SKOGEN SOM ØKOSYSTEM

Download Report

Transcript SKOGEN SOM ØKOSYSTEM

SKOGEN SOM ØKOSYSTEM
THE WOODLAND ECOSYSTEM / DER WALD ALS ÖKOSYSTEM
N
GB
D
Hystadmarkjo er i dag dominert av
ulike skogstypar. Svartor dominerer dei fuktige
lågareliggjande delane av terrenget som tidligare
var havbotn, medan det veks mest furu på dei
tørre åsryggane; som tidlegare var øyar. I liane
som avgrensar området mot vest, finn me
edellauvsk og med mykje ask. Jordsmonnet i
svartorskogen er svært fuktig. Under
svartorskogen ligg eit lag av marin leire, som i
dag berre kjem til syne i dei grunne vikane. Leira
dannar eit samanhengande dekke gjennom heile
området frå Hagavikjo i nord til Valevågen i sør.
Over leira ligg eit lag av svart mold, danna av
nedbrote plantemateriale.
Strandvindel /
Hedge bindweed /
Zaunwinde
Hystadmarkjo is now dominated by two kinds of
woodland: the lower-lying parts are mostly alder,
while pine grows mostly on the ridges - the parts of the
landscape that used to be islands. In the meadows that
form the reserve’s western boundary we find deciduous
woodland with lots of ash. In Hystad we find alder forest
growing along the shoreline, and also reaching back along
several of the streams: one of the country’s biggest ‘alder
swamp woodlands’.
In Hystadmarkjo gibt es heute verschiedene Waldarten.
Schwarzerle dominiert die niedrigeren Teile des Gebietes,
während auf den Hügelrücken vor allem Kiefern wachsen;
diese Teile der Landschaft waren ehemals Inseln.
An den Hängen, die an der Westseite des Gebietes liegen,
finden wir Edellaubwald mit vielen Eschen. Der Teil des
Schwarzerlenwaldes, der in Ufernähe steht, wird als
Schwarzerlen-Uferwald bezeichnet. In Hystad gibt es diesen Waldtyp entlang des Seeufers, an einigen Stellen
jedoch auch an den Bächen entlang, die sich ihren Weg
ins Hinterland bahnen. Das ist der Grund dafür, daß es in
Hystadmarkjo einen der größten Schwarzerlenbestände
des Landes gibt.
HYSTAD NATURRESERVAT VART FREDA VED KONGELEG RESOLUSJON I 1984.
VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV.
FYLKESMANNEN I HORDALAND, HORDALAND FYLKESKOMMUNE, STORD KOMMUNE
Eit hovudproblem i dei fleste naturlege økosystem er mangel på nitrogen.
Nitrogen er ein viktig byggestein i plantene sine livsprosessar (spiring, vekst og
bløming). Sjølv om det er mykje nitrogen i luft, kan ikkje plantene nyttiggjera seg
dette direkte. Plantene får berre tak i nitrogen som opptrer i jorda som
ammonium eller nitrat. Nokre primitive planter, som strålesopp, kan likevel ta
opp nitrogen frå lufta og omdanna det til plantetilgjengelege former. I
svartorskogen sirkulerer næringsstoffa mellom jordsmonnet og plantene. Når
plantene døyr eller misser blada, vert det organiske materialet brote ned til
uorganiske sambindingar i jorda. Desse stoffa vert igjen tekne opp gjennom
plantene sine røter. Naturen sitt materiale sirkulerer i eit evig kretslaup.
Den delen av svartorskogen som står nærast sjøkanten, har noko avvikande
jordsmonn og artssamansetjing. I strandsona vert det i vinterhalvåret oppsamla
tang o.a. driftsmateriale som inneheld spesielt mykje nitrogen og fosfor. Nokre
planter har spesialisert seg på slike veksestader, m.a. skjoldberar, klourt og
strandvindel. Denne delen av svartorskogen vert difor kalla
svartorstrandskog. På Hystad finn me slik skog langs strandsona, men fleire
stader også langs bekkar som snor seg inn i baklandet. I Hystadmarkjo finn
me difor ein av dei største svartorstrandskogane i landet. Eit særtrekk ved
svartorstrandskogen her, er at mange av trea står på stylterøtter. Det er sjøen
som har undergrave røtene, på same måte som i tropiske mangroveskogar.
Skogbingel /
Dog’s mercury /
Wald Bingelkraut
Svartor / Alder / Scwarzerle
Svartor lever i symbiose (samliv) med strålesopp, som dannar knollar på røtene til treet. Soppen kan
ta opp nitrogen direkte frå lufta. Svartor får dermed tilført større mengder nitrogen enn mange andre
treslag. Ulikt dei fleste andre lauvtre, feller svartor grøne blad om hausten. Blada er då rike på
nitrogen og næringsstoff, som blir tilført jorda. I ein svartorskog skjer det difor ei overrisling av
plantetilgjengeleg nitrogen som kjem andre delar
av økosystemet til gode. Ikkje uventa kan ein i
svartorskogen finna fleire nitrogenelskande
planteartar, t.d. skogsvinerot.
Skogfredlaus /
Yellow Pimpernell /
Hain Gilbweiderich
Skogsvinerot /
Hedge woundwoot,
nettleroot /
Wald Ziest
Blandinga av næringsrik leire og
organisk materiale gir eit grøderikt
jordsmonn som gir grunnlag for ein
artsrik flora med innslag av såvel
vanlege som meir sjeldsynte planteartar, som skogbingel, slakkstrarr og
skogfredlaus.
Kvitveis /
White anemone /
Buscwindröschen
Redaksjon: Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga,
Kulturlandskapssenteret i samarbeid med Kulturseksjonen,
Hordaland fylkeskommune, Stord kommune.
Fagkonsulent: Anders Lundberg.
Der sjøen har grave i kanten av
skogen, kan ein finna heildekkande
teppe av kvitveis i skogbotnen, like
ut mot sjøen. Dei store kvitveismengdene er eit særtrekk ved
lysopne, næringsrike skogar.
Grafisk formgjeving: Geir Goosen.
Illustrasjonar: Rune Roaldkvam (Naturinform A/S).
Produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen.