Jo altså fordi n Kyrkjebygging 2013 n Byggenemnda n Nytt orgel n

Download Report

Transcript Jo altså fordi n Kyrkjebygging 2013 n Byggenemnda n Nytt orgel n

Kyrkjeposten
Årgang 12 Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn
Nummer 2 - Vigsling av ny kyrkje - 2013
Jo altså fordi n Kyrkjebygging 2013 n Byggenemnda n Nytt orgel n Program for vigsling
1
n Framsida:
Ny kyrkje: På veg ned frå
Madsgård møtast gammelt og nytt.
Foto: Jenny Hjemdal
Andakt: Per Hjemdal
Jo altså
– eit helsing til deg som berre sjeldan går i
kyrkja, og helst berre når du verkeleg må.
Stadig har eg fundert på dette: Kvifor treng vi så
ofte ein unnskyldning for alt mogleg? Alltid skal
alt mogleg rettferdiggjerast anten i andre menneske eller i ytre omstende.
Kyrkjeposten vert
distribuert til alle
husstandar i Etne og
Skånevik. Bladet blir
betrakta som offentleg
informasjon og
nærmiljøblad.
Kyrkjeposten er
ikkje definert som
uadressert reklame.
Stoff sendes til
[email protected]
Frist for stoff til neste nr:
15. september
2
Vi treng alltid ei unnskyldning for å si nei til noko.
Anten det er gåver eller oppdrag eller tilbod, så må
vi grunngje svaret, dersom svaret er nei. Så innarbeid er dette blitt at folk ventar, viss man ikkje gir
dei ein grunn til at ein seier nei. Kan du? Nei. Ok?
Fordi? Men av og til er vel det mi sak!
Nei da, som regel seier ikkje veloppdragne folk
”fordi…?” men vi høyrer det i stemma og ser det i
auga.
Det er verre for vaksne enn for barn. Vaksne kan
jamen ikkje gjere mykje utan unnskyldning!
Har du lyst til å klatre i trær? Kva i all verden gjer
du der oppe?
Har du lyst til å balansere på slak line? Kva kan no
være vitsen med det!?
Nokon ting er det i grunnen greitt at vi treng ei
unnskyldning for. Ein bør ha god grunngjeving
klar viss ein et spagetti bolognese med fingrane,
elles ville det blitt fælt grisete rundt middagsbordet.
Men dersom eg vil ha huset malt med polkaprikker, kvifor kan eg ikkje det?
Som prest opplever eg å jobbe innan noko som
verkeleg krev god grunngjeving for mange. Knapt
noko treng så mykje ein unnskyldning som det å
gå friviljug i kyrkja. På eige initiativ, liksom. Dvs
dersom ein ikkje er sånn super-kristen, då. Dei
driv jo med den slags. Men elles?
Jo, du skjønner, vi var i barnedåp i helga. Jo, altså,
ungane er invitert til sånn… Ja, var det ikkje slik at
vi fikk eit brev om… allehelgensdag eller kva det
kan ha vore? Trusopplæring var det, og 5-åringen
skal synge, og konfirmantane har møteplikt.
Mange fedre slit verre med å finne ein truverdig
unnskyldning, for alle dei andre mennene let kjerringa gå, sidan ho er meir inne i sånt…
Kvifor må det være sånn? Er ein ikkje medlem i
denne kyrkja? Meir enn 75 % er!
Eller kan det vere vi aldri tenker på dei store
spørsmåla?
Kjenner vi ikkje at åra sig på og vi vandrar mot
slutten, anten vi liker det eller ei? Kva skjer når det
er slutt? Er Gud der ute? Kva tyder eigentleg Gud?
fordi
Eg veit jo sjølvsagt at eg heller ikkje er kvalifisert til å tenke så veldig sant om disse tinga,
sjølv om eg er betalt for det. Nettopp difor,
antakeleg vis! Men eg skriv heller ikkje dette i
bitter affekt over tome seter i kyrkja. Nei da, eg
gler meg heller over dei mange som er opptatt!
Men altså likevel. Eg pratar med folk. Og veit
at mange tenker mykje, også om Gud og livet
og døden og tru og kristenarv og kristendom.
Mange aner at kyrkja er eit sted der desse ting
snakkast om, ja, meir enn det: Trus på. Men
likevel. Viss eg går, kva vil folk tenke? Kva
tenkjer eg sjølv?
Men no – no har vi ny kyrkje i Etne. Så
treng ingen finne på unnskyldningar, for
denne er heilt gratis og aldeles truverdig:
Eg må jo sjå den nye kyrkja… Det var
enkelt! Men medan du sit der, kjenn
etter. Beveger det seg noko? I deg? I
det som skjer? Beveger det noko?
Beveger Gud seg? Kva er no det for
eit spørsmål?! Men … kanskje eg
skulle gå nokre gongar til, for å
kjenne etter? Forresten har vi
veldig god kyrkjekaffi! Velkommen i Guds hus.
3
Kyrkjebygging i Etne av 2013
I
over 60 år har ein sett behovet
for ny kyrkje i Etne, og det har
på ulike måtar vore arbeidd for
å få dette behovet stetta.
Fleire tomter har vore til vurdering, og i
1979 gjekk eit fleirtal av sokneråda i dåverande Etne Prestegjeld inn for å prioritera
Oldborgshaug ved kyrkjegarden på Gjerde
som ny kyrkjeplass. Eit mindretal gjekk inn
for Eileråsjorda ved Enge skule, sjukeheimen
og gamleheimen.
Etter at det i 2001 vart arbeidd med eit
samarbeidsprosjekt saman med Enge Bedehus som stranda, valde Etne kyrkjelege
fellesråd i 2002 ei nemnd på 5 personar
som skulle arbeida med det som mål at ny
kyrkjetomt skulle innarbeidast på reguleringsplanen for Etnesjøen
del 2. Mandatet lydde elles slik:
”Vidare får nemnda i oppdrag å arbeida
med å førebu det vidare planarbeid for å få
reist arbeidskyrkje i Etne. I budsjettprosessen for inneverande år må nemnda arbeida
for at kommunen stiller økonomi til rådvelde for planarbeid”
Det var Birkenesbøen, aust for Enge skule
som då var mest aktuell plassering. Det
4
vart gjort forsøk på å få ei arbeidskyrkje
inn på planen der, men etter kvart som
reguleringsarbeidet gjekk framover utan
noko konkret vedtak om å avsetja område
til arbeidskyrkje, måtte nemnda etter kvart
innsjå at dette ikkje var nokon farbar veg
vidare. Etne kommune signaliserte imidlertid positivt på det pågåande arbeidet med
planleggjing av arbeidskyrkje, då kommunen i 2002 etter søknad frå plannemnda
vart innvilgja kr. 50.000 til planmidla
Ny formell kontakt med Enge bedehus om
ei ny kyrkje i tilknytning til bedehuset vart
etablert igjen i 2006, noko som førde til eit
positivt samarbeid og som har gitt resultat
med tanke på den nye kyrkjebygningen som
i dag er plassert vegg i vegg med Enge bedehus. Kyrkja står som eigar og ansvarleg for
nybygget, medan bedehuset framleis både
eig og har driftsansvaret for sin del.
I nåverande Etne sokn, som tidlegare
var samansett av Stødle, Gjerde og Grindheim sokn, og som er samanfallande med
tidlegare Etne prestegjeld, er det i dag tre
middelalderkyrkjer.
I forhold til besøkstalet er dei tre middelalderkyrkjene store nok til vanlege
søndagsgudstenester, men i samband med
Leiar av Fellesrådet og medlem av byggenemnda, Harald Lindevik
Vigslingshelg konfirmasjon, ein del gravferder, gudstenester der mange er særleg inviterte som t.d.
utdeling av 4-års bok, julaftegudstenester
og andre store høgtidsdagar, er dei for små.
Når enkelte grupper av folket er særleg inviterte, må andre som elles jamnleg deltek i
gudstenester halda seg heime.
Dei gamle kyrkjene er lite tenlege i samband med familiegudstenester og for funksjonshemma. Bygningsmessige endringar
er vanskelege å få gjennomføra på grunn av
vernestatus.
gang på kyrkja sine lokale. Ei tidlegare tenkt
utbyggjing av Enge bedehus kan difor gå ut,
då kyrkje- og bedehuslokala samla gir rom
for dei aktuelle arrangementa både på kort
og lang sikt. I fellesskap byggjer kyrkja og
bedehuset nytt og moderne kjøken til felles
nytte. Bedehuset kan nå nytta midlane sine
til oppussing av eksisterande bygning.
Det var mellom anna på grunn av desse
observasjonane Biskop Hagesæter under
visitas i Etne i 2003 uttalte følgjande: ”De
har ikkje rom som kan husa folket utover
vanlege høgmesser. Ikkje rom for opne
gudstenester med brei deltaking og nye
gudstenesteformer. Ikkje samlingsstad for
dei som veit med seg sjølve at dei høyrer
kyrkja til”
Kvar av middelalderkyrkjene rommer om
lag 200 personar. Ved definering av behov i
arbeidskyrkja, kom ein fram til at kyrkjerommet burde romma om lag 330 personar. I
tillegg såg ein det som viktig at kapasiteten
kunne utvidast i særlege anledningar. Dette
er løyst ved at kyrkjerommet kan utvidast
med kyrkjetorget på om lag 125 m2. Dette
kan gi plass til om lag 120 personar. Kyrkjetorget er elles tenkt til bruk for aktivitetar
innan barne-og ungdomsarbeid, og elles
aktivitetar for alle aldrar. Dette er også eit
tenleg område for minnemøte i samband
med gravferder og andre tilstellingar.
Etter både kyrkja og bedehuset sitt syn,
vil samarbeidet med å byggja arbeidskyrkja vegg i vegg med Enge bedehus gi gode
synergieffektar. Kyrkja får nytta bedehuset
sine lokale til kontor, barne- og ungdomsarbeid og anna, medan bedehuset skal ha til-
Der er eit mål at den nye kyrkja vil bli ein
samlingsstad for folk i alle aldrar til ulike
slag oppbyggjande arrangement. I tillegg til
tradisjonell bruk av kyrkjene, er det eit særleg behov for lokale til barne og ungdomsarbeidet. I samband med Etne kommune
sin medverknad til finansiering, vart det
lagt særleg vekt på at det måtte vera plass
for B/U-arbeid som søndagsskule, speidar,
fredagsklubb, Nettkafe og liknande.
Kombinasjonen kyrkje/bedehus gir den
kristne verksemda i soknet gode lokale
for ei rimeleg investering. Dersom kyrkja
hadde bygt på frittliggjande tomt, ville
kostnaden truleg blitt over kr. 40 mill. I dag
har me fått ei moderne og funksjonell kyrkje
til ein kostnad av kr. 20 mill. Dersom dette
sambruket med Enge bedehus ikkje hadde
blitt løysinga, ville neppe vår generasjon fått
noka ny kyrkje i Etne.
Me trur at me nå har fått reist eit bygg
som kan husa folket også utover vanlege
høgmesser. Me trur me har fått rom for
opne gudstenester med brei deltaking og
nye gudstenesteformer. Me trur me har
fått samlingsstad for dei som veit med seg
sjølve at dei høyrer kyrkja til.
29. august - 2. september
Etne, august 2013
Harald Lindevik
Leiar Etne kyrkjelege fellesråd
5
Byggenemnda for ny arbeidskyrkje i Etne
INFORMASJON FRÅ BYGGE
F
rå Byggenemnda si side kan ein sei
det slik:
Byggenemnda utgjer både kommunevald politisk deltaking og representantar
frå kyrkja og frå Enge bedehus. Delar av buggenemnda har gått vidare frå plannemnda.
Soleis har nokre vore med sidan starten av
dette arbeidet i 2005.
Det vart i utgangspunktet oppretta ei arbeidsgruppe (plannemnd).
Frå Kyrkja: Harald Lindevik, Jørgen Hopland,
sokneprest Jens Olav Mæland og kyrkjeverja
Harald Sirnes
Frå Bedehuset: Sigurd Stødle, Steinar Frønsdal, Pål Atle Baustad og Torleif Sande
Vi knytta til oss fagfolk ved kyrkjekonsulent
Finn Bårdsen og siv.ark Arne Tveit i Brekke
Helgeland Brekke.
Etter Jens Olav Mæland sin avgang gjekk
sokneprest Per Hjemdal inn i plannemnda.
Mandatet frå Fellesrådet til nemnda var:
Sikre arealet, Avklare eigedomsmodell, Teikningar med kalkyle og Finansiering
Det vart også oppretta fleire underkomitear,
så som innsamlingsnemnd, utsmykkingsnemnd, musikknemnd, kjøkkennemnd og
tekstilnemnd.
6
Ein kopp kaffi er godt for å samle kreftar til dugnadsarbeidet
Det vart arbeida iherdig i fleire år med planane og under kontakt med kommunen der
vi presenterte tankane, vart ein svært godt
tekne i mot. Politisk vart det så gjort vedtak
om følgjande:
Etne kommune regulerer området til formålet.
Etne kommune løyser inn grunnen ein treng
i tråd med reguleringsplanen
Etne kommune løyver 200000 kr til vidare
planarbeid
I det heile opplevde plannemnda at kommunen og det politiske miljøet hadde forståing
for behovet bygda hadde for ny kyrkje, og at
dei ved dette samarbeide mellom kyrkja og
bedehuset får ei svært rimeleg kyrkje som vil
Vigslingshelg ENEMNDA
Alt gjekk til slutt i boks og vi håpar totalrama
på kr 20.000.000,- vil halde. I det beløpet ligg
både lån, kommunale tilskot og gåver mellom
anna Etne sparebank og mange private.
Det er samla inn mykje midlar lokalt og ein
har også starta bruktbutikk for å sikre mellom
anna betjening av lån på kyrkja. Flott tiltak!
Vegen frå teikning til realitet er nesten over.
dekke framtidige behov innan åndeleg næring
og vekst for den oppveksande slekta.
Etter mange år med planer, infomøter i bygda
der mange ynskjer skulle imøtekomast kom
ein fram til eit resultat slik det framstår som
ferdig i dag.
Ved anbod sprakk kalkylane og ein måtte nye
rundar i kommunen. Eit nytt krav frå kommunen var at dei ynskte kyrkjelydskontor i
bedehuset straks kyrkja vart ferdigstilt. Dette
vil ein forsøke å etterkome innan eit halvår
etter. Kostnadane med dette ligg utanfor
kyrkjeprosjektet.
Alle planane blei godkjende i dei aktuelle fora
og klarsignal for bygging var tilstades.
Byggenemnda var godt nøgde med prosjektplanane og trur vi no har fått eit tidsmessig
og godt bygg.
Det vert vannboren golvvarme, moderne
ventilasjon med varmegjenvinning, brannsikringsanlegg og tidsmessig audio/videoanlegg til både lyd og bilete.
Der er også eit romsleg kyrkjetorg der tanken
er at ein skal ha kaféliknande innreiing i samband med ungdomsarbeid og kyrkjekaffi m.m.
Ein får ein stor del fellesbruk med Enge bedehus og mellom anna nytt moderne kjøkken.
Sommaren 2012 vart arbeidet igongsett, og
under trygg byggeleiing av siv.ing (og Etnegut)
Kjell Ekornrud frå sitt eige ingeniørselskap
Procon AS, har framdrifta gått særdeles fint.
Grunnstein blei sett ned av biskop Halvor
Nordhaug den 18. november 2012 i tett bygg
under oppvarming og uttørking. Det har blitt
halde jamlege byggemøter der byggenemnda
har vore representert og fått vere med å delta
med meiningar og få svar på spørsmål.
Frå byggenemnda kan det opplysast vidare
at alt grunnarbeid blei trekt ut og utført på
dugnad. Det har vore stor vilje til innsats og
ein har greidd å utføre dei oppgåvene som
har vore pålagt oss. Enno gjenstår likevel ein
del, så vi vonar mange vil ta del fram til alt er
heilt ferdig både ut- og innvendig.
Etter tildeling av entrepriser blei det oppretta
byggenemnd som følgjer:
Frå kyrkja: Harald Lindevik, Per Hjemdal, Jørgen Hopland og Sigurd Stødle
Frå bedehuset: Steinar Frønsdal, Arnold
Solheim
Frå kommunen (politisk repr): Anita Larsen
29. august - 2. september
Byggenemnda har
stor tru på at bygget
vil bli til stor nytte og
velsigning for folket i
bygda vår, og gratulerer heile folket med
den nye Etne kyrkje!
Med helsing
Jørgen Hopland
Leiar byggenemnda
7
Gratulerer, heile Etne!
K
yrkja ho er eit gamalt hus, stend om
enn tårna mun falla, står det i den
gamle salmen. Reint byggteknisk er
det eit utsegn med store atterhald,
for eg har lese historia om kyrkjene både på
Gjerde og Grindheim som i si tid – langt tilbake – blåste overende og måtte skiftast ut.
Vi vonar den nye Etne kyrkja med sin tunge
betongkonstruksjon står tryggare, og lenge,
lenge.
Mange har spurd meg om kva vi skal med
enno ei kyrkje i Etne, vi som har så mange
allereie. Vel, eg trur etnebuen veit at behovet
var der. Alle som har stått utanfor ei av dei
gamle kyrkjene og hutra i regnet fordi det ikkje
var plass inne medan gravferda fann stad, kan
skjøna det. Alle som har måtte seie til nokon
at det er kjekt om de kjem i konfirmasjon,
men ikkje kom i kyrkja, dei kan skjøna det. Alle
som har prøvd å ta seg inn med rullestol, dei
skjønar det! Presten, som må stolpre seg forbi
Enge skulekorps på julaftan, han skjøner det
og. Dei ytre, praktiske argumenta.
Men det er ikkje berre ytre rammer og gammaldagse bygg som gjer at vi trong enno ei
ny, moderne kyrkje. For ein levande kyrkjelyd
som vil meir enn å vere ein historisk notis eller
forvaltar av bygghistorie frå 1600-talet, er det
viktig å ha tenlege og gode lokale som reiskap
for framvekst av personlig trosliv, av både
gudstenestleg og liturgisk liv, og også kyrkjeleg
kulturliv. Med nye moglegheiter til å vere flek-
8
sibel i høve til innreiing, bevegelse, song og
musikk, har vi fått eit flott bygg! Kyrkjetorget
innbyr til sosialt samvær over ein kaffikopp
eller anna. Det lyse, fine kyrkjerommet med
dei store vindauga som slepp heile skaparverket inn, inviterar til levande gudstenester og
opnar for ein himmel over livet.
Arkitekt Arne Tveit har
teikna ei kyrkje som er
flott på utsida. Inga tvil
om at det er ei kyrkje!
Og likevel – det har eg
opplevd – når ein kjem
inn blir mange overraska over storleiken,
over følelsen av luft og Arkitekt Arne Tveit har
høgd, over samspillet teikna ei flott kyrkje
mellom lys og fargar. med særprega uttrykk
Det er første kyrkja
Tveit har teikna – vel gjort!
Når kyrkja no skal vigslast, er det mange som
skal ha takk. I fare for at nokon no føler seg
gløymd, vågar eg likevel trekke fram nokon
særskilt.
Jørgen Hopland, som har leia plannemnda
først og byggenemnda sidan. Han har stått på!
Og oversikten, synet for praktiske løysingar på
utfordringar eg ikkje visste fantes – og vilja til
å ta tak. Takk skal du ha!
Harald Lindevik, med styr på det økonomiske, med oversikten, kontraktane, alt han
har lese! Små og store ting han har sett som
har vært uklart, men blitt klart. Takk.
Sigurd Stødle, ildsjelen. Så mye dyrebar tid
han har brukt på å være der og gjere akkurat
det som måtte gjerast akkurat no! All innsatsen han har gitt – takk!
Steinar Frønsdal, dugnadssjefen. Akk, ofte
var det kanskje vondt å få ja, men så trådte
han til sjølv. Mange seine kveldar har eg sett
bilen hans utanfor og tenkt: Nei, no må han
gå heim! Ein takk til han - og ein takk til alle
heime også!
Enda fleire: Arnold Solheim, bedehusets
leiar. Vel, bygger vi saman, så bygger vi saman.
Og det har ikkje stått på innsatsen, tålmodet
eller evnene. Takk også til deg.
Egil Selland stilte med gravemaskin og grov
ut heile grunnen på dugnad. Ein stor jobb
gjort i en fei. Også grøftar til kablar tok han
seg av. Takk.
Jarle Mikkelsen rigga opp utstyr til profesjonell kjerneboring og tok for seg av veggene i
bedehuset der kyrkja skulle koblast til med
røyr og ventilasjon. Takk for kyndig bruk av
krevjande utstyr.
Og sist, men ikkje minst av dei eg vil takka
med namn – Karl Kringlebotten. Som gjennom vinteren stod i verkstaden sin og limte og
høvla og pussa og snekra dei finaste altermøblane, endå meir solid handverk enn ein kan
sjå! Og nøyaktig slik nemnd for utsmykking
hadde bedt om å få det. Også dei akustiske
Vigslingshelg utfordringane har han hjelpt oss med. Ein stor takk
også til deg.
Men så må eg takke alle dei andre! For desse eg har
namngitt, hadde ikkje bygd kyrkje åleine!
Men dei som tok initiativ til og drog i gong Etne
bruktbu – og alle som har gitt timar og innsats der,
ei framifrå teneste de har gjort!
Og alle som sa ja til å sitte i nemnd, anten det var
for kjøkken, utsmykking eller innsamling – takk for
innsatsen så langt!
Alle som har grove, snekra, måla, kjørt trillebår,
vaska, kva det kan vere – dugnadsfolket. Så godt med
alle som kom og tok tak i det praktiske.
Og til slutt alle dei usynlege dugnadsfolka. Takk til
alle som gitt pengar så kyrkja no står her. Anten det
var som fast gjevar, eller som ein eingongsgåve, eller i
form av prisen på ein stol, eller i form av andre gåver.
På vegne av kyrkjelyden får eg lov å si: Vi er utruleg
takksame for all den gode innsatsen og støtta for å
bygge Etne kyrkje.
No står ho der, kyrkja. Vigslast skal ho 1. september
av biskop Nordhaug. Då er det fest i fem dagar til
ende. Kanskje enno lenger? Sundagen etter skal 4
born døypast på familiegudsteneste der, sanneleg
fest det og! Men sidan kjem kvardagen, kyrkja ho blir
eit gamalt hus. Men tener ho formålet - får Guds ord
rom, og får menneskje møte Kristus i sakramenta og
i Herrens mange ulike barn som ferdast der, då kan
ho bli så gamal ho vil. For ho vil stå om enn tårna
mun falla.
P.Hj.
Sjølv om ikkje kyrkja ragar høgast i bygda, er
opplevinga av høgd og rom svært stor når ein kjem inn.
29. august - 2. september
9
En sang skal stige mot den høye hvelving,
den alltid nye lovsang til vår Far,
fordi han gav oss dette hjem på jorden
der vi får møte ham som er og var.
En sang skal stige mot det høye alter,
en takk for alle gaver som ble sendt,
for alle trette som fikk tro og trygghet,
med trøst i nådens ord og sakrament.
En sang skal stige mot Guds høye himmel,
en lovsang slik den steg i alle år,
med takk til ham som også er den same
når våre kirkehus engang forgår.
Liv Nordhaug
O
rgelet er det tradisjonelle instrument i kyrkja. Orgelet skal tena
til støtte og hjelp for kyrkjelyden
og koret i tilbeding, forkynning og
song. Orgelet har òg sjølvstendige musikalske funksjonar både i og utanom gudstenesta. Organisten bør ha utveg til å leia koret
frå plassen sin ved orgelet.
Slik står det i gudstenestebok for Den norske
Kyrkja, og iallfall kva gjeld det siste – utveg til
å leia både kor og kyrkjelyd frå plassen sin, er
orgelet plassert godt og sentralt i Etne kyrkje.
Det har vore snakka mykje om kva orgel og
kva løysing vi skulle gå for når vi no bygde ny
kyrkje. Men langt på veg var nok svaret gitt av
dei økonomiske rammene prosjektet har hatt.
Eit dugeleg tradisjonelt pipeorgel er vondt å
skaffe til ein pris under 2 mill kr., så løysinga
låg i dei langt rimelegare elektroniske orgla.
Om enn dei før om åra har hatt nokså dårlig
rykte for dårleg lydbilde og opplevinga av å
Organist Solveig Sørheim prøvar ut det nye orgelet i kyrkja. Ho trur det er eit godt val innanfor dei
rammer som låg føre.
10
spele på orgel, har heldigvis den teknologiske
utviklinga gått med god fart også hos dei som
lever av å levere elektroniske instrument.
Ei orgelnemnd har arbeidd lenge med saken.
Den har bestått av organist Solveig Sørheim,
arkitekt Arne Tveit, som jo også er en habil
orgelspelar, og lekmann opptatt av song og
musikk Sigurd Stødle.
Ikkje minst Solveig har brukt ein god del tid
og kreftar på å finna rette instrument. Sjølv i
tida som nybakt mor i permisjon, har ho kombinert turar til Bergen og Oslo og andre stader
med moglegheita til å spele på likt og ulikt.
Til slutt enda nemnda på eit orgel levert av
nederlandske Johannus orgelfabrikk. Til en
pris under 300 000,- høvde det godt til ein
trong økonomi, men leverandøren har lova
oss meir, mykje meir enn ein tidel av lyden i
et godt pipeorgel! Som sokneprest er eg sikker på at vigslingsgudstenesta vil stadfeste
lovnaden deira. P.Hj.
Sjølv om vi er komet ein lang
veg frå vi starta, står enno noko att…
Vigslingshelg 1. september kjem biskopen frå Bergen
og feirar saman med Etne kyrkjelyd.
Under Guds ord og ved bøn vert kyrkja
vigsla etter ordningane vi har i Den norske Kyrkja.
Det var når grunnsteinen blei lagt ned,
at datoen blei sett. Den gang var datoen
for ferdig bygg i byrjinga av mai, så september skulle gå som ein leik!
No er det ikkje uvanlig at ting tar tid,
for det veit vi alle. Men vi rakk det!
Kyrkja blitt ferdig innanfor dei fristar vi
har hatt og på tross av dei utfordringane
vi møtte undervegs. Og innanfor dei
økonomiske rammene.
Men enno gjenstår nokre tunge og
nokre litt enklare løft.
Blant dei tyngste er eit klokketårn med
to klokkar. Ei klokke har vi, men tårn og
stor klokke og automatikken som fylgjer
med, må vi starte innsamling til no. Forhåpentlegvis tar det ikkje alt for lang tid.
Også uteområdet lar seg ønske litt
meir grønfarge, men berre vent, neste
sommar ser mykje betre ut.
Av utsmykking har Fellesrådet vært
nøydt å gå for ein minimalistisk løysing.
Utsmykkingsnemnda har større planar,
men før vi veit heilt kva vi har å bruke av
pengar, vel vi ikkje å bruke dei.
Når det gjeld knefall i kyrkja, har ikkje
berre tid, men også ønsket om liturgisk
erfaring gjort at vi ikkje har brukt kreftane på å få det ferdig. Men kanskje om
ei tid? Det er det erfaringa skal seie oss.
Sidan vil også Enge bedehus ta tak og
pusse opp, både innantil og utantil.
Så veit både Fellesråd og byggenemnd
at jo, no har vi ny kyrkje å bruke, så vi
kan puste ut og vere glad for at vi rakk
det alt. No skal vi berre gjøre enda litt til.
Og difor treng vi stadig hjelp og støtte.
Både gåver og fysiske kreftar kommer
godt med. For heilt ferdig er jobben
enno ikkje!
P.Hj.
Etne bruktbu er ei kjærkomen hjelp for å klare dei økonomiske forpliktingane kyrkjelyden har tatt på seg ved
å bygge kyrkje. Her er det Jakob Eskeland og Johannes
Brekke som sjauer med møbler nokon vil få glede av.
Og så var det alt som stod att…
Når bildet blei tatt, var ikkje alt heilt på stell i sjølve kyrkjerommet. Vi ser likevel av krossen blir det
heilt sentrale symbolet i kyrkja.
29. august - 2. september
11
Til lukke med ny og stor kyrkje!
Skånev ik sokn gler seg med nabobygda når den nye kyrkja blir vigsla 1.
september. Etnebygda har frå før tre
kyrkjer som folket er glade i, fine perler
og gode rom ved mange høve. Det er
likevel ikkje vanskeleg å skjøna trongen
for eit stort kyrkjerom med plass til
aktivitetar for born og unge, og på dei
dagane når Stødle, Gjerde og Grindheim
blir for små.
I Skånevik veit me kor godt det er å ha
eit stort kyrkjerom å høyra til i. Dette
Etne Kyrkje – økonomi
I prosessen med å få realisera draumen om
ny kyrkje i Etne, har økonomi vore eit av
fleire viktige område.
I utgangspunktet såg plannemnda for seg at det kunne bli
eit prosjekt til om lag kr. 40 mill, noko som verka uoppnåeleg innan rimeleg tid. Løysinga med samarbeid med
Enge Bedehus førte imidlertid at draumen kunne verta
verkeleg. Den første kalkylen frå fagfolket lydde på kr. 10
mill. i entreprisekostnader og prosjektering. Etter nærare
gjennomgang og utarbeiding av anbudsdokument, lydde
dei kalkulerte kostnadene på kr. 12,5 mill.
Etter anbudsopning sommaren 2011 og etter enkelte
justeringar for å spara pengar, lydde entreprise- og prosjekteringskostnader på kr. 16,3 mill.
Den gjeldande kalkylen ved byggjestart såg slik ut:
Entreprisekostnad
14,0 mill
Prosjektering m.m
2,3 ”
Prisstigning
0,8 ”
Byggjelånsrente
0,4 ”
Inventar
0,7 ”
Diverse
0,3 ”
Margin/reserve
1,5 ”
Tilsaman
20,0 mill
Godkjent finansieringsplan ser slik ut:
Finansiert forprosjekt
0,4 mill
unner me og våre gode naboar over
fjellet.
Ideen å knyta det nye kyrkjerommet til
det gamle bedehuset viser og at Etne
kyrkjelyd har stor vilje til einskap og
samhald innan kyrkjefolket. Der vil alltid
vera breidde og spenningar i kyrkjelivet.
Me ynskjer all lukka og Guds signing
over det dristige steget de har våga.
Kyrkja lever og blømer både i skur og
katedralar. Fine bygg er ingen garanti
for vekst og liv sjølv om dei opnar ein
veg mot mykje godt og spennande. Ved
vigslinga av Hinna kyrkje i Stavanger
skreiv Alfred Hauge desse orda som
alltid er sanne ved eit slikt høve:
«Murar og spir må høgt mot himmel
kneisa; einast din Ande liv av
død kan reisa, Jesus, åleine
du kan Anden senda
og oss omvenda.»
Tidlegare innsamla/tilskot
0,4 ”
Gåve frå Etne Sparebank
0,7 ”
Eingongstilskot frå Etne kommune 2012
1,5 ”
Lån i Kommunalbanken
13,0 ”
Framtidig dugnad og Innsamling
4,0 ”
Tilsaman
20,0 mill
Etne kommunestyre gav i møte den 20. mars 2012 tilsegn
om kr. 1,5 mill i tilskot, lånegaranti for kr. 13 mill. gratis
tomt og omleggjing av kommunevegen, og dessutan kr.
0,6 mill. i auka årlege løyvingar til driftskostnader. Den
vesentlegaste delen av finansieringa var dermed på plass.
Ein såg det snart at det kunne bli nokre år å venta med å få
koma i gang om alle innsamlingsmidlane skulle vera på plass før
byggjestart. Ein del av desse
midlane måtte lånast for å få
koma i gong. For å vera sikre
på at lån til ”innsamlingsdelen” kunne tilbakebetalast
til rett tid, måtte det sikrast
tilsegn om framtidige gåver
og anna. Alle innbyggjarane
i Etne vart inviterte til å vera
med på ei gjevarteneste,
samstundes som næringsverksemdene vart oppmoda
Harald Grønnevik
Sokneprest i Skånevik
om å støtta kyrkjeprosjektet. Responsen på den faste
gjevartenesta har gitt som resutlat årlege gåver på opp
mot kr. 300.000. Dette, i tillegg til ein del gåver frå næringsliv, loppemarknad m.m. sette oss i stand til å setja
byggjeprosessen i gong. Lånebehov for innsamlingsdelen
var maksimalt kr. 3 mill. Dette er sikra med lånetilsegn
for same beløp.
Innsamlinga – den delen som må skaffast frå privatpersonar og andre – har gått svært godt. I løpet av 2012 og
fram til utgangen av mai i år har ein fått inn om lag kr.
1.230.000. Av desse er kr. 400.000 netto frå Bruktbua
som vart starta hausten 2012. Det er også utført ein
betydeleg dugnadsinnsats.
Gjennom stolaksjonen er det fram til 23. juli kome inn
kr. 244.000
Gjennom heile byggjeprosessen har byggjenemnda
vore oppteken av å halda seg innafor budsjettet på kr.
20 mill, samstundes som endringar som fører til endå
betre løysingar har vore viktige tema. Alle rekningane
er ennå ikkje på plass, men så langt ein kan sjå i dag, vil
budsjettet halda. Det må då leggjast til at utsmykkinga
så langt er svært nøktern.
Så er det viktig at privatpersonar og næringsliv framleis
støttar kyrkja økonomisk, slik at tilleggslån kan bli tilbakebetalte før den stipulerte tida på om lag 8 år.
Harald Lindevik
Slik er fasongen på stolen, sjølv om fargen er ein anna.
12
Vigslingshelg
Program, vigslingsfest for Etne kyrkje
Torsdag 29. august kl. 16
For dei godt vaksne
Ettermiddagstreff for pensjonistar og
eldre i Etne kyrkje.
Song og musikk, Etne Soulchildren,
KM-karane, andakt v/ sokneprest Per
Hjemdal, variert program og rikelig
høve til å sjå seg omkring.
Servering av god kaffi og betre kaker!
Treng du transport? Ring 53 77 11 70!
Alle ”godt vaksne” hjarteleg vel møtt!
Laurdag 31. august
Familiesamling
Kl. 11.00: Samling for heile familien i
nye kyrkja!
Kl. 11.30: Vi lagar kor for alle barn og
øver inn inngangssongen til festgudstenesta dagen etter
Kl. 12.30: Lunsj
Kl. 13.30: Aktivitetar, leikar og konkurransar med premier!
Slutt ca kl. 15.00
Pris kr 40,- pr barn, familie max
kr 100,- (men det er heilt frivillig!)
Søndag 1. september
Vigslingsgudsteneste
Fredag 30. august
Nettcafé - special edition
Kl. 18: Fredagsklubb i nye kyrkja! For
alle som går i 1. – 7. klasse. Samlingsstund, hemmeleg gjest, aktivitetar,
frukt og gøy.
Kl. 20: Nettkafé for deg som går
i 8. klasse og oppover.
n Trylleshow med Ruben Gazki
n God mat
n Mal en bil
n Konsert med Beyond Open
Landscapes
n Avslutning med stille stund
i Etne kyrkje
Kl. 11.00: Stor festgudsteneste ved
Biskop Halvor Nordhaug.
Vigsling av kyrkja
Etter gudstenesta vert det stor festkyrkjekaffi med festtalar, song m m.
Dugnadsfolk, økonomiske støttespelarar og ALLE i heile Etne hjarteleg
velkommen!
Måndag 2. september
Skalkefestgudsteneste
Kl. 19.00: Stille kveldsgudsteneste
med nattverd v/ dei lokale prestane.
Skalkefest/kyrkjekaffi etter
gudstenesta.
29. august - 2. september
13
LIVETS GANG
ETNE DØYPTE:
07. april, Grindheim: 19. mai, Gjerde: 19. mai, Gjerde: 19. mai, Gjerde: 26. mai, Grindheim: 26. mai, Grindheim: 09. juni, Stødle: 30. juni, Gjerde: 04. august, Gjerde: Frida Halleland
Simen Ness Heien
Kristine Forseth Jakobsen
Marie Forseth Jakobsen
Aria Opedal
Tilla Ravndal
Nicklas Harboe Opheim
Troy Skjervheim
Eilen Opheim
konfirmanter
VIGDE:
08. juni, Stødle: Hanne Kringlebotten og Leif Ståle Ree
09. juli , Etne: Lise Løvereide og Ole stølås
20. juli. Stødle: Barbro Ramstad og Vidar Vorland
GRAVLAGDE:
02. april, Stødle:
11. april, Grindheim:
16. april, Stødle:
19. april, Stødle: 21. mai, Grindheim:
31. mai, Gjerde:
04. juni, Gjerde: 07. juni, Stødle:
10. juni, Grindheim
10. juli, Stødle
31. juli, Gjerde
Ottar Klokkerstuen
Erling Åkra
Jostein Midtun
Guro Haaland
Eva Kersbergen
Brita Nygård
Peder Johan Huse
Sigbjørn Rafdal
Ingeborg Onstein
Gunhild Julie Fosse
Astrid Kristine Rødne
SKÅNEVIK DØYPTE:
17. mars, Skånevik
Endre Funderud
17. mars, Skånevik
Live Kaldråstøyl Johansen
17. mars, Skånevik
Sebastian Konova Sævareid
17. mars, SkånevikDeivid Konova Sævareid
31. mars, Skånevik
Ailo Langhelle Tronstad
31. mars, SkånevikRakel Helle Tendal
01. april, MarkhusRenate Jonas
23. juni, Skånevik
Peder Lygre
VIGDE:
25.mai, Skånevik
Siv Helen Hus og Arve Ribesen
15.juni, SkånevikRandi Aga og Leif Bjørnar Larsen
22.juni, Skånevik
Jorunn Winterthun og Mårten
Sævareid
13.juli, Skånevik
Anna Karina Olsen og Jostein Lygre
20.juli, Skånevik
Angelica Haga Røberg og Jacob
Olseth Bull Tornøe
27.juli, Skånevik Hege Sævareid og Martin Wickholm
GRAVLAGDE:
22.mars, Skånevik
Marta Gravdal
22.mars, Skånevik
Jenny Lutro
05.april, Skånevik
Øystein Wiland Skumsnes
28.april, Fjæra
Aksel Rafdal
14 Skånevik
07.juni,
Kari S Christophersen
25.juli, SkånevikDagny Aakra
Skånevik:
Første rekkja frå venstre: Marie Skålnes Sjursen, Nora Johansson Solberg,
Gunvor Johansson Garvik, Britt Synnøve Sveen Markhus.
Andre rekkja fråp venstre: Soknepr Harald Grønnevik, Frida Krog, Anita Leknes, Matias Birkenes Arefjord.
2013
Etne:
Bakerst frå venstre: Erlend L. Auestad, Hans Jørgen Hjemdal, Kenneth Kaldheim, Arne Sigmund Gravelsæter, Arne Kaldheim Håland,
Dennis Aakre Hegerland, Ingebrigt Håland, Erlend Kringlebotten, Kjetil Sævareid, Sverre Johannes Rullestad
Tredje rekke frå venstre: Nils Erik Eide, Mikal Tesdal, Thor Erlend Sirnes, Ivar Tesdal Galtung, Erling Lundal, Martin Eldregard Håheim,
Jonas Grindheim, Sander Pedersen, Sander Hornenes
Nest fremste rekke frå venstre: Joakim B. Haraldseid, Einar Steine, Arturas Rokas Ivanovskis, Amalie Iversen, Vibeke
Moe, Alda Trovanelli, Synne Fosse, Kristin Silde Frønsdal, Astrid Kaldheim Håland, Stian Vestbø Hardeland, sokneprest
Per Hjemdal
Fremste rekke frå venstre: Ingebjørg Ronæs, Anja Østrem, Vilde Haugen, Johanne Hundseid, Johanne Sofie Steine,
15
Helene Kringlebotten, Agnete Kallestadbakken, Camilla Åsbø Fitje, Mathilde Kringlebotten
Nær 20 ungar kom til verda og Skånevik i fjor, meir enn på lenge. Slikt skaper
entusiasme og gode idear i bygda, og ei
gruppe nybakte foreldre starta Babysong.
Kyrkjeposten har snakka med ei av dei, Silje
Malene Garvik. Ho fortel om ei svært positiv
foreldregruppe som har gjort arbeidet lett.
Det dreiv mest seg sjølv.
Starten var på Ebne bedehus i juni 2012, seinare har det veksla mellom helsestasjonen i
Skånevik og Ebne. Stort sett har dei halde 2
samlingar i månaden, med jamt over 6-8 ungar.
Mykje song og kos har vore på programmet.
Trusopplærar Astrid har og gitt tips og hjelp.
Babysong er godt og stimulerande for ungane,
men og ein fin møteplass for foreldre som
synes det er kjekt å koma seg litt ut i permisjonstida og treffe andre i same livssituasjon.
Avslutninga før sommaren var i doktorhagen
12. juni. Korleis det blir vidare, er ikkje heilt
klårt. Ungane veks til og kjem i barnehagen
og foreldra er tilbake på jobben. Men nye
Babyboom og Babysong i Skånevik
babyar kjem til og kunne fortena meir Babysong. Om nokon er opptekne av vidare drift,
kan dei godt ta kontakt og snakka med Silje
SOMMARAVSLUTNING TRIPP TRAPP TREFF
Etne, Skånevik og Sævareid Tripp Trapp Treff
hadde felles avslutning på Sævareid skule.
Søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger
var med oss. Sola hadde gøymt seg og det var
litt surt så me hadde samlinga inne. Der song
me saman.
Bibelforteljinga fekk me oppleva gjennom
dramatisering. Me fekk høyre om Jesus som
døydde på korset og sto opp igjen. Vennene til
Jesus var redde og hadde låst døra i huset dei
var i. Plutseleg sto Jesus der. Då vart dei endå
reddare og trudde det var eit spøkelse. Jesus
ba dei ta på han og viste dei hendene sine.
Så spurte Jesus om dei hadde mat. Alle
fekk fisk å ete. Eit spøkelse kan ein
ikkje ta på eller gi mat. Då skjøna
venne til Jesus at det verkeleg var
16
Jesus.
Seinare opplevde venne til Jesus at Jesus for
opp til himmelen. Då dei var samla for å feire
pinse, kom det ein sterk vind og den Heilage
Ande kom som ei eldtunge som spreidde seg
rundt til alle som var samla. Noko rart skjedde.
Peter som hadde vore redd blei modig og tala
til alt folket: Jesus er Messias. Peter oppfordra
alle til å tru på Jesus.
Etter samlinga gjekk me ut i regnet og kosa oss
med pølser i brød, sporleik og andre aktiviteter. Nokon valgde å boltre seg inne i gymsalen
medan andre spela fotball i ballbingen.
Takk til Sævareid Tripp Trapp Treff som la så
fint til rette for oss!
Me ynskjer alle GOD SOMMAR og velkomen
på Trip Trapp treff til hausten!
Astrid Askeland Johnsen, trusopplærar
Malene, seier ho.
Harald G
Gode nyhender frå Mali
Siste nytt* frå den politiske situasjonen: Det
er forholdsvis roleg i Mali for tida. Mange
gode krefter arbeidar for å få til eit godt val
i slutten av juli. Dei seinaste vekene har det
vore få sjølvmordsbomberar å sjå. Likevel er
situasjonen i nord spent. Freds- og forsoningssamtalar pågår, men mykje, mykje gjenstår.
Den maliske regjeringa har ikkje godteke eit
krav frå MNLA, tuaregopprørerane, om at den
maliske hæren skal holde seg vekke frå Kidalregionen til valet er over. Frykt for overgrep,
redsle for å miste innverknad på samfunnet
og andre grunnar er årsaker til at MNLA ikkje
ynskjer hæren til stade i Kidal. Samstundes er
ikkje alle tuaregane einige med MNLA.
På måndag kom det ei god regnbyge i Bamako.
Den første store å snakke om. Mange pusta
letta ut. No er det von om litt friskare tider.
Ulempa med regnet et at søppelet som har
vore plassert rundt oppetter vegger og på
bortgøymde stader no har teke sine eigne
vegar, ofte absolutt ikkje der mange vil ha
det som t.d. inn gjennom dørene og portane.
Når regnet kjem nyttar ein del anledninga til
å tømme latriner meir eller mindre rett ut i
gata! Tenk deg då å gå på handletur…
På bibelskulen er det ikkje stille sjølv om ele-
Koda Solomon overtar som ny rektor på
Bibelskulen.
vane no er reiste heim. Bygginga av den nye
lærarbustaden nærmar seg slutten, i alle fall
støypearbeidet. Koda Solomon, som overtar
som ny rektor snart, er no på rundtur og får
treffe tidlegare elevar og folk i kyrkja. I går traff
han dei medlemmene i bibelskulekomiteen
som var tilstades i Bafoulabé. Be for Koda,
for hans inngong i Mali, språk og kulturstudier,
familien hans i Kamerun!
Aadama Bah står på for radiarbeidet. No
håpar vi å få inn nok midlar så vi kan få kjøpt
oss utstyr til radiostudioet. Vi manglar sånn
cirka kr 100 000,Aadama, 11 andre tidlegare bibelskuleelevar
og tre leiarar har hatt møter fire ulike stader
i Bafoulabé-distriktet for ikkje lenge sidan.
Bafoulabé-distriktet fekk midlar frå Normisjon
under føresetnad av at dei arbeidde saman og
fordelte oppgåvene. Dette klarte dei på ein
god måte og fleire fekk vere med som leiar og
undervisar som ikkje hadde vore med i dette
arbeidet på lange tider. Ein stad fekk ein av
mennene ei god aha-oppleving. Ei av kvinnene
underviste svært godt, noko som vedkomande
ikkje hadde sett før eller trudd ho var kapabel
til. Takka vere desse møtene fekk fleire hundre
mennesker høyre om Jesus, kristne rundt i
distriktet fekk nytt mot, leiartrening blei gitt
og distriktet fekk eit løft.
Likande møter har og blitt holdt i Tambagadistriktet i vår. Mange får erfaring i å leie eit
møte, be for andre og undervise, og slik veks
leiarane og kyrkjelydane.
Gjermund Lygre
* Siste nytt: Artikkelen er levert Kyrkjeposten
i slutten av mai.
Kva skjer med sokneprest i Skånevik?
Som mange veit, takkar Harald Grønnevik av i aktiv teneste etter mange
år som prest, dei siste 5 her hjå oss som sokneprest i Skånevik. Avskjedsgudstenesta blir 10. november i Skånevik kyrkje, og vi vonar mange har
høve til å vere med og si han ein stor takk for den gode tenesta hans.
Samstundes blir det aktivt søkt etter en etterfylgjar. Bispedømet har
lyst ut soknepreststillinga i vanlege fora, men i første runde fekk vi ikkje
napp. Forstå det den som kan! Så må heile prosessen gjerast ein gong til.
Vi vonar det kjem gode søkjarar også gong nr 2, og at ny prest er tilsett
før jula ringjast inn.
Etne senter - Tlf. 53 75 60 44
17
Møtehelg ved
Kurt Hjemdal
Den 11. – 13. oktober samlast
kyrkjelyden igjen til undervisning og åndeleg fellesskap rundt
tekstane frå Paulus sitt brev til
Efesarane. I oktober i fjor var vi
samla på Rygg bedehus, kor tidl.
bibelskulerektor og sokneprest
Kurt Hjemdal gav grundig men
lettfatteleg innføring i dei tre
fyrste kapitla i dette brevet som
er så rikt på trøyst og oppmuntring. No kjem Kurt Hjemdal att
til Etne kyrkje og held bibelsamlingar over den siste halvdelen
av Efesarbrevet.
Ein treng ikkje ha høyrt fyrste del
for å få utbytte av desse samlingane, så alle er hjarteleg velkommen til samlingane, anten de tok
del førre gong eller ikkje.
Kurt Hjemdal er kjent for å være
STØTT
Kirkens Nødhjelps
fasteaksjon 2013
Støtt Kirkens Nødhjelp og skap forandring.
Saman med andre. For andre.
For kvarandre.
KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON
SAMAN
FORANDRE
17.-19. mars 2013
engasjerande og lett å lytte til, og
sjølv om han frå oppveksten drar
på det danske, vil alle oppleve
at han etter mange år i Noreg er
lett å forstå og talar tydeleg både
kva angår språk og innhald.
Vel møtt for ei utbytterik helg!
Program:
Fredag 11. oktober
Kl 19 – Møte i Etne kyrkje
Laurdag 12. oktober
Kl. 11 – Møte i Etne kyrkje
Kl. 1230 – Felles måltid
Kl. 1330 – Møte i Etne kyrkje
Sundag 13. oktober
Kl. 11 – Gudsteneste i Etne kyrkje
- med heile vegen
Minnegåve til Fjæra kapell
Me vil takka hjarteleg for minnegåva på kr.7 163,- som kom inn
ved Lars M Rullestad si gravferd.
Merk desse datoane
til hausten!
20. oktober – Fjæra kapell 100
år. Stor festgudsteneste og jubileumsmarkering med samling på
skulen etter gudstenesta. Meir
info kjem!
10. november – Skånevik kyrkje.
Avskjedsgudsteneste for sokneprest Harald Grønnevik.
Me tar oss av alle gjeremål
i samband med
dødsfall og gravferd
i Etne og omegn.
Etne Gravferdsbyrå
5590 Etne - Tlf. 53 22 50 10 - Døgnvakt
Send GAVE på sms til 2468 (200 kr) eller
eller ring 820 44 088 (200 kr) eller
benytt kontonummer 1594 22 87493
Kirkens nødhjelp sin
fasteaksjon 2013
18
Når du mister nokon
du er glad i
Resultatet vart Etne
25 433,50
Skånevik10 503,Takk for det De gav!
Til konfirmantar og
DØGNVAKT - Tlf: 53 76 82 03
medhjelparar:
www.olenbb.no
Takk for innsatsen!
ETNE - VINDAFJORD - TYSVÆR
Sunnhordland Mek Verksted AS
Tlf. 53 77 12 00
Kyrkja – Adresser
Kyrkjas tilbod til barn og unge
i Etne og Skånevik
Søndagsskulen
Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65
Tripp Trapp Treff
Tripp trapp treff på Enge bedehus anna kvar onsdag.
Sjå etter plakat.
Det blir treff annakvar onsdag utover hausten.
Er du ein vaksen - ei bestemor eller bestefar - som har lyst
å hjelpe med praktisk arbeid er du hjarteleg velkommen til
å ta kontakt med Astrid på kyrkjekontoret.
Skånevikspeidaren
Småspeidarane: 3. og 4. klasse
Storspeidarane: 5.-10. klasse
Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30.
Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186
Etne Soul-Children
Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annakvar veke torsdagar kl 15.30-17.00
Enge bedehus. Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945
Fredagsklubben
Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse. Enge bedehus kl 18.00-19.30
Gruppeaktivitetar, song og andakt
KFUK-KFUM speidarane
Oppdagarane frå 3.-4. klasse. Annakvar tysdag kl 18-19.30.
Kontaktperson Marta Onstein 480 95 999
Vandrerar frå 5. klasse. Møte ein laurdag i månaden kl 11-15.
Kontaktperson Ingunn Frette 474 19 364
www.etnespeidar.com for meir informasjon.
Etne Nettkafè
For ungdom frå 8. klasse og oppover.
Annakvar fredag på Enge bedehus kl. 20.00-23.30.
Bordtennis, biljard, internett, Wii, PS3, Xbox,
kiosk, pizza, prat, samling med lystenning osv.
Etne kyrkjekontor
Postboks 6, 5591 ETNE
tlf. 53 77 11 70
Heimeside: www.etne.kyrkja.no
Soknepresten i Etne,
Per Hjemdal.
53 77 11 72 / 411 26 549
[email protected]
Soknepresten i Skånevik,
Harald Grønnevik. 922 51 816
Kontortid: Onsdag kl. 10-13
i Skånevik prestegard.
[email protected]
Kyrkjeverje
Aud Jorunn Baustad
960 16 864
[email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar
Astrid Askeland Johnsen
[email protected]
Organist
Solveig Sørheim
Tlf. 402 86 871
[email protected]
Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar
Bjørn Stødle
911 99 960
Kyrkjelydssekretær
Mette Tøsse Voll
[email protected]
Soknerådsleiar i Etne
Pål Atle Baugstad
53 75 49 96 / 416 06 945
Soknerådsleiar i Skånevik
Eli Garvik
53 75 59 74
Fellesrådsleiar
19
Harald Lindevik
53 75 44 74 / 975 89 056
Gudstenester
Hausten 2013
Dato
KL
Søndag
Stad
Etne
Type
Vigsling
Prest
1-Sep
11.00
15. s i treenighetstiden
Biskop Halvor Nordhaug
8-Sep
11.00
16. s i treenighetstiden Etne
Familiegudsteneste
15-Sep 11.00
17. s i treenighetstiden
Etne
Høgmesse
Grønnevik
15-Sep 17.00
17. s i treenighetstiden
Fjæra
Høgmesse
Grønnevik
22-Sep 11.00
18. s i treenighetstiden
Stødle
Høgmesse
Hjemdal
22-Sep 11.00
18. s i treenighetstiden
Skånevik
Familiegudsteneste
29-Sep 18.00
Mikkelsmesse Etne
Familiegudsteneste
6-Oct
17.00
20. s i treenighetstiden
Frette
Høgmesse
Grønnevik
6-Oct
11.00
20. s i treenighetstiden
Gjerde
Høgmesse
Grønnevik
13-Oct 11.00
21. s i treenighetstiden
Etne
Høgmesse
Hjemdal
13-Oct 11.00
21. s i treenighetstiden
Skånevik
Høgmesse
Grønnevik
20-Oct 11.00
22. s i treenighetstiden
Fjæra
Jubileum
27-Oct 11.00
Bots og bededag
Etne
Høgmesse
Hjemdal
3-Nov
11.00
Helgemesse
Stødle
Høgmesse
Hjemdal
3-Nov
11.00
Helgemesse
Skånevik
Høgmesse
10-Nov 17.00
25. s i treenighetstiden
Skånevik
10-Nov 11.00
25. s i treenighetstiden
Etne
17-Nov 11.00
26. s i treenighetstiden
Grindheim Høgmesse
Hjemdal
24-Nov 19.00
Kristi kongedag
Etne
Høgmesse
Hjemdal
24-Nov 11.00
Kristi kongedag
Fjæra
Høgmesse
Hjemdal
Grønnevik
Prost Svein Arne Theodorsen
Misjonsfest på
Rygg bedehus
fredag 20. september kl. 19:00
Tale av Klaus Muff
Alle er hjarteleg velkomne!
NMS sine møter
blir i haust slik:
6.oktober kl. 19.30 Misjonsmøte Enge Bedehus.
24.november kl. 19.00 Enge
Bedehus.
Song og musikk møte v/ Astrid og Lars Reinlund
Grønnevik
Familiegudsteneste
Endringar kan skje.
Fylg med i Grannar!
Skånevikspor i amerikansk kyrkjeliv
20
Då eg sat i Frette kapell i sommar og
høyrde Arne Everson frå Minnesota
syngja salmen ”Jesus victorious” som
bestefaren laga både orda og tonen
til, tenkte eg at dette fortener ein
notis i kyrkjebladet. Vigleik Engebrigt
Iversen immigrerte frå Skånevik til
Amerika i 1892. Han utdanna seg til
prest i den lutherske kyrkja og gjorde
teneste både i New York og i Minnesota til han døydde. Han var ein fin
poet og laga også musikk, og i den
mykje brukte salmeboka The Concordia Hymnal står han som ein av utgjevarane. Ein annan av dei var og Oscar
Overbye som var gift med Vigleik si
dotter Gertrude. Dei underviste begge
i mange år ved St Olaf College i song
og musikk. Oscar er og representert i
vår koralbok som arrangør. Slik har ein
immigrant frå Skånevik sett spor etter
seg i amerikansk kyrkjeliv. Mange av
Vigleik sine slektningar bur framleis i
området her. Og dei to siste somrane
har me hatt to av etterkomarane, Joe
og Arne, på besøk.
HG