DEN NORSKE KYRKJA - Hå kyrkjelege fellesråd > Hovudside

Download Report

Transcript DEN NORSKE KYRKJA - Hå kyrkjelege fellesråd > Hovudside

DEN NORSKE KYRKJA
Varhaug sokneråd
Møtebok for Varhaug sokneråd
Møtedato:
Møtetid:
Møtestad:
02.10.2014
kl. 19:00
Granittveien 24, 4347 Lye
Til stades:
Reidar Varhaug, Jan Gunnar Undheim, Marton Ueland, Guri Skrettingland, Per Åge Skretting, Morten
Siqveland, Einar Steen Jakobsen, Ingunn Alice Einervoll, Gaute Øgreid Rasmussen, Gunhild Haugstad
Obrestad.
Saker
Godkjenning av innkalling og referat frå sist møte
Innkalling og referat frå sist møte vart godkjent.
Samtale om gudstenester
Flott familiegudsteneste i Stokkalandsmarka med 65 personar til stades i alle aldrar. Ordførar opna
gudstenesta med å sprekke ein ballong. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, og folk vart verande og prate.
Gudstenester bør ikkje vara lenger enn 1 time 15 min.
Sak 000029 Høyringsnotat "Staten og Den norske kirke - et tydelig skille"
Høyringsfrist er sett til 1. november. Hå kyrkjelege fellesråd går grundig gjennom dokumentet og sender
høyringssvar.
Sak 000030 Medarbeidarfesten - er alt under kontroll?
Pr i dag er det 87 påmeldte. Kinamat er bestilt. Kaker hjå Paul blir bestilt. Gunhild handler inn duker og
servietter. Jan Gunnar Undheim henter mater. Anna Bergitte tar ansvar for «Alle gjester reiser seg». Einar
leiar festen. Familien Bergersen stiller med song og musikk. Soknerådet møter kl. 17.30 for å gjera klar til
festen.
Sak 000031 TV-aksjonen
Vigrestad har nok innsamlarar. Anna Bergitte Skårland undersøker kor mange som trengs frå Varhaug og
prøvar å skaffe desse.
Sak 000032 Samarbeid med vennskapskyrkjelyden
Eit alternativ til berre eit besøk frå Fandriana, kan vere å invitere ein eller fleire ungdommar frå Fandriana til
eit år i Norge via Hall internasjonale senter. Anna Bergitte Skårland eller Siri Aarsland undersøker vidare.
Dette blir tatt opp som ein sak på eit seinare møte.
Sak 000033 Visjonsdokument 2015-2018 frå Kirkerådet
Kirkemøtet vedtok i april i år eit samlande visjonsdokument for Den norske kyrkja med overskriften «Meir
himmel på jord». Visjonsdokumentet låg ved innkalling til soknerådsmøtet.
Sak 000034 Kyrkjeskipet som heng i kyrkjestova
Reidar Varhaug tar kontakt med gjevar Dag Skretting for å takke for gåva, og for å høyre om det er ok at
skipet heng i kyrkjestova. Skipet egner seg ikkje i kyrkja. Viss dette er ok, tar vi det med som ein tak i neste
kyrkjelydsblad.
DEN NORSKE KYRKJA
Varhaug sokneråd
Sak 047/14 Konsert Julestjerner 9. desember kl. 20 i Varhaug kyrkje
Arbeidsutvalet (leiar, nestleiar og dagleg leiar) har gått inn for å arrangere konsert i Varhaug kyrkje 9.
desember kl. 20. Artistane er Hanne Sørvaag, Randi Tytingvåg og Britt-Synnøve Johansen pluss to
musikarar. Dette vil koste kr. Kr 26000 for musikarane pluss kr. 9000 for lydanlegg og lydansvarleg = kr.
35000,-. Sjå omtale vedlagt. Pris pr. billett og antal moglege plassar i Varhaug kyrkje må avgjerast på møtet.
I konserthuset kostar ein billett kr. 400,-. Hana kjem til å ta kr. 300,- for ein billett.
Vedtak:
Anna Bergitte Skårland tek ansvar for PR og billettsal. Pressemelding må sendast til Jærbladet og Stavanger
Aftenblad. Frivillige frå soknerådet eller andre tar brannansvar og tar imot billettane mot at dei får vera med
gratis på konserten. Pris pr. billett blir kr. 330,-. Varhaug kyrkje rommar 400 personar. Anna Bergitte høyrer
med Eivind Waldeland om kor mange billettar det er forsvarleg å selje. Ho undersøker og om firma vil
sponse konserten eller stille med underskotsgaranti. Dørene opnar kl. 19.30.
Sak 048/14 Kostymer til julevandringer
På barnehagevandringane dei siste åra har vi lånt kostymer frå Ogna kyrkje. Kateket Turid Boganes ynskjer
at vi får oss eit eige sett med kostymer til barnehagevandringane som er i desember. Turid Boganes tenkjer å
få med seg 4-6 frivillige som kan sy kostymane. Pris for stoff og tilbehør til 20 kostymar vil koma på kr.
3500,-.
Vedtak:
Varhaug sokneråd vil prioritera penger til stoff og tilbehør slik at vi får eit sett med kostymar som kan
brukast til barnehagevandringar i Varhaug kyrkje.
Sak 049/14 Nominasjonskomité Varhaug sokneråd
Vedtak:
Soknerådet foreslo namn til aktuelle kandidater som kan spørjast om å vera med i nominasjonskomiteen.
Anna Bergitte Skårland spør. Ein representant frå kvart sokneråd skal vera med å velje prostiet sin
representant til nominasjonskomitéen. Per Åge Skretting er Varhaug sokneråd sin representant.
Sak 050/14 Prosjekt kyrkjelydsbygging i Stokkalandsmarka
Kyrkjeverje Svein Olav Nesse var med på møtet for å drøfte med Varhaug sokneråd korleis prosessen vidare
skal vere. Sjå vedlagt eit notat frå kyrkjeverje og eit notat frå sokneprest i Ogna.
Vedtak:
Korleis organisere kyrkjelyden?
Soknerådet ser for seg at det etter kvart må bli sett saman eit styre/råd/komité av lokale personar frå
Stokkalandsmarka som sjølv har tankar og draumar for kyrkjelyden. Fram til Stokkalandsmarka kan stå på
eigne bein, må Varhaug og Ogna sokneråd vera med å støtta og hjelpa der dei kan. Stokkalandsmarka høyrer
formelt til under Ogna sokneråd, så det er naturleg at det er Ogna sokneråd som blir det overordna organet til
det nye lokale styret i Stokkalandsmarka. Varhaug sokneråd ynskjer å få informasjon om kva som skjer, og
hjelpe der det trengs.
Det grunnlag for å tilsetje ein person i minst 50 % stilling. Kva type person vil vi ha?
 Skal vera ein inspirator
 Helst bu i Stokkalandsmarka, eller ihvertfall er interessert i dei som bur der
 Utadretta/oppsøkjande
DEN NORSKE KYRKJA
Varhaug sokneråd



Kreativ
Ein som ynskjer å byggje kyrkjelyd
Ein som er i ca same alder som dei som bur der (mellom 25 og 40 år)
Prosessen vidare?
I haust har vi tre gudstenester i Stokkalandsmarka, og til våren 3 gudstenester, alle i Stokkalandsmarka
barnehage. Over nyåret set vi saman ein lokal komité. Tilsetjingsprosessen startar så når alle nødvendige
prosessane i sokneråda og fellesrådet er tatt, og når kommunebudsjettet er ferdig.
Scenen i Varhaug kyrkje
Det er mykje arbeid å setje opp og ta ned scenen i Varhaug kyrkje. Dei som gjer dette arbeidet må få beskjed
i god tid om at den skal opp. Vi funderar vidare på dette for å sjå om det går an å få til betre løysingar.
Sundagsskulen i Varhaug kyrkje
Antal gudstenester med sundagsskule har blitt skåret ned på for å spare på dei frivillige i sundagsskulen.
Sundagsskule blir prioritert på gudstenester med dåp. Nokre har gitt tilbakemelding om at dette er for
sjeldan. Denne saka blir tatt opp på neste møte.
Julekos hjå presten
Gaute Øgreid Rasmussen inviterer sokneråd med følge til julekos 2. desember kl. 19.30.
For Varhaug sokneråd
Anna Bergitte Skårland
Sekretær