Naboen ordna nytt Vonheim-tak

Download Report

Transcript Naboen ordna nytt Vonheim-tak

VESTLANDSNYTT
Fredag 12. oktober
13
* Eit steinkast frå bedrifta på oppsida av vegen legg Richard Lynge (t.v.) og Torstein Myrvågnes 400 kvadratmeter nytt tak på Vonheim.
Naboen ordna nytt Vonheim-tak
Då styret i samlingshuset
Vonheim fann ut at Plany As
også driv med taktekking,
var ikkje avgjersla vanskeleg å ta. Dei tinga nytt tak frå
sin gode nabo.
Endre Vorren
– Vi fekk skader på taket under
orkanen og måtte til med mellombelse reparasjonar. Så oppdaga vi at Plany er godt igang
med ei nysatsing innan taktekking, med smarte og gode løysingar. Då vart det eit lett val,
seier Viktor Hauge i styret for
Vonheim.
Seljar Liva Christin Notøy i
Plany As tek oss med til taket
på Vonheim, forsamlingshuset
som ligg rett over vegen for
verksemda i Haugsbygda.
– Her er karane våre snart
ferdige med å leggje nytt tak.
For oss blir dette taket eit fint
utstillingsvindauge, seier ho til
Vestlandsnytt.
Plany - med snart femti års
historie - driv stadig med produktutvikling. For verksemda
er det viktig å ha fleire bein å
stå på, og dei seinare åra har
båtar og oppdrett blitt stadig
meir viktige.
– I fjor sommar kom det nye
byggtekniske føreskrifter, og vi
lanserte mellom anna Plany radonsperre for nybygg. I kjølvatnet av dette har vi satsa meir
og meir på taktekking og vår
sveisbare PVC-duk. Skøytane
blir minst like tette som mem-
branen elles. Vi har også ein eigen membran laga for torvtak,
forklarar Liva Christin Notøy.
Populært på hytter
I bakgrunnen ser vi at Olav
Hauge, ein av Plany sine tilsette som har lang erfaring frå
bygningsbransjen, styrer sveisemaskinen med stø hand.
– Etter litt tid strekkjer og
glattar duken seg ut. Han gir
* Med stø hand sveisar Olav
Hauge fast PVC-duken.
også frå seg eventuell væte på
undersida, men er samstundes
heilt tett frå utsida og inn, legg
Liva Christin Notøy til.
Plany har allereie fått gode
tilbakemeldingar på systemet.
Taktekkarane deira reiser etter Vonheim-oppdaget til Stryn
og Horningdal der fleire hyttetak står for tur.
– Systemet med varmluftsveising av Protan takfolie er
enkelt og effektivt. Vi har eit
eige team på fem mann som
driv med denne typen arbeid,
seier Notøy.
Viktor Hauge på si side smiler nøgd til arbeidarane og det
endelege resultatet.
* Seljar Liva Christin Notøy
og kasserar Viktor Hauge på
Vonheim diskuterer kvalitetar
på levetid på nyetaket.
– Vi har eit forsamlingshus
som er mykje i bruk, og vårt
forhold til Plany blir berre endå
betre no når vi driv forretning
saman. Plany er samstundes
ein god sponsor, seier Viktor
Hauge, og smett avsluttingsvis
inn:
– Første helga i november
blir den tradisjonelle Vonheimmiddagen arrangert. Då under
garantert tett tak!