Gratulerer til Bergsdalstunet!

Download Report

Transcript Gratulerer til Bergsdalstunet!

(dette biletet tilrår eg som miniatyrbilete til artikkelen)
Vinnar av historisk festmeny for Hordaland 2014 er kåra
Gratulerer til Bergsdalstunet!
- Det var ein svært jamn konkurranse og ikkje lett å kåre ein vinnar, men Bergsdalstunet gjekk av med
sigeren for ein meny med både lokale og eigenproduserte råvarer, god presentasjon og sjølvsagt ein
fantastisk smak, seier dommar og leiar i komiteen for Grunnlovsjubileet Mona H. Hellesnes
Konkurransen med fire laga i finalen gjekk av stabelen på Norsk Sjømatsenter 22. april. Det var full aktivitet frå
tidleg føremiddag med mengder av flotte råvarer, spente og energiske kokkar og elevar og etter kvart også eit
stort publikum som fekk smaksprøver etter handsopprekkingsmetoden.
Sofie frå Sandsli vidaregåande skule presenterer deira forrett for dommarane med hektisk aktivitet i bakgrunnen.
Gjennom eit tettpakka tidsløp med 10 minutt til presentasjon, servering og smaking av kvar rett
hadde dommarane ei stor jobb med å vurdere både den enkelte rett og heilskap.
Kven har vel sett eit bord fylt med så mykje kjærleik til mat?
Alle rettar samla på eit bord til slutt viser kor mykje flid som vart lagt ned i presentasjonen. Her er
både tradisjonelle rettar som prinsefisk og Hvit Dame, og nyvinningar som sjokoladeskål laga med
ballongar og løpestikke plukka i hagen på Haaheim gaard same morgon.
Haaheim gard fekk heiderleg omtale for sin meny, og dommarane likte særskilt godt desserten, der
rabarbra er ein av hovudingrediensane. Sesongen for denne er på topp i mai, så kanskje vert det
denne som gjestene på festmiddag for Grunnlova 14. mai får smake på?
Syrlig krem med eplemynte, ciderkokt rabarbra og karameliserte rugbrødsmuler med kvit sjokolade. Dette er
ein variant av ein av våre mest tradisjonsrike desserter , tilslørte bondepiker.
To elevlag frå Sandsli vgs og Sotra vgs hadde kvalifisert seg, og saman med sine lærarar Stig Hammersland og Eva Danielsen viste dei at plassen i finalen var vel fortent. Hvit Dame som Sandsli vgs
presenterte vart unisont bestemt at skal serverast til kaffi på festmiddagen. «Dette er den beste kvite dama eg har smakt i heile mitt liv» utbraut Hanne Frostad. Gode ord å ta med seg på vegen for
ansvarleg konditorelev.
Historieforteljing var eit av kriteria maten vart dømt etter, og Hvit Dame har eit facinerande opphav.
Hovudretten som til slutt gjekk av med sigeren var det Bergsdalstunet som har utvikla.
- Det er kjempestas at Olaug og Hans Terje Fosso viser slikt engasjement for lokal mat og tradisjon.
Dei er i tillegg bønder og morsomt at dei kan vere eit døme for andre korleis ein kan utvikle sin eigen
gard, seier Mona H. Hellesnes
Sosakjøt laga av kalv frå Bergsdalen servert med honningglaserte grønsaker, jordskokkpurè og hertuginnepoteter.Drikke: Jubileumsøl frå Voss Bryggeri
Faktaboks:
Salta og røykt sauekjøt vart brukt heile året, men når det skulle vere fest, slakta dei til dømes ein kalv og fekk
såleis fersk kjøt. Sosa- kjøt var mykje brukt, fordi ein då kunne bruka mest heile skrotten. Det var og mykje
dryggare enn steik. I vår meny er kjøttet oppale i Bergsdalen, med god fjell luft og næringsrikt gras, før kalven
blir køyrd til Voss Gardsslakteri der bonden fyl den til siste slutt. Og ein får godt og stressfritt kjøt.
Gulrot og kålrot vart dyrka lokalt. i vår meny er dei glasert med honning frå Vossa- bia. Jordskokken er ei av
dei eldste grønsakene våre, men blei for det meste utkonkurrerte av poteta då ho kom til landet på 1700talet.
I høve grunnlovsjubileet har Voss Bryggeri jobba fram smaken av Vossaøl for 200 år sidan. Dei har snakka
med historikare, lokale bønder og «dykket» ned i historiebøkene. Funne kva gjær, humle og malt som vart
brukt til å brygge øl på gardane på Voss. Resultatet er eit lett maltøl brygga med lokal kveik (gjær frå
Voss). Eit øl som passer utmerket til tradisjonsmat frå Voss.
Premieutdeling og kåring
Etter eit effektivt dommarmøte var avgjerda tatt, og laga vart kalla fram i tur og orden for å på diplom og ein
personleg inngravert kokkekniv. Begge skulelaga fekk heiderleg omtale og vart begge tekne fram. I konkurransen hadde skulane fått ein ekstramotivasjon til å delta med ei eigen premie til det beste laget om ei reise til
Eidsvoll. Sidan dei begge gjorde ein så god innsats, så valde dommarane å sende dei alle saman på tur.
Frå høgre: NRK sin kameramann som filma det heile, dommarane, lærar frå Sandsli og elevar frå Sandsli og
Sotra, Mona H. Hellesnes og juryleiar Gunnar Nagell-Dahl.
Haaheim gaard med Torstein Hatlevik med servitør fekk sitt velfortente diplom for sin innovative meny.
Og då var det klart at det vart Bergsdalstunet som gjekk av med sigeren og
kunne kalle seg vinnar av Historisk festmeny for Hordaland. Kokk Margrethe
Kristoffersen saman med Helge Terje Fosso viser tydeleg kor glade dei vart for
dette. No gjenstår det å planlegge korleis menyen endeleg vert førebudd og
servert på Grand Selskapslokaler, noko dei sjølvsagt får tilbod om å delta i.
Til slutt fekk vi samla heile gjengen med matglade entusiastar til bilete.
- Eg vil med dette takke kvar og ein for ein imponerande innsats, seier koordinator for Grunnlovsjubileet i Hordaland, Laila Melkevoll. Eg vil også nytt høvet til å takke dommarane for ein dedikert jobb med å dømme det
heile, Norsk Sjømatsenter for vertskap og Fylkesmannen i Hordaland for godt samarbeid, komiteen for det
felles vertskapet for festmiddagen Universitetet i Bergen og Bergen kommune for entusiasme, Grand Selskapslokaler for sporty ja til å servere denne menyen, samt alle andre som har bidrege både praktisk og økonomisk
til denne konkurransen. Det har vore ein fryd å jobbe med dette prosjektet og takk for maten, avsluttar Melkevoll.
Koordinator for Grunnlovsjubileet i Hordaland
Rådgjevar Laila Melkevoll
Kultur- og idrettsavdelinga
Hordaland fylkeskommune
www.hordaland.no/grunnlovsjubileet
PS: for fleire bilete, sjå gjerne på sida for Grunnlovsjubileet 1814-2014 Hordaland på Facebook
Sjå også nettartiklar på NRK og BT om saka