avtale om hest på for

Download Report

Transcript avtale om hest på for

AVTALE OM HEST PÅ FOR
Hest:
Hesteeigar: Rosendal rideklubb
Fortakar:
Denne avtalen gjeld for å ha _________________ på fòr annakvar helg i
____Partalsveke
_____Oddetalsveker
Og 2 dagar i veka:________
Pris: KR 800,- pr. månad.
Betalast innan den 1. i kvar månad til konto nr 3460 12 45118
PASS PÅ AT DE BETALAR FAST DEN 1. I MÅNADEN!!!
FORTAKARS ANSVAR
Skulehestane er rideklubben si viktigaste inntektskilde og det er viktig at vi tar
godt vare på dei. Som fortaker har du ansvaret for at hesten har det bra den/dei
dagane du har hesten. Fortak skal syte for godt stell og omsorg.
Rosendal rideklubb har ansvarsforsikring på hesten, men oppstår det skade(r) på
hesten eller andre sin eigedom som kjem av ein direkte årsak av fortakars
behandling av hesten, er det fortakars ansvar og fortaker som må ta ein eventuell
dyrelegerekning eller eigendelar på forsikring.
Viss fortaker ikkje gjennomfører dei oppgåver og følgjer de retningslinjer som
er nemnt i avtalen vil rideklubben sei opp avtalen med fortaker.
FORTAKERS OPPGÅVER
1.
2.
3.
4.
Møkka ut hos hesten og koste utanfor boksen
Strigle hesten før og etter riding
Rensa hovane før og etter riding
Legga dekken på vist den bruker dette
5. Lage klart høy og kraftfôr til hesten. Frukost og kveldsforet skal hengjast
på boksen, middagsforet skal i ”dekkenrommet”. Middagsfòret skal
BARE lagast til i dei nummererte sekkane!
6. Ta møk vekk frå beite og fylla vatten i baljane.
7. Hovudlag og sal skal vaskast og smørast en gang i løpet av helgen.
8. Viss banen er tørr/støvete må den vatnast før ein rir der.
9. Du må ta inn hesten FØR kl 21.00 Då er det fôringstid og det skal vera ro
i stallen.
VEKEDAGAR
I vekedagar, når hesten går fleire kurs, skal fortaker ikkje ri den, men den
trenger likevel ein som tar seg av det daglige stellet. Det daglige stellet vil sei:
· Møka boksen
· Laga klart høy og kraftfôr
· Ta møka vekk frå beite og fylle på vatten
· Sjå til at hesten har det bra
LØRDAG OG SØNDAG
· Du må ta hesten UT i løpet av formiddagen (før kl. 12).
· Husk og sjekka at det er vatten i baljen på beitet når du tar ut.
· Gjera dei punkta som står under oppgåver.
· Sørgje for at hesten er på stallen eller ute i luftegarden kl 14.00. Då er det
fôringstid og alle hestane skal vera på plass.
· Hesten skal vera inne FØR kl. 21.00 Då er det fôringstid, og det skal vera
ro i stallen
SALROMMET
·
·
·
·
I sal rommet skal alt utstyret til hesten oppbevarast.
Hovudlag skal hengjast fint opp
Salen skal hengjast fint opp og saltrekket skal på.
Er salunderlaget sveitt og skittent tek du det av salen og legger det oppå
salen
· Bittet skyljast ALLTID etter bruk, sånn at det er fint og reint til neste
gong
HUSK I STALLEN OG SAL ROMMET skal det alltid vera ryddig!
RIDING
Hesten skal ha to dagar fri frå banen. Då kan ein enten ri på tur eller leie på tur.
Det er ALDRI lov å trava heim mot ridehallen!! Same intervalla som når vi rir
på ridebanen gjeld ute!!
Vil du ri i banen gjeld følgjande: Start ALLTID ridinga med å skritta. Hesten er
kanskje stiv og støl og trenger MINST 10 min. oppvarming.
Når hesten er skritta lenge nok kan ein starta med trav. Deretter kan ein begynne
å galoppera og eventuelt legga til krevjande øvingar.
Når det gjelder sprang blir vi einige om kven som får lov til det på eigenhand
med kvar enkelt av dykk som har dei på for.
Til slutt MÅ hesten skrittast av, sånn at den får pusta ut og får mjølkesyra ut av
kroppen før ein setter den inn. Minimum 10 minuttar.
DIVERSE
Ridekubben vert sett opp på foringslista til liks med dei andre som har hest i
Stall Rosendal. Korleis dette skal løysast er det Synneva Seim som har fått
ansvar for å løysa. Det kan henda du får spørsmål om å fora, men då skal du få
opplæring i dette.
Det er og Synneva Seim som er dykkar kontakt person til styre i Rosendal
rideklubb. Så viss det er noko de lurer på ta kontakt med ho. Det er sjølvsagt lov
og spørja andre som er i hallen om ting de lurer på når de er der!!
Dersom det vert arrangert stemne, kurs og liknande i helgane er det forryttarane
som har fyste rett til bruk av hesten. Dersom det blir arrangert open dag og
liknande der rideklubben treng hestane for å halda arrangementet, er det
rideklubben som har fyrste rett til å bruka hesten.
Dersom det kjem turistar som vil ri, og det ikkje ”kollidere” men dei tidene
forryttaren pleier og vera i stallen, kan rideklubben fritt bruka hestane.
Dersom andre, utanom forryttarane, ønskjer å låne hesten skal dette klarerast
med Synneva.
ER DU UTE PÅ TUR OG HESTEN ”LEGG I FRÅ SEG”: TA DEN VEKK
ETTER DEG!!
Det er ein månads gjensidig oppseiingstid!
Dato/Signatur
Rosendal rideklubb
Dato/Signatur
Fortakar