– Dikta går rett heim

Download Report

Transcript – Dikta går rett heim

4
kultur og medier
|
Bergens Tidende onsdag 12. juni 2013
Kva betyr dikta til
Wislawa Szymborska
for deg?
Jan EriK Vold
F o r fa t t a r
Wislawa Szymborska skriv
kloke, muntre,
leselege, overraskande dikt
som tar utgangspunkt i det livet
vi alle lever. Ho
er verken optimist eller pessimist,
verken desperat eller blåøygd, verken sjølvutleverande eller kamuflert. Ho er eit europeisk menneske, som ber danninga si med lette.
Dikta hennar er god medisin mot
alt som smakar av Olje-Norge.
Mona VEtrhuS
F o r fa t t a r
Szymborska sine
dikt har eg vore
glad i lenge. Eg
hugsar eit dikt
om at ein ikkje
må døy frå katten, for kva skal
katten gjera i ein
tom leilegheit, klatra på veggene?
Kjekt at dei fire siste samlingane
endeleg er komne på norsk.
hEnning BErgSVåg
F o r fa t t a r
Szymborska trefte eg for første
gong i samlinga
«Utsikt med et
sandkorn», som
låg i ei korg utanfor gamle Melvær bokhandel
ein gong på 90-talet. Men eg
heldt nok denne boka litt på avstand. Somme diktarar er farlege
å forgapa seg i som ung. Dei skriv
så godt at det nesten blir farleg å
lesa. Ein blir motlaus over å koma
til kort. Men Szymborska er i eliten. Det er ho. Tar eg opp ei av bøkene hennar i dag, er det ikkje for
å læra meir om språket, men for å
læra noko om tilveret.
FOLKEKJÆR: Wislawa Szymborska likte å røykja og likte folk som røykte. Til liks med mange andre forfattarar som har fått utmerkinga, var ho ukjend for mange nordmenn då
ho fekk Nobelprisen i 1996. Det har eldsjela Christian Kjelstrup gjort noko med, og har omsett dei nyaste dikta hennar til norsk.
– Dikta går rett heim
Etter at Christian Kjelstrup
hadde intervjua den
polske poeten Wislawa
Szymborska for Aftenposten i 2011, var han
sikker på éin ting: Dikta
hennar må ut på norsk!
dei oppleva at dikta hennar går rett heim, seier Christian Kjelstrup ivrig.
Han gjestar Bergen og Litteraturhuset i kveld for å fortelja om Wislawa Szymborska – den polske poeten som fekk Nobelprisen i litteratur i 1996 og som er blitt folkeeige blant anna i Sverige.
– I Sverige har dei ei bok av Siri ØKland
typen «Den store [email protected]
ken», og der er Szymborska den – Ein avdød polsk lyrikar? Det poeten som er representert med høyrest ikkje så veldig sexy ut, flest dikt. Ho skriv så jordnært men når folk får lesa henne, vil og kvardagsleg at ho blir sitert SUPERHELG
TORSDAG, FREDAG OG LØRDAG
20%
PÅ ALLE VARER
FREDAG HOLDER VI NATTÅPENT
SØRÅSBROTET 9
TLF: 474 77 998
ÅPENT: 10 - 20 (18)
HARDANGERVEIEN 23
TLF: 474 78 315
ÅPENT: 10 - 20 (16)
i både konfirmasjonstalar og gravferder, fortel Kjelstrup.
Livleg dame
aBC
Jeg kommer aldri til å få vite
hva A. tenkte om meg.
Om B. til det siste ikke ville tilgi meg.
Hvorfor C. lot som om alt var i orden.
Hva D. hadde med å gjøre at E. ikke sa noe.
Hva F. forventet, hvis han forventet noe.
Hvorfor G. lot som ingenting,
selv om hun visste så altfor godt.
Hva H. hadde å skjule.
Hva I. ønsket å legge til.
Om det faktum at jeg var der
hadde noen som helst betydning
for J., for K., og for resten av alfabetet,
Eit utval av dikta til Szymborska blei omsett til norsk i 1996, etter at ho fekk Nobelprisen. Tidlegare i vår kom boka «Livet er den eneste måten», der Kjelstrup har omsett alle dikta i dei fire bøkene ho gav ut etterpå.
– Ho var 73 då ho fekk Nobelprisen, og mange ville nok lent seg tilbake. Men ho skreiv fire diktsamlingar etterpå, den eine blei gitt ut posthumt. Ho skreiv like til ho døydde.
Szymborska skydde å vera berømt etter prisen, og i årevis sa ho nei til dei fleste journalistar som bad om intervju. Kjelstrup klarte likevel å få innpass i 2011, og møtte ei røykjande, livleg dame heime i blokkleilegheita i Krakow.
– Dikta gjorde inntrykk, og det gjorde ho også, men ikkje på ein prangande måte. Då eg gjekk ut av leilegheita, bestemte eg meg for at desse dikta må ut på norsk.
– Byggjer bru
Trur du ho vil gli inn som folkeeige også i Norge?
– Dikta er tilgjengelege og smarte på same tid. I Norge er det ofte dikt av poetar ein generasjon tilbake, f.eks. Bjerke, Inger Hagerup og Olav H. Hauge, som blir sitert ved store høve. Det spesielle med Szymborska er at ho er samtidslyrikar. Mange trur kanskje slike dikt er tåkete, komplekse eller til og med litt skumle, men Szymborska byggjer bru. Ho fekk Nobelprisen, ja, men samtidig er ho så lett å lesa at ho blir likt av dei som ikkje les lyrikk til vanleg, seier Kjelstrup.
Wislawa Szymborska
– Ho får deg til å sjå verda på ny, og ho gjer det med humor. Ho skriv om ting eg har festa meg ved, men hasta vidare frå og gløymt. Ho skriv slik at ho minner meg på det eg burde ha sett.
– Har du tru på at Szymborska vil bli like populær her som i Sverige?
– For meg ville det vore eit idealsamfunn om bergensarar og andre nordmenn gjekk rundt og siterte polsk poesi.
Kommunistregimet
– Korleis levde ho som poet under kommunistregimet i Polen?
– Ho debuterte i eit magasin i 1945. Det første diktsamlingane vedkjende ho seg ikkje – dei er lett Stalin-hyllande. Etterpå fann ho ganske raskt si eiga stemme. Andre polske poetar, som Miłosz, Rózewicz og Herbert, har alle fått rolla som nasjonens samvit og vore meir eksplisitt politiske, seier Kjelstrup.
Han fortel at Wislawa Szymborska trekte seg tilbake og skreiv meir underfundig om livet. – Men indirekte blei dikta ein kommentar til kommunistregimet. Mottoet hennar var «Eg veit ikkje». Viss ein veit, blir verda ein farleg stad, meinte ho, og sikta til regimet.