Dikt ved grava, Lars Ove Seljestad

Download Report

Transcript Dikt ved grava, Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad
Til minnet om Olav H. Hauge
(Ulvik, september 2014)
Det har stått her før, dette huset
Det er ei ro over dette huset. Det
har stått her lenge. Han
som budde her
vart verande i årevis.
Han flytta ikkje. Reiste
han nokon stad,
var det til eit dikt, for
å vitja slekt og vener,
for tvungne møte med prest og
anna embetspakk, til sist
nokre fot lenger ned.
Det tek farge av dette, huset, lyser
i haustkvelden, står og pustar
varme, spreier ange av gammal
maling og tørr
bjørkeved om vi går forbi. Det
har stått her før, dette huset, er
snigel, langsamt sigande
mot jord, i si eiga
tyngd, lever i den, i
1
si tid, let seg ikkje
jaga av skiftande motar,
hundar og kattar, ir
har drege forbi, men
den gule duken og
diktet er dei same.
Det står støtt, dette huset. Det
har stått her før, dette huset.
2