Nr.2 - Kyrkja i Etne og Skånevik

Download Report

Transcript Nr.2 - Kyrkja i Etne og Skånevik

Kyrkjeposten
Årgang 10 n Valet Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn
Nummer 2 mai 2011
side 2
n Andakt side 3
n Konfirmantane
side 4-5
n Pinse side 6-7
n Dåpskule
side 12
1
n Forsiden
Påskebesøk
i Enge
barnehage
15. april fekk sokneprest
Per Hjemdal lov å vitje Enge
barnehage for å fortelje om
påske og alt som hende
den gongen Jesus døydde
og stod opp att. Nysgjerrige
barn følgde godt med, og
hadde mange spanande og
utfordrande spørsmål. Ein
lurte på om presten trudde
på alt han stod og snakka
om, og då fekk presten
høve til å seie at det gjorde
han sanneleg! – men det
var ikkje sikkert dei trudde
likt i alle heimar, det måtte
borna jammen spørje om
når mor eller far kom for
å hente dei! Så song borna nokre påskesongar dei
kunne. Presten lærte ein
ny, om den vesle kyllingen
som låg i egget og ville ut.
Det var ei kjekk stund for
born og vaksne.
Bilete
Hannah Hansen Lysne får
prøve korleis prestekleda
passar. Men det var kanskje litt tidleg å stake ut
karrieren allereie?
Foto: Enge barnehage
Deadline neste nr.: 8. august.
Stoff sendes til
[email protected]
2
Kyrkjevalet 2011
Når er kyrkjevalet?
Kyrkjevalet går føre seg den 11. og
12. september – same tid som det
offentlege kommune- og fylkestingsvalet.
Kvar skjer kyrkjevalet?
Alle dei 3,1 millionar røysteføre
skal få tilsendt valkort der ein vert
informert om tid og stad for valet.
Valkortet skal vere medlemmar i
hende innan førehandsrøystinga
startar 10. august. Valkortet skal
støttast av fleire andre informasjonstiltak.
Sidan kyrkjevalet skjer på same
dag som kommune-/fylkestingsvalet, kan vala skje i same bygning
eller bygningskompleks, men dei
skal vere tydeleg skilt frå kvarandre. Begge valstyre må sjå til at
dette vert ivareteke og at det såleis
ikkje skjer noko samanblanding av
det offentlege valet og kyrkjevalet. Førehandsrøysting
Kommunen sitt røystemottak for
førehandsrøyster skal ikkje ta imot
førehandsrøyster til kyrkjevalet.
Førehandsrøysting vil som hovudregel finne stad ved alle kyrkjekontor og elles på stader som
soknerådet fastset frå onsdag
10. august. Alle kyrkjekontor skal
kunne skriva ut kandidatlister frå
sokn i heile landet. Førehandsrøysting skal òg kunne finna stad
i samband med gudstenester eller
møte, på institusjonar, med meir.
Litt om sokneråd og bispedømmeråd
Ved kyrkjevalet den 11. og 12.
september skal det veljast medlemmar til sokneråd og bispedømmeråd. Her er litt bakgrunn om
desse styringsorgana i kyrkja.
Sokneråd
Første sokneråd i funksjon i 1922.
Eit i kvart sokn (1280). Til saman
7500
soknerådsmedlemmer.
Soknerådet består av 4-10 valte
medlemmer pluss soknepresten.
Rådet vert vald av alle i soknet
med stemmerett, dvs kyrkjemedlemmer over 15 år, for ein periode
på fire år. Soknerådet vel 1-2 representantar til eit kyrkjeleg fellesråd når det er meir enn eit sokn
i kommunen. I Etne kommune er
det to sokn: Etne og Skånevik.
lemmene i landets bispedømmeråd samlast årleg til ei vekes
Kyrkjemøte, som er kyrkjas øvste
demokratiske organ. Bispedømmerådet består av biskopen, ein
prest, ein lek tilsett (ikkje teolog)
og sju andre leke medlemmer. Rådet vert vald for fire år og samlast
ca. éin gong i månaden. Dei tre
nordlegaste bispedøma har i tillegg kvar sin samiske representant, medan Oslo bispedømmeråd
har ein representant frå døvekyrkjelydene.
Kva for oppgåver har
bispedømmerådet?
Bispedømmerådet skal fremje
samarbeid mellom sokneråda
og andre lokale arbeidsgrupper
i bispedømmet. Bispedømmerådet tilsetter kyrkjelydsprestar og
fordeler statlige tilskot til stillingar
innanfor undervisning, diakoni
med meir.
Vervet i bispedømmerådet inneber at ein må ta mange viktige
avgjerder. I arbeidet skal rådet
rette merksemda mot alt som
kan gjerast for å vekkja og nøre
det kristelege livet i kyrkjelydane,
slik det står i kyrkjelova. Tilsetjing
av prestar er ei av oppgåvene
til bispedømmerådet og skaper
naturleg nok stort engasjement.
Bispedømmerådet skal verke samlande på kyrkjelydar i bispedømmet og leggje til rette for godt
samarbeid.
Kva gjer soknerådet?
”Soknerådet skal ha sin merksemd
vend på alt som kan gjerast for å
vekkje og nære det kristelege liv i
soknet” (kyrkjelova § 9).
Soknerådet leder kyrkjelydens
verksemd der du bor. Som medlem
i soknerådet kan du ha stor innflytelse på dei lokale oppgåvene
og utfordringane i di kyrkje.
Kyrkjelydens arbeid spenner over
mange tema - m.a. miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, barne- og ungdomsarbeid,
samt jus og økonomiforvaltning.
Her er nokon eksemplar på
soknerådets ansvarsområde:
n Trusopplæring blant døypte
mellom 0 og 18 år
n Diakonalt arbeid
(kyrkjas omsorgsteneste)
n Gudstenester
n Kyrkjemusikk
n Ofringar
n Utleie av kyrkja
n Uttalerett ved tilsettingar av
prest, prost og biskop
n Samarbeid med frivillige
For meir info sjå
n Langsiktig planlegging av
www.kyrkjevalet.no
kyrkjelydens arbeid
www.kyrkja.no/bjorgvin
Kyrkjeposten vil prøve å komme
Bispedømmeråd
Bispedømmeråd ble innført i med ein nærare presentasjon av
1933. Eit bispedømmeråd i kvart kandidatane til soknerådet i neste
av dei elleve bispedømma. Ved nummer – samt eit godt ord om
kyrkjevalet i 2011 er det i mange Etnes kandidat til bispedømmerådsbispedømme direkteval på med- valet!
lemmer til bispedømmerådet/
Kyrkjemøtet. Dei 115 med-
Gud vil oss godt!
Det var ei lita jente som var på barneklubb i kyrkja og høyrde
på andakten. Andaktshaldaren skulle denne gongen snakka om
bønn, og forklarte at det er ikkje alltid me får det slik me ber
om. Andaktshaldaren snakka mykje om kvifor det er slik og heilt
sikkert om mykje anna. Men jenta huska berre ein ting og det var
at det var ikkje alt me ber om så er godt for oss. Jenta tenkte på
den brune fine skulderveska som ho hadde sett på butikken. Den
med to rom og som lukta så godt. Det var snart jul og ho hadde
sagt at den ønskte ho. Og så hadde ho bedt til Jesus om at nokon
måtte komma på å kjøpa den veska til henne. Nå kunne ho berre
gløyma det, for det var nok andre ting som var meir nyttige. Ho
kom sikkert til å få klede og det er jo kjekt det òg, men den veska
kunne ho ikkje gløyma, den var så fin! Nå kunne ho lika godt
slutta å be om det.
Men så etter mange veker, jenta hadde nesten gløymt ut veska,
så kom mor hennar med ein pakke og inni låg veska. Jenta vart
kjempe glad, så fekk ho veska likevel. Ho var sikker på at Gud
hadde noko å med dette å gjera.
Eg trur at denne jenta ubevisst tenkte at Gud ville henne
godt. Gud viser på ulike måtar at Han vil oss godt. På
denne årstida tenkjer eg ofte på at Gud verkeleg
viser oss det. Han viser oss naturen i fargar
igjen. Planter som har vore godt gøymde
under mold, snø og is kjem fram igjen. Dei
kjempar seg veg gjennom jorda og lyser
opp kvardagen vår. Trea er ikkje lenger
brune kvister, dei er kledde med grøne
blad og nokre til og med blomar i
ulike fargar. I skogen er bakkane
dekka med kvitveis som strålar
mot oss. Til og med løvetannen
er med og lyser opp. Ein tidleg
morgon kvitrar fuglane den
finaste songen. For meg er
våren tida der Gud vil visa oss
all sin godhet på ein gong. Me
får oppleva dette med alle
sansane og det er flottare
enn nokon anna forstilling.
Gud vil deg og meg godt,
og då har andaktshaldaren
på barneklubben rett. Det er akkurat difor me ikkje får alt slik
me vil, Han vil oss godt, men det er ikkje alt som gagnar oss og
medmenneska våre.
I ein barnesong står det : ”du er ei perle for Jesus, ei perle med
stor verdi”. Gud har skapt deg og meg, kvar og ein av oss er ei
perle for Han. Han gløymer oss aldri, sjølv om me gløymer Han.
”Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, så ho ikkje forbarmar seg
over sonen ho fødde? Om endå dei kunne gløyma, så gløymer ikkje
eg deg. Sjå i begge mine hender har teikna deg, murane dine har
eg alltid for auga” Jes.49,15-16. Det er ikkje berre alle dei andre
Gud vil godt, det gjeld deg og meg!
Andakt til Kyrkjeposten
Gerd Toril Lindevik Arnestad
3
LIVETS
GANG
Døypte, Etne:
27. mars, Enge bedehus
Linnea Håheim
3. april, Frette kapell
Marte Aksdal-Frette
24. april, Stødle kyrkje
Peder Åsbø
Julina Horneland Wiland
Live Markhus Vevatne
Ludvig Rygg-Sørheim
Mathias Osvåg Moe
Emily Høie-Lysholt
15. mai, Stødle kyrkje
Nicolai Bokn Heggtveit
Opedal
Konfirmantar 2011 - Skånevik og Etne
Gravferder, Etne:
25. mars
Ragnhild Grindheim
30. mars
Abigal Nilsine Onstein
6. mai
Anna Kringlebotten
Døypte, Skånevik:
10. april, Skånevik kyrkje
Emmelin Haukland Lunde
17. april, Skånevik kyrkje
Kevin Jespersen og Gabriel
Gursli Tjelmeland
Vigde, Skånevik
23. april
Tor Jesper Johannessen og
Karina Stenland
Gravferder, Skånevik
23. mars
Peder Johan Mortveit
1. april
Tolleiv Tveitevoll
13. mai
4
Ragnhild
Tjelle
Etnekonfirmantar: 1. rekkje frå venstre: Tiril Grindheim, Cathrine Fosso Sortland, Celina Vik Thorson,
Birgitte Hus Flatebø, Maren Handeland, Elida Maria Stølås, Ida Helen Rossehaug, Ida Johanne Tyssebotn,
Anne Lise Grønstad, Ragnhild Kaldheim, Stine Grindheim, Camilla Grindheim Grønfur.
2. rekke frå venstre: Kristian Grindheim Hansen, Joakim Kvarme, Johan Odd Solheim Hamre, Vanja Mikkelsen, Hege Andresen, Margrete Eldegard Håheim, Laura Kristin Melkeraaen, Mari Rogne Vinje, Jenny
Hjemdal, Hanne Elde Stensrud, Jane Hustoft Svendsen, Ole Rullestad, Øystein Silde Frønsdal, sokneprest Per
Hjemdal
3. rekkje frå venstre: Einar Grindheim, Thomas Klungland, Johannes Myklebust, Sindre Sævareid, Fredrik
Haraldsen, Axel Daniel Grindheim, Erik Sævareid, Bendik Heggelund, Christoffer Flydal Hegerland, Sondre
Opheim, Jørgen Rullestad, Jon Ivar Øren Wiik, Kristoffer Tesdal Galtung, Bjarne Ljusnes Sævareid, Odne
Stølås Brekke, Eirik Ørnes Mæhle.
Etne kyrkjelyd
arrangerer
SOMMARFEST!
Sundag 5. juni
Kl. 11.00:
Familiegudsteneste
på Enge bedehus
v/sokneprest Per
Hjemdal. Utdeling av
biblar til 5. klasse
Kl. 12.30 – ca 15.00:
Sommarfest i
prestegardshagen med
god middag og kaffi
og kaker, og mange
festlige aktivitetar for
barna
Loddsalg
Skånevikkonfirmantar. 1. rekkje frå venstre: Linda Eriksen, Kristine Røgelstad, Marte
Birkenes Arefjord, Julie Sævareid Laate, Rebekka Louise Skjold Berge.
2. rekkje frå venstre: Martin Forsdal, Damian Vika, Elisabeth Ytrenes Sæle, sokneprest
Harald Grønnevik, Kristina Iren Voster Vannes, Andreas Sævareid Vika, Alexander Ness.
Mari Alise Eide Børresen var ikkje med.
Per
SAMLINGSFEST
på Enge Bedehus - søndag 28. august kl. 16.00.
Merk tida!
Meny: Koteletter med
tilbehør til dei vaksne,
pølser til barna,
drikke til alle.
Pris:
Barn: 30,- Vaksne: 60,Familie max 200,-
Meld deg på innan
fredag 3. juni!
Tlf.: 53 77 11 70
E-post: [email protected]
Alle er hjarteleg
velkommen!
(også om man ikkje5kan
delta på gudstenesta!)
PINSE
FOTO: DAG SMEMO
Vasslekkasjar
Mange som har vitja
gravplassane i Skånevik
og på Grindheim, vil sjå
at kyrkjetenar Sigurd
Stødle har vore aktiv med
gravemaskina i vår. Både i
Skånevik og på Grindheim
blei det vanskar pga frosten i vinter, som sprengde
gamle vassrøyr der rusten
hadde tært på dei. Båe
plassar har det blitt sådd
nytt gras, og så vil det sjå
like pent ut som før i løpet
av sommaren.
Fasteaksjon
Årets fasteaksjon gjekk
føre seg den 12. mars. 40
konfirmantar frå Etne og
10 frå Skånevik løp viljug
mellom husa og ringde på
dørene hjå folk. Og møtte
mykje godvilje, tydelegvis,
for resultatet blei bra!
38 509,- kom det
inn i Etne, og
8 853,- i Skånevik. Ein stor takk
til alle som gav, og
til konfirmantane
som gav innsats og tid
ved
6 å gjennomføre fasteaksjonen!
Pinse blir for vanskeleg, synes mange - og hoppar av. Jul og påske er knytta til handfaste
hendingar som me kjenner og ser for oss. Stall og krubba. Inntog i Jerusalem. Nattverdsalen. Jesus på krossen og den tome grava. Dette har me greie på. Med pinsen er me
over i Den Heilage Anden og det blir i luftigaste laget.
Men også pinsen er knytt til svært så konkrete og
dramatiske hendingar, i Jerusalem, berre 50 dagar
etter påsken. Det er dette talet som ligg i namnet
pinse. Hendingane knapt to månader etter påsken
er skildra i eit kapittel, Apostelgjerningane 2. Den
som les desse to sidene, veit ikkje så lite om pinse.
Som påsken var og pinsen ein gammal jødisk fest,
vekefesten, som markerte avslutninga på kornhausten. Under desse festane kom mange pilegrimar til
Jerusalem. Endå meir enn elles vrimla det i denne
svært internasjonale byen av folk frå mange land
og i gatene lydde mange tungemål. Det er bakteppet for hendingane i pinsen. Mykje
folk. Mange språk.
Jesu læresveinar var og i byen, men i desse 50 dagane hadde dei slett ikkje dominert
gatebiletet. Dei venta, slik Jesus hadde bede dei om på Kristi himmelfartsdag. Pinsedagen
var ventinga slutt. Det som hende, er skildra som brus frå himmelen som ein sterk vind,
og tunger av eld som skilde seg og sette seg på kvar av dei. Slik fekk dei Den Heilage
Ande på pinsedagen.
Den Heilage Anden var ikkje noko ukjendt. Gjennom heile Bibelen høyrer me om Guds
Ande. Men no hende noko nytt, slik Peter siterte
profeten Joel i talen sin på pinsedagen: «I dei siste
dagar skal det henda, seier Gud, at eg renner ut min
Ande over alle menneske». No starta denne tida.
Fylgjene av hendinga var store. Ventande, usikre,
redde læresveinar fekk mot, slo opp dei lukka dørene og gjekk med faste steg ut i gatene. No var
dei klare til å fortelja om åra sine i lag med Jesus.
Pinsedagen gav dei mot til det. Misjonsbefalinga var
ikkje lenger så skremmande. Dessutan var ganske
mange av alle folkeslaga tilstades rett borti gata.
© www.thebricktestament.com Språkunderet det blir fortalt om at Gud gjorde, var
tvingande nødvendig, om dei skulle forstå.
Jesus er sentrum, også i pinsen. Det var han dei snakka om. Og folk forsto, i den mangespråklege vrimmelen forsto alle det desse mennene frå Galilea fortalde. Vanskeleg å
skjøna. Sjølvsagt. Det store språkunderet på pinsedagen skjøna dei nok ikkje sjølve, heller.
Midt oppi dette høglydte og dramatiske hende der og på pinsedagen noko ganske stillferdig. Mange av dei som høyrde læresveinane sine vitnemål om Jesus, kjende at det
stakk i hjarta og eit spørsmål forma seg. Kva skal me gjera? Vend om og lat dykk døypa i
Jesu Kristi namn, svara Peter. Og 3000 blei døypte denne eine dagen.
Seinare kalla Augustin denne dagen for kyrkja sin fødselsdag.
Av Harald Grønnevik
Mikhail Vrubel, Pentecost, 1884, Freske frå St Cyril kyrkje, Kiev.
Eldrefest
Den årlege eldrefesten til diakoninemnda i
kyrkjelyden gjekk av stabelen på Bustadskipinga den 19. mars. Rundt 45 deltakarar gleda
seg over velklingande tonar frå Naboane
Trekkspillorkester, før dei koste seg med god
mat og god kaffi. Harald Grønnevik heldt
andakt.
FOTO: KJELLAUG HOPLAND
7
Praten gjekk livlig på diakoninemndas eldrefest.
Me tar oss av alle gjeremål
i samband med
dødsfall og gravferd
i Etne og omegn.
- med heile vegen
Etne Gravferdsbyrå
5590 Etne - Tlf. 53 22 50 10 - Døgnvakt
Etne senter - Tlf. 53 75 64 08
Sunnhordland Mek Verksted AS
8
Tlf. 53 77 12 00
Etne E- lag
5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55
Når dagen er på hell tenn lys
med kraft frå eigne fjell!
Johansen Rør AS
Skånevik
Tlf. 53 77 12 50
Tlf. 53 77 13 00
Ølensvåg
Tlf. 53 76 82 03
Johs. Lundal & Sønner AS
Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80
Etne senter - Tlf. 53 75 60 44
Skånevik - Etne
Tlf. 05555
9
Kyrkja – Adresser
Etne kyrkjekontor
Postboks 6, 5591 ETNE
tlf. 53 77 11 70
E-mail:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Heimeside: www.etne.kyrkja.no
Soknepresten i Etne,
Per Hjemdal.
53 77 11 72 / 411 26 549
Kontortid: Tirsd-fred kl. 10-13
Soknepresten i Skånevik,
Harald Grønnevik. 922 51 816
Kontortid: Onsdag kl. 10-13
i Skånevik prestegard.
Konstituert kyrkjeverje og
kyrkjelydsarbeidar
Astrid Askeland Johnsen.
53 77 11 70 / 902 07 421
Kontortid: Tirsd- fred kl. 9-14
Sakshandsamar
Olav Sagen 53 77 11 70
Kontortid: Mand-onsd kl. 9-14
Organist
Solveig Sørheim
Byrjar 1. juli
Kyrkjas tilbod til barn og unge
i Etne og Skånevik
Søndagsskulen
Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65
Frette: Anne Jorunn Lindevik tlf: 53 75 53 93
Tripp Trapp Treff
Tilbod til vaksne og barn. Annakvar onsdag kl 10.30.
Sjå annonse under Møte i Grannar.
Skånevikspeidaren
Småspeidarane: 3. og 4. klasse
Storspeidarane: 5.-10. klasse
Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30.
Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186
Etne Soul-Children
Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annkvar veke torsdagar kl 19.00-20.30
Enge bedehus. Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945
S-klubben
Tilbod til barn frå 1.-4. klasse. Annakvar torsdag kl. 17.30-18.30 på
Grønstad skule. Kontaktperson: Aud Jorunn Baustad tlf 975 73 021
Fredagsklubben
Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse. Enge bedehus kl 18.00-19.30
Gruppeaktivitetar, song og andakt
KFUK-KFUM speidarane
Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar
Sigurd Stødle
971 68 514
Soknerådsleiar i Etne
Pål Atle Baugstad
53 75 49 96 / 416 06 945
Soknerådsleiar i Skånevik
Eli Garvik
53 75 59 74
10
Fellesrådsleiar
Harald Lindevik
53 75 44 74 / 975 89 056
Småspeidarane - frå 3.-4. klasse. Annakvar tysdag kl 17.30-19.00
Kontaktperson: Marta Onstein tlf 53 75 46 02
Felles møtetid annakvar onsdag kl 17.30-19.30
Jentespeidarane - frå 5. kl og oppover Kontaktperson: Ingunn Frette tlf
53 75 65 70
Gutespeidarane - frå 5. klasse og oppover Kontaktperson: Atle Aas tlf 53
75 46 02 For program: www.etnespeidar.com
Etne Nettkafè
For ungdom frå 7. klasse og oppover. Annakvar fredag på Enge bedehus
Aktivitetar: Internett, X-box, biljard, bordtennis, pizza, kiosk, samling
m.m. Siste halvtimen ryddar og vaskar me.
Nettside: [email protected] (google-lenk)
Gudstenester
Dato
Dag
Kyrkje
Kl
Gudsteneste
Prest
29.05.2011
05.06.2011
12.06.2011
12.06.2011
12.06.2011
13.06.2011
19.06.2011
26.06.2011
26.06.2011
03.07.2011
10.07.2011
17.07.2011
24.07.2011
31.07.2011
07.08.2011
14.08.2011
21.08.2011
21.08.2011
28.08.2011
28.08.2011
04.09.2011
04.09.2011
11.09.2011
18.09.2011
25.09.2011
25.09.2011
5. sundag e påske
6. sundag e påske
Pinsedag
Pinsedag
Pinsedag
2. pinsedag
Treeiningssundag
2. sundag e pinse
2. sundag e pinse
3. sundag e pinse
4. sundag e pinse
5. sundag e pinse
6. sundag e pinse
7. sundag e pinse
8. sundag e pinse
9. sundag e pinse
10. sundag e pinse
10. sundag e pinse
11. sundag e pinse
11. sundag e pinse
12. sundag e pinse
12. sundag e pinse
13. sundag e pinse
14. sundag e pinse
15. sundag e pinse
15. sundag e pinse
Grindheim kyrkje
Enge Bedehus
Skånevik kyrkje
Stødle kyrkje
Fjæra kapell
Frette kapell
Gjerde kyrkje
Varleite
Grindheim kyrkje
Stødle kyrkje
Ikkje gudsteneste
Skånevik kyrkje
Frette kapell
Eikemostølen
Etnemarknaden
Grindheim
Fjellgudstjeneste
Skånevik kyrkje
Enge Bedehus
Fjæra kapell
Gjerde kyrkje
Skånevik kyrkje
Stødle kyrkje
Gjerde kyrkje
Skånevik kyrkje
Frette kapell
11:00
11:00
11:00
11:00
16:00
11:00
11:00
12:00
19:00
11:00
Høgmesse
Familiegudsteneste
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Sportsandakt
Høgmesse
Høgmesse
Hjemdal
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
19:00
11:00
12:30
11:00
11:00
11:00
11:00
11:00
19:00
11:00
11:00
11:00
11:00
11:00
17:00
Høgmesse
Høgmesse
Friluftsgudsteneste
Marknadsgudsteneste
Høgmesse
Fjellgudsteneste
Høgmesse
Familiemesse
Høgmesse
Presentasjonsgudsteneste
Presentasjonsgudsteneste
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Grønnevik
Grønnevik
Grønnevik
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Hjemdal
Grønnevik
Grønnevik
Hjemdal
Hjemdal
Hjemdal
Kyrkjegarden
Det er noko veldig fredsælt med å
vandre på kyrkjegarden ein stille
vårkveld. Eg har vore prest i byen
i 14 år, og opplevinga av å kome
hit til Etne – eller Skånevik – og
merke freden som er på kyrkjegarden i forhold til korleis det var
i Bergen, er sterk. Minst merkbart
er det kanskje på kyrkjegarden
ved Gjerde, kor europavegen går
rett attmed og trailerane med
sin støy forureinar miljøet vel så
mykje som eksos og svevestøv.
Men på Grindheim, eller Stødle,
kor bilane ikkje fer forbi støtt –
eller på gravplassen i Skånevik,
med det store treet som har sett
så mang ei gravferd i sol og regn...
Det er noko med å vite at her
ligg generasjonar som har gått
føre oss, og her skal vi kanskje
liggje ein gong. Her hegnar vi om
minne til dei vi har hatt kjær slik
nokon forhåpentlegvis vil hegne
om vårt når den tida kjem. Og det
vert satt ut blomar og tend lys, og
lest namn når vi ruslar forbi – fornamn som kanskje ikkje er i bruk,
etternamn som har spreidd seg i
bygda eller kan hende forsvunne
heilt.
Også utsjånaden på kyrkjegardane er av høg standard her i
kommunen. Å halde kyrkjegardane så fine er slett ingen liketil
oppgåve. Anlegget, plenane,
all kantklipping ved dei mange
Hjemdal
Hjemdal
steinane – det tek mykje tid. Ofte
krevjast meir tid enn arbeidsdagen har! Heldigvis har vi i både i
Skånevik og Etne folk som prioriterar oppgåva, slik som det også
har vorte gjort før. Og vi er glad
for alle dei pårørande som gjer
sitt med å pynte ved si grav.
Per Hjemdal
11
P
å ettervinteren får 6-åringane i Skånevik sokn eit
brev i posten med innbyding til å vera med på dåpsskule. Dette året var det dåpsskule tre onsdagar i
mars-april med flott avslutningsgudsteneste palmesøndag.
På denne gudstenesta får 6- åringane Bibel for born.
Det var ein fin og litt spent gjeng som møtte i kyrkja i
Skånevik til første dåpsskuledagen. Då handla det mest om
dåpen. På det hemmelege rommet fekk me høyra forteljinga om då Jesus vart døypt av Johannes i Jordan-elva. Så var
det klart for dåp anno 2011, dåpsskuledokka vart døypt,
Dåpsskulen
i Skånevik
12
og etterpå var det tid for dåpsselskap. Å utforska kyrkja
høyrer med i pensum for dåpsskulen. Då må utsikten frå
preikestolen prøvast og ein tur i tårnet høyrer sjølvsagt
med. Siste gongen var me på påskevandring og opplevde
inntoget i Jerusalem palmesøndag, var med på fotvasking
og den første nattverden før vegen gjekk til Getsemanehagen og vidare til Golgata langfredag og til den tomme grava
1. påskedag. Ei flott oppleving for alle medvandrarane- i
alle aldrar!
Nokre glimt frå påskevandringa: