fotballgruppa – årsmelding 2012

Download Report

Transcript fotballgruppa – årsmelding 2012

ÅRSMELDING BREIMSBYGDA I.L
FOTBALLGRUPPA – SESONGEN 2012
ÅRSMØTE 16.01.13, kl. 19:00
Meir informasjon om fotballgruppa finn du på:
www.breimsbygda.no
1
FOTBALLGRUPPA – ÅRSMELDING 2012
2012 har vore nok eit hektisk år for Breimsfotballen. For fyrste gang har vi ikkje hatt
problem med å avvikle treningar og kampar grunna dårlege banetilhøve. Reed Stadion har
vore eit kjempeløft for fotballgruppa. Men, dei gode treningstilhøva kan utnyttast i endå større
grad enn det vi har klart i år. Det er framleis mange lag, og ikkje minst enkeltspelarar, som
trenar for lite. Treningstilhøva kan ikkje lenger brukast som forklaring på dette.
Kjekt er det og at vi har klart å trekke lag langvegsfra til bygda. Oppkøyringsturneringa i mars
vart ein suksess både sportslig og økonomisk. Denne kan vi utvikle til noko endå større og
betre om vi vil legge litt meir arbeid i det. Besøka frå m.a. Åsane og Hødd i samband med
Adidas cup fekk vi og gode tilbakemeldingar på. Sist, men ikkje minst, har fotballkretsen lagt
fleire av sine samlingar til Reed Stadion. Dette er med og skapar aktivitet i bygda og
genererer faktisk og inntekter til det lokale næringslivet, noko vi kanskje må bli flinkare å
utnytte.
Fotballgruppa har også i år arrangert over 70 terminfesta kampar i tillegg til miniputturnering,
”oppkøyringsturnering” og Tine fotballskule. Vi har hatt 18 lag påmeldt i kretssystemet. I
sum er dette faktisk å rekne som ei middels bedrift å organisere, drifte og finansiere.
Å skaffe nok inntekter for å drifte ei så stor særgruppe er arbeidskrevjande. I tillegg til
sponsorar er loddsalg, eigne arrangement og dugnader viktige inntektskjelder. Dette krev at
mange folk stiller opp og bidrar. Diverre er det framleis slik at det er dei same folka vi må
”kvile på”, både når det gjeld eksterne dugnader og eigne arrangement. Her må fleire stille
opp i framtida om vi skal oppretthalde aktivitetsnivået.
Det er altfor mange foreldre som bare transporterer ungane sine til trening og reknar med at vi
ordnar resten. Oftast er det dei same foreldra som og er fyrst til å kritisere når laget bare tapar,
ungane ikkje får spele nok, det er for mange kampar, for få kampar, for mykje trening osv.
Synspunkt og engasjement er bra. Til og med kritikk har vi godt av å få av og til, men vi
skulle ynskje at fleire engasjerte seg i forkant og stiller opp undervegs og ikkje bare kritiserer
i etterkant.
Sportsleg sett har sesongen vore på det jamne. Samarbeidet med STIL om damelag har vore
både naudsynt og vellukka. Laget presterte omtrent som forventa. Herrelaget har hatt eit løft
og vart nest beste lag i kommunen. Det er nokre år sidan herrane sist kapra eit tosifra tal
poeng. Ekstra kjekt er det at mange unge spelarar har teke nivået for seniorspel sopass fort. I
enkelte kampar har vi hatt heile 11 av 16 spelarar under 20 år. På herresida er dette svært
uvanleg, sjølv så langt nede i divisjonane.
I aldersfastlagt er det vel gutar 13/14 som har imponert mest. I det fyrste året med 11-ar
fotball har dei klart seg svært bra i seriespelet. Både dei og jenter 13/14 gjorde og ein
fantastisk innsats i Norway cup, med plass i A-sluttspel for begge lag.
2
Trenar og leiarsida er eit område som vi må legge ein del ressursar i framover. Det er mange
som gjer ein fantastisk jobb og som har vore med i mange år. Samstundes slit vi med å
rekruttere trenarar med både formell og reell fotballkompetanse for mange lag. Ein sportsleg
leiar som kan følge opp trenarar og ha oversikt over spelarar som bør hospitere på lag over si
aldersgruppe, er eit av fleire naudsynte tiltak vi må få på plass i åra framover. Det kan ikkje i
framtida leggast til grunn at leiaren i fotballgruppa skal ha full oversikt og kapasitet til å følge
opp det sportslege - i tillegg til leiarvervet.
I år har vi måtte trekke J 15/16 laget frå serien. I tillegg måtte vi og slå saman J 11 og J 12 til
eit J 12 lag etter sterkt press frå foreldre kring laget. Å trekke lag tykkjer vi er trist og går
utover både klubben sitt omdømme og motstandarane sitt sportslege tilbod. Erfaringa tilseier
at vi kanskje må være meir kritiske med tanke på kor mange lag vi melder på. Styret var ikkje
samd i samanslåinga av J 11 og J 12 og meiner framleis at dette var ei feil avgjerd. Å
oppretthalde eit lag mot foreldre sin vilje fant vi likevel lite formålstenleg.
Breimsbygda har i år hatt heile 5 spelarar på kretstiltak. For ein liten klubb med ikkje alt for
store fotballtradisjonar er dette veldig bra. Dette viser og at det er mogleg å bli ein god
fotballspelar sjølv om ein kjem frå Breim. Føresetnaden er sjølvsagt at ein ei villig til trene
litt ekstra.
Styret i fotballgruppa har ikkje hatt mange veldig møter der heile styret har vore samla.
Arbeidsoppgåvene vart fordelte tidleg på året. På den måten har ein klart å oppretthalde
aktiviteten utan å måtte samle heile styret altfor ofte.
Styret har i sesongen 2012 hatt denne samansetninga:
Leiar:
Bjarte Gangeskar
Nestleiar:
Gunnhild Helle (På valg)
Kasserar:
Britt Bakka Henriksen
Sekretær:
Ragnhild Helgheim (På valg)
Styremedlem:
Roy Seime
Styremedlem:
Roger Hjelle (På valg)
ØKONOMI
Rekneskapet for 2012 er ikkje klart ved fotballgruppa sitt årsmøte. Fotballgruppa har eigen
kasserar som gjer at vi ikkje er avhengig av rapporteringar frå hovudlaget for å halde oversikt
over den økonomiske drifta. Dette gjer og at vi sjølve kan gjere det praktiske arbeidet med å
betale rekningar m.v. Det er likevel hovudlaget sitt rekneskap som er det formelle og endelege
rekneskapet, også for fotballgruppa.
Gruppa sitt rekneskap som vert lagt fram på årsmøtet er såleis ikkje revidert av hovudlaget,
men vert nytta som arbeidsdokument for styret. Det er hovudlaget sitt årsmøte som endeleg
godkjenner rekneskapet.
Fotballgruppa har også i år hatt stor aktivitet, og omsetninga vil ligge på ca. kr 400.000,-. I
denne omsetninga ligg også at vi har hatt 2 lag som var vore med på Norway cup, noko som
utgjer ca. kr 100.000,- i eigenbetaling og dugnad. Utanom dette er tyngda av inntekter som
tidlegare: Lotteri, Tine fotballskule, sponsorar, kiosk og billettsal. Dugnadsarbeid har også
3
gjeve god inntekt. Nytt av året har vore ei ”førsesongturnering” i mars som og viste seg å vere
ei god inntektskjelde.
Aktiviteten på den nye kunstgrasbana har vore stor mesteparten av året, sjølv om ein ikkje har
hatt måkeutstyr tilgjengeleg. Då snøen låg vart det måka eit treningsfelt som var flittig i bruk.
Bana har ført til at ein no nærast slepp ein stor utgiftspost til leige av bane/hall andre stader.
Seniorlaga har også i år stilt på dugnader, noko som gjer at treningsavgift/lisensbetalinga
ikkje har vore regulert sidan den vart satt opp i 2010. Vi håpar å kunne halde oss på dette
nivået enno ei stund sidan vi er avhengige av dugnadsinnsats frå spelarane til gjennomføring
av diverse arrangement som t.d. Tine fotballskule.
Reise-og dommarutgifter har halde seg noko lunde stabile, og ein har fortsatt ordninga med å
kjøpe inn ferjekort som har vore nytta i alle årsklasser. Av andre store utgiftspostar er
utgiftsgodtgjersle til trenarar/oppmenn, der dei fleste legg ned ein stor innsats gjennom
sesongen.
MINIPUTT 2012 (MP 2002-2006)
Miniputtane har gjennomført nok ein flott sesong på fotballbana, og vi har hatt det
kjempekjekt. Vi har registrert 64 namn, noko som er 1 miniputt meir i år enn i fjor. Talet på
spelarar er stabilt, til tross for at vi i år også fekk med 6-åringane. Dette er nytt av året, og
kretsen har oppfordra alle klubbane til å ha eit tilbod også til denne aldersgruppa. 6-åringane
har enten trena på eiga hand, under rettleiing av foreldre,eller dei har trena saman med 7åringane. Vi ser at det også her er store individuelle skilnader på borna og kor modne/ klare
dei er for fotballspelet. Tilbodet er likevel kome for å bli og vi må jobbe vidare for at det skal
bli best mogleg.
Vi starta opp treningane i mai og har hatt flotte tilhøve på kunstgrasbana heile sesongen. I år
hadde vi pause i sommarferien, men dei eldste hadde tilbod gjennom ”trening på tvers” som
går på søndagane.
I år og hadde vi den andre miniputturneringa. Ny rekord i år og med heile 64 deltakande lag..
7 baner er heilt nødvendig for å få flyt i turneringa og for at det ikkje skal bli ein altfor lang
dag. Neste år må vi jobbe endå meir med kampoppsettet om laga skal sleppe lang ventetid for
å få avvikle alle kampane. Også i år hadde vi flinke funksjonærar og vi fekk gode
tilbakemeldingar frå fotballkretsen sin obervatør. Fint veir skapte ei fin ramme rundt
turneringa. Vi hadde godt sal i kiosken slik at det også i år blei eit godt økonomisk resultat for
gruppa.Tusen takk for hjelpa til alle som var med og hjalp til.
Elles har vi vore med på turnering i Innvik, på Skei og på Sandane. Dette har vore fine
opplevingar for spelarar, foreldre og søsken. Vi har meldt på 10-11 lag på dei fleste
turneringane, noko som og er ein auke frå tidlegare år.
Fleire lag betyr meir speletid for alle og mykje meir ballkontakt. Både trenarar og spelarar
har vore nøgde med dette, men det har vore utfordrande å melde på passeleg antal lag for dei
yngste spelarane. Lite oppmøte på turneringane har gjort til at vi har måtta blanda litt
aldersgrupper og jente/gutespelarar. Kretsen oppmodar oss om at vi skal ha reine gute og
jenteklasser, men i dei yngste klassane har dette vore vanskeleg. Vi oppmodar difor alle
miniputtspelarane om å gje melding i god tid om ein ikkje kjem på turneringane, slik at vi kan
4
melde på høveleg antal lag. Vi har også i år hatt bra med trenarar, men det er alltid behov for
fleire.
9 og 10 åringane har i tillegg til turneringane delteke i seriespel. Vi har hatt tre lag i aksjon,
og laga har fått spela 8-10 kampar. Dei har utvikla seg mykje og sjølv om dei opplever både
seier og tap i desse kampane, er det ein god læring arena for spelarane. Ungane synast i alle
fall at det er veldig kjekt å få spele endå meir fotball !
Alle miniputtane fekk diplom og refleks på siste turneringa på Skei og ein fin liten sekk med
Sparebanken Sogn og Fjordane på fyrste turneringa på Sandane. Vi avslutta sesongen med
foreldremøte, merketaking, ei lita matøkt og premieutdeling på kunstgrasbana. Foreldremøtet
var nyttig, og fotballgruppa fekk lufta fleire aktuelle problemstillingar. Vi fekk mange gode
tilbakemeldingar/ innspel som kan jobbast vidare med. Vi rettar ei stor takk til alle som har
vore til stor hjelp i sesongen: Trenarar, foreldre som har stilt opp som lagleiarar og
funksjonærar og andre involverte ! Hovudansvar for miniputtreningane har vore delt på :
Roger Hjelle, Gro Larsen Hjelle, Roy Arve Seime, Roger Natås, Jeanett Lauritzen, Jan Arve
Søvde, Vidar Sandal, Asle Jordanger, May Britt Kvellestad, Pål Sandal, Jon Olav Frøystad og
Jon Fossheim. Jannike Felde har vore oppmann og har hatt kontroll på det meste. Ikkje minst
har ho lagt ned ein fantastisk innsats i samband med våre eiga miniputturnering. Det er mykje
meir arbeid enn mange trur.
Jenter/Gutar 6 år: Regine Aa Sandal, Borgny Kristin Hetle, Anders Paulen, Linnea Stokke Jordanger, Kristina Hjelle, Kristoffer Hetle,
Anneah Håheim. Ikkje med på biletet: Anders Reed, Lasse og Eirik Fraas Johnsen
Jenter/Gutar 7 år: Emma Kvile, Sander Frøystad, Fredrik Fossheim, Jørgen Fure. Ikkje med på biletet: Olianna Felde, Isak Solheim og
Oliver Sårheim Brakestad
5
Jenter 9/10 år: Maren Sårheim, Margit Røyseth Seime, Julia Jordanger Loen, Tilde Sæthre, Hedda Berntzen, Maria Hetle, Sunniva Egge
Søvde og Adriana Unterfrancova. Ikkje med på biletet: Marthea Felde, Kaisa Hole, Mina Berntzen,
Gutar 9 år: Sindre Fraas Johnsen, Elias Natås, Elias Helle Felde, Håvard Hetle, Vegard Bjørkelo og Per Martin Solbakk Flølo. Ikkje med på
biletet: Kristian Gåsemyr og Kristian Sundal Førde
Jenter 8 år: Anne Lovise Krogh Indrebø, Guro Johanne Hole Hervik, Sandra Reed, Natalie Seime, Oda Håheim, Dina Stokke Jordanger,
Emma Fløtre, Karoline Hjelle, Sandra Støyva og Ellisiv Hetle. Ikkje med på biletet: Elin Støyva, Frida Sårheim Brakestad, Mariell Sandal,
Line Kandal Ramslien
6
Gutar 8 år: Jakob Nybø Gangeskar, Sivert Gåsemyr, Andreas Egge Søvde, Jonas Myklebust, Mathias Aa Sandal, Kristian Lauritzen,
Johannes Øvreseth og Joakim Kvellestad. Ikkje med på biletet: Kristian Kleppe Juklestad
LILLEJENTER (J 00/01)
I år har jenter 11 og 12 spelt i lag på eit 12 årslag. Det vart ein stor
gjeng, noko som resulterte i at vi delte laget i tre grupper. Vi hadde bra
mange kampar, og for kvar kamp rulerte det på desse tre gruppene. Slik fekk
alle spele like mykje. Samtidig lånte vi frå den gruppa som ikkje spelte
kamp når det var behov for det. Størsteparten av laget var 11 åringar, og
vi møtte lag som var reine 12 årslag, men og lag med blanding av 11/12 år.
Dette resulterte i mykje tap for jentene, men vi klarte ein solid heimesiger,
6-0 mot Leirgulen. Det var kjempestas! Ellers såg vi god utvikling i
laget på slutten av sesongen.
I august fekk jentene vere med å spele pausekamp i Sogndal på kampen mellom
Sogndal og Rosenborg. Breimsjentene fekk følge Sogndal inn på bana, men 3-4
måtte steppe inn for Vadheim med Rosenborglaget fordi dei var for få og vi for mange. Her
klarte dei 1-1, i ein kamp som gjekk så fort at eine keeperen vår nesten ikkje rakk å få på seg
keeperhanskane. Jentene var også flinke balljenter på kampen.
Foran: Keeper Vilde Sårheim. Foran frå v: Marianne, Jenny,Ine Sofie, June, Ida Emilie, Celine, Juni
Margrethe. Bak frå v: Trenar Inger Margrethe, Benedicte,Oda Kristin, Lena, Kristi,
Sigrid, Ragnhild Olina, Maite. Heilt bakerst: Trenarar Olav Rune og Frank
Ikkje tilstades: Oda Eirin og Sandra Pauline
7
Sjølv om det var eit år som var prega av mange tap, har jentene hatt det veldig
kjekt når vi har reist på kampar og vi har ikkje mista motet av den grunn.
Flinke trenarar Frank Larsen, Olav Rune Hole og Inger Margrete Sørland har bytta på å trene
dei og ha dei på kampane. Linda Eide Bergheim og Jostein Flølo har delt på oppgåva som
oppmann.
SMÅJENTER (J 98/99):
Laget har bestått av 12 spelarar. Dette er: Julie, Merethe, Anne-Helen ,Sandra, Siri Katrin,
Amalie, Ingelin, Trude, Jannicke, Kristine, Lene og June. 2012 sesongen har vore ein sesong
prega av mange skadar og litt varierande treningsframmøte. Som ein følge av dette har og
resultata og prestasjonane vore noko varierande.
Vi kom på 4 plass av 6 lag i serien. Laget tok 18 poeng på 15 kampar, skora 51 mål og hadde
58 baklengsmål Sesongens høgdepunkt var at vi kom til 16 dels finalen i A-sluttspelet i
Norway cup. J13/14 har og hatt 3 spelarar på sonelaget.
Trenar: Bjørn Sårheim Oppmann: Evelyn Wold
JENTER (J 96/97)
På jentelaget var det i år meldt på eit samarbeidslag mellom Breimsbygda og Sandane under
namnet BBIL/STIL 2. Bakgrunnen for dette var at dei jentene som ville satse mest og helst
spele 11-ar fotball fekk eit tilbod gjennom STIL, samstundes som dei kunne spele på
samarbeidslaget dersom dei ikkje fekk nok speletid på STIL. Det var 6 jenter som hadde gjeve
melding om at dei ville være med på samarbeidslaget i sesongplanlegginga. I tillegg vart tenkt
å supplere laget med inntil 4 spelarar frå STIL si tropp til kvar kamp. Evt. kunne det og være
aktuelt at dei beste spelarane frå J 13/14 og supplerte dette laget ved enkelte kampar. Ei
treningsgruppe på 6 jenter var i minste laget. Treningstilbodet jentene hadde å velge mellom
var då slik: Fellestreningar med J 13/14, trening på tvers og trening saman med STIL sitt
jentelag. Det mangla m.a.o i ikkje på treningstilbod.
Når det kom til sesongoppkøyring og seriestart fekk vi svært liten respons frå jentene. Lite
oppmøte på trening og svært liten motivasjon til å møte på kamp. Etter å ha avvikla eit par
kampar, der ein i hovudsak måtte stole på spelarar frå STIL si tropp og spelarar frå eige J
8
13/14 lag, måtte ein stille spørsmålet om det var verdt å bruke masse krefter på å halde dette
laget i gang gjennom ein heil sesong. 5 av jentene gav utrykk for at dei ikkje ville at vi skulle
trekke laget, utan at dette synte ikkje igjen verken i treningsframmøte eller iveren etter å spele
kampar.
Konklusjonen var då at ein trekte laget. I tillegg til at dette medfører ei bot, får det og
konsekvensar for både motstandarlag og Breimsbygda IL sitt renome. Ein av lærdomane vi
bør ta av denne saka er at vi bør freiste å få til eit meir forpliktande foreldresamarbeid i høve
dei laga ein ser er marginale med tanke på tal spelarar og motivasjon. Er det liten respons hjå
foreldra i høve slikt samarbeid, bør ein ikkje melde på lag i den aktuelle aldersgruppa.
LILLEGUTAR 11 ( G 2001)
Framfor årets sesong var vi spente. Både fordi vi gjekk frå 5ar til 7ar fotball og fordi det var
uvisst kor mange spelarar som vart med. Vi starta sesongen med 7 elleveåringar og var
avhengig av hjelp frå både 9 og 10-åringane og jentespelarar. Treningane kom litt seint i gang,
før påske hadde vi berre hatt ei trening.
Første kamp var tidleg i mai. Her vart det knipe tap mot Hornindal. Sesongen heldt fram med
ein del sure tap, kanskje aller surast var stor tapet mot STIL på heimebane. Likevel heldt
gutane humøret oppe - og utover sesongen kom det også til ein del nye spelarar. Det resulterte
i at vi gjekk frå 7 til 10 11-åringar på laget.
Etter ferien snudde og kampresultat til vår fordel. Vi vann ein god del kampar og spelte jamt
mot alle lag. Gleda var størst då vi slo STIL 3-1 på bortebane.
Sjølv om det er nivåforskjell på gutane, viste alle god innsats og utvikling på treningane. Dei
er ein positiv og kjekk gjeng. Håpar alle er klare og motiverte for neste sesong.
Trenar: Roger Hjelle og Hans Førde. Oppmann: Bjarte Heggheim
LILLEGUTAR 12 ÅR ( G 2000)
Samtlege spelarar som var med i fjor var også med dette året. I tillegg har vi hatt Stig Henning
Merkesdal og Kai Petter Sårheim som hjelpetrenarar. Rammene rundt laget har såleis vore
ekstra gode denne sesongen. Vi har tapt mange kampar, men resultatet har vore jamnare
9
denne sesongen. Vi scorar stadig fleire mål, er blitt betre fotballteknisk, har betre samspel og
gode målvakter. Det har med andre ord vore positiv utvikling på samtlege spelarar. G 12 er
gode på å halde motivasjonen og lagånda oppe til tross for motgang. Gutane har saman med
trenarane lagt ned ein god innsats i å bli betre som lag. Dei trena kondisjon i «Go`bakkjen»
nede på Reed og fokuset har vore på lagspel. Vi avslutta sesongen med pølse, is og
konkuransar på Stadionbygget. Gutane fekk utdelt gullmedalje. Dei har ikkje vunne kampar,
men er som lag på gullpallen når det gjeld lågånd og motivasjon..
Trenar: Reidar Moldestad, Stig Henning Merkesdal og Kai Petter Sårheim
Oppmann: Anette Støyva
GUTAR 13/14 ( G 98/99)
Spelarane som har vore med: Arne, Brage, Leander, Ole, Ole Kristoffer, Andreas, Rasmus,
Nils, Tormund, Bjørn-Inge, Jon-Åge, Arild, Per-Simen , Lars-Idar (vårsesongen)
I tillegg har desse vert med for å nok stabile spelara: Robert Andrè, Julie, Sandra
(vårsesongen), Siri Katrin, Kristoffer, Håvard og Kurt.
Trenarar: Kåre Hetle og Stein Otto Førde. Oppmann: Kari Ann Flølo
Småguttelaget har i år spelt i 11- fotball. Dette vart ein stor overgang som krev ein heilt anna
fysikk av spelarane. Dei start opp treningane i mars, og har i løpet av sesongen gjennomført
66 treningar. Med eit snittoppmøte på 8 stk. ( Her er Nils og Håvard dei med best oppmøte,
ca. 60 treninger kvar) Det var i perioder dårlig treningsoppmøte så vi var heilt avhengig av å
ha forsterkninger fra andre lag med motiverte spelarar.
Sesongen starta med oppkjøringsturnering på Reed, der vår spelara skulle spele 11- fotball for
første gang . Dette vart ei bratt læringskurve og med til dels store tap. Men, når vi kom i gang
med dei ordinære kampane i mai jamna dette seg ut. Vi har i sesongen hatt 6 seiere, like
mange tap og 2 uavgjorte så dette må vere eit akseptabelt resultat. Spesielt må vi nevne siste
kampen mot Sandane i haust. Der vi leie mestedelen av kampen og spelte dei til tider heilt ut.
Men så rakna det litt på slutten av ulike grunner , så vi tapte 1 – 3. Når vi veit at småguttelag
11ar fra Breimsbygda ikkje har spelt jamnt med STIL på 30 år, så var dette ein
kjempeprestasjon.
10
Laget var på Norway – Cup i år. Der hadde vi ei fin veke med mange kjekke opplevelser både
på bana og utanfor. Laget gjekk vidare til A-sluttspelet. Dette er ein kjekk gjeng å vere på
tur i lag med!! Så til foreldre og andre som har vert på dugnad for at vi skulle kunne ta turen
til Oslo – det var vel verdt slitet.
Laget har ein av fylkets beste keepera i 14 års klassa (Arne) som jamnt over har vore vår beste
spelar i år. Leander, vår toppscorer, har og fått plass på sonelaget. Dette er vi stolte av og
alle som har delteke på trening og kamp skal ha litt kreditt for dette.
Vi avslutta sesongen med merketaking. Der var det Leander og Andreas som hadde best
individuelle ferdigheiter og dei klarte bronsemerket. Og no er vi i gang oppkjøyringa til
neste sesong !!!
GUTAR 15/16 ( G 96/97)
Før sesongen var det litt diskusjon om vi skulle melde på 7-ar lag eller 11-ar lag. Argumenta
mot 11-lag var lite spelarar og at eit par av dei aktuelle spelarane har synt lite motivasjon for
trening og kamp. Avgjerande for valget var at 7-ar fotball i denne klassa gjev eit dårleg
kamptilbod gjennom turneringsspel og at vi kunne supplere troppa med spelarar frå
småguttelaget (og faktisk og småjentelaget.) Vi var likevel klar over at dette valget ville føre
til at laget vil få problem med å hevde seg resultatmessig, men valgte å tenkje utvikling av
enkeltspelarar framfor å tenkje kortsiktige resultat.
At mange spelarar har fått prøvd seg både i trening og kamp med herrelaget har løfta dei. At
mange småguttespelarar har fått prøve det samme med guttelaget har hatt samme effekt. Altså
11
det å spele og trene med/mot spelarar som er større/sterkare og betre enn deg, har ein positiv
effekt, sjølv om ein kanskje ikkje får resultat med ein gang.
Treningskvardagen har vore ei utfordring for laget. Raymond har teke stort ansvar, men kunne
ikkje klare dette åleine så lenge han skulle trene og spele seniorfotball sjølv. Løysinga har
vore at Bjarte har stillt på ein del og at ein har hatt kombinasjonar av eigne treningar og
treningar saman med og paralelt med herrelaget. Ikkje ideelt, men naudsynt for å få det heile
til å gå rundt. Vårsesongen i 2. divisjon var tøff og alle kampane enda i tap. Haustsesongen i
3. divisjon vart noko lettare med 3 sigar, 1 uavgjort og 10 poeng. Sett i lys av at vi
konkurrerer med klubbar som Stryn Tornado Måly, Eid og STIL, som alle har eit større tal
spelarar å ta av, er ikkje sesongen sett under eit så ille. Likevel er det ikkje til å legge skjul på
at vi har eit forrbetringspotensial i denne årsklassa og at det handlar om motivasjon og
treningsinnsats.
Trenar: Raymon Niiranen, Altmoglegmann: Bjarte Gangeskar Oppmann: Marit Gåsemyr
Våtevik
DAMELAG 3. DIVISJON:
Før sesongen 2012 måtte vi erkjenne at vi ikkje hadde nok spelarar til å melde på eit seniorlag
i damer 3. divisjon. At Gloppen kommune, med dei anlegga vi no hadde til rådevelde, skulle
være utan seniorlag for kvinner kunne vi ikkje leve med. Vi tok difor kontakt med STIL for å
drøfte om det var aktuelt å melde på eit samarbeidslag. Resultatet vart at Breimsbygda IL tok
på seg driftsansvaret og kostnadane ved eit lag som vart påmeldt under namnet
Breimsbygda/Sandane. Trenar Bjørn Åmot og Oppkvinne Janne Solheim takka begge ja til å
være med. Dermed låg alt vel til rette for ein ny og spennande sesong med damefotball.
Godt oppmøte og bra treningsinnsats gjorde at vi gjekk sesongen optimistisk i møte. Spesielt
ein del av dei unge spelarane frå STIL har vist gode haldningar til trening. Her er det mange
som har noko å lære. Framleis er det ei utfordring å samle alle ofte nok, då spelarane har
mange ”jern i elden”. Handball, jobbing, reising osv.... gjer at det er utfordrande å få
kontinuitet i både treningsarbeid og lagoppstilling.
Sjølv om resultata har variert frå stortap mot Eid til tilsvarande storsiger mot Florø, må vi
likevel seie oss nøgde med sesongen. 3. plass i avdelinga, med eit svært ungt lag, lar seg
absolutt høyre. Trenar Bjørn Åmot har gjort ein fantastisk jobb med dette laget og det er lite
som skal til av meir treningsinnsats før dei tek nye steg og faktisk vil kunne kjempe om
12
opprykk til 2. divisjon. Skal vi få til det må vi, både frå Breimsbygda og STIL si side, utvikle
samarbeidet enno meir og ikkje minst sørge for at det kvart år kjem opp unge lovande
jentespelarar som vil spele seniorfotball. I tillegg må vi ta godt vare på dei rutinerte, slik at dei
er med enno lenger.
HERRELAG 6. DIV:
Herrelaget har hatt eit ”oppsving” i 2012 både når ein ser på resultat, tal spelarar og ikkje
minst treningsframmøte. Mest gledeleg er det at mange unge spelarar har fått prøve seg på
serniornivå og teke utfordringa på strak arm. I bortesigeren mot Oppstryn (0-4) var heile 11
av 16 spelarar i troppa under 20 år. Likevel vart det ein solid bortesiger mot eit av dei beste
laga i avdelinga. Tradisjonelt sett har vi hatt problem med å stille lag i enkelte kampar på
hausten. I år har ikkje det vore eit problem i det heile. Ved enkelte høve har vi måtte redusere
troppen før kampstart, på grunn av at vi ikkje har lov å ha meir einn 18 spelarar registrert på
dommarkortet.
Øyvind har gjort ein god jobb med gutane på treningsfeltet. Bra oppmøte og stort sett 2 økter i
veka frå januar og ut sesongen, viser igjen på resultatet. Dersom dei unge spelarane held fram
utviklinga og nokre av dei ”litt mindre unge” framleis er med, trur vi at 2013 kan bli eit enno
betre år. Fasitet viser 4 sigrar, 2 uavgjort og 6 tap og ein målskilnad på 27-28. Dette ga 5.
plass i ei jamn og tett avdeling.
Trenar : Øyvind Hervik. Oppmann: Bjarte Gangeskar
OLD BOYS:
Eller ”gubbefotball”, som er det meir folkelege namnet på dette laget, har hatt tilbod om faste
treningstider tirsdagar på Reed Stadion. Mange har utrykt vilje til å være med, men oppmøte
har vore varierande. Tempoet er ikkje spesielt høgt, men kommentarane sit laust og truleg er
aktiviteten god for både kropp og sjel. Om ikkje klubben har store sportslege ambisjonar på
dette nivået – er tilbodet viktig både for den enkelte, men og som ein rekrutteringsarena for
trenarar, oppmenn, styreverv og ikkje minst dugnadsgjengar.
TINE FOTBALLSKULE
I år, som i fjor, var det solid deltaking med over 80 deltakarar. Flott veir og godt opplegg
gjorde at både born, foreldre og ikkje minst arrangørane var godt nøgde. Deltakarane kom
også i frå fleire ulike klubbar, men sjølvsagt med hovudtyngda frå eigen klubb.
13
Leif Øystein Felde hadde det sportslege ansvaret for arrangementet. Bjarte Gangeskar tok seg
av det administrative. Det vart gjort ein kjempejobb av instruktørar frå herrelaget og
damelaget. Dette var 8. året klubben arrangerte fotballskulen. Sjølv om arrangementet er
krevjande å gjennomføre og krev nærare 30 funksjonærar i aksjon i løpet av helga, ser det ut
som vi har funne ein god ”mal” Vi ser at den eldste årsklassa har framleis litt låg deltaking.
Dette skuldast nok at det ikkje er like spennande for alle å være med lenger når ein allerede
har delteke fleire år på rad.
Dette er eit dugnadstiltak som på ein fin måte kombinerer økonomisk vinst for fotballgruppa
og samstundes er i kjerneområdet av det vi skal drive med, nemlig sportsleg aktivitet. Vi ser
og at arrangementet er med og knyt ”band” mellom deltakarane på tvers av klubbar og
mellom seniorspelarane vår og dei yngre. Dette er i seg sjølv ein viktig grunn til å
oppretthalde arrangementet.
TRENING PÅ TVERS:
Dersom vi skal utvikle gode fotballspelarar i Breimsbygda er slik differensiering eit naudsynt
tiltak. I år har vi klart å halde ”trykket” oppe med eit ekstra treningstilbod heile året. Kvar
søndag kl. 18:00, frå mars og ut året har det vore ”trening på tvers”. Det vil seie at det har
vore gjennomført ca. 40 ”ekstratreningar”. Oppmøte har variert, men på det meste har det
vore 25 spelarar på trening. Det er ikkje noko tvil om at dei som har møtt jamt til desse
treningane, er dei same spelarane som har hatt den største sportslege utviklinga.
Vi kjem til å halde dette tilbodet i gang og på vinterstid og flyttar inn når snøen kjem. Fokuset
vert då på smålagspel og teknikk.
Ansvarleg for tilbodet har vore Bjarte Gangeskar med god hjelp frå Kåre Hetle. Ved enkelte
høve har ein og hatt hjelp frå spelarar på herre-og damelaget.
KURS, MØTE OG SAMLINGAR:
• Oppmannsmøte på Nordfjordeid (Bjarte)
• Samling på Skei om jente- og damefotball (Bjarte og Maria)
• Miljøhelg i regi av SFFK (Bjarte, Kåre og Stein Otto)
• Representasjon og appell på STIL sin årsfest (Bjarte)
• Leiarmøte i Sogn og Fjordane Fotballkrets (Bjarte)
• Småsonemøte på Sandane (Britt, Kåre, Stein Otto, Bjarte)
14
Klubbarrangement:
• Impulssamling for trenarar i barnefotballen/foreldre (Reed Stadion – samarbeid med
SFFK)
• Oppmannsmøte i eigen klubb
• Miniputt-turnering
• Tine Fotballskule
• Oppkøyringsturnering. Turnering for G 12, G 13/14, J 12 og J 13/14
• Treningshelg Tornado Måløy G 15/16
• 16- dels finale Adidas Cup, G 14
• 16-dels finale Adidas Cup, G 13
• 8-dels finale Adidas Cup, G 14
• Jenter i Mål, keepersamling med Terje Skjeldestad fotballskule
• Kretslagsamling G 15/16
• Sonelagsturnering G 99
• Sonesamling G 99
• Sonelagsturnering J 99
• Sonesamling J 99
• Kretsfinale J 98/99 på Reed Stadion
DOMMARKURS/DOMMARAR
Å rekruttere dommarar er framleis ei stor utfordring for dei fleste klubbane i fylket. I
Breimsbygda har vi dette året registrert tre dommarar med kretsoppdrag. Dette er Ståle
Sandal, Bjarne Bergheim og Stein Otto Førde. I tillegg har Raymond funne fram linjeflagget
ved eit høve og steppa inn når kretsen mangla assistent i ein 3. divisjonskamp.
Tilsaman har våre dommarar hatt 68 oppdrag for kretsen. I tillegg kjem ein del ikkje
registrerte oppdrag som soneturneringar, KM-finalar og dømming i eigen klubb. Dette er
ikkje mindre enn imponerande.
Dømminga i aldersfastlagd har gått bra. 7-ar kampane har blitt fordelt på unge dommarar med
rekruttkurs. Innføring av betaling for kvar kamp har sjølvsagt og auka motivasjonen til den
enkelte. Idar Skinlo har teke alle 11 ar kampane og gjer ein fantastisk innsats. Han er ein god
dommar som vi absolutt burde fått til å dømme på kretsnivå .
Fotballkretsen belønna i 2012 Breimsbygda med kr. 3.000,- for god dommararbeid. Det er
likevel ingen grunn til å kvile i dette arbeidet, dommarmangelen er stor i fylket. Vi har mange
rekrutteringsdommarar, men har ei utfordring med å få mange nok av desse til å gå vidare slik
at dei vert kretsdommarar.
15
REPRESENTASJON:
Også denne sesongen har BBIL hatt spelarar på representasjonsoppgåver. Arne Nybø
Gangeskar. Leander Seime, Julie Helle Felde, Siri Kathrin Sårheim og Sandra Kleppenes
Sårheim har alle kvalifisert seg til spel på sonelaget i klasse 98/99, eller rettare sagt bylaget
som det på fint heiter (!!). Det må og nemnast at Andreas Hetle vart kalla inn som ekstraspelar
til ei sonetrening på grunn av forfall. Han er ein av dei som vil kunne klare å kvalifisere seg til
neste års bylag. Flotte ambassadørar for Breimsbygda og eit godt døme på at ”øving gjer
meister”. På slutten av året fekk vi og melding om at Julie Helle Felde er teken ut på
kretslaget til Sogn og Fjordane. Fotballgruppa gratulerer og er imponert.
Arne og Håvard Hetle har og keepersamling med Frode Grodås. Håvard har deltatt på Terje
Skjeldestad keeperskule. Julie Helle Felde vart teken ut og har deltatt på proffveka i Stryn.
Dette er ein fotballskule for spelarar som held kretsnivå.
TURNERINGAR:
Smågutte- og småjentelaget jentelaget deltok i Norway cup. Dette var ei stor oppleving både
sportsleg og sosialt. Begge laga tok seg vidare til A-sluttspelet. Ikkje minst småjentelaget
overaska med å gå heilt til 16-dels finalen. Flott innsats av begge lag.
16
Deltaking i Norway cup krev ein del innsats frå foreldre og støtteapparat, men samstundes er
slike opplevingar viktige for at spelarane skal ha lyst og motivasjon til å fortsette med
fotballen.
INTERNETTSIDE:
Fotballgruppa si nettside har vore jamleg oppdatert med referat, bilete, resultat og nyhende. I
tillegg har det vore lagt inn tema til drøfting og ”meiningsmålingar” der ”folk flest” kan
komme med synspunkt om Breimsfotballen. Tal innlegg viser at det heilt klart er eit stort
engasjement rundt fotballgruppa. Sida har i gjennomsnitt hatt over 10.000 treff i månaden i
2012.
ANLEGG:
Annleggsituasjonen for fotballgruppa har lenge vore er prekær og stell og vedlikehald av
Byrkjelo Stadion er framleis eit stridstema mellom oss og baneeigar. Men, no når nye Reed
Stadion er ein realitet – kan vi senke skuldrane og tenkje at vi har gode trenings- og
kampfasilitetar heile året, uansett kva som måtte skje på Byrkjelo.
Når det er sagt, må ingen tru at Reed Stadion ikkje treng stell og vedlikehald. Heldigvis har
Nils Jordanger og Terje Loen sagt ja til å ta seg av vekentleg slodding av bana. Men, i tillegg
må det påreknast ein del dugnadsarbeid kva gjeld rydding og vedlikehald rundt bana.
17
OVERSIKT TRENAR/OPPMENN M.M.
Trenar:
Oppmann:
Gro Larsen Hjelle
Jannike Felde
Roger Natås
Jan Arve Søvde
Roy Seime
May Britt Kvellestad
Vidar Sandal
Asle Henning Jordanger
Freddy Braksestad
Jon Olav Frøystad
Jon Fossheim
Pål Sandal
Jeanette Fossheim Lauritzen
(vår)
Jenter 98/99
Bjørn Sårheim
Evelyn Wold
Jenter 00/01
Olav Rune Hole, Frank
Linda Bergheim
Larsen, Inger Margrethe
Eide og Jostein
Sørland
Flølo
Gutar 01
Roger Hjelle, Hans Førde
Bjarte Heggheim
Gutar 00
Reidar Moldestad, Kai Petter Anette Støyva
Sårheim og Stig Henning
Merkesdal
Gutar 98/99
Kåre Hetle, Stein Otto Førde Kari- Ann Flølo
Gutar 96/97
Raymond Niiranen
Marit Gåsemyr
Våtevik/Bjarte
Gangeskar
Senior - kvinner
Bjørn Åmot
Janne Solheim
Senior - menn
Øyvind Hervik
Bjarte Gangeskar
”Trening på tvers”
Bjarte Gangeskar
Lag:
Miniputt 02/05
Andre Funksjonar:
Ansvar banemerking på Byrkjelo: Jan Støyva
Stell og vedlikehald Reed Stadion: Nils Jordanger og Terje Loen
Kiosk A-lagskampar: Gjertrud Støyva
Arrangement seniorkampar: Alf Rune Felde og Leif Heggheim,
Speaker seniorkampar: Vegar Sårheim og Kristen Helge Kleppe
Fotballgruppa ynskjer og å rette ein stor takk til alle som har stilt opp som trenar, oppmann,
sjåfør, dommarar, vore med på dugnadar og elles bidratt til at vi har fått det til å gå rundt i år
og. Utan dykkar innsats hadde vi aldri klart å avvikle sesongen på ein tilfredsstillande måte.
SPONSORAR
Fotballgruppa takkar til slutt sine sponsorar for støtta i 2012. Desse har gjeve sitt bidrag
til drifta av fotballgruppa i 2012: Norsk Countrytreff, Esso Breim Servicesenter, Tine, ReBygg A/S, Spar Byrkjelo, Byrkjelo Maskin og Fjordpipe
18