EI GAMMEL VISE OM ØVRE GJERSTAD

Download Report

Transcript EI GAMMEL VISE OM ØVRE GJERSTAD

EI GAMMEL VISE OM ØVRE
GJERSTAD
AV HALVOR OLSEN
KJØRKESTIEN
1
Vil du gå med på den store ferden
så skal vi se oss litt om i verden,
tar du din hjulhest så tar eg vogn
så kjører me kring i Gjerstad sogn.
2
Skal me begynne på øvre sida
så går me ut i frå Fiskkjenlia.
Den ligg aleine opp med eit vann
men Heiland har me på andre land.
3
Far’ me så nedover same dalen
så har me Skorva og Trettungdalen.
Då ser me Ljådal opp i ei li
på vei til Markset går me forbi.
4
Ja Markset ligger litt lenger ute
men Kabrekstea vest on’ ein knute.
På ytre sida der er eit vann
og knuten den heiter Mossekam..
5
Me har nok ikkje fått med oss alle
me må tilbake å se på Valle
I øvre ende av Lundevann
der Solemfossen seg bryter fram.
6
Men Bjørnstad ligger opp på heia
så langt i nord og så ut av leia
den ligg på grensa mot Drangedal
sokn
me kan ’kje koma der med hest og
vogn .
7
Nå har me fått alle heiegardar
nå trur eg me ut i bygda farer
men før til Trydal me kommer hen
så får me Våle og Rakkdalen
8
Dei øvre gardane blir ’ke nøtta
for folk er ut i bygda fløtta
I Ljådal er de nok fløtta au
de ve ha jorda begrodd med skau
9
Og når me kommer på Moereina
då er me kvitt både fjell og steinar
Då har me Lunden og Trydal gard
og slette jorder dei alle har
10
På Trydal der vil me gje oss tider
og se oss om litt til begge sider
Der bu’er Ola ein godlynt kar
Den størst’ og sterkaste bygda har.
11
Ja Myra har me på andre sida
og Vekjen ligge’rett bort i Kvia
og Lunden ligg on’ei fureli
der bygdeveien den går forbi
12
Og når me farer forbi på Lunden
så har me Leirdalen og så Monen
for lenge sida der budd’ ein kar
han heitte Lars og han var litt rar
13
Me gjør ein sving bort om
Eikvassbråten
Der ligg Dure rett bort på flåten
Og Rønningen går me då forbi
til Øygarden onne’ Åsbøli
21
Rett ned i lia der har me Bråten
men Svarvaren ligge’ ned på flaten
og Hagen ligge’ nok like ved
men Dalane ligge’ lenger ned
14
Far’ me så ut onne Åsbølia
så ligge’Sekkmyr på vinstre sida
men Bråten ligge’opp på ein haug
med bratte reiner og lauveskau
22
Ser me så over til ande sida
så vent i sola, der ligge’ Lia
Nå trur eg inkje at her er fleir
men opp på høgda er Sletteberg
15
Her må me snu og gå Åsbølia
då ve me sett’ oss og se på tia
Då ve me sett’ oss og tenke på
hå’ mykje vidare me skal gå
23
Om Morka ligge’ rett opp på heia,
og Raundalen i same leia
men Grøtåna ligge’ med eit vann
der brent’ de kjære for by og land
16
På Åsbø og Haugen er vide jorder
med mange huser og gardar store
med mykje krettur og dyktig skau
og store vidder det har de au
24
Far’ me så vestover i frå Haugen
så finn me plassar langt bort i skauen
som Vik og Vefall og Tørbjynnsli
der budde folk i den eldre tid
17
Ja Haugen ligge ’ vestonne’ knatten
Der står et skul’hus på Løitesbakken
men øvre Løite ligg on’ ein nut
eg trur dei kaller han Løtesknut
18
Til Haugen hører nok fleire gardar
når me mot sør onne’ heia farer
I venstre enden opp on’ei li
der har de bygd i den siste tid
19
Og når me koimmer i vestre garden
Rett opp på høgda der ligge’ Varden
og Vestølkleiva i same grend
men Mykland ligge’ bortmed ei kjenn
20
Ja når me kommer til Myklandskjenna
då ligge’ Haukdalen ned i renna
Til Åmlivollen me må tilbars’
der budde en skreddar som hette Lars
25
Nå er me kommen litt uta leia
me må tilbars over Vestølheia
der finn me Vestøl ,ein gard så stor
med åtte bønder og skau og jord
26
Til Vestøl skal der nok plassar vere
som Lia , Stormyr og Stormyrkjeret
og Finli ligge’ bort i ei ro
der budde Per med sin kone Gro
27
På Vestøl må me nok farvel tage
og i mot øst over skauen fare
då er det Mesel me går forbi
der var eg kjent i mi ungdomstid
28
Der ligge’ Tim’råsen nedpå haugen
men Kleivane ligge inni skauen
Det ligg aline bort i ei li
på vei til Landsverk går me forbi
35
Og Haukås ligger litt ut av leia
skal me ut der må me bruke beina
det ligg aleine opp i ei hei.
dit er så skrøpelig kjørevei
29
Og når me kommer så ut av skauen
då er det Landsverk me har i baugen
der budde eingong så gild ein mann
og Gunstein Eriksen heitte han
36
Men Bråtane ligge’ borti jordet,
der er to gardar,men inkje store
I Ormkleiv er der bønder to
der bu’er Ola som sy’er sko
30
Ja nord på Landsverk er flinke gutar
dei dyrker jorda og spar op dukar
Opp på ein hause av stein og grus
der har dei tomta til nye hus
37
I Ormkleiv må me farvel seie
og takke folka for dei var greie
Då er det Mostad me tenker på
der har me sletta og godt å gå
31
På Landsverk er inga slette vollar
men høge åsar og runde kollar
og midt på høgda der står ei lind
der kan me se oss så vidt omkring
38
På Mostad er der så slette teier
men rundt omkring er der fjell og heiar
og Salvesbu ligg inkje langt ifrå
der budde smedar som smidde ljå
32
Og Melås ser me lidt lenger nede
der budde ein mann som var god til
spele
når han med bogen på fela strauk
det var som kroppen i lufta fauk
39
Ja, her på Mostad er handelskarar
Iblant dei andre me nevner Harald
Der var to bønder som sydde sko
og Fredrik heitte de begge to
33
Ja her på Melås er bratte reiner
og mange treer med lauv og greiner
og midt på høgda stod au ei lind
eg minst ho kanta for nordavind
40
Ja Bekkrus ligge’rett ned med veien
men Kolvedhøgsten ligg opp i skauen,
og Høgebråte litt lenger ut
men Lia ligg oppi Tereknut
34
Ser me så utover imot skauen
der ligge’ Bjellås rett ut på haugen
men Trevoll ligge’ litt lenger ned
og Osmunddalen kan me ’kje se
41
Far’ me så oppover Mostad-dalen
så ligg der plassar i åsehallen
På Brekka er der så slett ei jord
men Bakkane ligge’ lenger nord.
42
Og når me farer opp same leia
så ligge’ Røed rett opp onne’ heia
og Røa ligge’ nok like ved
der Åsbøkleivene kommer ned.
43
Nå har me fore så mange svingar
og set oss rundt over haug og rindar
og over elva her går ei bru
der kan me rett bort til Vevstad snu.
44
På Vevstad må me ’kje lenger tøvre
for veien der er nok vond å kjøre
ja bort om Grundsvoll og Kristisdal
og ned til Snipen me også skal.
45
Og Flaten ligge’ rett bort på rinnen
me kikker innom i same svingen
Då er det Øygarden me har først
men Flåta ligger litt lenger øst.
46
Far’ me så østover imot dalen
så ligger Brendalsmo’n opp i hallen
Imellom Brekka og Brendalsmo’n
der har dei bygd opp ein kraftstasjon.
47
Far’ me så veien utonne’ lia
så ligge’ Stålrød på øvre sia
men Hausen ligger bort på ein homp
så nerme elva som der er tomt.
48
Og Stien ligge’ rett opp på sletta
og Hegnane ligg i same rekka
men Eskl’and ligg onne Smedalsfjell
det har mot elva så fint eit held
49
Og Sandåker på det andre landet
der jordet haller i sør mot vannet
I nedre enden ei sag der står
der skjer dei bord både høst og vår.
50
Og Ausland ser me rett over dekka
men Utigard ligge’ bort på sletta
Dei andre garane opp on’ ei li
på venstre hand når me går forbi.
51
Ja her er veien så god å kjøre
nå trur eg at me vil holde føre
og ta ein sving bort om Gunnustad
her har me sletta, nå går det bra.
52
Og når me kommer litt øst i jordet
då er der gardar,men inkje store
ja det er Flaten som me har først
men Bråtane ligg’ lenger øst.
53
På Gunnustad vil me kvile kroppen
me slår oss ned borti solebakken
Der kan me sitte og se oss om
til Kjennestranda og Kjennbakken
54
Ja Gunnustad ligger onne’ heia
far’me forbi kommer me av leia
og derfor må me tilbake snu
så kjører me over Auslandsbru.
55
Og når me kommer på
Auslandshaugen
då ser me Høstfet der ned i skauen
det ligg i lia nedmed eit vann
men Kleiva har me på andre land
56
Far’ me så over mot Lundelia
så har me Lunde på øvre sida
men Hegna må me ’kje gløyme hell
I østre enden av Lundefjell
57
På Lunde trur eg at me vil tøvre
først på det nedre og så det øvre
Der vil du finne ein velstellt gard
utav dei finaste bygda har.
58
Og Tveitane ligge’ bort på vollen
så nerme veien opp onne’kollen
På Kongsnes bu’er der bønder tri
men bare ein var der før i tid.
59
Far’ me så utover imod vanna
så har me kjørka på vinstre handa
Den ligg i sola opp på ei rein
der har dei reist opp ein bautastein.
60
Rett opp i lia ved Gjerstad kjørke
der vekse’ karar så stor’ og sterke
Og plassen kaller dei Kjørkestien:
der bu’er Harvor ,min søstersønn
61
I Kjørkestien er vondt å vere
for alltng må dei på ryggen bere
Der er så yderleg tungt å gå
så sterke karar der trengast på
62
Me kan se huset rett opp i heia
det ligg i sola i lauvelia
Ein versemakar der engong var
og denne visa han dikta har.
63
Far’ me så nedover i mot Stranna
så ligge’ Solvang på høgre handa
der har dei bygd opp så gilde hus
med undermur av sement og grus.
64
Tar me så båtskyss tvers over vannet
så har me Hallen og Granetangen
Litt lenger oppe der ligger Kveim
med fire bønder, ein fager heim.
65
Far’ me så nordover same leia
så ligge’ Apland nord onne’ heia
og Sagelia opp i ein ås
rett opp for mølla i Prestefoss
66
Her må me snu og gå ned til fossen
så bu’er møllaren der i åsen
med same me over brua far’
så ser me mølla som bygda har
67
Far’ me så veien rett bort til Korsen
den første garden er Klokkarplassen
Det andre huset me går forbi
var før i tida eit meieri.
68
Då ser me Tangen på andre landet
men Stranna ligge’rett ned med vannet
Litt lenger opp i ei lauverein der har dei
bygd opp ein doktorheim.
75
Her før i tia var mykje jorde
då allting hørte til prestebordet
Det siste har den nok minka då
når Egd’rød og Solbakk blei selt ifrå
69
Ja her i grenna er folket trygda
nå doktoren bu’er midt i bygda
og jordmora er’kje langt ifrå
det er så greit når dei venter små.
76
Ja byttet går ned med Gjerstadvannet
og føljer Egdelva langs med landet
På andre sia den bytte har
med Mesel, Melås og Lundegard
70
Nå er me kommen frå Prestefossen
for andre gongen er me ved Korsen
når me skal kjøre ei bygd ikring
då må me gjøre så mang ein sving.
77
Du skjønner nok den er av de store:
du hører vidda på skau og jorde
Ja fire huder var her lagt inn
den tid dei rekna på hud og skinn
71
Nå er det kvelden ser eg på sola
me må til Solvang’ og helse Ola
eg veit at Ingborg er gjestefri
der får me kaffi og nattljosi’.
78
Nå har me vore på Prestegarden
nå vil me kjøre til Eggedalen
Den ligg med vannet bort på ein mon
der har de handel og telefon
72
På Solvang må me nok farvel seie
og takke folka for dei var greie
men før me lenger i bygda far’
vil me til Gjerstad-sogns prestegard
79
Ja Eggedalen ligg onne’ lia
der får dei posten på rette tia
og minnest godt at der budde to
nå er der hus i hver enda ro.
73
Ja Prestegarden er av dei store
det ligg i i eitt både skau og jorde
og heile garden i hop den heng
fra Prestefoss og til Egdekjenn.
80
Og når me farer opp Ulltveitslia
då ser me Egd’rød på andre sia
Det er blandt andre så gild ein gard
og fine huser dei begge har
74
Og bredda har dei nok au fått stella
den går frå vannet til Ronehella
litt lenger vester er den kje’klein
den går på høgda til Ormkleivstein
81
På Ulltveit erder au gilde garar
og alltid bu’er der rike karar
med mange penger og mykje skau
og mastefurer det gror der au
82
Nå har eg tenkt at eg deg vil spøre
om du har lyst til å holde føre,
men skal me slutte for denne gong
så vil me sette inn hest og vogn.
83
Det var det beste du kunne seie
eg trur me begge er trøtte og leie,
nå vil me slutte på denne gård,
så tar me resten til neste år.
Forlagt og utgitt av Gjert Lie –Gjerstad
1950