Medlemsblad 2010.pdf - Husflid.no

Download Report

Transcript Medlemsblad 2010.pdf - Husflid.no

omslag 2010:Layout 1
26-11-10
SOGN OG FJORDANE
100-års markering:
Midte Sunnfjord sin Skywalken
vekte stor interesse i Førde… s.9
Vinnar:
Loes frå Davik vann kopp frå
Norges Husflidslag… s.13
”Barn gleder barn”:
135 lappeteppe er overrekt i
Kenya.Teppa var ein pryd for
auga i Spikersuppa under
100-års jubileet… s.22
Med stø hand:
Inger Marie Sægrov t.h
under bunadspynting i Bergen
29. mai 2010... s.16-17
09:13
Side 1
Medlemsblad 2010
omslag 2010:Layout 1
26-11-10
09:13
Side 2
Helsing frå Leiaren
2010 er snart historie og med det også
jubileumsåret i Noregs Husflidslag.
100-års jubileet har vore markert med små og større
arrangement over heile landet.
Lokallag i fylket har óg hatt sine markeringar, blant
anna hadde Midtre Sunnfjord Husflidslag ei stor
markering med Skywalken i Førde.
Fylkeslaget markerte jubileet i Bergen saman med
samarbeidspartar.
Styremedlemmar har strikka og tova tøflar, som når
dette vert lese er fordelt til kulturpolitikarane.
Det er laga hjarte av born, som vart montert til uro,
og gjeve til Barneavdelinga på Sentralsjukehuset i
Førde.
På medarbeidarsamlinga, som skulle vore i Florø, var
det planlagt ei juleutstilling. Men sidan denne samlinga nok ein gong vart avlyst, så blei ikkje det noko
av.
Som styreleiar er eg uroa over at me ikkje klarar å
engasjere medlemmar frå lokallaga til å vere med på
fylkessamlingane me prøver å lage til. Det er sikkert
ulike årsaker til dette.
På årsmøtet i vår var utsendingane med på å avgjere
tidspunkt og tema for medarbeidarsamling. Folk var
positive til samlinga.
I lokallaga ser me at det vert arbeidd godt, og samlingane våre skal vere med på å gje næring til vidare
arbeid. Like viktige er samlinga for at me skal bli
kjende med kvarandre, lære hjå kvarandre og nyte
felles interesser. Rett og slett ha det kjekt saman!
Kva kan me gjere for å engasjere dykk meir?
Me vert glade for tilbakemelding frå medlemmar som
har tankar omkring dette.
Me ynskjer å byggje på felles interesser og skape eit
godt, kreativt miljø med gode relasjonar til kvarandre.
Dette er viktig for samkjensla av det me held på med.
Eigarskap til organisasjonen, som me er ein del av på
lokal-, fylkes- og
landsplan. Ikkje
minst er dette
viktig no - i
førebuingane til
Landsmøte i
2012. Då skal me
syne fram husflidsfylket Sogn og
Fjordane. Det er ei
stor oppgåve me har
teke på oss, men me gler
oss og vonar at medlemmane våre også er glade for
tildelinga. Me skal stå på og lage eit flott Landsmøte i
Førde.
Midtre Sunnfjord Husflidslag feira 30-års jubileum i
år, og inviterte til fest på Eldalstunet hjå familien
Eldal. Underteikna var gjest saman med husflidskonsulenten og hadde ein fin kveld i Gaular.
Eg fekk æra av å vere med å gje gullnåla til Norges
Husflidslag til to av lokallaget sine medlemmar, Alfhild Eldal og Ann Lundekvam. Begge har jobba iherdig for husflidssaka; Ann med sitt bunadsarbeid og
Alfhild med Viksdalsmålinga, vev og anna kulturarbeid. Så vel fortent til dei begge to!
Elles så har eg hoppa på strikkebylgja og teke strikkepinnane fatt og er byrja på kjole til eit barnebarn på
18, og så må eg strikke noko til mitt fyrste oldebarn
som vart fødd i mai. Og eg treng nok tida til jul, for
eg er som oftast meir dus med symaskina enn med
strikkepinnane. Men det er moro når eg fyrst kjem i
gang.
Eg reknar med at det er mange av dykk som er i sving
både med strikkepinnar og symaskin i desse tider, og
eg ynskjer dykk lukke til med prosjekta.
Så vil eg ynskje dykk alle ei fin førjulstid - og ei God
Jul!
- Beste helsing Dagrun Johanne -
SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG
Kontoradresse: Igelkjøn • 6968 FLEKKE
Tlf: 57 73 55 00 • Mobil: 948 45 744 • E-post: [email protected]
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 1
Tillitsvalde 2010
Dagrun Johanne Hesjevoll
Leiar
Alder: 61 år
Sivilstand: Gift
Born: 2 born, 2 barneborn, 1 oldebarn
Yrke: Dagleg leiar
Hobby(ar): Husflid, lesing, musikk m.m.
Medlemsblad 2010
Helsing frå
Husflidskonsulenten
1
Norunn Befring Hjellbrekke
Nestleiar
Vi har vore jubilantar i 2010, og det er tid for evaluering av feiringa på alle nivå i organisasjonen.
Hovudmål var å vekkje begeistring og engasjement
for husflid både blant medlemmar og allment.
Vi skulle stå fram som ein organisasjon med fokus på
samtidsuttrykk og framtidsutfordringar innan handlingsboren kunnskap og næringshusflid.
Alder: 56 år
Sivilstand: Einsleg
Born: 2 born og 2 barneborn
Yrke: Kontorist (tittel = konsulent,
men det er lite forteljande……)
Hobby(ar): Strikking, brodering, hekling m.m.
Delmål var mellom anna at det skulle vere fleire
arrangement i alle fylke - med 75% av lokallaga
engasjert. Alle arrangement skulle ha tilbod til born
og unge, og det var ei målsetting å få ei auke til
25 000 medlemmar på landsnivå.
Britt Midtbø
Styremedlem
Sist, men ikkje minst, skulle satsinga vekkje betydeleg merksemd i media.
Alder: 65 år
Sivilstand: Gift
Born: 4 born og 8 barneborn
Yrke: Arbeidsleiar
Hobby(ar): Maling, husflid, hage
Eg har i ulike samanheng sagt at Norges Husflidslag
er nettopp deg og ditt lokallag. Difor var det så viktig
å formidle at feiringa først og fremst måtte vekse
fram som eit engasjement i lokallaga. Nokon har
ikkje sett dette som viktig, samtidig som at andre har
teke utfordringa ”på strak arm”!
Åshild Dombestein
Studieleiar
Alder: 63 år
Sivilstand: Gift
Yrke: Uføretrygda
Born: 3 born og 6 barneborn
Hobby(ar): Brodering, hekling,
nuperelleslåing, sy dokkekle
Det har vore kjekt å jubilera i lag med dykk, og ei
stor glede å få kontakt med stadig nye medlemmar
rundt i fylket. Det er ingen tvil om at husflidsarbeidet
framleis står sterkt i kvar ei krå på Vestlandet! Alle er
ikkje opptekne av å vere på førstesida i lokalavisa,
men arbeider likevel trufast i nærmiljøa sine med formidling av handverkstradisjonar, gjennom kurs og
møteverksemd.
Marit Andersen
Styremedlem
Vi har nådd fleire av måla for 100-års jubileet, og eg
synest vi har grunn til å vere stolte! Resultat og engasjement er godt synleg i medlemsbladet.
Tusen takk for stor arbeidsinnsats!
Alder: 51 år
Sivilstand: Sambuar
Born: 3 born; 1 gut på 17
og 2 jenter 13 og 20 år
Yrke: Kunst- og handverkslærar på
barnesteget og husflidshandverkar
Hobby(ar): Husflid og handverk
GOD JUL OG
GODT NYTT ÅR!
- Synøve -
medl.blad2010:Layout 1
2
26-11-10
08:41
Side 2
Sogn og Fjordane Husflidslag
SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG
- Frå sekretæren -
Årsmøte 2011
Eid Husflidslag er vertskap for årsmøte neste år, og
det vert halde 4. – 6. mars på Nordfjord Hotell, Eid.
Prisar for samlinga:
Fredag – søndag
Pr. pers i dobbeltrom – m/fullpensjon
kr. 1990,- (totalpris)
Pr. pers i enkeltrom – m/fullpensjon
kr. 2590,- (totalpris)
Laurdag – søndag
Pr. pers i dobbeltrom – m/fullpensjon + 1 lunsj
kr. 1245,Pr. pers i enkeltrom – m/fullpensjon + 1 lunsj
kr. 1545,SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG
Kontoradresse: Igelkjøn • 6968 FLEKKE
Tlf: 57 73 55 00 • Mobil: 948 45 744
E-post: [email protected]
Foto framside:
Synøve E. Vadøy,
Margunn Solvang (bilete Loes)
Dagpakke
Pr. pers inkl 2 kaffipauser, lunsj, festmiddag lørdag
kr. 780,- (kun laurdag)
Pr. pers inkl 2 kaffipauser, lunsj
kr. 385,- pr dag
Årsmøteinnbydinga vert sendt lokallaga i byrjinga på
nyåret.
SFH-kontoret må ha framlegg til saker ein vil ha
opp på årsmøtet i hende seinast innan utgangen
av januar 2011.
Medlemsbladet 2010
Stor takk til lokallaga, styret, Husflidskonsulenten og
annonsørar for flott innsats for å få bladet i hamn!
Side 7: (Foto: Synøve E. Vadøy/NH)
Side 8-10: (Foto: Synøve E. Vadøy/NH)
Side 13: (Foto: Synøve E. Vadøy/NH)
Side 16-18: (Foto: Synøve Eriksen Vadøy/NH)
Side 20: (Foto: Sissel Beate Eriksen Skar/NH)
Side 21: (Foto: Sidsel Skjelfjord/NH)
Side 22-23: (Foto: Synøve E. Vadøy/NH)
AURLAND HUSFLIDSLAG
- Jamn aktivitet... -
Aurland Husflidslag har aktivitetskveldar tysdagar
19.30 – 22.00 i lagshuset Hopastova. Laget har 40
medlemmar, ein del av desse (ca. 10) møter opp kvar
veke. Det er 3 av medlemmane som har ansvar for
Ung Husflid og som arrangerar aktivitet annakvar
måndag, der mange møter. Dei tilrettelegg aktivitetar
som passar for unge mellom 9 og 13 år.
Tysdagskveldane har me som regel eit tema, men òg
ope for frie aktivitetar. Me har hatt tema om hardangersaum, fotplagg og i haust har me bunadssaum.
Har arrangert kurs i lefsebaking. No i haust skal me
nokre helgar ha kurs i sveiping (treskjering) og
quilting, dersom nok melder seg på.
Me avslutta vårhalvåret med tur til De Heibergske
Samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Den
dagen var det urtedag der me kunne handle diverse
urteplanter. Fekk blant anna smaka på neslesuppe og
skvalderkålkake. Fekk også litt omvisning om gamle
tekstilar og broderi.
I haust skal laget vårt ein tur til tekstilfabrikken
Oleana, som ligg på Espeland utanfor Bergen.
Som avslutning på hausten skal me ha den tradisjonelle strikkekafeen på Fretheim hotell, i Flåm,
der mange både medlemmar og andre møter.
Dette er noko av det me driv med i Aurland.
Er det nokon som har lyst å sjå kva me driv med, er
de hjarteleg velkomne til å besøke oss på ein
aktivitetskveld.
- Ingrid Skjerdal -
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 3
Medlemsblad 2010
SVELGEN OG OMEGN HUSFLIDSLAG
- Sommarfest med 30-års feiring… Sit her i Svelgen og skal prøve å skrive nokre ord om
Svelgen og omegn Husflidslag. Vi er ikkje så mange,
45 med stort og smått, herav 15 aktive i Ung Husflid.
Vi møtast kvar tysdag i huset vårt, frå tidleg i januar
til vi avsluttar i juni med sommarfest og startar i
byrjinga av september med avsluttande julefest i
desember. Det er og 5-6 mannfolk som driv med
karveskurd annakvar onsdag. Det er vi damene som
møtast om tysdagane. Kva vi gjer? Ofte ingenting
fornuftig, men julemesse vert det kvart år med heimelaga gevinstar i hovudlotteri og til åregevinstar.
I mars i år var laget vårt 30 år. Dette måtte vi sjølvsagt markere. Markeringa vart på sommarfesten
første tysdagen i juni. Dei fleste vaksne medlemmane
er i fullt arbeid så menyen gav seg sjølv med
20 ungar og 15 vaksne oppmøtte; varme pølser i brød
med løk, saft eller vatn til. Når ein startar kl. 18.00
må ein ha ordentleg mat! Deretter var det kaffi, saft
og vatn, og masse flotte heimelaga kaker.
Dei yngste kosa seg i lag med dei vaksne ei stund,
deretter var det ymse uteleikar for borna. Vi er
heldige å ha ein ”fin” hage rundt huset vårt.
Å vere sosiale saman er viktig for oss. Sommarfest,
juleverkstad og julefest - det må vi ha! Vi eig 35 stolar, og når vi har fest er alle opptatt og det er et større
hovudbry å få plass til alle med bord og det heile.
Den 13. november er det årets julemesse. Vi har ikkje
så mange på ”stand” hos oss. Vi har samarbeid med
ein gardsmatprodusent og ein fruktbonde, aktiv jobb
her i bygda og eit stort utval av eigenproduserte varer
som vi sel samla. Dette fungerer godt for oss.
Sjølvsagt har vi kafè med kaker og kaffi, rømmegraut
og spekemat. Alle medlemmar, både store og små,
står på heile laurdagen med sal, kafèdrift, åresal og
loddbøker. Påfølgande tysdag har vi oppsummeringsmøte. Då er vi alle spente om vi har slått fjordårets
omsetning - vart alt slik som vi tenkte oss eller er det
noko vi må gjere annleis…
- Torild Hatlenes -
Flotte husflidsprodukt i alle varianter...
3
medl.blad2010:Layout 1
4
26-11-10
08:41
Side 4
Sogn og Fjordane Husflidslag
LUSTER HUSFLIDSLAG
- Lange avstandar - inga hindring…Laget måtte trekka pusten nokre veker etter eit
vellukka 30-års jubileum i fjor haust.
Så var det å gå i gang med planar for året 2010.
På årsmøtet i slutten av januar vart framlegg til
møteplan, kursplanar og andre aktivitetar godkjende.
Else Moen vart vald til ny leiar, dei andre i styret vart
attvalde, men nokre endra roller. Else var svært aktiv
i husflidslaget tidlegare, og etter nokre års pause er ho
no attende for fullt.
Styret har møte med jamne mellomrom, korte eller
lange etter behov, og fordeler arbeidsoppgåver
mellom seg. I mars deltok 3 styremedlemmar på
fylkesårsmøtet.
Medlemmane er den viktigaste ressursen i laget. For
nokre år sidan hadde laget eit relativt brått fall i
medlemstalet, ned mot 50 på det minste. Siste åra har
talet krabba jamt og trutt oppover, offisielt er det no
så vidt over 70, og me kjenner til at endå nokre damer
vil melda seg inn i løpet av hausten, så me håpar å
koma over 75 medlemmar ved årsskiftet. Positiv
utvikling er alltid kjekt, sjølv om me strevar med å få
med dei yngste - og ikkje minst mennene.
Heldigvis er dei positive til arbeidet me driv med...!
Luster er ein geografisk stor kommune, med fjell og
dalar opp frå fjorden. Ein gong i månaden prøver me
å samlast til møte for heile kommunen, med eit
husflidstema og enkel servering som fast program.
Ein gong i veka samlast me på 5-6 ulike stader for å
driva med ulike husflidsaktivitetar.
To gonger i løpet av våren la me møta til
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på
Kaupanger for å høyra og læra, sjå og prøva. Tema
den eine kvelden var mannsbunad for Indre Sogn, den
andre kvelden fekk me høyra om ulike applikasjonar
som har vore nytta på klede og bunad i same område.
Hafslo-gruppa hadde valt pjoning som tema for sitt
møte i mars. Husflidskonsulent Synøve E. Vadøy
kom på besøk i april, og over 30 personar kom på
møtet i Fortun. Trur dei som hadde ansvar for
serveringa sveitta litt ekstra, men alle hadde positive
tilbakemeldingar om eit kjekt møte.
Siste møtet før sommaren vart halde i Jostedal. Der
hadde Marit og dei andre som vanleg ein artig idè å
visa oss: Denne gongen laga mange nålebrev,
funksjon som nålepute.
Aktivitetsgruppene har vore nettopp det - i aktivitet.
Dei 5 gruppene har oftast frå 4-10 deltakarar, sjølv
om talet varierer frå gong til gong. Her vert det spøta,
sydd og hekla, symaskina og rokken durar av og til,
og det hender skeislaget dunkar i veven.
Ein del kurs og studieringar kjem også i gong, sjølv
om mange utlyste kurs ikkje får nok deltakarar.
Vinterkveldane vart nytta til å læra meir om strikking
og akvarell, og det vart fingra sokkeband og veve
selar til mannsbunad. Ei av gruppene hadde studiering utan lærar med tema lappeteknikk, og det vart
halde akvarellkurs for born.
Nokre medlemmar har delteke i prosjektet “Barn
gleder barn”. Tøylappane vart delte ut til born på
skulefritidsordninga og eit par skular. Damene i
Jostedals- gruppa fekk tilsendt lappar frå Ung Husflid
og monterte 4 tepper.
I samband med laget sitt 30-års jubileum i fjor, vart
det samla inn og registrert dåpskjolar frå kommunen,
både gamle og nye, laga i ulike teknikkar. Som siste
steg av prosjektet vert alle opplysningar og bilete
lagde inn på data i desse dagar.
Så var det tid for å nyta sommaren, håpa me, og kanskje lata handarbeidet få kvila litt. Men når sommaren
er så ustabil som i år var det ekstra kjekt å dra på
husflidstur til Jondal i Hardanger. Ein modig mann og
11 damer nytta to dagar til å sjå og studera og kjenna
på kvalitet, og kom heim med hovudet fullt av idèar
og sikkert mange fine ting i handlekorga.
Haust:
Regn og rusk - klar, kald luft og glødande farger.
Tid for å ta oppatt husflidsaktivitetar. På første møtet
synte Henny oss noko av det ho har laga av engelsk
broderi, og me fekk prøva dei viktigaste teknikkane.
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 5
Medlemsblad 2010
Det resulterte i at Gaupne-gruppa no har studiering i
engelsk broderi.
Dei andre aktivitetsgruppene er også i gong att.
Me har til og med fått ei ny aktivitetsgruppe på
sørsida av fjorden, dei held til i Kroken.
Kursa går sin gang. Strikkepinnane klirrar att,
penslane stryk over akvarellpapir og bunadane får
nye delar. Ei helg skal det bakast lefser og potetkaker,
og ulike slag rokkar og spinnereiskapar er tekne i
bruk for å laga tråd.
Planar for resten av året har me óg! Første helga i
desember vert det arrangert salsmesse, der me vonar
mange og varierte produkt vert lagde fram for sal, og
5
at publikum møter fram og finn mange varer å kjøpa
med seg heim til pryd, nytte og gåver.
Samstundes med salsmessa vert det arrangert utstillingar og demonstrasjonar for å markera NH sitt
100-års jubileum. Jubileumsnemnda boblar av idèar,
og det vert spennande å sjå resultatet.
Så kan me ønskja kvarandre God Jul i år òg. Nok eit
aktivt husflidsår ligg bak oss, og gjev mange tankar
om kva me skal finna på i 2011.
Har du lyst å sjå bilete frå det me driv med i Luster
Husflidslag finn du dei på heimesida vår!
- Kari Ødegård -
ÅRDAL HUSFLIDSLAG
- Stand på husflidsdagen... Laget vårt har for tida 22 medlemmar, dei fleste godt
vaksne. Det er ikkje lett å få ungdomsmedlemmar.
Me fekk ingen interesserte då me lyste ut gratis kurs
for ungdom i laging av sølvkjede og veving av
hårband til bunad.
I januar fekk me vitjing av husflidskonsulenten.
Tema var namnedukar, eit emne som fengja også
utover eigne rekkjer.
Laurdag 4. september markerte me Husflidsdagen
med ein stand på torget i Øvre Årdal, der me synte
sølvarbeid, strikking og grindveving av hårband.
Elles i haust skal me hatt to bakekurs, flatbrød og
Årdalskling, og 6. oktober skal ein av medlemmane
våre, Siri Benjaminsen, demonstrere tambursaum
for oss.
Den tradisjonelle husflidsmessa vert i Ungdomshuset
i Øvre Årdal laurdag 6. november. Der brukar det å
vere eit variert utval av produkt, især er lefsekling ei
populær vare.
Eller har laget fått eigen blogg, de kan lese om oss
på: http://ardalhusflid.blogspot.com
- Inger Hove -
Stand på Torget: Med sølvarbeid, strikking, og grindveving i fokus...
medl.blad2010:Layout 1
6
26-11-10
08:41
Side 6
Sogn og Fjordane Husflidslag
EID HUSFLIDSLAG
- Husflid til hyggje og nytte Husflidsåret har for Eid Husflidslag innehalde kjende
og kjære aktivitetar. Strikkekafèane, som vi arrangerer første torsdagen i månaden, er svært populære.
Vi har eit godt samarbeid med ein veletablert kafè på
Nordfjordeid. Her samlast mellom 15 og 25 damer til
ei økt med god mat og god prat over strikkepinnane.
Denne vinteren og våren har vi hatt tema på fleire av
strikkekafèane. Åshild Dombestein vitja oss og
snakka om konstrikk, Henny Staalnacke snakka om
og viste fram dåpskjolar og Magni Flyum demonstrerte stjernestrikk. Trivelege og inspirerande besøk.
Utover hausten ser vi fram mot fleire hyggjelege
strikkesamlingar.
programmet. I vår innleidde vi eit samarbeid med
biblioteket på Nordfjordeid. Dette resulterte i to utstillingar. Små og store husflidsmedlemmar fekk vist
fram kva dei driv med. Her var mykje fint å sjå!
I 2011 er Eid Husflidslag 25 år. I samband med
jubileet har styret planar om å arrangere ei utstilling,
der ein synleggjer kva medlemmane har arbeidd med
desse 25 åra. Ein tenkjer også å ha ei avdeling med
handplagg. Det blir spennande å sjå kva vi får til.
Vi ser elles fram mot at fylkesårsmøtet skal arrangerast på Nordfjordeid neste år.
- Marita Røyset -
På desse strikkesamlingane våre er det oftast fleire
som sit og strikkar bittesmå lestar til dei som er heilt
nye her i verda. Vi har framleis gåande strikkeprosjektet vårt « lestar til dei nyfødde ved Nordfjord
sjukehus ». Om nokon har lyst å vere med på dette
prosjektet er det berre å ta kontakt.
Ung Husflid gruppa vår brukar å ha tre samlingar om
vinteren og tre om hausten. Aktiviteten er stor og
samlingane er populære. I vinter broderte dei på
lappar til Afrika-teppa, og dei prøvde seg på nålefilting. Dei mest utrulege kyllingar tok form. Påskepynten vart nok fornya i mange heimar denne påska.
I haust står mellom anna bruk av symaskin på
Gøy med nålefilting av kyllimgar
og besøk av husflidskonsulenten...
Ung Husflid: Stor aktivitet og populære samlingar...
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 7
Medlemsblad 2010
SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG
7
- Årsmøtet 2010... -
Fredag 5. mars:
Vi starta kl. 19.00 med middag.
Rundt kl. 20.30 ønskte leiaren, Dagrun Johanne
Hesjevoll, deltakarane velkommen til årsmøtesamlinga.
På agendaen for kvelden var 100-års aktivitet;
tøflar og hjarte – under leiing av styremedlemmene
Marianne Nesse og Åshild Dombestein. Leiaren
forklarte innleiingsvis om tanken bak desse aktivitetane: Varme, tova tøflar til fylkeskulturkontoret – eit
styreprosjekt Hjarte; i alle variantar tekstil eller tre –
aktivitetsforslag til lokallaga; gi hjarte til sjukehusa
våre med tanke på ”Barn gleder barn”.
Deltakarane kosa seg med aktivitetane, prata og vart
kjende med andre deltakarar. Metervis av ”tøflelappar” og mange, fine hjarte vart produserte.
Laurdag 6. mars:
Etter ein lang og god frukost, fekk deltakarane fortsetje der dei slapp fredag kveld. Og det vart ein fin
føremiddag med 100-års aktivitetane.
Etter ein etterlengta føremiddagskaffi - med kake, is,
frukt, var det duka for vandring i ”Fjøra” – og med
besøk i ”Galleri krydder”. Ein spennande butikk med
produkt i ymse variantar; glas, keramikk, smykke,
tekstilar med meir.
Tilbake til hotellet fekk forsamlinga servert - i ord og
bilete - Marit Andersen og dottera Guro Andersen
Hundvebakke sine opplevingar på Nordisk Husflidsleir i Skjern, Danmark, sommar-09. Denne leiren,
som i år vart arrangert i Norge og Skiringssal Folkehøyskole i Sandefjord 4. – 10. juli, har eit flott og
spennande tilbod for alle; born, foreldre og besteforeldre.
Etter lunsj var det duka for årsmøtesakene – med
administrerande direktør i Norges Husflidslag, Marit
Jacobsen, tilstades.
Laurdagskvelden var det festmiddag inkludert flott
underhaldning av 13 år gamle Mathilde Skjæret på
fele og læraren hennar, Harald Hesjevoll, på trekkspel. Til kaffien vart det servert nydeleg marsipankake, ei helsing frå 100-års jubilanten Norges
Husflidslag.
Kvelden vart avslutta med lotteri og sosialt samvær i
salongen, der det også var høve til ein svingom for
dei som ønskte det.
- Dagrun Y. Igelkjøn -
Besøk av NH-direktøren: Marit Jacobsen gjesta årsmøtet vårt i Sogndal...
medl.blad2010:Layout 1
8
26-11-10
08:41
Side 8
Sogn og Fjordane Husflidslag
MIDTRE SUNNFJORD HUSFLIDSLAG
- Sprek og aktiv 30-åring...-
I skrivande stund er det midten av oktober, og vi i
Midtre Sunnfjord Husflidslag kan sjå tilbake på eit år
der det har vore mye å feire. For ikkje berre var NH
er 100 år, men 29. april 1980 blei laget vårt starta, og
det måtte feirast at vi var blitt 30 år…!
Først vil eg nemne årsmøtet vårt, der vi hadde ei hyggeleg samling på Sunnfjord Museum - med bra frammøte. Kasserar Wencke S. Stuhaug takka for seg, og
det same gjorde Åse Dyregrov Mittet, som hadde
vore sekretær. Med oss i styret fekk vi Leiv Sølvberg
som kasserer, og Johanna Myklebust som sekretær.
Vi utvida styret med eitt medlem, og Anne Eide blei
nytt styremedlem.
Vi har hatt fleire medlemsmøte, og strikkekafeen i
Førdehuset har treff annakvar tysdag - med bra
oppmøte.
Vi tok utfordringa frå NH og sydde saman nokre av
teppa som borna hadde brodert ”bitar” til. Ein flott
kveld hadde vi som var med, men vi brukte nok litt
lenger tid enn det som stod i ”oppskrifta”!
Tradisjonen tru hadde vi salsmesse i Movika, og
denne gongen var det så mange påmelde utstillarar at
det blei trongt om plassen. Men alle fekk plass, og det
virka som om både utstillarar og besøkande var
nøgde. Vi takker Sunnfjord Museum for det gode
samarbeidet, og for flott tilrettelegging.
Vi vil avslutte året med å ha ”Førjulssamling” for
heile familien på Sunnfjord Museum. Dette vert i
samarbeid med museet. Her vert det juleverkstad og
ulike aktivitetar - og dette gler vi oss til!
Har lyst til å nemne at etter Skywalken blei Johanna
Myklebust kontakta av NRK, og nokre av dykk har
kanskje sett ho på Norge Rundt i haust, der ho klipte
og spann angoraull.
Til slutt vil eg takke alle for eit flott husflidsår.
Vi har hatt eit spesielt år på mange måtar, og eg vil
takke styret og medlemmane for flott oppfølging på
dei ulike aktivitetane som var planlagde og gjennomførte.
Når du les dette er vi nesten inne i julehøgtida, og eg
ønskjer alle ei retteleg GOD JUL og eit spennande
aktivt NYTT ÅR!
… og dersom alle vervar eitt nytt medlem, blir vi
dobbelt så mange…!
- Ellen Skaug Døskeland -
Skywalken: Arrangementet vekte stor oppsikt i Sunnfjordsbyen...!
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 9
Medlemsblad 2010
- Stilfull 100-års markering... -
9
17. april var datoen vi hadde sett for å markere at
Norges Husflidslag fyller 100 år i år. Vi ønskte å vere
der folk er for å vise eit lite snitt av kva husflidslaget
vårt representerer i dag. Vi arbeidde med tankar og
planar eit heilt år på førehand, men staden var klar frå
første stund. Det skulle vere Skywalken mellom dei
to handelshusa i Førde, og det måtte vere ein laurdag
då mykje folk ville passere. Vi inviterte nokre av
medlemmane til å vere med og vise kva dei skapar.
Flotte produkt blei presenterte, strikkekafè-damene
var på plass, og blei godt besøkte. Johanna Myklebust
frå Dale spann nydelig angoraull. Mykje folk stogga,
og ein kunne høyre summing av GOD PRAT. Vi
hadde plassert oss rundt EGGA, og bak eller først, alt
etter kva veg ein kom var det aktivitet for borna.
Nokre av dei frå Ung Husflid var engasjerte med å
instruere born/unge, og her blei det laga band, vevd
på minivev, og her var full aktivitet til vi pakka
saman. Leiv Sølvberg hadde ein krok for seg sjølv,
der han spikka og trylla fram ulike spennande ting.
Husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy var med
oss. Ho hadde ein liten stand, der ho selde dei nyaste
bøkene frå NH, og dreiv litt reklame. Her var stor
aktivitet, og det blei verva nokre nye medlemmar! …
og alle var einige om at det hadde vore ein retteleg fin
dag...!
- Ellen Skaug Døskeland -
Leiv Sølvberg og spikking fall i smak...
Æresmedlem Margit Kongsvik koste seg på Skywalken...
medl.blad2010:Layout 1
10
26-11-10
08:41
Side 10
Sogn og Fjordane Husflidslag
- Staseleg 30-års gilde... -
17. september var vi samla til 30-års feiring i
Eldalstunet i Viksdalen. Alle i laget hadde fått innbyding - og dei som framleis er i blant oss av det første
styret. Vi var glade for at leiaren i Sogn og Fjordane
Husflidslag, Dagrun Johanne Hesjevoll, og husflidskonsulenten vår, Synøve E. Vadøy, kunne vere med.
Gunnhild Systad og Asbjørn Tyssen kom frå
Sunnfjord Museum. Også ordføraren i Gaular, Jenny
Følling, var invitert frå Gaular kommune sidan vi var
i Gaular. Vi hadde oppfordra om bunadsantrekk, og
det blei ei flott mønstring av mange ulike bunader.
Vi hadde også oppfordra medlemmane til å ta med
noko av det dei produserer/skapar. Og det resulterte i
ei kjempeflott utstilling...!
Vi starta kvelden med en lita reise 30 år tilbake.
Fleire av dei tilstadeverande hadde vore med å starte
laget. Evelyn Julke kunne diverre ikkje komme, ho
var den første valde leiaren av laget.
Vi hadde óg spurt Guro Hundvebakke om å spele for
oss. Guro er med i Ung Husflid og spelar klarinett.
Kjekt å ha så flotte representantar frå den yngre
garde. Bildekunstnar og tidlegare teiknelærer ved Mo
og Jølster vidaregåande skule, Astrid Wittersø, var
spurd om å filosofere rundt tema ”Frå nedlagde
Husflidsskular til oppfylde Designlinjer”. Ho trekte
nokre historiske linjer, og viste oss at forandringa i
samfunnet fordrar andre tankar og utfordringar, og
spørsmålet er jo då kva vi har mist på vegen?
Vi takkar Astrid for eit flott innlegg!
Nye æresmedlemmar: Alvhild Eldal og Ann Lundekvam
fekk tildelt gullnål med diplom...
Så blei rømmegrauten spelt inn av Arngunn Timenes
Bell, spelekvinne frå Viksdalen. Vi fekk servert nydeleg, heimelaga graut med spekemat. Og praten gjekk
livleg rundt borda, det var tydelig at folk kosa seg.
I pausen mellom graut og kaffi hadde vi ei spesiell
hending.
Midtre Sunnfjord Husflidslag har to æresmedlemmar, Margit Kongsvik og Kjersti Reiakvam Vasset.
Men vi hadde eit ønskje om å utvide dette med to
nye æresmedlemmer. Så vi sendte søknad med
grunngjeving til Sogn og Fjordane Husflidslag, fekk
denne godkjend og søknaden vart så sendt vidare til
NH i Oslo. Her fikk vi òg aksept for dette. Ann
Lundekvam fekk heidersnål i gull med diplom for
sitt arbeid med rekonstruksjon og utvikling av
Sunnfjordbunaden. Ho har òg halde kurs i bunadssaum for Midtre Sunnfjord Husflidslag. og har hatt
ulike verv i laget. Vidare fikk Alvhild Eldal heidersnål i gull med diplom for å ta opp igjen arbeidet med
Viksdalsmålinga. Ho har saman med mannen,
Einar, laga ei bedrift der han lagar og tilvirkar dei
forskjellige produkta, medan ho dekorer. Diverre er
det berre Alfhild som er medlem, men vi ønskte å
peike på det flotte samarbeidet dei imellom, og
Einar fekk såleis ein blome. Vidare har Alvhild
registrert åkle i Viksdalen, og fått dei kopierte
og vovne av dyktige kvinner i heimbygda. Dei har
også som familiebedrift, saman med dotter og
svigerson, skapt ein populær serveringsstad, der det
blir servert Norsk Tradisjonsmat.
Leiaren for Sogn og Fjordane Husflidslag bar fram
helsingar, og gav laget bøker til ”biblioteket” vårt.
Det same gjorde Husflidskonsulenten. Vi fekk blome
og gode ord frå Gunnhild, styraren ved Sunnfjord
Museum, og ordførar Jenny Følling, som var med på
overrekkinga av nål og diplom, helsa laget med gode
ord og blomar. Vi var 45 personar samla i Eldalstunet
– og vi hadde ein minnerik og flott kveld.!
Eg var med å starte laget for 30 år sidan - den gongen
med barn ved brystet og stor entusiasme. Mykje har
forandra seg sidan då, men at det er endå større behov
for det eit husflidslag kan tilby i dag er eg ikkje i tvil
om. Vi blir glade av Å GJERE, stolte av å SJÅ RESULTAT og HEILE som menneske av å bruke
skaparevnene våre!
- Ellen Skaug Døskeland -
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 11
Medlemsblad 2010
- Tuva sin store kveld... Det er onsdag, ein grå septemberkveld - og det regnar. Marit, Hilde og Ragnhild er spente – det er første
møtet for sesongen – vi skal samlast på Sunnjord
Museum i Movika med vevutstillinga ”I rute – vevde
teppe” til Brita Been som ramme for møtet.
Vil det koma nokon i kveld ?
Men det er ei anna jente som er meir spent, Tuva
snart 9 år er på sitt første møte i Ung Husflid.
Mamma og Hilde har fortalt henne om Ung Husflid,
og Tuva har vore med på barneaktiviteten under årets
husflidsmesse. Tuva ser forventningsfullt rundt på
alle dei fine teppa som heng på veggane eller ligg
rundt – kanskje ho trur at det er dette vi skal gjere i
kveld - veve tepper?
Det begynner å komme fleire jenter, ingen gutar i
kveld – til slutt er det 10 jenter og ei mamma pluss tre
vaksne frå husflidslaget som sit på golvet og lyttar til
det Oddbjørg Hjelmeland; formidlingsleiar på
Sunnfjord Museum har å seie om utstillinga og om
handverket som ligg til grunn for desse fine produkta.
Tuva og dei andre jentene lyttar og ser interesserte ut
når Oddlaug fortel om den viktige arven vi har fått av
våre formødre – desse damene som strevde og vevde
for å lage gode tekstil til heimen og attpå til laga
vakre produkt i nydelege fargar. Jentene fekk med seg
det Oddbjørg vidare sa om Brita Been og hennar
tepper. Brita har nytta gamle veveteknikkar, som i
ruteåkle, men funne ny inspirasjon i alt frå koppar og
kar frå Porsgrunn Porselensfabrikk via ulike verktøy
til nydelege italienske flisar. Spennande å høyre på
for både store og små jenter. Vidare viser Oddbjørg
oss korleis Brita vev teppene, jentene samlast rundt
veven og snart er fleire jenter i sving med å prøve
teknikken. Marit kjem til og fortset å inspirere jentene
med utdeling av pappbitar og remser i ulike fargar, og
etter kort tid ligg 10 jenter rundt på golvet i museet
og er i full konsentrasjon med å legge ruter i alle
fargar på utdelte ark. Utruleg spennande å gå rundt og
sjå korleis jentene løyser å lage sitt rutemønster –
ikkje to jenter som lagar same design – for eit
mangfald! Eg spør Tuva korleis ho har det på sitt
første møte, men ho har nesten ikkje tid til å prate
med meg – ho går rundt og kik på dei meir rutinerte
Ung Husflid jentene, før ho finn sine fargar og
begynner på sin spanande design. Når eg spør om
11
kvifor Tuva er begynt på Ung Husflid, så veit ho
ikkje heilt – men ho er tydeleg på at ho har gleda seg
veldig til å begynne – så vert ho meir oppteken av å
fortelje meg at ho likar fargar og at ho no har valt
rosa, lilla, kvitt og gult og faktisk litt blått – dessutan
synes ho det er gøy å sy. Rundt Tuva ligg og sit jenter
på golvet, alle er i alderen 8 til 13 år og eg merkar kor
kjekt dette er – både på praten, rørslene og ikkje
minst kva som etter kvart begynner å bli av ulike
kunstverk rundt. Eg stoppar ved Thea Lovise, snart
13 år, og studerer hennar spanande design av pappbitar. Thea Lovise har vore med i Ung Husflid på 3.
året og ho synes det har vore gøy - det kjekkaste var
den gongen ho laga ”pinnedyret” sitt. Elles likar ho å
lage makrame heime, men Thea Lovise har ikkje tid
lenger, ho må jobbe med bildet sitt i rosa, raudt og
kvitt og etter kvart grått. Marit er mektig imponert, og
er i full sving med å planlegge kva vi kan bruke dette
til. Jentene må nesten få med seg bilda heim, men vi
tek kopi av dei for å ha som mønster til nye produkt.
Kanskje vi skal lage broderi med kveldens design
som utgangspunkt? Etter kvart vert dei fleste ferdige
og godt nøgde med sitt bilde. Den blidaste er nok
Tuva som allereie gler seg til neste møte!
- Ragnhild Hukset -
Tuva i djup konsentrasjon...
medl.blad2010:Layout 1
12
26-11-10
08:41
Side 12
Sogn og Fjordane Husflidslag
- Regnbogen sine fargar… –
Onsdag 20. oktober hadde eg 9 born frå Ung Husflid
på besøk i Atelieet mitt.
Dei lærte om fargane, regnbogen og korleis dei påverkar oss menneske. Dei avslutta med å sy kvart sitt
hjarte i regnbogefargane med herleg tørka lavendel i.
3 foreldre var med. Dei kom trass i nysnø på
vegen…!
- Ellen Skaug Døskeland -
BORGUND HUSFLIDSLAG
Unge husflidara på besøk hos Ellen...
- Filleryer og lappeteppe... Gjennom heile året har vi faste medlemsmøte.
Elles møtast vi på vevstova vår ca. kvar 14. dag.
Der går vevane jamt og trutt.
Det blir veva filleryer og løparar. På forsommaren
hadde vi strikkepub. Det er ein liten lokal pub her i
bygda, og den er vi så heldige at vi får låne. Oppmøtet har vore veldig bra, og vi har hatt det kjempemoro.
I det siste har vi førebudd oss på ei utlodding vi skal
ha i samband med julegrantenninga
1. søndag i advent. Vi har sydd eit stort lappeteppe
som blir hovudgevinsten.
Så er det snart tid for julebord igjen, det ser vi fram til
heile gjengen!
- Inger Thøring -
kosar seg med veving, lappar og strikking...
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:41
Side 13
Medlemsblad 2009
13
DAVIK OG OMEGN HUSFLIDSLAG
- Godt opplegg for ivrige born... -
Ung husflid: Dekorerte lappar i lange baner...
Drifta i Davik og omegn Husflidslag går tradisjonelt
som før med handarbeidskafè og Ung Husflid. Det er
stort sett den same damegjengen som har halde på i
godt og vel 20 år, som held hjula i gong. Vi skulle
gjerne ha fått med nye folk i styret, men det er nok
vanskeleg med rekruttering av vaksne.
Born og unge er det derimot ikkje vanskeleg å få
med. Aktivitetskveldane er populære, og vi må styre
dette med påmeldingar og 20 som maks. deltakarar.
Det er viktig for oss at det er kvalitet over formidlinga, og det er minst 3 vaksne leiarar med kvar gong
for at borna får den hjelpa dei treng. Vi ser etter kvart
behovet for å skilje aktivitetskveldane med eit tilbod
til ungdomsmedlemmane åleine, og denne utfordringa
reknar vi med å løyse frå 2011.
I år har vi hatt fokus på veving, lappar til ”Barn
Ung og lovande: Henrik Holmøy
målar værhanen han har laga...
gleder barn” prosjektet og spikking. Laget organiserte
brodering på lappar i Ung Husflid og på barnetrinnet
på Davik oppvekst. Alle syntes at det var kjekt å vere
med i eit prosjekt for å hjelpe born i Kenya. Ekstra
kjekt vart det for Loes. Ho var ein av dei 100 heldige
som vart trekt ut til å få ein flott turkopp som takk for
innsatsen! Handarbeidskafeen på ”Dampen” har
vanlegvis ei oppslutning på 10 – 12 damer. Her held
vi på med forskjellige handarbeidsteknikkar, det vert
utveksla erfaringar og ein inspirerer kvarandre. Det
einaste programinnslaget er kaffipause med varm
eplekake og is. Like populært kvar gong!
Husflid gir stor glede for oss alle. Vi skulle gjerne ha
møttest oftare, men tida strekk dessverre ikkje til...!
- Margunn Solvang -
Nydeleg
husflid...
medl.blad2010:Layout 1
14
26-11-10
08:42
Side 14
Sogn og Fjordane Husflidslag
FLORØ HUSFLIDSLAG
- Stabil aktivitet... Det er kjekt å vere tilbake som leiar for Florø
Husflidslag, eit veldig aktivt lag.
Dette er no min tredje periode som leiar, etter at eg
har vore ganske lite aktiv i nesten 10 år. Men no var
eg liksom klar, og prøver å få til endå litt meir interessant for medlemmane våre.
Medlemstalet ligg på ca. 150 unge og eldre.
Vi deler lokale med Kreativiteten, ein interesseorganisasjon med hobby og handverk som aktivitetar, men
dei har sommar- og julebutikk og då har ikkje husflidslaget tilgang på lokale, dersom vi ikkje er private
medlemmar i Kreativiteten.
Laget vil gjerne ha eigne lokale, for vi har stor aktivitet i undergruppene; quiltelaget og vevgruppa, i tillegg til at kursaktiviteten er veldig stor. Dessutan er
dagens lokale fuktige og kalde, så det er ikkje alle
som orkar å sitje der ein heil kveld. Vi jobbar med
saka for å finne noko eige. Problemet for oss er at utleigarar vil ha så høge husleiger at det ikkje er
rekningssvarande for oss å leige.
13. og 14. november har Florø Husflidslag si årlege
messe.
I forbindelse med jubileet lyste vi ut ein konkurranse
om å lage “Florøvotten”.
Det er ikkje kome mange bidrag, men dei innleverte
er flotte!
Vottane skal hengast opp på messa, og publikum kan
stemme over den votten dei synes skal vinne. Og det
ventar ein fin premie til vinnaren.
Første veka i desember held vi adventsmøte. Då
brukar vi å ha litt ekstra godt å ete, litt underhaldning
og litt utlodding. Adventsmøte brukar å vere populært
– godt med eit lite pusterom i førjulskavet.
Og snart er mitt år som leiar over. Tida har gått veldig
fort, men eg har entusiastiske og flinke folk med meg
i styret, og då er det veldig inspirerande å stå på for
noko ein brenn for!
Då vi starta opp etter sommarferien hadde vi husflidskonsulenten på besøk. Ho heldt føredrag om namnedukar, og det var veldig interessant.
Som regel har vi tema for kvart medlemsmøte, og
folk kan komme med ønskje om kva tema skal vere.
Oversikta står i arbeidsplanen, som blir sendt ut til
medlemmane tidleg kvar haust.
I mine auge er det viktig å ta vare på tradisjonshandverk - men gjerne i ny drakt. Nytenking og kreativitet
er viktig, men med røter i det gamle.
I sommar var vi 8 personar som drog på tur til
Jondalsmessa. Laget kosta overnatting på gamle
Sandven historiske hotell i Norheimsund. Dei fleste
av oss hadde ikkje vore på messa før, vi syntes det
var ”ymse”, men ein god del kjempeflotte produkt
også. Spennande.
Søndag drog vi til Baroniet i Rosendal og hadde ein
fantastisk dag i strålende sommarver. Kjempekjekk
tur!
Innbydande og flott husflid...
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 15
Medlemsblad 2009
- Flott bursdagsgåve til byen... Florø by er 150 år i år, og det fekk oss til å tenkje på
at vi burde gi en gåve til byen. Vi lurte lenge på kva
dette skulle vere - det måtte bli noko med forankring i
røtene våre! Eg kom på at i min første leiarperiode på
80-talet, hadde vi begynt på ei brudedrakt som skulle
passe til ei brudekrone som var deponert på Kystmuseet. Arbeidet kom i gang då, men hadde stoppa
opp av ein eller annen grunn. Dette materialet blei så
funne fram, og det viste seg at det einaste som
mangla var ei jakke. Stakken og forkleet var ferdig.
Vi tok kontakt med Kystmuseet og høyrde om dei
ville vere interessert i ei slik gåve, og det sa dei
heldigvis ja til. Vi fann ut at det hadde vore stas å få
eit ”jubileumsbrudepar” i jubileumsåret, og gikk ut i
avisene med omtale og etterlysning etter reelle
brudepar. NRK TV tende på dette, og eg fekk telefon
frå dei om at dei ville lage eit direkteinnslag på 17.
mai, sidan Florø var ein av plassane som dei skulle
sende innslag frå barnetoget. Vi klarte ikkje å få
ferdig jakka til 17. mai, men var så heldige å få låne
av bondekvinnelaget i Førde. Ingen melde seg som
brudepar, så vi fekk kontakt med ei jente som ville
agere ”brud”, og medan barnetoget var i gang drog vil
til Kystmuseet og kledde opp brud - og møtte så på
skuleplassen til intervju med NRK. Det blei eit flott
innslag, syntes vi. Dette ligg som filmsnutt på Florø
Husflidslag si heimeside.
I løpet av sommaren fekk vi sydd jakka til drakta.
Det var ikkje heilt enkelt, for ingen hadde mønster og
ingen visste eigentleg korleis jakka skulle sjå ut. Men
etter studie av jakka til bondekvinnelaget, boka til
Aagot Noss om draktskikk, sette eg meg ned og
sydde jakka. Det var viktig å få den ferdig til
19. august, for då skulle Dronning Sonja komme til
Florø på grunn av byjubileet, og ho skulle besøke
Kystmuseet. Drakta blei ferdig, men husflidslaget
fekk ikkje vere med på Kystmuseet under Dronningbesøket. Litt synd, men drakta står der og ventar på at
nokon melder seg som brudepar! No er jubileumsåret
snart omme, men det kan jo vere brudepar som seinare har lyst til å låne stasen. Vi syntes det var ei veldig hyggeleg gåve å gi bort, og eigarane av brudekrona ringte og ga uttrykk for at dei syntes det var
flott at krona kom til sin rett som del av ein heilskap.
- Britt Berg Madsen -
Ei spesiell gåve til byen
15
medl.blad2010:Layout 1
16
26-11-10
08:42
Side 16
Sogn og Fjordane Husflidslag
SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG
- Husflid i 100 i Bergen... -
I mai drog fylkeslaget til Bergen for å markere 100-års jubileet saman med butikken vår, Husfliden Bergen, Hordaland Husflidslag og konsulentane frå begge fylka. Underteikna saman med Bjørg Hovland,
Norunn Hjellbrekke, Inger Marie Sægrov og Synøve Eriksen Vadøy var med på markeringa.
Markeringa starta torsdag 27. mai med strikking.
Det vart demonstrert ulike teknikkar, både enkle for
folk som ikkje kunne strikke og utfordringar for dei
som var meir erfarne. Butikken hadde fokus på strikk
og garn og hadde laga garnpakker med enkle oppskrifter. Ein del folk var innom - og dei vanskelegaste
teknikkane var mest interessante.
Konsulenten vår, Synøve, var med denne dagen.
Fredag var det borna sin dag. Det vart laga hoppetau i lange baner og fletta snorer. Hordaland
demonstrerte bruk av slyngestokk til å lage snorer.
Og borna var ivrige og lærevillige…
utanfor butikken for å bli pynta med brudesølv. Inne i
butikken var det hektisk og trongt medan førebuingane stod på. Heldigvis vart det opphald til brudene
skulle ut og bli pynta med brudestas. Frå Sogn og
Fjordane deltok Bjørg Hovland med Lustrasølvet og
Inger Marie Sægrov pynta ei Jølstrabrud med Grovasølvet. 6 bruder hadde sølv frå Hordaland. Mange
interesserte tilskodarar fekk orientering om kvar brudesølvet kom frå av ei alltid engasjert Torild frå
Hordaland Husflidslag. Dei flotte brudene spaserte
rundt området og vekte stor merksemd og beundring.
Og fotoapparata til turistane gjekk varme, trur eg…
Laurdag var det bunadsdag. Regnet pøsa ned då me
var på veg til butikken - og me frykta for opplegget
vårt. 8 jenter vart kledde opp i bunad og plasserte
Nokre aviser var tilstades og fotograferte og skreiv
om bunadane. Og bladet ”Bunad” har hatt ein flott
reportasje om brudene.
Oppsiktsvekkande innslag: Jenter pynta til “jubileumsfest...
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 17
Medlemsblad 2010
17
Norunn Hjellbrekke demonstrerte fingring av sokkeband, eller pøsing som ho kallar det på sunnfjordsk.
Og fleire prøvde seg på dette.
Else Marie frå Hordaland lærde mannfolka å knyte
dei på. Hordaland demonstrerte også grindvev denne
dagen.
Det var kjekt å gjere noko i lag med naboane våre og det er positivt at me frå fylke vårt også er tilstades
i butikken vår av og til.
- Dagrun Johanne -
Borna koste seg med hoppetau og fletta snorer...
Staseleg...
Fargerikt opptog...
medl.blad2010:Layout 1
18
26-11-10
08:42
Side 18
Sogn og Fjordane Husflidslag
NORGES HUSFLIDSLAG I 100
- Landsmøtet og jubileum... -
Åshild Dombestein frå styret og Judith Bjørlo, utsending frå lokallaga, og underteikna var utsendingar
til Landsmøtet og jubileumsfeiringa i Oslo 8. - 10. juni.
Trekløveret på plass i Oslo: judith t.v, Åshild og Dagrun Johanne...
For meg starta det torsdag ettermiddag - med møte i
styringsgruppa for AU, (arbeidsutvalet for fylkesleiarane) før utsendingar frå alle fylkeslaga hadde fellesmøte. Her drøfta ein sakliste og dagsorden for
Landsmøtet. Eit viktig møte for ”grasrota” i organisasjonen, for i dette fora vert det teke opp saker som
engasjerer - og utarbeider framlegg som ein ynskjer
organisasjonen skal ta tak i. AU er eit kontaktledd
mellom fylkeslaga og styret i NH. Eg fekk også tid til
ein tur innom den flotte bunadsutstillinga som Norsk
Flid (butikkane) hadde laga på Grand Hotel.
Landsmøtet…
Fredag starta Landsmøtet på Grand Hotel. Det varde
fram til lunsj og heldt fram laurdag føremiddag.
Det var ordinære saker denne gongen - og tida var
knapp i eit tettpakka program. Vår merknad til endring av ordlyd i Strategisk plan i høve konsulentane
fekk fleirtal ved avstemming. Elles var nok valet det
som engasjerte folk mest denne gongen. Styreleiar sitt
framlegg på eit styremedlem, i staden for framlegget
frå valnemnda, fekk stort fleirtal i avstemminga.
Og det syner at demokratiet i organisasjonen fungerer. Også framlegget på 1. varamedlem fekk fleirtal.
Anne Liv Tønessen frå Stavanger vart valt til ny leiar
etter berre 2 år som styremedlem. Fylkesleiarmøte
den gongen gjekk inn for å få inn ein representant frå
grasrota i organisasjonen - og no var det hennar tid
for å bli leiar av organisasjonen…
Sogn og Fjordane Husflidslag fekk tildelt årsmøte i
2012 - og underteikna overtok klubba frå Oslo og
Akershus.
Fredag ettermiddag vekte bunadstoget stor merksemd nedover Karl Johan. Med politi til hest og flotte
folkemusikarar i tet, men diverre utan ei einaste fane
eller ein plakat med logo som synte tilskodarane kva
dette var. Media glimra med sitt fråver. Dette var nok
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 19
Medlemsblad 2009
ein glipp frå NH sentralt, men trass i dette var me
stolte over organisasjonen vår der me vandra i regnet.
Og me stoppa gjerne for å fortelje folk, som ville vite,
om kva dette var. Operaen og Rådhuset var stopp på
turen. Flott å få sjå Operaen, og har no ynskje om å
komme meg dit på ei førestilling ein gong…
Oslo Rådhus var ei ny og fin oppleving - og utstillingane var flotte. I tillegg til ”Grenseløse skap”
hadde ”Bunadsdokkene frå Bunadsforum”, som turnerte rundt i landet, teke turen inn i Rådhuset for å
vise seg fram. Og flotte var dei! Akershus Husflidslag
si bordutsilling i Rådhuset var ei oppleving. Mange
bord var dekka med tova produkt, frå servise, pynt og
til det som skulle serverast. Kjempeflott utstilling!
19
Ein ung mann frå Serbia, som kom bort og såg på,
bad om trådar og hjelp frå meg for å vise ei snor frå
sitt heimland. Den var litt vanskeleg å få inn i fingrane, så eg klarar nok ikkje å ta den att. Han kunne
fleire andre snorer òg, sa han. Ei fin oppleving!
Det var travle dagar i Oslo. Mykje skulle skje på kort
tid. Men det var ei fin markering av 100-års jubileet.
Markeringa med alle fylka på stand i Spikersuppa var
flott, og Ung Husflid teppa var verkeleg synlege i bybiletet. Eg vil takke Norges Husflidslag, Akershus
Huslidslag og Oslo Husflidslag som stod for
gjennomføringa…
- Dagrun Johanne -
Elles vil eg ta fram ei oppleving eg fekk då eg
demonstrerte fuglespor i Spikarsuppa på laurdag.
- ”Skårunge” på jubileum... I år var eg den heldige som fekk reise til årsmøtet i
Norges Husflidslag. Ekstra stas var det for NH skulle
feire 100-års jubileum…
Kva skulle eg ta med til ei slik samling? Først og
fremst måtte bunaden fram og prøvast – hadde den
krympa endå meir i skåpet? Skulle eg pakke for sol
eller regn? Etter kvart som møtet nærma seg, måtte eg
innsjå at både paraply og regntøy måtte vere med.
Med ryggsekk, stor trillekoffert, som innheldt både
kle, hjortekjøt og ei krykke, sette eg meg på nattbussen austover. Når eg likevel skulle til Oslo, måtte eg
nytte høve til å besøke sonen min og familien hans på
Nykirke (derfor hjortekjøtet).
Tidleg fredag morgon reiste eg derfrå for å møte opp
på Grand Hotel og til opninga av årsmøtet. Ei av dei
første kjende eg trefte på var Judith frå Eid. Så godt å
sjå eit kjent ansikt! Vi gjekk til rommet hennar for å
hengje opp bunaden, rommet mitt varti ikkje klart før
om ettermiddagen.
Etter å ha treft Dagrun Johanne og fått ein kaffikopp,
var det å få utdelt resten av sakspapira og namneskilt
– og ein nøstekrok i sølv, og så finne plass i møtelokalet.
Årsmøtet vart opna av kulturminister Anniken
Huitfeldt.
Om ettermiddagen starta ”Bunadstoget” frå Grand
med mål Operahuset, ein 20 minuttar tur i regnver!
Og du verda så mange, flotte bunader!
I Operahuset såg vi på handarbeid, både strikking,
brodering og hekling laga av Kirsten Flagstad.
Vidare var vi i Operasalen der Tom Remlov fortalte
om operaen.
Frå Operaen bar turen til Oslo Rådhus. På grunn av
det vonde kneet mitt tok eg drosje der dei andre
gjekk. Eg og ei dame vart ståande ved inngangsdøra
og vente på bunadstoget. Eg ville ta bilete av toget
når det kom. Det plaskregna, vi venta, men ingen
bunadsdamer kom. Dagrun Johanne ringde for å etterlyse meg. Turistar som gjekk forbi oss, trudde vi var
turistvertar som stod der!
Endeleg gjekk det opp for oss at bunadstoget hadde
gått ein snarveg - og hadde vore lenge og sett på
utstillinga ”Grenseløse skap” i Rådhuset.
I Rådhuset hadde Asker Husflidslag sørgja for
medl.blad2010:Layout 1
20
26-11-10
08:42
Side 20
Sogn og Fjordane Husflidslag
serveringa, som var fingermat. Ordførar Fabian Stang
ønskte oss velkommen og handhelsa på oss alle.
Etterpå vart vi inndelte i grupper og fekk omvisning i
Rådhuset. Med skam å melde, må eg innrømme at det
lurte eg meg unna. Dagen hadde vore travel, så det
gjorde godt å få slappe av litt på rommet før middag.
Neste dag ville også bli ein travel dag…
Då var det opp i ”skikkeleg tid”, ned i spisesalen og
nyte ein god frukost. Så var det å ta fatt på årsmøtesakene igjen. I pausane måtte vi sjølvsagt sjå på jubileumsutstillinga ”HJERTERS FRYD… husflid til
begjær…”. Fleire handverkarar frå Sogn og Fjordane
hadde produkta sine der. Vi måtte også beundre
dronningteppet, som var laga etter barneteikningar
og av stoff frå slottet si systove.
Det store på laurdag var nok samlinga i Spikersuppa.
Der var 100 tepper kledd med plast, halde saman med
klyper og hengt opp. Litt av ein jobb i regn og vind!
Kvart fylke hadde sin stand, der vi viste ulike handarbeidsteknikkar. SFH hadde fått i oppgåve å vise fletting av fuglespor. Fleire kom for å sjå på teknikken,
både unge og eldre. Lærarar i kunst og handverk fekk
også med både ferdige og påbegynte band, som dei
ville bruke i undervisning.
Dessutan var det kjekt for oss å sjå kva dei andre
fylka demonstrerte, for ikkje å snakke om det dei
nordiske landa og Estland viste oss. Eg måtte prøve
eit par teknikkar:
Det å knyte band i ei flaske, skulle ha vore morosamt
å fått lære! Sjølv om det var kaldt og surt, gjekk
timane nesten for fort…
Laurdagskvelden skulle vere dagens høgdepunkt:
Festmiddag der HK Dronning Sonja var tilstades.
I vår finaste stas møtte vi opp til ein apertif før vi toga
opp til ”speilsalen” og venta Dronninga med følgje,
som kom presis klokka 20.
Vi fikk servert flott middag av kelnerar, som glei som
”ånder” mellom borda. Det var ikkje første gong dei
serverte!
Vi vart underhaldne med diverse musikalske innslag
- og ulike organisasjonar, også nordiske, bar fram
helsingar til 100-års jubilanten.
Søndag vart det arrangert utflukter for årsmøtedeltakarane. Det var ikkje eg med på. Niesa mi, som bur i
Oslo, kom og henta meg. Vi var hos henne til ho
følgde meg til nattbussen.
Helga hadde vore ein opplevelse. Og som niesa mi lo
og sa (om enn ikkje heilt korrekt): Du tante Åshild,
du er som Obama: I Oslo for første gong - og så bur
du på Grand!
- Åshild -
Høgtideleg overrekking: Dagrun Johanne t.h fekk overrekt klubba for neste Landsmøte, i 2012 i Førde,
av t.v. Jorun Valeur Bekkby, Oslo, og Lillian Pedersen, Akershus ...
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 21
Medlemsblad 2009
HUSFLIDSKONSULENTEN i SOGN OG FJORDANE
21
- Husflidshandverkarane i jubileumsåret... -
Husflidshandverkarane i Sogn og Fjordane har vore på mange arenaer i høve 100-årsjubileet.
Konsulentane fekk ansvar for å synleggjere organisasjonen på regionalt nivå i samarbeid med fylkeslaget.
Vi var m.a. samde om at handverkarane måtte ”opp
og fram.” Eitt av tiltaka måtte difor bli marknadsføring i butikken vår, Husfliden Bergen. Dagleg leiar,
Irene Tørhaug, ville gjerne presentere handverkarane
på god utstillingsplass i vindauga.
Ein handverkar frå Sogn og Fjordane og ein handverkar frå Hordaland har delteke kvar månad med utstilling og produkt for sal. Eg har hatt ansvar for å velje
ut handverkarane frå fylket, og oppfølging av det
praktiske i tiltaket. Det er mange omsyn å ta i ein prosess som dette, og det var ikkje mogleg å få med alle
som kunne vore aktuelle å presentere. I samarbeid
med konsulenten i Hordaland, Jannicke Ryssdalsnes,
måtte eg gjere eit val med bakgrunn i geografisk fordeling og variasjon i produkt og materiale. Her kan
nemnast vev, tre, glas, keramikk, smykke og klede.
Eg håpar mange har vore innom Husfliden Bergen i
år, og lagt merke til produkta frå Sogn og Fjordane!
Ekstra stas vart det at Dronning Sonja, organisasjonen
sin høgste beskyttar, ville sjå utstillinga. Det betyr at
produkta til Marit Andersen, Kathrine Berg, Aud
Hjelle, Anne Britt Lotsberg og Marilyn Vee har fått
noko av Dronninga si merksemd dette året!
Til slutt må eg fortelje at Oddlaug Fonn Skaar, frå
Førde, i skrivande stund blir juryert av ein nasjonal
jury i Statoil – konkurransen: ”Morgendagens helter
lager morgendagens kulturarv.” Det er stort at
Oddlaug gjekk gjennom nålauget, og kom på lista
over dei nominerte i lag med 17 andre kunsthandverkarar i Norge.
Ein ting er sikkert: Vi har mange dyktige handverkarar i Sogn og Fjordane. Dei er med på å forme
kulturarven både i dag og i framtida.
- Synøve E. Vadøy -
Eit anna tiltak eg har arbeidt mykje med, var utstillinga ”Hjerters fryd – husflid til begjær.” Alle medlemene i Norske Husflidhåndverkere var inviterte til å
sende eit produkt for visning under Landsmøtet i
Oslo. Utstillinga fekk 86 deltakarar, og gledeleg er
det å kunne fortelje at 5 av handverkarane ”våre”
deltok.
Det var utfordrande å få ”Hjerters fryd” på plass i
Grand Hotell. Romma hadde eit interiør av golvteppe,
tapet og møblar frå ulike tidsepokar. Eg håper bileta
kan gje eit inntrykk av resultatet som vi er stolte over!
“Hjertes Fryd”: Keramikkbolle og skinnfell...
Vakkert og spennande: Monterar på rekkje og rad
på Grand Hotell...
medl.blad2010:Layout 1
22
26-11-10
08:42
Side 22
Sogn og Fjordane Husflidslag
HUSFLIDSKONSULENTEN SOGN OG FJORDANE
- Barn gleder barn... -
Ein lapp herfrå og ein lapp derfrå… blei til 135 teppe
Ung Husflid sitt jubelprosjekt – ”Barn gleder barn –
tepper som varmer”, har landa. 135 barn i Pumwani
slummen i Kenya har fått teppe til å varme seg under
i kalde netter.
Prosjektet blei marknadsført som eit tiltak for Ung
Husflid i 100-årsmarkeringa, og målet var å montere
100 teppe til barn i Kenya. 7 400 gratis lappar vart
sende ut til dekorering. Etterspurnaden var stor, også
etter at vi gjekk tom på lappelageret. Husflidslag,
skular og enkelt personar over heile landet har sydd,
trykt, applikert og quilta på lappane. Det blei eit mylder av fargar, motiv og teknikkar. Fleire barn har
sikkert felt nokre tårer over dei første stinga sine med
nål og tråd…
Her i fylket var det fleire barn og unge som deltok.
Eg må og nemne at vi fekk god hjelp frå nokre lokallag til samansying av teppa.
Totalt blei det returnert ca 4 500 lappar. Det vart lova
at alle som deltok med dekorering av lappar, skulle få
vere med i trekninga av 100 turkoppar frå Killi tre på
Otta. Norsk Flid –butikkane sponsa prosjektet med
desse gevinstane. Spenninga var stor under trekninga,
og ekstra kjekt var det å sjå namn frå Sogn og Fjordane på gevinstlista! Tenk at vi fekk to vinnarar når
det var 4.500 deltakarar frå heile landet. Loes
Boonstra frå Davik i Nordfjord og Tobias Mollan frå
Marifjøra i Sogn blei eigarar av flotte turkoppar.
Det er imponerande å tenkje på den arbeids- innsatsen
som ligg bak 4 500 lappar, og deretter montering til
135 teppe. I snitt kan ein seie at det blei brukt ca. 2
timar til dekorering pr. lapp. Det vert 8 000 dugnadstimar utført av barn og unge. Så må vi legge til 8
timar på montering av kvart enkelt teppe, og da får vi
ein sum på 1 080 timar.
”Barn gleder barn” – prosjektet endar opp med minst
9 080 dugnadstimar på ”grasrotplan.”
Resultatet av denne nasjonale dugnaden fekk mange
glede av å sjå i Spikersuppa i Oslo den 12. juni, under
landsstemnet til Norges Husflidslag. Tusen takk til
alle barn og unge som dekorerte lappar, til dei vaksne
leiarane som organiserte dette i Ung Husflid, og til
damene som monterte teppa!
Du kan lese meir om
prosjektet på:
www.husflid.no
/ ung husflid
- Synøve E. Vadøy Åshild Dombestein i full
konsentrasjon for å få
lappane vinkelrett...
Eit fargerikt syn i
Spikersuppa 12. juni 2010...
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 23
Medlemsblad 2010
KJERRINGA HUSFLIDSLAG
23
- Stor skaparglede … Kjerringa Husflidslag på Stadlandet vart skipa i 1998.
Vi har eit flott lag som likar aktivitet - og vi har
mange dyktige skaparhender i laget vårt.
Aktivitetane prøver vi å ha god breidde på, og er opne
for gode forslag og idèar til aktivitet for alle aldrar.
Vi har studieringar i rosemåling og lappeteknikk, og
vi har også ei gruppe med Ung Husflid frå 4. til og
med 7. klasse.
Elles har vi kursverksemd. I haust har vi kurs i bandvev, flatbrødbaking, og i november skal vi truleg setje
i gang kurs i isoldenisser, eventuelt englar.
Dette brukar å vere populære kurs.
kurs i Julekrybbe. Kursleiar var studieleiaren vår,
Norunn Stave. Vi laga då alle figurane som skulle
vere i krybba med unntak av sauene til ”hyrdane”.
Dette var eit kjekt kurs, og det vart laga mange fine
krybber. Alle laga sine spesielle figurar som fekk sitt
eige særpreg.
Ja, flott vart det, og det er verkeleg noko å kose seg
med i førjulstida.
Tilslutt vil vi ønskje alle ei fin husflidstid i månadane
som kjem!
- Magnhild Sj. Kongsvoll -
Husflidsmøte og handarbeidskafè har vi.
På husflidsmøta brukar vi å ha eit tema. Den 22. september var husflidskonsulenten, Synnøve, på besøk
med tema ”Namneduk”. Dette var veldig kjekt og
spennande.
På handarbeidskafèane møtast vi, heilt utan noko
anna på programmet enn å ha det sosialt og kjekt.
Alle har med seg eit handarbeid - og vi kosar oss med
kaffi og noko å bite i.
Laget har også ved fleire høve hatt utstillingar. Det
har vore alt frå dåpskjolar til gamle broderi og gamle
leikar, brudekjolar med meir. Utstillingane våre har
vorte godt mottekne og fått mykje skryt.
Den 22. september var som før fortalt Synnøve her.
Vi nytta sjansen før husflidsmøtet å få lære oss å
lage/filte sauer. Dette gjorde vi fordi vi i vår hadde eit
Dei heilage tre kongar...
... Josef og Maria med følgje...
Aktive damer i sving...
medl.blad2010:Layout 1
24
26-11-10
08:42
Side 24
Sogn og Fjordane Husflidslag
YTRE GULEN
- Den store Bulandsekspedisjonen… -
Årets store tur gjekk til Bulandet. Sju muntre husflidsmedlemmmar gjekk på snøggbåten på Mjømna
ein fredag i april og gjekk minst like muntre i land i
Askvoll litt seinare på kvelden. Sidan eit av medlemmane våre stadig har gebursdag på dei tider vi reiser
på tur, så markerte vi det på båten med muffins med
lys på, og lett allsong. Dei to som stappa alle forsyningar i bilen for å leggje ut på ein lang og ferjerik
(3 stk) reise, var truleg ikkje så muntre.
Veret var nemleg noko ugreitt, snø like ned i fjøresteinane i Askvoll, Og snø på vegen til Fure = for sein
til ferja, og lenge, lenge til neste. Men fram kom vi,
til nydeleg fiskesuppe, (det blei fiskesuppe til dei som
kom dinglande i ellevetida og!) Vi leigde hus hos
“Liv Og Lyst” på Gjørøy. Flotte hus til overnatting,
og det fantastiske selskapslokalet ”Fjøsen”. Her
inntok vi maten vår, og her sat vi og hyggja oss om
kveldane.
Laurdag, ein våt og vindfull dag, (men det er ingen
hindring for friske husflidarar frå Ytre Gulen), men
likefullt eigna til utforsking av delar av Bulandet.
Vi drog på skulpturtur til Hansine og Berthe, to flotte
skulpturar til minne om ein stor redningsdåd på
slutten av 1800-talet.
Vi sleit oss vidare til butikken - dei fysiske behov må
og stettast - og derfrå til lunsj i vår lune ”heim”!
Det vart også ein tur til Værlandet og Steinindustrien
der, vi kjøpte telysestaker og skjærefjøler i konglomerat frå øyane. Ettermiddagen blei nytta til tur på
nokre forblåste haugar, og til andre laurdagsettermiddagssyslar, litt handarbeid vart det òg.
Med på turen hadde vi denne gongen to herrar.
Kravet for å vere med var å diske opp med lekker
laurdagsmiddag – basert på fisk. Tanken var å fiske i
Bulandet, men slik veret vart, var det bra vi hadde
teke med oss fisk på fisketur. (Frå heimlege traktar!!)
Og vi kan berre seie at herreavdelinga verkeleg
imponerte. Dei får nok vere med på tur ein anna gong
òg. Nydeleg rett og slett!!!
Vi hadde invitert nokre innfødde (slekt til ein av
herrane) til middag, og derpå følgjande sosiale/
kulturelle evenement med YGH sine medlemmar i fri
utfolding (det kan vere sterkt for nokon kvar...). Blant
anna spelte vi kunnskapsspel, som viste seg å vere
utgått på dato – uhyre frustrerande for husflidsdamer
med sterkt konkurranseinstinkt. Og Gro sitt eminente
pakke-terning spel. Gripande, og dei besøkande forlet
oss med fleire gevinstar under armen. Artig!!
Så kom søndagen – vi nemner ikkje noko om veret –
og vi drog til Gamleskulen for å sjå Temaparken.
Dette er ein fasinerande og omfangsrik utstilling om
livet i Bulandet før og no. Deretter gjekk turen til
Galleri Havblikk og vakre bilete i ulike teknikkar og
stilartar. Vivian Vatnøy (opphavleg ytreguling!), som
driv galleriet, lagar flotte bilete av fiskeskinn(!) Rart
at eit slikt utgangspunkt kan bli til så flotte bilete. Ho
viser òg verk/produkt laga av andre kunstnarar i
Galleriet sitt.
Så var det på tide å tenke på heimturen. Med buss,
ferje, båt og buss. Men heim kom vi, også dei med
bil, og alle var einige om at det hadde vore ein kjekk
tur!!!!
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 25
Medlemsblad 2010
- Besøk av Husflidskonsulenten... 10. mars kom Husflidskonsulent Synøve E. Vadøy på
besøk til Ytre Gulen Husflidslag.
Ho skulle halde foredrag og vise lysbilete om ”Namnedukar”. Vi laga til ei lita
utstilling av gamle broderi og inviterte alle som var
interesserte til å komme. Eit titals damer møtte fram i
tillegg til medlemmane i husflidslaget. Utstillinga fall
25
i smak hos dei frammøtte, og det var mange som
hadde liknande broderi heime. Foredrag og
bilete var spanande og lærerikt. Etterpå koste vi oss
med kaffi og kaker - og praten gjekk om både broderi
og mykje anna. Etterpå kunne vi kjøpe mønsterpakker
og ulike bøker frå Husflidslaget. Det var ei retteleg
koseleg kveldsstund var alle einige om.
- Pileflettekurs... Helga 12. - 13. februar arrangerte Ytre
Gulen Husflidslag kurs i pilefletting.
Kurshaldar var Lise Dyrhovden frå Masfjorden (og Nordhordland Husflidslag) – ei
skikkeleg dyktig og sprudlande dame!!!!
Vi var seks kursdeltakar, og alle greidde å
lage kvar si flotte korg.
Lise hadde med seg mange ulike sortar pil,
og mange flotte korger og andre gjenstandar
som ho har laga. Utruleg kva ein dyktig pilefletter kan få til med nokre kvistar, god teknikk og godt utstyr.
Det viste seg å vere nokså arbeidskrevjande
å lage ei korg, men du verden så gøy det var.
Eit kurs som gav meirsmak.
Takk til Lise for eit inspirerande kurs!
medl.blad2010:Layout 1
26
26-11-10
08:42
Side 26
Sogn og Fjordane Husflidslag
- Lagar dokkekleoppskrifter til Amerika... Astrid Æsøy heiter ho, bur i Florø, er 37 år,
gift, og har to gutar på 6 og 11 år.
Handarbeid har vore hennar store
interesse mest heile livet – ho har strikka og
sydd så lenge ho kan hugse. For 2 år sidan
starta ho med netthandel av
dokkekle mønster med norske og sjølvlaga
oppskrifter. Dette har gitt veldig god respons
i USA, men noko gullgruve er det ikkje…
Astrid har vekt stor interesse i USA...
Astrid har strikka og sydd det meste. På 80-talet var
det mohairgenserar, seinare blei det kofter i alle
mønstre, og etter kvart sokkar, vottar og babytøy. Ho
var også nokre år aktiv i quiltegruppa i Florø. Men
dei siste åra har ho laga mest dokkekle. Ho gir vekk
mykje - og sel ein del på messer. Ho strikkar frå hefte
og bøker, men likar best å lage eigne oppskrifter.
Inspirasjon hentar ho på internett – og for eit par år
sidan kom ho over ei kinesisk dame på nettet, som
strikka dei nydelegaste sjal og sokkar. Det viste seg at
ho eigde ein fabrikk som produserer strikkepinnar i
Shanghai.
I dag er Astrid registrert designer på Ravelry, og legg
jamleg ut både gratismønster og mønster for sal.
_ Dette er veldig populært, og det er gøy å få positive
tilbakemeldingar på det eg lager. Det inspirer meg til
å lage fleire mønster. Fordi marknaden min først og
fremst er i USA, er mønstra mine tilpassa amerikanske dokker, men passar også til dei norske babydokkene, som Baby Born og liknande, seier Astrid,
som også har laga ein kolleksjon til Barbiedokker.
I år har ho også engasjert seg ein del innan veldedigheit, og strikkar for kreftforskinga og for fattige born
gjennom Ravelry.
_ Etter at eg fekk prøve hennar Hiya Hiya strikkepinnar, har eg lagt bort alle dei gamle pinnane mine.
Gjennom henne blei eg også introdusert for Ravelry,
ein amerikansk nettstad for strikkarar og heklarar
verden over, fortel Astrid.
_ Ravelry har fleire hundre tusen medlemmar, og er
ei utømmeleg kjelde til inspirasjon for handarbeidsinteresserte. Her finst tusenvis av mønster, både til
gratis nedlasting og til sal. Norges Husflidslag har
eiga gruppe der - med over 300 medlemmar, fortel
Astrid.
Astrid la ut ein del bilete av ting ho hadde strikka, og
fekk etter kvart stor merksemd for dokkekleda sine.
Mange ville ha oppskrifter.
_ Å lage oppskrifter på norsk kan være vanskelig
nok, men å oversetje dei til engelsk er verkeleg ei
utfordring, seier ho. Men gode tilbakemeldingar og
hjelp av erfarne strikkarar gjorde likevel til at eg tok
utfordringa.
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 27
Medlemsblad 2010
MØNSTER AV ASTRID ÆSØY, 2010
27
- Genser og lue med fletter... -
Strikket i Senjagarn fra Gjestal, 2 nøster.
Pinner nr. 3.
Mønsteret passer til dukker som er 43-46 cm
(Baby Born og lignende)
Oppskriften kan brukes på to ulike mønstre,
se diagram.
Genser:
Legg opp 100 masker. Strikk rundt 7 omganger
vrangbord, 2 rett, 2 vrang. Strikk en omgang rett,
der det økes jevnt fordelt til 108 masker. Fortsett
med dobbel perlestrikk og mønster etter diagram.
På omgang 38 (etter vrangbord) felles 4 masker i
hver side, til ermehull. Herfra strikkes for- og
bakstykke hver for seg.
Bakstykke: Fortsett å strikke dobbel perlestrikk og
mønster etter diagram fram og tilbake, til hel lengde,
66 omganger + vrangbord. Behold maskene på en
pinne, og strikk forstykket.
Forstykke: Fortsett å strikke dobbel perlestrikk og
mønster etter diagram fram og tilbake. Etter 57
omganger (+ vrangbord) settes de midterste 16 maskene inn på en hjelpepinne, og sidene strikkes videre
hver for seg. Fortsett å sette 2,1 masker inn mot halsen på hjelpepinnen annenhver omgang. Strikk til
hel lengde, 66 omganger + vrangbord. Mask sammen maskene på skuldrene fra for- og bakstykke.
Hals: Bruk de gjenværende maskene til å strikke
hals. Plukk opp ekstra masker ved skuldrene med en
heklenål, til i alt 56 masker. Strikk 7 omganger
vrangbord, 2 rett, 2 vrang. Fell løst av alle maskene.
Ermer: Legg opp 32 masker. Strikk rundt 7 omganger vrangbord, 2 rett, 2 vrang. Strikk en omgang
rett, der det økes jevnt fordelt til 44 masker. Fortsett
i dobbel perlestrikk og mønster etter diagram Etter
40 omganger (+ vrangbord) felles alle maskene av.
Sy ermene til genseren, og fest alle tråder.
Lue:
Legg opp 84 masker. Strikk rundt 7 omganger
vrangbord, 2 rett, 2 vrang. Fortsett i dobbel perlestrikk og mønster etter diagram. Etter 32 omganger
(+ vrangbord) maskes maskene sammen i toppen.
Fest dusker i hver side på luen, og fest alle tråder.
medl.blad2010:Layout 1
28
26-11-10
08:42
Side 28
Sogn og Fjordane Husflidslag
- ”Fuglespor”fletting inn mot midten... -
Dette er ein indiansk fletteteknikk. Du finn den også i
mange andre kulturar, gjerne som pynt på klede og
liknande.
Her i Norge finn vi teknikken m.a. på vottar og som
snorer på skallar (samesko i reinsdyr-skinn).
Teknikken er enkel. Pass på at du strammar tråden
jamt under arbeidet. Du treng berre litt restar av
ullgarn og ei sikringsnål til å feste arbeidet i.
Trådlengde: ferdig lengde + ca. 1/3.
Avslutning av arbeidet kan vere ein knute, men det
kan sikkert vere fint å pynte med ein dusk i kvar ende
viss det skal vere pynt til vottar eller andre klede.
Snorene kan brukast til pynt på klede, i håret, rundt
armen, snor til vesker, poser, refleks m.m.
Ta 4 like lange trådar i
4 fargar. Midten av trådane
fester du i sikringsnåla.
Ta 4 trådar av same fargerekkefølgje (frå midten og
utover) i kvar hand.
Yttertrådane på kvar side i
same farge skal du legge
over trådane attmed.
Midttrådane dannar no eit
kryss.
Gjenta med neste farge i
ytre kant – følg teikninga
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 29
Medlemsblad 2010
- Ragna Oline i forbifarten... Det er haust!
Hardt å innrømme at sommaren er forbi…
Men eg har alltid likt hausten med fine fargar
overalt ute i naturen - og frisk vind som får
lauva til å dale ned frå trea.
I år har eg plukka eit par kilo blåbær.
Ikkje at det er noko å skryte av, men det
vart nydeleg sylte! Og ikkje minst tenk på alle oksidantane!
Eg har eit lite tre i hagen, som eg har
hatt forventningar til! Det veks amerikanske blåbær på det! Eg var å sjekka
modningsprosessen fleire gonger – om
det gjekk framover!
Ein dag bles det godt! Ut i vinden for eg - og
ned i hagen for å redde modna bær.
Det var kjekt å plukke store bær, det vart liksom litt
ut av det !
29
Medan eg plukka kom eg på at vi fekk noko som
heitte Amerika pakkar når eg var lita. Besta (mormor)
hadde fleire systrer som reiste dit når dei var unge og busette seg der. Eg trur pakkane kom frå dei.
De kan tru det var fine jentekjolar i pakkane!
Dei var pynta med blonder, broderte
blomar, og tenk det var lommar òg!
Og dei fine stoffa i mange fargar!
Eg og systera mi, Norunn, sleit ut
kjolane! Eg skulle gjerne hatt nokre av
dei fine stoffa i dag!
Når eg som barn opplevde å få slike
Amerika pakkar måtte Amerika vere eit
fint land å bu i!
Då må blåbæra som har namnet
"Amerikanske blåbær" vere gode?
Eg synest ærleg talt at dei er litt sure!
Det vart akkurat 0,5 kg. den dagen...
- Ragna Oline -
- Åshild i forbifarten... -
5. oktober forlet den oss - og kjem ikkje tilbake før
8. mars, som også er den internasjonale kvinnedagen.
Det er sola eg tenkjer på. Til sine tider kan det vere
ein fordel å sleppe desse låge, så altfor avslørande
solstrålane…
Veret har ikkje vore mykje å skryte av,
men vi hadde nokre fine dagar i slutten
av september. Er i grunnen glad for at
det er regn og ruskever. Hadde det
vore fint, klart ver, ville vi sett på solskinet bortom fjorden, medan vi gikk
her og hutra og fraus og fyrde godt i
omnen.
strikka dokkekle i julepakkane. Mønsterbøkene er
plukka fram allereie. Får sjå om det blir meir enn
berre med tanken…
Korleis får ein dagane til å gå når ein er
så lite mobil som eg er for tida? Handarbeid er ein god venn i slike tider. Tenk kor heldig eg er som har glede av det - og samstundes har så
god tid! Betre tid trur eg mange hadde trengt. I år får
barneborna heimestrikka genserar og jakker til jul.
Har også store planar om at det skal bli både sydde og
Haust er også jakttid. Her hos oss er det
hjorten som er det store. Det blir mykje god
mat i frysen, men mykje arbeid før det kjem så
langt. Men du verda kor fint det er å kunne hente seg
ein pakke når ein får lyst på noko godt…
Det er også kjekt å kunne hjelpe andre med
forskjellige handarbeid, sy holfald på
hardangerløpar, vise nålefilting, montere
det dei har strikka og gjere ferdig arbeid
andre ikkje får tid til. Burde vel heller
ha gjort ferdig nokre av mine halvferdige prosjekt. Kanskje er det berre
eg som har slikt liggjande. Tru om
nokon kjenner seg igjen?
- Åshild -
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 30
Sogn og Fjordane Husflidslag
30
- Trådnissar... -
Trådnissar har tradisjon langt tilbake i tid. Nissane vart
laga med ullgarn som man vikla rundt 4 fingre, og knytte
saman til kropp med hovud og armer. Denne modellen er
”modernisert” med bruk av trekule til hovud og nisselue i filt.
Materialar:
- Tjukt ullgarn i fargane
kvit, grå og raud
- 20 mm trekuler
- Raud filt
- Kartong til mal
for kropp og lue
-
Raud tråd til oppheng
Raud og svart tusj / blyant
Saks og synål
Limpistol
Tekst og Foto:
- Husflidskonsulenten -
Framgangsmåte:
1. Tegn av sjablongen til lue, og klipp ut
mal i papp. Til kropp og armer treng du
ein mal som er 9 x 9 cm.
2. Begynn med å vikle garn til kroppen,
30 ganger rundt malen. ( Ein gong er
rundt foran og bak på malen.) Ikkje
stram garnet rundt pappmalen, for det
skal vere lett å ta av etterpå!
3. Knytt rundt i toppen på kroppen, og ha
litt lengde på tråden. Den skal gjennom
kula seinere.
4. Lag armer på same måte som i punkt 2,
men vikle kun 20 gonger rundt malen.
5. Knytt fast tråd i kvar ende, gjerne med
hjelp av ein blyant inni, for å få riktig
avstand.
6. Træ armene inn i kroppen der det er
knute, og knytt tråd rundt magen for å
få fasong.
7. Splitt kroppen i to deler, for å forme til
beina, og knytt tråd på nederst.
8. Nå skal du træ tråden (Punkt 3)
gjennom kula, stram, og lim den fast i
toppen på kula.
9. Klipp ut lua i filt og lim den på kula.
Legg samtidig litt hår i luekanten. Dette
er ein vanskeleg del av prosessen, og
det er godt med hjelp her!
10. Til slutt tegner du på ansikt, og syr fast
tråd i toppen på lua, for oppheng.
Lykke til !
medl.blad2010:Layout 1
26-11-10
08:42
Side 31
Medlemsblad 2010
• Alt innan bunad
• Bunadssølv
• Quiltestoff
m/tilbehør
• Symaskiner:
Husqvarna,
Phaff,
Singer
• Hobbyartiklar
Dette er butikken for deg
som leitar etter alt
frå Sunnfjordsbunad
til hobbyartiklar.
Kom innom til oss
i Strandgt. 26
for en hyggeleg handel!
31
medl.blad2010:Layout 1
32
26-11-10
08:42
Side 32
Sogn og Fjordane Husflidslag
Adresse:
Parkvegen 1,
Pb 253,
6852 Sogndal
Telefon:
57671016
omslag 2010:Layout 1
26-11-10
09:13
Side 3
26-11-10
09:13
Side 4
I.H.P - Leikanger
omslag 2010:Layout 1