Fyrste sjukehus med e-resept Magisk Juni på Kvemmadokkje Maid

Download Report

Transcript Fyrste sjukehus med e-resept Magisk Juni på Kvemmadokkje Maid

tys dag Alt i møblar og teppe til hus og hytter MØBELSENTERET VOSS - VOSSABYGG TLF.: 56 51 09 60 11. juni 2013

• Nr 64 • 130. årgang • Grunnlagt 1883 • Laussal kr 20,–

Undergangen utsett igjen

UNDERGANG:

Asle Bergstrøm (t.v.) og grunneigar Åsgeir Brunborg er skuffa over at det ikkje vert ny undergang i Ringheimsvegen før tidlegast i 2014.

Medan dei mjuke trafikantane tek seg gjennom undergangen i Ring heimsvegen med livet som innsats, har Statens vegvesen nok ein gong utsett bygginga av ny undergang. – Eg er redd ei alvorleg ulukke lyt til

FOTO: FRODE RENE

før Statens vegvesen får augo opp. Dei mjuke trafikantane er gløymde i denne saka, seier ein oppgjeven og skuffa Asle Bergstrøm. Eg vert både overraska og skuffa, seier Jørgen Steensæth i Voss kommune. Side 2 og 3

Fyrste sjukehus med e-resept

VOSS:

Voss sjukehus har innført elektroniske reseptar. Tidlegare måtte sjukehuslegane gjera reine detektivarbeidet for å få oversikt over kva medisin pasienten gjekk på. Med e-resept, og ein sentral database, vil både fastlegen og sjukehuslegen sine reseptar vera å finna på same staden. Dermed kan ein unngå uheldige kombina sjonar av legemiddel.

Side 4 og 5

Magisk Juni på Kvemmadokkje

ULVIK:

– Eg trur historia til Jeanne d’Arc har mykje å seia oss i No reg i dag som gjerne har eit noko meir makeleg tilvære, seier Juni Dahr. Laurdag kveld bergtok ho tilhøyrarane på Kvemmadokkje. – Full klaff, skriv Hordaland sin utsende. Midten

Ulvik-rådmannen seier opp

ULVIK:

– Eg ser at det ikkje er vilje til å innretta seg etter at ein må endra haldningar. Då giddar eg ikkje å halda dei i øyrene lenger, seier Ulvik rådmann Jon Oppedal som har gjeve beskjed om at han trekkjer seg. Han har vore råd mann sidan 2005, etter at Ulvik og Granvin «skilde lag» med felles rådmann.

Side 3

Maid med mål

VOSS:

Maid Memic (biletet) brukte berre 20 minutt på å skåra for Voss i comebacket, men det heldt ikkje til meir enn 2-2 mot Tornado Måløy. Verre gjekk det for damelaget som tapte og raste ned att på botnplassen. Side 18–19

14

tysdag KULtUR

HORDALAND 11. JUNI 2013

Juni Dahr , fløytist Chris Poole, innleiar Elisabeth Aasen og arrangørane på Kvemmadokkje gjorde så til dei grader jobben sin i Ulvik laurdag kveld. Når då også naturen spelar med på nær magisk vis, blir det full klaff.

I DET FRI: Juni Dahr innfridde forventningane, og Kvemmadokkje var ei fantastisk kulisse for stykket «Jeanne d’Arc – Visjon gjennom eld». Ikkje minst då regnbogen openberra seg.

Full klaff på Kvemmadokkje

Forventningane var i utgangspunktet høge då Juni Dahr framførte sitt stykke «Jeanne d’Arc» på Kvemmadokkje sin utescene.

Kvemmadokkje har for vane å presentera kvalitet, men på ei utescene på Vestlandet er vêret alltid ein X-faktor.

Laurdag vart det X-faktor 100 av 100.

KYRKJELEG VERDSBILETE. Historikar Elisa beth Kjørsvik Aasen innleia før teateropp setninga. Ho lukkast med målet sitt om å setja publikum i ein middelalder-modus. Aasen presenterte eit knippe innflytel sesrike kvinner som verka i middelalde ren. Derimellom Hildegard von Bingen og Katarina av Siena, som begge i si samtid vart tilskrivne å stå i kontakt med høgare makter. Dette i eit samfunn der kyrkja hadde ein dominerande posisjon. Eit langt meir mystisk verdsbilete rådde enn det som rår i Europa i dag.

– Ingen stilte spørsmål ved kyrkja sitt verds bilete i middelalderens Europa, sa Aasen.

BONDEJENTA JEANNE.

Felles for kvinnene Aasen introduserte utanom Jeanne d’Arc var at dei oppfylte eit krav som var obli gatorisk for å få ein posisjon i kloster og for å bli anerkjende av geistlege. Dei var adelege. Jeanne d’Arc vart på si side fødd inn i ein bondefamilie. – Kva har denne sosiale bakgrunnen å seia for måten ho blir behandla på? Det spørsmålet vil eg de skal ta med dykk inn i oppsetninga, sa Aasen.

HIMMELEN SPELAR MED.

Når Juni Dahr kjem på scena, blir dei om lag 250 tilsko darane trekte inn i stykket frå fyrste stund. Dahr sjonglerer brilliant mellom å fortelja frå Jeanne d’Arc sitt liv, og å snakka som Jeanne. Jeanne vart fødd under hundre årskrigen mellom England og Frankrike. Ho høyrde røyster som fortalte henne at ho skulle hjelpa Charles VII til å bli kruna til konge av Frankrike. Ho leia Frankrike i krigen mot engelske invasjonsstyrker fram til ho vart avretta i 1431.

Dahr nærast kallar på Jeanne heilt i byr jinga av teaterstykket. Og Jeanne svarar?

Ei kjensle av mystikk oppstår iallfall når ein regnboge vert tydeleg i horisonten i den augneblinken Juni Dahr/Jeanne d’Arc vender seg mot himmelen.

Regnbogen er eit fenomen som for lengst er vitskapleg forklart, men det er ikkje noko du ser kvar veke. Naturen spelte med i Kvemmadokkje. Kulissane skapte ein mystikk.

NATURLEG KLANG.

Lydmessig klaffa det også usedvanleg bra. Når Juni/Jeanne er ute og gjeter husdyr tidleg i stykket, ber ho oss vera stille og lytta til naturen. Kva

tysdag KULtUR

HORDALAND 11. JUNI 2013 15 FLOTT JUNI: – For meg er Jeanne d’Arc eit menneske som vågar å fylgja si indre stemme, kommenterte Juni Dahr etter den magiske forestillinga.

I DET FRI: Juni Dahr innfridde forventningane, og Kvemmadokkje var ei fantastisk kulisse for stykket «Jeanne d’Arc – Visjon gjennom eld». Ikkje minst då regnbogen openberra seg. MIDDELALDER-MODUS: av Johan Børsheim.

Historikar Elisabeth Kjørsvik Aasen innleia før teateroppsetninga, og lukkast med målet sitt om å setja publikum i ein middelalder-modus. Her får ho blomar

Full klaff

på Kvemmadokkje

høyrer me? Sauebjøller og fuglekvitter. På teater innomhus skulle dette vanskeleg vore overgått med bruk av lydspor.

Klangen når Juni Dahr brukte skikkelig utestemme fungerte veldig bra. Han slo tilbake frå fjellknausane bak Kvemmadok kje. Det er godt jobba av dei som styrte lyden, og ein fryd å oppleva på uteteater.

Rekvisittane Dahr har med seg på sce nen er enkle men effektfulle. Ein stol te ner mange funksjonar i stykket, men det framstår aldri som forvirrande. Måten Dahr kommuniserer til publikum er klar og direkte, og ho spelar inn rollene som til dømes engelsk soldat på ein tydeleg måte.

– EIN VIKTIG INSPIRASJON. ord frå rettsdokumenta.

Stykket «Jean ne d’Arc» har vore med Juni Dahr sidan ho fyrst sette det opp i USA i 1988. Det vart skrive av Dahr og John Morrow, og byggjer på originale tekstar og Jeanne sine eigne – For meg er Jeanne d’Arc eit menneske som vågar å fylgja si indre stemme, og ei som vågar å gje sitt liv for det ho verkeleg trur på. Ho er ei enkel dame som gjer det ho skal gjera. Jeanne har vore ein viktig inspirasjon for meg. Eg trur historia hen nar har mykje å seia oss i Noreg i dag som gjerne har eit noko meir makeleg tilvære, seier Dahr.

Fløytist Chris Poole har vore med på hei le reisa sidan stykket fyrst vart sett opp. Det er ho som har komponert musikken, og samarbeidet mellom dei framstår som tett og godt. Dahr er åleine på scena i ei veldig fysisk krevjande teateroppsetning. Poole sit rett ved sida av og fyller på med melodiøst og rytmisk fløytespel og enkelte andre lydelement.

Tilbake til dette mystiske i historia om Jeanne d’Arc som kan vera problematisk å forhalda seg til i eit langt meir avmystifi sert verdsbilete som det som rår her i dag.

– Dette var ei utfordring for meg då eg skreiv stykket. Difor har eg valt å leggja vekt på Jeanne si sterke kopling til natu ren, seier Dahr.

Den koplinga kom til sin fulle rett i Kvemmadokkje laurdag kveld, men det er freistande å gje mystikken ein sjanse etter ei slik oppleving.

Skodespelar Dahr syntest det var ei stor oppleving å få framføra stykket i dei spek takulære omgjevnadene på husmanns plassen til Torill Lunde Børsheim og Johan Børsheim.

– Scenerommet med himmelen over og opninga til fjorden rett bak er enormt. Ein kan bli litt svimmel, men det det fungerer utruleg bra, meiner Juni Dahr.

TErjE hjarTnEs | tekst og foto [email protected]