`Den vesle istid` – klima og konsekvensar

Download Report

Transcript `Den vesle istid` – klima og konsekvensar

’Den vesle istid’ – klima og konsekvensar

Atle Nesje

Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen ([email protected])

INNHALD

Termen ‘den vesle istid’

Kor lenge varte ‘den vesle istid’ ut frå temperaturdata?

Korleis var klimaet under ’den vesle istid’?

Brevariasjonar under ‘den vesle istid’

Årsaker til ’den vesle istid’

Konsekvensar

Ein kontroversiell/problematisk term Termen

’Little Ice Age’

vart først introdusert av Francois E. Matthes i 1939. For tida vert

klimaet

diskutert enn under ‘den vesle istid’

(temperatur/nedbør) brevariasjonane

under ‘den vesle istid’.

meir Diskusjonen har skapt forvirring og fleire forskarar har kommentert termen: ‘inappropriate’, ’should be used cautiously’, ’should be allowed to disappear from use’, ’should be avoided because of limited utility’ (Matthews og Briffa, 2005)

’Den vesle istid’ er namnet på en kjøleg periode frå 1300-talet og fram mot tidleg på 1900-talet. Det var fleire temperaturminima og -maksima i perioden. Middelalderen ’Den vesle istid’

IPCC, 2007

Temperaturvariasjonar i Europa AD 1500-2000

Tilfrosne kanalar i Nederland under ’den vesle istid’

Isack von Ostade År Vinter Vår Sommar Haust Dobrovolny m fl. 2009

’Den vesle istid’ var ikkje berre ein lang og kald periode, men det var også varme år innimellom. ’Den vesle istid’ byrja til ulike tider rundt på jorda og det meste tyder på at den nordlige halvkule vart hardast råka. Perioden var prega av strenge vintre, men vår- og hausttemperaturane var også lågare enn normalt. Temperaturen sank i snitt ein grad i forhold til dagens temperatur. Sjølv om folk ikkje kjende det så godt på kroppen, merka ein det på avlingane og dei lange vintrane.

I våre område var det særlig ille i ein periode på byrjinga av 1740- og tidleg på 1800-talet. Avlingar svikta og til tross for barkebrød og andre naudløysingar, var det mykje svolt og høg dødelegheit. Under ’den vesle istid’ hadde dei fleste brear sine bretunger monaleg lenger nede i dalane enn i dag, og fleire gardar måtte fråflyttast.

Dokumentasjon ’Den vesle istid’ er blitt dokumentert på ulike vis. Før 1600-talet skreiv ein ned informasjon som ein har funne i annalar. Gardbrukarar skreiv gjerne ei slags dagbok med dato for innhausting o.l. Kritikk Veksande brear treng ikkje å ha direkte samanheng med lågare sommar temperatur. Det er også avhengig av kor nedbørsrike vintrane er. Briksdalsbreen 1870

Foto: Knud Knudsen, UBB

Årsaker Forskarar har trukke fram to årsaker som kvar for seg eller i kombinasjon kan vere årsaka til ’den vesle istid’.

Solaktivitet

Det er kjent at det i perioden 1675-1715 var veldig få solflekkar. Det var også eit minimum i solaktivitet i perioden 1780-1829.

Vulkanutbrot

Vulkanen Tambora i Indonesia hadde eit stort utbrot i 1815. I ettertid har 1816 blitt kjent som ’året utan sommar’. Det vart rapportert om frost og snøfall fleire gonger i Nord-Europa både i juni og juli. I heile denne perioden hadde ein uvanleg mange vulkanutbrot. Partiklene som vert sendt opp i atmosfæren hindrar solinnstrålinga til jorda, derfor lågare temperatur.

Klimapådriv (’forcings’)

Modifisert etter IPCC (2007)

Vulkanutbrot Solaktivitet Andre (inkludert drivhusgassar) Totalt År AD

Vulkanutbrot Solaktivitet

Klimapådriv

Temperaturrekonstruksjonar og modellering Otterå et al. 2010

Storbreen, Jotunheimen

Til Leirvassbu

Foto: John A. Matthews

’Den vesle istid’ i Alpane Vernagtferner Vernagtferner, Austerrike ~1850 ~1770 Hovudframstøytet i Norge ~1680 ~1600

H

NAO +

H

NAO -

Etter Martin Visbeck

Tim Osborn

Når var ’den vesle istid’?

Det er ikkje semje om byrjinga eller slutten på ’den vesle istid’, men ulike forskarar nyttar ein eller fleire av desse kriteria: * 1250: Pakkisen i Atlanterhavet byrja å auke i mengde.

* 1300: Varme somrar var ikkje lenger garantert i Nord-Europa.

* 1315: Den store hungersnauda 1315 –1317.

* 1650: Første globale temperaturminimum Omkring 1925 30 byrja klimaet å bli varmare, og ’den vesle istid’ tok slutt.

Kor lenge varte ‘den vesle istid’ frå temperaturdata?

Western Norway glacier maxima Alps

~AD 1460-1920

Bredata ’den vesle istid’ 15 10 20 5 Start AD 1200-1300 0 800 2 1 0 800 6 5 4 3 8 7 6 5 4 3 2 1 0 800 900 900 1000 1100 1200 1300 1400 Yea r AD 1500 1600 1700 1800 1900 2000 AD 1750 og 1850 Hovudframstøy t Bremaksima Skandinavia: AD 1750 (1870-1890) Alpane: 1600/1640 og 1820/1850 1000 1100 1200 1300 1400 Yea r AD 1500 1600 1700 1800 1900 2000 AD 1900-1940 Slutt 900 1000 1100 1200 1300 1400 Yea r AD 1500 1600 1700 1800 1900 2000

Konsekvensar Breane i Norge vaks, og at fleire gardar måtte fråflyttast. Liknande rapportar kom frå Alpane, Alaska, Himalaya, Rocky Mountains, New Zealand, Patagonia og Andesfjella. Bremaksima var delvis til ulike tider i desse områda.

I denne perioden vart dei norske koloniane på Grønland og i Nord-Amerika fråflytta, og på Island sank folketalet kraftig (delvis pga fluorose etter vulkanutbrot frå Laki i 1783). Det finst mange historier om dårlege vekstår (uår/naudår) frå både Norge og Skottland. Charles Dickens skreiv på 1800-talet om kvit engelsk jul som det mest naturlege ein kunne tenke seg.

Nordfjord Sunnfjord Olden Brenndalsbreen Nigardsbreen Jostedalen Jotunheimen Sognefjorden Sogndal NASA World Wind

Skade på grunn av veksande brear Den tidlegaste naturskaden knytt til veksande brear som er nemnd i historiske dokument, var i 1684. To bønder på gardane Grov og Bergset i Krundalen, ein vestleg sidedal til Jostedalen, fekk øydelagd beiteland og dei måtte i retten fordi dei ikkje var i stand til å betale skattane dei var pålagde (Indre Sogn Fogderi Tingbok 14, 1684). Breane rundt Jostedalsbreen var i vekst og dei fleste breutløparane nådde deira største utbreiing etter siste istid på midten av 1700-talet (Nigardsbreen i 1748). Gardar som låg nær opptil brearmane vart påført direkte skade av breane og ved at breelvane førte store mengder lausmasse utover beiteland og dyrka mark (Rekstad, 1902; Hoel og Werenskiold, 1962).

Mindre beitemark og færre husdyr i Sunnfjord og Nordfjord Kvart prestegjeld opplevde ein stor nedgang i talet på husdyr mellom 1667 og 1723. Av 19 prestegjeld i Sunnfjord hadde seks ein nedgang på mindre enn 15 prosent, medan åtte prestegjeld hadde ein nedgang på meir enn 20 prosent. I Holsen prestegjeld var nedgangen heile 33 prosent. Det er verd å merke seg at dei prestegjelda som hadde dei beste beitemarkene var dei hardast råka. Kraft (1830: 847-9) skreiv at Jølster hadde dei beste beitemarkene i distriktet, følgd av Holsen og Haukedalen, begge i Førde skipreide. I prestegjelda i Nordfjord var situasjonen verre. Fem av seks prestegjeld hadde ein reduksjon i talet på husdyr på 20 prosent frå 1667 til 1723. Den mest dramatiske nedgangen – på 39 prosent – var i Oldedalen. Gardane her hadde få sætrar dei kunne ha husdyra på om sommaren. Eit av unntaka var garden Tungøen, som saman med nabogarden Aabrekk hadde beiteland i Brenndalen, ein liten sidedal inn mot Jostedalsbreen i aust.

Økonomisk tilbakeslag Det er liten tvil om at reduksjonen i talet på husdyr mellom 1667 og 1723 skuldast eit økonomisk tilbakeslag, mest truleg på grunn av endra klimatiske tilhøve (Grove og Battagel, 1983: 271). Då matrikkelkommisjonen reiste rundt om i bygdene i 1723, fann dei at nokre gardar låg svært utsett til med omsyn til naturskade, spesielt i Olden og Oppstryn i indre Nordfjord. I 1723 vart omlag 70 prosent av gardane klassifiserte som utsette for naturskade og i perioden 1667 til 1815 var omlag 75 prosent av gardane påførte naturskade. I Oppstryn vart rundt halvparten klassifiserte som utsette for naturskade i 1723, medan omlag 60 prosent var utsette for naturskade i perioden 1667-1815 (Grove og Battagel, 1983).

Rapporterte naturskadar som førte til

avtak

i skylda – eller reduksjon av skatten – i områda rundt Folgefonna, i Sunnfjord og i Nordfjord (Grove og Battagel, 1983). Figuren syner at dei fleste naturskadane skjedde i perioden 1650-1760.

Jostedalen Værskadane kom ofte i form av skred, flaumar og brear som vaks. Frå 1670-talet hadde nedbørsmengdene auka monaleg i høve til tidlegare. Ein gard i Gaupne vart nedlagd i 1704 på grunn av flaumskadar og vinteren 1712-1713 tok elva store deler av ein annan gard. Stor avsmelting av breen og stor vassføring er nok grunnen til at Jostedalselva tok et nytt løp i Gaupne i 1748. I 1741 var det flaum og mykje skade på fire gardar i Jostedalen. I 1743 var det fleire stein- og snøskred samt flaum fleire stader på Hafslo. I denne tida økte Jostedalsbreen og ble større enn nokon gong sidan siste istid. I 1735 var breen et steinkast frå garden til Guttorm Mjelvær. På Berset øydela Tverrbreen husa i 1743. Dei neste åra tapte Bjørkehaug heile jorda. I 1748 nådde Nigardsbreen sin største utbreiing og har sidan ikkje vore så stor. Frå omkring år 1690 til 1748 rykket Tverrbreen (Tuftebreen), fram om lag 2 km med eit gjennomsnitt på om lag 35 meter i året.

’DEN VESLE ISTID’ Under ’den vesle istid’ vart mange gardar rundt Jostedalsbreen påført skade. Bøndene var dermed ikkje i stand til å betale skattane dei var pålagde.

Bøndene i Olden og Stryn gjekk saman for å setje opp eit skriv til Kongen i København der dei gav til kjenne den stoda dei var komne i.

Det var ikkje så lett å sende brev nedover til København på slutten av 1600-talet. Det kunne ta lang tid og det kunne kome vekk på vegen. Hugleik Tungøen og Johannes Kvame var sendemenn. Det danske slott rundt 1700 Kong Frederik den 4.

(1671-1730) Konge frå 1699

Avskrift i Statsarkivet av brev/søknad til Kongen i København frå bønder i indre Nordfjord, datert 7. mars 1702:

X På midten av 1600-talet såg dei Brenndalsbreen

”som ei kvit kyr i himmelsjå”

. Dalane som vart raserte under breframstøyten var før 1650 bøndene sin

”fordums herlighed med fægang og slaatekvier”

.

Mellom 1650 og 1700 rykka breen fram 4,5 km (gjennomsnitt 90 m/år).

12. desember 1743 Brenndalsbreen Under eit kraftig regnvær på Vestlandet den 12. desember 1743 raste det ut isblokker frå Brenndalsbreen og alle på garden Tungøyane vart drepne (minst 4 personar), bortsett frå ein 12-års gamal gut og ein tenestedreng som då var soldat. Foto: Sigbjørn Myklebust

Tungøyane, Oldedalen Martinus E. Bødal (1819-1904, lærar og klokkar i Loen, budde på garden Melheim i Olden) skreiv ned følgjande om Tungøen:

”1743 Den 12 December udtog atter Tungøen af samme Tilfelde med Folk og Fæ og Indbo. Kun en Soldat som tjente der blev reddet samt en Gut ogsaa blev reddet. Den gutten hedde Knud og var fra Rødi i Lodalen. 1744 Var der Skifte efter Gullak Tungøen og Kone. Kun 2 bedervede Kyr á 4 Mark hver, 1 Fjørpudde, 2 Væster, 1 Par Hoser, 1 Kvitel og 2 Forklæde og 1 Sok var i Behold.”

Hustufter

Nigardsbreen 1846 (Knut Baade) Avskrift av Kongebrev frå 1743: Christian den Siette af Guds Naade Konge til Danmark og Norge, de Venders og Gothers Hertug udi Sleswig, Holsten, Stormarn og Ditmersken, Greve udi Oldenborg og Delmenhorst.

Vor Gunst Tilforn som os af en, fra Dig Etatz-Raad Jonas Lym, ved Skrivelse af dato 16de aprilis nestafvigt, til vores..

…Skrevet paa Vort slott Fredrichsborg dend 24de May Anno 1743.

Under vor Kongelig Haand og Zignet Christian R J. L. v. Holstein

AD 1668-1682 112 m/år eller ~30 cm/døgn 1748 Foto: Bjørn Wold Kartlav Modifisert etter Andersen og Sollid (1971)

Matthias Foss, som var prest i Jostedalen, skreiv i ”Justedalens Kortelige Beskrivelse” (Foss 1750, prenta i 1802) om utviklinga etter 1742:

“...men fra bemeldte Tid til Aarsdagen derefter 1743 havde Iisbæen ei allene skudt seg fram de 100 Alne i Længden, foruden umaadelig i Breden, men endog borttaget Husene, omkastet dem, væltet dem for sig med en umaadelig Mængde af Jord, Gruus og store Stene fra Afgrunden og knuset dem i ganske smaa Stykker som endnu er tilsyne

...”.

J.C. Dahl

Samla brefront variasjonar

112 m/år 2800 m 1710-1735 Kva var årsaka til dette breframstøytet?

Årlege brefront variasjonar Sommartemperatur Data: Helene Løvstrand Svarva/ Terje Thun, NTNU

Bergen, sommartemperatur

~270%!

Bergen, vinternedbør (prosent) Nesje m fl., upubliserte data

Vinter-/vårtemperatur i Stockholm

Etter Leijonhufvud m fl. 2008

Brefrontvariasjonar på Vestlandet

Basert på Nussbaumer m fl. (i trykk)

Framfor Bøyabreen

Fotograf ukjend

Framfor Brenndalsbreen Johan Rekstad Samla frontendringar, Jostedalsbreen

Foto: Kjell Nesje Data: NVE

Briksdalsbreen

1997 2006 2004 2010 478 m

Foto: Sigbjørn Myklebust, Kurt Erik Nesje, Atle Nesje

Juvvasshytta Galdhøpiggen Juvfonna

Foto: Helge J. Standal

Jarnalderen/Iron Age Isfonner i Jotunheimen

Illustrasjon: Atle Nesje/ Eva Bjørseth

Takk for meg!

Foto: Terje Ringen