Sak nr - Lom fjellstyre

Download Report

Transcript Sak nr - Lom fjellstyre

128
Møtebok
Sak nr.:
48/2014
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
111
Møtedato: 17.12.2014
Årsplan og budsjett for 2015.
Sakspapir:
- Budsjettforslag 2015.
Framlegg til årsplan:
Personell.
Fjellstyret har desse fast tilsette:
- Odd Repp, dagleg leiar/fjelloppsyn i 100% stilling
- Magny Hilde, kontormedarbeidar i 40 % stilling
- Åsmund Galde, sesongoppsyn i minimum 7 mndr.
I oppsynsbudsjettet for 2015, som Statskog SF skal ha innan den 1.11. kvart år, vart det
lagt opp til same bemanninga vi hadde i 2014, dvs. at for kontormedarbeidar vart det
budsjettert med 40 %, i semje med Fjellmuseet, og det vart budsjettert med 1
månadsverk ekstra sesongoppsyn. Den siste stillinga vil vera avhengig av kor stort
tenestesalet til SNO vert det komande året. Dette er ikkje klart før i mars/april, men det
er budsjettert med om lag det same beløpet som for 2014.
Posten over statsbudsjettet som gjeld refusjonsordninga, var redusert i høve til 2014 i
det første forslaget som regjeringa kom med. Med håp om at dette vert endra, slik det
skjedde i fjor, er refusjonen høgda litt.
Fjellstyret - møteverksemd.
Det vert lagt opp til følgjande møteplan:
- måndag 16. februar – kveldsmøte på NFM
- måndag 13. april – ds.
- måndag 15. juni – ds.
- måndag 31. august – ds.
- måndag 2. november – ds.
- fredag 18. desember – dagmøte på NFM
Felles synfaring med Statskog og kommunen vert planlagt til måndag den 8. juni.
Dersom det vert aktuelt med ei synfaring på ettersommaren eller hausten, vil denne bli
prøvd knytt opp til møtet den 31. august.
Møteplanen er i første rekkje eit forslag, og ikkje urokkeleg. Det er uråd å vite kva
saker som kjem inn til kvar tid. Somme er det høyrings- eller uttalefristar på, og somme
krav at det vert teke ei avgjerd rimeleg fort. Det kan derfor verta aktuelt å flytte eller
utsetje enkelte møte. I slike tilfelle prøver vi å varsle om endringane straks vi ser at
dette blir aktuelt.
Representasjon på årsmøtet for Fjellstyrene i Oppland i mars eller april med
representasjon både frå tillitsvalde medlemer og frå administrasjonen.
129
Møtebok
Dei forvaltningssakene som fortløpande kjem inn til behandling av fjellstyret, har
førsteprioritet av sakene. Vi er nå ferdige med å innhente nye opplysningar knytt til
ajourføringa av seterregisteret, men det står ennå att å avklare ein del spørsmål knytt til
statusen på enkelte setrer og dyrkingsparsellar. I dei tilfella det kjem skjøn inn for å
kunne avgjere desse sakene, vil sakene bli lagt fram for fjellstyret.
Oppsynsverksemd-administrasjon.
Saksførebuing av forvaltningssaker som gjeld bruksrettane og grunneigarretten, samt
saker knytt til den daglege drifta av fjellstyreverksemda skal ved sida av
informasjonsarbeid vera dei viktigaste arbeidsoppgåvene for administrasjonen.
Det er starta med fornying av heimesidene til fjellstyret, og arbeidet med å forbetre og
fornye innhaldet på desse sidene vil bli intensivert. Vidare vil det bli arbeida med å få
til ein verksemdsplan for fjellstyret, og delplanar for fagområda fiske og jakt. Når det er
ledig tid for det, blir det halde fram med digitalisering og rydding i arkivet.
I vintermånadene vert oppsynsarbeidet samordna med andre arbeidsoppgaver så langt
dette let seg gjera. Avtala med NVE om snømålingar på Sognefjellet held fram, og i
april/mai kjem i tillegg transport og deltaking på bremålingane på dei tre breane i
Jotunheimen som inngår i programmet til NVE. Transport av ved og gass og nødvendig
utstyr for vedlikehald av fjellstyrehyttene som ikkje ligg til bilveg, må utførast i
tidsrommet mars-mai. Utskifting av vindauge i Storådalshytta vart ikkje utført i fjor, så
dette står att å gjera. Den mest aktuelle tida for det er i april-mai. Hogst og framkjøring
av ved til bilveg for vidare bearbeiding og pakking i sekkar, må gjerast i mars-april.
Det er forventa at avtala med SNO om jervsporing og hilokalisering vert vidareført.
Dette skjer i tidsrommet mars-april.
I berrmarkstida må mykje av tida til sesongoppsyna prioriterast tenestesalet til SNO, og
i juli og august månad vert oppsynsverksemd og informasjon prioritert. Midlar til
skjøtselstiltak i verneområda har minka, og dette får vi heller ikkje oversikt over før i
vårmånadene. Så kor omfattande dette vil verta, er uvisst. Arbeidet med oppføringa av
gapahuken ved Dalsvatnet blir sett i gang så snart det er farbar veg fram dit, slik at
denne kan takast i bruk til sommars. Utedoen til gapahuken vil bli laga av oppsynet i
løpet av våren.
I tillegg til oppsynsarbeidet i haustmånadene kjem fiskeutsetting og ettersyn, vask og
klargjering av hyttene før vinteren.
Arrangement og tiltak som skal gjennomførast:
- "Barske glæder" – fyrste halvdel av mars, i samarbeid med Fjellmuseet, SNO og
reiselivslaget.
- Gjennomføring av fluefiskekurs for ungdom i månadsskiftet april/mai.
- Familiefiskedag – i månadsskiftet juni-juli, eige arr. Aktuelt å flytte dette til
Dalsvatnet og gapahuken vår der.
- WildX – turopplegg til Galdhøpiggen og Dummdalsgrottene med ungdomar frå
Antirasistisk senter, i juli månad.
- Friluftsgruppa ved Lom v.g.s. – transport og utsetting av settefisk på Langvatnet,
i slutten av august.
130
Møtebok
-
Veodalsturen med 7. klassingane i Lom – orientering om fangstanlegg og
Veodalen, utsetting av fisk og prøvefiske, overnatting i lavvo ved Grønbua,
fyrste halvdel av september.
Jakt og fiske.
Fiske.
Utsetting av settefisk skjer etter ein fastsett plan for dette. Prioriterte område utanom
dei årvisse vatna, vil i 2015 vera vatn i nedfallsområdet til Fortun-Grandfasta.
Midtre Rindtjernet vil bli prøvefiska i samband med turen 7. klassingane har til
Veodalen. Elles vert prøvefiske utført noko ettersom oppsynet har ledig tid og får
attendemeldingar frå fiskarane, og behov som vert avdekt, for å undersøkje eit vatn
nærare. Garn og båt for utfisking av Lågtungetjernet og Langtjernet på Memurutunga
er ennå utplassert, og dette arbeidet vil fortsetje. Ettersynet med utplasserte båtar og
redningsutstyr for utleige er ikkje stort, da desse sjeldan vert bortleigde, men det krev
likevel fortløpande tilsyn med at dei er skikkeleg lagra.
Småviltjakt.
Trekking av jaktkort og administrasjonen med dette skjer for ein stor del i april-juni.
Rypetaksering av lirypebestanden i dei tre områda Veodalen, Sålell og Leiråsen to
helger i månadsskiftet august-september. Administrasjon og organisering av
jaktkortsalet i september månad.
Storviltjakt.
Fjelloppsynet er sekretær og representant for fjellstyret i Bøverdalen viltområde og i
Garmo viltområde. Møteverksemd i april og mai for å fastsetje kvotar og drøfte
endringar i bestemmelsane framfor ny sesong.
Leigeavtale med Lia grunneigarlag om arealet i Vårdalen statsallmenning nord for Otta
elv til storviltjakt, vil bli vurdert på nytt etter at den vart utsett eitt år.
Observere og registrere bestandsforholda av storvilt i løpet av vinteren og våren.
Hyttene.
Langvassbua - transport av ved og gass, min. 12 sekker ved. Tjærebreing.
Geitåbua - transport av ved. Tjærebreing av hytta og utedoen.
Storådalshytta - kapping av ved. Utskifting av eine vindauget.
Gjendehytta - kapping av ved.
Memurubua – transport av ved.
Nøgla – innsetting av nytt glas.
Grønbua – transport av ved.
Heranosbua – transport av ved.
131
Møtebok
For alle hyttene gjeld sikkerheitskontroll, ettersyn, supplering av utstyr og nødvendig
vedlikehald som måling, golvlakking og reingjering gjennom heile sesongen.
Investeringar finansiert av oppsparte midlar:
Ingen.
Vedtak:
Årsplan og budsjett for Lom fjellstyre for 2015 vert godkjent.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Rekneskapskontoret - til orientering.