Utan lovnader Godlyden Nedprioritert Feil premiss

Download Report

Transcript Utan lovnader Godlyden Nedprioritert Feil premiss

Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 3 –juni 2012
Godlyden
– Songar ein får
lyst til å syngje
med på, seier
Marie Klåppbakken om debutplata si. Slike
songar ho sjølv
likar å høyre på.
Side 26
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Foto: Kjartan Helleve
Uprisen for andre gong:
– For meg er denne prisen
veldig viktig fordi det er ein
publikumspris. Det er
målgruppa som avgjer kven som
vinn. Når eg skriv ungdomsbøker, er det viktig for meg at eg
skriv for ungdomane. Så det
var stas å bli nominert og veldig
stas å vinne, seier forfattar
Terje Torkildsen som har fått.
Side 14–15
NORSKFAGET
Nedprioritert
To saker dominerte landsmøtet i Oslo i april: normering og norskfaget. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kom til landsmøtet utan
konkrete lovnader.
Side 10–11
Andreutkastet til ny læreplan
i norsk nedprioriterer sidemålet. Inga undervisning i
Vg3, kompetansemåla skal
endrast, og det blir ikkje lagt
opp til tidleg start.
Side 6–7
Foto: Kjartan Helleve
Utan lovnader
STADNAMN
Feil premiss
Foto: Stock.Xchng
LANDSMØTE
– Ein legg til grunn at det
normale er samanfall mellom
gards- og slektsnamn, men
dette er slett ikkje tilfelle, seier
Ola Stemshaug, mangeårig
namneforskar ved NTNU.
Side 20–21
Snål-kalas n kalas (I, 1a) med dårleg traktering
(Meråker); jfr V snål 1
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Norsk Ordbok 10
Utgjeven av Noregs Mållag
Avisa blir redigert etter
Redaktørplakaten
Tilskrift:
Postboks 474 Sentrum
0105 OSLO
leiarteigen
Redaktør: Kjartan Helleve
[email protected],
23 00 29 32, faks 23 00 29 31
I redaksjonen:
Hege Lothe, Tuva Østvedt
Heimeside: www.nm.no
Abonnement: 250 kroner per år
Utforming: Språksmia AS
[email protected]
«Open»
prosess
To gonger har eg fått nokon frå Utdanningsdirektoratet til å kommentera arbeidet med den nye
læreplanen i norsk. Båe gongene vart prosessen skildra som
open. Det er han ikkje. Det utkastet til ny læreplan som nyleg
vart publisert på heimesidene
til direktoratet, er alt utdatert.
Utkastet var fyrst datert til april
2012, før dei la ut ei ny utgåve
som vart datert mai 2012, for
liksom å gjera det meir aktuelt.
Men læreplangruppa har levert
frå seg utkast nummer tre, og
alle innspel me eventuelt kunne
ha kome med, er ikkje lenger
aktuelle.
Spørsmålet om korleis elevane skal
prøvast i sidemål, er eit heilt
sentralt spørsmål for oss. Men
det er ikkje med i utkastet, slik
det er i den noverande læreplanen. Dette skal vurderast for seg
sjølv, seier direktoratet. I dei andre faga som også skal få ny læreplan, er vurdering i faget teke
med. Men ikkje i norsk. Det
må gjera arbeidet for læreplangruppa vanskeleg. Kvifor det er
naturleg å skilja ut vurdering
frå arbeidet med ny læreplan i
norsk, er uråd å seia.
Direktoratet seier at grunnen til at
det har teke så lang tid å publisera utkastet, er at det måtte
innom departementet på vegen.
Då sidemålssaka eksploderte
i vinter, var det nettopp av di
direktoratet informerte departementet om deira syn på sidemålet sin plass i skulen. Då tok
det dagar før me fekk vita noko.
Denne gongen har det tatt
mange veker, og informasjonen
er i tillegg utdatert. Medan «Forum for norskfaget» la ut referat
frå kva einaste møte dei hadde,
så veit me ingenting om sjølve
arbeidet med læreplanen. Ei
heller kven som sit og kjem med
faglege innspel, andre enn organ
som direktoratet sjølv rår over.
Direktoratet og departementet
brende fingrane sine med å
vera opne i vinter. Det har dei
tydelegvis bestemt seg for ikkje
å gjera igjen.
Kjartan Helleve, redaktør
2
Kva med nynorsk hovudmål?
DET ER MEST KRANGEL om sidemål. Både
norskfagsdebatt og nynorskdebatt vert
raskt dominert av sidemålsdebatt. «Nynorsk sidemål»-debatt, vel å merke. Bokmål som sidemål er ikkje noko problem,
nynorskelevar klarar fint å lære to norske
skriftspråk samstundes. Det er fleirtalet
som set agendaen, og fleirtalet har nynorsk som sidemål .
Kva med dei som har nynorsk som hovudmål? For målsaka er desse elevane dei
viktigaste. Dei er, og vil halde fram med
å vere, den overveldande majoriteten av
nynorskbrukarane, i skulealder og seinare
som vaksne. Men vi står oftast åleine om
å prioritere desse «hovudmålselevane».
Få norskfagsdebattantar, politikarar,
skuleeigarar eller forskarar har gjort ein
særleg innsats for nynorskelevane.
DET ER EIT PARADOKS at så få tek nynorskelevane sine utfordringar på alvor. For nær
alle som argumenterer for valfritt sidemål
nemner sin omsut for nynorskelevane.
Eg har ikkje tal på alle gongene ein motdebattant har nemnt nedgangen i talet
på elevar med nynorsk som hovudmål,
og deretter proklamert at det er viktigare
å snu denne nedgangen enn å halde på
obligatorisk sidemålsopplæring. Desse
sidemålsnegative politikarane gløymer
nynorskelevane med ein gong dei går ut
av debattstudio.
DAGENS KUNNSKAPSMINISTER er eit unntak.
Ho har etablert ei eiga ressursgruppe
for nynorsk som hovudmål. Gruppa
skal drøfte og kome med framlegg til
korleis fleire elevar skal halde fast ved
nynorsk som hovudmål gjennom heile
opplæringa. Denne omtanken for ny-
Håvard B. Øvregård, leiar
norskelevane vart rett nok lansert av
kunnskapsministeren samstundes som
ho opna døra for rasering av sidemålsopplæringa. Seinare har ho til landsmøtet
i Noregs Mållag lova at ho skal styrkje
nynorsk både som hovudmål og sidemål.
Sidemålet sin status er òg avgjerande for
nynorskelevane. Verdsetjing av nynorsk i
skulen, og seinare nytteverdi, er avhengig
av at skriftleg meistring av nynorsk er ein
del av den felles basiskompetansen vi alle
får i skulen, og er forventa å kunne nytte
seinare i livet.
Noregs Mållag har store forventningar
til Kunnskapsdepartementet si ressursgruppe for nynorsk som hovudmål. Sjølv
er eg med i gruppa, og i desse dagar har vi
det andre av totalt fem møte.
KVA FØRER TIL HOVUDMÅLSBYTE? Hovudårsaka er fleirtalspress og manglande
språkleg sjølvtillit. «Et hovedmål for
opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit», står
det i læreplanen i norsk. For ein stor del
av nynorskelevane feilar skulen på dette
punktet. Nynorskelevar lærer nynorsk i
klasserommet, men les og ser mest bokmål i kvardagen. Alle nynorskelevar veit
at det finst to norske skriftspråk, og at
bokmål er fleirtalsspråket. Men dei har i
liten eller ingen grad snakka om dette på
skulen, drøfta kva det betyr å skrive eit
mindretalsspråk, vorte merksam på den
ekstra språkkompetansen dei har når dei
meistrar både nynorsk og bokmål – slik
nynorskelevar oftast gjer. Det hjelper
lite med to skriftspråk, når ein ikkje har
språkleg medvit og sjølvtillit. Då bukkar ein under med ein gong ein møter
bokmålsfleirtalet i klasserommet eller på
arbeidsplassen.
Og det er der målbytet er sterkast.
Når nynorskelevar vert i mindretal. Dette
skjer oftast ved skulebyte, i overgangen til
ungdomsskule eller vidaregåande skule.
Der nynorsk er i fleirtal er det lite målbyte, slik som i Sogn og Fjordane – «det
nynorske grunnfjellet». Eller som i Odda
kommune, der eit nynorsk fleirtal på 61
prosent i 2001 har auka til 67 prosent i
2011.
KVA KAN GJERAST der nynorsk er under
press? Svaret er ganske enkelt: Elevane
må møte meir nynorsk, i og utanfor
skulen. Men vår erfaring, etter vitjing i
skuleklasser og lokale mållag, er at skulen
i desse områda ikkje lèt nynorskelevane
møte nok nynorsk. Nynorskelevar møter
bokmål på tavla og i læremateriell. Nynorskelevar vert ved skulebyte fordelte ut
over fleire klassar, slik at dei vert mange
mindretal i staden for å kunne vere fleirtal
i éin eller nokre klassar. Skulen undergrev
elevane sin språklege sjølvtillit.
For at Kunnskapsdepartementet si ressursgruppe skal få den påverknaden nynorskelevane fortener, treng vi endå meir
informasjon om utfordringane lokalt. Veit
du korleis vilkåra for nynorskelevar er i
din kommune? Del kunnskapen med oss i
Noregs Mållag sentralt.
Nynorskelevane fortener betre.
Norsk TideNd Nr. 3 – 2012
intervjuet
Foto: Morten Brun
Litteraturstipend til Aanestad
Ingrid Z. Aanestad er tildelt Rogaland
fylkeskommunes litteraturstipend 100 000
kroner. Det er det litterære råd i Den norske forfatterforening som er jury, og dei
meiner at Aanestad har «ei fin og særmerkt
prosarøyst som det skal bli interessant å
følgje vidare». Aanestad debuterte i 2006
med romanen I dag er ein fin dag og har
sidan gitt ut to romanar.
folk
– Nynorsk er sjølvsagt
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Søyland heidersmedlem
i Det Norske Samlaget
Foto: Sol Nodeland
Aud Søyland er blitt ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det
Norske Samlaget. Søyland er ein av
dei fremste nynorske omsetjarane i
Noreg i dag, hovudsakleg innanfor
faglitteratur. Sidan 1987 har ho
arbeidd som frilans med språkkurs,
språkvask, korrektur, omsetjing frå
bokmål, svensk, dansk og engelsk
til nynorsk. I tillegg har ho arbeidd
med Nynorsk ordliste sidan midten
av 80-åra. Saman med Kåre Skadberg tok ho over redaktøransvaret
for ordlista i 1999. Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet er
Jon Fosse, Kjartan Fløgstad, Arthur
Arntzen og Guri Vesaas.
Lølands-stipend til Belsvik
Rune Belsvik får Rasmus Lølandsstipend for 2012. Stipendet er på
100 000 kroner.
– Han er ein uredd og kompromisslaus forfattar, meinte
det litterære rådet til NBU (Norsk
barne- og ungdomsbokforfattere)
som innstiller stipendvinnaren, og
det er Rogaland Fylkeskommune
som deler ut.
Rune Belsvik (56) debuterte
i 1979 med ungdomsromanen
Ingen drittunge lenger. Sidan har
han skrive over tjue bøker for
barn og ungdom, nokre bøker for
vaksne og har i tillegg skrive fleire
skodespel. I 2000 fekk han Brageprisen, og Kulturdepartementets
litteraturpris for barnebøkene om
Dustefjerten.
Mindre valfridom: – Det er mykje godt i framlegget til ny nynorsknorm, men valfridomen burde
ha vore mindre. Kva skal ein velja når ein ikkje har nokon grunn for å velja det eine eller det andre,
Foto: Tom A. Kolstad
seier Jon Fosse, Målprisvinnar 2012. ikkje har vondt av fleire symbolske merke i
Oslo.
– På same måten gav t.d. Kjartan Fløgstad pengane han fekk frå Nordisk Råd til
Mållaget. Og det har også Guri Vesaas gjort
med prispengar ho har fått.
– Det var raust og fint gjort både av Kjartan Fløgstad og Guri Vesaas. Eg hugsar enno
kor overraska eg vart då Kjartan Fløgstad gav
prispengane frå seg, kanskje fordi eg på den
tid sjølv var i den største pengenaud!
– Er det rimeleg å krevja av forfattarar at
dei har dette medvitet?
– Slett ikkje. Nynorsken er, og skal vera,
noko sjølvsagt. Ikkje noko som treng loddsal
og basarar og pengeinnsamling for å overleva. Men om ein kan syna takksemda si
med å gje til dømes pengar til Noregs Mållag, ja så synest eg det er noko nesten vakkert
over det.
–Spørsmålet blir jo om dette har med generasjonar å gjera, ei innsikt om at ein representerer noko meir enn seg sjølv, eller helst ein
Jon Fosse
◆ forfattar
◆ fekk Målprisen 2012 frå Noregs Mållag under
landsmøtet i Oslo
vilje til å representera noko meir enn seg sjølv.
– Du er, om du skriv nynorsk, del av noko
større enn deg sjølv, av det nynorske språket,
og dermed går det òg an å seia at du «representerer» det. Men noko skurrar når det blir
sagt. Ein bokmåling «representerer» bokmålet, men å seia det skurrar i mine øyro,
det òg.
– Kva representerer du?
– Ingenting. Rett nok er eg medlem i diverse forfattarorganisasjonar, elles berre i
Noregs Mållag. Og så skriv eg skjønnlitteratur. Og den skriv eg på nynorsk.
Kjartan Helleve
[email protected]
Pris til Lillegraven
Foto: Paul Audestad
– Gratulerer med pris!
– Takkar så mykje!
– Du var hindra frå å kome sjølv?
– Ja, eg var diverre sjuk og ikkje i stand til
sjølv å motta prisen. Og takk også til Cecilie
Seiness som var så grei at ho tok imot prisen
på mine vegner. Vonar det kjendest ut som
om det var som om ho litt fekk prisen sjølv.
Ho har gjort sitt for nynorsken.
– Ho skjemde seg ikkje ut, nei. Frå det ho
las opp, så forstod eg at du sette pris på denne
heideren?
– Eg har fått svært mange prisar, og det
kjennest feil ut å rangera dei, men alle andre
er for skrivinga mi. Dette er ein pris for det
eg har hatt å seia for nynorsken, og i den mon
eg har hatt noko å seia for nynorsken, så er eg
svært glad for det.
– Då eg var ung, var eg mykje godt mest
oppteken av meg sjølv, og av mi eiga skriving.
Sjølvsagt skreiv eg på nynorsk, men litteraturen var det viktige. Etter som eg har vorte
eldre, har nynorsken berre vorte viktigare og
viktigare; eit språk er større enn ein sjølv, eit
slags fellesskap ein er del av. Difor er eg òg for
ei stram nynorsknorm, nynorsken handlar
ikkje om geografisk fellesskap, han handlar
om språkleg fellesskap. Og så skal sjølvsagt
diktarane bryta med denne norma så mykje
dei vil, i mange tilfelle bør dei til og med gjera
det, ei stram norm gjer det faktisk enklare for
ein forfattar å utvikla eit eige språk – slik til
dømes Celine har gjort i Frankrike. Og dei
som vil skriva dialektnært må gjerne gjera
det. Og ei stram norm gjer det enklare for
folk utan ei nynorsknær dialekt å læra seg
nynorsk. For ikkje å snakka om for utlendingar. Ei norm med stor valfridom var tilpassa
ei tid er som forbi.
– Det er mykje godt i framlegget til ny nynorsknorm, men valfridomen burde ha vore
mindre. Kva skal ein velja når ein ikkje har
nokon grunn for å velja det eine eller det andre? Min kanskje ville idé er at ei tilrådd form
bør stå fyrst i ordbøker.
– I byrjinga i mi tid her i avisa så var eg
oppteken av å få yngre forfattarar eg intervjua til å seia noko innsiktsfullt om nynorsk.
Det lukkast eg sjeldan med, det enda som oftast med eit svar om at det var «naturleg å
nytta nynorsk».
– Eg synest dei svarte rett og ærleg. Er nynorsk språket ditt, ja så er nynorsk språket
ditt. Har du, som eg har, hatt nynorsk som
hovudmål, som det heiter, frå fyrste skuledag
på barneskulen og til siste skuledag på gymnaset, og så skal eg ikkje skriva nynorsk som
vaksen? Eg er, for å vera ærleg, meir skeptisk til spørsmålet enn til svaret. Nynorsk
er sjølvsagt. Det burde vera sjølvsagt for ein
nynorsking å skriva nynorsk i Noreg. At det
ikkje er tillate i nokre større norske aviser, er
eit grovt brot på ytringsfridomen. At ein blir
nekta å skriva sitt eige norske mål i Noreg,
må nesten bryta mot menneskerettane.
– Eg veit ikkje om eg var eigentleg var på
jakt etter innsikt, eller om eg berre ville ha dei
til å svara at nynorsk er viktig. Då du fekk tilbodet om å bu i Grotten, snakka du om at det
var viktig for nynorsken.
– Eg er klar over at det ikkje er fordi eg
skriv nynorsk at eg vart tildelt Grotten. Men
eg vil gjerne dela æra med nynorsken. Og
altså knyta Grotten også til nynorsken, som
Foto: Kjartan Helleve
Jon Fosse fekk Målprisen 2012.
Forfattar Ruth Lillegraven har fått
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst
fond, ein pris som annakvart år går
til ein ung forfattar som skriv på
nynorsk. Juryen bak prisen er Ottar
Fyllingsnes, Durita Brattaberg og
Jan Kløvstad. Juryen listar opp fem
gode grunnar til at ho
fortente
prisen, og
den femte
lyder: «Vi vil
inspirere ho
til å skrive
meir!» Prisen
er på 10 000.
3
Bør opprette nynorske parallellklasser
media
Tarjei Vågstøl
Frå
fortida
Eg kjenner meg ung og frisk, men eg
veit at eg eigentleg kjem frå fortida. Det er visse førestellingar
om kva media «er» som sit fast
i ryggmergen min. Til dømes
tenkjer eg alltid på kringkasting
som fyrst og fremst etermedia.
Eller, det er ikkje heilt sant. Eg
har vanskar med å sjå føre meg
kringkasting utan dei rammene
det har fått frå å vera etermedia:
Kanalar, jamne straumar av
program som vert sende til faste
klokkeslett før dei forsvinn heilt
til dei kanskje kjem i reprise.
Eg skal ikkje gje inntrykk av å vera
eldre enn eg faktisk er: Eg har
høyrt om, og brukt, podcastar,
YouTube, torrent-nedlastingar
og strøyming. Men eg har alltid
tenkt på dette som supplement:
for meg har den verkelege kringkastinga på sett og vis alltid vore
det som vert sendt i det faste sendeskjemaet til NRK (eller TV2).
Framtida kjem til å tvinga meg til å
endra denne oppfatninga. Den
nye nett-TV-løysinga til NRK
(tilgjengeleg i prøveutgåve no)
ber bod om kva som kjem til å
koma. Fram til no har nett-TV
hjå NRK vore upraktisk og lite
elegant (og dessutan måtte eg
installera spesiell programvare
på datamaskina mi for å få det
til å verka). Den nye løysinga er
rask og lett å finna fram i, og det
aller meste av det som har vore
sendt er tilgjengeleg lenge etter
sending. Ei side laga spesielt for
moderne fjernsyn med innebygd
nettlesar ser ut til å vera på veg.
NRK har laga eit fint produkt, slik vi
er vane med. Men kva hender
dersom produktet er for godt,
og dette vert den nye måten alle
ser fjernsyn på? Ei utfordring er
sjølvsagt å få sjåarane til å velja
det dei ikkje trudde dei likte: På
Spotify kan du høyra klassikarane frå ungdomsskulen omatt
og omatt, på radio møter du iallfall av og til musikk du ikkje har
høyrt før. Ei anna side av saka er
kva det gjer med nynorskprosenten, som NRK fekk ros for i førre
spalta mi. Om heile kanalstrukturen bryt saman, korleis skal vi
då krevja ein viss del nynorsk av
alle sendingane?
Det er på ingen måte sjølvsagt kva
som er det gode svaret, og kanskje er vi nøydde til å tenkja annleis enn vi har gjort. Det tekniske
filmformatet NRK no tek i bruk
stør fleire spor for både tekst og
lyd. Alt i dag kan vi velja å skru
teksting av og på. Kanskje føresetnadene for å krevja nynorsk
tekst (og dubb, td. av barneprogram) på heile sendeflata endeleg er til stades?
4
–Det er synd at nynorsken tapte,
men eg er godt fornøgd med at
det var eit såpass stort mindretal
som stemte nynorsk ved skulemålsrøystinga i Nord-Aurdal, seier
leiar i Nord-Aurdal Mållag, Bjørn
Karsrud.
Det store mindretalet viser at
nynorsk også må få ein sjølvsagt
plass på nye Nord-Aurdal barneskole. Det må skje i form av ei
fast nynorsk parallellklasse på alle
trinn. Eg har tillit til at politikarane
i Nord-Aurdal kommune vil legge
til rette for det, seier leiar i NordAurdal mållag, Bjørn Karsrud.
Resultatet etter oppteljinga
av røystinga 23. mai viste at 36
prosent stemte for nynorsk og 64
prosent for bokmål.
–Eg trur at eg har det store
fleirtalet i kommunen med meg
i dette. Vi har fått mange tilbakemeldingar frå folk om at det bør
vera undervisning både i bokmål
og nynorsk på den nye skulen på
Fagernes, også frå bokmålsfolk.
Ingen meiner på fulle alvor at nynorsken skal raderast fullstendig
vekk frå kommunen. Men dette
betyr at det må brukast nok ressursar for å sikre at nynorskklas-
Utkastet nedpriorit
Læreplangruppa som Utdanningsdirektoratet
har sete ned, har kome med eit utkast til ny
læreplan. Sidemålet skal nedprioriterast.
Utdanningsdirektorat går no
igjennom læreplanane i engelsk, matematikk, naturfag,
norsk og samfunnsfag. Evalueringsarbeidet skal i fylgje
Utdanningsdirektoratet gjera
det enklare for lærarane «å
legge til rette for god progresjon i utvikling av elevenes
grunnleggende
ferdigheter
gjennom hele opplæringsløpet». Til hausten skal dei
endelege framlegga ut på
høyring, og dei endelege læreplanane skal takast i bruk i
skuleåret 2013–2014.
Alt no har det kome utkast
til nye læreplanar. Læreplangruppa i norsk har teke arbeidet sitt seriøst. Frå alle baugar
og kantar har det kome kritikk
for at læreplanen i norsk har
vore for ambisiøs. Særleg sidemålsopplæringa har fått så
hatten passar, og denne kritikken ser det ut til at læreplangruppa har lytta til.
Ulike kompetansemål
Framlegget går ut på å stilla
andre kompetansekrav i sidemålet enn i hovudmålet. Dette
var også noko Utdanningsdirektoratet ynskte i deira
no velkjende brev frå i vinter.
Dei gjorde framlegg om at ein
skulle skriva «I skriveopplæringen skal elevenes hovudmål prioriteres». Den setninga
er ikkje med i utkastet, men
fleire stader i utkastet skil ein
likevel.
Etter tiande trinn skal ein
«mestre formverk, ortografi,
setningsbygning og tekstbinding på hovudmålet», medan ein i sidemålet berre skal
«mestre sentrale regler i formverket og uttrykke seg med
et funksjonelt ordforråd i et
bredt utval sjangere». Utkastet tek til orde for å setja bok
og nynorsk på dagsorden alt
på barnetrinnet, men kravet
til skriftleg kompetanse kjem
som i den noverande læreplanen ikkje før på ungdomsskulen.
Avslutta opplæring
Vidare tek læreplangruppa til
orde for å avslutta sidemålsopplæringa etter Vg2. Etter det
året skal elevane kunna «skrive
drøftinger, utgreiinger og andre fagartikler på hovedmål og
sidemål». Men så er det slutt.
Under kompetansemåla for
Vg3 står det ikkje eit ord om
korkje hovudmål, sidemål eller
nynorsk.
Dette er på linje med det
«Forum for norskfaget» konkluderte med i sin rapport.
Forumet meinte at «konsentrasjon om sidemålsopplæring på Vg2 gjev meir tid og
betre høve til å konsentrera
seg om skriftleg hovudmål på
Vg3, noko som ikkje minst er
viktig for elevar med nynorsk
som hovudmål».
Inga vurdering
Framlegget understrekar likevel nedprioriteringa. Vg2 skal
framleis innehalda mykje meir
enn berre sidemålsopplæring,
men timetalet blir ikkje auka.
I Vg3 legg ein opp til meir enn
femti timar meir norskundervisning enn året før. Men då
altså utan sidemålsundervisning.
Tredjeutkastet til ny læreplan er
Då Utdanningsdirektoratet publiserte
andreutkastet til ny
læreplan i norsk, var
tredjeutkastet alt
skrive.
Berre innblikk: – Publiseringa av utkasta er først og
fremst for å ha opne prosessar
undervegs, slik at alle kan følgje
arbeidet til læreplangruppene,
seier Eli Karin Flagtvedt i Utdanningsdirektoratet. Foto: Jannecke Sanne
I vinter intervjua Norsk Tidend divisjonssjef Erik Bolstad Pettersen i Utdanningsdirektoratet om arbeidet med
læreplanane.
Han sa då læreplangruppa
skulle leggje fram utkast undervegs og at målet var «å få til
eit ordskifte, få fram alternative vurderingar og få motførestillingane mot det som ligg
føre. (…) Vår jobb er å sørgje
for at faglege innspel kjem inn
i prosessen. Det er ingen fare
for at dette skal bli ein lukka
prosess. Så det er all grunn til
å tru at fagleg relevante synspunkt vil kome fram og dei
vil bli høyrde og handsama på
adekvat vis».
Innspel frå sine eigne
Etter det Norsk Tidend forstår,
er ikkje denne prosessen så
open likevel. Då andreutkastet til ny læreplan vart publisert på direktoratet sine heimesider i slutten av mai, var
tredjeutkastet alt ferdigskrive
òg. Det vil seie at eventuelle
faglege innspel til arbeidet må
kome frå direktoratet si eiga
responsgruppe.
Divisjonsdirektør Bolstad
Pettersen nemnde denne
gruppa i det same intervjuet,
og lista opp Lesesenteret, Skrivesenteret og Nynorsksente-
ret som medlemmer. Alle er
direktoratet sine eigne organ.
– Vi er opptekne av det offentlege ordskiftet og at alle
skal få seie kva dei meiner om
læreplanane, seier Eli Karin
Flagtvedt, avdelingsdirektør
for læreplan i Utdanningsdirektoratet.
– Men dette må skje i den
formelle høyringa til hausten.
Publiseringa av utkasta er
først og fremst for å ha opne
prosessar undervegs, slik at
alle kan følgje arbeidet til læreplangruppene.
– Er det berre dei faglege
innspela frå responsgruppene
som vil bli høyrde i denne delen av arbeidet?
– Utkast til justerte læreplanar frå læreplangruppene
skal liggje på udir.no, slik at
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
som det vart låg valdeltaking. I mållaget meiner vi at resultatet av ei folkerøysting uansett må respekterast.
– Eg trur at mange har tenkt at i
byen Fagernes må dei ha bymål som
skulemål, seier Bjørn Karsrud.
– Men då har dei gløymt at nynorsk skrifttradisjon og valdresdialekt
er ein viktig del av valdresidentiteten.
Og dessutan ligg nynorsken tett opp
til valdresmålet. Vi har eit skriftmål
som gir god støtte til valdresmålet,
seier Karsrud.
Bjørn Karsrud meiner at det også
er mange faktorar som peikar i positiv lei for nynorsken.
terer sidemål
eksamen i sidemålet, pluss at det
måtte vurderast om ein måtte ha
ein eigen samla standpunktkarakter.
Utdanningsdirektoratet var
langt ifrå så oppteken av vurdering i sidemålet. Dei ville berre
vi halde fram med. Både næringsliv
og enkeltpersonar har sett verdien av
å marknadsføre seg på nynorsk. Og
nynorsken og valdresdialekten er ein
viktig del av valdresidentiteten, seier
Karsrud.
Pressemelding Nord-Aurdal Mållag
Alle får noko dei ikkje vil ha
ha sidemål som trekkfag i Vg3. I
utkastet som no ligg føre, står det
«Vurdering i faget: Forslag utarbeides separat».
Kjartan Helleve
[email protected]
Foto: Kjartan Helleve
Korleis ein skal prøvast i faget, er
uklårt. I den gjeldande læreplanen er dette spesifisert. «Forum
for norskfaget» var klår på at
framlegget om å avslutta sidemålsopplæringa etter Vg2, måtte
fylgjast opp med ein obligatorisk
–Nynorsken har hatt eit stort oppsving som bruksmål i Valdres dei siste
åra. Og for tre-fire år sidan vart jo valdresmålet kåra til den mest populære
dialekten i Norge. Dette er eit godt
grunnlag å bygge vidare på. NordAurdal mållag arbeider for nynorsk
og valdresdialekt året rundt. Det skal
Påtroppande leiar Vebjørn Sture
i Norsk Målungdom er ikkje særleg nøgd med utkastet til ny læreplan i norsk.
– Alle får
noko dei ikkje vil ha,
seier Sture.
– Kompetansemåla
i dette utkastet samsvarer berre
med
den
uhaldbare situasjonen me har
i dag. Det vil ikkje forandre på
noko. Sjølv om der er usemje om
vegen vidare, er alle samde om at
noko må gjerast. Då er det forunderleg at læreplanutkastet i praksis sementerer status quo.
– Kva er det verste?
– At ein senkar kompetansemåla for sidemålet. Det er mange
elevar med nynorsk som hovudmål som meistrar bokmålet betre. Desse elevane kan godt ende
opp med å velje bokmål som hovudmål, sidan det vil gjere skulekvardagen betre. Framlegget er
stikk i strid det med den omsorga
for elevar med nynorsk hovudmål som departementet og «Forum for norskfaget» har lagt for
dagen. Resultatet vil bli det stikk
motsette av det dei ser for seg.
Vil ha tidlegare start
– Men er det rimeleg å tru at
ein skal kunne greie å opparbeide seg lik kompetanse i hovudmålet og sidemålet?
– Ja, dette utkastet senkar
lista for elevane. Men det er ikkje lista som ligg for høgt. Problemet er at elevane ikkje får lov
til å ta nok fart. Det har tidlegare
blitt signalisert at sidemålsundervisninga skulle ta til tidlegare.
Men den einaste skilnaden frå
den gjeldande læreplanen er at
barneskuleelevane skal bli introduserte for nynorsk og bokmål
tidlegare. Det er ikkje godt nok.
Nynorsk må bli definert som ei
grunnleggjande ferdigheit. Om
dei meiner alvor om å lage læreplanar som skal leggje opp til at
dei grunnleggjande ferdigheitene
skal fylgje elevane gjennom heile
skulegangen, så nyttar det ikkje
å kome dinglande med skriftleg
sidemålsopplæring ein gong i niande klasse. Det har me prøvd i så
mange år, og ingenting tyder på at
det fungerer, seier Sture.
Mållagsleiar Håvard B. Øvregård meiner det er vanskeleg å seie
noko om framlegget som heilskap
før ein får sett korleis vurderinga i
sidemål skal gå føre seg.
– Det viktigaste manglar. Det
ser ut som læreplanutvalet legg
opp til å avslutte sidemålsopplæringa etter Vg2. Dette samsvarar
også med det «Forum for norskfaget» skreiv i sluttrapporten sin.
Om så er, så må i det minste ein
obligatorisk sidemålseksamen på
plass. Men dette gjev ikkje framlegget noko svar på, seier Øvregård.
Kjartan helleve
[email protected]
r allereie ferdigskrive
alle interesserte kan følgje med
på i kva retning endringane går.
Vi tek sjølvsagt imot dei innspela
vi får, men samtidig er vi er opptekne av at dette ikkje skal oppfattast som ei formell høyring. Forslag til nye læreplanar blir sende
på høyring hausten 2012. Då vil
alle som ønskjer det, kunne kome
med innspel.
Uunngåeleg
– Kvifor vart ikkje dette utkastet
publisert samstundes med at
det vart sendt til responsgruppene?
– Det er Kunnskapsdepartementet som fastset læreplanane
som no skal justerast. Før vi publiserte andreutkastet, måtte vi
orientere departementet om i kva
retning endringane går. Samtidig
jobba læreplangruppene vidare
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
med andreutkastet. I praksis blir
det derfor uunngåeleg at læreplangruppene ligg litt framfor utkasta som blir publiserte.
– Kvifor er ikkje vurdering/eksamensordningar i norsk teke med
i dette utkastet? Vil det kome i det
utkastet som skal ut på høyring i
haust?
– Utdanningsdirektoratet arbeider med ulike modellar for
vurderingsordningar i norsk. Dei
blir ferdige og sende ut på høyring hausten 2012 samtidig med
læreplanen i norsk.
Kjartan Helleve
[email protected]
Eit senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft
Illustrasjonar: Steffen Kverneland
sene får eiga undervisning i alle fag,
bortsett frå gym og handverksfag.
– Ein frammøteprosent på 10,8
prosent er skuffande. Det møtte
opp færre nynorsktilhengarar enn
vi hadde rekna med. Vi fekk mange
kommentarar i forkant om at kommunestyret måtte vurdere fritt der-
Mot til å meina, styrke til å skapa!
Utstillinga er open for publikum måndag
til laurdag f.o.m. 2. juli t.o.m. 11. august.
Velkommen!
Offisiell opning i september.
Les meir på www.garborg.no
5
Bondevik i spissen for nynorskaksjon
Tidlegare statsminister Kjell
Magne Bondevik har saman med
fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot
Utdanningsdirektoratets forslag
om å fjerne sidemålskarakteren og
eigen eksamen i nynorsk: «Utan
eksamen i nynorsk blir grunnlaget
teke bort for nynorsken som jamstelt skriftmål og riksspråk.»
Også tidlegare Telenor-direktør Tormod Hermansen og tidlegare redaktør Thor Bjarne Bore har
skrive under saman med bokmålsforfattarar som Kjell Askildsen, Per
Petterson, Knut Nærum, Thorvald
Steen, Jon Michelet og Vigdis
Hjort. Dei 26 følgjer opp dei sterke
reaksjonane som kom frå nynorskhald da Utdanningsdirektoratet i
januar i eit brev til Kunnskapsdepartementet foreslo å tone ned
sidemålsundervisninga i den nye
læreplanen for norskfaget. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen
(SV) stilte seg open for framlegget
om å ha berre éin karakter i norsk
og å fjerne skriftleg sidemålseksamen i ungdomsskulen.
Utdanningsdirektoratet skal
vere ferdig med framlegget til ny
læreplan til hausten.
(NPK)
Sjåfør
Isrosa is søkjer ein person til å køyra
ut is til utsalsstader i Oslo-området.
Du må vera kjekk og grei og ha
tilgang til bil. Tenestemålet i verksemda er nynorsk.
Kontakt [email protected] eller
tlf 416 07 381 om du vil vita meir.
Flinke vestlendingar
Øystein Vangsnes skal
undersøkje om den varierte språklege kvardagen med nynorsk og
bokmål om kvarandre
medverkar til at elevane i Sogn og Fjordane
presterer så bra på
nasjonale prøver.
– Utgangspunktet er dei gode
resultata elevane i Sogn og Fjordane har synt på dei nasjonale
prøvene dei siste åra. Vanlegvis
heng gode skuleresultat saman
med høg grad av urbanisering,
høgt utdanningsnivå og høgt
inntektsnivå hjå foreldra, men
Sogn og Fjordane ligg lågt på
alle desse tre variablane. Likevel gjer elevane det altså skarpt
på dei nasjonale prøvene. Då
er det grunn til å spørje kvifor,
seier Øystein Vangsnes, forskar
ved Universitetet i Tromsø. Han
understrekar at elevane gjer det
godt over heile fjøla, i såvel norsk
og engelsk som i matte.
97 prosent
65 000 i hyllene • 50 000 på nettet
www.nynorskantikvariat.no
Nynorsk Antikvariat AS
Hulgata 11
4900 Tvedestrand
Telefon 37 16 66 66 • faks: 37 16 30 00
E-post: [email protected]
Antikvarbokhandlar:
Arne-Ivar Kjerland
E-post: [email protected]
Mobil: 928 29 098
Nettstudium
Nynorsk i opplæringa [30 stp]
Nettstudiet Nynorsk i opplæringa er eit vidareutdanningsstudium for lærarar.
Målet med studiet er at lærarar vert kvalifiserte til å drive god nynorskopplæring
på alle nivå i grunnopplæringa etter intensjonane i Kunnskapsløftet. Studiet gjev
kunnskap om og innsikt i nynorskopplæring både som hovudmål og som sidemål.
Studiet er samansett av to emne på 15 studiepoeng kvar, eitt i haustsemesteret og
eitt i vårsemesteret.
Studiet skal formidlast gjennom lesing av nettleksjonar, lesing av pensum,
sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og
vurdering frå lærarar, og tekstane, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering,
skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det
vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Opptakskrav: 30 stp norsk, fullført norsk 1 eller lærarutdanning
Kontakt: fagansvarleg Anne Steinsvik Nordal
Telefon: 70 07 51 97, e-post: [email protected]
Søknadsfrist: Løpande opptak
Studiepoeng: 30/2 semester (deltid)
www.hivolda.no
Søknadskode: 4070 i lokalt opptak
6
Forskarar frå ulike vitskapsdisiplinar har blitt interesserte
i utdanningsparadokset Sogn
og Fjordane, men ingen hadde
tenkt at språklege tilhøve kunne
vere ein faktor før Vangsnes
kom på bana.
– Ved eit lukketreff tok eg
kontakt med Høgskulen i Sogn
og Fjordane (HiSF) akkurat medan dei saman med andre miljø
utvikla eit prosjekt på dette området. Vi snakkar om eit fylke der
97 prosent av skuleelevane har
nynorsk som opplæringsmål i
grunnskulen, og der elevane blir
stimulerte også på bokmål gjennom heile oppveksten, fortel
Vangsnes, som sjølv er sogning.
– Det vi veit frå internasjonal tospråksforsking, er at det å vekse
opp med to språk gjev ein del utviklingsmessige fordelar som er
gunstige for læring allment.
– Men då melder det seg sjølvsagt fleire spørsmål: Er nynorsk
Øystein Vangsnes
Foto: UiT
og bokmål ulike nok til å gje dei
fordelane tospråkleg stimulering
gjev? Og gjev skriftspråksvariasjon tilsvarande fordelar som talespråksvariasjon?
– Her er det mykje å sjå
nærare på, påpeikar Øystein
Vangsnes. Konkret ynskjer han
å undersøkje om kognitivt orientert tospråklegheitsforsking
kan avdekkje skilnader mellom
elevar i Sogn og Fjordane og
Nord-Trøndelag, eit fylke som
gjer det om lag like bra på dei sosioøkonomiske variablane, men
som gjer det langt svakare på
nasjonale prøver.
– Korleis tenkjer du å finne
svar på dette spørsmålet?
– Arbeidshypotesen er at vi
ikkje skal finne særlege fylkesvise skilnader mellom elevar i
fyrsteklasse. Etter nokre år, når
elevane har kome lengre i leseog skriveopplæringa, bør skilnadene vere større, fortel språkforskaren, som likevel ser ei rekkje
skjer i sjøen:
Dialektar
– Det kan vere mange andre forklaringar på dei gode resultata
i Sogn og Fjordane, og nettopp
difor er det ein styrke at dette
prosjektet er ein del av eit større
tverrfagleg prosjekt. Historie,
kulturgeografi, skuleorganisering og fleire andre aspekt vil bli
undersøkte for å freiste forklare
paradokset Sogn og Fjordane.
– Arne Torp har tidlegare
synt at norske elevar er best i
Skandinavia på grannespråksforståing, og trekkjer fram den
språklege variasjonen – både
i tale og skrift – som ein grunn
for kvifor nordmenn forstår til
dømes danskar langt betre enn
kvifor dei forstår oss. Trur du
dialektane kan vere ei forklaring også i dette spørsmålet?
– Eg er samd med Torp i
denne forklaringsmodellen. Det
er til dømes fleire studiar som
viser at grupper som snakkar ein
dialekt som avvik sterkt frå normaltalemålet, gjer det betre på
ulike typar språktestar. Eg kjenner til studiar som viser dette
for sveitsertysk mot høgtysk og
kypriotisk-gresk mot standard
gresk, fortel Vangsnes.
Kva om?
– Dersom du faktisk kjem fram
til at det finst ein signifikant
skilnad på nynorsk- og bokmålselevar i denne undersøkinga, kva konsekvensar bør
det gje?
– Det overordna her er korleis vi verdset språkleg variasjon.
Dersom ein språkleg variert
kvardag har positive kognitive
effektar, bør det gje realpolitiske konsekvensar for språkstimuleringspolitikken, og særleg
i førskule- og småskulealder,
seier Øystein Vangsnes. Han vil
likevel åtvare mot å selje skinnet
heilt enno:
– Det er ikkje heilt ukomplisert å dra det inn i sidemålsdebatten, men det kan vere eit argument for å byrje med sidemålet tidlegare enn i dag. Eg vil likevel understreke at vi ikkje veit
noko om resultata enno, og at
det godt kan hende det ikkje er
mogleg å påvise slike skilnader
i denne undersøkinga, smiler
Øystein Vangsnes. Han fortel at
dei kjem til å ta til i januar 2013,
og at det vil ta eit par-tre år før
konklusjonar ligg på bordet, litt
avhengig av kor mykje finansiell
støtte dei får til undersøkingane.
JEnS kIHL
[email protected]
– Eg har alltid vore tospråkleg
Janne Nygård er nyvald nestleiar
i Noregs Mållag og kjem frå Jølster, i hjarta av Sogn og Fjordane.
– Eg har alltid vore tospråkleg
i tale, men det var fyrst på ungdomsskulen eg fekk eit medvite
forhold til at nynorsk og bokmål
er to ulike, komplette skriftspråk. Eg kunne veksle mellom
jølstring og austlandsk i leik,
men gjorde det aldri elles, fortel
Janne Nygård. Ho peikar på ein
annan viktig faktor i dette biletet:
– Det å kjenne seg språkleg
trygg er særs viktig for elevar
i Sogn og Fjordane. Eg visste
frå tidleg alder at eg var ein av
ganske fåe i Noreg som skreiv
nynorsk, og då var det ekstra
viktig at alle i klassen gjorde det,
og at den språklege sjølvtilliten
blei utvikla. Slik kan ein aktivere
større delar av det språklege registeret – du tør å uttrykkje deg
fritt på språket ditt, seier ho.
Janne Nygård
Foto: Kjartan Helleve
– Trur du eit eventuelt positivt funn i denne undersøkinga
kan gje konsekvensar for argumentasjonen til Noregs Mållag?
– Dette kan bli eit sett med
argument det er mogleg å bruke
i tillegg til dagens argumenta-
sjon, og det er spanande om det
stemmer. Samstundes er ikkje
kognitive effektar grunnen til at
eg kjempar for målsaka, og argumenta våre strekkjer seg mykje
lenger enn dette, påpeikar mållagsnestleiaren.
– Men vil det ikkje vere negativt om Kunnskapsdepartementet i framtida baserer grunngjevinga for sidemålsordninga utelukkande på at ho har positive
kognitive effektar?
– Fyrst og fremst meiner eg
at det er grunnleggjande positivt
med meir forsking om nynorsk,
og det er ikkje negativt å ha fleire
argument. Så er heldigvis målrørsla her for å supplere og oppdatere denne argumentasjonen.
Likevel er det litt tidleg å sprette
sjampagneflaska – det er jo lang
tid til vi har svar på dei spørsmåla som blir stilte her.
JEnS kIHL
[email protected]
Norsk TideNd Nr. 3 – 2012
– Sogn og Fjordane er
det nynorske grunnfjellet
– Det mest påfallande
med språkutviklinga i
Sogn og Fjordane er at
bruken av nynorsk står
så sterkt og er så stabil,
medan endringane er så
store mange stader elles
i landet, seier direktør
Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
landsplan går over halvparten av
nynorskbrukarane over til bokmål før dei avsluttar vidaregåande skule. I Sogn og Fjordane er
det derimot berre 10 prosent av
elevane som gjer dette, viser rapporten.
– Her dreier det seg om
grunnfjell av granitt, skriv Grepstad.
Rapporten slår fast at nynorsk
har nokså høg status blant tenåringane i fylket samanlikna med
resten av landet. Undersøkinga
viser mellom anna at ni av ti elevar
på Firda vidaregåande skule likte
godt eller svært godt å skriva nynorsk, og at dei likte betre å skriva
nynorsk enn engelsk – sjølv om
dei også likte svært godt å skriva
engelsk.
Grepstad legg likevel til at også
granitt kan slå sprekker. Rapporten peikar på tendensar til skilnader mellom indre og ytre strøk, og
at det som har vore stabilt til no,
kan koma til å endra seg.
– Fylkespolitikarane bør ikkje
ta situasjonen anno 2012 for gitt,
seier Grepstad.
Han la 7. mai fram ein fersk rapport om språket i fylket som Nynorsk kultursentrum har laga på
oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
– Her står vi på det nynorske
grunnfjellet, og det har Sogn og
Fjordane vore i snart hundre år, sa
Grepstad.
Nasjonalt
Rapporten er på hundre sider og
tek for seg språkutviklinga i Sogn
og Fjordane frå 1646 til i dag. Det
er første gongen det er laga ein så
omfattande dokumentasjon av
språket i eitt fylke.
I rapporten får vi både vita
korleis det står til med nynorsken
i grunnskulen, i vidaregåande,
hos dei vernepliktige og på andre
viktige område i samfunnet. Så
langt råd er, blir opplysningane
samanlikna med tilsvarande opplysningar for heile Vestlandet og
for resten av landet.
Tendensen er at nynorsken i
Sogn og Fjordane held seg stabil
både i skule, kyrkje og offentleg
forvaltning. Fylket toppar også
nynorskstatistikken for Vestlandet på alle punkt. Til dømes har
fylket 99 prosent nynorskelevar
i grunnskulen og 86 prosent i vidaregåande skule, medan tilsvarande tal for heile Vestlandet er
42 og 23 prosent.
Sogn og Fjordane skil seg også
klart ut når det gjeld verneplik-
– Bør bli lytta til
Nynorskstrategi til debatt i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Frå venstre Ingebjørg Erikstad, kulturdirektør, Nils Gjerland,
leiar i kulturutvalet, Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum og Åshild Kjelsnes, fylkesordførar. Foto: Hege Lothe
tige som skriv nynorsk. Medan
heile 87,8 prosent av dei vernepliktige frå fylket nytta nynorsk i
fjor, gjorde berre 47,6 prosent frå
Hordaland det same. I Møre og
Romsdal var nynorskprosenten
29,8 prosent, medan berre 8 prosent av dei vernepliktige i Rogaland nytta nynorsk i fjor.
Stabilt i vidaregåande
Elevar som byter frå nynorsk
til bokmål når dei byrjar på vidaregåande, er eitt av dei største problema for nynorsken. På
Hovudutval ønskjer nynorsk forum
Ingen bokmålsboom i Hordaland
I møte 22. mai vedtok Sogn og
Fjordane sitt hovudutval for
kultur ei språkpolitisk satsing for
å styrkje nynorsken og medvitet
om det nynorske språket si rolle
i samfunnet vårt. Dette melder
fylkeskommunen på heimesida
si. Eitt av tiltaka er å etablere eit
nynorsk forum i fylket som samlar
både målrørsle, næringsliv og
andre samfunnsaktørar.
Med dette ynskjer hovudutvalet å mobilisere breitt for
nynorsken si framtid. Målet er
å skape ein debattarena som
set språk på dagsorden og som
definerer utfordringar og kunnskapsbehov.
Som bakgrunn for saka har
Nynorsk kultursentrum ved direktør Ottar Grepstad utarbeidd
Dei dramatiske målbytetala for
elevar i den vidaregåande skolen
som Hordaland fylkeskommune
presenterte denne veka, er villeiande.
Ifølgje fylkesstatistikken har
berre ni prosent av elevane i vidaregåande skole no nynorsk som
hovudmål, mot 34 prosent i grunnskolen. Statistikken kunne difor
tyde på ein storstilt flukt frå nynorsk
til bokmål når elevane begynner i
vidaregåande i vestlandsfylket.
Men tal som Noregs Mållag har
henta inn direkte frå enkeltskolar i
Hordaland, viser at statistikken er
sterkt villeiande. Mens fylkesstatistikken viser at berre 10 prosent
av dei vidaregåande elevane på
Stord har nynorsk som hovudmål,
har Stord vidaregåande skule sjølv
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
«Språkfakta Sogn og Fjordane
1646–2012». Denne utgreiinga
slår fast at nynorsken har ein heilt
unik og stødig posisjon i Sogn
og Fjordane, men at her også er
teikn til ei utvikling der det nynorske språket vil vere svekt om
ein ikkje set i verk tiltak.
«Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» er ein større
dokumentasjon av språkutviklinga i fylket vårt. Det er første
gong så mykje systematisk og
faktabasert kunnskap om språksituasjonen i fylket og på Vestlandet er samla i eitt dokument.
Utgreiinga femner om språkutviklinga på vidt ulike arenaer i
fylket vårt.
Fylkestinget skal handsame
saka i møte 5.– 6. juni.
registrert over 90 prosent som nynorskelevar.
Berre 20 av dei 209 elevane som
er melde opp til eksamen i norsk
hovudmål i vår, er bokmålselevar,
viser tala som Mållaget har henta
inn frå skolen. Andre stikkprøver
som Mållaget har gjort, peiker i
same lei.
Seniorrådgivar Svein Kirkevik
i opplæringsavdelinga i Hordaland
fylkeskommune har inga god forklaring på kvifor tala eventuelt ikkje
stemmer.
– Tala er henta frå det skoleadministrative systemet vårt, Extens,
seier han.
Han strekar under at tala ikkje
viser hovudmålsfordelinga ved
kvar skole, men er ordna etter bu-
Berre 2 prosent av alle nordmenn
bur i Sogn og Fjordane. Den særmerkte språksituasjonen gjer likevel at sentrale styresmakter bør
lytta til fylkeskommunen når det
gjeld politikk som kan få følgjer
for språkleg praksis, meiner Ottar
Grepstad.
Rapporten slår fast at den posisjonen nynorsken har i Sogn og
Fjordane, har hatt mykje å seia for
nynorsken nasjonalt.
Sjølv meiner innbyggjarane i
Sogn og Fjordane både at det er
viktig å bruka meir nynorsk og at
alle nordmenn skal læra å skriva
både nynorsk og bokmål.
I juni skal fylkestinget i Sogn
og Fjordane drøfta politikk for
nynorsk i fylket.
[email protected]
stadkommunen til elevane. Etter
det Mållaget kjenner til, blir ikkje
elevane i vidaregåande registrerte
med målform i Extens før på tredje
klassetrinnet. Det tyder på at
uregistrerte elevar blir talde som
bokmålselevar. Tala til Hordaland
fylkeskommune gjeld elevar i vg1.
Leiar Håvard Øvregård i Noregs Mållag seier at feilinformasjonen er pinleg.
– Det kan sjå ut for oss som
fleire av skolane har ført elevar som
ikkje har kryssa av for målform i
administrasjonssystemet, som bokmålselevar. Dette er utruleg pinleg
for Hordaland fylkeskommune og
fortel at dei som skuleeigar ikkje tar
problemet med målbyte alvorleg,
seier Øvregård. (NPK)
7
Garborgsenteret prøveopnar
Etter planen skulle
Garborgsenteret ha
opna 22. mai. Slik vart
det ikkje. Ikkje offisielt.
Senteret på Bryne har valt å flytta
den offisielle opningsmarkeringa
til september månad. Det er likevel mogleg å vitja senteret allereie
i sommar. Frå 1. juli til 12. august
held Garborgsenteret prøveope.
– Ja, den offisielle opninga
måtte utsetjast, seier Inger Undheim, avdelingsleiar for senteret.
– Den utløysande årsaka var
sjukdom hjå Mediafarm, som er
ansvarleg for konsept og innhald.
No vert dørene opna for publikum 2. juli, medan den offisielle
opningsmarkeringa vert flytta til
september månad. Alt går etter
planen, og me gler oss enormt!
Her skal ein få utforska Arne
og Hulda Garborg og det dei
skreiv, men ein kan òg oppleva
den magiske blå kista, snurra på
diktarhjulet, leita etter visdom i
døypefonten, eller kosa seg i lyttestolane. Det har blitt ei leiken
og interaktiv utstilling, og me er
svært stolte over resultatet.
Myldrande liv
– Korleis kjennest samlivet med
dei andre institusjonane rundt
dykk? Somme var jo redde for at
Garborg skulle forsvinna inn i
eit kjøpesenter.
– Akkurat det ryktet stammar nok frå spissformuleringar
i ein frisk lokaliseringsdebatt.
Garborgsenteret skulle sjølvsagt
aldri bli ein del av eit kjøpesenter. Me deler hus med det flotte
nye biblioteket sentralt på Bryne,
like ved togstasjonen. Det er utan
tvil ein stor fordel for oss å vera
lett tilgjengelege. Biblioteket har
hatt rekordhøgt besøk etter at det
flytta til nye og moderne lokale.
Nesten klar: Garborgsenteret opnar offisielt i august, men allereie i sommar er det mogleg å ta ein tur innom.
Me har felles resepsjon, felles
møterom og amfi, og felles arrangement med biblioteket. Garborgsenteret sin kafé, Garborgstova, deler areal med tidsskriftavdelinga. Like ved Garborgsenteret og biblioteket ligg høghuset
som husar lokalt næringsliv, men
òg ein fotograf, skodespelarar,
ungdomsorganisasjonen Unge
SPOR og forfattar Tor Obrestad.
Mange flotte kulturarrangement
vert haldne på toppen av høghuset. Det er eit myldrande liv i
området. Meir mylder skal det bli
når 1500 elevar flyttar inn i den
nye vidaregåande skulen, som
vert vår næraste nabo om to år.
Nasjonal interesse
– Korleis opplever du interessa
frå folk i nærleiken?
– Me merkar mykje interesse
og nysgjerrigheit frå heile re-
gionen, men naturleg nok er det
spesielt stor interesse for Garborgsenteret i Time og i nabokommunane på Jæren. Me har
teke imot grupper heilt sidan me
flytta inn i bygget hausten 2010,
som ønskjer å få vita meir om
Arne, Hulda og kva Garborgsenteret skal bli. Men det kjem
òg folk langvegsfrå. Interessa for
Arne og Hulda Garborg avgrensar seg ikkje til Jæren.
Foto fasade: Asle Haukland/Garborgsenteret
– Kva er det du er uroa for om
kveldane, når du ikkje får sova?
– Eg sovnar lett, og kan ikkje
seia eg er uroleg for noko. Men
sjølv om arbeidet mitt inneber å
ha mange ballar i lufta, er eg ikkje
eit naturtalent innan multitasking. Det hender eg vaknar om
natta av ein ball som eg ikkje må
gløyma å ta imot før han fell til
bakken, seier Undheim.
Kjartan Helleve
Eg er skrifta på veggen
Eg er så heldig å ha i omgangskrinsen min
eit knippe jamaldringar som driv aktivt med grafitti. Tilsynelatande står
fåe i mi eiga aldersgruppe fjernare frå
meg sjølv, den pretensiøse studenten,
enn desse såkalla vandalane som
spring ikring om nettene og gjer sitt
utskjelte hærverk på fint folks vegger.
Dei lever på kant med lova, for folk
er jo glade i veggene sine, i skinande
fasadar, og «kunsten» til desse ungdommane verkar unekteleg gagnlaus
sett frå ein marknadsøkonomisk og
konvensjonelt estetisk ståstad. Men
personleg får eg stendig større sans for
brotsverka deira, for så snart ein har
oppdaga gleda ved språk og skrift, er
det i grunnen naturleg å miste interessa for lytefrie veggflater. Ein vegg er
eit skilje og ei sperring, men seier elles
ingenting av verdi. Det er fyrst når
skrifta melder seg og skjendar den preglause yta, at ho kan bli interessant.
Mot moralistane kan ein jo påpeike at det
var sjølvaste Herren som teikna den
fyrste legendariske «skrifta på veggen» − «Mené, mené, tekél, ufarsin»
− føre babylonarkongen Belsassar då
han våga vanhelge kjeralda stolne frå
tempelet i Jerusalem. Ikkje eingong
8
frå kjellaren
ved Erlend Skjetne
Gud er altså framand for å uttrykkje
seg på veggene, og kven vil vel i dag
til dømes klandre forfedrane våre, dei
tidlege nordmennene, for å ha rita
runene sine akkurat der dei måtte ha
lysta. Det var jamvel ofte trivielle og
til dels obskøne fråsegner dei lira av
seg, som gjer det pinleg klårt for oss
i dag, kor lite vi menneske eigentleg
har endra oss gjennom tusenåra. Men
noko anna kjem òg til syne i denne
eldgamle grafittien, noko eg likar å
tenkje på som ei viktigare drift i oss
enn all kjøtleg trong: Det er det store
uttrykksbehovet til menneska. Ofte i
desse innskriftene står subjekta ein-
kenamn bli uviktig? Namnet talar
same, som Giacometti-skulpturar mot
til oss og syner oss det levande som
det historiske mørkret, berre eit «ek»
motsetnad til det medvitslause. Vi
for «eg», og så namnet eller tilnamnet
ynskjer alle å bli hugsa, men det går
etterpå. Som døme kan nemnast den
oss ikkje som vi vonar. Forsvinningsutbreidde formuleringa «ek erilaR»,
maskineriet fortærer sjølvsagt også
«eg, runemeisteren», eller favoritskriftspora, det vera seg egyptiske
ten min, frå ein bergvegg i Kårstad i
hieroglyfar, runer i fjellsider, fargerike
Nordfjord, «ek aljamarkiR», «eg, frå ei
«tags» i storbygater ... Men denne
anna mark». Desse er alle forgjengarar
innsikta tener vel snarare til å auke uttil den kanskje mest notoriske grafittrykkstrongen vår enn til å tøyme han,
tiinskripsjonen i historia, den famøse
og den drifta kjem ikkje laus frå det
«Kilroy was here», og røper i grunnen
eine ordet som konstituerer henne,
lite anna enn at eit eller anna mensom alle ytringar har opphav i, og som
neske ein eller annan gong stod på
ingen kan klandrast for å ville seia og
staden der innskrifta no finst, og der
skrive så ofte at einkvan annan kanog då følte sterkt for å seia, til den det
skje får det med seg: Eg − eller namnet
sidan måtte råke, det heilt basale: «Eg
som skal samsvara med dette urordet,
var her, eg fanst.» For dei som i dag
inntil utseiaren ein dag er forstumma
skriv med sprayboks på ein murvegg i
og innskrifta enn så lenge finst att,
storbyen, er ærendet korkje meir eller
som ein allegori for det som for alltid
mindre nobelt: Jamvel om den stilier tapt, for fråver.
serte skrifta deira måtte vera uleseleg
for det utrena auga, er det som står
der gjerne berre namnet til skrivaren, Kanskje er det i ei fattig prometeisk von
om å nedkjempe denne uavvendelege
eller snarare det pseudonymet han
gløymsla at menneske overhovudet
eller ho må løyne seg bak for ikkje å
skriv, eller kanskje er trongen endå
gjera hemnarbeidet til ordensmakta
meir banal og di meir akutt: Skal ein
altfor lettvint.
nokon gong få sagt sitt, må ein gjera
det medan ein kan.
Kall det hærverk, men gagnlaust er det
ikkje, for når skulle vel eit mennesNorsk Tidend nr. 3 – 2012
Foto: Fabi
an Fogelb
ed på
m
r
e
a
g
e
l
l
o
te og k
t
e
s
l
i
t
e
n
i
Flåm.
d
i
a
g
Ta
g
y
r
b
s
å Flåm
p
®
g
n
i
d
l
i
u
b
l
l
a
k
s
team
e
t nøtt
e
i
e
g
r
o
N
e
Den kjend
en og
n
a
b
s
n
e
g
r
e
t på
å
b
g
turen med B
o
n
e
g
a
eine d
n
e
d
a
n
a
a til
b
s
i
s
e
r
r
e
Flåm
j
g
,
g
este da
n
n
e
d
r
o
j
f
y
hald Nærø
m
a
s
,
d
n
ga.
n
å
i
g
v
e
l
p
p
o
v
Bygg la
a
ein del
nkurranse-
Foto: May
eim Lunden
Lene Steinh
erg
Teamg
n
i
d
l
i
bu
og vekk ko
instinktet!
«Frå fjord til
fjells med Ægir
til kvelds»
Kjenn lukta
og smaken!
Foto: Thor
Brødreskif
t
ILBOD
T
R
O
F
T OSS
sbrygga.no
m
la
f
@
K O N TA K
g
in
50 | book
T: 57 63 20
sbrygga.no
m
la
.f
w
w
w
Sjå
tfluk ter og
u
,
e
s
n
a
r
fe
g og
d kon
evittsmakin
r pakke me
k
y
s
a
r
,
a
g
d
in
d
k
e
r
a
k
Vi s
ølsm
esentasjon,
r
p
r,
a
t
e
it
iv
ak t
eri.
Ægir Br yg g
i
s
a
p
a
t
l
a
lok
Sviggum Design
Foto: Morten Rakke
røy f jorden
æ
N
Vi tilbyr:
å
p
t
å
ri i RIB-b
den
- Fjordsafa
urlandsf jor
A
å
p
k
k
ja
ka
- Padling i
en
å Rallar veg
:
- Sykling p
landsdalen
s»
r
u
A
i
g
in
r
gir til k veld
Æ
d
- Vand
e
m
–
m.
s
til f jell
ronda i Flå
t
s
å
p
g
«Frå f jord
in
t
ir Br yggeri!
og skisk y
g
ir
Æ
le
i
s
t
t
e
fe
it
f
u
iv
asb
- Ak t
g lokal tap
o
»
e
ik
b
r
e
t
- «Af
5
på
lands- møtet: 1 Korleis er det å vere på lands-
Edith Stusdal, frå Ostereidet Mållag og
Hordaland Mållag:
1 – Det er inspirerande.
2 – Normeringssaka. Eg vil helst ha ei
strammare og meir konsekvent norm, og
er ikkje for ein bokmålsnær nynorsk. Og i
tillegg er eg oppteken av å få ei god sidemålsordning i norskfaget, og å sikre karakterar i både hovudmål og sidemål.
møtet i Noregs Mållag?
2 Kva er den viktigaste saka
på landsmøtet?
Landsmøtet
Den 27.-29. april 2012 var det
landsmøte i Teatersalen til
Bondeungdomslaget i Oslo
l Det var 141 utsendingar frå
63 lokallag og 14 fylkeslag, i
tillegg til 13 utsendingar frå
NMU.
l Samla sett var det 152 utsendingar, og om lag 200 målfolk
var innom i løpet av helga.
l I fjor i Suldal var det til samanlikning 133 utsendingar.
l
Ny i styret: Nina Berge Rudi frå
Foto: Kjartan Helleve
Sør-Fron. Med norskfaget som
kampsak
Gudbrandsdølen Nina Berge
Rudi frå Sør-Fron vart vald inn i
styret i Noregs Mållag.
– Eg går inn i styret fordi eg er
veldig engasjert i norskfaget. Vi
kan påverke korleis det blir, og eg
har delvis blitt skremt på nynorsken sine vegner. Og eg må seie at
eg vart rasande då norskseksjonen min på Vinstra vidaregåande
skule fekk brev frå norsklærarar
på Ringerike vgs. med spørsmål
om vi ville signere eit opprop mot
sidemålsordninga, seier Nina
Berge Rudi, ny styremedlem i
Noregs Mållag.
Utfordringane for norskfaget
stod øvst på agendaen på landsmøtet.
– Den viktigaste saka nett no
er sjølvsagt norskfaget, seier Nina
Berge Rudi, som er norsklektor
ved Vinstra vidaregåande skule
og kulturbonde saman med mannen på Rudi gard i Sør-Fron.
Det nye styret
Håvard B. Øvregård, leiar
Janne Nygård, nestleiar
Helga Hjetland, AU-medlem
Terje Kjøde, styremedlem
Sveinung Rotevatn, styremedlem
Nina Berge Rudi, styremedlem
Vebjørn Sture, NMU-representant
Varalista ser slik ut:
1. vara Sigbjørn Hjelmbrekke,
Bø i Telemark
2. vara Solgunn Liestøl,
Haugesund,
3. vara Randi Lohndal Frestad,
Lista
4. vara Magne Aasbrenn,
Fredrikstad.
Kristin Halvorsen vitja landsFoto: Berit Rekve
møtet.
10
kvart år. Eg trur det er lurt for
organisasjonen. Neste år er det
200-årsjubileum for Ivar Aasen.
Han gav dialektane prestisje
nok til at ein kunne formidle
personlege kjensler. Sjølv om
folk tykkjer det er dumt det
vi held på med, er det ikkje så
dumt som folk trur.
Norskfag og nor
Det 96. landsmøtet i Noregs Mållag hadde eit
smekkfullt politisk og kulturelt program, men det
var to saker som dominerte møtet: norskfaget og
normering.
Utfordringane for norskfaget
stod øvst på agendaen på landsmøtet. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kom til landsmøtet
utan konkrete lovnader, men var
tydeleg på at ho ynskjer å styrkje
nynorsken både som hovudmål
og sidemål. Landsmøtelyden
drøfta framtida til norskfaget.
Det vart òg vedteke ei eiga fråsegn om saka.
Landsmøtet sa klårt frå at
elevar i ungdomsskulen og den
vidaregåande skulen framleis må
få ein eigen karakter i sidemålet,
helst både som standpunktkarakter og karakter frå obligatorisk
eksamen.
møtetalar Øystein Vangsnes, forskar ved Universitetet i Tromsø,
snakka om fleirspråklege fordelar. Begge to gav argument til eit
norskfag der elevane skal lære
både nynorsk og bokmål. Øystein
Vangsnes var tydeleg på at dette
vil han ha forsking på.
– Dersom ein får kunnskap
om at variert språkstimulering
på så nærskylde språkvariantar
som nynorsk og bokmål gir ulike
utviklingsmessige fordelar, er det
noko vi her i Noreg ikkje kan sjå
bort ifrå i utforminga av norskfaget og andre stimuleringstiltak
elles i barnehage og skule, sa Øystein Vangsnes.
Fleirspråklege fordeler
Ny runde om normering
– Kan også bokmålselevar lære
seg å meistre sidemål, ikkje berre
nynorskelevar? Svaret er ja. Men
dei må møte meir sidemål enn
dei gjer i dag, og dei må møte det
tidlegare, sa Håvard B. Øvregård
i si tredje leiartale til landsmøtet. Han heldt ei tale som fyrst
og fremst argumenterte for å få
på plass ei god sidemålsordning.
Han la vekt på både kulturargument, fleirspråksargument og
bruksargument for at elevane i
Noreg skal lære både nynorsk og
bokmål.
Hanna Lehti-Eklund, forskar
frå Finland, snakka om stoda for
svenskfaget i finsk skule og lands-
Normering var reist som sak frå
Ullensvang Mållag og skapte også
eit stort engasjement. Framlegget gjekk ut på at Noregs Mållag
bed om at den nye normeringa
vert trekt tilbake, og at det vert
arbeidd fram eit nytt framlegg til
nynorsknormering. Erlend Trones, leiar i Ullensvang Mållag,
innleidde om saka og la vekt på at
normeringsnemnda ikkje hadde
utført oppgåva i tråd med mandatet.
– Omsynet til nynorsk som
norsk kulturarv og målreisingstanken er heilt fråverande hjå
Riise-nemnda. Tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, som i
Besøk på Elvebakken vgs i Oslo
Ny rettskriving
– Den andre saka som er viktig
nett no, er innføringa av den nye
rettskrivingsnorma. Det er viktig
at Noregs Mållag og andre nynorskmiljø drøftar kva gjer vi når
norma vert innført 1. august i år,
seier Nina Berge Rudi.
– Eg tykkjer Noregs Mållag og
lokallaga våre bør vere aktive og
ta ansvar for at lærarar og andre
som brukar nynorsken dagleg,
får nynorskkurs med gode retningslinjer for korleis det er lurt
å bruke den nye valfridomen.
Kanskje vi rett og slett skal ta på
oss å undervise norsklærarar.
For mange er dette ein ny sjanse
til å lære nynorsken, og denne
sjansen skal vi tilby dei, påpeikar
Nina Berge Rudi.
Hege Lothe
Osmund Valand Eikeland,
leiar i Marnar Mållag:
1 – Dette er ein fest. Eg trur
dette er det tiande landsmøtet
mitt.
2 – Eg tykkjer den viktigaste
saka på landsmøtet er at vi har
vedteke at Noregs Mållag skal
gå over til å ha landsmøte anna
Leiarduoen: Håvard B.
Øvregård og Janne Nygård
vitja Elvebakken vgs. dagen
før landsmøtet.
Foto: Kjartan Helleve
– Eg trur at om ein samanliknar fyrste veke og siste veke i
prosjektet, vil ein sjå ei heilt klår
betring i nynorskkunnskapane,
fordi me har jobba konsentrert
og fått tett oppfølging, sa Halvor
Solhjem Njerve, elev på Elvebakken vgs i Oslo.
Det sa han til Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag
og Janne Nygård, påtroppande
nestleiar i Noregs Mållag, då dei
vitja skulen dagen før landsmøtet i Noregs Mållag. Der vart dei
fortalde om den gode sidemålsundervisninga på skulen. Dei
møtte ein engasjert elevgjeng
som gjerne diskuterte språk og
språkopplæring generelt, og nynorsk spesielt.
Håvard B. Øvregård spurde
elevane om kva dei meinte om at
alle skal lære å skrive nynorsk:
– Om ingen skriv nynorsk,
vert det ingenting [nynorsk] å
lese, kjem det kjapt frå Adrian
Arnason.
– Men om me alle skal lære å
skrive det, må me i alle fall få vite
kvifor, skyt Emilie Bjoland inn.
– I dag får me berre til svar
at det er fordi det står i pensum,
legg ho til.
Tidleg start
Elevane meiner det er dumt at dei
ikkje vert introduserte for sidemålet før dei er 15 år. Dei burde
møtt nynorsk før, er elevane
samde om. Slik det er i dag, er
det vanskeleg å lære seg eit språk
godt når opplæringa startar så
seint. Elevane meinte dei heller
burde møte nynorsken så tidleg
som mogleg i barneskulen.
Fleire av elevane var opptekne
av at sidemålet trekkjer ned snittet deira, og undrar om ikkje
sidemålet kunne vore friviljug.
Håvard B. Øvregård spør kor
mange som då ville valt nynorsk.
Berre tre av elevane er oppe med
handa. Om dei måtte velje mellom matte og nynorsk, er stoda ei
heilt anna. Då ville dei fleste valt
nynorsk.
– Nynorsken gjev oss ei innføring i noko utanfor dei sentrale
delane av landet, seier Halvor
Solhjem Njerve.
Tina Johansen var einig.
– Hadde eg vore Noregs Mållag, ville eg ha lagt meir vekt på
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Kristian Fuglseth, styremedlem i Sunnmøre
Mållag og aktiv i Hareid Mållag:
1 – Det gjev inspirasjon. Det syner seg at vi har
dei same utfordringane over heile landet. Vi
trur vi bur i ein klar nynorskkommune, men det
er likevel noko vi må arbeide meir med.
2 – Norskfaget. Eg trur kunnskapsminister Kristin Halvorsen er såpass interessert i språk at ho
er open for å ta vår argumentasjon snart.
Solgunn Liestøl, aktiv i Haugesund Mållag
og Ungdomslag og andre vara til styret:
1 – Det er veldig kjekt å vere her og få utveksle idear.
2 – Det må vere lett å halde på nynorsken,
og skulen må leggje til rette for at elevane
kan halde fram med å skrive nynorsk gjennom ungdomsskulen og i vidaregåande
skule.
Margit Ims, aktiv i Bø Mållag:
1 – Det er kjekt å vere på landsmøte i Mållaget. Det er mange gamle kjende å treffe
og nye å bli kjent med. Og det er mange
unge på møtet som eg ikkje har møtt før.
2 – Den viktigaste politiske saka er det som
skjer i skulen. Satsing på nynorskelevar og
nynorskopplæring blir svært viktig i åra
som kjem.
rmering
stor grad definerer kva nynorsk
er, blir ikkje reflektert over. Stør
me Riise-normalen, så stør me i
praksis norsk målnedlegging, og
ikkje norsk målreising, sa Erlend
Trones.
Men styret argumenterte for
ikkje å gjere nytt vedtak i normeringssaka. Styret meinte at
norma har rett nok ikkje vorte så
stram som mange håpa på, men
det ville òg ha vorte stor usemje
om kvar på skalaen den stramme
norma skulle liggje. Nettopp det
at norma opnar for ein viss valfridom, gjer det mogleg for mange
å kunne bruke dei formene dei
trivst best med. Styret i Noregs
Mållag rådde landsmøtet til å leggje rettskrivingsdebatten bak seg,
og at Noregs Mållag no må samle
seg om arbeidet for nynorsken si
stilling i samfunnet.
Landsmøtet var delt i spørsmålet, men fleirtalet med 74
røyster mot 63 røyster var mot
at Noregs Mållag skulle krevje ny
norm. Ullensvang Mållag gjorde
også framlegg om å leggje Breivega/Langeland-normalen
til
grunn for ei ny nynorsk rettskriving. Framlegget vart nedstemt
med 58 røyster for og 80 imot.
Landsmøte annakvart år
Den store organisasjonsdebatten kom i spørsmålet om å endre
landsmøterytmen frå kvart år til
Takka: Supervervar Oddny MiljeFoto: Marit Aakre Tennø
teig. Avgangselevar: Oda Valvatne
Ording, Pia Bjerkmann og Halvor
Solhjem Njerve på medielinja ved
Foto: Svein Olav Langåker
Elvebakken vgs. kulturargumentet i sidemålsdebatten, me bør lære om meir enn
det som omgjev oss, seier ho.
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Tverrfagleg prosjekt
På Elvebakken vgs har lærar i
norsk, Line Ellingsen, gjennom-
ført fleire ulike tverrfaglege prosjekt med nynorsk. Siste store
tverrfaglege prosjekt var då 90
elevar ved vg3 mediefag hadde
tolka Fuglane av Tarjei Vesaas.
Spennet var stort, frå reine grafiske arbeid som bokomslag, til
lydillustrasjonar og kortfilmar.
– Vi har onsdag som ein fast
nynorskdag gjennom heile 3.
klasse med to til fire timar kvar
veke. Elevane skriv mange korte
tekstar, les nynorske tekstar og
omset tekstar frå bokmål til nynorsk, fortel Line Ellingsen.
– Eg rettar tekstane med farge-
kodar slik at elevane frå gong til
gong kan sjå utviklinga. Gult tyder til dømes substantivfeil, og
dersom det er mykje gult i teksten
ser dei at no lyt dei arbeide meir
med det, fortel Line Ellingsen.
Ho er tydeleg på å seie til
elevane at å lære nynorsk kan
vere enkelt. Ho peikar på at det er
viktig at elevane vert eksponerte
for mykje nynorsk og har mykje
skrivetrening, og det syner seg at
gode tilbakemeldingar frå læraren gjev betre læring for elevane.
– Eg er veldig imot å ta vekk
karakteren i sidemål. Det vil føre
til at ein arbeider mykje mindre
med det skriftlege og med nynorsk, seier Line Ellingsen.
Marit Aakre Tennø
[email protected]
annakvart år. Mange var på talarstolen, og etter eit lengre ordskifte var det klart for røysting.
Heile 123 røysta for og 15 imot
eller fråhaldande for landsmøte
annakvart år. Det vil bli landsmøte i 2013 og i 2014, og deretter
blir det landsmøte i partalsår.
Skriftleg røysting
Siste åra har det vore lite benkeframlegg mot valnemnda si
innstilling. Ikkje sidan 2005 har
det vore kampvotering på styreplassane. Denne gongen vart det
fremja to benkeframlegg, og det
vart kravd skriftleg røysting på
alle styreplassane. Alle framlegga
frå valnemnda vart vedtekne,
men alle dei styremedlemene
som stod på val fekk fleire blanke
røyster. Håvard B. Øvregård vart
til leiar med 22 blanke røyster
og Janne Nygård fekk 30 blanke
røyster. Teljinga av røystene tok
såpass lang tid at landsmøtet
vart avslutta ein time seinare enn
planlagt.
Barnehagekampanjen
I år vart barnehagekampanjen
«Gjennom ord blir verda stor
– kampanje for meir nynorsk i
barnehagen» avrunda. Arbeidet
med å få meir nynorsk i barnehagane lokalt og meir nynorsk i førskulelærarutdanninga vil halde
fram. I tillegg vedtok landsmøtet
fråsegner om styrking av andrespråksopplæringa i samisk, endringar i stadnamnlova og nynorske læremiddel i trusopplæringa.
Hege Lothe
[email protected]
Line Ellingsen, norsklærar ved ElveFoto: Svein Olav Langåker
bakken vgs. 11
4
på
lands- møtet: 1 Korleis er det å vere på landsmøtet i Noregs Mållag?
2 Kva er den viktigaste saka
på landsmøtet?
Randi Lohndal Frestad,
leiar i Lista Mållag og tredje
vara til styret:
1 – Det er både spennande
og inspirerande å vere på
eit landsmøte der det vert
gjort vedtak som eg tykkjer er viktige.
2 – Den viktigaste saka
er saka om revisjonen av
norskfaget. Eg vonar det
blir ei endring som er til å
leve med, både for norsklærarane og nynorsken.
Det er rett at elevane bør
møte nynorsken tidlegare
i barneskulen, og dei fleste
elevane ser verdien av det.
Åslaug Farestveit, leiar i Sveio Mållag:
1 – Eg tykkjer det er veldig interessant å vere
på landsmøtet og godt å møte andre som
brenn for same sak.
2 – For meg er sidemålssaka den viktigaste
saka nett no. Vi kjem frå eit blandingsområde mellom nynorsk og bokmål, og difor er
det ekstra viktig å få god nynorskundervisning i skulen.
Landsmøtet
Fråsegner vedtekne av landsmø
Ei framtid
med samisk
Landsmøtet i Noregs Mållag er glad for
dei mange positive tiltaka som har blitt
sett i verk for å styrkje samisk språk dei
seinare åra, særleg innanfor kulturfeltet.
Likevel er landsmøtet uroa for vilkåra for
unge som veks opp og skal halde på samisk språk.
Særleg alvorleg er stoda når det gjeld
samisk som andrespråk. Andrespråksopplæringa er ein stor del av den samla
samiskopplæringa i Noreg: i skuleåret
2005/2006 hadde 3055 elevar samiskopplæring, og av desse var det 2057 av elevane som hadde samisk som andrespråk.
I skuleåret 2010/2011 var det samla talet
gått ned til 2245, og praktisk talt heile
nedgangen kjem av fråfallet i faget samisk
som andrespråk.
Faget samisk som andrespråk har eksistert i 25 år, men har framleis ikkje funne
ei form som oppfyller målsetjingane om
å gjere elevane tospråklege. Landsmøtet
i Noregs Mållag meiner Kunnskapsministeren bør ta grep om den dramatiske
utviklinga, og særleg sjå på desse tiltaka:
l Undersøkje korleis faget samisk som
andrespråk kan integrerast betre i skulekvardagen, i staden for å vere eit fag som
blir undervist etter skuletid.
l Ta i bruk meir samisk i skulen utover
samisk-undervisninga, slik at elevar med
samisk som fyrste- eller andrespråk får
reelt høve til å bli tospråklege.
l
Ta i bruk resultat frå forsking på
andrespråksopplæring i minoritetsspråk
i tillegg til dei forsøka med forsterka andrespråksopplæring som har vore gjort i
samiskspråklege område i Noreg.
l Styrkje lærarutdanninga for samiskspråklege lærarar, slik at det blir mogleg å
auke timetalet.
l Staten bør ta eit større ansvar for å
sikre utgjevinga av populære barne- og
ungdomsbøker på dei tre samiske språka
vi har i Noreg.
Landsmøtet i Noregs Mållag står saman med sentrale samiskmiljø i å avvise
alle forsøk på å setje nynorsk og samisk
opp mot kvarandre. Opplæringa i nynorsk som sidemål og samisk som andrespråk er grunnleggjande forskjellig,
og det eine kan ikkje erstatte det andre.
I staden meiner landsmøtet at norske
styresmakter bør sjå på tiltak som sikrar
samiskspråklege elevar reelt gode samiskkunnskapar.
I bunad: Jens Kihl, Håvard B. Øvregård, Aud
Foto: Hege Lothe
Søyland og Bente Riise. 12
Passiar: Gro Morken Endresen, Halvor
Hegna, Marie Morken og Magne Aasbrenn.
Foto: Kjartan Helleve
Gjennom ord
blir verda stor –
meir nynorsk i
barnehagane
Alle born fortener å møte både nynorsk
og bokmål i barnehagen. Noregs Mållag
har drive barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor» frå 2010 til 2012,
og kjem til å halde fram med arbeidet for
meir nynorsk i barnehagane.
Språklæring i barnehagen skal førebu
for grunnleggande dugleikar i lesing og
skriving, noko som i Noreg inneber å
kunne lese og skrive både nynorsk og
bokmål. Barnehagar som bruker både
nynorsk og bokmål, gjev borna eit mykje
betre grunnlag for seinare lese- og skriveopplæring.
Born som seinare skal ha nynorsk
som hovudmål i skulen, har eit veikare
utgangspunkt når dei berre har høyrt
bokmål og dialekt i barnehagen. Når
mange elevar seinare byter hovudmål frå
nynorsk til bokmål, heng det saman med
at dei ikkje kjenner seg trygge i hovudmålet sitt. Manglande medvit om nynorsk
og språklæring i barnehagar i kommunar
med nynorsk som opplæringsmål svekkjer difor vilkåra for nynorsk i Noreg.
Tidleg møte med nynorsk tekst gjennom opplesing, songar og rim er òg viktig for born som seinare skal ha nynorsk
som sidemål i skulen. Det gjer borna meir
positive til nynorsk sidemål. Alle som peikar på utfordringar med sidemålsopplæringa, har difor eit ansvar for å medverke
til at alle born møter meir nynorsk i barnehagen.
Born er som svampar i møte med
språk. Born har mykje større evne til å
lære språk enn det vaksne trur. Barrieren for bruk av nynorsk i barnehagane
ligg inne i hovudet til dei vaksne. Born i
Noreg møter mest bokmål utanfor barnehagen, og har difor nytte av å møte mest
nynorsk i barnehagen.
Noregs Mållag vil særleg oppmode
Kunnskapsdepartementet og KS til å
gjere ein innsats for å betre vilkåra for nynorsk og språklæring i barnehagane.
Utfordringar til Kunnskapsdepartementet:
l leggje rammer som sikrar klare poli-
tiske krav og forventningar til korleis barnehagesektoren formidlar både nynorsk
og bokmål.
l syte for at det finst lett tilgjengeleg
informasjon og etterutdanning som tematiserer nynorsk og bokmål i barnehagen.
l syte for at det vert sett i gang forsking
på korleis språkstimulering på nynorsk
og bokmål i barnehagane påverkar seinare lese- og skrivekunnskap i nynorsk,
både som hovudmål og sidemål.
l syte for at førskulelærarutdanninga
òg gjev førskulelærarar medvit og
kunnskap om korleis språkstimulering i
barnehagen best førebur borna på å lære
både nynorsk og bokmål i skulen
l gjev førskulelærarar kjennskap til dei
særlege utfordringane born med nynorsk
som hovudmål kan møte, og korleis barnehagen kan lette desse utfordringane
l
sikrar at alle førskulelærarane har
grunnleggande lese- og skrivekunnskap i
både nynorsk og bokmål
det er ikkje vektlagt i førskulelæraropplæringa, og det finst lite ressursar tilgjengeleg. Unntaket er det gode arbeidet til
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
(Nynorsksenteret).
Det finst nynorske bøker i mest alle
barnehagar, men dei vert oftast ikkje
lesne på nynorsk. Mange tilsette er opptekne av at borna skal møte den lokale dialekten, og omset alle bøker til sin lokale
dialekt når dei les. Andre tilsette opplever
nynorsk tekst som framandt og omset til
bokmål når dei les for borna, ofte av di dei
meiner det høyrest rart ut når dei les på
nynorsk. Resultatet vert at nynorske bøker oftast vert lesne på bokmål eller dialekt, og ungane møter ikkje det nynorske
språket i barnehagen.
Utfordringar til KS:
Landsmøtet i Noregs Mållag ber sokneråd, bispedømeråd og Kyrkjerådet om
å arbeida aktivt for å sikra at born som
har eller skal ha nynorsk som hovudmål,
får trusopplæringsmateriell på sitt eige
språk, slik born med bokmål som hovudmål får det. Landsmøtet ber Stortinget
om å setja krav om jamstelling mellom
nynorsk og bokmål i materiell som blir
brukt i trusopplæringa når dei tildeler
statleg støtte til slik opplæring.
gje råd til kommunane om korleis dei
kan sikre at barnehagane
– lèt ungane høyre både nynorsk og
bokmål tekst opplese
– lèt ungane høyre og lære songar, rim
og regler på både nynorsk og bokmål
– tematiserer nynorsk/bokmål på personalsamlingar og i informasjon til foreldra
l gje råd til kommunane om korleis dei
kan
– leggje klare forventningar om bruk
av nynorsk til dei barnehagane kommunen sjølv eig, og formidle same ønsket til
private barnehagar i kommunen
– tematisere nynorsk/bokmål på møteplassar for barnehagestyrarar og i samarbeidet mellom barnehage og skule
l gje råd til kommunar med skulekrinsar med nynorsk som opplæringsmål om
korleis dei kan sikre at barnehagane gjev
borna best mogeleg utgangspunkt for å
lære nynorsk som hovudmål i skulen
l gje råd til kommunar med skulekrinsar med bokmål som opplæringsmål om
korleis dei kan sikre at barnehagane gjev
borna best mogeleg utgangspunkt for å
lære nynorsk som sidemål i skulen
l
Noregs Mållag har dei siste to åra gjennomført barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor». Gjennom ein
nasjonal kampanje for nynorsk i barnehagen har sentrallekken på halvtanna år
besøkt 65 barnehagar i 34 kommunar i 11
fylke. I tillegg til dette har lokale mållag
rundt om i heile landet hatt eigne samarbeid med og besøk i barnehagar. Mållaget
har laga og distribuert kampanjemateriell
som samla er trykt i 70 000 eksemplar.
Erfaringa frå kampanjen er at barnehagane i utgangspunktet har stort medvit om språkopplæring, og gjer eit godt
arbeid med å fremje språkutvikling hjå
borna. Men dette gjeld diverre ikkje medvit og kunnskap om korleis borna skal
verte introduserte for båe dei offisielle
norske skriftspråka nynorsk og bokmål.
Dette kan barnehagetilsette svært lite om,
Trusopplæring
på nynorsk
Til UD: Språket i
Læreplanen Kunnskapsløftet 06
Læreplanen for norsk skule er eit
grunnlagsdokument med eit ordtilfang
som har stor påverknad på både munnleg
og skriftleg språkutvikling. Læreplanen
er eit sentralt fagleg grunnlag i lærarutdanninga, og han er i dagleg bruk i undervisninga i skulen. Det blir nå laga læreplan for det nye faget, valfag, som skal
innførast i ungdomsskulen hausten 2012.
Denne læreplanen må vera på nynorsk.
Det gjeld alle einskilde fagplanar i dette
faget. I høyringsutkastet er alt på bokmål.
Læreplanen Kunnskapsløftet 06
(LK06) har mindre nynorsk enn tidlegare
læreplanar. Det bør rettast opp, både i
fagplanane for det nye valfaget og i andre
fagplanar som nå skal reviderast og vedtakast, t.d. i norsk.
Elevar med nynorsk som hovudmål
er utsette for eit stort og tungt bokmålspress. LK06 legg meir og meir vekt
på digital dugleik. Der er det meste av
informasjon og fagstoff på bokmål. Dette
inneber eit større press på nynorsk ordtilfang og dreg nynorsk språkføring i retning bokmål. I tillegg er elevane utsette
for eit sterkt bokmålspress, gjennom
skjønnlitteratur for barn og unge og gjennom undervisningsopplegg frå ulike føretak og organisasjonar.
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Solveig Grønlien, aktiv i Odda
Mållag og Hordaland Mållag:
1 – Det er flott å vere på landsmøte, og spesielt kjekt å få oppleve Sigrid Bonde Tusvik. Og så
er det veldig kjekt å møte alle
dei som har same interesse for
nynorsken og målsaka, og kjekt
å bli kjent med nye målfolk. Det
gjev ein ekstra kveik.
2 – Den viktigaste saka er
normeringssaka. Eg vil gjerne
ha ein nynorsk som ikkje er
for bokmålsnær. Dessutan er
eg oppteken av at vi får sikra
nynorsken i skulen gjennom ei
god sidemålsordning i norskfaget.
Bodil Vinjevoll, leiar i Målselv Mållag og
nestleiar i Troms og Finnmark Mållag:
1 – Det er veldig kjekt å vere på landsmøtet. Nord-Noreg er langt vekke frå kjerneområdet, og vi kan difor ofte kjenne oss
åleine. Og då er det veldig kjekt å kome
på landsmøte og vere ein del av, og bli
inspirert av, ein større fellesskap. Eg tykkjer
også at det er viktig at vi frå Nord-Noreg
øtet i Noregs Mållag 2012
kan fortelje om vår språksituasjon. Både
samisk og nynorsk er minoritetar i eit tungt
bokmålsområde.
2 – Det er viktig at det vert lagt til rette for
at det skal vere lett å velje nynorsk, og dermed eit godt alternativ. Det er også viktig
at skulen tek vare på nynorskelevane, slik
at dei kan halde på nynorsk heile vegen.
Det gjeld både som hovudmål og sidemål.
eit vidareutdanningstilbod for lærarar,
og øyremerkte midlar til nynorskklassar,
slik at små klassar med nynorskelevar ikkje blir samanslått med bokmålselevar.
Det er viktig å sikra tilgang på nynorske
læremiddel av betre kvalitet enn det me
ofte finn i dårlege omsetjingar frå bokmål. Også der nynorsken står sterkt, er
det nødvendig med dyktige lærarar som
lærer elevane å vera stolte av språket og
identiteten sin.
Ulike kompetansemål
Direktoratet har føreslått at det skal
innførast ulike kompetansemål for hovudmålet og sidemålet. Noregs Mållag
meiner at det må utarbeidast noko ulike
kompetansemål for hovudmålet og sidemålet. Det er rimeleg at eleven meistrar
best det norske språket han har hatt opplæring i lengst. Elevar som held fast ved
nynorsk som hovudmål, meistrar oftast
både nynorsk og bokmål. Eit av framlegga
frå Kunnskapsdepartementet er at elevar
som søkjer opptak til høgare utdanning,
skal få eitt ekstra poeng for å ha nynorsk
som hovudmål. Etter Noregs Mållag sitt
syn er det rimeleg at nynorskelevane slik
får synleggjort den ekstra kompetansen
dei har i norsk.
Foto: Kjartan Helleve
Difor er det ekstra viktig å bruka nynorsk i LK06. Språket i læreplanane har
staten sjølv fullt og heilt hand om. Om
direktorat og departement nå vil styra
i tråd med vedteken politikk, i t.d. Stortingsmelding nr. 35, Mål og meining, der
det heiter at det nynorske språket skal
styrkjast, må elevar, studentar og lærarar
få denne støtta som nynorske fagplanar
gjev.
Noregs Mållag meiner at tida er inne
for å ta språkutviklinga på alvor i praktisk
og faktisk språkbruk.
Kopi Kunnskapsdepartementet
Høyringssvar om
endring av lov om
stadnamn
16. april 2012 la Kulturdepartementet
fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn, som ei oppfølging av stortingsdokument nr. 8:58 (2007–2008). Landsmøtet i Noregs Mållag, samla til møte
27.–29. april 2012, meiner det er bra at
skrivemåten av gardsnamn framleis skal
fastsetjast av Statens kartverk, fordi dei er
stadnamn og kulturminne med interesse
for alle. Derimot meiner vi det er svært
uheldig at eigar eller festar av bruk skal ha
«det avgjerande ordet i saker som gjeld
bruksnamn» (framlegg til endring i § 6).
Det er rettnok teke atterhald i § 8:
Bruksnamnet kan få ein annan skrivemåte enn gardsnamnet dersom «eigar elNorsk Tidend nr. 3 – 2012
ler festar kan dokumentere at denne skrivemåten har vore i offentleg bruk».
Bakgrunnen for kravet om at eigar eller festar skulle kunna vera med og fastsetja gards- og bruksnamn, er at mange
ikkje skil mellom slektsnamn og gardsnamn/bruksnamn. Slektsnamn med
opphav i gards- eller bruksnamn blir ofte
skrivne slik desse vart nedteikna til dansk
av prestar og futar på 1500–1800-talet,
medan stadnamna altså følgjer lokal uttale og dagens skrivereglar.
Me ser fleire uheldige konsekvensar av
dette lovframlegget:
• Det verkar forvirrande og rotete med
mange ulike skrivemåtar av bruksnamn
med opphav i same gardsnamn, t.d. Vik,
Wiik, Vig, Vigh osv.
• Forvanska skrivemåtar som ikkje
støttar opp om lokal uttale av eit stadnamn, kan fort føre til at uttalen endrar
seg, og stadnamnet som kulturminne blir
borte.
• I mange tilfelle kan det vera vanskeleg å skilja mellom gard og bruk.• Det kan
vera tvil om kva som skal godtakast som
«offentleg bruk» av eit namn, og som kan
danne grunnlag for å endre skrivemåten
av namnet på bruket (jf. endringsframlegget til § 8).
• Det at brukaren skal avgjera namnet
på bruket, kan føre til at eit bruk får endra
skrivemåte frå ein generasjon til neste.
• Formuleringa i § 6 om at eigar/brukar skal ha det avgjerande ordet i saker
som gjeld bruksnamn, synest å stå i motstrid til formuleringa me siterer frå § 8.
Det kan fort føre til strid om korleis lova
skal praktiserast.
Dei norske stadnamna, inkludert
gards- og bruksnamn, er vår felles eige.
Noregs Mållag meiner at stadnamnlova
slik ho er i dag, forvaltar gards- og bruksnamn på ein framifrå måte. Ho vernar
om namna som kulturminne og sikrar
den lokale uttalen, som er ein del av den
immaterielle kulturarven vår. Me ber derfor Stortinget om ikkje å gjera endringar i
stadnamnlova, men halda på namnefastsetjinga slik ho er i dag.
Eit norskfag
for framtida
Norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule skal reviderast, og kunnskapsminister Kristin Halvorsen har bedd Utdanningsdirektoratet laga eit framlegg til
ny læreplan i norsk. Me er samde med
statsråden i at faget må endrast – for at
hovudmålet og sidemålet skal styrkjast.
Nynorsk som hovudmål
Noregs Mållag ser det som svært positivt at kunnskapsministeren vil setja inn
tiltak for å få nynorskelevar til å halda på
nynorsk som hovudmål. Gjennom prosjektet Målstreken, som er eit samarbeid
mellom Valdres Mållag og Noregs Mållag, har me sett at det er nødvendig med
både kompetanseheving, haldningsendring, statusheving og praktisk tilrettelegging for å styrkja nynorsken i skulen. Nokre av tiltaka krev ein økonomisk innsats.
Mellom anna meiner me at det trengst
Nynorsk som sidemål
Elevane i nynorske kjerneområde, med
bokmål som sidemål, er eit bevis på at det
går an å bli sterk i begge målformer. Dei
lærer språka godt fordi dei møter begge
dagleg. Elevar i område der bokmål dominerer, får ikkje den same sjansen til å
møta begge språka jamleg, slik opplæringa er i dag. Det er på tide at styresmaktene gir dei den sjansen, ved å tenkja
nytt når det gjeld sidemålsundervisninga.
Møte med sidemålet i barneskulen er eitt
tiltak som viser seg å gi gode resultat. Eit
anna er å gi elevane på ungdomssteget nynorske lærebøker i andre fag enn norsk. I
ein rapport frå 2006 har Utdanningsdirektoratet òg vist at tidlegare start med
skriftleg sidemål fører til betre haldningar
til nynorsk som sidemål (Kartlegging av
sidemålsundervisningen på 10. trinn og
VK1, allmennfaglig studieretning).
Vurdering i norsk
Noregs Mållag meiner at elevane i ungdomsskule og vidaregåande skule framleis må få ein eigen karakter i sidemålet,
helst både som standpunktkarakter og
obligatorisk eksamen. Me veit at så lenge
me har eit skulesystem med standpunktkarakterar og eksamenar, blir desse vurderingane styrande for undervisninga.
Dersom det ikkje blir eigen karakter i
sidemålet, er me redde at faget blir tona
sterkt ned i skulen. Ser ein på læreplanane, ser ein fort at norskfaget har vorte
svært omfattande. Me meiner at faget må
konsentrerast om det som er det sentrale
i norsk: lesing og skriving, og kunnskap
om norsk språk og litteratur – på hovudmålet og sidemålet. Landsmøtet i Noregs
Mållag meiner at styresmaktene no må ta
omsyn til at fleirspråksituasjonen i landet
vårt er ein ressurs som kan utnyttast til å
gjera elevane meir språkmedvitne.
13
Terje Torkildsen er forfattar, komikar, miljøvernar, lokalpolitikar og pappa til ei jente
i nynorskklasse i Stavanger. Han har vunne UPrisen for andre gong på fire år.
Likevel er Torkildsen uroleg.
UPris. Ungdom. Uro.
F
yrst av alt: Gratulerer med UPris!
Kvifor er denne prisen viktigare
enn alle andre litteraturprisar?
– For meg er denne prisen veldig viktig fordi det er ein publikumspris, det er
målgruppa som avgjer kven som vinn.
Når eg skriv ungdomsbøker, er det veldig
viktig for meg at eg skriv for ungdomane,
og ikkje for vaksne, som elles gjerne er
dei som vurderer litterær kvalitet. Det
var veldig stas å bli nominert, og veldig
stas å vinne. Ja, dette var veldig stas.
Alle ungdomar kan vere med og
nominere kandidatar til UPrisen. Åtte
niandeklassar med til saman 220 elevar
les seg gjennom dei nominerte bøkene.
Prisen er unik i sitt slag ved at det er
ungdom sjølv som vel vinnaren, og har
fått mykje merksemd – ikkje minst for at
nynorskbøker har vunne fire av dei seks
åra prisen har blitt delt ut. Torkildsen
fekk UPrisen for debuten Marki Marko
i 2009.
– Som alle andre nynorskforfattarar
har vel du òg mykje rart på peishylla etter kvart, men denne prisen er vel fyrst og
fremst eit uttrykk for at du er flink til å
kommunisere med ungdom?
– Ja, det er vel det den prisen eigentleg
handlar om. Marki Marko, som eg fekk
UPrisen for i 2009, skreiv eg jo saman
med tiandeklassingar på St. Svithun skole
i Stavanger. Heile det prosjektet handla
vel eigentleg om å finne ut korleis eg kan
nå ut til denne aldersgruppa, og kva det
det eigentleg er dei vil lese.
Moralist og moromann
– Og då var svaret sex og vald?
– Tabloid sagt er det vel det, men det
mest interessante med det prosjektet var
kanskje det stilistiske: Spaning var langt
viktigare enn vald – det må vere høgt
tempo. Sex er sjølvsagt eit element, men
det er faktisk ikkje så mykje sex i desse
bøkene.
Torkildsen har gjeve ut tre bøker i
Dystopia-serien, og den fjerde og siste
kjem til hausten. Bøkene handlar om
seks ungdomar frå Stavanger som er i
London då ein enorm miljøkatastrofe
råkar byen. Dei fire bøkene skildrar
kampen for å kome seg heim til Noreg,
og blir omtalt som «ein motorveg av ei
lesaroppleving».
– Du slår meg som ein blid og glad fyr,
og så gjev du ut den eine boka etter den andre der det berre går verre og verre?
– Ja, eg er jo eigentleg komikar. Likevel er det litt både òg, det er til dømes
mykje humor i desse bøkene. Bakteppet
er like fullt veldig alvorleg, men det trur
eg er heilt naudsynt når ein skal skrive
spaningsromanar for ungdom: Konsekvensane av å handle feil må vere fatale,
og då må du rive handlinga ut av ein
norsk kvardag, for den er for trygg.
Terje Torkildsen er over snittet oppteken av miljøvern, og har arbeidd i nesten
ti år som prosjektleiar for Miljøheimevernet og Grønn Hverdag i Stavanger.
Han har sanka prisar for miljøengasjementet sitt, og i 2007 laga han tv-serien
«Himmel og hav» saman med Siri Kalvig.
– Er miljøengasjementet ditt eit bakteppe for handlinga i Dystopia-bøkene?
– Det er heilt klart ein miljøbodskap
her, sjølv om han ikkje er så eksplisitt. Eg
har arbeidd med miljø- og klimaspørsmål i mange år, og då får ein dystopien og
dei kjipe framtidsutsiktene litt tettare på
kroppen. For tida blir eg veldig inspirert
av den veldige kontrasten mellom økokrisa og den fantastiske forbruksfesten,
noko ein merkar særleg her i Stavanger.
– Så til og med frilynde Torkildsen er
eigentleg moralist i botn, med andre ord?
– Ja, det er eg kanskje. Men det er veldig subtilt gjort!
Ein ekte målmann
Terje Torkildsen har mellom anna vore
leiar for studentmållaga både i Kristiansand og Stavanger på nittitalet. Han har
òg drive parallellklassearbeid i Stavanger,
noko han fekk Målblomen for på landsmøtet i 2008. Det er ikkje tvil om at vi har
å gjere med ein ekte målmann.
– Kva er du mest stolt over frå studentmållagstida?
– På ein måte gjorde eg det same då
som eg gjer no – eg populariserte nynorsken. I Kristiansand hadde vi mellom
anna stand-up med Per Inge Torkelsen
og Arne Hjeltnes, og eg gjorde òg ein del
stand-up sjølv der innhaldet krinsa rundt
språk og dialekt. Når ein er i bokmålsland er det lurt å ufarleggjere nynorsken.
– Er det noko å lære her; er Noregs
Mållag for moralistisk?
– Nei, eg synst målrørsla gjer så godt
dei kan. Det handlar vel òg om ressursar.
Frivillig sektor må alltid bruke ressursane
sine der dei gjev mest effekt, og dei kreftene er jo avgrensa. Men når det er sagt
trur eg det er viktigare for nynorskforfattarar å skrive populært enn det er for
bokmålsforfattarar.
– Denne våren står vi oppe i ein ny
målkamp. Du har mykje kontakt med
ungdomar. Synest du det er rett av Noregs
Mållag å stå så hardt på kravet om sidemål for alle?
– Ja, det synest eg! Det er berre tull at
det skulle vere vanskelegare for ungdom
å skrive sidemål no enn det har vore
før. Eg gjekk sjølv i bokmålsklasse og vi
skreiv «spynorsk mordliste» på ordlista
den gongen òg – dette er same shit, new
wrapping.
– Mange nynorskforfattarar har eit
distansert tilhøve til målarbeidet, men du
har mellom anna drive parallellklassearbeid i Stavanger. Kvar hentar du engasjementet for nynorsken frå?
– Det er vel mest ei klar overtyding,
ei klar kjensle av at dette er rett. Det er
mange ulike argument for nynorsk, og
argumenta endrar seg jo òg. Det som
starta engasjementet mitt, var at eg
opplevde at det var så mykje negative
haldningar mellom lærarstudentane i
Kristiansand. Det provoserte meg, og
eg tenkte at det kunne jo ikkje vere slike
lærarar ute i skulen.
Terje Torkildsen
◆ har fått UPrisen 2012 for Dystopia III
◆ utdanna norsklektor
◆ har spelt i filmane Mongoland, Alt for
Egil og Monstertorsdag
◆ har gjeve ut fire bøker for ungdom:
Marki Marko og Dystopia I, II og III
◆ har arbeidd med miljø i nesten ti år,
men har dei siste åra vore komikar på
fulltid
◆ fekk saman med Lise Lunde Nilsen
målblomen på mållagslandsmøtet i Stavanger i 2008 for arbeidet med nynorsk
parallellklasse i Stavanger
– Seinare har eg vore innom heile registeret av argument, eigentleg, men no
er eg mest oppteken av at det er enormt
viktig for mangfaldet. Eg er uroa for einfaldet. I takt med at vi blir rikare og likare
mistar vi motkulturane. Språk handlar jo
om ein måte å tenkje på, og nynorsken er
ekstremt viktig som eit anna perspektiv,
ein annan måte å tenkje på.
– Er det ein samanheng mellom denne
argumentasjonen og miljøvernengasjementet ditt?
– Eg har tenkt mykje på dette, og
prøvd å finne ut kvifor eg alltid satsar
tungt på underdogen. Det kjennest berre
veldig riktig for meg – eg er heilt sikker
på at eg ikkje hadde vore forfattar om eg
ikkje hadde skrive på nynorsk. For meg
er det ein del av ein livsstil, det handlar
om verdiar, sånne djuptgripande greier.
Det handlar om kven du er, kva du står
for.
– Eg ser at mange av forfattarane som
voks opp i det nynorske kjerneområdet,
ikkje har nokon trong til å markere seg
så sterkt som målfolk. Men for ein stor,
kvit mann på førti kan det vere ganske
sunt å kjenne litt på korleis det er å vere
minoritet!
– Tenkjer du at det å vere nynorsking
gjev deg nokon røynsler du kan hauste av
òg andre stader i livet?
– Ja, eg trur til dømes det er mykje enklare å forstå perspektiva til andre minoritetar. Utan nynorsken hadde eg mista
ein del forståing for kva andre folks liv
og utfordringar er. Og eg kunne sikkert
levd godt med det òg, men i eit så lite og
homogent land som Noreg så er desse
andre perspektiva, og motkulturane, ekstremt viktige. Eg trur ikkje storsamfunnet forstår kor viktige dei er.
Den klamme konformiteten
Terje Torkildsen er fyrste vara til bystyret
i Stavanger for Miljøpartiet dei grøne, og
er levande oppteken av heimbyen. Stavanger var europeisk kulturhovudstad i
2008, men kva skjer no?
– No er det eit stort ordskifte som går
i Stavanger om etterlivet til kulturhovudstaden. Mange trekkjer fram at byen har
blitt mykje meir konform. Eg trur det er
riktig, og det er definitivt noko eg kjen-
ner på sjølv òg – velstandsutviklinga er
vel eit stikkord her. Ein burde ha styrkt
motkulturane, men i staden vel ein å tone
ned det som ikkje er A4.
– Til dømes var det ekstremt mange
nynorskklassar her då eg flytta hit, men
no trur eg klassen til dottera mi er den
einaste att i heile kommunen. Då bør vi
kanskje satse tungt på å få fleire, i staden
for å få den motsette utviklinga.
– Økonomien er vel viktig her, men
eg trur det òg handlar om ein konformitet, ettersom flyttestraumane skaper ein
meir homogen demografi. Den ser du òg
att i talet på nynorskklassar. Eg har sjølv
vakse opp her på Våland, og ser det ganske tydeleg. Før var det nynorskklassar
på kvart einaste trinn, men no er det ein
annan type folk som bur her. Dei vel ikkje
nynorsk. Det gjeld både byfolk og bygdefolk. Eg har inntrykk av at nokre av dei
som kjem frå bygdene, er lite interesserte
i å flagge opphavet sitt.
– Dette handlar vel om kva type samfunn som kjem snikande på oss, utan at vi
har teke den store generaldebatten om kva
type samfunn vi eigentleg vil ha?
– Det er kanskje difor det er interessant her i Stavanger. Kjem noko hit, kjem
det til resten av landet òg. I Stavanger er
Kuwait-økonomien mest synleg.
Kvifor bøker
– Kvifor bøker?
– Eg er oppteken av at litteraturen skal
ha ein funksjon. Det kan vere at du vil bli
ein stor mann, at du vil tene pengar, eller
du kan ville formidle noko. Og det er det
siste som er mitt prosjekt – eg har noko
eg vil seie.
– Eg synst det er viktig å lese, og dette
er grunnen til at eg byrja skrive. For femseks år sidan var mange opptekne av at
gutar ikkje las. Om du ikkje lærer deg
å lese romanar i tenåra, så gjer du det
aldri. Eg trur den sjangeren i seg sjølv har
nokre kvalitetar det er veldig vanskeleg å
formidle i andre sjangrar.
– Det handlar òg om nynorsk, og eg
meiner det er viktig å få positive lesaropplevingar på nynorsk. Får du det, har
du òg mykje meir positive haldningar til
nynorsken. Då er det større sjanse for at
du vel nynorskklasse for ungane dine, eller at du lærer deg språket godt nok til at
du kan bruke det i ein jobbsamanheng.
– Til slutt handlar det om miljøengasjementet, om å vekkje lesarane, sjå oss
sjølve frå ein litt annan vinkel og tenkje
over korleis livet eigentleg er. Vi må ikkje
gløyme at vi er ein del av naturen, for å
seie det enkelt og banalt. Fukushimakraftverket i Japan bør vere eit varsku
for kva som kan kome. Vi bør ikkje vere
redde, men kanskje ta desse spørsmåla
litt meir inn over oss.
– Dette blei jo veldig dystert, og eg er
eigentleg ein løgnas, altså! I haust kjem
eg med ei rein humorbok saman med
Hans Morten Hansen som handlar om
då vi køyrde taxi på nittitalet. Det blir
fint.
Jens Kihl
[email protected]
Foto: Kjartan Helleve
I år fyller Lars Amund Vaage 60 år. Forlaget Oktober feirar med å gi ut ei samling tekstar om forfattarskapen.
Denne teksten handlar om den andre diktsamlinga til Vaage, Utanfor institusjonen. Jan Inge Sørbø
tek utgangspunkt i den franske filosofen Michel Foucaults bok om galskapens historie og spør:
Kva skjer om ein tek språket innanfrå med ut og utanfrå med inn?
Eit språk før
nullpunktet
«I
sinnssykdommens rolige verden kommuniserer ikke det
moderne menneske lenger
med den gale: på den ene
siden ble galskapen overlatt til legen av
det fornuftige menneske, noe som bare
muliggjorde et forhold gjennom sykdommens abstrakte universalitet. På den
annen side er den gales kommunikasjon
med omgivelsene utelukkende formidlet
av en fornuft som er like abstrakt – som
er orden, fysisk og moralsk tvang, anonymt gruppepress, krav om konformitet. Noe slikt som et felles språk finnes
ikke, eller snarere finnes ikke lenger. Da
galskapen ved slutten av 1700-tallet ble
konstituert som sinnssykdom, var dialogen brutt, separasjonen allerede utført.
Alle de stotrende, ufullstendige ordene
uten fast syntaks, som uttrykte enheten
mellom galskap og fornuft, ble støtt ut
i glemselen. Psykiatriens språk, som er
fornuftens monolog over galskapen,
kunne bare opprettes på grunnlag av en
slik stillhet.
Jeg har ikke villet skrive dette språkets
historie, men heller denne stillhetens
arkeologi.»
(Michel Foucault i Galskapens historie s. 18)
I den tidsalderen av fornuft som opplysningstida innleidde, kan vi sjå opphavet til ein konstruksjon av det menneskelege som vi framleis slit med. Det irrasjonelle og gjerne også det vonde blir definert bort frå det menneskelege. Dersom
fornufta er det spesifikt menneskelege, så
må dei ufornuftige pr. definisjon vera det
ikkje menneskelege. I moderne reaksjonar på vondskap og grove brotsverk blir
denne tanken ført vidare: Å gjera noko
vondt er ikkje menneskeleg, for mennesket er godt. Difor må vondskapen
få ein diagnose, slik at den ikkje trugar
vårt bilete av oss sjølv som fornuftige og
gode. Denne diagnostiske kulturen er i
stadig ekspansjon; det er i dag til dømes
ein diagnose å vera skuletrøytt, og er ein
borte frå vidaregåande meir enn eitt år,
kvalifiserer det til uføretrygd.
Det er Foucault som mest skarpsindig har analysert desse mekanismane,
han peikar på eit sentralt paradoks i dei
eksklusjonsmekanismane som finst i det
moderne. Fornuftas primære påstand er
at det ikkje finst noko samband mellom
fornuft og galskap, det er ingen identifikasjonspunkt mellom dei. Men nettopp
denne påstanden spring ut av eit tett og
hemmeleg samband mellom dei. Fornufta treng denne absolutte avvisninga
for å halda fram med å vera fornuft, galskapen er fornuftas Andre, halden fast i
ein absolutt avstand og avhengigheit på
same tid. Var ikkje galskapen galskap,
16
så var heller ikkje fornufta fornuft. Det
er det hemmelege bandet mellom dei.
Sjølve tanken på at den psykiatrisk kyndige sjølv kan bli gal er utoleleg, og må
fornektast for at psykiatrien skal kunna
bestå. Difor sperrar ein inne naboen for
å overtyda seg om sin eigen fornuft, som
Foucault formulerer det.
om ein tek språket innanfrå med ut, og
utanfrå med inn? Den som kjenner nokon som bur innanfor institusjonen, kan
han låna språket derifrå, og sjå korleis
verda ser ut i dette språket – på utsida?
Og korleis blir livet innanfor institusjonen dersom ein brukar det vanlege språket om det?
Dette er eit dårleg grunnlag for kommunikasjon, dialogen er broten: På den
eine sida «psykiatriens språk, som er fornuftas monolog over galskapen» (s. 18).
På den andre sida: stilla – som Foucault
vil skriva sin arkeologi om. Det som er
borte, er ein møtestad mellom dei, dei
stotrande orda som bind saman dei to
polane i det menneskelege.
Om vi rører oss mellom desse språka,
kan vi koma dit at vi ikkje utan vidare
godtek dei inndelingane og mønstera
som er sjølvsagte for oss i kvardagsspråket, eller i språket som vitskapane finstiller og legg til grunn for sine inkluderingar og eksklusjonar. Alt det første diktet
(s. 7) set oss på sporet:
Det er neppe tilfeldig at Foucault siterer skjønnlitteraturen når han vil utarbeida eit alternativ til denne dikotomien.
For der galskapen og den vitskaplege
psykiatrien misser sjølve mediet for
kommunikasjon, blir nettopp skjønnlitteraturen ein slik møteplass, der ein kan
leita opp eit nytt språk, eit språk som ikkje er regulert av «institusjonens » klare
skilje mellom ute og inne, men eit språk
som er knytt til mangfaldet i det menneskelege. Og her, i skjønnlitteraturen, har
dialogen mellom fornuft og galskap, godt
og vondt, rasjonalitet og irrasjonalitet,
aldri brote heilt saman. Den møtestaden
som dei institusjonelle fagspråka har
bygd ned, med sine klare inndelingar og
grupperingar, har diktinga halde i live.
Når Lars Amund Vaage kallar diktsamlinga frå 2006 for Utanfor institusjonen, er det freistande å forstå dette
– også – som ei språkleg plassering.
Det språket vi trer inn i her, er utanfor
institusjonen, men ikkje i den forstand
at vi er trygt plasserte i fornuftas og normalitetens trygge språk. Det er snarare
slik å forstå at vi her trer inn i eit språk
som verken er inne eller ute, verken i
galskapen eller i vitskapen om den, men
utanfor begge. Og dermed også innanfor
det som normaliteten kallar institusjonen. «Utanfor institusjonen» kan i enkel
forstand forståast som utanfor ein bygning, og dikta plasserer seg jo også der, i
døra, så å seia, der ein ser kven som går
ut og inn. Men i utvida forstand plasserer desse tekstene seg ein stad før «det
nullpunktet i galskapens historie da den
var en udifferensiert erfaring, den ennå
udelte erfaringa av delingen selv», med
Foucaults formulering (s. 17).
Titteldiktet utfordrar inndelinga av
språka innanfor og utanfor institusjonen,
ved å spørja korleis verda utanfor institusjonen ser ut, skildra med det til tider
stumme språket frå innsida. Kva skjer
Den gamle diktaren mista orda
på veg opp frå naustet
til den skyme skogkanten der
steinane låg i eit mønster
han hadde forstått ein gong
Her stiller Vaage saman to fenomen:
Eit mønster som finst i verda (i steinane)
og eit anna mønster som finst i orda. Når
diktaren misser orda, misser han også
det mønsteret som før låg i verda. Den
gamle misser både den trygge ordninga
av tinga og skiljet mellom ord og verd.
Dei borna som stormar inn til han, kjem
ikkje frå nabolaget, men frå nabobøkene.
Når han vil skriva, grip han etter lyng
å skriva med. Han vil lesa korrektur på
ekrene, og forvekslar den blanke sjukehusveggen med eit uskrive ark. Dette
kan minna om den «rystelsen» Foucault
skriv om, i innleiinga til Tingenes orden:
den eksistensielle uroa vi kjenner når vi
blir konfrontert med heilt andre måtar
å dela verda inn i, enn den vanlege. Det
er ei uro som det er lettast å avvisa, som
galskap, humor eller mistak. Grunnen
til ei slik avvising er at tryggleiken blir
utfordra. Slike utfordringar får vi når vi
til dømes fylgjer eldre menneske inn i ein
fase der dei misser den trygge oversikten
over verda. Det enklaste er å karakterisera det som forvirring, og berga seg
tilbake til det trygge. Men om ein, som
Vaage, vågar å fylgja inn mot grensene av
det kjende, opnar det seg nye perspektiv,
krevjande, men ikkje meiningslause.
Vaage skildrar ein farsfigur som er på
veg inn i eit ukjent landskap, «mellom
oppgåver». Kommunikasjonen er omkasta: han ringer frå ein telefonkiosk som
ikkje verkar, han pustar meir enn han
snakkar, og han spør «om eg er sonen
hans enno / Eller er eg ein annan kar?»
(s. 9–10). Diktet sluttar i eit bilde av faren som hoppar i fallskjerm, men aldri
landar: «Han svevar midt mellom himmel og jord / med eit avslite telefonrøyr
i handa» («Far min har gått», s. 9–10).
Dette er ikkje meiningslaust; det inneheld bilete frå ein fascinasjon av krigen
som har prega faren. Faren som blir hengande i fallskjerm er både eit uttrykk for
at han er i ein svevande mellomtilstand,
og at han er i minna sine. Denne tilstanden der ingenting er opplagt, løyser opp
fleire samanhengar. I det vesle diktet
«Far spør» (s. 11) viser Vaage fram fleire
dimensjonar:
Far spør kven eg er fordi han har blitt
ein annan
Far spør om eg kan koma til han
for han kjenner meg ikkje
Far spør ikkje
han er gammal ung
Han er eit skrukket barn, nyfødd
for lenge sidan
Den første setninga formidlar ei finurleg innsikt: det er faren som har endra
seg, men han trur det er sonen som er
ein annan. Det skjer ei veksling: faren endrar seg gjennom gløymsle og alderdom,
men trur det er dei andre som endrar
seg. Men når han spør slik, endrar faktisk
også dei andre seg, og blir merksame
på kven dei er på nye måtar. Slutten av
diktet gir ein konsentrert innsikt i aldrar
som fell saman: Alderdommen liknar
barndommen, den skrukkete gamle blir
den skrukkete nyfødde – rett nok for
lenge sidan.
Er dette sanningar frå innsida av
institusjonen? Det er det, dette er ting
ein kjenner att i omgangen med gamle
menneske. Men det er også innsikter
som gjeld ute. Vi er alle berarar av fleire
aldrar. Og vi skaper kvarandre i samtalane vi fører: blir eg uforståeleg for min
samtalepartnar, blir eg også ein annan for
meg sjølv.
Samlinga Utanfor institusjonen undersøkjer grensene mellom språk og
verd, normalitet og galskap, tale og togn.
Boka har bakgrunn i personlege røynsler,
det legg ikkje forfattaren skjul på. I intervju har han fortalt både om ein far som
blir gammal og får ein demenssjukdom,
og ei dotter som er språklaus og bur på
institusjon. I romanen Skuggen og dronninga (2010) fortel han ei historie
om ei schizofren liding, som eg forstår
har bakgrunn i eiga slekt. I tillegg voks
han opp i nærleiken av det psykiatriske
sjukehuset på Valen, og har kjent til ein
større institusjon som ein del av lokalmiljøet.
Det er sjølvsagt mogeleg å lesa dikta
med vekt på desse biografiske spora.
«Den gamle diktaren» i opningsdiktet
har kanskje noko med bestefaren Ragnvald Vaage å gjera? Det korte og vakre
diktet «Natt» (s. 13) handlar om det
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
dei vandrar ut og inn i førestillingslivet til
forfattaren. Men det totale skiljet mellom
dei og oss, dei og eg, finst ikkje i desse
dikta. Derimot kan vi sjå at dei endrar
seg, kanskje gjennom medisinering: dei
har «minka ned til alt det vanlege» («Det
vanlege», s. 37).
korte og flyktige livet, som reiser fort
forbi, men sluttlinjene kan også verka
som eit vakkert portrett – av faren?
Du bygningsmann
du tenkjar, eldfloge
i jord
I nokre av dei avsluttande dikta anar vi
at diktaren er far, ikkje son, der han held
ei hand på veg til ein institusjon, og er
fylt av «den einsame tanken på deg, det
leikande barnet stengt inne i deg». Det
er hjarteskjerande: «Eg ville takka deg for
/ no. Det var ikkje noko / å takka for / sa
du.» («Til institusjonen», s. 65–66).
Desse biografiske spora er tydelege,
og dei er viktige. Det merkar vi også på
teksten, som aukar i intensitet i desse
enkle scenene: på veg inn i institusjonen,
avskilsstunda som blir vond og taus,
vegen attende til bilen, erkjenninga av at
«Eg vart fråtatt deg / Eg tok deg frå meg
sjølv» («Rørslene», s. 72). Dette er nok
viktige fakta for forfattaren, og har sin
plass i genesen til desse dikta. Men som
litteratur peikar dei ikkje primært mot
biografien eller opphavet. Dei peikar
snarare mot språkproblematikken, og i
neste omgang mot viktige trekk i Vaages
diktekunst.
Det handlar om språk. «Eg tok i bruk
/ språket til institusjonen alt / før han
hadde lukka seg rundt oss. / Forklaringane sette seg / fast i meg.» («Til institusjonen », s. 65–66). «Eg mista språket
mitt på institusjonen /… Eg fekk nye ord
av institusjonen» («Avskil», s. 68). Dei
nye orda fylgjer med han ut: «Korleis
kan eg skildra institusjonen med ord /
som ikkje er godkjende av institusjonen»
(«På veg til bilen», s. 69). Det nye språket
gjer at han ikkje greier å sjå institusjonen «med dine augo» – «eg tagde for eg
måtte ikkje / plumpa ut med sanninga»
(«Møterommet», s. 70). Han og den
kjære er språklause på kvar sin måte.
Han sjølv fordi han har overteke ord
som han ikkje er heime i, den andre er
utan språk. «Mitt hjarta var / meir stengt
enn ditt», skriv han(«Lunsj», s. 73). Det
var den tause pårørande som «skreiv
med hjarta». Samlinga sluttar med eit
ynske om å få livet utanfor skildra med
det språklause språket som institusjonsbuaren har, hjartespråket, for der finst
det ein innsikt om livet utanfor, som vi
ikkje har sjølv. Vi er nær det språklause,
men også nært poesiens utgangspunkt,
som alltid har freista å gje det namnlause
namn, med ei formulering av Olav Aukrust.
Den siste setninga i samlinga lyder
slik: «Syng den gamle songen / din /
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Foto: Torunn Nilsen
stumt» (s. 74). Dette diktet peikar mot
grensene for kva som kan seiast, og det
er heile tida ein problematikk i Vaages
forfattarskap. Diktsamlinga frå 2011
heiter rett og slett Den stumme. Men
sitatet viser også til ein annan tematikk
som Vaage uavlateleg skriv om; nemleg
musikken, som er utspent mellom lyd
og togn, og mellom det verbale og det
ikkje-verbale. Også dette temaet har biografiske undertonar, i og med at Vaage
sjølv er ein skolert og habil pianist. Men
når han gjer musikken til tema, er det ikkje primært for å fortelja oss om livet sitt,
og kva slags stykke han har øvd inn. Det
handlar snarare om grensene for språket, om å skriva seg fram til det punktet
i språket der meininga trer tilbake, og
musikken er det som peikar vidare, inn
mot det som ikkje kan seiast, i alle fall ikkje forklarast, men som likevel kling oss
i møte.
I Utanfor institusjonen møter vi dette
på fleirfaldig vis. Det er eit eksplisitt
tema:
Du sit og spelar piano
klamrar deg til planeten
Fingertuppane rører ved elfenbein
Ein frå eit anna solsystem
ville aldri forstå det
Du reiser deg
går mot det svarte holet
ved utgangsdøra
(«Elfenbein», s. 12)
Så store dimensjonar er det i ein kvardagsleg scene: ein person spelar piano.
Er det same «du» som i dikta før, er det
ein person med sviktande språk. Då er
musikken igjen; eit språk forbi kvardagsspråket, eit språk utan påstandsinnhald,
men fylt av meining, og elegant knytt
saman med andre solsystem. Men også
svarte hol: lys og meining, mørke og
språkløyse. Det diktaren observerer
her, er ikkje biografisk, det er noko som
omgir språket og musikken heile tida. Vi
er på den møteplassen mellom språk og
ikkje-språk, mellom forståing og togn,
som Foucault etterlyser.
I andre dikt blir musikken demonstrert, utan å bli tematisert. I diktet
«Arv» er det ein streng struktur: Ei linje
seier kva eg-et arva (ei stripe land, eit
flygel, herregardar osv.), medan linja
etterpå dementerer det: Eg arva ikkje
noko land. Påstandane blir sette fram
og dregne tilbake, i ei duvande rørsle.
Det stig fram eit landskap, element i eit
liv, men dei blir svevande i setningane,
arven er til stades i den eine setninga, og
blir trekt tilbake i den neste. Påstandsinnhaldet blir borte, musikken heng
igjen. Desse gjentakingane kjenner vi att
frå prosaen til Vaage, og dei pregar også
dikta i Den stumme. Han får språket til å
syngja, samtidig som det opnar seg både
mot solsystem og svarte hol; mot lys og
mot tap av meining.
Foucault leitar seg tilbake til det
punktet i galskapens historie der galskap
og rasjonalitet skil heilt lag, og blir utilgjengelege for kvarandre. Vaage skildrar
på sett og vis det same, når han misser
sitt eige språk på veg inn døra til institusjonen. Men svært mykje av samlinga
hans handlar også om det motsette: om
livet saman med «dei galne», som han
kallar dei. I halvt mytiske, halvt kvardagslege bilete skildrar han eit liv nært
innpå, der dei galne hjelper han med å
laga frukosten, dei myldrar inn i huset,
fyrer opp i omnen, set fram teskeier og
serviettar («Oppfostring»). Det er ikkje
heilt innlysande kva diktet viser til, men
det kan kanskje avspegla arbeid på ein
institusjon, der pasientane hjelper til
med det daglege stellet. Men i dette og
andre dikt glir forfattaren og dei galne
inn i kvarandres verd; dei møtest, samhandlar, skil lag, møtest på ny. Det pregar
mange av dikta: dei galne kjem tilbake
til bygda, galskapen er brent ut av dei på
ikkje namngjevne måtar, dei flytter inn
att i hus og hagar. Eller dei blir verre og
reiser tilbake. Dikt-eget har kontakt med
dei i alle fasar; dei kjem med bøker til
han, dei les for han, han snakkar med dei.
Det verkar som ei slags draumeverd, der
Midt i boka er det eit langt dikt om
bilkøyring, som samstundes er eit slags
livsløpsdikt: «Eg vrei på tenningsnøkkelen og barndommen var over» (s. 46).
Diktet handlar, gjennom si reise gjennom halvt draumeaktige landskap, om
overgangen frå «born til stille menn».
Det som bind diktet til resten av boka, er,
om noko, den sterke vekta på mobilitet,
rørsle, reise. Det ligg også sterkt inne i
skildringa av galskapstemaet. Dei galne
er ikkje statiske, dei er på veg ein stad, til
institusjonen eller frå den, til husa sine
eller frå dei, og dei er på veg til og frå oss,
og vi til og frå dei. Misser dei denne mobiliteten, skjer det noko uendeleg trist:
«Dei galne har / sitt eige rom, ein stor sal
/ openberrar seg / ei stove der dei sit /
forpuppa. Rullestolar / har dei okkupert,
men / køyrer ingen stad» («Det vanlege»,
s. 38). Stoppar rørsla, stoppar også utvekslinga av språk. Då får vi aldri skildra
vårt tilvære gjennom språket frå innsida,
og vårt språk får aldri skildra deira hus og
vindaugsrekkjer.
Det framstår i Vaages bok som ein
dystopi, som diktet gjennom heile sitt
vesen set seg imot. Diktet har berre eit
stykke på veg påstandsmeining, diktet
kan like godt gje seg over til musikken.
Dermed blir meininga flyktig og fluktuerande; dei flyt vidare. Så lenge det skjer,
finst det poesi og musikk. Stansar rørsla
opp, og språket blir til nomenklatur, så
blir dei galne frosne fast i sine rullestolar,
dei reiser ikkje lenger, verken i språket
eller i verda. Det er eit tap for dei, men
det er også eit tap for oss. For det språket
dei representerer heng på underleg vis
saman med musikken, poesien og erkjenningane av grensene for kva som kan
seiast. På denne måten liknar det språket i kunsten, som utforskar dei same
grensene. Difor blir også kunsten den
møtestaden for ulike språk som Foucault
etterlyser, den staden der delinga mellom
gale og normale enno ikkje har skjedd.
Vaages bok gir glimt av ein slik stad.
Jan Inge Sørbø
l Denne artikkelen viser til Michel Foucault:
Galskapens historie i fornuftens tidsalder (Oslo: Gyldendal, 1999) og Tingenes Orden (Oslo: Aventura,
1996) og Lars Amund Vaage: Utanfor institusjonen
(Oslo: Forlaget Oktober, 2006).
l Artikkelen er henta frå Hanne Bramness og
Jahn Holljen Thon (red.): Ti lesninger i Lars Amund
Vaages forfatterskap (Oslo: Forlaget Oktober, 2012)
17
Fotballforbundet speler på lag med nynorsken
Trass i at det er hundrevis av nynorskbrukande fotballklubbar, er
bokmålet totalt dominerande i
Noregs Fotballforbund. Eit initiativ frå Sogn og Fjordane kan gje
språkleg heimesiger.
Sogn og Fjordane fotballkrets
står bak eit initiativ for å lage
brosjyrar og infomateriell på
nynorsk, og fyrst ut er fair playreglementet og foreldrevett-reglane. Dette er noko klubbane har
spurt etter ei god stund.
– Vi er landets einaste ny-
norskspråklege krets. Det vil seie
at vi utgjer eit mindretal på tre
prosent i norsk fotball som brukar nynorsk som målform, seier
Svein Olav Myklebust, dagleg
leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, til NRK Sogn og Fjordane.
Jamvel om kretsen er liten i
fotballforbundet, er det mange
medlemer: Nesten 15 000 er
medlemer i fotballkretsen, og
Ynge Hallén frå Sogndal har sidan
2010 vore president i Noregs Fotballforbund. Det er heller ingen
Med lov skal laget byggjast
Jostein O. Mo frå
Ørsta har fått stipend
på 50 000 kroner frå
Noregs Mållag for å
utvikle lagslover til
organisasjonslivet på
nynorsk.
– Gratulerer med stipend! Kvifor
denne veldige interessa for lagslover?
– Eg har vore med i mange
lag og organisasjonar i meir enn
40 år. Heime i Ørsta har det vore
god vane å bruke nynorsk også
i lagslivet. Dei fleste av oss skriv
nynorsk til vanleg. Etter kvart
som åra har gått, har det kome til
nye tillitsvalde, ofte innflyttarar,
og haldningane til nynorsk har
endra seg. Eg har også fått vere
frivillig tillitsvald på fylkes- og
landsplan. Då har eg sett at slike
organisasjonsledd for ofte ikkje
har god nok forståing for at dei
lokale laga treng tilgjenge til lagslover og mønstervedtekter også
på nynorsk.
– Landsorganisasjonar bør
difor også ha parallelle nynorske
mønstervedtekter som tilbod til
lokallaga sine. Dette kan eg no
hjelpe til med. Eg har allereie lukkast i å få Norges Idrettsforbund
til å ha lovnormer for idrettslag
og idrettsråd i kommunane på
nynorsk. Å ha nynorsk versjon
som alternativ til bokmål-standard sikrar at lovpraksisen kan
vere konsekvent også for lag som
vel nynorsk. Alternativet med å
omsetje til nynorsk kvar for seg
kan gje ulike formuleringar.
Mange års røynsle
Jostein O. Mo er tidlegare styreleiar i Møre og Romsdal Idrettskrins og har i over 15 år vore med
i lovutvalet i Noregs Idrettsforbund. Han har tidlegare omsett
lovnormene for idrettsråd og
idrettslag, og burde med andre
ord vere vel skikka for arbeidet.
– Mange lag har lovene sine på
bokmål. Kva konsekvensar får det
for språkbruken i laget?
– Eit lag som har lovene sine
på bokmål, gjer at det lettare kan
bli akseptert at årsmeldingar og
annan informasjon også vert på
bokmål, sjølv i nynorsk-land.
Laga sine heimesider er også ein
viktig arena for god nynorsk.
I arbeidet ser vinnaren føre
seg at han skal kontakte eit utval
frivillige organisasjonar på landsplan med tilbod om å hjelpe fram
nynorsk omsetjing av møtevedtekter. Planen er å gjere dette for
minst ti organisasjonar.
Mo vurderer òg å utarbeide
allmenne lagsvedtekter på nynorsk som skal formidlast gjennom Noregs Mållag sine heimesider. Mo vil lage ei ”juridisk ordliste” for frivillige organisasjonar
der vanlege formuleringar frå
organisasjonslivet på bokmål blir
jamstilte med nynorske. Han ser
for seg å kunne vere litt rådgjevar
for dei som vil arbeide fram lagsverktøy på nynorsk.
Stipend 1: Jostein O. Mo haustar applaus frå landsmøtelyden.
– Trur du det er noka interesse
for å endre språket i lagslover?
Korleis kan vi skape ei slik interesse?
– Det viktigaste er at det finst
alternativ som er like tilgjengelege. Nye lag må velje mønstervedtektene i samband med opptak i organisasjonen. Dersom det
då berre finst bokmålsvedtekter,
blir det for lettvint å bruke bokmål også i andre høve. Språkleg
jamstelling er viktig for eit nytt
lokallag. Då kan årsmøtet eller
skipingsmøtet velje nynorsk lovtekst, og bruke dette trygt vidare.
Interessa kan skapast gjennom
informasjon om at det finst nynorske mønstervedtekter.
– Korleis kan prosjektet ditt få
langsiktige verknader?
Foto: Berit Rekve
– Når eit lokallag først har fått
hjelp til nynorske lover, vil dette
vere der vidare. Det vil då vere
greitt også å ta lovendringar på
nynorsk. Nynorske mønstervedtekter må sjølvsagt oppdaterast
samtidig med endra lover på
bokmål.
Nasjonal interesse
I det gjeldande arbeidsprogrammet for Noregs Mållag står det at
mållaget i perioden skal «arbeida
andsynes store organisasjonar
som til dømes fagrørsla og idretten for å få inn nynorsk på vevsidene deira». Prosjektet til Mo
går med andre ord rett inn i eit
prioritert arbeidsfelt for samskipnaden.
– Trur du det kan finnast
landsdekkjande organisasjonar
som vil ta det store spranget og
framstå i nynorsk lovdrakt?
– Eg kontaktar minst ti landsdekkjande organisasjonar med
oppmoding om å ta inn nynorske mønstervedtekter som del
av organisasjonsbygginga. Det
kan godt vere at dette ikkje har
kome opp som framlegg før. Eg
gir tilbod om å få dette til gjennom motivering, omsetjing og
oppfølging. Eg ventar svar tidleg
i haust, men for mange er dette
kanskje landsmøtesak i samband
med andre lovframlegg. Då vil
det gå lengre tid til avklaring og
resultat. Eg har forventningar til
at dei som får tilbodet, handsamar det vidare med respekt og
entusiasme for å skape god organisasjonskultur. Det vil også
hjelpe om lokallag også vender
seg til landsorganisasjonen med
melding om at det er behov for
nynorske tekstalternativ.
– Har du eit drøyme-lag du vil
skal gå over til nynorske lover?
– Lokalt vil det hjelpe mykje
om til dømes Sunnmøre Fotballkrets også tek nynorsken på alvor
i høve til medlemslaga. Det viktigaste er likevel at alternativet
med nynorske mønstervedtekter
skaper reelle val for dei som vil ha
nynorsk som ein organisasjonsmessig ressurs i laget sitt, og det
gjeld heile landet.
Jens Kihl
[email protected]
Bloggar fram nynorskgleda
Norsklærar Merete
Bratsberg Aae vil bruke
blogging til å fremje
kreativ skriving på
nynorsk. No har ho
50 000 stipendkroner
frå Noregs Mållag å
hjelpe seg med.
Bratsberg Aae er eigentleg frå
Skien, men bur på Averøy på
Nordmøre. Jamvel om ikkje nynorsken er skulemål korkje her
eller der, har ho funne gleda i
språket og vil gjerne dele den
Stipend 2: Merete Bratsberg Aae saman med mållagsleiar Håvard B. ØvreFoto: Mållaget Visuelt
gård.
18
Godt tiltak: Merete Bratsberg
Aae saman med mållagsleiar Håvard
... då ho fekk stipend for ideen om å
fremje kreativ skriving på nynorsk.
Foto:
gleda med kreative ungdomar på
Nordmøre ved hjelp av blogging.
– Kva gjorde at du kom på
denne ideen?
– Eg hadde allereie jobba
med nynorsk i bloggformat, men
streva litt med å bruke metoden
på vanlege elevar. Gruppa med
ungdommar på kurset i kreativ
skriving er glad i å skrive, glad i
språk, og eg tenkte at det måtte
vere spennande å prøve nynorskblogg med dei. Det er opna
for andre å vere med også, men
første kvelden var det berre ungdommar frå skrivekurset. Ungdommane seier at dei veit om
fleire som vere med, men som ikkje kunne første gongen. I tillegg
driv eg bloggen www.sogeland.
blogspot.com, så eg har ei viss
trening i blogging.
– Kva er bakgrunnen for prosjektet?
– Eg har hatt ein nynorskblogg
før og fleire kurs i kreativ skriving
i privat regi. Eg driv også undervisning på kveldane, gjennom
firmaet Meretes språktenester.
Allereie har ei gruppe på sju ungdommar delteke i eit kurs som
heiter «Kreativ skriving for ungdom». Kurset går for andre gong,
og båe gongene er det knytt til
EU-utveksling med kreativ skriving som tema. EU-utvekslinga
i fjor var i Galway i Irland med
ungdommar frå Spania, Irland og
Noreg. Eg var der med seks ungdommar frå 13–16 år.
– I år er det vi på Averøy som
skal vere vertar for EU-utveksling, og temaet er kreativ skriving
og kulturarven. I vinter hadde vi
boklansering av ein antologi med
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
andre kretsar som kan skilte med ein
høgare andel av alle barn og unge i
nedslagsfeltet som aktive fotballspelarar.
Det er spørsmål frå klubbane
sjølve som no gjev meir nynorsk i
materiellet frå NFF. Særleg har skilt,
brosjyrar og andre synlege tekstar
vore etterspurde.
– Noko av dette kan vi kanskje
vere med på å innfri, seier Myklebust.
Han meiner det er viktig at folk i
Sogn og Fjordane kan få lese informasjonsmateriell på si eiga målform.
Det er ikkje fotballkretsen sjølv
som har stått for omsetjing av diverse
materiell, men Ivar Aasen-tunet i nabokretsen Sunnmøre. Om ikkje lang
tid kjem både foreldrevett-reglar i redigert, ny nynorsk versjon, samt ein
del Fair play-bodskap på nynorsk.
– Då snakkar vi plakatar og tekst,
men også det som ligg ute på nettet.
Det er eit stort framsteg, og vi tykkjer
det er flott at vi får dette til, seier Myklebust til NRK Sogn og Fjordane.
Jens Kihl
Løft for laga: Snart skal det bli råd å fylgje reglane også på nynorsk, her frå NM i bryting for ungdom i 2012. tekstar frå førre års skrivekurs
og reise til Irland. 300 eksemplar
skal seljast. Ungdommane er no
meir eller mindre for forfattarar
å rekne. Det er ein del av desse
ungdommane eg vil ha med i
dette prosjektet.
– Kva er det du håpar å oppnå
med bloggen?
– Planen er å møtast ti kveldar
frå april til september. Kveldane
vil ha eit program som inneber
idéutveksling, planlegging, stunt
i n ærmiljøet, fotografering og
skriving på bloggen. I løpet av
vekene kan ungdommane bruke
bloggen vidare innanfor dei rammene vi har lagt under planlegginga. Nokre av emna vi tenkjer
å arbeide med, er i kva grad talemålet i Averøy er nær nynorsk,
kvifor Averøy brukar bokmål, kor
er nynorsken kring ungdomane
og kor er han ikkje. Elles vil eg
at dei skal skrive om alt mellom
himmel og jord!
– Eg vil lage blest rundt tema
som språk, dialekt og identitet.
Eg laga for artig ei gruppe på Facebook, ”Ord og uttrykk frå Averøy”. Der går folk nærmast amok
med å hive ut kommentarar og
halvgløymde ord og uttrykk frå
dialekten. No er det nesten sju
hundre medlemmer, så interessa
er stor. Det er utruleg at alle her
skriv bokmål, for dialekten på
Averøya er så mykje nærmare
nynorsk. Dialekten har verkeleg
eit flott særpreg. Eg håpar sjølvsagt at dei ungdommane som er
med får eit anna syn på nynorsk,
og at dei vil merke det gjennom
at dei brukar nynorsk meir enn i
norsktimane på skulen.
[email protected]
Foto: Molde Atletklubb
– Ja, kva er det med ungdom?
– Ungdommen er framtida, så
dei er viktige. Eg håpar at dei som
les bloggen, ikkje heng seg opp i
nynorskfeil. Bloggen er ein stad
dei skal øve seg. Ein er ikkje perfekt i sidemålet når ein så vidt har
starta å bruke det. Eg håpar altså
at nynorskpolitiet ikkje rykkjer ut
i tide og utide.
raskande mange har fått med seg
at eg har fått. Nokre synest det er
veldig bra, mens mange lurar på
kva eg driv på med no, eg som
er austlending. Nynorsk er noko
mange ser på som noko dei driv
på med på Sunnmøre, så litt av
grunnen til at nynorsk ikkje er så
populært, er kanskje fogderistrid,
for alt eg veit.
– Blogginga har allereie starta.
Kva er efaringane så langt?
– Vi har hatt éin kveld. Dei
som er med, er ivrige, gode og engasjerte, og eg reknar med å få til
mykje artig med dei. Når vi samlast neste gong, får vi ein journalist på besøk. Det er god interesse
frå samfunnet på Averøy og i
Kristiansund, næraste by. Mange
ser rart på meg, når dei kommenterer stipendet – som over-
– Du er eigentleg vikværing.
Kva tilhøve hadde du sjølv til å
lære nynorsk på skulen i Skien?
– Eg hadde ikkje noko imot
å lære nynorsk, men eg var nok
heller ikkje så entusiastisk. På
høgskulen i Bø måtte eg skrive
ein del på nynorsk, men då var eg
usikker, så eg kjenner meg nesten
sjølvlærd. Eg hugsar at norsklæraren min på grunnskulen
meinte at dialekten vår låg nær
nynorsk. Det trur eg nok at vi lo
av, men vi seier «bilær, bilane»
og så bortetter. No skriv eg ein
del nynorsk på facebook, og eg
har starta ei nynorskspalte i ei lita
avis som heiter Nordmørsavisa.
– Du seier sjølv at mange gutar tenkjer at blogg må handle om
«muffins og interiør». Korleis fungerer det no?
– Typisk nok har ingen gutar meldt seg på prosjektet, ikkje enno. Men eg vurderer å ta
ein rekrutteringsrunde, om eg
får lov, på ungdomsskulen. Det
gjorde eg før det første kurset i
kreativ skriving, som har fått eit
godt omdøme, så eg håpar på å få
dei til å tru meg, at det eg driv på
med er gøy og spennande.
Jens Kihl
[email protected]
19
Nynorsk-leksikon på mobilen
Det nynorske nettleksikonet Allkunne kjem
no med eigne småprogram for iPhone og
Android. Programma er blant dei første mobilprogramma på nynorsk. Småprogramma skal
gjere det lett å slå opp i det digitale gratisleksikonet på mobilen.
Dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter
Rotevatn i Allkunne seier at det er viktig å nå
Tunkatten Lurivar i ny nettdrakt
folk på dei plattformene dei nyttar.
– I fjor lanserte Allkunne ei mobiltilpassa
nettside, og no følgjer vi opp satsinga
på mobilplattformer med applikasjonar,
seier ho. Allkunne rommar no rundt 5000
artiklar, der hovudtemaet er nynorsk kulturhistorie. Målet er at verket skal bli eit
fullverdig, kvalitetssikra leksikon. (NPK)
Ivar Aasen-tunet har fornya nettstaden til
tunkatten Lurivar. Sidan opninga i 2006
har nettstaden Tunkatten.no vore svært
populær blant borna. Sida skal formidle
nynorsk språk og litteratur til born i alderen 5–10 år på ein aktiviserande måte.
Nettstaden er i dag aktivt i bruk hos både
barnehagar og skular.
– Mengda av innhald på nettstaden
har vakse kraftig, og ei opprydding og omstrukturering var nødvendig. Vi har først og
fremst lagt vekt på å gjere nettstaden enklare
å bruke for borna, seier dagleg leiar Gaute
Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Den nye nettstaden har mellom anna eit heilt nytt spel, og
fleire nye innslag vil kome etter kvart. (NPK)
Mobilisering for
kulturarven
Kulturdepartementet har sendt ut ei høyring på ny stadnamnlov,
som i praksis vil privatisere retten til å fastsetje stadnamna i Noreg.
Departementet går nemleg inn for at eigar eller festar skal ha
«det avgjerande ordet i saker som gjeld bruksnamn».
Det var 13. januar 2009 at Stortinget handsama innstillinga
frå familie og kultur-komiteen
om eit representantframlegg frå
Høgre-representantene Øyvind
Halleraker og Olemic Thommessen. Dei ynskte at gjeldande
rettskrivingsprinsipp ikkje skulle
gjelde sjølve gards- eller bruksnamnet. Ein gjorde framlegg om
å oppheve kravet om einsarta
skrivemåte i ulike funksjonar, og
Stortinget meinte vidare at synspunkta frå grunneigaren «burde
bli tillagt særskilt vekt».
Sidan den gong har Kulturdepartementet brukt over tre år på
å kome fram til eit utkast. Kjelder i regjeringsapparatet fortel at
usemje med liberaliseringslina i
stortingsvedtaket er bakgrunnen,
og dette avspeglar seg òg i den
teksten departementet no har
sendt ut til høyring.
Her har departementet nemleg gått inn for at ein skal opprette eit skilje mellom gards- og
bruksnamn, og at det berre er på
bruksnamna grunneigaren skal
få større påverknad. Ola Stemshaug, tidlegare fyrsteamanuensis
og mangeårig namneforskar ved
NTNU, meiner framlegget vil
vere til skade:
Feilaktige premissar
– Konklusjonane i stortingsvedtaket er trekte på feilaktige premissar. Høgre-representantane
Thommesen og Halleraker legg
til grunn at det normale er samanfall mellom gards- og slektsnamn, men dette er slett ikkje tilfelle. Dette er meiner alle fagfolk,
fortel Stemshaug.
– Eg er veldig skuffa over
Høgre i denne saka, ettersom dei
frå gamalt av har hatt ein tradisjon for å målbere kulturkonservatismen. Her får vi i det stille
eit skifte frå det almennrettslege
til det privatrettslege, påpeikar
namneforskaren.
– Men kvifor er det så viktig å
ha ei lov om stadnamn?
– Vi bør ha éi namneform per
plass, og denne forma bør ha éin
skrivemåte. Dette handlar òg om
å ta ansvaret for den kulturelle
20
ENDRINGAR
I STADNAMNLOVA
◆ Kulturdepartementet har
sendt ut høyring på endringar i
stadnamnlova.
◆ Høyringa har frist 1. august.
◆ Informasjon om høyringa og
kva Noregs Mållag meiner, finn
du på www.nm.no under «Stadnamnlova» i venstremenyen.
ENGASJEMENT: Dei som skal ta
avgjerd i denne saka, må få oppleve
at det ikkje berre er engasjement på
liberaliseringssida, meiner Aud SøyFoto: Cathrine Dokken
land.
arven stadnamna er, men det
har ikkje minst blitt aktualisert
dei siste åra: Med GPS og annan
elektronisk bruk av kart og stadnamn kan vi ikkje ha med alle
slektsformene, meiner han.
– På mange måtar er dette den
mest alvorlege sida ved saka – ei
endring av stadnamnlova kan
faktisk få uheldige konsekvensar i spørsmål om liv og død, til
dømes ved at utrykkingstenester
som ambulanse eller politi køyrer
til feil stad.
– Trur du politikarane er klare
over dei kulturpolitiske konsekvensane?
– Nei, det har dei ikkje ein idé
om. Det vil sjølvsagt ta nokre år,
men med tida vil vi få alt mellom
himmel og jord, påpeikar Ola
Stemshaug.
Bør aksjonere
Aud Søyland er tidlegare nestleiar i Noregs Mållag og har i lang
tid vore oppteken av stadnamnsspørsmål. Ho meiner det er viktig
at lokale mållag handlar i denne
saka:
– Stadnamnspørsmål har i
sin natur eit lokalt perspektiv, og
mange av liberaliseringstilhengarane tek utgangspunkt i stoda
lokalt. Til dømes har konflikten
på Toten mellom det opphavlege
Kvem og det danskklingande
Hveem vore utslagsgjevande for
at saka kom opp i Stortinget,
meiner Søyland.
– Nettopp dette gjer at det er
bra om lokalsamfunn engasjerer
seg òg for å verne om vår felles
kulturarv. Det er flott om lokale
mållag sender inn fråsegner,
men det er kanskje endå viktigare om historielag, stadnamnnemnder eller kommunestyre
sender inn høyringssvar, meiner ho. Aud Søyland fortel at
det er høyringssvar på trappene frå den kommunale stadnamnnemnda i hennar eigen
heimkommune Nord-Aurdal.
– Dersom du ynskjer å
fremje eit høyringssvar, kan
du til dømes bruke landsmøtefråsegna og bakgrunnsmaterialet frå Noregs Mållag,
fortel stadnamnaktivisten.
– I tillegg vil eg oppmode
målfolk om å ta kontakt med
stortingsrepresentantar frå
heimfylket, og særleg dei
som sit i familie- og kulturkomiteen. Det er viktig at
dei opplever at folk brenn
for denne saka, og at det
ikkje berre er engasjement
på
liberaliseringssida.
Vedtaket blei fatta av det
førre stortinget, og det er
difor all grunn til at det
sitjande stortinget bør sjå
på saka på nytt, avsluttar
Aud Søyland.
JENS KIHL
[email protected]
Illustrasjon: Statens Kar
tverk
NORSK TIDEND NR. 3 – 2012
Mediemålpris til Line Fuglehaug
Line Fuglehaug i radiokanalen P4 er tildelt
Alf Hellviks mediemålpris 2012 på 10 000
kroner. Juryen har valt å heidre Fuglevik
fordi ho har vore ein trufast nynorskbrukar
gjennom mange år i ein kommersiell radiokanal. Ho har halde seg til normert nynorsk
i eit bokmålsmiljø. Ho har hatt få å diskutere språket sitt med i redaksjonen og har
dermed måtta stole på seg sjølv og eigne
vurderingar.
Line Fuglehaug er med vossadialekten
sin ei viktig røyst i eteren i den kommersielle
medieverda der det store fleirtalet brukar
bokmål.
– Det var ei svært gledeleg overrasking å
få prisen, og eg set stor pris på merksemda.
Eg har vore svært medviten på å halde på
nynorsken i alle dei 19 åra eg har jobba i ein
bokmålsprega riksradio, og eg ser på prisen
som eit prov på at eg har klart det, seier Line
Fuglehaug.
Fuglehaug som kjem frå Voss har arbeidd
i P4 sidan oppstarten i 1993, og gjekk 1. april
2012 over til nytt arbeid. (NPK)
Line Fuglehaug i radiokanalen P4 er tildelt Alf Hellviks mediemålpris 2012 på
10 000 kroner.
Om framlegg til endring
av lov om stadnamn
Eitt av formåla med stadnamnlova er å verne om stadnamn som kulturminne. Lova regulerer kven som skal
avgjera skrivemåten av norske stadnamn.
Kommunen gjer vedtak
om namn på tettstader,
grender,
kommunale
gater og vegar, mens Statens kartverk gjer vedtak
om skrivemåten av dei
fleste andre stadnamn.
Også når det gjeld skrivemåten av gards- og bruksnamn som skal brukast i
offentleg samanheng, er
det Statens kartverk som
er vedtaksinstansen.
Dei fleste norske gardsnamn og bruksnamn er
nedarva stadnamn, og
grunneigarane kan ikkje
byte ut eller endre desse
namna. Bur du på bruket
Oppheimshagen, som er
skilt ut frå garden Oppheim,
skal bruksnamnet offentleg
skrivast med to p-ar etter
dagens lovreglar, sjølv om
slektsnamnet ditt blir skrive
Opheimshagen.
Slik stadnamnlova er i
dag, har eigar eller festar rett
til å uttala seg «i saker som
gjeld bruksnamn». Dei kan
òg uttala seg i saker som gjeld
gardsnamn, når skrivemåten
av gardsnamnet er retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamnet. Stadnamntenesta i
Språkrådet skal koma med tilråding, og Statens kartverk gjer endeleg vedtak i slike namnesaker.
Endringsframlegget
Departementet går inn for at
gardsnamn framleis skal fastsetjast etter dagens saksbehandlingsreglar, fordi dei har størst
interesse for det offentlege. Ofte
har dei gitt namn til andre lokalitetar, som underbruk, eller tettstader, byggjefelt, vegar osv.
Vidare føreslår departementet at skrivemåten av bruksnamn
skal fastsetjast etter ønsket til
grunneigaren eller festaren, «hvis
det kan dokumenteres at den
ønskede skrivemåten har vært
i offentlig bruk på stedet». Det
kan føre til at to namn med same
opphav kan få ulike skrivemåtar,
alt etter om dei er gardsnamn
eller bruksnamn. Under garden
NORSK TIDEND NR. 3 – 2012
FRÅSEGN
◆ 16. april 2012 la Kulturdepartementet fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn, som
ei oppfølging av stortingsdokument nr. 8:58 (2007–2008).
◆ Denne artikkelen er bakgrunnsdokumentet for fråsegna frå landsmøtet i Noregs
Mållag (sjå side 13).
◆ HØYRINGSSVAR:
Lokallag som ønskjer å sende
inn høyringssvar, kan sende
det til [email protected].
no innan 1. august 2012. De
kan gjerne ta utgangspunkt i
fråsegna som vart vedteken på
landsmøtet i Noregs Mållag.
Oppheim kan det bli bruk med
namn som Opheim, Opheimshagen, Oppheimsbakken, Uppheim
og Uppeim. Det er opplagt ein
uheldig praksis.
Det er heller ikkje sikkert at
ein ny eigar er nøgd med det
namnet den førre eigaren har sett
på bruket. I gamle skrifter kan
det finnast ulike skrivemåtar av
eit gards- eller bruksnamn. Resultatet blir at bruket kan skifte
namn frå ein generasjon til neste,
viss nokon kan finne eit gammalt
papir som viser at bruksnamnet
også var skrive på den måten.
Definisjon av namna
I lova er gardsnamn definert som
«namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til». Bruksnamn er «namn på eigedom
med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under
eit gardsnummer». Vi meiner at
det i mange tilfelle kan bli vanskeleg å praktisere skiljet mellom gardsnamn og bruksnamn.
Definisjonen som står i gjeldande
lov, valdar ikkje problem så lenge
same reglar gjeld for gards- og
bruksnamn. Problemet med definisjonen oppstår når gards- og
bruksnamn no skal handterast på
ulike måtar.
Slekts- og bruksnamn
Bakgrunnen for kravet om at
eigar eller festar skulle kunna
vera med og fastsetja gards- og
bruksnamn, er at mange ikkje
skil mellom slektsnamn og gardsnamn/bruksnamn. Gards- og
bruksnamna er ofte gamle namn
som fortel noko om landskapet
eller bruk av eit område, og stadnamntenesta i Språkrådet legg
vekt på lokal uttaletradisjon (og
språkleg opphav) når dei skal
normere desse namna til dagens
rettskriving. Slektsnamna med
opphav i gards- eller bruksnamn
er ofte skrivne slik namna vart
skrivne av futar og prestar på
1500–1800-talet.
Slektsnamnet kan folk framleis skrive etter gammal gjerd og
på ymse vis; ingen blandar seg
i det. Men fordi stadnamna er
noko me eig saman, og gards- og
bruksnamna er gamle adresser
som bonden forvaltar den tida
han er på garden, har desse stadnamna òg vore fastsette av storsamfunnet.
Hveem – Kvem
Det synest merkeleg at ein eldre
skrivemåte, som ofte skriv seg frå
barokken, skal vega tyngre enn
dagens rettskriving og nedarva
lokal uttale. Hveem er eit godt
eksempel på det: Den tids danske
rettskriving brukte hv for lyden
kv, og ein dobbel vokal for å uttrykkje lang vokal. Den lokale uttalen av gardsnamnet er den dag
i dag Kvem. Skulle slektsnamnet
Hveem bli gardsnamnet, står den
lokale uttalen i fare for å endre
seg. Alt i dag finst det innflyttarar som uttalar namnet på garden
«Ve-em» (som VM) – bokstavleg
tala.
Eit hovudpoeng ved å innføre lov om stadnamn i 1990
var å verne dei nedarva uttalane
av stadnamna. Blir den nye lova
innført, fell dette vernet delvis
bort (for bruksnamn). Det er den
nedarva uttalen som ofte viser
attende til kva opphav og tyding
namna har. Det er med andre ord
dei lange linene i kultursoga vår
som no kan bli brotne for godt.
21
Om framlegg til endring i lov om stadnamn
som storsamfunnet. Med dei endringane
rettsleg oppfatning frå forslagsstillarane
som departementet no foreslår (§ 6 og §
om
at
«slektsnavn
følger
gårdsnavn,
har
fråsegn
8 i lova), vil det etter kvart bli ei mengd
lange tradisjoner i vårt land». Slik er det
Trønderlaget, som er fellesorganisasjonen
for mållaga i Sør-Trøndelag og NordTrøndelag sør for Namdalen, har på
styremøte gjort følgjande vedtak for kommentar til framlegget til endring i Lov om
stadnamn:
Trønderlaget har tidlegare ytra seg kritisk til stortingsvedtaket 13. januar 2009
der Stortinget slutta seg til framlegget frå
høgrerepresentantane Olemic Tommessen og Øyvind Halleraker om at «endring
av bruksnavn ikke kan skje uten grunneiers samtykke». Dette botnar i ei privat-
Nynorsk/Bokmål
fråsegn
Fråsegn lagt fram på årsmøtet i Vinje
Mållag 23.02.2012 der ho vart samrøystes vedteken, og vidaresendt til Telemark
Mållag. Fråsegna var oppe til debatt på
årsmøtet i Telemark Mållag på Bø hotell
03.03.2012, der ho vart vedteken.
1. Bokmål og nynorsk er to sidestilte
skriftspråk med eigen grammatikk, eigne
ordbøker og eigen litteratur. Dette blei
slegi fast ved jamstellingsvedtaket i 1885
(Det norske Folkemaal og De almindelige
Bogsprog)
2. Mållova frå 1930 fastset rettar og
plikter for bruken av to likeverdige skriftspråk . Såleis har det etterkvart komi
nynorsk på norske pass , båe språk på
skjema, frimerke osv.
3. Det er på tide at politikarane i Stortinget syter for at styresmaktene respekterar og akseptar Mållova fullt ut. Dei må
syte for at embetsverk og skuleverk legg
eventuelle fordomar til sides og skjønar at
Noreg har to likestilte «riksspråk». Nynorsk er eit eige språk, slik bokmål er det.
Båe er riksmål eller båe er landsmål.
4. Ein av dei mest seigliva fordomane er
at nynorsk er eit regionsspråk eller ein dialekt. Nynorsk er ikkje eit meir konstruert
mål enn bokmål. Målet fanst og var høgst
levande, då Ivar Aasen systematiserte det
og gav det ei skriftleg form. Knud Knudsen gjorde det same med dansk-norsk,
men han ville la skriftspråket «udgaa fra
det brugelige Fællessprog, ikke ligefrem
fra Folkesproget». So har då språka utvikla
seg etter kvart.
5. Ein annan fordom i skulen er at ein
ikkje. Gards- og bruksnamn var adresser
dei fleste stader til først på 1900-talet, og
slektsnamn vart først pålagt ved vår første
personnamnlov av 1923.
Det har såleis gjennom all tid vore
ansvaret til samfunn og styresmakter å ta vare på dei nedarva gards- og
bruksnamna og å gje dei ein forsvarleg
skrivemåte. Dette er etter vårt syn ikkje
berre ein samfunnsrett, men òg ei samfunnsplikt. Den noverande stadnamnlova
tek etter vårt syn godt vare på dei ulike
brukarane, både i lokalsamfunna så vel
aldri får bruk for nynorsk. Når ein tenkjer
etter tykkjest det vera underleg at nordmenn ikkje skal kunna båe riksspråka i
Noreg. Det er mange stader i landet vårt
at nynorsk er skriftspråket i bl.a. i skule og
offentleg teneste elles.
Nynorsk er so vanskeleg å lære kan ein
ofte høyre. Men i same slengen blir det
argumentert med at kjem ein i den stoda
at ein må skrive nynorsk pga av stillinga si,
då blir det sagt at ein kan ta eit kurs!!
6. Målrørsla bør ta opp att den offensive politikken. Det skal ikkje lenger vera
krav om «nynorsk som einaste mål i landet», men eit krav om respekt og aksept
av alle som det sjølvstendige språk det er.
Då blir det sjølvsagt at alle i Noreg skal
meistre båe riksspråka. Då blir det meiningslaust å ta bort sidemål som eige fag
med eigen karakter.
7. Skule- og skulefolk må ta språkstoda
inn over seg og ikkje undergrave respekten for nokon av dei to språka. Det er i
skulen grunnlaget bli lagt. Ein må sleppe
at elevar møter lærarar som seier at nynorsk får du aldri bruk for.
Sitat frå intervju med Sylfest Lomheim:
På spørsmål om kven som skal kverke fordomane, svarar han:
«Det må lærarane gjera i undervisninga. Utan å plukke ned ein del fordomar, er nynorskundervisning umogleg. Så
langt har skulen vori for lite flinke til det,
og difor er sidemålsundervisninga så dårleg. Når det finst døme på norsklærarar
som gjev uttrykk for at dei ikkje skjønar
poenget med å undervisa i sidemål, er det
så opprørande at det er vanskeleg å finna
ord.»
På spørsmål om desse lærarane burde
få sparken, svarar han diplomatisk:
med dobbeltformer for same staden, slik
t.d. bruksnamnet Mohn og gardsnamnet Moen, eller Wahl og Val, Halleraker,
Halderaker, Hallaråker osb. Dessutan
vil det lett føre til lokal strid om kva for
skriftform ein skal bruke, gards- eller
bruksnamn, òg avleidde namn, t.d. i kommunale samanhengar.
Særleg alvorleg vil slike dobbelformer
vera når ein skal lokalisere ulike stader
(t.d. ved bruk av GPS) – vi tenkjer særleg på redningstenesta, ambulanse- og
brannutrykkingar. Prinsippet om at ein
«Det er det ikkje mi sak å avgjera.» Her
henger Lomheim bjølla på katten.
8. På bakgrunn av dette må målrørsla
krevja at styresmaktene ved Storting og
embetsverk syter for at det ein gong for
blir alle slegi fast
– at nynorsk er eit sjølvstendig riksspråk. Dette må vera ei målsetjing.
– Styresmaktene må slå fast at denne
målsetjinga skal omfatte alle felt av
språket og samfunnet.
Sist, men svært viktig: Styresmaktene
må finne fram til effektive verkemiddel for
å gjennomføre denne politikken.
Ein gjennomgang av norskopplæringa
er eit av desse verkemidla. Det er alt for
mykje som er lagt til norskfag-timane.
Norsk er eit basisfag i både grunnskule og
vidaregåande skule. Difor er det språkundervisninga som er primæroppgåva for
lærarane i norsktimane. I undervisninga
må sidemål vektleggjast mykje meir, dåvisst nynorsk som sidemål. Nynorsk er eit
jamstilt riksmål, og det må speglast av i
undervisninga.
Eit fleirtal av alle «ekstrafag» som etter kvart er blitt lagt til norsktimane må
ein finne rom til på annan måte, td. samfunnsfag, estetiske fag osv. Politikarane
er heilt sentrale i dette arbeidet. Difor må
målrørsla vera aktive i arbeidet mot dei.
Målsak og norskundervisning må koma
opp som eiga sak i Stortinget.
Uttala samrøystes vedteken på årsmøtet i Vinje Mållag den 28.2.2012. Årsmøtet
vedtok òg å sende uttala vidare til årsmøtet i Telemark Mållag for handsaming på
deira årsmøte.
Telemark Mållag
stad skal ha berre eitt namn og ei skriftform i norskspråklege område har stått
sterkt. Framlegget om endring av Lov om
stadnamn vil skiple dette, og Trønderlaget
vil rå ifrå det.
Å føre inn slektsnamnskrivemåtar som
Mohn og Schiefloe (Skjeflo) vil dessutan
føre til at namna blir uforståelege for folk
flest, og dei språklege røtene vil bli rivne
av. Slik vil òg den foreslåtte endringa av
lova bryte med den kulturverntanken som
er ein berebjelke i den noverande lova.
På denne bakgrunnen vil Trønderlaget
rå ifrå at ein endrar Lov om stadnamn.
Olav Kuvås, leiar
Eg kan ikkje
nynorsk, men er
likevel intelligent?
ordskifte
Då eg las artikkelen til Håvard B. Øvregård
i Norsk Tidend med overskrifta «Eg kan
ikkje nynorsk» for tankane mine tilbake til
starten av 1970-talet. Då heldt eg på med
å ta kristendom grunnfag, som det heitte
då. Ein av førelesarane var ein mann som
var vaksen opp i Oslo. Han var ein dyktig
førelesar som tok for seg Paulus sitt brev
til galatarane. For å visa vanskane omsetjarane hadde å bryna seg på, siterte han
frå Galatarbrevet omsett til ulike språk
som: hebraisk, latin, gresk engelsk og tysk.
Denne tilvisinga skulle læra oss studentar
kva omsyn me måtte ta ved eksegering/
tolking av tekstar frå Bibelen. Det var ein
språkkunnig mann me hadde som førelesar. Men ein gong i førelesinga viste han til
nynorsk. Då sa han først: «Jeg kan ikke nynorsk, men noen har fortalt meg at ordet
betyr --». Då tenkte eg: «Ja, ja, du er nok
fødd med kunnskap i dei andre språka».
Det er «løye» kva innstilling/motvilje har å
seia når det gjeld språk. Ordet han viste til
var ordet «or». Eks. «Dei tømde vatnet or
bøtta.» Då sa han mellom anna: «Eg tømer
vatnet or bøtta. Her viser «or» at vannet
her har en samhørighet med bøtten. Et
slikt ord finnes ikke på bokmål.»
Etter mi meining er det to ting ein
i Norge kan seia at ein ikkje kan, men
likevel rekna seg som intelligent. Det er
nynorsk og kristendomskunnskap.
Ola Helgeland, Hafrsfjord
Kven er Noregs dummaste?
Filosofar har i tusenvis av år laga seg eit
levebrød av å prata lange usamanhengande setningar om tema som ingen, ikkje
ein gong dei sjølve, skjønar noko av. Den
einaste som klarar å formulera tankar som
menn kan kjenna seg heime i, er Pondus.
Han er den einaste filosofen som har produsert noko som er verdt å bry seg med.
Hans hovudtanke, og den som seier alt om
verdi rundt oss, er: «Kvifor er eg så klok
når alle andre er så dumme?»
Så, kven er Noregs dummaste? Kan det vera
bøndene som investerer millionar for å
kunna halda fram som låginntektsgruppe
enno nokre år? Berre for å verta nytta som
skjellsord av Vålerengafansen. Eller kanskje det er Vålerengafansen som nyttar så
mykje tid på å jubla for Noregs både dårlegaste og mest ufordragelege fotballag?
Eller kan det vera slike som meg som
kvar einaste månad betalar inn ein liten
slump pengar til eit forsikringsselskap for
å ha litt å leva av som pensjonist, berre
for at dei skal klara å handsama pengane
så dårleg at med tap og gebyr så er neste
22
tyleprat
Knut P. Bøyum
[email protected]
månads saldo mindre enn det den var før
innbetalingi?
Nei, det er nokre heilt andre. Noregs dummaste er reklameskribentar. Dei som vil
selja deg ei overprisa hårsåpa «fordi du
er verdt det», dei som klarar å irritera
brokk på meg ved alltid å skriva «fryst»,
dei som har flotte damer i trettiåri kledde
i selskapskjole til å reklamera for inkontinensbleier.
Og dei som trur at nynorsk skremmer
forbrukarane. Det siste er innimellom det
mest frustrerande. Og det som mest av
alt stemplar dei som mildt tilbakeståande.
Harde ord kanskje, men så mange andre
måtar å forklara det er det ikkje.
Lat oss ta eit godt, eller snarare tvert i mot,
døme. I vinter starta Tine ein kampanje
for å synleggjera at mjølki dei sel, kjem frå
distrikti rundt om i heile landet. No skal
forbrukaren læra at det er bønder og kyr
i nærleiken som produserar mjølki di. Eller «melken din» som dei underleg nok
vel å kalla det i heile Noreg. Sjølv der me
som steller kyrne snakkar breitt og godt
grautmål.
Kampanjen skal setja fokus på at mjølki har
ein identitet og vert produsert på gardar
med ei lang soge. Han skal fortelja deg
at dette er eit genuint, ekte og naturleg
produkt, produsert nær deg og for deg.
20 mjølkebønder er plukka ut til denne
reklamekampanjen. Inndelt i 5 regionar.
1 variant er på nynorsk. 1 av 20. Det tyder
at bønder i Rogaland, Sogn og Fjordane,
Møre og Romsdal og delvis Hordaland
naturleg kommuniserer på bokmål. Det
tyder at soga til m.a. Brekke i Stryn, Kringla i Stryn og Sagstad i Mæland er ei soge
det er naturleg å fortelja på bokmål. Berre
på Sæleset i Nordheimsund har Tine
klart å finna eit gardbrukarpar som nyt-
tar nynorsk. Kvar vart det av det ekte og
genuine?
Det er mange problem ved kampanjen.
Ein har laga reklamefilm for TV der kyrne
snakkar god dialekt. Ein har heilsides lysingar i avisene i Sogn og Fjordane der ein
nyttar nynorsk. Ein nyttar m. a. o. nynorsk
til å overtala kunden om å kjøpa denne
mjølki. Når ein så har fått han til å gripa
mjølkekartongen i butikken, er ein brått
redd for å skremma vedkomande bort
med nynorsk, så der vert det nytta bokmål.
Kvar i alle dagar er logikken?
I Sogn Avis, midt i i-endingi sitt rike,
kom det forsyne meg ei heilside med bokmålstekst. Nokre lét ikkje dette passera
utan påtale og fekk til svar at det heile var
ein glipp. Lysingi skulle ut på nynorsk i nynorskaviser og bokmål i aviser med bokmål
som redaksjonsspråk. Men då er jo ikkje
glippen at det kom på bokmål i ei nynorskavis. Glippen er at lysinga i det heile teke
finst på bokmål!
Dersom ein meinar noko med det ein seier,
så er det berre ein måte å formidla det på
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Den nye bibelomsetjinga
som norm for nynorsken?
ordskifte
Birger Risnes frå Bø i Telemark meiner
dette vil vera etter ynske frå mange som
har sett fram til berre eitt alternativ for
nynorsk mål (NT nr. 2 – april 2012). No
har me nett fått ei norm som er framstilt
som dette alternativet. På landsmøtet i
Noregs Mållag 27. til 29. april vart Riisenormalen godkjend av delegatane. Men
eit stort mindretal røysta for ein normal
som var fremja av Ullensvang Mållag.
Dei meinte Riisenormalen ikkje svara til
ynsket mange har hatt. Og då Arnfinn
Haram omtala den nye bibelomsetjinga i
Dag og Tid, kalla han henne «Lomheimnynorsk».
Eg har lese mest heile Det nye testamentet og noko av det gamle. Då ser eg
kva som ligg til grunn for Arnfinn Haram
sin karakteristikk. Men stykkevis er det
godt bibelspråk, fordi omsetjarane har
halde på a-infinitiven, og dei fleste e-verb
har fått vera e-verb, so Jesus vert ikkje
‘krossfesta’, men ‘krossfest’. Dette er positivt, men sjølv om dei truleg har ‘kjent’ at
det ikkje var bra å røra mykje ved ‘heilage’
tekster, har dei vilja ‘modernisera’. Dette viser seg på mest kvar side, og sume brigde
øydelegg poesien i kjende skriftstader.
«Eg er den gode hyrdingen», heitte
det før. No heiter det: «Eg er den gode
gjetaren.» At «hyrding» har ei vidare
meining enn «gjetar», har visst ikkje falle
omsetjarane inn. I nummer 8/27. april
2012 av bladet Utdanning er der ein artikkel under overskrifta: «Læreren – gjeter
eller hyrde?».
Skriftstaden Joh. 8,12 var særleg poetisk vakker i tidlegare omsetjing: «Eg er
ljoset i verda. Den som fylgjer meg, skal
ikkje vandra i myrkret, men ha livsens
ljos». I samanlikning er den nye teksta
kvardagsleg: «Eg er lyset i verda. Den som
følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret,
men ha livsens lys.»
Vestlandet: nynorsk. At ein i tillegg nyttar
større mengder engelsk i teksten provar
berre at reklamebyrået manglar fullstendig
kjensle for produktet dei skal promotera
og oppdraget Tine har gjeve. At Tine
nyttar det dei har fått frå reklamebyrået,
provar at Tine sjølv heller ikkje har noka
kjensle for produktet sitt. Ein får grusame
bilete frå farne tider med «Milk is a better
drink»
Dersom ein skulle vera truverdig i å
byggja ein identitet for dette produktet, så
er det nynorske språket det einaste som
kan gjera den jobben. Men ein var redd eit
stort kundeområde, Bergen, skulle vera
negative seier Tine. Sjølv er eg oppvaksen
på Voss og er godt klår over at bergensarar
på nokre område kan ha litt tungt for det,
bilkøyring vinterstid og fotball t.d. Men elles er faktisk bergensarane veldig oppegåande. Ingen skal fortelja meg at dei ikkje er
i stand til å innsjå kva som er ekte, og kva
som er tilgjort. Sagt på ein annan måte, du
skal vera meir sofistikert enn dette om du
skal lura ein bergensar.
Og det klarde ein heller ikkje. I «VestlanNorsk TideNd Nr. 3 – 2012
«Ljoset» er altså utgått på dato, og y
må skiftast ut med ø, men kvifor står
det då ikkje at «Moses løfta opp ormen i
øydemarka»? – Her har nok omsetjarane
fått kjensle av at dette vart simpelt bibelspråk. Difor: «Slik Moses lyfte opp ormen
i øydemarka, slik må menneskesonen
lyftast opp.» Men ‘fyrst’, det ordet som
kanskje mest av alle markerer at ei tekst er
nynorsk, måtte skiftast ut. No skal ‘først’
vera standard nynorsk. Kva grunngjev ein
dette med?
I nokre tilfelle nyttar dei ord som er
særmerkt nynorske, til dømes ‘andlet’ og
‘truga’. No dominerer ‘ansikt’, og ‘true’ (då
får «truande» to tydingar). Men ‘granne’
skal ut; det må heita ‘nabo’. Det tykkjest
vera maktpåliggjande å svekkja det nynorske. Då er ‘korkje’ heller ikkje brukande
lenger. Døme: «Dei verken gifter seg eller
vert bortgifte.» ‘Hjå’ og ‘viljug’ har vorte
‘hos’ og ‘villig’. «Gud gjer ikkje ‘forskjell’
(skilnad) på folk», og ‘håp’ er føretrekt
framfor ‘von’. Dertil te-ending i fortid:
førte, lærte, rørte, stirte, men ‘de’ i ‘spurde’,
‘kjende’, ‘fortalde’.
Dette som eg har peika på ovanfor,
kjem som kontrastar på mest kvar side
i den nye Bibelen. Då kan ikkje språket
kallast stilreint, eller «stilsikkert». Styret
i Språkrådet nytta uttrykket då dei kunngjorde at dei ville laga ei «husnorm» for
dei som ynskjer eller pliktar å skriva «korrekt og stilsikker» nynorsk.
dets storavis», BT, såg eg eit lesarbrev frå
ein lesar som var så opphissa over å ikkje
verta teken på alvor at han svor på aldri
meir å handla Tine-produkt. Sjølv har eg
fått ein telefon frå ein kar i næringslivet på
Voss som sa det same. Han dreg kundar frå
Bergen til Voss for å handla bil med lysingar på rette språket og fatta ikkje kva Tine
tulla med. Det skulle ikkje verta meir av
«verdens fineste melk» på han heller.
Som leverandør og medeigar i Tine er
dette frustrerande greier. Fyrst fordi ein
har kome opp med ein idé til reklame som
er veldig god, med biletseriar som er nydelege og mykje nyttig info for forbrukarane.
Og så går ein på snyta! Det er som å leia
inn til siste skyting i skiskyting for der å
skyta fem strake bom. Då nyttar det ikkje å
seia at ein var god i det meste, det vert ikkje siger av slikt.
Pondus. No, like før denne teksten skulle
vore den vyrde redaktør i hende, skjer det
brått ei storhenda! Olav Håland, kommunikasjonssjef ved TINE Sør og TINE Vest
og mannen som mange av oss kjefta hudi
full for tyleskapen det var å ha bokmål på
kartongane, melder no at det skal nyttast
nynorsk på mjølkekartongane på vestlandet med unntak av heilmjølki.
men så stend Brått ikkje verdi til påske!
Teksten ovanfor vart skriven på etterjulsvinteren, då ein stakkar er som mest tyngd
av svartsyn og lange myrke kveldar og lett
vert prega av at alle andre er toskar, jamfør
dette er eit hardt slag for mitt syn om at
alle andre er dumme, men det vert i stor
mun vege opp av at det syner seg at ein
kan oppnå at sjølv store marknadsaktørar
er i stand til både å lytta til og ta inn over
seg kritikk og gode råd. At ein faktisk kan
klara å nå inn til dei mest bakstreverske
innan næringslivet berre ein har gode argument. Det er mest så ein må klypa seg
sjølv i armen. Men det som fylgjer er eit
gledeshyl og ikkje eit smertehyl!
nemnde olav håland skal nok ha mykje av
æra for denne sigeren over dumskap. Han
var ein hoggestabbe for mange sinte bønder og forbrukarar, og eg er viss på at han
Dei forstod altså at Riisenormalen vert
problematisk. Fordi alle former er likestilte, legg denne opp til «nynorsk
for ein kvar smak»: «At norma
opnar for ein viss valfridom,
gjer det mogeleg for mange å
kunna bruka dei formene dei
trivst best med.» heiter det i
saksdokumentet. Då får me ein
‘sprikjande’ og utydeleg nynorsk
som ikkje kan vera godt føredøme for dei som skal læra
språket. Korleis kunne dei
då applaudera Riisenormalen?
På landsmøtet klaga
Lærarmållaget på bokmålsnær nynorsk i lærebøkene. Ein meinte då,
styret òg, at forlaga måtte
påverkast til å endra på
dette. Dét vert truleg ikkje lett, for Det Norske
Samlaget driv sin eigen
målpolitikk, og gjev til
dømes ut bøker der ‘den’
er tilvisingsord, som i bokmål (i nynorsk er sykkelen
Foto: Bibelselskapet
‘han’ og boka ‘ho’). Dette er
konsekvent gjennom heile
den store biografien som Knut Olav Åmås
har skrive om Olav H. Hauge.
Med Riisenorma har ein skaffa seg eit
problem: Å hindra at nynorsken løyser
seg opp og forvitrar. Mange i målrørsla
har eigenleg arbeidt for samnorsk. Sylfest
Lomheim er ein av desse. ”For meg er det
ikkje nokon uhyggjeleg framtidsvisjon om
nynorsk og bokmål ein gong glir i hop,» sa
han til Bergens Tidende i desember 2007.
No spår han samnorsk om 100 år.
«Riv ut ein stein her og ein stein der i
ein mur,» seier Olav H. Hauge, «det fører
til at heile muren rasar saman. Dét er det
nynorsken har gjort etter 1938.» (Dagboka b.5, s. 232).
Hallvard Hegna
har makta å formidla dette til dei som tek
slike avgjerder.
Så tok eg då heilt feil i vinter? Nei ,
det vert for hardt å vedgå for ein gamal
grinebitar. Tabben vart trass alt gjort. Og
dei som er Noregs dummaste er framleis
dei som burde vera dei smartaste, nemleg
reklameskribentane. Eg har vanskeleg for
å tru at denne omsnunaden er deira verk.
Eg trur diverre at det framleis vil vera ein
kamp å halda opp kunnskapen om at nynorsk er det som gjev truverd og identitet
til mange produkt. Fordi det er det ekte,
fordi det er det truverdige. At eit konsern
klarar å sjå forbi dårlege råd er ei gladmelding, men eg er redd det ikkje er ei total
endring. Framleis vil nok mange svelgja
dei kampanjane PR-bransjen føreslår, om
dei er aldri så toskute.
det er ei sterk og engasjert kundegruppe
som kan klara å endra slik tankeløysa. Meg
og deg. Bryr me oss nok til å gjera det? Og
skulle me klara dette så vil det vera eit vel
fortent spark i røvi til heile reklamebransjen. «Because they are worth it!»
23
– Lag ei merkeordning for godt lærebokspråk
nmu
Vebjørn Sture
– Nynorskelevar må sikrast god tilgang på
godt språk, særleg i lærebøkene. Det kan til
dømes gjerast ved å opprette ei merkeordning for språkleg kvalitet i læremiddel. Slik
kan solid språk i læremidla verte eit konkurransefortrinn i forlagsmarknaden, seier Vebjørn Sture, påtroppande leiar i NMU.
Sture meiner det er på høgt tid å ta
varskua frå skulenoreg på alvor. Den siste
tida har mellom anna elevrådsleiaren på
Stord vidaregåande skule reagert på at lærebøkene konsekvent nyttar bokmålsnære
former i nynorskutgåvene, og rapportar om
florerande språkfeil i nynorske lærebøker er
heller ikkje uvanleg.
– Skal elevane lære seg å skrive rett, må
vi også eksponere dei for korrekt språk. Der
har skulen og lærebøkene ei heilt avgjerande rolle, forklarer Sture.
Det er i dag ingen organisert kontroll
av innhald eller språk i norske læremiddel,
etter at godkjenningsordninga for læremiddel vart oppheva ved starten av årtusenet.
Når den nye nynorske rettskrivinga vert sett
i kraft i august, forsvinn læreboknormalen,
og det er ingen retningsliner for korleis
språket i lærebøkene skal sjå ut. Landsstyret
i Norsk Målungdom vedtok i mai ei fråsegn
om at det er på tide å tenkje nytt om kvalitetssikring av lærebokspråket. NMU
Stygge
andungar
Her om dagen vitja eg ein vidaregåande skule
for å halda intensivkurs i nynorsk for
avgangselevane. Dei hadde kome opp
i nynorsk – som for desse elevane var
sidemål – til eksamen, og trong sårt litt
påfyll. Eg kunne fortald mykje om den
turen, men det var særleg éin ting eg vil
nemna for dykk no. I ein pause kom eg
nemleg i prat med ein av norsklærarane,
som var heilt open om at ho sleit skikkeleg med å læra elevane nynorsk. Ikkje
på den koketterande, sjølvnøgde måten
enkelte av dei mest sidemålsfiendtlege
agitatorane stundom opptrer, men heilt
ærleg og rådspørjande. Frå tidlegare
skulevitjingar – og dei har eg gjort eit
hundretals av etter kvart – har eg inntrykk av at læraren sin kompetanse kan
vera ei litt øm tå. Visst finst der mange
gode norsklærarar som kan sakene sine,
men me veit også at ein del ikkje akkurat
er fjellstøe i nynorsk – og at det kan vera
upopulært å påpeika.
Men denne gongen kom det altså frå læraren
sjølv. Så me byrja diskutera: Kvifor er det
slik, og korleis kunne det vore unngått?
Me var samde også: Lærarutdanninga
treng ei solid overhaling. Det burde ikkje
vera mogleg å verta uteksaminert norsklærar utan å kunna nynorsk, utan å ha
fått solid innføring i sidemålsdidaktikk,
eller utan å ha lært korleis du forklarer
elevane verdien av å læra både nynorsk
og bokmål. Likevel skjer det i enorm
skala, kvart einaste år.
Når du driv med målsak, er det alltid
nok å hengja fingrane i. Er det ikkje sidemålet som står på dagsorden, så er det
nynorskforbod i Akersgata, skulemålsrøystingar i randsonene, eller lærebøker
som manglar. Viktige saker, alt saman. I
flokken av målpolitiske svaner, er det lett
å hamna i bakgrunnen, som den stygge
andungen. Stundom hamnar kanskje
lærarutdanninga litt der.
Difor er det på høg tid å lyfta fram – og
løysa! – utfordringane for lærarutdanninga. Det hjelper ikkje med sidemål
frå femte klasse eller sidemål i andre fag
enn norsk, dersom læraren berre kan
bokmål, eller trur nynorsk er eit daudt
kunstspråk som berre vert bruka i statlege brev. Problemstillinga vert endå viktigare av at skuleverket har stø kurs mot
framtidig lærarmangel. Styresmaktene
har alt sett i gang omfattande kampanjar
for å få ungdom til å ta lærarutdanning.
Me må rekna med at den satsinga berre
vil auka, og at det i åra framover skal
utdannast uhorvelege mengder nye
norsklærarar.
Vår oppgåve framover er å syta for at desse
nye norsklærarane vert utrusta med
den kunnskapen og kompetansen som
trengst for å gje god, lærerik og inspirerande opplæring i både bokmål og
nynorsk. Om også lærarutdanninga kan
verta ein stor og flott svane, vil fort sidemålsundervisninga gjera det same. Lite
vil tena nynorsken betre enn om desse
stygge andungane får sitt velfortente
hamskifte.
24
Nynorsk og finans. Frå venstre: Morten Søberg, statssekretær i Finansdepartementet, Siren Sundland, direktør for kommunikasjon
og samfunnsansvar, Sparebanken Vest og Oddmund Løkensgard Hoel, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Hege Lothe
Nynorsk i finansverda
Finansnæringa har alltid
vore ein bastion for bokmålet, men det har funnest ein
motstraum: sparebankane
på Vestlandet.
Dette var emnet på eit seminar som
Høgskulen i Sogn og Fjordane skipa til
i mai.
– Det er ikkje tvil om at det er nynorskreklamen som får flest kommentarar og tilbakemeldingar, seier Siren
Sundland, direktør for kommunikasjon
og samfunnsansvar i Sparebanken Vest.
Det er ein solid vestlandsbank med
68 avdelingskontor frå Nærbø på Jæren
i sør til Selje i nord, og er ein språkdelt
bank. Reklame for banken er utforma
på både nynorsk og bokmål, og bokmålet dominerer i Bergen og i Rogaland.
Sundland slår fast at det er sjølvsagt å
bruke nynorsk.
– Det handlar om å ta vare på og
gje banken ein lokal identitet, og i den
samanhengen vert nynorsk viktig, det
gjev eit fortrinn, seier Sundland.
Ho legg til at hadde banken vore
ein nasjonal bank, er det ikkje opplagt
at det ville gjeve same språkpolitikken.
Kunderådgjevarar som har nynorsk
som hovudmål, kan likevel bruke bokmål i arbeidet.
– Eg merkar at det er viktig å gje
støtte til kunderådgjevarane våre på at
dei bør bruke nynorsk i arbeidet, fortel
Sundland.
Nynorsk nedanfrå
Luster Sparebank er ein sjølvstendig
bank, og dei er difor heller ikkje med-
lem i eit større banksamarbeid. Det gjer
dei unike i Bank-Noreg. Dei er tydelege
på at dei høyrer heime i lokalsamfunnet, og 60 prosent er innskot frå Luster.
– I 2010 fekk Luster Sparebank
målprisen frå Luster Mållag. Det sette
vi stor pris på, og det gjorde sitt til at
banken vart endå meir merksam på nynorsk. Vi skjerpa oss rett og slett, fortel Oddstein Haugen, banksjef i Luster
Sparebank. Han fortel at det slett ikkje
er like enkelt å halde på nynorskprofilen.
– Alt vi skriv sjølve, er på nynorsk.
Som til dømes nettsidene, kundekommunikasjonen og marknadsføringsmateriell, seier Haugen. Andre sentralt
utforma publikasjonar er alltid på bokmål, i tillegg til at delar av finansspråket
er på bokmål eller engelsk.
Seminaret tok opp vilkåra for nynorsk i finansnæringa i fortid, samtid
og framtid. Statssekretær i Finansdepartementet, Morten Søberg, snakka
om fortida. Han fortalde om etableringa av Jostedal sparebank og Fjærland
privatbank, og om korleis desse bankane var bygdeprosjekt der heile bygda
stilte som innskytarar, og kva språk dei
brukte. Han la vekt på nynorsken som
ein del av demokratiet.
–Eg har høyrt at forfattaren Kjartan
Fløgstad har sagt at «Nynorsk er eit
fleirtalsspråk brukt av eit mindretal».
Dersom det stemmer, er det godt sagt,
seier Søberg.
– Den norske språksituasjonen
handlar om nettopp det. For nynorsk
er meir enn berre ei ordbok. Demokratiet er folkestyre. Folkestyre er fyrst og
fremst eit fleirtalsstyre. Fleirtalet styrer.
Men folkestyre er også å sikre mindretalet. Nynorsken er ein del av demokratiet og demokratiet er ein del av nynorsken, seier Søberg.
Nynorsk i økonomifaget
Sverre Høgheim, førsteamanuensis i
økonomiske fag ved Høgskulen i Sogn
og Fjordane (HiSF), snakka om korleis
det er å rettleie økonomistudentane
på nynorsk. Og han peika på at det for
elevane er meir krevjande å skrive nynorsk enn bokmål.
– Mange av studentane har problem
med både formverk og rettskriving, og
faguttrykk på bokmål får lov til å feste
seg, seier Høgheim.
Han fortel at han rettleiar elevane
på innhald, og gjev konstruktive tilbakemeldingar på språket, og det tykkjer
studentane er bra. Han etterlyser at
fleire av kollegaene hans i økonomifaget ved andre institusjonar vart flinkare
til å publisere tekstar på nynorsk.
– Skal du skrive godt, må du både
høyre, lese og skrive språket, seier
Høgheim, som slår fast at den største
ulempa for nynorsken på høgskulen er
at fagbøkene i økonomi er på bokmål.
Fyrsteamanuensis Oddmund Hoel,
var arrangør på vegner av HiSF og
meinte det vil vere nyttig for finansnæringa og for statlege etatar som
produserer mykje økonomitekst innanfor staten og til fylkesmennene, fylkeskommunane og kommunane, å få
ei nynorsk økonomiordliste på nettet,
med gode omsetjingar av faguttrykk.
Hege Lothe
[email protected]
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
Gje nyttige gåver
Til barnehagekampanjen:
—Medlemskap i gåve: Kjenner du
nokon som burde ha vore med i Mållaget? Gje dei medlemskap i gåve! Det
kostar 200 kroner.
JA TAKK,
eg tingar:
—stk. song- og teiknehefte:
Kvart lokallag får dei fyrste 50
eks gratis, deretter 2 kroner per
sett. Gratis!
— stk. MATBOKS i plast. 16x11 cm.
Kr 50
—stk. TIPSHEFTE som gjev god lese-
start med gode tips til nynorske
barnebøker. 16 sider. Gratis!
KRUS OG KOPP!
— stk. MEDLEMSBEVIS som eg kan gje
vekk i gåve. Kr 200
—stk. kaffikrus kr 100
Svart dekor og brun tekst.
—stk. PC-HYLSTER med slagordet
Mange røyster – felles mål. Storleik: 15".
Kr 100
Det endaa koma kann den Dag,
daa Retten fram kann sleppa
Ivar Aasen, 1875
— stk. Takk, Ivar Aasen-JAKKE-
—stk. FLYGEBLAD til dei tilsette:
MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
«Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 4 sider. Gratis!
—stk. kaffikrus (2008) kr 100
Svart dekor og gulltekst.
Kruset er nytrykk av jubileumsserviset.
— stk. Slepp nynorsken til-JAKKE-
MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
Det går mangt eit menneske og ser
seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld
Tarjei Vesaas 1950
— stk. Ivar Aasen-almanakk-
OMSLAG i skinn som varer i mange år.
A- plan-/Filofax-system. Burgunder
farge. Passar for innmat storleik 96 x
167 mm. Du byter ut innmaten for kvart
år. I dette lausbladsystemet er det også
mykje anna tilleggsutstyr
å få kjøpt, m.a. lausark for eigne notat.
Kr 250
—stk. kaffikrus kr 100
Svart dekor og brun tekst.
Skogen stend,
men han skifter sine tre
Olav H. Hauge, 1965
—stk. FLYGEBLAD til foreldra:
«Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 2 sider. Gratis!
FRIMERKEMAPPER frå Posten med førstedagsbrev med frimerket
— stk.
som Posten laga i høve hundreårsjubileet. Kr 50
— stk. PARAPLY
Svart dekor og brun tekst.
Nokon må elske ordet og reinske bort
ugras der det gror. Nokon må bruke ordet.
Berre ved bruk blir det vakkert.
Marie Takvam, 1987
med trehandtak.
Svart med kvit logo og slagord: Mange
røyster – felles mål. Diameter om lag 1
meter. Kr 70
Kryss av, klipp ut eller kopier
og send tinginga til:
Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0150 Oslo
Norsk TideNd Nr. 3 – 2012
—stk. frukostasjett (2008) kr 100
!
Du kan også tinge ved å sende e-post
til [email protected], ringje 23 00 29 30,
fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn
på www.nm.no
Porto kjem i tillegg.
Hugs at vi kan gå tom for somme
artiklar! Det er såleis ikkje sikkert
at du får alt du tingar.
—stk. JAKKEMERKE: «Gjennom
ord blir verda stor». Gratis for
inntil 20 jakkemerke! Deretter 1
krone per stykk.
—stk. RULLEBANNER:
«Gjennom ord blir verda stor».
2 meter høg. Kr 500
Namn:
Adresse:
Postnr.
Poststad:
25
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Prent: Nr1Trykk as
Opplag: 13 500
Abonnement: kr. 250,– per år
Annonsar:
Annonseprisar:
Tillegg for tekstside:
Spaltebreidd:
Kvartside:
Halvside:
Heilside:
Tillegg for fargar
Ilegg til avisa:
kr 9,00,–/mm
kr 0,50,–/mm
45 mm
kr 4 000,–
kr 7 000,–
kr 12 000,–
kr 1,00 pr. stk.
Alle prisar er eks. mva. Ved lysing
i fleire nummer kan vi diskutere
særskilde avtalar.
Stoffrist nr. 4 – 2012:
27. august 2012
NOREGS MÅLLAG
Tilskrift: Boks 474 Sentrum,
0105 OSLO
Telefon: 23 00 29 30
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Kontoradresse:
Schweigaardsgt. 16
Bankgiro: 3450.19.80058
DEBUTANT: – Det er ei god kjensle å ha gjeve ut ei plate. Eg har jo lagt hjarta mitt i det, seier Marie Klåpbakken.
Leiar: Håvard B. Øvregård
mobil: 917 73 157
[email protected]
Felejenta
Tilsette:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar,
tlf. 23 00 29 37, 957 85 560,
[email protected]
Tuva Østvedt,
organisasjonskonsulent,
tlf. 23 00 29 34,
[email protected]
Berit Krogh, økonomikonsulent,
tlf. 23 00 29 35,
[email protected]
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar,
tlf. 23 00 29 36, 975 29 700,
[email protected]
Marit Aakre Tennø, norskfagskonsulent,
tlf. 454 71 716
[email protected]
Hege Lothe, informasjonskonsulent,
tlf. 57 86 53 60, 926 48 348,
[email protected]
Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend,
tlf. 23 00 29 32, 943 97 998,
[email protected]
Else Elise Sætre Bullus,
kontormedarbeidar,
tlf. 23 00 29 30,
[email protected]
Tarjei Vågstøl, IT-medarbeidar,
tlf. 23 00 29 50, 452 31 489,
[email protected]
NORSK MÅLUNGDOM
www.nynorsk.no/nmu
Tilskrift: Postboks 285 Sentrum,
0103 Oslo
Telefon: 23 00 29 40
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Bankgiro: 3450 65 48707
Leiar: Vebjørn Sture,
tlf.: 924 16 527, 23 00 29 40,
[email protected]
Skrivar:
Johanne Marie Kydland Torund,
tlf.: 23 00 29 40,
[email protected]
www.nm.no
26
Foto: Kjartan Helleve
Etter å ha stått i bakgrunnen og blomstra
med fela si, er Marie
Klåpbakken klar med
debutplata si.
Det fyrste Marie Klåpbakken
seier då eg møter henne, er at
det er ein feil på omslaget.
– Det er ein person eg har
gløymt. Det har eg har lege om
kveldane og hatt veldig dårleg
samvit for. Dessutan er det ein
song som ikkje er nemnd inne
i omslaget. Men det er vel avdi
han heiter «Sommarfuglar».
Han har vel floge sin veg, seier
Klåpbakken.
Men slik er det å gje ut si fyrste plate. Klåpbakken har vore
med på mykje. Ho har vore Helene Bøksle sin faste felespelar i
mange år, ho har opptredd med
dansegruppa Frikar og har vore
med i tv-programma «Norske talenter» og «Hver gang vi
møtes». No er det ho sjølv som
skal stå fremst.
Trass dei små feila er ho likevel trygg på at songane held
mål. Fyrste gongen ho spelte
dei inn, var ho ikkje heilt nøgd.
Denne gongen har ho med god
hjelp frå produsent Odin Staveland fått det slik ho ville. Fått
det til å høyrest ut som henne.
Jordnær
– Slik er det. Ein må prøve og
feile. Eg skriv enkle songar som
skal gå rett inn. Eg er ei jente
som likar det enkle og er vel litt
MARIE
KLÅPBAKKEN
◆ debuterer med plata
Framtida
◆ har spelt mykje med Helen
Bøksle og gruppa Bergtatt
naiv. Eller jordnær, som eg plar
seie. Eg ville ikkje ha greidd å
spele songane mine inn på ein
skikkeleg måte, og eg er utruleg
glad for at Odin ville vere med
på dette. No har det blitt ei
plate med musikk av den typen
eg sjølv likar å høyre på, seier
Klåpbakken.
– Og kva type musikk er det?
– Det er jordnær, fengande
og folkeleg musikk. Songar ein
får lyst til å syngje med på.
– Det ein kallar pop?
– Ja, eller helst visepop.
– Men du har stått på scener
i mange ulike samanhengar og
med veldig ulik musikk?
– Ja, eg er som ei potet, og
eg har lyst til å vere med på alt.
Det er ei av mine sterke sider,
at eg både vil og kan vere med
på så mykje forskjellig. Så eg
har gjort veldig mykje artig på
kort tid, og eg er bortskjemt
med å få mange oppdrag. Men
når eg no lanserer meg sjølv
som artist, så må eg sortere i
større grad. Eg kjem til å halde
fram med å spele med Helene
Bøksle, men vil nok takke nei til
fleire oppdrag enn eg har gjort
tidlegare.
– Blir du ikkje freista eller
inspirert til å ta din eigen musikk i ei litt anna retning når
du speler med så mange ulike
artistar?
– Nei, eg høyrer heime i
denne sjangeren. Det er den
typen musikk eg blir glad av,
og det er den typen musikk
eg høyrer på når eg er ute og
spring. Då set eg på ein song
med t.d. Sofia Karlsson og Lars
Winnerbäck og legg av garde.
Dyktig folkemusikar
– Du kan spele fele i A-klassa
under Landskappleiken, og
meldarar er raske med å trekkje fram folkemusikken når
dei skriv om plata di.
– Det har eg ingen problem med. Eg likar å bli kalla
felejenta, eg er glad for at folk
knyter meg til felespeling. Og
sjølv om eg ynskjer å vere ein
ny artist, så heng jo dette ved
meg. Men det trur eg berre er
ein fordel. Det syner at eg
har vore med ei stund, og
kan gjere at folk er merksame på det eg held på med.
Dessutan er ikkje det ikkje
noko nytt å blande fele og
popmusikk. Til dømes har
amerikanske Allison Krauss
gjort det godt med å kombinere ein avslappa vokal og eit
fantastisk felespel.
– Men folkemusikar er du
ikkje?
– Nja, eg kan vel eigentleg
ikkje seie så mykje om det. Eg
har ein veldig sans for tankane
bak folkemusikken og den
samkjensla som folkemusikken kan gje. Samstundes har eg
liksom trekt meg unna det. Ikkje av di eg har noko i mot det
miljøet, men av di eg ikkje har
hatt tid og at eg ikkje har prioritert det. Så eg er litt spent på
korleis folkemusikkmiljøet vil
ta i mot denne plata. Eg veit eg
er ein dyktig folkemusikar, men
eg har valt å gjere noko anna,
der eg kan ta med meg signaturspelet mitt frå folkemusikken og blande det saman med
noko anna. Så får me sjå.
– Så du er nervøs?
– Nei, berre storkosar meg.
Det er ei god kjensle å ha gjeve
ut ei plate, og eg har jo lagt
hjarta mitt i det. Det er det som
er sjølve innhaldet i plata. Ikkje
dvele ved det som har vore. Sjå
framover. Mot framtida.
KJARTAN [email protected]
HELLEVE
Norsk TideNd Nr. 3 – 2012
sagt sidan sist
kryssord for barna
ved Einar Søreide
– Den nynorske barnelitteraturen er
så dårleg representert at sjølv ein austlending som eg meiner det er pinleg.
Austlending og litteraturkritikar
Guri Fjeldberg til Gudbrandsdølen
Dagningen
– Nå skal teksten på Tine melkekartonger endres fra bokmål til nynorsk. Det er bare i lusekoftelandet
Norge, der de som er i absolutt mindretall vinner frem. De fleste bruker
bokmål, men likevel skal vi måtte
leve med at det skal stå nynorsk på
kartongene. Helt ufattelig! Tror nok
jeg kommer til å vurdere Q-melk
heretter. Ikke for det at den er bedre,
men kun på trass. Nå er jeg er lei folkene som sitter i Noregs Mållag.
«Rune» til spalta «Summetonen»
i Bergensavisen
– For en stund siden byttet jeg fra Qmelk til Tine melk, siden den kom
fra gårder på Vestlandet. Men hvis
teksten på kartongene skal komme
på nynorsk i stedet for bokmål, er
det en rask vei tilbake til Q-melk.
Prisen er den samme og smaken er
lik i min munn.
«Ole Kristian» har òg
funne summetonen
Ser bilder fra parlamentet i Ukraina,
og tenker at språkstriden i Norge
dog forløper sivilisert både fra nynorsk- og bokmåltilhengere.
Hans Olav Lahlum på Twitter
Norveççe öğren,ismi bile gizemli,
Nynorsk falan diyo onlar.
Resat Calislar (@resatcalislar)
på Twitter
På Vestlandet leveres nå Tine-melk
med nynorsk tekst på kartongene.
Hvor lang tid tar det før Mållaget
krever at minst halvparten av melken som aksjonerende bønder heller
ut i gatene skal være nynorskmjølk?
VG feirar 17. mai med minileiaren
«Kvotert aksjonisme»
– I 2007 fekk du Vinje mållag sin
målpris. Kva betyr dialekt for deg?
– Identitet.
Anne Lise Verpe Sandok
svarer Telemarksavisa i eit intervju
med tittelen «Eg har nok nokon
hundre par sko, ja»
– de velger å kvitte seg med kristendommen som hovedreligion, men
fortsetter å ha nynorsk på skolen,
dårlig prioritering i reduksjonsprosessen av norge.
Aksel Gundersen gjev ei språkpolitisk vinkling på kyrkjeforlikssaka i kommentarfeltet under saka
«Staten koblet kirken fra staten»
på VG nett
kryssord
ved Laurits Killingbergtrø
Kryss NT nr 3-2012
HALE
VISE
MASSING
VETERAN
LEVEVEG
SØTSTOFF
SPRÅK
EINSTEINHYPOTESE
GODT
UTFØRT
ÅRER MELLOM HUS
FAGER
NATRIUM
BREI GATE
FLATBRØD
HELSING
SAMLING
AV DEI
BESTE
KRANGLEVORNE
PINSLE
FORVALTNINGSGREINA
KAV
MATRETT
ENERGI
DIKTAR
KØYRETRASÉ
FLY
KRYDDER
LABB
PÅ TOTEN
ELLER I
RUSSLAND
FØRJULSSYSSEL
KVINNENAMN
LEITT
KONTINENT
SNODIG
AASENS
BYGD
KJÆRLEIK
TAL
TIDLEG
RANE
BLAUTT
BYER
FÆL
RÅD
UNION
SYN
KARPEFISK
FAGFOLK
MILDT
VANSKELEG
LENDE
HA FOR
VANE
TAL
ARTE
SKIPNAD
RISIKABELT
MØRK
OPPSPINN
FASE
FEKK
BLAKKEN
IKKJE
MEIR
VANDRE
I FULL
VIGØR
HÅP
LAUSLIVNAD
RASSTAD
1936
TEK
SLUTT
GRØF- HUSDYR
TER
TAL
ESSENSEN
KVINNENAMN
DUNSTA
ANDSYNES
OKSYGEN
RENNER
DRIKK
TANNKVAL
HINNE
KRYPE
SPISS
HØVELEG
STERK,
FJERN
LYD
MJØLK
I NUMEDAL
LANGTUR
HUSDYR
SVING
NR. 3
2012
løysing
Kryss NT nr 2-2012
GARD
MUSKELVEV
BERETRE
FØLGJE
KORT
B
K
S P Ø R J E
BLÅSL
E Ø S
ARAR
J A N I T S
STELLER E
PARTI NEDBØR VASSDRAG
T R I V S E
STATSE SJEF NEDERN L
LAND
RÅD
M I L J Ø V
ØYE E BUAR
A
F R I I D R
NM
A R A ILLE
N O R E G S
GOD
R 50
A K
NOK
T I L F R E
DÅRLEG
FORGEO TRULEG
L SNODIG I
SKJEFT
U N D E R S
BORAR STORT
U S A TIL
LAND
D I S T R I
QUIZ
HA FOR
VANE
VENDER
Å
S
K O N K
S U R
J A R O
U HOPPE FORNEM E
L S F R
P I
E R N M
RENDE
T E KNEPET O
E T T S
T R E
M E I S
TONE
E
K VEKT
D S S T
KVILTE
L E BAKEN
K O T S
Å T FISK A
K T S T
FELESPELAR
ØKON.
AVTALE
GRETTEN
AVSLAG
HØGTID
GOD FOR
NÆRMILJØET
LIKE
GRESK
GUDINNE
TIDSROM
PAPEGØYE
STJERNER
RENNE
TALRIKAST
Norsk Tidend nr. 3 – 2012
LAGA OST
INTERLUDIUM
KONKURRANSE
Løysing på barnekryssord
(Løysinga finn du nedst på sida)
Utan mat og drikke, duger helten ikkje. Vel, det rimet funka ganske dårleg på nynorsk. Men det er no sant
likevel.
Harald Espeland i Bergens Tidende
VEL TRE
LEVE
KAFEAR
EIGEDOMSPRON.
FØRE
I SEG
LOVMAKAR
TAL
INKLUDERT
PRYDELEG
BYGNING
FLIRE
ENKEL
BUSTAD
B KRUKKE U
U R R A
TRAU
N U
OMN
R K E S
SIFFER
PÅBOD A
T
JAPAN
E M J A
D I INNANFOR
I N I S
KOME
K SKURER
O
T E V L
L E I
T E R S
INSTRUE ROMMÅL MENTET T
I L L A
BAKU N
ENDEN
F Ø R E
OVERU R E TYDING
A N N L
PÅ MOTEN
RETNING
EKSTASE
I
L
N S E
SVAR
J A
RENN
T E R
GRØNT
A L BELEGG
N D E
N I
T E R
OPNA
R RETNINGMUNNEN
I N G
K
A
K A P
U T
N D E
FOR- TVINGE
E TØRNA
T A K
T R U
E G E
RØRER
UVANLEGE
DEI
TAL
OPPTRER
ÅLEINE KØYRETY
LAUVTRE
HANNDYR
DANS
HALD
STILT!
TRIVSEL
STORFUGL
Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2012
1. Målfrid Sletten,
Søgne
2. Guro Håkedal,
Arendal
3. Karin Berg,
Tau
UBYGD
BORT
ELEGANTE
Send løysinga til:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Frist: 27. august 2012
Merk konvolutten «Kryssord».
Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte
ut og får fin premie.
Namn:
Adresse:
Postnummer/-stad:
Løysing på kryssord 2 – 2012
27
i nynorskens skog
Marit Eikemo
Foto: Berit Rekve
Asbjørn Rydland
Foto: Berit Rekve
Litteraturprisar til Eikemo og Rydland
– Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan
nynorsken, sa Marit Eikemo, då ho
vart tildelt Nynorsk litteraturpris 2011
ved opninga av landsmøtet. Ho fekk
prisen for boka Samtale ventar.
– Eg kunne ikkje ha skrive bøkene,
eller hatt alle dei gode leseopplevingane, om det ikkje var for nynorsken.
Takk til nynorsken, smiler Marit Eikemo. Ho legg til at dette ikkje er tida
for å utelukke ungdom frå å bli kjende
med nynorsk litteratur.
Juryen i år har vore Margunn Vikingstad, Ståle Bjørnhaug og Vidar
Lund. Dei seier mellom anna dette i si
grunngjeving: «Nynorsk litteraturpris
2011 går til ein forfattar som skriv
morosamt, engasjerande og smart.
I den tredje romanen sin skildrar ho
med skarpsinn og varme og i eit lett og
smidig språk ulike former for fellesskap
og utanforskap og vilkår for å møte og
leve med andre menneske. Mørkt og
morosamt skildrar Samtale ventar eit
sterkt eksistensielt ubehag og klarer
slik å seie noko klokt om einsemd og
fellesskap og om å leve i Noreg i dag.»
– Eg er stolt og glad, og eg vart
endå stoltare og gladare då eg såg
kven som stod på lista over tidlegare
prisvinnarar, sa Asbjørn Rydland.
Nynorsk barnelitteraturpris 2011 vart i
år tildelt Asbjørn Rydland for boka Med
eld i hjartet. Vinnarboka er den andre i
ein serie om Drakeguten.
Årets jury har vore Eva Westvik,
Arild Torvund Olsen og Anne Marit
Godal. Juryen seier mellom anna dette
i si grunngjeving: «Vi meiner vinnaren
fortener heider og ære for å ha skapt
ei god og spennande forteljing for
ungdom. Gjennom eit poetisk språk
skildrar han store mytologiar og små
detaljar som til saman skaper eit levande og truverdig fantasiunivers.»
Begge bøkene er gjevne ut på Det
Norske Samlaget. Prisvinnarane får
30 000 kroner kvar i prispengar.
Hege Lothe
[email protected]
Vestlendingane
får nynorsk mjølk
Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine. Alle dei
fire gardane som har vore avbilda på
mjølkekartongane til Tine på Vestlandet sidan nyttår, har tekst på bokmål – så nær som skummamjølka.
Teksten er på bokmål sjølv om alle
dei fire gardane som er presenterte,
ligg i nynorskkommunar.
Det meinte elevrådsleiar Morten
Habbestad ved Stord vidaregåande skule var rart og skreiv brev til
Tine og lurte på kvifor ikkje mjølka
blir levert på nynorsk. No har Tine
svart Habbestad at dei snur, fortel
nettavisa Framtida.no. Frå juni skal
Tine igjen marknadsføre mjølka på
nynorsk, seier kommunikasjonssjef
Olav Håland i Tine Sør og Tine Vest
til avisa.
– Vi har skjønt at mange, også
bønder, har ønskt å ha nynorsk på
mjølkekartongane. Når vi no skal ha
nye kartongar, tenkte vi at vi skulle
spørje bøndene sjølve, seier Håland.
På Vestlandet har dei utvalde
kartongbøndene sagt at dei vil at det
skal heite mjølk. Og slik blir det. Dei
nye kartongane blir tatt i bruk når
det blir tomt for bokmålskartongar
utover sommaren. (NPK)
Grunnlova på nynorsk
Når Stortinget vedtek ei modernisert
Grunnlov til grunnlovsjubileet i 2014,
skal lovteksten liggje føre på både bokmål og nynorsk. Stortingsgruppene til
dei tre regjeringspartia, SV, Sp og Ap,
har no alle gått inn for at Grunnlova
også skal finnast på nynorsk. Høgre
og Frp er innstilte på det same, skriv
vekeavisa Dag og Tid.
Revideringa av Grunnlova, som sist
vart modernisert i 1903, har komme
i stand gjennom eit mangeårig samarbeid mellom tidlegare Frp-leiar Carl
I. Hagen og den pensjonerte språkprofessoren Finn-Erik Vinje. Vinje har
òg stått for sjølve moderniseringa av
teksten.
Da Stortinget i 1906 behandla
eit framlegg om ein nynorskversjon
Tips oss!
av Grunnlova, var mottakinga meir
lunken, og det vart med det. Men nynorskomsetjinga til Nikolaus Gjelsvik
vart likevel publisert i Norsk lovtidend,
som òg kom med oppdaterte versjonar i 1915 og 1933. Fram til 1985
vart det jamleg publisert oppdaterte
nynorskversjonar i handboka «Grunnloven vår» (NPK).
Kjærleik.
Audmjuk.
Heim.
Utdanningsdirektoratet
ville ha mindre nynorsk. Det fekk
Hadia Tajik til å skrive meir.
24. januar vart det kjent at Utdanningsdirektoratet ikkje var heilt overtydd om at sidemålet hadde ein rettmessig plass i skulen. Det fekk Frp-politikar Hanne
Blåfjelldal til å kvitre på Twitter: «Har betalt medlemskontingenten min i Noregs Mållag i dag. God dag
å bruke litt pengar på nynorsk.» Stortingsrepresentant
Hadia Tajik frå Arbeidarpartiet var ikkje sein med å
svare: «Det minner meg om at jeg har glemt å betale
kontingenten min! Skal gjøre det snart.» Og dagen
etter kvitra ho: «Del favorittorda dine på #nynorsk
her. Eg likar: Kjærleik. Audmjuk. Heim.» Og sidan har
Tajik halde seg til nynorsk i dei sosiale media.
– Diskusjon om sidemålet sin plass i skulen vart
reist på nytt i samband med gjennomgangen av læreplanen i norsk. Diskusjon om sidemålet er også ein
diskusjon om verdien av nynorsk. Eg har vakse opp i
Strand kommune og hadde nynorsk som hovudmål
fram til slutten av ungdomsskulen. Då vart eg ein av
dei mange som går over til bokmål ved overgangen til
den vidaregåande skulen, og har stort sett skrive bokmål sidan. Eg reflekterte nok ikkje over det så mykje
over den gongen, meir då eg studerte journalistikk.
Skulle eg arbeide i dei største avisene, så var det var
bokmål som gjaldt.
–Likevel har eg alltid meint at nynorsk er viktig. Å
berre snakke om det som kulturarv, får det til å høyrast forhistorisk ut. Det er like mykje ein del av norsk
samtid. Og når eg meiner det, så bør eg òg ta konsekvensen av det, og sjølv bli ein av dei som bruker og
held oppe bruken av nynorsk. Når det er sagt, så skriv
eg framleis mykje på bokmål.
– Er det ikkje rart at du no som stortingsrepresentant kan nytte nynorsk som du vil, medan det var problematisk i tida frå ungdomsskulen og hit?
– Ein kan jo diskutere om det var eit problem
eller om det var eg som gjorde det til eit problem.
Det handlar jo litt om ei haldning om at det blir så
vanskeleg med nynorsk. Men som journalist var
det jo hinder. Eg skreiv ei sak på nynorsk om
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Aftenposten. Det var berre ei lita fast spalte
med nokre faste spørsmål. Men sjølv då
var det diskusjonar på redaktørplan om
det greitt.
– I kva grad skal politikarane leggje seg
opp i innhaldet i skulen?
– Politikarane skal leggje seg opp i
innhaldet i skulen, men det skal ikkje
styrast i detalj. Spørsmålet om nynorsken sin plass treng heller ikkje vere eit
politisk spørsmål. Det er grunnlag
for å hevde at det å få opplæring i
sidemål og hovudmål, gjer det lettare å lære seg andre språk. Slik blir
det ikkje eit spørsmål om politikk,
men om læringsutbytte, om å leggje grunnlag for vidare læring.
– Kva trur du om vegen fram?
– Me som vil nynorsken vel, må
nok vere opne for at det kan kome
endringar, også i måten ein blir prøvd
i sidemålet. Men ein må bli prøvd.
Om ein ikkje kjem opp til eksamen i
faget, er eg redd for at ein ikkje tek faget alvorleg nok. Eigentleg er jo ikkje
dette berre eit skulespørsmål, det er
også eit samfunnsspørsmål.
Kjartan Helleve
Vi vil gjerne vite kva veg vindane blæs gjennom nynorskens skog. Send e-post til [email protected].
Årets nynorskskrivar på Wikipedia
Frode «Frokor» H. Korneliussen er
utnemnd til årets nynorske wikepedianar. Han har starta over 28 000
artiklar på Nynorsk Wikipedia.
– Frokor har bidrege sterkt til å få
Wikipedia på nynorsk til å bli eit solid
leksikon med over 80 000 artiklar og
meir enn fire millionar sidevisingar
i månaden, sa
styreleiar i Wikimedia Norge
Jarle Vines då
han delte ut
prisen, fortel
nettavisa Framtida.no.
(Foto: Wikimedia Commons)
Produksjonen
til Korneliussen utgjer om lag ein
tredel av alle artiklane i den nynorske versjonen av dugnadsleksikonet.
Skribenten er meteorolog for StormGeo og arbeider til dagleg i Baku i
Aserbajdsjan. (NPK)
TEMA PENGER
«Bare en tosk
har noen
gang skrevet
for annet
enn penger.»
Dr. Samuel
Johnson
%
$
€
PENGA
ELLER
LIVET
KRIGENS
OMKOSTNINGER
OLJEFONDET
ØKONOMISK
MIGRASJON
$
$
FORSKJELLENE
ØKER
FATTIGE
SKJEBNER
MOR INDIA
SALGS
GULL REKKA
Litteraturfestival får
refs for lite nynorsk
EN REISE
I GJELD
Norsk litteraturfestival på Lillehammer får kraftig kritikk for å ha for lite
nynorsk i barneprogrammet sitt.
– Den nynorske barnelitteraturen
er så dårleg representert at sjølv ein
austlending som eg meiner det er
pinleg, seier litteraturkritikar Guri
Fjeldberg til Gudbrandsdølen Dagningen. Fjeldberg saman med kollega Petra Helgesen gått gjennom
talet på nynorsk- og bokmålsforfattarar i programmet for barn og unge.
Berre 2,7 prosent av programpostane er basert på nynorsk litteratur.
Det får Fjeldberg til å omtala festivalen som ein rein bokmålsfestival.
– Nynorsk utgjer ti prosent
av det som blir gjeve ut og har
høg kvalitet, seier Helgesen.
Mellom anna har ungdom sjølv stemt fram
nynorske bøker i tre av
fem tilfelle under Uprisen utan at det nokon
gong har vore fleirtal
av nynorskklassar i
juryen. Dei to litteraturkritikarane meiner
saka er ekstra kritikkverdig sidan
litteraturfestivalen i fjor fekk
500 000 kroner
i ekstraløyving
via statsbudsjettet i den
såkalla nynorskpakken
for å fremja
nynorsk litteratur. Festivalen får òg
2,1 millionar
kroner i anna
offentleg støtte.
(NPK)
Foto: Arbeidarpartiet