette var den største ulukka som har råka bygda. Med ein
gong var halvtanna hundre (150) arbeidarar utan arbeid. Kva skulle dei
ta seg til med no? Dei håpa så smått på at fabrikken ville verta bygd
oppatt, men etter at ordføraren skriftleg hadde spurt fabrikkstyret om
dette, kom det slikt svar: ”Som forholdene ligger an, må man være
forberedt på at gjenoppbygning ikke vil finde sted.”
———————
”Kommunane rundt ikring stengde meir og meir av for framand
arbeidskraft, utanbygds arbeidarar vart oppsagde og heimjagde, og i
heimbygda var ikkje arbeid å få. For mange var det slik, at dei tykte
nauda stakk sitt steinharde kalde åsyn fram kvar dei snudde seg.”
54
—————————————
”Folket er seigt, og freistar å greia seg så godt og så lenge dei på
sett og vis berre kan. Difor er ikkje heradet si stoda heller så heilt vonlaus, endå ho er mykje vanskeleg”
Skreiv altså Nils Lauvskard i 1937, og korleis det sidan har vore
er det nok mange som veit mykje om. Men Lauvskard si soge sluttar
altså med desse orda.
Nils Lauvskard
55
Ordførarar 1837-1937
I dette kapittelet er alle ordførarane i perioden omtala. Me tek med dei
som er frå Samnanger.
———————————————
”Lars Hansson Nordvik, ordførar i Os 1868-71 og 1876-79, var
fødd på Nordvik i Samnanger 1835. Foreldre bonde Hans Knutson
Nordvik og kona Barbra Knutsdtr. Tysse. Vart i 1855 lærar i
omgangsskulen, gjekk så første kurset ved Stord seminar og fekk 1860
lærar- og klokkarposten i Samnanger, der han seinare vart buande på
farsgarden i Nordvik. I 1881 fekk han klokkarpost i Selja, Nordfjord,
og flytta dertil. Gift med Marta Pedersdtr. Jarland frå Samnanger. Nordvik hadde lett for å greia med sakene. I fylkestinget var han heile tida,
med unnatak av første året, med i skulenemnda. Han døydde i Selja
ikring 1895.
Baard Johannesson Tvedt var ordførar i Os 1872-75 og 188081. Fødd 1830 på Tveit i Samnanger av foreldra bonde Johannes
Baardson Tveit og kona Sigrid Knutsdtr. Tysse. I sine unge år var han
lærar i Samnanger, men overtok sidan farsgarden på Tveit. Han selde
garden i 1882 og tok opp eit nytt bruk som han rydja og bygde, og der
han vart buande til ikr. 1912 då han flytta til Bergen. Gift 1858 med
Marta Nils dtr. Tysseland frå Samnanger. Baard Tvedt var ein mann
med mykje kunnskaper og gode talegåver, og reiste jamt som talar for
indremisjonen. I fylkestinget var han alle åra i skulenemnda. I Samnanger hadde han mange tillitsyrke og stod i mange år som styresmann
i Samnanger Sparebank. Han døydde i Bergen i 1917.”
—————————————————
”Nils S. Røsseland var ordførar i det gamle Os herad 1884-85,
og i det nye Samnanger herad etter skilnaden frå Os 1907-16. Fødd på
Røsseland i Kvam 1853 av foreldra bonde Svein Larsson Røsseland og
kona Herborg Arnes dtr. Røsseland. I 1862 kom han saman med foreldra til Tysse i Samnanger og fekk seinare faren sin landhandel der,
likeeins som han også vart landhandlar på Tysse. Gift I 1876 med
Magdela Torgils dtr. Jarland frå Samnanger, gift II med Berta
56
Guttormsdtr Fjærestad frå Sogn. I Samnanger fekk han mange
ombud og vart kasserar i Samnanger sparebank, det han enno er. I fylkestinget sat han dei første to åra i budsjettnemnda, seinare i helsenemnda. Røsseland var med på hundreårsfesten den 2.dre oktober i
år.(1937)”
Nils S. Røsseland
57
Knut Tvedt
—————————————————”Knut Tvedt var ordførar i det nye Samnanger herad 1917-28. Fødd
1867 på Tveit i Samanger av foreldra bonde Engjel Knutson Tveit og
kona Kristi Torbjørns dtr. Jarland. Gjekk Stord lærarskule, var 4 år
lærar i Lindås og kom i 1892 att som lærar til Samnanger, der han i
1897 også vart klokkar og overtok farsgarden. Gift i 1891 med Ragnhild Mons dtr. Kleppe frå Samnanger. Han har hatt ei rekkje tillitsyrke
i bygda og utanfor. I fylkestinget var han heile tida med i helsenemnda
og var varaformann i nemnda.
58
Johannes Gaupholm
Johannes Gaupholm, ordførar i Samnanger 1929-37, er fødd på
Gaupholm i Samnanger 1875. Foreldra var bonde Johannes Johannesson Gaupholm og kona Marta Nils dtr. Børdal. Gaupholm gjekk folkehøgskule og overtok seinare farsgarden. Gift med Pernilla Johannes
dtr. Jarland. Han har hatt dei fleste tillitsyrke i bygda, har vore
varaordførarar heilt sidan 1916, og møtte for Knut Tvedt som var sjuk,
på fylkestinget 1927 og 1928. I fylkestinget sat han dei første åra i
helsenemnda, men frå 1932 har han vore med i jordbruksnemnda. Han
har også vore med i valnemnda.”
59
Tillegg om sørafisket
Somme vil kanskje hugsa artikkelen om sørafisket som stod i årsboka
i fjor. Der var siste del av artikkelen diverre falle ut, nokre
ordforklaringar og Sigmund Myrvang sine kommentarar. Me tek dei
med her:
Koffinaglar – 30-40 cm lange trepinnar som var tynnare i eine enden.
Koffinaglane vart slægne gjennom hol på ripa, slik at den tynne enden
av pinnen stakk nedom ripa, og den tjukke stakk oppom. Når ein så
skulle låsa lastebom eller seglbom vart tauet slæge rundt koffinaglen –
vekselsvis oppom og nedom.
Notøyra – enden av nota
Bøy på meg! – sving!
Ferstadvågen – nede ved Tysnes
sunda – dei omtalte sunda er ved Huglo, søraust om Tysnes
Suggavågen – ved Bømlo
Sigmund Myrvang er ein av få nolevande samningar som har vore på
Sørafiske. Det var sist på 1920-talet Sigmund var med Ådland notlag
sørover. Han nikkar gjennkjennande til det meste som står i skildringa
over, men ristar på hovudet av skildringa av sjølve hovudkastet. Sigmund fortel at dei gjerne var 8-10 notalag som gjekk saman om å kasta.
Dei skøytte rett og slett nøtene saman når dei kasta. På førehand var
rekkefølgje og andre detaljar bestemt. Dermed var det slett ikkje snakk
om eit slikt kaos som ein får inntrykk av at det var i artikkelforfattaren
si tid.
Sigmund Myrvang fortel at det i hans tid var i alle fall fem notalag i
Samnanger. I tillegg til Ådland notalag, som han sjølv reiste med, var
det Nygårdane sitt lag, Vetle-Sveid´n i Inste-Barmen sitt, Jan´n på Steinsland sitt og Johan Litangen sitt. Ådland notalag, med Kristi-Tomas´n
som bas, skilde seg ut med at dei hadde svært store båtar og store nøter.
Når notalaga frå ulike stader gjekk saman for å kasta var Ådland notalag alltid på midten, nærast silda, sidan dei hadde største og djupaste nota.
60
Årsmelding for
Samnanger historielag 2005
Styret
På årsmøtet 24. februar vart Helge Hisdal vald til ny leiar etter Anna
Holmefjord som sa frå seg attval. Både Helge Hisdal, Marita Haugen
og Ivar Bård Aadland vart attvalde for 2 år som styremedlemer. Varamedlem Tor Wold vart attvald for 1 år, og Karin Waage Knutsen kom
inn som ny varamedlem.
Styret var i 2005 samansett slik:
Helge Hisdal, leiar
Kirsten Dalane Kleivane, nestleiar
Marita Haugen, kasserar
Ivar Bård Aadland, skrivar
Anna Holmefjord
Styret har hatt 5 styremøte og handsama 21 saker.
Medlemer og arbeidsgrupper
Talet på medlemer var 66. Arbeidsgruppene laget hadde i 2004, har
halde fram også i 2005 (kontaktperson i parentes):
Kraftutbygginga i Samnanger (Solveig Tveit Nygård)
Skulehistorie (Ada L. Haugen)
Tysse i gamle dagar (Anna Holmefjord)
Gamle kjøretøy (Helge Hisdal)
Gamle frakteskuter på Samnangerfjorden (Erling Våge)
Gamle fotografi (Tor Wold)
Årbok (redaksjonsnemnd: Magda Haugen, Svein O. Aadland,
Nils Gåsdal)
Aktivitetar
Opne møte. 21. april hadde historielaget eit fellesmøte med Samnanger mållag og Samnanger kommune om vegnamn i Samnanger.
61
Sakshandsamar Magda Haugen orienterte om retningslinjer for
vegnamn og om arbeidet i den kommunalt oppnemnde namnenemnda.
Den 5. oktober var det grønlandskveld i kommunehuset. Harald
Røsseland fortalde om jakt og fiske og om kraftverket han arbeidde på.
Tor Wold fortalde om det halve året han var lege på Grønland, om
friluftsliv og grønlandsk historie. Begge illustrerte forteljingane med
mange lysbilete. Det var stort frammøte på begge dei opne møta, og
som vanleg spanderte historielaget kaffi og litt å bita i. Historielaget
skal også ha eit ope møte den 7. desember der Jørgen Christian Meyer
held foredrag om kvifor me skal halda på med historie.
Fellesmøte. Den 27. april hadde styret fellesmøte med kontaktpersonar
i arbeidsgruppene. Einskilde grupper er svært aktive, andre er godt i
gang med arbeidet medan atter andre slit med å halda aktiviteten oppe.
Møtet var nyttig både for styret og kontaktpersonane, og det var semje
om at slike fellesmøte bør det vera årleg – helst i september – og då
gjerne med alle gruppemedlemene til stades.
Årboka 2005. Årboka vart ferdig i november. Som før får medlemene
årboka gratis.
Samarbeid med andre. Utanom fellesmøtet om vegnamn markerte laget seg med ei stor utstilling av historiske bilete ved 100-årsmarkeringa
for unionsoppløysinga og opning av kulturstien på Ytre Tysse den 4.
juni. Utstillinga har seinare ”vandra” til kommunehuset og fleire kommunale institusjonar.
62
Samnanger historielag