Les mer i Sunnhordland

Download Report

Transcript Les mer i Sunnhordland

A
Effektive og trygge
L
M
Å
T
E
S
total-løysningar
innan avfallshandtering
Næring AS
110. årg. - Laussal kr 20,-
www.sunnhordland.no
SIM Næring AS
Eldøyane Næringspark, N-5411 Stord
telefon 53 45 66 00
O
L
L
Bu godt
og rimeleg
– ring oss!
ONSDAG 28. september 2011 Nr. 187
H
for private og næringsliv
ALMÅS HOTELL
Tlf. 53 40 99 99
Kjøtteinsveien 60,
5400 Stord
mail: [email protected]
www.almas-hotell.no
www.sim.as
e-post [email protected]
Viste veg til Midtfjellet
Han smilte breitt i går, administrerande
direktør Ole Vidar Lunde i Midtfjellet Vindkraft AS. Då kunne han nemleg visa fram
fleire kilometer med veg til
vindmølleparken på Midtfjellet. Dei nye
eigarane frå Østfold og Drammen er optimistar, og trur vindmølleparken kan
verta ein pengemaskin. Side 6 og 7
Maratondebut
Fleire frå Stord sprang Oslo Maraton
i helga. Mellom dei Ida Kyvik og
Kristi Dramdal som vart klokka inn
til respektable 4,18 og 3,57 timar.
Side 36
BØMLO
Fekk takk
Side 3
KVINNHERAD
Tingingar
Side 2
STORD
Terassepotet
Side 32
DET SKJER DENNE VEKA! G TORSDAG - FREDAG - LAURDAG
Jubileumsfest
med gode tilbod i butikkane!
HANDLEBYEN Heiane
Program og
annonser
Sjå side
9–30
Vi kjøper ditt gull!
Nordens største gulloppkjøper kommer til din by. Kom og selg ditt gull til høyeste pris!
Vi kjøper gull i Leirvik:
To 29/9 - Fr 30/9 kl 1000 - 1730
GRAND HOTELL STORD AS
Osen 5
Vi kjøper alle slags gullgjenstander, uansett hvilken
tilstand de er i, gullklokker eller tanngull. Gullprisen
harblitt firedobblet i løpet av de 10 siste årene.
Akkurat nå er prisen på gull svært høy, og det er
riktig tid å selge gull-gjenstander som du ikke behøver.
GuldTillPengar.se
Er det gull får du betalt for det!
Du kan få pengene overført til
bankkonto eller utbetalt i kontanter.
FraGullTilPenger.no +45 51 17 42
Aldri vert det brukt så mykje energi som når noko skal
hindrast.
ZETH HÖGLUND (1884-1956) Svensk forfattar
90841297
TIPS SMS
1938
40 40 32 40
TIPS
SENTRALBORD 53 45 00 00
6
Sunnhordland
onsdag 28. september 2011
Sprengde veg til vindmøllepa
Det er ingen veg tilbake
i Midtfjellet. No er
bygginga av vindmølleparken i full gang.
I går var det markering av
anleggsstarten i fjellet.
Styreleiar i Midtfjellet Vindkraft AS, Tommy Fredriksen,
fyrte av ei salve, som ein
symbolsk handling på at bygginga
av
vegen
til
vindmølleparken er i full gang.
– Me er veldig glade for at
me får lov å vera med i Midtfjellet, seier Fredriksen, som er
direktør for strategi i Østfold
Energi AS.
Pengemaskin
Saman med Vardar AS frå
Drammen, bladde dei to verksemdene opp 200 millionar kvar
for å overta aksjeposten til
danske Dong Energy i Midtfjellet Vindkraft AS i sommar.
Østfoldingane har stor tru på
prosjektet på Fitjar-fjellet.
– Det kan verta ein pengemaskin, meiner Fredriksen.
Vegen snor seg som ein forvirra slange oppover i det
myrlende landskapet i fjellet.
Førebels er det avdekt cirka
1400 meter veg, og snart er entreprenøren på veg mot der dei
18-23 møllene i fase 1 i prosjektet skal liggja. Store anleggsmaskiner riv opp myra og
erstattar ho med stein og
seinare grus.
Alle som skal opp i anleggsområdet på dagtid, må
bruka hjelm, vest og vernesko.
Turgåarar må innom anleggsbrakkene for tryggingsinformasjon før dei bevegar seg opp
i området. Både sprenging og
bruk av anleggsmaskinar kan
utgjera ein risiko.
– Det er klart at dette er eit
stort naturinngrep, og vegen
vert jo liggjande der til evig tid.
Men når anlegget er ferdig, og
det gror igjen, så trur eg folk
vil setja pris på utbygginga og
læra seg til å bruka området på
ein annan måte, seier Fredriksen.
Dessutan meiner han naturinngrep må vegast opp mot utnyttinga av rein, fornybar
energi, som han meiner vind er.
Østfold Energi har saman med
Vardar AS og Dong Energy 10
år med erfaring i vindmølledrift på Vågsøy i Nordfjord i
Sogn og Fjordane.
– Der har det vore lite
protestar. Men det skuldast nok
at vindmøllene ligg langt unna
folk. Samstundes så ser ein at
lokalbefolkninga har teke i
bruk området på ein heilt
annan måte enn tidlegare, seier
Fredriksen.
For mykje vind
Prosjektet i Vågsøy har vore
plaga med innkjøringsproblem,
men no har pengane byrja å
strøyma inn. Årsresultatet i fjor
var på 3,4 millionar kroner.
– I Vågsøy har me hatt hard
90841297
Her går 200 kilo dynamitt opp i lufta. Snart er 1400 meter med anleggsveg i Midtfjellet ferdig, og neste haust skal vindmøllene vere klar til testing. ALLE FOTO: PER EGIL LARSEN.
vind. På Fitjar er det mindre
vind, men den er meir stabil,
seier han.
Det beste for eit vindmølleanlegg er mellom 5 og 25
meter i sekundet med vind.
Kjem orkanen, vert det for tøft
for vindmøllene å produsera
energi.
– Dei skal kopla ut om
vinden vert for sterk, seier
Fredriksen.
Ein som var nøgd i går, var
administrerande direktør Ole
Vidar Lunde i Midtfjellet Vindkraft. Han sørgde for at grunnsteinen vart lagt ned av
tidlegare, noverande og
framtidig ordførar på Fitjar.
Agnar Aarskog (Ap), Harald
Rydland (KrF) og Wenche Tislevoll (H).
Dei grov ned ei søyle, som
inneheld ein reguleringsplan i
papirformat, i tillegg til ein
minnebrikke og ei CD-plate
med all informasjon om prosjektet.
– Det skal liggja her til evig
tid, sa Lunde.
Fitjar-ordførar Harald Rydland (KrF) var glad han fekk
vera med på å markera dette
før han må hengja av seg ordførarkjeda. Han har måtta tålt
mange skuldingar frå dei som
ikkje har vore einige i
vindmølleparken.
– Dette har vore ein demokratisk prosess, og alle har fått
komma med innspel. No håper
eg bygda kan samla seg igjen,
og gå vidare, seier Rydland, før
han spring av garde. Han skal
nemleg til Stord for å henta seg
elbil.
OLAV RØLI
[email protected]
Motstandarane skal opp
i helga
Representantar for aksjonsgruppa for vern av Fitjarfjellet, har ikkje fått sett på
anlegget enno. Leiar Kjell
Nesbø seier han skal ta seg
ein tur no i helga.
– Me skal syta for at utbyggjarane følgjer reglane dei
har fått. Det er strenge reglar
for anleggsdrift i fjellet, seier
Nesbø.
Sunnhordland
onsdag 28. september 2011
7
arken i Midtfjellet
Tidlegare, noverande og påtroppande ordførarar la ned grunnsteinen på Midtfjellet. Frå venstre
Agnar Aarskog (Ap), Wenche Tislevoll (H) og Harald Rydland (KrF). Ole Vidar Lunde følgjer med i
bakgrunnen. Grunnsteinen var ei søyla, fylt med reguleringsplan, ein CD og ein minnebrikke.
Tommy Fredriksen er styreleiar i Midtfjellet Vindkraft. Han erkjenner at det vil verta store inngrep
i naturen, men at befolkninga vil læra seg til å bruka området når alt er ferdig bygd.
Vindmølleprosjektet
■ I alt er det planlagd å byggja 44 vindmøller på Midtfjellet, i to faser. I byrjinga av september 2011 starta utbygginga av fase 1.
■ I denne første fasen skal det byggjast mellom 18 og 23 vindmøller, om lag
20 km veg og oppstillingsplassar for montering av møllene.
■ Midtfjellet Vindkraft AS eiges av tre eigarar. Fitjar Kraftlag SA (33 %),
Østfold Energi Vind AS (33 %), og Vardar Boreas AS (33 %).
■ Midtfjellet Vindkraft AS hadde eit negativt årsresultat i fjor på 4,5 millioner
kroner.
■ Fitjar Kraftlag SA hadde i fjor eit årsresultat på 9,3 millionar kroner, Østfold
Energi Vind AS hadde eit årsresultat på 3,5 millioner kroner, medan Vardar
Boreas AS hadde eit årsresultat på 249.000 kroner.
■ Vardar Boreas AS er eigd av Vardar AS. Østfold Energi Vind AS er eigd av
Østfold Energi AS. Vardar hadde eit årsresultat på 180 millionar i fjor, medan
Østfold Energi AS hadde eit årsresultat på 266 millionar.
Sjå Boligavisen torsdag – i Sunnhordland!
Selje bustad?
Ring i dag på
53 45 68 80
og be om Gratis Meklartakst
Ådlandslio 72
90841297
Stord
Podlavegen 6
Kvinnherad
tlf.: 53 45 68 80