Mellomtrinnet - Gullingen.no

Download Report

Transcript Mellomtrinnet - Gullingen.no

Kunnskapsløftet og Gullingen leirskule Mellomtrinnet

- kva delar av læreplanen kjem ein innom på leirskulen?

Innleiing

Eit leirskuleopphald er ein del av grunnskuleundervisninga til elevane. Det er difor viktig at undervisninga er i tråd med gjeldande læreplanar. Under har me skildra vårt hovudmål, samt kva delmål Gullingen kan bidra med jfr. kunnskapsløftet.

Hovudmål

Gullingen leirskule ønskjer å gje elevane gode naturopplevingar og auka forståing for naturen gjennom eit enkelt friluftsliv og tverrfaglege arbeidsmåtar. Leirskulen ønskjer og å gje elevane gode rammer for å utvikle sosial kompetanse og evne til samarbeid.

Kunnskapsløftet - generell del

Den generelle delen av læreplanen ligg i botn for all undervisning. På Gullingen legg me særleg vekt på følgjande: Leirskulen ønskjer å fremme naturglede og bidra til å fremje det ”det miljøbevisste menneske”. Leirskulen ønskjer å gje gode rammer for utvikling av sosial dugleik og dermed vere med å styrkje målet om ”det samarbeidande menneske”.

Kunnskapsløftet – fagplanar

På leirskulen jobbar me tverrfagleg og er innom mange fag. T.d. norsk- forteljing av segner, kunst og handverk- teikning med kullstifter , mat og helse- julebakst. Dei faga me tross alt er mest innom er kroppsøving, naturfag og samfunnsfag. Under har me difor prøvd å liste opp emne me kan ta opp i løpet av veka i dei ulike faga. Dette vil variere med årstider, vær, grupper osb. Ynskjer faglærar at leirskulen skal vektleggje særskilde emne, bør dette avklarast på førehand. ----------------------------- Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring ------------------------------

KROPPSØVING

Føremål med faget

I kroppsøvingsfaget er friluftsliv viktig (Kunnskapsløftet): - ”

å gje barn og unge føresetnader for å ferdast og opphalde seg i naturen”

-

”Det skal og vere med å gje elevane naturopplevingar og innsikt i å nytte naturen til idrett og friluftsliv på ein miljøvennleg måte”

Ei veke på Gullingen leirskule vil uansett forkunnskapar, årstid og vêr, kunne vere med på å gje elevane ei mengd med varierte friluftserfaringar.

Kompetansemål etter 7 . årssteget

Kompetansemål i LK-06.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

Konkretisering av arbeid mot kompetansemål på Gullingen leirskule. Idrettsaktivitet og dans:

Praktisere ski – og skøyteteknikkar der det ligger til rette for det.

Friluftsliv:

Orientera seg ved hjelp av kart og kompass i kjent terreng Planleggja og gjennomføra friluftsaktivitetar og praktisera trygg ferdsel under varierte vêrforhold Varierte skiaktivitetar /skileik Skiturar av ulik vanskegrad. Skøyting og skøyteteknikkar dei vekene isen er god. Enkel gjennomgang av kart ute. Orientering. Vurdere vêret og lære å kle seg etter forholda. Pakk av sekk. Oppleve naturen i under skiftande vêr og føre og lære at ulike forhold gir ulike naturopplevingar. Gjennomføre fotturar i skogen og på fjellet.

Vektlegging ved ulike årstider.

Vinter Alle Alle Alle Haust/vår Førjul Gjennomføre ulike skiturar Vinter Gjennomføre aktivitetar på, ved og i ferskvatn (kanopadling, roing, garntrekk, stongfiske og bading) På ein trygg og naturvenleg måte lære å lage bål. Haust/vår Førjul Alle Planleggje og gjennomføra overnattingsturar, eventuelt ved hjelp av digitale verktøy Utføre enkel førstehjelp Få kjennskap til allemannsretten, men og lære å verne om den gjennom å ta vare på naturen. Planleggje og gjennomføre eit leirskuleopphald. Prøve ei natt i lavvu. Praktisera nokre aktivitetar med røter i samisk tradisjon Enkel gjennomgang av kva ein bør gjere når ein får ei skade ute på tur Kjennskap til og bruk av lavvu. Alle Alle Alle Alle ----------------------------- Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring ------------------------------

SAMFUNNSFAG

Føremål med faget.

Med utgangspunkt i observasjonar ute på tur vil Gullingen leirskule bidra til innsyn i natur og kulturlandskapet. Opplæringa vil setje søkelys på naturlege og menneskeskapte forhold, før og no.

Hovudområde i faget

Samfunnskunnskap er delt inn i samfunnskunnskap, geografi og historie. På Gullingen vil geografi og historie vere emne i ei tverrfagleg undervisning, jamfør læremåla nedanfor.

Kompetansemål etter 7. årssteget (utval) Kompetansemål i LK-06.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

Konkretisering av arbeid mot kompetansemål på Gullingen leirskule. Geografi:

Registrere og ordne spor Gjennom observasjonar gi døme på spor etter istida og innblikk i kva istida har hatt å seie for utforminga av landskapet. etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet. Forklare korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast.

Historie:

Bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline. Gjennom observasjonar gi lokale døme på moderne spor etter menneske og gi eit innsyn i ulemper og fordelar dette kulturlandskapet medfører. Gjennom observasjonar gi lokale døme på spor etter menneska frå steinalderen til i dag , og gi eit innsyn i korleis menneska har nytta naturen og danna eit kulturlandskap.

Vektlegging ved ulike årstider.

Haust/vår Haust/vår Haust/vår Førjul ----------------------------- Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring ------------------------------

NATURFAG

Føremål med faget:

Kunnskap om, forståing av og opplevingar i naturen kan fremje viljen til å verne om naturressursane, bevare det biologisk mangfoldet og bidra til bærekraftig utvikling.

Hovudområde:

På Gullingen Leirskule arbeider me særleg ut frå hovudområdet ”mangfald i naturen”. Naturgleda står i fokus når elevane skal tilegna seg kunnskap og respekt for mangfaldet i naturen, mellom anna i studie av samspillet i ulike økosystem.

Kompetansemål etter 7. årssteget Kompetansemål i LK-06.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

Mangfald i naturen:

Elevane skal undersøkje og skildre blomsterplanter og forklare funksjonen til dei ulike plantedelane.

Konkretisering av arbeid mot kompetansemål på Gullingen leirskule.

Gjennom observasjon og undersøkingar i ulike økosystem; skal elevane: - få kunnskap om plante og dyrelivet, bli kjende med eit utval artar og korleis dei tilpassar seg til miljøet. Næringsnett og næringskjede.

Vektlegging ved ulike årstider.

Alle Haust/vår Elevane skal undersøkje og skildre faktorar som påverkar frøspiring og vekst hjå planter -få kunnskap om eit utval blomsterplanter, blomsterlause planter, mose, lav og sopp. Enkle døme på frøspiring og vekst. Elevane skal skildre kjenneteikn til eit utval av planter, sopp og dyreartar og fortelje korleis desse er ordna systematisk

Fenomen og stoff:

Undersøkje og skildre sentrale eigenskapar ved nokre mineral og bergartar og korleis dei har blitt danna. -få kunnskap om ulike dyreartar og sporteikn. Gjennom observasjon gje døme på ulike bergartar og kva betydning dei har for landskap og vegetasjon . Alle Haust/vår Foreta relevante vêrmålingar og presentere resultata med og utan digitale hjelpemiddel. Vêrmåling morgon og kveld; vindretning, nedbør, temperatur, skyar. Elevane legg fram målingane på morgonsamling Alle ----------------------------- Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring ------------------------------