Faktaark Ordmeisteren

Download Report

Transcript Faktaark Ordmeisteren

ORDMEISTEREN OLAV H. HAUGE
ORDMEISTEREN OLAV H. HAUGE
I filmen møter me gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i
Hardanger heime i tunet på Hakastad. Det er Hauge
sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og tek oss
med i hus og hage. Me møter naturen og kvardagen
som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av
verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek
oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det
å skapa. Utgangspunktet for filmen er foto-, lyd- og
filmopptak frå ulike arkiv og private samlingar.
År: 2013
Lengde: 17 minutt
Regi og produksjon: Randi Storaas
Lyddesign: Knut Halmrast
Nye foto: Agurtxane Concellon
Eldre foto: Odd E. Nerbø/ Bergens Tidende, Line
Møller/VG/NTB, Det norske Samlaget, Jan Erik Vold m. fl.
Filmopptak: Oslo Universitet v/ Elin Strøm, NRK
Lydopptak: Det Norske Samlaget, NRK
Produsert med stønad frå:
Norsk kulturråd, HaugeTveitt Jubileet, Hordaland
fylkeskommune, Sparebanken Vest, Ulvik herad, Kvam
herad og Hardangerrådet.
OMTALE OM ORDMEISTEREN OG TONEMEISTEREN
”.Fyrst ein stor takk til Randi Storaas for å ha laga to meisterverk.”
”Resultatet er mektig, vakkert og formidla med kjærleik. Formatet
gjev nytt liv til dokumentarisk materiale som elles ville vore mest
eigna for arkivet. Sjølv med avgrensa tilfang av råmateriale, og
med varierande teknisk kvalitet har Storaas meistra å lage eit
sluttprodukt som står seg for ettertida. Dette er ein kunstfilm
som skal gje deg eit møte med og innblikk i livet og tankane til
hovudpersonane. Dette er formidling som lyfter hovudpersonane
over dei kjende fakta og gjev oss innsyn i kunstnarlivet og kven dei
eigentleg var og korleis dei tenkte. ” Kultursjef og regissør Lars
Erik Klafstad 28.06.2013
Foto: Odd E. Nerbø, Bergens Tidende
www.randistoraas.no