Les heile lesarbrevet, som sto i Grannar 12

Download Report

Transcript Les heile lesarbrevet, som sto i Grannar 12

17
TORSDAG 6. DESEMBER 2012
Kvitebjørnen er her!
Rasmus Løland var ein forfattar
frå Vanvik i Hylsfjorden. Han
skreiv på nynorsk. Han skreiv
mange bøker og forteljingar
for born. Dei seinare åra har
Kvitebjørnprosjektet tatt opp
Løland si dikting, litteratur,
språkmedvit og lokal identitet.
Me i niande klasse ved Vikedal
skule held på med det avsluttande Kvitebjørnprosjektet.
Kvitebjørnprosjektet går ut på
å få ungdommar til å lese meir.
Klassen vår har laga ei spørjeundersøking som me skal sende ut
til Ølen og Skjold ungdomsskule.
Med dette håpar me at me får eit
tydeleg resultat om korleis lesevanane er her i nærmiljøet.
I samanheng med prosjektet
fekk me besøk av gruppa som
har skrive heftet «Gamle ord
og uttrykk frå Vikedal». Dei
er ei gruppe på ni som byrja
arbeidet på heftet i 2007, for å
bevare gamle ord og vendingar.
Gruppa består av Margrethe
Leifsen, Harald Leifsen, Else
Vikedal, Ola Vikedal, Bjørg
Ågådt Djuvik, Thorleif Djuvik,
Margrete Gjerde, Ola Gjerde og
Bjørg Sørheim. Dei trudde ikkje
at heftet skulle kome til å bli så
ettertrakta som det har blitt.
Då dei var på besøk hjå oss, presenterte dei seg sjølv og arbeidet
dei har gjort med heftet. Me las
opp lappar med ord, og så skulle
resten av klassen gissa kva orda
betydde, og om me hadde høyrt
dei før. Me fekk òg sjå nokre ting
som dei brukte og hadde før i tida.
Dei viste oss små kvardagslege
Forfattarane av heftet «Nå sjine de plokkanes øve»! Ord og uttrykk frå Vikedal. F.v. Bjørg Sørheim, Margrete Leifsen, Ola Vikedal, Torleif Djuvik, Ola Gjerde
og Harald Leifsen. Else Vikedal og Margrete Gjerde var ikkje tilstades då biletet vart teke.
ting som blekkhus og penn og litt større reiskapar som vart brukte
til gardsdrift. Det var nokre ting som me ikkje hadde sett før, og
dei var heilt ukjende for oss. Det var også andre ting som var kjende
for oss, men som hadde eit heilt anna namn då enn det har no.
Det var eit kjekt besøk med god respons frå klassen, og me lærte
mykje nytt og spanande.
Ragnhild Skipevåg, Kristine E. Vikedal, Solfrid Jansen
og Julie B. Helgesen. 9.klasse ved Vikedal skule
Skoty frå gammal tid. F.v. Kristine E.
Vikedal, Julie B. Helgesen, Ragnhild
Skipevåg, Nicolai I. Borgund og
Aslak Matre.
Vats Grendautval sitt folkemøte
Vats Grendautval hadde folkemøte/årsmøte i Vindafjordhallen
onsdag 21. november. Leiar Jon
Olav Velde kunne ynskja nær 80
personar vel møtt. Mange interessante saker var oppe til orientering før sjølve årsmøtet.
Fyrst ut var Berit Hetland, prosjektansvarleg for veg- og gatenamn i kommunen som tok for
seg ein del føringar for arbeidet.
Ho presenterte forslag til namn
på fylkesvegane. 21. desember
er høyringsfrist for å koma med
merknader til namna. På nyåret
vil ein arbeida vidare med å få
namn på kommunale vegar m.m.
Ho sa at det er viktig å samarbeida
med grendautvala for å få namna
lokalt forankra og drøfta skrivemåtar. Deretter er det å laga nummer og namneskilt som skal opp
bygd for bygd.
Etterpå var det orientering om
Altibox av salsansvarleg Asbjørn
Espetvedt i Haugaland Kraft. Det
er uante moglegheiter innan den
digitale dataverden. Altibox gjeld
telefon, breiband, film, internett
m.m. Han kunne ikkje lova at det
vart lagt ned fiberkabel i Vats med
det fyrste. Det er store investeringskostnader knytte opp til slik
utbygging, men dersom storparten av folk i bygda forpliktar seg
på å abonnera på tilbodet, kan det
bli aktuelt med utbygging.
Gang- og sykkelsti
Sykkel- og gangsti frå Knapphus
til Kårhus har grendautvalet
Hildbjørg Fludal frå kommunaltekniske tenester i kommunen og Jon Olav
Velde, Vats Grendautval orienterte om reguleringsplanen for sykkel- og
gangsti frå Knapphus til Kårhus.
Foto: Peder Lundegård
arbeidd mykje med å få til. Det
er ein svært aukande trafikk her.
Me har allereie hatt to møte med
kommunen og Statens vegvesen.
Utvalet har samla inn pengar til
ein reguleringsplan for denne
strekninga; frå private (55.000),
dessutan har kommunen (50.000)
og fylket (300.000) gitt til slik
plan. Dermed er det sikra over
kr 400.000 arbeidet. Hildbjørg
Fludal på teknisk kontor i kommunen orienterte om reguleringsplanen for sykkel- og gangstien.
Denne må på plass før arbeidet kan byrja. Kommunen har
ansvar for å senda ut ein offentleg anbodsrunde på planarbeidet.
Dette vil bli gjort om ikkje lenge.
Me har også peika på det farlege
krysset frå Knapphus-grenda og
ned på fylkesveg 46 - her må noko
gjerast samtidig. Heile vegkrysset med E134 og fv. 46 er eit stort
og farleg kryss som Vegvesenet er
smerteleg klar over. Det var stor
interesse for denne saka og mange
spørsmål rundt dette arbeidet.
Vatsvassdraget som er sterkt
forureina p.g.a. avrenning av
næringsstoff, opptek mane folk
i bygda. Harald Velde, prosjektleiar for dette miljøretta tiltaket,
orienterte om kva som er gjort
og kva for tiltaksplanar som er i
vente. Miljøvennlege gjødslingsavtalar med dei fleste bøndene er
undersskrivne, samt at det er skrive avtalar om 3-4 reinseparkar og
fleire ligg i startgropa. Han håpa
at desse tiltaka vil betra situasjonen for vassdraget. Landavatnet
er mest belasta slik at her vil ein
prøva å finna andre måtar å få
reinsa vatnet på.
Prosjekt
Etter desse innlegga orienterte
Jon Olav Velde om ein del saker
som det har vore interesse rundt.
Her kan nemnast: Sk Vats 94 sin
nye kunstgrasbane – erstattar
grasbanen - blir ferdig april 2013.
Imponerande arbeid av fotballaget – banen får storleik til kampar
i eliteserien.
Nytt Kyrkjelydshus i Vats –
skal liggja mellom kyrkja og
Vindafjordhallen. Søknad er
sendt via soknerådet til bispedømmerådet og Riksantikvaren.
Døldarheia vindkraftpark – konsesjonssøknad er sendt til NVE
som handsamar denne. Til våren
blir det sett opp ei testmast på
Døldarheia. Turstiprosjektet i
kommune; det er laga turstiar
i alle 9 bygdene som er rydda,
merka og skilta og som har parkeringsplasser med infotavler. I
Vats er det laga 9 slike parkeringsplassar som har utgangspunkt til
mange fine turar.
Veglysprosjektet frå Øvre Vats
bedehus til Aurdal – grendautvalet arbeider intenst med å få lysmaster opp på denne strekninga i
nær framtid.
AF Decom
A F Decom sin miljøbase på Raunes har fått mykje
medieoppslag i det siste p.g.a.
arbeidet med demonteringa
av lastebøyen frå Statfjord C.
Samfunnskontakt Evy Lærdal
på miljøbasen var med og orienterte om arbeidet som pågår.
Dei har stort fokus på sikkerhet
og forureining. Arbeidet har gått
etter godkjende planar. Nye framandarbeidarar i Vats – det er kome
mange nye utanlandske arbeiderar til bygda. Mange av desse er
ressurspersonar med god kompetanse på ulike felt. Bygdefolket
må ta vel mot desse og engasjera
dei i lag og foreiningar og elles.
Heimesida til Vats – vatsnett.
com - Jon Olav oppfordra lag og
foreiningar og folk elles til å gjera
seg god nytte av heimesida. Han
takka Bjørn Morten Stokka for
dugnadsarbeidet han legg ned for
å drifta denne. Vats Musikkorpset
har hatt ein pause og lege nede
dette året av ulike årsaker. Nå er
korpset starta oppatt til stor glede
for alle.
Årsmelding og rekneskap for
2012, samt dei nye vedtektene
vart godkjende utan merknad.
Det blei valt nytt styre med varamenn, revisor og valnemnd. Jon
Olav går nå ut av styret etter 4 år
som leiar. Han takka mange samarbeidspartnerar for godt samarbeid desse åra. Han ynskte det nye
styret lukke til i arbeidet med å
vera med på å gjera Vats til ei god
bygd å bu i. Jon Olav Velde