Dag- for dagprogram august.pdf - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

Download Report

Transcript Dag- for dagprogram august.pdf - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

I vikingane sine fotefar
til «Vesterhavsøyane»
FÆRØYANE
med TV-kjendis Dag Lindebjerg som kjentmann
6- dagars tur med fly frå Bergen, med avreise 7/8 2015.
60 mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike som ligg berre ein
god times flytur frå Norge. I ei omfattande undersøkjing som tidsskriftet National Geographic
gjorde i 2007, gjekk Færøyane til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda! Med
topplassering framfor eksotiske øyar som Bermuda og Hawaii, fekk Færøyane desse
kommentarane frå eit panel som besto av over 500 «reisespesialistar» : «Deilige upolerte øyer
– en fryd for den reisende.»
Eit prektig isskapt landskap med utrolig bratte skrenter. Et samstemt lokalsamfunn og en egen
bygningskultur som er fornuftig bevart og vernet ..».
For andre året står desse øyane i Nord- Alanteren i Travelnet Fjordane Reisebyrå sitt
turprogram og vi tilbyr ein innhaldsrik tur der du mellom anna vil få oppleve
Tòrshavn – ein av dei minste og hyggjelegaste hovudstadane i verda.
Kirkjubøur – det kulturelle og geistlege sentrum i mellomalderen, med ein imponerande ruin
av St. Magnus domkirke.
Vestmanna – med sine fuglefjell og grotter.
Dalur – der vi får oppleve Færøysk kultur med song, dans og lokal mat.
Gøta – med hovedgarden til den vidgjetne heidenske vikinghøvdingen Tròndur i Gøtu og
museet Blàsastova der vi finn eit komplett gamalt færøysk landsbymiljø.
Gjøgv – med eit praktfullt naturlandskap og naturlege hamn.
Klaksvik – den viktigaste fiskerihamna på Færøyane.
Vi er særs glade for også i år kunne tilby turar til
Færøyane saman med Dag Lindebjerg. Turane i 2014 var svært
vellukka, og vi gler oss til å få vise fram dette flotte øyriket
til fleire. Dag er tidlegare NRK-journalisten som vi no
kjenner best som den smilande og forteljarglade Lindebjerg
gjennom vakre naturprogram, helst med tilknyting til
sjøen og kystkulturen. Serien han laga frå dei vakre
«Vesterhavsøyane» gav mange ønskje om å vitje desse vakre
øyane i vest.
7. – 12. august 2015 kan DU få vere med Dag på tur
til Færøyane. Han kjenner historia, folket og geografien og
vil vere med på å gje deg ei turoppleving som du vil ha glede
av i lang tid.
Dag 1: Fredag 7. august / Ankomst Torshavn
Vi reiser med Atlantic Airways frå Flesland/Bergen kl. 20:30 til Færøyane. Ankomst Vágar kl. 20:50
lokal tid. Her ventar buss for transport til overnattingsstaden Hotel Bladipy, midt i sentrum av byen.
Undervegs vil reiseleiaren informere om programmet for dagane på Færøyane.
Etter at vi har sjekka inn på hotellet vert det servert eit enkelt måltid før ei god seng ventar.
Dag 2: Laurdag 8. august / Rundtur i nordaust- og nordøyane, Gjøgv og Klaksvik
Dette har vi venta på, og no er turen i gang. Etter ein god frukost på hotellet reiser vi
nordvestover til den praktfulle naturhamna Gjøgv. Med sine klipper og fjell er landskapet
facinerande flott. Vi skal ete lunsj på gjestehuset Gáargardur, og for fyrste gang kjenne på den
Færøyske gjestfridomen. Vidare går turen til Klaksvik, med fleire stogg undervegs.
Klaksvik er den viktigaste fiskerihamna på Færøyane. Allereie i 1838 vart ein filial av den kongelige
monopolhandelen opna her. Det var også her mange av vikingane kom svært tidleg. Det vert sagt at
om du er på Færøyane utan å vitje denne energiske «hovudstaden» i nord, har du ikkje fått fullt
utbytte av turen din til Færøyane. Felles middag i Torshavn.
Dag 3 : Søndag 9. august / Torshavn og Sandur
Etter frukost er det tid for ei byvandring i Torshavn. Denne trivelege hovudstaden, med
mykje norsk historie. Vi avsluttar vandringa med lunsj på lokal restaurant. Etter lunsj vert vi henta
med buss og køyrer til ferjeleiet der ferje går over til Sandøy. Her skal vi besøke den vesle bygda
Dalur, der vi vil oppleve Færøyisk kultur med song, historier og dans. Det vert servert middag før vi
reiser attende til Tórshavn med ferje og buss.
Dag 4 : Måndag 10. august / Båttur til Vestmanna klippene, Gásadalur
Etter ein god frukost på hotellet er føremiddagen til fri disposisjon fram til at vi samlast, for
avreise over fjellet til bygda Vestmanna. Herifrå vert det båttur til kjende fuglefjell og grotter som
er nokre av dei største turistattraksjonane på Færøyene. Kor nær fjell og grotter båten kjem er
avhengig av vær og vind. Etter båtturen vitjar vi den vakre bygda Gásadalur på veg heim til hotellet.
Felles middag i Torshavn.
Dag 5 : Tysdag 11. august / Koltur og Kirkjubøur
Etter frukost vert dei som har meldt seg på turen til Koltur henta med buss for ei annleis
utflukt. Denne vesle flotte øya, med eit fantastisk og urøyvd kulturlandskap, er definitivt verd å
vitje. Dei som ikkje er med på båtturen, men vil slappe av eller handle i Torshavn blir henta med
buss kl. 13:30. Heile gruppa møtast til lunsj på storgarden Kirkjubøur, samt omvising.
Feller middag i Torshavn.
Dag 6. : Onsdag 12. august / Heimreise
Etter ein tidleg frukost og utsjekk tek vi farvel med Torshavn, og reiser attende til flyplassen.
Avreise Færøyane kl. 08:00, og ankomst Flesland kl. 10:20.
Velkommen til minnerike dagar på Færøyane!
Vi tek atterhald om endringar i programmet!
For spørsmål og påmelding ta kontakt på telefon 57 72 50 90 eller e- post [email protected]
REISEFAKTA
Turpris:
Enkeltromstillegg
Antal dagar
Avreisedato
Returdato
Kr. 16 100,Kr. 1 500,6
07/08 2015
12/08 2015
Irekna i turpris:

Flyreise Bergen – Torshavn t/r

Flyskattar og avgifter

Transferbuss og annan busstransport

5 netter i delt dobbeltrom med frukost

Utflukter i samsvar med program

Båttur Vestmanna

Lokal guide som i program

Enkel mat ved ankomst

Middag dag 2, 3, 4 og 5

Lunsj dag 2, 3 og 5

Kjentmann Dag Lindebjerg

Turkoordinator frå Travelnet Fjordane
Reisebyrå.
Tilleggsprisar:

Utflukt til Koltur
Kr. 765