SUNDE I MATRE - kulturnett.no

Download Report

Transcript SUNDE I MATRE - kulturnett.no

SUNDE I MATRE
LANGHUS FRÅ FOLKEVANDRINGSTID / LONGHOUSE FROM THE MIGRATION PERIOD / LANGHAUS VON DER VOLKSWANDERUNGSPERIODE
N
GB
D
Dei arkeologiske granskingane som vart utførte på slutten av
1990-talet på Sunde i Matre, Kvinnherad kommune, er med på å
kaste nytt lys over kulturhistoria i regionen. Det vart her funne
spor etter ein jakt- og fangstbuplass frå eldre steinalder og jordbruksbusetnad frå yngre steinalder, bronsealder og eldre jernalder. Det aller mest spanande som kom fram var spor etter eit
grindbygd langhus som stod på plassen for 1500 år sidan. Treverk
frå to av dei takberande stolpane stod framleis att, noko som er
svært sjeldan. Organisk materiale rotnar fort i det sure jordsmonnet på Vestlandet og det er berre under spesielle tilhøve at
gjenstandar av tre, lær, bein og tekstilar frå førhistorisk tid vert
funne. Eit lag med leire over store deler av hustufta tyder på at det
har gått eit ras i samband med flaum i elva like ved. Dette har nok
verka til at det organiske materialet i hustufta har halde seg godt.
Det er ei gåte kvifor om lag halvparten av dei over 6000 beinfragmenta som vart funne i eldstaden i huset stamma frå
menneske. Er det mogleg at det har føregått ein kremasjon
inne i huset?
The archaeological excavations that took place here at the end of
the 1990’s shed new light on the cultural history of this region.
Traces of a hunter-gatherer site from the early Stone Age and
agricultural settlements from the late Stone Age, Bronze
Age and early Iron Age were found here at Sunde. The most
exciting find was the remains of a “grind” built long house that
stood here 1500 year ago. The external measurements of the long
house were 35 x 10 meters, with an interior area of 230 square
meters. The longhouse was divided in two with the farm animals
living in one side and people on the other. This type of house
has a long tradition in western Norway, possibly all the way
back to the late Stone Age and up to the 1800’s. Wood from
two of the 22 posts (2 rows of 11 posts) that supported the roof
was still preserved in the stone-lined postholes. The axe marks
were still visible on the post remains. Organic materials rot
quickly in the acidic soil of western Norway and it is only under
special conditions that artifacts of wood, leather, bone and
textiles from prehistory are found. A layer of clay from floodwaters of the nearby river was found over large parts of the site,
and this is what truly preserved the parts of the wooden posts.
It is a mystery why half of the 6000 bone fragments found in the
hearth of the longhouse were from a human, most likely a child.
Das Ende des letzten Jahrhunderts in Sunde/Matre in der
Gemeinde Kvinnherad durchgeführten archäologischen Untersuchungen warfen neues Licht über die Kulturgeschichte der
Region. Dabei wurden hier in Sunde die Spuren eines Wohnplatzes
von Jägern und Sammlern aus der frühen Steinzeit und von bäuerlichen Siedlungen aus der jüngeren Steinzeit, der Bronzezeit und
frühen Eisenzeit gefunden. Die spannendste Entdeckung waren
die Reste eines in Gatterkonstruktion gebauten Langhauses, das
vor 1500 Jahren hier stand. Das äußere Maß dieses Langhauses
betrug 35 x 10 Meter, im Inneren war es 230 Quadratmeter groß.
Das Langhaus war zweigeteilt, ein Teil war den Haustienen vorbehalten, die Menschen lebten im anderen Teil. Dieser Haustyp
hat lange Traditionen in Westnorwegen, er war möglicherweise
bereits in der jüngeren Steinzeit und bis ins 19. Jahrhundert hinein verbreitet. Das Holzmaterial von zwei der insgesamt 22
tragenden Pfähle (zwei Reihen mit je elf Pfählen) war in den
von Stein umgebenden Löchern noch erhalten, in den Resten
der Pfähle waren die Axtspuren noch deutlich zu erkennen.
In der sauren Erde Westnorwegens fault organisches Material sehr schnell, und nur unter ganz besonderen Bedingungen wurden vorhistorische Gegenstände aus Holz, Leder, Knochen oder Textilien gefunden. Eine Lehmschicht, die von der
Überschwemmung durch den angrenzenden Fluss herrührte,
bedeckte große Teile der Hausfläche. Sie hat wahrscheinlich das Verfaulen der Holzpfähle verhindert. Ein Mysterium
bleibt allerdings, dass rund die Hälfte der 6000 in der Mitte
des Langhauses gefundenen Knochenreste von einem Menschen und höchstwahrscheinlich von einem Kind stammen.
VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV!
HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG KVINNHERAD KOMMUNE.
SPOR FRÅ STEINALDER OG
BRONSEALDER
På flata ved langhuset og nedanfor
vegen er det funne spor etter
busetnad frå steinalder. På denne
tida stod sjøen høgare og
buplassen låg i strandkanten.
I samband med dei arkeologiske
undersøkingane vart det funne
reiskapar i stein som pilspissar,
skraparar og økser. Det har og
vore busetnad på staden i bronsealderen. Dette viser funna av
keramikk og ein flateretusjert pilspiss i flint. I tillegg er ein eldstad
og fleire groper radiokarbondatert
til bronsealder.
Det har budd folk på staden gjennom store delar av steinalder og fram til siste del av eldre
jernalder. Etter denne tida har ein ikkje lenger spor etter busetnad, men marka har vore dyrka av
gardane på Sunde.
Langs den søraustre veggen er to stolpar trekte ut mot inngangen, og nedgravinga for syllstokken er her avbroten.
Inngangen i nordvestveggen går ned via berget. Denne er
synleg gjennom opphald i oppmuringa på berget, og det er
sprengt (eld og vatn) vekk større steinar frå berget. I bustaddelen er det spor etter oppmuringar i stein som truleg er restar
etter benkar og soveplassar. Langs veggvollane og på bustadflata er det funne felt med never og torv og tynne, brente trestokkar, som ligg oppå kulturlaget. Dette er restar etter taket
som var tekt med troer, never og torv.
Innvendig er det avtrykk etter minst 11 par med takberande stolpar. Stolpane vart reist eit stykke
innanfor ytterveggane og haldne saman øvst med tversgåande stokkar, eller såkalla betar. I lengdesetninga vart grindane haldne saman av stavleier og støtta opp med band. Dei fleste av stolpane
har hatt steinskoning som støtte og for å motverke roteskader på tømmeret. Stolpane i fjøsdelen
er noko mindre enn dei ein finn i bustaddelen, men med kraftigare firkanta steinskoningar. I den
eine ytterveggen var ståande plankar sett inntil kvarandre i ein syllstokk som var lagt ned i bakken.
Langveggen mot nordvest og kortveggane i nordaust og sørvest har vore mest utsette for vêr og vind.
Dette er truleg forklaringa på at ein her, i staden for treverk, har nytta stein.
I ein av steinskoningane i fjøsdelen stod
delar av stolpen att. Den takberande
stolpen er av alved og tilhoggen med øks
til ein firkanta stolpe på 15 x 15 cm.
Øksespora er godt synlege på stokken.
ELDSTADEN
Flateretusjert pilspiss i flintt
Tre av veggane i tufta har hatt veggvollar i stein, og ein bergknaus har utgjort delar av den eine
langveggen. Den andre langveggen i søraust har vore bygd i tre. Dette går fram av ei nedgraving
og avtrykk etter syllstokk som er synleg langs heile veggen. I tillegg er det spor etter steinskodde
stolpar langs utsida av langveggen i søraust. Midtpartiet av huset ligg på toppen av eit høgdedrag,
med svak helling ut mot dei to endeveggane. Ei mengd mindre stolpar er også avdekka inne i
huset. Truleg har fleire av desse vore delar av skiljeveggar i huset. Det er funne spor etter to
inngangar til langhuset. Desse er plasserte midt på begge langveggane.
Hustufta under utgraving
Også i bustaddelen stod det att
restar etter ein av dei takberande
stolpane. Denne stolpen, som er
av furu, er rund og har ikkje
steinskoning slik som i fjøsdelen.
Tverrmålet på stolpen er om lag
20 cm. Treverk frå stolpen vart
radiokarbondatert til
250–400 e.Kr.
Hulegga øks i bergart
MATREHUSET - EIT GARDSANLEGG FRÅ ELDRE JERNALDER
Dei ytre måla viser at hustufta er 35 meter lang og 10 meter brei.
Langveggane krummar inn mot endane, noko som ser ut
til å vera ein vanleg byggjeskikk på denne tida.
Bruksarealet inne i huset har vore på heile
230 kvadratmeter. Den sørvestre halvdelen
av langhuset var nytta som bustaddel,
medan resten var fjøs for buskapen.
Langhuset har ein lang tradisjon i Noreg
og har vore i bruk heilt inn i vikingtid.
Då kjem laftet inn og ein får fleire og
yg g med ulike
mindre bygningar
funksjonarr i gardstunet.
ader har derimot tradisjonen
Somme stader
nbygde hus med fjøsdel
med samanbygde
halde seg fram på 1800-talet.
Sentralt i bustaddelen hadde gardsfolket bygd ein hellelagt eldstad for å skaffe seg lys og varme. Ei
stor helle like ved, kan ha fungert som arbeidsbord. I botnen av eldstaden var det eit tjukt lag med
trekol og brente bein. På eit seinare tidspunkt er eldstaden
hellelagt på ny, noko som har gitt eit nytt kraftig kollag. Ved
undersøkinga vart det teke ut trekol til dateringsprøvar både
frå botnen og toppen av eldstaden. Begge prøvane
inneheldt trekol frå bjørk som har vore nytta som brensel.
Radiokarbondateringane frå begge laga gav omlag same
alder, 420 – 600 e.Kr., og syner at huset har vore i bruk i
folkevandringstida. Det vart teke ut over 6300 beinfragment frå kollaga i eldstaden.
BEINMATERIALET FRÅ ELDSTADEN – SPOR ETTER KREMASJON?
Arkeologane venta at ein analyse av beinmaterialet kunne fortelja meir om kva slag dyr ein nytta
som føde, men analysen gav overraskande resultat. Den viste nemleg at om lag halvparten av beinmaterialet stamma frå menneske, og då truleg eit barn. Det er mest nærliggjande å tenkja seg at
det har funne stad ein kremasjon i huset. Resultatet frå Matre kan kasta nytt lys over gravritual og
handsaming av dei døde i eldre jernalder. Keramikken som vart funnen i eldstaden, og elles i hustufta, er av same slag som den keramikken vi finn i graver og hustufter på andre gardsanlegg frå
folkevandringstida. Det er såleis ikkje noko som tyder på at denne hustufta har hatt anna funksjon
enn eit vanleg gardshus med bustad og fjøs.
FUNN AV GJENSTANDAR I LANGHUSET
I samband med veggvollane, stolpehola og eldstaden er det funne 230 skar av spannforma
keramikk. Det vart og funne ein del bitar av kleberkar. Desse funna viser at både leirkara og
kleberkara hadde ulik form og storleik. Godset i dei spannforma leirkara har vore magra med
mykje kleber. Dei tre typane dekor på keramikken tidfestar bruken av huset til tida mellom 400
og 500 e.Kr. Nokre av kleberskara har hol for opphenging, og er truleg restar etter gryter som har
hengt over eldstaden. I hustufta er det og funne fiskesøkke, spinnehjul, vevlodd, bryne,
gjenstandar av jern, glas og ein figur i tre. Desse funna fortel om spinning
av ull og veving av klede og teppe i huset. Vevlodda av kleberstein heldt
renningen i veven stram. Bryna fortel om kvessing av reiskapar.
j
Fiske- og garnsøkka viser at fiske i Matrefjorden
har vore ein del
av ressurstilfanget på garden.
Skar av dekorert spannforma
rma
keramikk
Eldstad
Bryne
Garnsøkke i kleberstein
Eldre steinalder
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Før-romersk jernalder
9000 f.Kr - 4000 f.Kr.
4000 f.Kr - 1800 f.Kr.
1800 f.Kr - 500 f.Kr.
500 f.Kr - Kristi fødsel
0
0
Eldre jernalder
Romertid
Eldre jernalder
Folkevandringstid
Yngre jernalder
Merovingertid
Yngre jernalder
Vikingtid
Kristi fødsel - 400 e.Kr.
400 e.Kr - 550 e.Kr.
550 e.Kr - 800 e.Kr.
800 e.Kr - 1050 e.Kr.
Spinnehjul i kleberstein
Mellomalder
1050 e.Kr - 1537 e.Kr.
Redaksjon, tekst, foto, planteikning, kart og grafisk formgjeving: Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga
Rekonstruksjonar: ARKIKON