Nautnes vert hamn for små cruiseskip

Download Report

Transcript Nautnes vert hamn for små cruiseskip

2 aktuelt
Nautnes vert hamn
for små cruiseskip
Vestnytt laurdag 21. mai 2011
I byrjinga av juni kjem
cruiseskipet SeaDream
I på vitjing til Nautnes. Det er første
gongen eit cruiseskip
finn vegen til
Øygarden. Og fleire
kan det verta.
NAUTNES: I byrjinga av juni kjem
luksusskipet SeaDream I til Nautnes, som ein av dei siste hamnene
skipet vitjar før det dreg attende
med alle dei styrtrike amerikanarane ombord.
Det er Ove Forstrønen som har
arbeidd dette fram. No ser han
på sjansane for å gjera Øygarden
til ei fast hamn for mindre cruiseskip.
– Dette er stort. Dette er fantastisk. Om dei som kjem med SeaDream I er nøgde med det me tilbyr, så kjem det garantert til å
koma fleire slike båtar hit, seier
Forstrønen og tenkjer på kva ein
ser av cruiseskip i Sognefjorden.
– Dette vert som om Kongeskipet skulle koma på vitjing til
Øygarden, smiler Forstrønen.
Historieforteljing
Han har ingen planar om å la luksuspassasjerane vansmekta når
dei går på land på Nautnes. Forstrønen har samla historieforteljarar og -formidlarar for å gje
amerikanarane gode historier om
den norske Amerika-utfarten frå
Nautnes.
– Dei skal fiska, og dei skal få
reisa til Kystmuseet. Så skal me
ha grillfest. Det er vanleg på slike
cruise at ein har ein stor grillfest
mot slutten av reisa. Denne festen
skal dei ha her, seier Forstrønen.
Egil Sæle er hyra inn som his-
torieforteljar. Han skal blant anna
snakka om Ola Hovden, som drog
til Amerika frå Nautnes. Han vart
berømt i Statane, og heime her
lever legatet etter Hovden enno.
– Dei skal få eit godt stykke
utvandrarhistorie, seier Forstrønen stolt.
Han trur kommunen kjem til
å koma godt ut av det, om dette
besøket vert ein suksess.
KAI SVELLINGEN-FLATEKVÅL
[email protected]
924 11 906
Amerikanske SeaDream I kjem til
Nautnes i sommar. Det vert fort ein
fest ut av det då.
Arvid Lauritzen (t.v.) sit på
historia saman med Birger Oen.
Kjell Dåvøy er hobbyhistorikaren
i denne saka. Ove Forstrønen (i
midten) er lukkeleg over cruiseanløpet i juni. Foto: Kai Svellingen-Flatekvål
Vil byggja
støysvak ballbinge
Den planlagte ballbingen til Eidesjøen grendalag
vil hamna svært nær bustadhus. For å minska støyen, blir
det nettingveggar istadenfor
treplankar.
Helsedirektoratet tilrår at
ballbingar blir plassert minst
100 meter frå bustadområde.
Årsaka er støy frå stemmer og
ballar som smell i veggane på
ballbingen. Men då vert det
vanskeleg å finna plass til grendalaget sin ballbinge. Denne
vil bli plassert berre nokre få
meter frå to nabohus. Difor
vil grendalaget bruka ein ny
type ballbinge, som har netting heller enn treveggar heile
EIDESJØEN:
vegen rundt. Slik vil støyen bli
vesentleg redusert. Men Sund
kommune krev at ein også set
opp støyskjerm, og truleg vil
det koma ein 20 meter lang og
to meter høg støyskjerm der.
Planutvalet skal handsama
saka måndag. I tilrådinga til
vedtak vert det lagt opp til
at ballbingen skal vera stengt
mellom klokka 21.00 og 06.00
alle dagar. Det blir og stilt krav
om at ein skal ha på plass ei
lydteknisk rapport før Eidesjøen grendalag får byrja å
byggja.
KYRRE STYVE
[email protected]
959 19 514
Det er ein ballbinge liknande denne Eidesjøen grendalag vil setja opp. Nettingveggane gjev mindre støy enn dei
tradisjonelle treveggane. (Foto: PST Sport)