Sykkylven Energi informerer

Download Report

Transcript Sykkylven Energi informerer

Sykkylven Energi
informerer...
Kundesida — målaravlesing
Nettleige og avgifter til staten vert fakturert frå Sykkylven Energi. Kraftleverandør vel du
sjølv.
EL INFO 1 av 6
15. mars 2014
Side 1
Aktuelle saker:
 Kundesida—
målaravlesing
Sykkylven Energi vil - som før - fakturere nettleiga annakvar månad. Enkelte
kraftleverandørar fakturerar kvar månad.
 Ombygging av
høgspentnettet i
Sykkylven
Målaravlesing skal leverast til Sykkylven Energi som er ansvarleg for å vidaresende målaravlesinga di til kraftleverandøren din. Det vil ikkje verte utsendt varsel om målaravlesing
meir enn annakvar månad, sjølv om kraftleverandøren din skal ha avlesing kvar månad.
 Rusken
ryddeaksjon
Sjølv om Sykkylven Energi berre fakturerer annakvar månad kan du levere målaravlesing
så ofte du vil (for eksempel kvar månad), enten ved å logge deg på kundesida di, ringe den
automatiske telefonsvararen, nr.: 800 82 040 eller sende ein SMS til tlfnr 26166; SYKM
[målarnr] [målarstand] . Alle avlesingar som kjem inn til oss vert sendt vidare til
kraftleverandøren din.
 Kraftprisar-spar
pengar
Les meir om dette på heimesida vår og vel kundesida/målaravlesing.
http://www.sykkylven-energi.no/kundesida--mlaravlesning
Du treng kundenummer og målepunktid for å logge inn. Dette finn du på fakturaen din.
I tillegg til målaravlesing finn du også følgjande på kundesida di:

Oversikt over fakturaer

Oppdatere/endre telefonnummer eller
e-postadresser

Prøveavrekning i samband med
avlesingsperiodar

Forklaring av dei ulike felta på fakturaen

Påmelding til varslingstenestene våre
Ta gjerne turen innom kundesida di no for å bli kjend
med den.
 Tryggleik i heimen
NVE-statistikk
I følgje ein statistikk
utarbeida av NVE
betalar ein
gjennomsnittleg
hushaldningskunde
i Sykkylven 26,7
øre/KWh, ekskl.
Avgifter i nettleige.
Uveid gjennomsnitt for Møre og
Romsdal er 30,5
øre/KWh.
Meir informasjon
finn du på
www.nve.no
Ombygging av høgspentnettet i Sykkylven
I samband med Statnett si 420kV utbygging på
Heiane, har Sykkylven Energi AS lagt nye
forsyningskablar til eksisterande høgspentnett i
Sykkylven.
Dei nye kablane som er lagt frå Heiane til
Haugseth, Vik og Tynes vil bli satt i drift frå medio
april 2014. Prosessen med anbodsutlysing for ny
22 kV forsyning frå Vik til Haugneset og til
Ikornnes skal vere avklart før sommaren.
Frå mai 2014 blir «gamlelinja» (132 kV-linja) frå Sykkylven til Ørsta kopla ut. Dette for at
arbeidet med «nyelinja» (420kV-linja) skal foregå i eksisterande trasé i Hjørundfjorden.
Sykkylven vil behalde leveringssikkerheita då både gamlelinja og nyelinja frå Ørskog skal
vere i drift.
Sykkylven Energi AS
Haugsetvegen 33
6230 Sykkylven
Telefon 70246300
Feilmelding 70246350
www.sykkylven-energi.no
[email protected]
Side 2
Sykkylven Energi informerer...
Rusken ryddeaksjon 2014
I samarbeid med Årim oppfordrar vi igjen lag og organisasjonar, velforeiningar og private til
å ta eit tak for lokalmiljøet sitt. Aksjonen går ut på å samle inn rusk og rask frå veggrøfter
og fellesareal, ikkje hageavfall og greiner.
Dei som ønskjer å vere med på årets ryddeaksjon, kan hente sekkar her hos oss. Sekkar
kan hentast allereie no. Sekkane vert henta saman med vanleg henting av restavfall i veke
19 som er i god tid før 17. mai. Ver vennleg å melde i frå til oss kvar de har sett sekkane
for henting.
Tryggleik i heimen
Jordfeilbrytar
Verdas vassdag
22. mars 2014 er
verdas vassdag.
Hensikta er å få
fortelje kor viktig
ferskvatn er og
fremje berekraftig
forvaltning av
ferskvassressursane i verda.
For at jordfeilbrytaren skal bevare funksjonen sin er det
viktig å løyse ut brytaren ved hjelp av testknappen. Dette bør
gjerast minst ein gong i året, eller etter produsentens
anvisning. Ein autorisert elektroinstallatør kan gje nærare informasjon
om dette produktet.
Overspenningsvern
Dette er et vern som skal beskytte det elektriske anlegget mot
overspenning frå mellom anna lyn. Skiftar vindauget i overspenningsvernet farge, har det vore i funksjon (beskytta mot overspenning) og
må bytast av autorisert elektrikar. Det vert anbefalt at ein monterer
finvern (lynplugg) ute i installasjonen der ein har fintfølande
elektronikk, som PCer og flatskjermar. Slike vern kan kjøpast hos
forhandlarar av elektronikkprodukt.
Skøyteleidningar
Vi anbefalar at ein ikkje pluggar apparat
med forbruk over 1000 Watt i skøyteleidningar. Dette kan i verste fall føre til
varmgang og dermed brannfare. Ein skal
aldri kople fleire skøyteleidningar etter
kvarandre, eller legge skøyteleidningar frå
rom til rom. Apparat med større forbruk
enn 1000 Watt skal koplast direkte i
stikkontakta i veggen.
Kraftprisar—spar pengar
Sykkylven Energi AS
Haugsetvegen 33
6230 Sykkylven
Telefon 70246300
Feilmelding 70246350
www.sykkylvenenergi.no
[email protected]
Du kan spare nokre kroner på å velje billegaste kraftleverandør, men du vil tape mykje om
du ikkje vel kraftleverandør i det heile, pga at då må netteigar syte for levering av krafta di.
Denne prisen er mykje dyrare enn ei levering frå ein
kraftleverandør.
På Konkurransetilsynet heimeside,
www.konkurransetilsynet.no, finn du oppdatert oversikt
over dei billegaste kraftavtalene. Det er kostnadsfritt å velje
og bytte kraftleverandør.