Årsmelding Skeivt arkiv 2014

Download Report

Transcript Årsmelding Skeivt arkiv 2014

Ei oppsummering av året 2014

2014 har vore eit gjennombrotsår for Skeivt arkiv, og når det nærmar seg jul er det på tide med ei oppsummering. No er arbeidet for alvor kome i gang, og den eigentlege prosjektperioden starta i juli i år. Då fekk me tilsett prosjektleiar Runar Jordåen i full stilling (treårig engasjement), og i september blei også prosjektmedarbeidar Hannah Gillow-Kloster tilsett for eit halvt år med hovudansvar for ordning, katalogisering og digitalisering av Kim Frieles arkiv. Tone Hellesund har vore initiativtakar og primus motor for prosjektet sidan 2012. Sjølv om ho no går frå stillinga ved Universitetsbiblioteket til ei professorstilling ved Universitetet i Bergen, vil ho framleis vera bidra til arbeidet med Skeivt arkiv, noko me er svært glade for. Av høgdepunkta i år kan nemnast at Friele sitt arkiv den 1. desember blei tatt opp på lista over Noregs dokumentarv, at me har tatt mot mange store og små arkiv, at dei innhaldsrike nettsidene som skal lanserast i april 2015 er i ferd med å ta form og at me i det heile er i ferd med å etablera oss som eit arkiv og dokumentasjonssenter. På dei følgjande sidene kjem ei oppsummering av året som er gått. 1

Skeivt arkiv har fire hovudarbeidsområde: Formidling – gjennom nettsider med digitaliserte kjelder, artiklar og lenker. Arkiv – tar mot, ordnar, katalogiserer og formidlar arkivmateriale knytt til skeiv historie Bibliotek Livshistorier – tar mot tidsskrift og bøker og er i ferd med å bygga opp den mest komplette samlinga av skeivt biblioteksmateriale i landet. - samlar inn skriftlege og munnlege historier Når det gjeld

formidling

er arbeidet med våre permanente nettsider i full gang. Me har vore så heldige å få med oss førstebibliotekar Simon Mitternacht her ved Universitetsbiblioteket, som bruker 25% av arbeidstida si på Skeivt arkiv. Han har, saman med Hannah, gjort ein utmerka jobb med å utvikla nettsidene. Dei skal lanserast under den offisielle opninga av arkivet i april neste år. Medan me utviklar dei nye nettsidene har me ei førebels side på www.skeivtarkiv.no

. I februar i år fekk me også vår eiga Facebook-side der me presenterer smakebitar frå arkivet og den skeive historia. Sida er svært populær og har i skrivande stund 1259 følgjarar. 2

Arkivarbeidet

har no for alvor kome i gang. Friele sitt arkiv blei levert allereie i 2013, men det er no i haust me gjennomført ordning og katalogisering. Katalogen for arkivet vil bli å finna på Arkivportalen i løpet av våren. Friele sitt arkiv har fått stor merksemd, og 1. desember blei det klart at det var tatt opp i lista over Noregs dokumentarv, den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register. Under seremonien på Riksscenen 2. desember var Frieles arkiv eitt av dei tre nye arkiva som blei særskild framheva. Runar og Tone saman med Ranveig Gausdal frå Kulturrådet under seremonien for Noregs dokumentarv 2. desember. Me har også fått inn ei rekke andre arkiv. Det gjeld arkiva til Dag Strand Nielsen, Marit Myking, Anfinn Bernaas, Gro Lindstad, Daisy Hafstad, Lesbisk rørsle i Telemark, LLH Hordaland, og ei rekkje mindre donasjonar frå enkeltpersonar. Runar og Heidi saman med arkivet til Gro Lindstad. 3

LHBT-historia har særleg dei siste 40-50 åra nedfelt seg i mykje skriftleg materiale frå organisasjonar og einskildpersonar. Likevel lever framleis mykje av historia berre i minnet til folk. Dessutan er det slik at bilete og dokument ofte er uforståelege utan at me har informasjon om samanhengen og personane som er avbilda. Det tradisjonelle arkivarbeidet må derfor kombinerast med å samla inn

livshistorier

. Me har ønskje om å bygga opp eit stort arkiv av video- og lydintervju som kan bli ein unik ressurs for forsking og dokumentasjon på skeiv historie. Dette arbeidet er ressurskrevande, og me jobbar for tida med å søka om midlar til å få det utført. Det hastar å få dokumentert desse historiene! 4

Skeivt arkiv er no etablert som eit prosjekt under

Avdeling for spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

Her har me ein trygg og solid heim. Det er ein avdeling med høg kompetanse på å ta vare på arkiv. Her har me forskriftsmessige og trygge arkivmagasin og ei avdeling som er i front nasjonalt når det gjeld digitalisering av historiske kjelder og bilete, godt hjelpt av bibliotekets

Seksjon for digitale system og tenester

. Me er altså svært glade for å vera ein del av denne avdelinga. Ei fullstendig oppsummering av året som er gått vil føra for langt, men det kan nemnast at me har vore på arkivkonferansar og gjort oss betre kjend med arkivsektoren. Me har hatt eit møte med

Riksarkivet

om arbeidet framover, og me har hatt god kontakt med

Kulturrådet,

der ikkje minst Ranveig Gausdal har vore ein viktig støttespelar. Me hadde 30. oktober det første møtet i vår

referansegruppe

. Dette er ei gruppe som har ein rådgivande funksjon. Gruppa består av personar med kjennskap til feltet: Leif Pareli, konservator ved Norsk folkemuseum og mangeårig homoaktivist med eit stort engasjement for å ta vare på historia; Hans Wiggo Kristiansen frå LHBT-senteret, som er ein av dei som har jobba mest med homohistorie her i landet; Bård Nylund, leiar i LLH, og professor Randi Gressgård frå Senter for kvinne- og kjønnsforskning, UiB. I tillegg har me den arkivfaglege kompetansen representert: Anne Aune er fylkesarkivar i Hordaland og Terje Haram er leiar for Lokalhistorisk arkiv i Bergen (og tilsett ved Bergen Byarkiv). Leikny Haga Indergaard, bibliotekssjef på Bergen Offentlige Bibliotek, er også med i gruppa, noko som styrkar den biblioteksfaglege biten. Skeivt arkiv har vore presentert i ulike fora og me opplever stor grad av entusiasme og begeistring for prosjektet, noko mellom anna responsen på våre Facebooksider viser. 5

Økonomi og framtidsutsikter

Skeivt arkiv er gjort mogleg av støtte frå Kulturrådet, Nasjonalbiblioteket, Fritt Ord, Universitetet i Bergen og Bergen Universitetsfond. No i desember fekk me også gledelege nyhende om at me har fått ein halv million i støtte frå Nasjonalbiblioteket for neste år. Me er meir bekymra over at midlane me potensielt kunne fått frå ein av våre beste støttespelarar, Kulturrådet, har ei uviss framtid etter det nye statsbudsjettet. Me håpar likevel å kunne oppretthalda omtrent same aktivitet som i år til neste år, men det er vanskeleg å vera avhengig av prosjektstøtte frå år til år. Me arbeider difor for permanent støtte for Skeivt arkiv. M e er utolmodige på å løfta arkivet opp på eit nivå der me får gjort meir enn det heilt nødvendige. Vårt langsiktige mål er permanent støtte og minimum 3-4 faste stillingar. Strategi for ressurssituasjon neste år

:

    Halda fram med å driva lobbyverksemd Senda søknader der det er aktuelt Forsøka å få politisk forståing på at Skeivt arkiv er eit nasjonalt ansvar og treng særskilde løyvingar frå Kulturdepartementet / over statsbudsjettet. Forankra Skeivt arkiv i dei eigne budsjetta og planane til UBB og UiB. Sidan prosjektet for alvor kom i gang i september har me vore ein liten men entusiastisk gjeng som har jobba med Skeivt arkiv. Simon Mitternacht og Heidi Dybwik-Rafto har hat mindre stillingprosentar hos oss. Universitetsbibliotekar Jan Olav Gatland er også ein ressurs for oss og bidrar mellom anna med artiklar til nettsidene. Hannah Gillow-Kloster er prosjektmedarbeidar for eit halvt år (september 2014 til februar 2015) og Runar Jordåen er prosjektleiar. Dei to sistnemnde stillingane er for tida dei einaste fulltidsstillingane. Me håpar å kunna halda fram med to fulle stillinga også neste år. Tone Hellesund er vår initiativtakar og den som har drive fram Skeivt arkiv. Ho gjekk i november over i ei stilling som professor i Kulturvitskap ved Universitetet i Bergen. Me er glade for at UiB med dette har fått landets første professor med Skeiv historie som spesialfelt! Me håpar det kjem mykje god forsking ut av dette og at det blir skrive både masteroppgåver og doktor-avhandlingar. Det trengst! 6

Me er i tillegg veldig nøgde med at Tone også er med vidare. Ho blir no leiar for vår referansegruppe, og ho kjem i tillegg til å bruka noko av stillinga si på å arbeida for Skeivt arkiv.

Me vil med dette ønskja alle våre kontaktar, støttespelarar, entusiastiske Facebook-tilhengarar, givarar av arkiv og alle andre som følgjer og likar oss ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Helsing Skeivt arkiv Skeivt arkiv i september 2014. Frå venstre Simon, Tone, Heidi, Runar og Hannah. 7