01.02.2011 Hærens spesialstyrkar er i verdsklasse

Download Report

Transcript 01.02.2011 Hærens spesialstyrkar er i verdsklasse

Musikklina med musikal for
femtande gong
I år arrangerer Volda vidaregåande
skule musikal for 15. gong. Fjorårets musikal hadde stor suksess
blant publikum, noko som har gitt
deltakarane i årets musikal noko å
leve opp til.
Musikalen er eit prosjekt som musikk- og
medielina ved Volda vidaregåande skule
har kvart år. Dei to linjene spelar kvar si vesentlege rolle i dette prosjektet, der musikklina står for dramatisering, musikk, song og
dans, og medielina for digitale kulisser,
samt synleggjering av musikalen. Dette
gjer dei gjennom ulike medieprodukt, deriblant webside, plakat, radioreportasjar,
avisartiklar, dokumentarfilmar og foto.
Eit varemerke for skulen
Musikalen er eit prosjekt som er blitt brukt
for å gi musikk- og medielinja moglegheita
til å vise sine kunnskapar og ferdigheiter til
eit større publikum. Musikalen er blitt eit
varemerke for Volda vidaregåande skule,
sidan det er den einaste skulen på Sunnmø-
re som arrangerer dette kvart år. Skilnaden
frå musikalen til Volda vgs. og andre i nærleiken er at dei ikkje har verken dramalinje
eller danselinje, slik dei har både i Ålesund
og i Sandane. Volda har berre dette tilbodet
på vg1, noko som betyr at under musikalen
vil dans og drama bli tona ned. Noko som
også er spesielt med Volda vgs. sin musikal
er at dei har elevar frå heile Søre Sunnmøre,
deriblant elevar frå Ulsteinvik, Ørsta og
Volda.
Har trua på The Beatles
Hildur Sandstad Dalen spelar ei viktig rolle
under musikalen der ho arbeider med solistane og koret.
– Eg har veldig trua på årets musikal, for
eg har trua på The Beatles sine låtar og bandet appellerer til veldig mange aldersgrupper. Det vi har gjort, er å skape vårt «eige»,
basert på songar frå The Beatles og frå filmen «Across the universe». Vi syng ikkje
songane på same måte som The Beatles
gjorde i det heile tatt, vi lagar heilt eigne
versjonar. Det som også er annleis er at det
er mange jenter som skal vere solistar, noko
som forandrar heile biletet.
Dermed kan folk byrje å gle seg til framsyninga av årets musikal, som har premiere
den 22. februar!
Pia Sofie Øye Bjørneset
Tittelen på årets musikal frå Volda vidaregåande skule er Hello Goodbye.
Dei som har hovudrollene i musikalen 2011. F.v.: Gunnhild Elin Simonnes, Sondre Grimstad Arnesen, Eivind Lystad Grimstad og
Ida-Therese Egset.
Oberstløytnant Sverre Bae på møte i Ørsta Rotaryklubb:
– Hærens spesialstyrkar er i verdsklasse
95 % av Hæren sin styrke
har blitt slanka bort siste 20
åra. Har vi likevel eit norsk
forsvar vi kan stole på? Ja,
hevda oberstløytnant Sverre Bae overfor Rotary. Den
norske soldaten er opplært
til å tenkje sjølv, og ikkje
berre «ta ordre».
Oberstløytnant Sverre Bae er tydeleg fornøgd med å kunne bu i Ørsta,
og med hjelp frå Widerøe er det
ikkje noko problem å vere vekependlar til arbeidsplassen i NordNoreg. Oberstløytnanten viser såleis for eigen del at det er gjennomførbart å flytte Hæren ut av Oslo,
slik som Regjeringa har ønskt det
gjennom Soria Moria-erklæringa.
95 % nedbemanning
på 20 år
Under den kalde krigen, seinast i
1989, var det 165.000 personar i
den norske hæren. No er det 9.000
personar att, likt fordelt mellom
vernepliktige og fast tilsette. Det er
såleis dramatiske endringar Hæren
har vore gjennom, og medlemmene i Rotary stilte spørsmål om vi
har eit tilfredsstillande forsvar av
Noreg i dag. Oberstløytnant Bae
hevdar at dette i stor grad er eit politisk spørsmål, men personleg
meiner han det ikkje er rett å drage
parallellar til tilsvarande nedbemanning på 1930-talet.
Forsvaret i Noreg er godt, og dei
norske vernepliktige er ein fantastisk ressurs for landet, peikte Bae
på. Og den norske soldaten er både
vant til å tenkje sjølv og ta i eit tak.
Den norske styrken skil seg såleis
ut frå ein del andre, som er meir
vant til å «ta ordre».
I verdsklasse
Rotarymedlemmene stilte spørsmål om USA er misfornøgd med
den norske innsatsen i NATO, bla i
Afghanistan. Sverre Bae seier at
bildet er noko meir samansett enn
det som kjem fram i media. Det er
eit faktum at USA ber dei andre
NATO-landa om auka innsats.
Men den norske innsatsen er, sett i
forhold til folketalet, ikkje ubetydeleg. Dessutan, hevda oberstløytnanten, dei norske spesialstyrkane
er i verdsklasse, kanskje berre forbigått av dei amerikanske.
Kan bli beordra
Noreg har hatt fleire internasjonale
oppdrag, ikkje berre i Afghanistan.
Formelt sett kan alle tilsette etter
2002 bli beordra til internasjonal
teneste. Hittil har dette ikkje vore
behov for. Så lenge talet på frivillige overstig behovet unngår ein den
uheldige situasjonen med å sende
av garde personar som ikkje er motiverte for oppdraget.
Trusselbiletet er endra
Saman med endringane i Hæren, så
har oppgåvene til Hæren endra seg.
Det er no nye typar utfordringar, og
hurtige styrkar som er til stades på
rett tid er avgjerande. Trusselbiletet er også stadig under endring, og
dei store verdiane Noreg har i
Nordsjøen er no noko av det viktigaste Hæren har å verne.
Faktaboks: Dette er Rotary
• Rotary er ein internasjonal organisasjon med 1,2 millionar medlemmer i 166 land
• Medlemmene representerer eit
tverrsnitt av yrkeslivet i lokalsamfunnet
Møre-Nytt ●
På møtet i Ørsta Rotaryklubb hevda
oberstløytnant Sverre Bae at trusselbiletet i Noreg er endra, og peikte spesielt på dei store verdiane oljeplattformene i Nordsjøen representerer. President Thor Arne Sørheim til venstre.
• Formålet er å utveksle kunnskap
på tvers av dei ulike yrkesgruppene
• Ørsta Rotaryklubb har i dag 38
medlemmer
Tysdag 1. februar 2011
15