2012 - Vest-Telemark Kraftlag AS

Download Report

Transcript 2012 - Vest-Telemark Kraftlag AS

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS
Årsmelding
for året 2012
72. driftsår
Ombygging av gamle mastetrafoar og utbygging av fiber var viktige arbeidsoppgåver i 2012. På bilete Særen trafo med fibernode.
Foto: Aslak Bekhus
VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS
HISTORISK OVERSYN
Vest Telemark Kraftlag vart stifta 13. september 1940 som eit selskap der deltakarane hadde
avgrensa økonomisk ansvar (BA). I 1981 vart Kilen Kraftlag i Kviteseid overteke og i 2000 vart
Nissedal Kommunale Elverk (NKE) innfusjonert. Nissedal kommune gjekk då inn på eigarsida i
VTK i høve til dei verdiane som låg i verksemda. NKE var stifta i 1921.
Som fylgje av lovendring (lov om interkommunale selskap §41) vart VTK (BA) omorganisert til
aksjeselskap (VTK AS) med verknad frå 01.01.2002. Omorganiseringa skjedde ved
namneendring og nye vedtekter. Aksjekapitalen på 100 mill.kr vart fordelt i same høve som
andelskapitalen i BA-et. Eigarane har inngått avtale som regulerar aksjeomsetning og styrevalg
m.m. Vedtaket om omorganisering vart gjort i representantskapet 10.01.2002 og var samrøystes.
EIGARSKAP OG FØREMÅL
VTK er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. Nissedal eig
5 %, dei andre 19 % kvar. Aksjekapitalen er på 100 mill.kr.
Konsesjonsområdet dekker dei same kommunane med unntak av Fjågesund i Kviteseid, Felle og
Haugsjå i Nissedal og Rauland i Vinje. Området utgjer omlag 40 % av Telemark fylkes areal.
VTK har forretningskontor i Høydalsmo i Tokke kommune, og ei avdeling i Treungen.
Føremålet med selskapet er elnett, kraftproduksjon, kraftomsetning, elektroinstallasjon,
teletenester og liknande.
VTK er medeigar i produksjonsselskapa Skafså Kraftverk ANS (67 %), Sundsbarm Kraftverk
(8,5 %) og Grunnåi Kraftverk AS (15 %). Til saman gjev dette 240 GWh i eigenproduksjon.
Vidare har VTK 40 % i breibandselskapet Telefiber AS.
HOVUDTAL
VTK har over 13500 nettkundar og talet aukar med 150-200 i året, i hovudsak hytter.
I høve til talet på abonnentar har VTK eit omfattande nett:
89 km regionalnett
1042 km høgspentnett
1794 km lågspentnett
7
6
915
transformatorstajonar
koplingsstasjonar
nettstasjonar
VTK sine aktivitetar sysselset ved utgangen av året 63 personar (59 årsverk), av desse er 6
årsverk tilknytta produksjonselskapa.
1
1
OVERSIKT OVER EIGARSKAP pr 31.12.
Vest-Telemark Kraftlag AS
Skafså Kraftverk ANS (67 %)
Sundsbarm Kraftverk (8,5 %)
VTK Pensj.kasse (100 %)
Grunnåi Kraftverk AS (15 %)
Telefiber AS
(40 %)
Rekneskapsmessig inkludert i VTK Konsern.
Eigne skattesubjekt. Ikkje inkludert i VTK .
ORGANISASJON OG LEIING
Vest-Telemark Kraftlag AS
Generalforsamling
Styret
8 medlemmer
Adm. direktør
Ketil Kvaale
PRODUKSJON
m.m.
Energisjef
Aslak Ofte
DL Skafså KV
Kraftomsetning
Energiutgreiing
Ny produksjon
Styreleiar:
Styrets nestleiar:
Styremedlemer:
Dagleg leiar:
Revisor:
NETT
Nettsjef
Gunnar
Snarteland
Nettdrift
Nyanlegg
Entreprenørtenester
Fiber
ØKONOMI/KONTOR
Kontorsjef
Terjei Mjaaland
Økonomi
Måling og avrekning
Kraftsalg detalj
Kontortenester
Personal
DLE
Tilsynsleiar
Tor Ivar Berge
DLE
Målarar
IKT
Avd.leiar
Thor Arne Heggtveit
IKT, system og drift
IKT, sikkerhetsledar
Rolf Normann
(Åse Wrålid)
Tokke
Guro Libjå
(Olav Gisle Noraberg)
Fyresdal
Bjørg K. Staaland (Magne Wraa)
Kviteseid
Magne Reinstaul
(Iselin B. Stundal)
Seljord
Torgrim Thomassen (Kari Rustberggard)
Vinje
Kari-Anne Nordbø (Kåre Rønningen)
Nissedal
Aslak Bekhus
(Tor Ivar Berge)
(vald av tilsette)
Jarle Solbu
(Rune Aalandslid)
(vald av tilsette)
Adm.direktør Ketil Kvaale
Revisorteam Vest-Telemark A/S v/reg.revisor Vetle H.
Olsnes.
(Namna i parantes er personlege varamedlemer).
22
STYRETS ÅRSMELDING
GENERELT OM ÅRET
Samandrag
År 2012 var i Noreg eit nedbørsår 5% over normalen, særleg var sommarnedbøren høg. Med
oppfylte magasin frå det svært våte året 2011, mykje nedbør vår/sommar og redusert etterspørsel
frå utlandet fall spotprisen som ein stein i løpet av sommaren 2012 og har etter dette lege lågt i
høve til prisnivået åra før. Dette gav låg verdiskaping i VTK sine kraftverk. Dette saman med
store vedlikehaldsprosjekt gav dårleg økonomisk resultat.
I nettverksemda var det nyanlegg til hytter, ombygging av mastarrangement og skogrydding som
stod i fokus. Nytt 66kV fjordspenn over Vråvatn og utviding av Lio trafostasjon var dei største
enkeltprosjekta i regionalnettet. Stabile værforhold og relativt lite feil gav god leveringskvalitet.
Lågare forbruk og uendra nettleige gav stor mindreinntekt. Utbygging av fiber til sluttkundar
kom i gang for fullt.
Resultatmessig var 2012 det dårlegaste året sidan 2003, med eit resultat etter skatt på 14,5
mill.kr.
Produksjon og kraftsalg engros
I 2012 var det i Skafsåvassdraget normalt med nedbør(101%) og vesentleg mindre enn året før (22%). Mykje av nedbøren kom i sommarhalvåret.
Tilsiget var 108% av normalen. Dette saman med noko reduksjon av magasinet gav eit
produksjonsvolum på 300 GWh totalt, som er noko meir enn normalt og 5 GWh meir enn i 2011.
I tillegg hadde Skafså eit vasstap på 30 GWh (6,6 mill.kr)som fylgje av flaum og driftsstans for
utskifting av komponentar i turbinen og anna ekstraordinært vedlikehald. I alt vart det kosta på
17,4 mill.kr i ekstraordinært vedlikehald og fornying i Skafså Kraftverk i 2012.
I Sundsbarm Kraftverk var produksjonen 11% høgare enn normalt men likevel noko lågare enn
året før. Elles var det eit driftsår utan spesielle hendingar eller større påkostningar.
VTK sin andel av produksjonen i Skafså kraftverk og Sundsbarm kraftverk vart 240 GWh mot
239 GWh i 2011 (214 GWh i 2010 og 252 GWh i 2009).
Spotprisen i 2012 var den lågaste på mange år og berre om lag halvparten av prisnivået i 2006
og 2010. Prisen i løpet av året fylgde normal utvikling med 10 øre/kWh som lågaste
månadsmiddel ( juli) og 34 øre/kWh som høgast månadsmiddel (februar); - i snitt 22 øre/kWh
mot 36 øre/kWh i 2011.
Sjølv med 35% prissikring gav spotprisnedgangen ein inntektssvikt på ca 19 mill.kr. Dette,
saman med ein netto kostnadsauke på ca 5 mill.kr, gav ei resultatforverring på ca 24 mill.kr i
høve til 2011. Netto kostnadsauke er grovt sett samansett av 10 mill i auka kostnader(8 mill.kr til
nytt løpehjul Osen og 2 mill.kr til arbeid med nye prosjekt) og 5 mill.kr i reduserte kostnader
( 3,3 i reduserte avskrivingar og 1,7 i redusert nettleige).
Produksjon /omsetning bidreg med om lag 70 % av driftsresultatet i 2012 (21,5 mill.kr) mot 90%
i fjor (45,8 mill.kr). Etter skatt er andelen noko lågare, då skattenivået er vesentleg høgare på
produksjon enn nett.
VTK sin 15 %-eigardel i Grunnåi Kraftverk AS er ikkje med i desse tala då dette selskapet
rekneskapsmessig står på eigne bein. Selskapet hadde i 2012 eit resultat etter skatt på 0,4 mill.kr
(1,8 mill.kr i 2011). Resultatet går ned pga prisnedgang og at selskapet frå 2011 har betalt
grunnrenteskatt.
3
3
300
Spotpris ref Oslo/Kristiansand
(øre/kWh)
Kraftproduksjon (GWh)
45
250
40
200
35
150
25
30
20
100
15
50
10
5
0
0
Kraftsalg til sluttbrukarar
VTK sel berre til sluttbrukarar i eigarkommunane. Marknadsandelen målt i volum er 89 % (90%
i 2011). Vi har 95% av antal kundar, som i 2011. Dei kundane VTK ikkje har, er stort sett
landsdekkande selskap som har sentrale avtaler med ein leverandør og utanbygds hyttekundar.
Også nokre fastbuande let seg overtale av pågåande seljarar. Med den prispolitikken VTK har er
det vanskeleg å sjå at andre kan levere til lågare pris over tid. Prispolitikken til VTK er å selje til
sjølvkost, dvs vekta innkjøpspris + påslag for elsertifikatordninga som kom i 2012. Dette gav
ein pris i 2012 ca 1 øre/kWh over midlare spotpris pr.månad. Denne prispolitikken gjer at
kraftsalg til sluttbrukarar går med ca 2 mill.kr i underskot. Dette underskotet er med i
resultattala for produksjon/engrosomsetjing i avsnittet over.
For levering til Tokke og Vinje kommunar kjøper VTK kraft frå kommunane. Prisen i 2012 var
vekta spotpris pr månad med eit tak på 36 og 25 øre/kWh + elsertifikat.. Båe kommunane har
auka prisen mykje dei seinare år. Utviklinga skuldast ikkje auka pris på Særavtalekrafta inn til
kommunane, men heller eit ynskje frå kommunane om større inntekter frå denne kraftavtala. VTK
sel krafta vidare utan anna påslag enn pliktig kjøp av elsertifikat.
For forsyning av dei andre kommunane vert det kjøpt inn kraft i marknaden. Vekta middelpris
(inklusiv elsertifikat) i 2012 var 24 øre/kWh mot 38 øre/kWh året før.
Salg til sluttkundar (GWh)
45
300,0
40
250,0
35
200,0
30
150,0
20
25
15
100,0
FKNS
Tokke
Vinje
10
50,0
0,0
Avrekna kraftpris kundar (ekskl.
mva)
5
0
2003200420052006200720082009201020112012
Nett
I 2012 var det nyanlegg til hytter, ombygging av mastearrangement og ekstraordinært
vedlikehald som stod i fokus. I regionalnettet vart det 60 år gamle fjordspennet over Vråvatn ved
Vråliosen fornya til ein kostnad av 6,4 mill.kr (900 m). Lio trafostasjon vart utvida og ombygd.
Det vart bygd 4 km 22 kV jordkabel, 3 nye nettstasjonar og 26 km lågspent jordkabel.
Målsetjinga er å nytte jordkabel ved alle nyanlegg og fornyingar i høgspent- og lågspentnettet.
4
Andel jordkabel i høgspentnettet auka frå 21,7 % til 22,1 % og i lågspentnettet frå 41,7 % til 42,7
%. Alle mastearrangement skal, som fylgje av forskriftskrav, vera ombygd slik at eventuelle
sikringsskifte kan utførast frå bakken. I 2005 hadde VTK 370 slike anlegg. Ved utgangen av
2012 stod det att 235 anlegg å bygge om. Ombyggingsaktiviteten var stor i 2012 og arbeidet vil
bli prioritert slik at fristen vert halden.
Fiberkabel (km)
Andel jordkabel (i % av km nett)
40
700
35
600
30
500
25
400
20
300
15
200
10
100
5
0
0
2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
I 2002 vart VTK, som dei fleste andre nettselskap, pålagt ekstraordinær skogrydding i og langs
alle linjegater. I perioden 2002 til 2010 vart det rydda både høgspent- og lågspentnett til ein
samla kostnad på om lag 25 mill.kr. I 2012 vart det rydda for 3,5 mill.kr i regional- og
distribusjonsnettet. Mesteparten av dette (77%) vart utført av innleigde firma. VTK er godt i rute
i høve til ryddeplan.
Talet på nettkundar auka med 193 mot 136 året før, og var ved årsskiftet 13543. Auken i nye
hyttekundar var 152 mot 183 i 2011. Dette er ein nedgang i høve til toppåra for 5-6 år sidan,
men likevel ein monaleg årleg vekst. Forbruket hjå VTK sine kundar var 251 GWh. Dette er ein
auke på 2 %.
Nettkundar, totalt og hytter
Kraftforbruk ref kunde (GWh)
16 000
300
14 000
250
12 000
10 000
200
8 000
150
6 000
100
4 000
50
2 000
0
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
0
Driftsregulariteten var opp mot det beste VTK nokon gong har levert; - , med 99,96% oppetid.
Dette tilsvarer berre 3,5 timar straumlaust i gjennomsnitt mot 12 timar i 2011. Årsaken til
forbetringa ligg i hovudsak i at vi 2012 ikkje hadde stormar og heller ikkje mykje anna uvær.
55
Leveringsregularitet. Midlare
utkoplingstid. (timar)
KILE-kostnad (kr/kWh)
70
14
60
12
50
10
40
8
30
6
20
4
10
2
0
0
Nettleiga vart ikkje sett opp i 2011 og heller ikkje i 2012. Midlare nettleige heldt seg difor på
same nivå ; 34,4 øre/kWh + offentlege avgifter.
Avrekna nettinntekter frå forbrukarar auka med 1,3 mill.kr (1,5%) til 86,3 mill.kr. Årsaken er litt
høgare forbruk. Nettleiga frå produsentane gjekk ned 2,3 mill.kr pga låge energiledd som fylgje
av låg spotpris. Totalt gjekk difor avrekna nettinntekter ned med 1 mill.kr (1%). Inntektene vart
3,9 mill.kr lågare enn ramma. Dette saman med ein korreksjon frå NVE på 2,7 mill.kr gav ei
mindreinntekt 6,6 mill.kr.
Dei totale bokførte nettinntektene vart 100,0 mill.kr mot 102,4 i 2011. Denne nedgangen
skuldast redusert ramme på heile 12,6 mill.kr, men som pga kraftig reduksjon i KILE-kostnader
og korreksjon frå året før ikkje slo ut med meir enn 2,4 mill.kr i rekneskapen (jfr note 19).
VTK fekk redusert sin effektivitetsscore frå 106% til 100%, dvs på gjennomsnittsnivå i landet.
Målet er å ligge over 100%; - det vart altså ikkje nådd i 2012. I realiteten er det effektiviteten 2
år før som vert lagt til grunn, dvs 2010.
Driftsresultatet for nettdrifta (inkl. breiband) vart ca 10 mill.kr eller om lag 30% av det totale
driftsresultatet. Av dette utgjer breibandaktiviteten ca 1,5 mill.kr.
Dette er ein auke på 5 mill.kr i høve til år 2011. Årsaken er låge KILE-kostnader og større grad
av aktivering både på løn og materiell.
Nettleige inkl. fastbeløp, ekskl.
off. avgifter (øre/kWh)
KILE-kostnad
16000
14000
40
35
30
25
20
15
10
5
0
1000 kr
12000
10000
8000
6000
4000
2000
0
03 04 05 06 07 08 09 10 11 12
6
6
Anna verksemd
Breiband
VTK eig 40 % av Telefiber AS. Selskapet vart stifta 28.08.2006 og held til i VTK-bygget med 3
tilsette. Selskapet leverar breibandtenester i Vest-Telemark + Hjartdal, eit område som krev
store investeringskostnader pr kunde. Selskapet har ca 2000 kundar. Selskapets økonomi er god
og i 2012 vart det overskot for 4. året på rad. Av ei omsetning på 15,6 mill.kr vart det eit
resultat før skatt på 1,6 mill.kr.
VTK si rolle er å eige, bygge og drive fibernettet og fylgje opp vår eigarrolle i Telefiber AS.
Fibernettet vart i 2012 bygd vidare ut med 41 km, slik at samla lengde ved utgangen av året
er 661 km. Av desse er ca 300 km delfinansiert gjennom offentlege anbod via VTNU.
VTK hadde i 2012 i overkant av 3 mill.kr i årlege leigeinntekter frå utleige av fiberkablar til
Telefiber. Leigeinntektene dekker drift, avskrivingar og avkasting (renter).
I 2012 starta VTK opp med planlagt utbygging av fiber til sluttkundar etter tinging frå Telefiber.
Dette vil halde fram for fullt i 2013 og i mange år framover. Sjå meir om dette under punkt
Strategi under.
Kontortenester m.m.
I VTK-bygget har Vest-Telemark Brannvesen IKS (VTBV)og Telefiber AS kontorplass. VTK
leverer også diverse økonomi- og kontortenester til desse to selskapa.
Skafså Kraftverk ANS vert administrert av VTK og dagleg leiar held til i VTK-bygget.
VTK har eigen Pensjonskasse. Den vert administrert av VTK og har VTK, Skafså Kraftverk og
Telefiber som medlemsbedrifter. Samla fondskapital er på 92 mill.kr.
ØKONOMISK RESULTAT OG FINANSIELLE FORHOLD
Generelt
Resultatet er svakare enn 2011 og mykje dårlegare enn dei gode åra 2008-2010. Vi må tilbake
til 2003 for å finne eit dårlegare resultat etter skatt.
Årsakene er primært kraftig fall i kraftprisane, men høg investeringstakt og høge pålagte
vedlikehaldskostnader slår også ut.
Gjennomgangen under refererer seg til KONSERN-tala.
Resultatrekneskapen
Driftsinntektene er 205,9 mill.kr, som er ein nedgang på 26,2 mill.kr (11%)i høve til 2011 (og
46,2 mill.kr i høve til 2010). Den viktigaste årsaken er lågare kraftprisar. Denne brutto
inntektssvikten vert til ein viss grad kompensert med reduserte kraftkjøpskostnader (sjå under).
Kraftkjøp og anna varekjøp er 59,8 mill.kr, som er ein nedgang på 15 mill.kr (20%) i høve til
2011. Reduksjonen skuldast i hovudsak lågare prisar på innkjøpt kraft og lågare
overføringskostnader. Jfr note 4.
Postane over gjev eit dekningsbidrag på 146,1 mill.kr som er ein nedgang på 11,2 mill.kr
(7,1%). Nedgangen skuldast produksjon/omsetning; - nettaktiviteten har ein liten framgang etter
eit svakt år i 2011. Jfr note 4b.
Personalkostnadene til drift går ned med 1,4 mill.kr (3,4%). Dette skuldast høgare andel
aktiverte personalkostnader enn året før. Pensjonskostnadene har ein liten nedgang etter eit
betre avkastningsår i Pensjonskassa. Jfr note 5.
7
7
Avskrivingane aukar med 5% som fylgje av relativt store investeringar i 2012 innanfor alle
typer anleggsmidlar. Jfr note 11 og finansielle forhold under.
Andre driftskostnader aukar med 9,8 mill.kr (21 %). Den relative kostnadsveksten er størst i
Skafså Kraftverk og har sin årsak i nytt løpehjul i Osen kraftverk og andre ekstraordinære
vedlikehaldsoppgåver (ca 11 mill.kr). Andre ekstraordinære postar er 2,1 mill.kr til juridisk og
finansiell hjelp i samband med forsøk på kjøp av Vrangfoss kraftverk. Jfr note 6.
Driftsresultatet går som fylgje av dette ned med 20,7 mill.kr til 31,3 mill.kr.
Talet på årsverk, VTK -konsern
Driftsresultat (mill.kr)
66
80
65
70
64
60
63
50
62
61
40
60
30
59
20
58
10
57
0
56
2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Netto finanskostnader aukar med 1,2 mill.kr (23%) som fylgje av auka gjeld og høgare rente.
Gjeldsauken skuldast utbetaling av relativt høgt utbytte og store investeringar i 2012.
Jfr note 7 og 8.
Resultat før skatt vert då redusert med 21,9 mill.kr (46%) til 25,1 mill.kr, noko som er det
dårlegaste resultatet på 10 år. Resultatet er 40 mill.kr lågare enn i 2010.
Skattekostnadene får ein kraftig relativ nedgang frå 50% til 42% av resultat før skatt.
Hovudårsaken til dette er at kraftproduksjonen utgjer ein relativt sett mindre del av resultatet
enn i 2011, og sidan kraftproduksjonen har om lag dobbelt så høg skatteprosent som nett får
dette slikt utslag. Jfr note 9.
I tillegg vert det betalt 7,6 mill.kr i eigedomskatt, men den er ført som ”andre driftskostnader”.
Årsresultatet vert med dette 14,5 mill.kr, som er ein nedgang på 9,2 mill.kr eller 39%.
Finansielle forhold
Investeringar
Det er i året investert for 43,4 mill.kr. Av dette er 5,9 mill.kr finansiert av kundar o.a.
Netto aktiverte investeringar vert då 37,5 mill.kr mot 51,8 i 2011. Reduksjonen er frå eit svært
høgt nivå i 2011 og investeringsbehovet er framleis stort.
Kraftverk 1,6 mill.kr (8,4). Adm.bygg, turbin (effektauke), Indre dammar m.m.
Regionalnett 11,0 mill.kr (12,5). Fjordspenn Vråliosen 6,4 og Lio trafostasjon 4,6 mill.kr.
Distribusjonsnett 15,8 mill.kr (21,3). Høgspent 5,1, nettstasjonar 3,9 og lågspent 6,8 mill.kr
Fiber 3,1 mill.kr (1,5). FTTH i Treungen sentrum og diverse stader i Tokke og Vinje.
Diverse 6,0 mill.kr (8,1). Transportmidlar 4,1, Fiber eget bruk 1,1, og Lagerbygg 0,8 mill.kr.
8
8
Investeringane er finansiert med avskrivingar, gjeldsauke og overskotsdiponering.
Totalkapitalen (Sum eigendelar) aukar med 32,6 mill.kr til 511,3 mill.kr som fylgje av store
investeringar og auke i kundekrav som til dømes mindreinntekt. Denne auken set press på EK-%.
Akkumulert mindreinntekt i nettet inkl. renter er 30 mill.kr ved utgangen av året.
Dette er ein auke på 7,5 mill.kr og skuldast korreksjonar frå året før og at avrekna nettinntekter
var lågare enn tildelt ramme gav rom for; - jfr note 14, 2 og 19.
Nettleiga er sett opp 10% for 2013; - etter 3 år med same pris. Dette for å starte innhentinga av
dette kravet mot kundane.
Langsiktig gjeld auka 40 mill.kr i 2012. Årsaken var store investeringar, høge utbytte dei siste
åra og auke i mindreinntekt. Jfr note 17.
Eigenkapitalen i selskapet (konsernet) er ved utgangen av året 262,2 mill.kr (51,3%) før
avsetjing til utbyte. Med eit utbyte på 10 mill.kr vert eigenkapitalen 252,2 mill.kr (49,3 %). Jfr
note 16.
Avkastning på totalkapitalen før skatt:
Avkastning på eigenkapitalen før skatt:
Avkastning på eigenkapitalen etter skatt:
6,6 %
9,8 %
5,7 %
(11,1%)
(18,4 %)
(9,3 %)
Balanse 2012
Aktiva
Passiva
Aksjekapital
Overkursfond
Fri eigenkap.
Gjeld
Anleggsmidlar
Varelager
Krav
Pengar
DISPONERING AV ÅRSRESULTATET
Styrets framlegg:
Overføring til fri eigenkapital
Utbytte
Sum disponering
4,5 mill.kr
10,0 mill.kr
14,5 mill. kr
Samla utbytte til eigarane sidan 1999 har då kome opp i 319 mill.kr.
99
Utbytte pr år 2002-2012
(mill.kr)
350,0
Utbytte, akkumulert 1999-2012
(mill. kr)
300,0
180,0
160,0
140,0
120,0
100,0
80,0
60,0
40,0
20,0
0,0
250,0
200,0
150,0
100,0
50,0
0,0
TILSETTE
VTK hadde ved utgangen av året 56 tilsette (53 årsverk). I tillegg kjem omlag 6 årsverk i
kraftverka som også er med i personalkostnadene.
LIKESTILLING
Styret har 8 medlemer med personlege varamedlemer. Dei 6 eigarkommunane har rett til ein
styreplass kvar. Frå dei tilsette vert det vald 2 medlemer. Etter valet på generalforsamlinga i
2011 har styret 50/50-fordeling på menn og kvinner når det gjeld dei eigarvalde
styremedlemene; - slik lova krev. Varamedlemene er kjønnsfordelt på same måte.
Av dei ca 60 årsverka totalt vert omlag 7,5 utført av kvinner (9 personar). Kvinnene er tilsett i
kontor- og reinhaldsfunksjonar og er innanfor desse arbeidsområda i stort fleirtal. Avtaleverket
og lønssystemet er kjønnsnøytralt, slik at det er lik løn for likt arbeid. I 2012 tok VTK for fyrste
gong inn ei jente som lærling. VTK har ingen vedteken strategi for å auke talet på kvinner utover
det som fylgjer av det generelle avtaleverket innafor KS Bedrift sitt virkeområde.
HMS OG BEREDSKAP
Internkontroll i samsvar med forskrifter er i drift. Arbeidsuhell, farlege tilhøve og andre HMSavvik vert registrert og fylgd opp. Alle avvik vert analysert og tiltaksvurdert. I 2012 var det
ingen arbeidsuhell med fråvær. Sjukefråværet i VTK AS var 2,4% mot 3,0% i 2011.
Gjennomsnittet siste 10 år er 3,2 %. Som IA-bedrift er VTK pålagt å tilrettelegge for at tilsette
kan halde fram i jobb sjølv om dei slit med sjukdom og kroniske plager. Fråvær frå slike
personar er inkludert i tala over. VTK er tilknytta bedriftshelsetenesten SAMT (Senter for
ArbeidsMiljø i Telemark) og gjennomfører ymse systematiske undersøkingar i regi av dei.
Risiko og sårbarhet (ROS) for VTK si totale verksemd er analysert og tiltaksvurdert.
Beredskapsplan og internkontroll er ein del av dette. VTK sine beredskapsressursar baserer seg
i stor grad på eigne fast tilsette, men vi har også viktige samarbeidspartnarar eksternt
(helikopter, tungtransport, skogrydding, materiell, mannskap).
STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER
Rett etter årtusenskiftet endra VTK sin prisstrategi frå å tilbakeføre verdiskapinga i selskapet til
kundane gjennom så låge prisar som råd, til å ha ein prispolitikk som gjev rom for utbyte, sjølv
om maksimalt overskot ikkje skal vera målet. Prinsippvedtaket om dette vart gjort på
generalforsamlinga i 2002 og utforma i detalj på generalforsamlinga i 2003. Konsekvensen av
dette vedtaket vart å ta ut maksimalt frå nett og produksjon. Kraftsalg til kundar i
eigarkommunane skulle skje til engrospris (innkjøpspris). I alle år seinare er denne strategien
fylgd opp av selskapet. Dette har gjeve gode økonomiske resultat som har gjeve rom for årleg
utbytte til eigarane, noko som også var bakgrunnen for endringa i prisstrategien.
10
10
VTK har som mål å auke eigenproduksjonen ved å kjøpe kraftverk eller ta del i lønsame
utbyggingar av små og mellomstore kraftverk. VTK sende i august 2007 konsesjonssøknad for
utbygging av Lårdalsåi. I 2010 sendte vi ein justert søknad etter oppmoding frå NVE. På delar av
fallet er det 2 søknader noko som har forpurra sakshandsaminga. Det er no gjennomført
bruksordningssak i regi av jordskifteretten i nedre del av fallet og revidert søknad vil bli sendt
straks nødvendige ekstra miljøkartleggingar er gjennomført på barmark. I regi av Skafså
Kraftverk ANS vert det arbeida med planer om utbygging av restfall i Skafså-vassdraget.
Lønsemda innom produksjon av elektrisk kraft har gått kraftig ned det siste året og marknaden
trur p.t. ikkje på prisar over 27 øre/kWh dei neste 5 åra. Årsakene til dette finn ein både på
tilgangs- og etterspørselssida. På tilgangsside er det særleg kraftig utbygging av vind- og
solkraft i Tyskland (og andre land), subsidiert fornybarutbygging i Noreg og
Sverige(elsertifikatordninga) og ny finsk kjernekraft som slår ut. Prisnedgang på kol, og til dels
på olje og gass, gjer det billigare å produsere elkraft i slike anlegg . Dette saman med kollaps i
CO2-kvoteprisen styrker tilgangen av fossil basert elkraft. På etterspørselssida slår generell
konjunkturnedgang i Europa ut saman med utflagging av industriproduksjon til Asia og andre
stader.
Kraftomsetninga til sluttbrukarar vert handtert uavhengig av kraftproduksjonen. Kraftoppdekkinga vert ordna gjennom marknaden og ved direkte kjøp frå Tokke og Vinje kommunar.
Styret legg til grunn at kraftomsetninga framleis skal skje utan dekningsbidrag, dvs salg til
innkjøpspris. Kostnader til pliktig elsertifikatkjøp frå 2012 og profilkostnader vil bli rekna som
ein del av innkjøpsprisen i den samanheng.
Nettverksemda har som mål å halde sin posisjon som rimeleg effektiv etter NVE sin målestokk,
og meir effektiv enn gjennomsnittet. Denne målsetjinga blei oppfylt til og med 2011. I 2012 blei
VTK målt til 100% (dvs akkurat på gjennomsnittet). Dette sikrar ei inntektsramme som gjev rom
for god avkastning på kapitalen. Det har i mange år no vore stor aktivitet i utbygging av straum
til gamle og nye hyttefelt. Etter finanskrisa i 2008 har aktiviteten blitt om lag halvert i høve til
toppåra.
Mykje av VTK sitt høgspentnett vart bygd ut på 40-, 50- og 60-talet og behovet for vedlikehald
og fornying aukar på. Desse anlegga er systematisk vurdert og rangert som grunnlag for årlege
fornyingsplanar. Alle sikringsanlegg i mastetrafoar må byggast om for bakkebetjening innan
2016. Vi er no godt i gang med dette, og dei fleste vert ombygd på enklaste måte med nedbygging
av sikringsarrangement og vidareføring av trafo i mast. For å redusere KILE-kostnadene, og
dermed auke leveringskvaliteten, vil vidare utbygging av overvakings- og fjernstyringssystem
vera eit prioritert område framover. VTK vil også dei næraste åra få store investeringar både i
regional- og distribusjonsnettet. Kan her nemne ny transformator og koplingsanlegg i Kjela
trafostasjon og forsterking til Vågslid, ny transformator i Seljord trafostasjon, ny trafostasjon i
Nissedal, mogeleg reserveløysing over til Hovden og ombygging til 66/300 kV i Lio trafostasjon.
I tillegg kjem pålagt utskifting av heile målarparken innan 1.1.2019 (AMS), kostnadsrekna til 50
mill.kr. Inntektsrammesystemet synest å gje VTK tilfredsstillande økonomiske vilkår i åra
framover, noko som bør kunne sikre stabil drift og finansiering av nødvendig fornying og
forbetring av nettet.
Ved utgangen av 2012 er akkumulert inntektsført mindreinntekt ca 30 mill.kr. Dette står oppført
i balansen som eit krav mot våre nettkundar (bokført men ikkje fakturert inntekt); - jfr note 14 og
19. Kravet kan berre hentast inn gjennom høgare nettleige i ein periode. Dette vil koma i tillegg
til tariffauke som fylgje av dei (pålagte) nettinvesteringane som er nemnd over. Å avskrive
inntektsført mindreinntekt vil i tilfelle medføre ein tilsvarande resultatreduksjon i det året
avskrivinga vert gjort. Det er berre generalforsamlinga som eventuelt kan gjera vedtak om slik
avskriving.
Felles nasjonal tariff for regionalnettet, som skulle innførast frå 01.01.2014, vart trekt tilbake av
OED i februar 2013. Fleire årsaker til dette, men problemstillingar knytt til EU sit regelverk om
transmisjon og distribusjon av elektrisk kraft, samt frykta for å sementere dagens selskapsstuktur,
11
11
var nok dei tyngste argumenta. Denne omgjeringa gjer at nettkundane i VTK ikkje får den
kostnadsreduksjonen på fleire millionar som felles nasjonal regionalnettstariff ville ha utløyst.
I vedtaket varsla OED sterkare fokus på strukturen i bransjen, noko dei har fylgd opp ved å
opprette ei ekspertgruppe som skal vurdere nettstruktur, organisering og tiltak for å oppnå ein
mest mogeleg rasjonell nettorganisering i landet. Kva for konsekvenser dette vil få for VTK er
sjølvsagt for tidleg å seia noko om, men styret vil fylgje denne saka nøye framover. Dagens tiltak,
med tariffutjamningsmidlar over statsbudsjettet, har i praksis vist seg å bli ei ordning for å dele
ut offentlege midlar til små/urasjonelle nettselskap. Dette har auka overlevingsevnen for desse
og redusert/fjerna behovet for strukturendringar, stikk i strid med energilovens mål om rasjonell
energiforsyning.
Sterke krefter, både innom bransjen, EU-systemet og nasjonale styresmakter, pressar stadig på
for å innføre leverandørsentrisk kundekontakt og fakturering. Det vil seia at kraftomsetningsselskapet skal sende felles faktura for nett og kraft og ta seg av all kundekontakt. Sidan alle
eigenskapar ved produktet straum vert bestemt av nettselskapet synest dette å vera lite fornuftig.
I tillegg utløyser dette behov for standardisert automatisk måleverdiinnsamling (AMS) og
sentral datalagring av måleverdiar og avrekningsdata (nettariffar). Store ressursar vert no nytta
på å greie ut dette. Det er vanskeleg å sjå at nytten er større enn kostnaden sett frå kundens
ståstad, men det synest heller ikkje å vera avgjerande for dei kreftene som pressar på i desse
sakene.
Utbygging av ny fornybar kraft og elektrifisering av sokkelen utløyser store nettinvesteringar i
sentral- og regionalnettet. Det ser ut til at mesteparten av rekninga for dette også havnar på
nettleiga til vanlege forbrukarar. Det er difor grunn til å rekne med større auke i nettleiga i åra
framover enn generell kostnadsutvikling skulle tilseia.
Forbruk pr kunde (kwH/år)
Nett + kraft ekskl. avgifter
22000
70
21000
60
20000
50
19000
40
18000
30
17000
20
16000
øre/kWh
80
0
2001
2003
2004
2005
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
10
2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Sidan 1995 har VTK bygd ut fibersamband til eige bruk. På generalforsamlinga i 2004 gav
eigarane styret fullmakt til å setja i gang utbygging av eit breibandnett til allmenn bruk.
Grunngjevinga var mellom anna at god breibandsdekning til ein akseptabel pris er ein
føresetnad for næringsutvikling, undervisning, nyskaping, gode offentlege tenester og
interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark i åra framover.
Ved utgangen av 2012 har VTK 661 km fibernett i drift. Den kommersielle utnyttinga av
dette nettet er Telefiber sitt ansvar. Etter å ha sikra minimum breibandsdekning til (nesten) alle
i Vest-Telemark, starta Telefiber i 2012 opp med å bygge ut FTTH (Fiber To The Home) med
leveranse av Altibox. Denne strategien er forankra i føringar frå everka og deira eigarar. Dette
vil medføre store investeringar for VTK og dei andre everka i Telefiber; - storleiksorden 50
mill.kr neste 5 år før frådrag for statstilskot (via VTNU). I 2012 vart fleire smågrender i Tokke
og Vinje bygd ut, samt Treungen i Nissedal. I 2013 blir etter planen Vråliosen/Austheii, BøgrendSmørklepp, Åmot sentrum , Kviteseid sentrum og Fyresdal sentrum bygd ut.
12
12
VTK har ein svært stabil arbeidsstokk. Dette er viktig når så mykje av aktiviteten krev oversikt
over, og lokalkunnskap om, eit svært stort geografisk område med tilhøyrande tekniske anlegg.
Styret vil ha fokus på å behalde og rekruttere personell gjennom å syte for at VTK er ein attraktiv
arbeidsplass. I 2008 er det innført seniorpolitiske tiltak med positiv effekt. Styret takkar alle
tilsette for god innsats i 2012.
Styret meiner at VTK har ei stabil utvikling og ein solid økonomi, og bør difor, innanfor dei
rammer som kraftmarknaden, regelverk og reguleringsregime gjev, kunne oppfylle dei mål som
eigarane til ei kvar tid har for selskapet. Føresetnaden for halde fram drifta er difor til stades.
HøydalsmoHøydalsmo
31. desember
/ 7. juni 2013
25. 2012
juni 2013
Rolf Normann (leiar)
Guro Libjå (nestleiar)
Bjørg K. Staaland
Torgrim Thomassen
Magne Reinstaul
Kari-Anne Nordbø
Aslak Bekhus
Jarle Solbu
Ketil Kvaale (adm.dir.)
13
13
RESULTATREKNESKAP 2012
(Tal i 1000 kr.)
Konsern
2012
Konsern
2011
Tekst
Note
97 985
123 126
Kraftsalg
1
94 850
119 746
100 015
102 377
Nettinntekter
2
100 015
102 377
7 915
6 578
Andre driftsinntekter
3
7 332
5 972
205 915
232 081
202 197
228 095
59 772
74 747
Kraftkjøp og anna varekjøp
4
77 673
84 199
38 393
39 757
Personalkostnader
5
34 549
35 851
21 217
20 140
Avskrivingar
21 217
20 140
55 270
45 471
Andre driftskostnader
37 424
35 824
174 652
180 115
170 863
176 014
31 263
51 966
31 334
52 081
1 361
1 289
Finansinntekter
7
1 290
1 174
7 547
6 304
Finanskostnader
8
7 547
6 304
6 186
5 015
Netto finanskostnader
6 257
5 130
25 077
46 951
Resultat før skattar
25 077
46 951
10 584
23 259
Skattekostnad
10 584
23 259
14 493
23 692
ÅRSRESULTAT
14 493
23 692
4 493
3 692
Overført til fri eigenkapital
4 493
3 692
10 000
14 493
20 000
23 692
Avsett til utbyte
SUM DISPONERINGAR
10 000
14 493
20 000
23 692
Driftsinntekter
6
Driftskostnader
Driftsresultat
9
14
VTK AS
2012
VTK AS
2011
BALANSE
31.12.2012
(1000 kr)
(1000 kr)
Konsern
2012
Konsern
2011
Tekst
Note
VTK AS
2012
VTK AS
2011
EIGENDELAR
23 604
399 062
12 906
435 572
26 448
382 796
11 056
420 300
9 644
63 453
2 604
75 701
8 842
46 496
2 998
58 336
511 273
Immaterielle eigendelar
Varige driftsmidlar
Finansielle anleggsmidlar
Sum anleggsmidlar
10
Varelager
Kortsiktige krav
Pengemidlar
Sum omløpsmidlar
13
11
12
14
15
478 636 SUM EIGENDELAR
23 604
399 062
13 755
436 421
26 448
382 796
11 905
421 149
9 644
63 453
2 604
75 701
8 842
46 496
2 998
58 336
512 122
479 485
140 000
113 070
253 070
140 000
108 578
248 578
190 902
68 150
259 052
150 902
80 005
230 907
512 122
479 485
EIGENKAPITAL OG GJELD
140 000
112 221
252 221
140 000 Innskoten eigenkapital
107 729 Opptent eigenkapital
247 729 Sum eigenkapital
16
190 902
68 150
259 052
150 902 Langsiktig gjeld
80 005 Kortsiktig gjeld
230 907 Sum gjeld
17
511 273
478 636 SUM EIGENKAPITAL OG GJELD
16
18
Styret i VTK, 7.juni, 2013
Styret i VTK 25. juni 2013
Rolf Normann
(styreleiar)
Magne Reinstaul
Aslak Bekhus
Kari-Anne
Guro Libjå
Nordbø
(nestleiar)
Torgrim Thomassen
Jarle Solbu
15
Bjørg
Guro
K. Ståland
Libjå
Kari- Anne Nordbø
Ketil Kvaale
(adm.direktør)
KONTANTSTRAUMOPPSTILLING
Konsern
2012
Konsern
2011
Tekst
VTK AS
2012
VTK AS
2011
Tilgang av midlar:
14 493
23 692 Årets overskot
14 493
23 692
21 217
20 140 Ordinære avskrivingar
21 217
20 140
0
3 309
40 000
0
2 843
3 024
78 553
50 165
37 483
51 827
0
-167
0
7
1 850
10
0
40 000
2 843
78 553
3 309 Avskriving på kraftkontrakt
0 Opptak av lån
3 024 Endring i utsett skattefordel
50 165 Sum tilgang
Disponering av midlar:
37 483
0
0
1 850
51 827 Aktiverte investeringar
-167 Avgang anleggsmidlar/aksjar
7 Avdrag på lån
10 Kjøp av aksjar/andelar
10 000
20 000 Utbytte
10 000
20 000
49 333
71 677 Sum disponering
49 333
71 677
29 220
-21 512
801
2 775
29 220
-21 512 Endring i arbeidskapital
Spesifikasjon av endring i arbeidskapital:
801
2 775 Endring varelager
16 957
-26 942 Endring kortsiktige krav
16 957
-26 942
-394
-4 708 Endring betalingsmidlar
-394
-4 708
17 364
11 856
-28 875 Endring omløpsmidlar
7 363 Endring kortsiktig gjeld
17 364
11 856
-28 875
7 363
29 220
-21 512 Endring arbeidskapital
29 220
-21 512
16
ØKONOMISKE HOVUDTAL
Konsern
2012
Konsern
2011
Tekst
VTK AS
2012
VTK AS
2011
Lønsemd:
15,8
22,9 A) Resultatgrad
16,1
23,3
0,4
0,5
%
6,6
11,1
%
1,02
94,9
%
49,4
51,8
%
0,4
0,5 B) Kapitalens omløpstid
6,6
11,1 C) Totalrentabilitet = A*B
Finansiering:
1,02
94,8 Anleggsmidlanes finansiering
Soliditet:
49,3
51,8 Eigenkapital
Likviditet:
1,11
0,73 Grad 1
1,11
0,73
0,97
0,62 Grad 2
0,97
0,62
Resultatgrad = (Driftsresultat + finansinntekter) / Driftsinntekter
Kapital. oml. = (Driftsinntekter / Gj.snittleg totalkapital
Totalrentabil. = (Driftsresultat + finansinntekter) / Gj.snittleg totalkapital
Anl.midl. fin. = (Langsiktig gjeld + eigenkapital)/Anleggsmidlar
Grad 1
= Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld
Grad 2
= (Bet.midlar + kortsiktige krav)/Kortsiktig gjeld
17
NOTER TIL REKNESKAPET OG BALANSEN
Rekneskapsprinsipp
Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og norske rekneskapsstandardar.
Klassifisering
Eigedelar bestemt til varig eige eller bruk samt eigedelar som forfell meir enn eitt år etter balansedagen
er klassifisert som anleggsmidlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløpsmidlar. Anleggsmidlar er
oppført til kostpris. Anleggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid er avskrivne planmessig. Ved
klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er analoge kriterium lagt til grunn.
Immaterielle eigedelar
Selskapet har ein stor utsett skattefordel som skuldast skilnad mellom bokførte verdiar og skattemessig
fastsette verdiar på kraftanlegg og nettinstallasjonar. Sjå eigen skattenote.
Balanseført goodwill stammar frå kjøpet av Nissedal Kommunale Elverk i 2000 samt næringsfond ved
omgjering til tidsuavgrensa konsesjon for Åmdal og Osen kraftverk.
Kjøpt goodwill blir avskriven over 5 år, medan næringsfond ikkje vert avskrive.
Varige driftsmidlar
Varige driftsmidlar er avskrivne over forventa økonomisk levetid. Anleggsmidlar tilhøyrande nett er
avskrivne lineært i samsvar med retningsliner frå NVE. Viser til eigen note.
Andelar
Eigardelar i Skafså Kraftverk ANS (67 %) og Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) er vurdert etter
bruttometoden for resultat og nettometoden for balansen. Andel av inntekter, kostnader, eigedelar og
gjeld er innarbeidd linje for linje i rekneskapet.
Aksjar
Aksjar i andre selskap er vurdert til å vera anleggsmidlar og er difor oppført til kostpris, men vert
nedskrive til verkeleg verdi ved varig verdifall.
Varelager
Varelager er verdsett til lågast verdi av verkeleg pris og innkjøpspris. Ein del av varelageret (3,5 mill. kr)
er rekna som beredskapslager og oppført som anleggsmiddel under nettanlegg.
Fordringar
Kundefordringar og andre fordringar er ført opp til pålydande etter frådrag for avsetjing til forventa tap.
Pensjonar
VTK har eigen pensjonskasse. Ordninga omfattar alle tilsette med arbeidstid over 15 t/veke i VTK AS,
Skafså Kraftverk ANS og Telefiber AS.
Storleiken på framtidige ytingar er avhengig av talet på oppteningsår, lønsnivå ved pensjonsalder og
storleiken på ytingane frå folketrygda.
Pensjonsforpliktingane er aktuarberekna til 80 mill. kr med 100 % dekningsgrad og ei grunnlagsrente på
3 % (realrente).
18
18
NOTER
(1 000 kr)
Konsern
2012
Konsern
2011
Tekst
VTK AS
2012
Note 1
Kraftsalg
53 183
74 546
44 802
48 580
97 985
123 126
Sluttbrukarar
Engros m.m.
Sum kraftsalg
Note 2
Nettinntekter
7 161
9 494
86 251
84 942
93 412
94 436
2 695
1 449
3 908
6 492
100 015
102 377
Tariffinntekt, produksjon
Tariffinntekt, forbruk
Sum avrekna nettinntekter
Korreksjon frå året før
Meir(-)/mindre(+)inntekt (jfr note 19)
Sum nettinntekter
Note 3
Andre driftsinntekter
3 986
3 128
Entreprenørinntekter
3 352
2 899
Utleige fiber
577
551
Diverse inntekter
7 915
6 578
Sum andre driftsinntekter
Note 4
Kraftkjøp og anna varekjøp
39 880
46 726
Kraftkjøp for salg
8 747
10 766
Kjøp av nettap
0
3 309
Langsiktig Kraftkontrakt
9 932
13 145
Overføringskostnader
1 213
801
Anna varekjøp
59 772
74 747
Sum kraftkjøp og anna varekjøp
Note 4b Dekningsbidrag
54 696
91 447
146 143
67 931
89 403
157 334
Dekningsbidrag Produksjon/Omsetning
Dekningsbidrag Nett/Øvrig
Dekningsbidrag Totalt
Note 5
Personalkostnader
33 937
31 801
Løn
4 113
4 050
Arbeidsgjevaravgift
5 736
6 981
Pensjonskostnader
2 112
1 393
Andre personalkostnader
45 898
44 225
Sum personalkostnader (brutto)
7 505
4 468
Aktiverte personalkostnader
38 393
39 757
Sum personalkostnader (drift)
53 183
41 667
94 850
74 546
45 200
119 746
7 161
86 251
93 412
2 695
3 908
100 015
9 494
84 942
94 436
1 449
6 492
102 377
3 403
3 352
577
7 332
2 522
2 899
551
5 972
60 690
8 747
0
7 106
1 130
77 673
60 781
10 766
3 309
8 591
752
84 199
34 160
90 364
124 524
55 656
88 240
143 896
31 484
3 762
4 922
1 886
42 054
7 505
34 549
29 364
3 725
6 058
1 172
40 319
4 468
35 851
Løn til adm.dir. i VTK AS er utbetalt med kr 961.710
Samla styregodtgjersle er kr 375.480
Ingen tilsette eller styremedlemer har lån i selskapet
Pensjonsforpliktingane er aktuarberekna til 85 mill.
kr med 100 % dekningsgrad og ei grunnlagsrente på 3 % (realrente).
19
VTK AS
2011
Konsern
2012
VTK
2011
Tekst
VTK AS
2012
Note 6
Andre driftskostnader
6 944
5 646
Materiell, verktøy m.m.
23 275
18 080
Arbeid ved framande
3 463
1 466
Framande tenester *)
7 641
7 509
Eigedomskatt
1 549
1 549
Konsesjonsavgift
967
1 474
Erstatningar
112
573
Tap på krav
11 319
9 174
Diverse driftskostnader
55 270
45 471
Sum andre driftskostnader
Note 7
Finansinntekter
814
359
129
489
418
441
1 361
1 289
Note 8
Finanskostnader
6 271
5 911
1 207
214
69
179
7 547
6 304
Note 9
29 958
-101 565
-647
-72 254
20 231
2 843
25 077
356
-10 163
15 270
4 276
-3 090
1 186
3 090
3 442
7 718
2 843
10 561
23
10 584
5 834
10 230
2 480
7 641
0
664
112
10 463
37 424
VTK
2011
4 782
13 620
417
7 509
0
1 107
573
7 816
35 824
*) Herav honorar til revisor med kr 121.097 (herav 14.437 i andre tenester)
Renter meir-/ mindreinntekt (netto)
Renteinntekter bank
Andre finansinntekter
Sum finansinntekter
814
58
418
1 290
359
374
441
1 174
Renter på lån frå eigarane
Renter på banklån
Andre finanskostnader
Sum finanskostnader
6 271
1 207
69
7 547
5 911
214
179
6 304
29 958
-101 565
-647
-72 254
20 254
2 843
22 541
-104 118
-809
-82 386
23 097
3 024
25 077
356
-10 163
15 270
46 951
443
-10 799
36 595
4 276
-3 090
1 186
3 090
3 442
7 718
2 843
10 561
23
10 584
10 219
-3 091
7 128
3 091
10 016
20 235
3 024
23 259
0
23 259
Skattepliktig inntekt og skattekostnad
A. Endring i grunnlag for utsett skattefordel
22 541
Mellombels skilnad omløpsmidlar
-104 118
Mellombels skilnad anleggsmidlar
-809
Gevinst- og tapskonto
-82 386
Sum mellombels skilnader
23 097
Utsett skattefordel
3 024
Endring utsett skattefordel
B. Skattepliktig inntekt
46 951
Resultat før skatt
443
Permanente skilnader
-10 799
Endring i mellombels skilnader
36 595
Skattepliktig inntekt
C. Skattekostnad
10 219
Inntektsskatt
-3 091
Motrekna naturressursskatt
7 128
Betalbar inntektskatt
3 091
Naturressursskatt
10 016
Grunnrenteskatt
20 235
Sum betalbar skatt
3 024
Endring utsett skatt
23 259
Sum årets skattekostnad
0
Korreksjon vedk. tidlegare år
23 259
Sum skattekostnad
20
Konsern
2012
VTK
2011
Tekst
VTK AS
2012
Note 10
Immaterielle eigendelar
3 350
3 350
Konsesjonar (næringsfond)
20 254
23 098
Utsett skattefordel
23 604
26 448
Sum immaterielle eigendelar
Note 11
Varige driftsmidlar
Konsern
Konsern
Tekst
2012
2011
27 519
27 006
Bygningar
118 204
120 689
Kraftverk
217 809
203 311
Nettanlegg
35 530
31 790
Transportmidlar, inventar og utstyr
399 062
382 796
Sum varige driftsmidlar
Bokført verdi 01.01.
Ansk. kostnad 01.01.
Årets tilgang
Årets avgang
Ansk. kostnad 31.12.
Akk. avskriv. 31.12.
Bokført verdi 31.12.
Årets avskrivingar
Avskr. satsar
Note 12
0
0
0
7 850
29
7 879
48
1 769
2 000
10
3 827
1 200
1 200
12 906
Inventar,
Utstyr og
transportmiddel
Goodwill og
rettighetar
Nettanlegg
Kraftverk
3 350
20 254
23 604
3 350
23 098
26 448
VTK AS
2012
27 519
118 204
217 809
35 530
399 062
VTK AS
2011
27 006
120 689
203 311
31 790
382 796
Bygn. Og
Anna eigedom
31 790
70 062
8 398
1 788
76 672
42 930
35 530
3 350
3 490
0
0
3 490
140
3 350
203 312
397 055
26 795
0
423 850
206 038
217 812
120 689
176 096
963
0
177 059
58 856
118 203
27 007
37 162
1 328
0
38 490
10 970
27 520
4 658
10 – 25%
0
20%
12 295
0 – 2%
3 449
0 – 3%
815
0 – 1%
Finansielle anleggsmidlar
0
Skafså Kraftverk ANS
(67%)
0
Sundsbarm Kraftverk
(8,5%)
0
Sum andelar i integrerte selskap
6 000
29
6 029
48
1 769
2 000
10
3 827
1 200
1 200
11 056
VTK's pensjonskasse ( 100%)
KLP
Sum øvrige andelar
Norsk Enøk og Energi AS
Grunnåi Kraftverk AS
(15%)
Telefiber AS
(40%)
AS Haukelivegen
Sum aksjar i andre selskap
Lån til Telefiber AS
Sum langsiktige krav
Sum finansielle anleggsmidlar
21
VTK
2011
(ta i 1000 kr)
SUM
386 148
683 865
37 483
1 788
719 561
318 934
402 413
21 217
670
179
849
670
179
849
7 850
29
7 879
48
1 769
2 000
10
3 827
1 200
1 200
13 755
6 000
29
6 029
48
1 769
2 000
10
3 827
1 200
1 200
11 905
Konsern
2012
Konsern
2011
Tekst
VTK AS
2012
Note 13
Varelager
9 644
8 842
9 644
8 842
Varer til eige bruk (nettverksemda)
Sum varelager
Note 14
Kortsiktige krav
3 123
3 358
11 820
4 257
14 613
10 412
-260
-260
29 296
17 767
29 958
22 541
4 199
6 188
34 157
28 729
63 453
46 496
Kundekrav, abonnentar
Kundekrav, andre
Levert ikkje fakturert
Avsetjing til tap på kundekrav
Sum kundekrav
Mindreinntektsfond (inkl. renter)
Andre krav
Sum andre kortsiktige krav
Sum kortsiktige krav
Note 15
Pengemidlar
16
14
2 588
2 984
2 604
2 998
Kasse
Bankinnskot
Sum pengemidlar
Note 16
Eigenkapital
100 000
100 000
40 000
40 000
140 000
140 000
107 729
14 492
-10 000
112 221
252 221
104 037
23 692
-20 000
107 729
247 729
VTK AS
2011
9 644
9 644
8 842
8 842
3 123
11 820
14 613
-260
29 296
29 958
4 199
34 157
63 453
3 358
4 257
10 412
-260
17 767
22 541
6 188
28 729
46 496
16
2 588
2 604
14
2 984
2 998
Aksjekapital
Overkursfond
Sum innskoten eigenkapital
100 000
40 000
140 000
100 000
40 000
140 000
Annan (fri) eigenkapital
Årets overskot
Utbyte
Sum opptent eigenkapital
Sum eigenkapital
108 578
14 492
-10 000
113 070
253 070
104 886
23 692
-20 000
108 578
248 578
902
40 000
150 000
190 902
902
0
150 000
150 902
Aksjekapitalen er fordelt på 100 000 aksjar á kr 1000
Eigarar:
Fyresdal kommune 19 000 aksjar
Kviteseid kommune
Nissedal kommune
Note 17
Langsiktig gjeld
902
902
40 000
0
150 000
150 000
190 902
150 902
19 000 aksjar
5 000 aksjar
Seljord kommune
19 000 aksjar
Tokke kommune
19 000 aksjar
Vinje kommune
19 000 aksjar
Lån frå kundar (obligasjonsinnskot)
Lån KLP
Gjeld til eigarkommunane
Sum langsiktig gjeld
22
Konsern
2012
Konsern
2011
Note 18
Kortsiktig gjeld
15 074
4 656
17 369
18 006
7 718
20 235
1 667
1 647
1 021
1 064
7 000
6 669
10 000
20 000
3 364
3 177
4 937
4 551
68 150 0
80 005
Note 19
Nettinformasjon
87 104
98 707
4 200
4 280
7 106
8 403
3 630
3 635
-4 720
-13 907
97 320
101 118
93 412
94 626
3 908
6 492
2 695
1 449
6 603
7 941
28 155
21 552
1 803
989
Tekst
VTK AS
2012
VTK AS
2011
Kassakreditt (limit 40 mill.)
Leverandørgjeld
Betalbar skatt
Skattetrekksmidlar
Arbeidsgjevaravgift
Forbruksavgift (elavgift)
Avsett utbyte
Feriepengar
Annan kortsiktig gjeld
Sum kortsiktig gjeld
15 074
17 369
7 718
1 667
1 021
7 000
10 000
3 364
4 937
68 150
4 656
18 006
20 235
1 647
1 064
6 669
20 000
3 177
4 551
80 005
Inntektsramme frå NVE
Justering for kapitalkostnader
Kjøp av overføringstenester (netto)
Eigedomskatt, nett
KILE-kostnader (-)/inntekter (+)
Total tillatt inntekt
Avrekna nettinntekter
87 104
4 200
7 106
3 630
-4 720
97 320
93 412
3 908
2 695
6 603
28 155
1 803
98 707
4 280
8 403
3 635
-13 907
101 118
94 626
6 492
1 449
7 941
21 552
989
Meir (-)/mindre (+)inntekt frå årets drift
Korreksjonar frå tidlegare år
Bokført meir(-)/mindre(+)inntekt i året
Saldo meir(-)/mindre(+)inntekt pr.31.12
Saldo renter meir(-)/mindre(+)inntekt pr.31.12
23
24
25
STATISTIKK 2003-2012
Tekst
Eining
Tilsette i VTK AS
Tilsette i Konsernet
årsverk
årsverk
Trafostasjonar
Nettstasjonar
66 kV linjer
22 kV linjer
22 kV kabel
Lågspent linjer
Lågspent kabel
Nett totalt
Fiber
Nettkundar
Herav hytter
Kraftkundar
antal
antal
km
km
km
km
km
km
km
antal
antal
antal
2003
2004
2005
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
50,7
50,7
51,9
51,0
51,6
52,3
53,9
53,1
54,0
53,3
64,5
64,0
65,0
65,0
59,0
59,0
60,0
59,0
60,0
59,0
7
7
7
7
7
7
7
7
7
7
859
867
878
886
894
894
901
906
912
915
103
103
103
103
103
103
103
89
89
89
841
835
831
829
828
823
822
821
816
811
136
140
167
177
181
190
203
210
226
230
1 062
1 058
1 055
1 051
1 044
1 043
1 038
1 040
1 036
1 028
467
496
542
575
614
656
682
713
740
766
2 609
2 632
2 698
2 735
2 770
2 815
2 848
2 873
2 907
2 924
88
122
311
411
483
530
578
593
610
661
11 184
11 416
11 747
12 145
12 533
12 750
12 957
13 214
13 350
13 543
3 399
3 609
3 893
4 240
4 563
4 818
5 028
5 203
5 386
5 538
10 906
11 213
11 549
11 839
12 205
12 414
12 586
12 766
12 840
12 876
ILE (Ikkje lev.energi)
KILE (Kostnad v/ILE)
KILE-ramme
Leveringsregularitet
MWh
1000 kr
1000 kr
%
125,6
165,1
107,1
87,0
141,7
112,1
144,5
91,6
340,0
93,1
4270
5153
3497
3150
4986
3478
6972
5709
13907
4720
6040
6040
6040
6040
3497
3150
4986
3478
6972
5709
99,94
99,92
99,95
99,96
99,93
99,95
99,94
99,97
99,86
99,96
Eigen produksjon
Kjøp av kraft
Salg til sluttbrukar
Salg engros
Overført i distrib.nettet
Tap i distrib.nettet
Tap i distrib.nettet
Temperatur Åmdal
GWh
GWh
GWh
GWh
GWh
GWh
%
C
197,1
248,1
241,3
217,4
256,6
244,9
251,9
213,7
238,9
240,5
219,5
208,7
153,1
153,5
149,9
177,6
170,8
174,8
144,7
194,2
203,1
206,9
208,8
209,1
213,8
219,9
226,6
245,2
222,4
223,5
201,7
231,1
167,2
143,5
174,7
164,7
158,6
107,9
132,8
130,1
216,1
218,9
219,9
222,7
229,5
237,2
244,8
268,7
247,4
251,1
10,2
17,7
17,2
17,2
15,4
20,2
20,7
23,9
14,9
23,4
4,5
7,5
7,3
7,2
6,3
7,8
7,8
8,2
5,7
8,6
4,3
4,4
5,2
5,4
4,7
4,9
4,0
2,7
4,7
3,9
Driftsresultat
Resultat før skatt
Resultat etter skatt
Utbytte
Eigenkapital
mill.kr
mill.kr
mill.kr
mill.kr
%
22,2
33,8
28,2
42,1
41,2
59,5
61,3
71,3
52,1
31,3
15,6
30,3
25,0
40,4
33,7
47,9
52,3
65,5
47,0
25,1
9,5
21,3
16,0
23,0
21,9
27,3
31,9
37,9
23,7
14,5
6,2
6,2
6,2
6,2
156,2
14,0
20,0
25,0
20,0
10,0
67,1
73,4
70,3
73,9
46,9
49,3
50,1
50,6
51,8
49,3
Midlare nettleige
Midlare kraftpris *)
øre/kWh
øre/kWh
23,2
25,0
25,1
24,2
26,9
31,3
31,3
33,0
34,3
34,4
32,2
24,8
24,1
40,0
20,0
34,0
30,5
41,0
37,8
24,3
Totalpris (ekskl. avg.)
øre/kWh
55,4
49,8
49,1
64,2
46,9
65,3
61,8
74,0
72,1
58,7
*) Frå 2003 har Tokke og Vinje eigen prisavtale. Prisen i tabellen er referert til dei andre kommunane.
26
NOTATER:
27
NOTATER:
28
Vest-Telemark Kraftlag AS
HOVUDKONTOR
AVD. KONTOR
3891 Høydalsmo
Tlf. 35 07 57 00
E-post: [email protected]
Internett: www.vtk.no
3855 Treungen
Erik Tanche Nilssen AS, Skien
Foretaksnummer 955 996 836