Føleri og terror

Download Report

Transcript Føleri og terror

14
KULTUR
DAG OG TID FREDAG 30. JANUAR 2015
Føleri
og
Dogmet
borgarkrig
Lita skrift
For femti år sidan kom boka
Dogmet om Jesus av Andreas
Edwien ut på Pax Forlag. Undertittelen var »Om Jesu feilaktige
verdsbilde som grunnlag for
hans uholdbare dualisme, og
for illusjonen om hans oppstandelse«.
14. januar døydde forfattaren, som fødd 11. mars 1921
vart 93 år gamal. Han var ein
norsk idéhistorikar, religionsforskar og forfattar som stod fram
som ein sterk kritikar av den
kristne kyrkja sin teologi, og
som utfordra storleikar som Per
Lønning, Jacob Jervell og andre i
det klerikale hierarkiet. Om Jervell, som var professor i teologi
og ordinert som prest, skreiv
Edwien at han representerte ein
”kriseteologi”, då han freista å
vere både historikar og teolog.
Som konsulent i NRK rådde Jervell frå å omtale av Dogmet om
Jesus. NRK følgde rådet, bygd på
”objektive kriterier»! Det var ein
påstand dei måtte beklage då
forfattaren gjekk til retten.
Sjølv sit eg med originalutgåva frå 1965, med prisen kr
12.50 trykt på framsida. Det var
ikkje den første og ikkje den
siste boka frå Edwien, som i
1948 gjekk til åtak på kyrkja si
helveteslære, som han hevda var
ein del av kyrkjas valdsideologi.
Jens Bjørneboe var ikkje uventa
ein som involverte seg i åndsdebatten. Han skreiv i avisa Orientering at mens religionskritikarar elles gjekk berre halvvegs til
verket, var Dogmet om Jesus «radikal i ordets virkelige mening,
den går til bunns, til kilden, til
roten. Den er lidenskapeleg,
klar og modig”, skreiv Bjørneboe, som gav aviser som ikkje
minst Dagbladet det glatte lag
for skandaløs og kunnskapslaus
kritikk.
Dogmet om Jesus var i 1965
den 25. boka til forlaget som i
1964 starta med Orwells Kamerat
Napoleon / »Animal Farm», pris kr
8.20. Som same år kom Arendts
Eichmann i Jerusalem, James Baldwin og andre klassikarar til overfylte hyller frå anno dazumal.
Og dogmet om Jesus, det lever
enno.
Ja, alle tek avstand frå terroren. Men det hindrar ikkje at
privatiseringa av terroren har tendens til å skyva ansvaret
over på offera.
KAJ SKAGEN
[email protected]
N
edslaktinga av redaksjonsmedlemene i det franske
satirebladet Charlie Hebdo
den 7. januar vart straks oppfatta som ein merkestein i tida,
nett som 11. september 2001 og
22. juli 2009. Terroren i Paris
framstod som ei hending større
enn seg sjølv. Det likna eit varsel
om vêromslag i historia.
ALLE VAR CHARLIE
Dette vart spegla i dei fyrste
reaksjonane her heime. Både i
Saka vart privatisert.
Det dreia seg ikkje
lenger om politikk og
massedrap, men om
menneske som kunne
verta lei seg.
pressa og politikken var nærast
alle samde om ei eintydig støtte
til dei myrda journalistane og
teiknarane. Alle var Charlie.
Slik var det ikkje i 2006
under karikaturstriden rundt
teikning­ane i Jyllands-Posten.
Den gong var det berre Vebjørn
Selbekk som var Charlie. Krimforfattaren Anne Holt tala for
mange då ho sa at Selbekks
publisering av dei danske karikaturane i avisa si var «en pøbelaktig skurkestrek på linje med
obskøne doskriblerier».
MEIR ENN TEIKNINGAR
Men etter hendingane i Paris
oppfatta viktige skribentar og
kulturpersonlegdomar instinktivt symbolikken i saka. Dette
gjeld ikkje berre ein strid om
karikaturar, ikkje eingong berre
ein kamp for ytringsfridomen,
men om den større retten til å
leva livet sitt etter sin eigen personlegdom og trong utan å verta
truga eller myrda av fanatiserte
menneske med særavtalar med
Gud, historia eller nasjonen.
Men jamvel om alle tok
avstand frå ugjerningane i Paris,
var det ikkje alle som kjende seg
heilt som Charlie. Mehtab Afsar,
generalsekretæren i Islamsk
Råd, tala mest om at massedrapa
ikkje måtte føra til meir trakassering av muslimar.
Leiaren for Det muslimske
samfunnet i Trondheim, Ameen
Chilwan, tok avstand frå terror,
men i same andedrag frå karikaturane. Å halda fram med å
publisera teikningar slik som
Charlie Hebdo skulle vera å «be
om bråk». Chilwan etterlyste
difor «strengere regler i media
for hva som kan publiseres».
Tanken hos desse muslimske leiarane, og fleire med dei,
synest å vera at unødige krenkingar av religiøse kjensler vekkjer så sterk harme at valdelege
motreaksjonar er uunngåelege;
difor må ein handsama all religion med respekt og varsemd.
KJENSLEVAR SENSUR
Men dersom folks kjensleliv skal
vera sensurinstans for pressa og
kunsten, så kan begge delar like
gjerne leggjast ned. Likevel finn
ein dette synspunktet langt inn
i kulturmiljøa, som elles burde
vera dei fyrste til å protestera
på slike vilkårlege grenser for
tankemessig og kunstnarleg
uttrykk.
Under oppslaget «Hvilken
rett har vi til å krenke muslimene på denne måten?» gjekk
filmregissør Erik Poppe ut mot
planane om å trykkja opp att
Charlie Hebdo-karikaturane i
alle norske medium. «Vi forstår
ikke hva disse tegningene betyr
for muslimene, hvor fortvilet de
blir», vart Poppe sitert. Dimed
flytte han fokus frå dei myrda
journalistane til den muslimske
folkesetnaden. Saka vart privatisert. Det dreia seg ikkje lenger
om politikk og massedrap, men
om menneske som kunne verta
lei seg.
Også kunstkritikaren Kjetil Røed viste til det heilt ulike
kjensle­livet hjå muslimar, ei
verd vi norske ikkje kan skjøna:
«Mens vi i Norge kan humre av
Muhammed med bombe i turbanen, kan en muslim føle at
hans innerste identitet er under
angrep.» Slike teikningar var
etter hans meining «å gjøre
narr av en gruppe med rasistisk
klangbunn», det synte mangel på
neste­kjærleik og empati. «Vi må
tørre å ikke være Charlie», heitte
det no. Det modige var å kritisera dei drepne. Underforstått
var dei dei skuldige, offera var
dei krenkte muslimane. Ytrings-
Religion, ytringsfridom og blasfemi. 28. januar vart det st
fridomen var berre skalkeskjul
for rasisme og framandhat.
PRIVATISERINGA
Det er ikkje overraskande at
nokre kristne grupper gjekk i
same retning. Verdikonservativ
kristendom har eit kultursyn
som i mange einskildsaker fell
saman med konservativ islam.
Det gjeld òg synet på blasfemi.
Lengst gjekk her pave Frans,
som sa at «ein kan ikkje provosera, kan ikkje krenkja trua til
andre menneske», og illustrerte
dette med å seia at om nokon
«snakkar stygt om mora mi, får
han seg ein på nasen».
Også katolikken Haavar
Simon Nilsen, som avlegg meg
ein visitt i førre Dag og Tid, der
han skriv at «dei som lid mest
under konflikten vi no står i, er
den store skaren av moderate,
meir eller mindre praktiserande
muslimar i Noreg», meiner at
når satire «rammer en religion
og er blasfemisk i sitt uttrykk,
har vi brutt en tålegrense som vi
skal holde oss innenfor».
Ja, alle tek avstand frå terroren. Men det hindrar ikkje at privatiseringa av terroren har tendens til å skyva ansvaret over på
offera, som vert til ansvarslause
R.H.
Arkivert
Eg er ingen høgrepolitikar,
det er pressa som gjev eit
forteikna bilde av meg.
Kåre Kristiansen (KrF) til
Dag og Tid, 4. februar 1975
Karikaturteikningane var etter kunstkritikar Kjetil Røeds
meining «å gjøre narr av en gruppe med rasistisk
klangbunn». Foto: Wikipedia
Erik Poppe flytta fokus frå dei myrda journalistane til den
muslimske folkesetnaden. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Redaktøren av Vinduet, Kaja Schjerven Mollerin, kalla
massedrapa ein «normalreaksjon» på bakgrunn av all
nauda i Midtausten. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
KULTUR
DAG OG TID FREDAG 30. JANUAR 2015
15
NO KJEM HO
notis brød
tore demonstrasjonar i Karachi i Pakistan mot Charlie Hebdo. Foto: NTBscanpix
blasfemikarar som utfordra lagnaden. Ugjerningsmennene på
si side vert til forvilla får eller
Guds forvirra og krenkte krigarar som forsvarar religionen og
verjelause truande.
DET VONDE VESTEN
Ein annan veg til frikjenning
av terroristane går i motsett
lei. Saka vert då politisert i eit
antiimperialistisk perspektiv.
Morda i Paris vert sette inn i ein
stor historisk samanheng med
Frankrike og Englands koloniale framferd, sviket av den arabiske nasjonalismen etter den
fyrste verdskrigen, etableringa
av staten Israel i 1948, USAs krigar i Afghanistan og Irak, vestleg
utnytting av arabisk olje, osb.
Ein får då ei lang liste over
vestlege synder som produserer terror. Terroristane vert no
umyndiggjorde, ja, forvandla til
opprørarar mot imperialismen
med automatvåpna retta mot
undertrykkjarane.
Eit døme på kor langt slik
halvt umedviten rettferdiggjering av terror kan gå, fekk vi
då redaktøren av Vinduet, Kaja
Schjerven Mollerin, kalla massedrapa ein «normalreaksjon» på
bakgrunn av all nauda i Midtausten. «Føler du deg avmektig og marginalisert, og så attpåtil latterliggjort, trigger det
destruktivitet.» Sagt med andre
ord var det teiknarane i Charlie
Hebdo som sjølve hadde «trigga»
automat­våpna til terroristane.
SUBJEKTIV KRITIKK
Eitt av hovudinntrykka av debatten etter terroråtaka i Paris er
dette sterke subjektive draget i
reaksjonane, eit anna er fråværet av konkret informasjon og
analyse av den politiske samanhengen til terroren.
Muslimske leiarar er opptekne av at ikkje muslimane
må få skulda. Mange på venstresida, der migrantmiljø ofte har
teke plasset til proletariatet i ei
sterkt avbleikt marxistisk klassetenking, rykkjer instinktivt ut
i forsvar for denne underklassa,
men forsvarar i røynda mest sitt
eige verdsbilete.
Katolikkar og andre kristne
kjenner fellesskap med muslimane i avvisinga av blasfemi og
forsvarar indirekte seg sjølve når
dei stør reaksjonane mot Charlie Hebdo. Under ligg på førehand ferdige førestellingar om
kva som hende, og korleis det
må skjønast, men utan at denne
innsikta kjem opp i dagen som
faktisk kunnskap. Dimed trugar
debatten med å gå under i reint
føleri. Umerkeleg glid tanke­
gangen mot det vonde; legitimeringa av å svara på kritikk med
Ein annan veg til frikjenning av terroristane går i motsett lei.
Saka vert då politisert
i eit antiimperialistisk
perspektiv.
vald.
KVA HENDE I PARIS?
Men kva var det eigenleg som
hende i Paris? Tre norske intellektuelle har svara på dette og
skil seg ut som dei etter mitt
syn mest interessante deltakarane når det gjeld å skjøna hendingane: Bjørn Stærk med «Det
handler ikke om provoserende
ytringer» i Aftenposten 15.
januar, Sylo Taraku med «Et vei­
skille i karikaturstriden» i VG 9.
januar og Walid Al-Kubaisi med
«Isil ynskjer borgarkrig i Europa«
i Dag og Tid 23. januar.
Bjørn Stærk var den fyrste
som peika konkret på at terroren i Paris er del av ein strid innanfor islam. Stærk kallar dette
»ein islamsk borgarkrig« der det
vert kjempa om framtida til den
muslimske verda, og der dei radi-
kale islamistane er ein minoritet
som med alle middel freistar å
erstatta all tradisjonell islam med
si eiga enklare, nyare tolking.
Det same, men meir konkret,
skriv Walid al-Kubaisi. Terroren i
Paris er etter hans syn sett i verk
av Al-Qaida og IS som lekk i ein
politisk strid der karikatursaka
vert nytta til å oppnå ei polarisering av det europeiske samfunnet. Gjennom terror vil dei
militante islamistane vekkja
angst for muslimane i det europeiske samfunnet. Dei vil provosera fram åtak mot muslimar og
svara på dette med endå meir
terror, til eskaleringa fører til
regulær borgarkrig der dei militante står fram som leiarar for
den muslimske verda.
Noko mindre tilspissa skriv
Sylo Taraku at kampen for å
verna om den fulle ytringsfridomen i Europa er ein kamp mot
maktsentra i den muslimske
verda som står for ein reaksjonær islamistisk ideologi, og samstundes ein kamp mot militante
islamistar som freistar å nytta
polarisering mellom muslimar
og ikkje-muslimar til å rekruttera nye tilhengjarar.
Men Taraku vil ikkje unngå
slik polarisering gjennom å
orsaka terror og innskrenka
ytringsfridom. Tvert om vil han
ha »slutt på å kombinere fordømmelse av voldelige angrep
med forståelse for raseriet mot
karikaturer«, fordi slik kombinasjon indirekte forsvarar religiøse
fanatikarar og legg ansvaret for
valdsbruk på offera.
KJENSLER OG STORPOLITIKK
Etter dette gjeld saka ikkje
kjenslene til såra truande, men
ein storpolitisk kamp om sjela
til islam og makta i den islamske verda. Tillèt vi at religiøse bod og brutal vald får innskrenka fundamentale fridomar
i den vestlege verda, inneber det
at vi gjer etter for reaksjonære
krefter i islam.
Kaj Skagen er forfattar og fast
skribent i Dag og Tid.
Jakob og Neikob-kopp
Kr 169
Berre hos oss!
(Bøkene har vi også)
handlenett.no