Dag- for dagprogram Firda Tidend.pdf

Download Report

Transcript Dag- for dagprogram Firda Tidend.pdf

I vikingane sine fotefar
til «Vesterhavsøyane»
FÆRØYANE
med TV-kjendis Dag Lindebjerg som kjentmann
5- dagars tur med avreise 25/6 2015.
Atter ein gong reiser Firda Tidend sine lesarar vestover i havet, i vikingane og forfedrene våre sine
fotefar.
60 mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike som ligg berre ein god
times flytur frå Norge. I ei omfattande undersøkjing som tidsskriftet National Geographic gjorde i
2007, gjekk Færøyane til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda! Med topplassering
framfor eksotiske øyar som Bermuda og Hawaii, fekk Færøyane desse kommentarane frå eit panel
som besto av over 500 «reisespesialistar» : «Deilige upolerte øyer – en fryd for den reisende. Et
prektig isskapt landskap med utrolig bratte skrenter. Et samstemt lokalsamfunn og en egen
bygningskultur som er fornuftig bevart og vernet ..».
Saman med Travelnet Fjordane Reisebyrå tilbyr Firda Tidend ein innhaldsrik 5-dagars tur der du
mellom anna vil få oppleve
Tòrshavn – ein av dei minste og hyggjelegaste hovudstadane i verda.
Kirkjubøur – det kulturelle og geistlege sentrum i mellomalderen, med ein imponerande ruin av St.
Magnus domkirke.
Vestmanna – med sine fuglefjell og grotter.
Dalur – der vi får oppleve Færøysk kultur med song, dans og lokal mat.
Gøta – med hovedgarden til den vidgjetne heidenske vikinghøvdingen Tròndur i Gøtu og museet
Blàsastova der vi finn eit komplett gamalt færøysk landsbymiljø.
Gjøgv – med eit praktfullt naturlandskap og naturlege hamn.
Med oss på turen skal vi ha Dag Lindebjerg som kjentmann og
Reiseleiar. Den tidlegare sportsreportaren i NRK kjenner vi no best
som den smilande, entusiastiske og forteljarglade Lindebjerg som
formidlar vakre naturprogram, helst med tilknyting til sjø- og kystkultur til oss sjåarane.
Gjennom serien som han laga frå «Vesterhavsøyane» fekk mange av oss
auga opp for dette utruleg vakre øyriket midt ute i havet. Då var mange
som tenkte at dette skulle eg jamen gjerne oppleve…
Det har Firda Tidend sine lesarar høve til no!
Midtsommars 2015 kan du vere med Dag på tur til Færøyane
Han kjenner historia, folket og geografien og vil vere med på å gje deg
ei turoppleving som du vil ha glede av i lang tid.
Dag 1: Torsdag 25. juni / Ankomst Torshavn
Turen startar med turbuss frå Sandane til Bergen. Flyavgang med Atlantic Airways frå
Flesland/Bergen kl. 20:30 til Færøyane. Ankomst Vágar kl. 20:50 lokal tid. Her ventar buss for
transport til overnattingsstaden Hotel Bladipy, midt i sentrum av byen. Undervegs vil reiseleiaren
informere om programmet for dagane på Færøyane.
Etter at vi har sjekka inn på hotellet vert det servert eit enkelt måltid (matpakke) før ei god seng
ventar.
Dag 2: Fredag 26. juni / Heildagsutflukt til Gásadalur, Kirkjubøur og Sandur
Dette har vi venta på, og no er turen i gang. Etter ein god frukost på hotellet er det klart for
avreise på busstur rundt i dette fantastiske øy-landskapet. Vi skal vitje bygda Gásadalur og
storgarden på Kirkjubøur der får lunsj og omvising. Etter lunsj går turen med ferje over til Sandøy,
og den vesle bygda Dalur, der vi vil oppleve Færøyisk kultur med song, historier og dans. Det vert
servert middag før vi reiser attende til Tórshavn med ferje og buss.
Dag 3 : Laurdag 27. juni / Båttur til Vestmanna klippene
Etter ein god frukost skal vi bli berte kjend med Torshavn og Dag tek oss med på ei
interessant byvandring. Denne vert avslutta med felles lunsj på Kaffihusid.
Det er ikkje lagt opp til obligatorisk utflukt denne dagen, men ein svært interessant tur står
likevel på programmet for dei som har meldt seg på. Vi køyrer i buss over fjellet til bygda
Vestmanna. Herifrå vert det båttur til kjende fuglefjell og grotter som er ein av dei største
turistattraksjonane på Færøyene. Kor nær fjell og grotter båten kjem er avhengig av vær og vind.
Denne utflukta er ikkje irekna i turprisen og kostar kr.600,- (meir info ved påmelding).
Utflukta tek omlag fem timar totalt. Etter retur til Torshamn vert det felles middag.
Dag 4 : Søndag 28. juni / Heildags rundtur i nordaust- og nordøyane, Gjøgv og Klaksvik
Etter ein god frukost på hotellet reiser vi nordvestover til den praktfulle naturhamna Gjøgv.
Med sine klippar og fjell er det eit facinerande landskap. Vi skal ete lunsj på gjestehuset Gáargardur,
og oppleve den Færøyske gjestfridomen. Vidare går turen til Klaksvik, med fleire stogg undervegs.
Klaksvik er den viktigaste fiskerihamna på Færøyane. Alt i 1838 vart ein filial av den kongelige
monopolhandelen opna her. Det var også her mange av vikingane kom svært tidleg. Det vert sagt at
om du er på Færøyane utan å vitje denne energiske «hovudstaden» i nord, har du ikkje fått fullt
utbytte av turen din til Færøyane. Kyrkja i Klaksvik er også eit majestetisk skue.
Felles middag på hotellet i Torshavn.
Dag 5 : Måndag 29, juni / Torshavn
Etter ein tidleg frukost og utsjekk tek vi farvel med Torshavn, og reiser attende til flyplassen.
Avreise Færøyane kl. 08:00, og ankomst Flesland kl. 10:20. Her ventar turbuss for transport heim til
Gloppen.
Merk. Vi tek atterhald om endringar i programmet.
REISEFAKTA
Turpris:
Enkeltromstillegg
Antal dagar
Avreisedato
Returdato
Kr. 14 900,Kr. 1 200,5
25/06 2015
29/06 2015
Irekna i turpris:

Buss Sandane Flesland t/r

Ferjebillettar

Flyreise Bergen – Torshavn t/r

Flyskattar og avgifter

Transferbuss og annan busstransport

4 netter i delt dobbeltrom med frukost

Utflukter i samsvar med program

Lokal guide som i program

Middag dag 2, 3 og 4

Lunsj dag 2,3, og 4

Kjentmann Dag Lindebjerg

Turkoordinator frå Travelnet Fjordane
Reisebyrå.
Tilleggsprisar:

Båttur m/ busstransport til
Vestmanna
Kr. 600,-
For spørsmål og påmelding ta kontakt :
Tlf. 57 72 50 90
E- post [email protected]