Selje Samfundshus 1952-1988

Download Report

Transcript Selje Samfundshus 1952-1988

A/L Samfundshus i Selje
Skipa 1952
foto Leif Lesto
Nokre samtaler med Kåre Hjertenes i januar 2012.
Han fortel både om om planarbeidet og bygginga i perioden
1952 / 1954, og om drifta i mange år.
Han var aktivt med, også som kasserar fram til 1983.
Underskrivne har supplert med seinare stoff.
Dette er ikkje eit komplett historsik skrift.
Dette er meir ei minnebok, og ei oppfatning av notida.
Dokumentkopiar gjev historiske faktaopplysningar.
Fram for alt er viktig å bevare lokalhistoria !
Selje januar/juli 2012
Leif Lesto
Kåre Hjertenes f. 1929, hadde snikkarjobb i Oslo, då far hans, Alfred Hjertenæs, som var
banksjef i Selje Sparebank, vart sjuk.
Han valde å flytte heimatt til Selje i 1952.
Han fekk jobb i Selje Sparebank. Alfred fekk gjennom
eit vedtak i bankens styre om at han – Alfred – framleis
skulle sitje med ansvaret i banken, men at Kåre skulle
vere den som stod for drifta og arbeidet.
Avtalen var for eit år.
Så døde Alfred Hjertenæs, og Kåre vart banksjef.
Kåre Hjertenes vart sentral i «UL Framsteg», og i
planlegging og bygging av
«A/L Samfundshus i Selje» tidlig på 50-talet.
Ungdomslaget var hovedaksjonær.
Kåre var m.a. kasserar for Selje Samfundshus fram til
1983. Ei tid også formann i «UL Framsteg».
Kåre er den siste og einaste no, som har vore med frå starten, og kjenner historia frå fleire
sider.
Etter krigen var det billige tyskarbrakker å få kjøpt.
Bård Berge tok opp tanken om å kjøpe ei slik brakke som ungdomshus. Forslaget vart nedstemt.
På Stadlandet kjøpte dei ei forlegningsbrakke / spisebrakke frå Vestkapp, som vart montert opp i
Nollen. Det var deira ungdomshus så lenge det varde. Seinare vart Stadlandet Grendahus bygd.
Bård Berge forhandla om tomt til Ungdomshus på marka til Mikal Hamre.
Der var eit sentalt område då.
Selje Sparebank sitt bygg var reist der. (Det huset som no er Selje Bedehus).
Kommunale kontor, bibiliotek og bank var samla under eitt tak. Kommunestyret hadde sine møter
der. Bankbygget var også forsamlingshus til 17.mai-feiring, basarar og festar.
Forhandlingane om tomt der førde ikkje fram.
UL Framsteg valde å utsetje saka om ungdomshus til laget sin økonomi var bedre .
Laget hadde då ca kr. 15.000 på bok.
Ul Framsteg og Selje Idrettslag valde ei felles plangruppe for Ungsomshus i Selje. Desse var:
Sverre Hjelmeland, Arne Sæbø, Wald Drageseth, Ragnvald Berge, Leif Berge, Magnus M. Berstad,
Kåre Hjertenes. Sara Hamre var også ein sentral person.
Det vart overført ca. kr. 9000,- til plangruppa for vidare arbeid.
Plangruppa sikra tomt på Klokkargarden sitt område.
Festenummer 64, under Selje Prestegard. Ei standard festekontrakt på 99 år.
Jon Berge og Leif Berge vart valde til å lage utkast til bygg.
Fyrste utkast til tegningar vart lagt fram av Jon Berge.
Leif Berge hadde ikkje fått sett desse tegningane før dei vart presenterte.
Selje Samfundshus si plangruppe forkasta utkastet fordi det virka lite tenleg. Fleire meinte at
bygget mest ville tene idretten sine interesser, sett i forhold til andre kulturelle interesser i bygda.
Det var sterke personar i begge leirar, og drakamp om finansiering, fordeling av tildelte midlar,
hustype osv. Kåre Hjertenes legg ikkje skjul på at det tidvis var konflikter underveis.
Selje Idrettslag sine nøkkelpersonar var m.a. Wald Drageseth, Sverre Hjelmeland, Rolf Hove.
(Ein ser at fleire aktørar deltok på begge sider).
Endelege byggetegningar av Trygve Drageseth (søskenbarn av Wald) vart godkjende, og
detaljplaner kunne leggast.
Sjå detaljar på dei neste sidene, om planene for husprosjektet i aksjeinnbydinga, som var kunngjort i
Fj.Tidende 27.10.1952, samt dei originale aksjonærlistene.
Halldis Hjertenes fortel at ho og Doris Tunold gjekk bygdene rundt for å få folk til å tegne akjsjar.
Mange var interesserte, noken måtte dei knegå. Andre var umulig å overbevise.
For enkelte var 100 kr var litt pengar for den gangen.
Det kan nemnast at prest/lærar/kjøpmann - Olav Roset ikkje ville kjøpe aksje, men leverte ein
konvolutt med kr. 100 som si støtte. Kristoffer Grøndal hadde kun kr. 50, men fekk 1 akjse likevel.
Bildet tatt frå Storehauen 1929 - like ovanfor Selje Samfundshus. (Kåre Hjertenes)
Nedanfor er annonsa om aksjeinnbyding i Fjordenes Tidende 4/12 1952, og aksjonærlistene.
(Eg har valgt å skrive det opprinnelige namnet «Selje Samfundshus»,
sjølv om folk flest sa, og i dag seier Selje Samfundshus)
Finansiering. Innbetalt aksjekapital, dugnadsinnsats, lån i Folkets Hus kr. 30.000, og i
Postsparebanken 50.000, utgjorde den samla finansieringa.
Sverre Hjelmeland som var herreskasserar i Selje, var også AP medlem, og hadde kontakter sentralt.
Han ordna med lånet i Folkets Hus.
Veien bort til Samfundshuset vart lagd etter anvisning av Karl Tystad. Han vart lønna for
arbeidet. Reidar Hamre vart og lønna for veiarbeid. Og Ola Hamre fekk betaling for lastebilbruk.
Dei steinsette veibana med høveleg store steinar med spissenden ned, tett i tett, som ei
brusteinsgate. God stein vart henta i Slagarura med Ola Hamre sin lastebil, Kåre Hjertenes
administererte dugnadsgjengen, med lister over dugnadsarbeidet. Det kan nemnast at Knut Hamre
tegna seg for heile 7 dagars dugnad. Det vart fylt grusmasse på den steinsette veien, og etterkvart
vart veibana svært stabil. Denne veien skulle etter planen fortsette vidare forbi Samfundshuset og
bak i Hauane, og brukast som kommunal vei. Derfor vart det søkt Selje kommune om tilskot til
bygginga. Lita interesse, men det vart innvilga kr. 2000,Dette var ein stabil og god vei like fram til bygginga av Selje Ungdomsskule, då den tunge
anleggstrafikken som kom.
Anleggsarbeidet starta med utgraving av tomt, for hand. Magnus M. Berstad vart byggeleiar. Det
meste vart gjort på dugnad seier Kåre Hjertenes, men meiner at M.M. Berstad hadde litt betaling.
Forskaling og murarbeid på sokkeletasjen var også gjort mest på dugnad. Kåre kallar murtypen
for «prosentmur» . Det betyr at det vart fyllt i maksimalt med stein i betongen, både for styrken
sin del, og for å spare på sand og sement. Reinvaska stein bind godt i betong, og det vart ein sterk
mur, sjølv med lite armeringsjern.
Betongplata over kjeller vart konstruert på ein spesiell måte, også det for å spare jern og masse.
28 stk treformer på 2 m lengde x ca 25-30 cm - vart spikra som firkantrør, og lagt etter eit visst
kryssmønster på botnforskalinga, med litt klaring under. Mellomromma mellom formene vart
armerte på forsvarlig vis. Så vart heile plata støypt i eitt. Det vart betong under formene, og i
«dragarane» som var armerte, og eit topplag over det heile. Dermed vart det holrom der alle
formene låg, og framleis ligg i betongen. Dei sparte mykje med betong, og styrkemessig vart det
tyeligvis forsvarlig.
Hovedetasjen vart murt av vanleg murstein opp til takhøgde.
Torvald Lillebø var sjef for trearbeidet, og gjorde ein god jobb med det.
«Pellahuset»
(Bilde hos Bjarne Sæten)
«Gustenlada» Samfundshus
«Gustenhuset»
Huset vart fullført i 1954 etter planane, og svarde til forventningane.
Stort kjøkken, spisesal, garderobar og toalett nede. Stor sal i 2. etasje, med scene etter Riksteateret
sine krav.
Julius Hartmann utsmykka trappeoppgangen med motiv frå Selje Kloster, over heile veggen.
Likeeins måla han kulissane på sena. Det vart flott og oppsiktsvekkande. Løna for å måle kulisser
og stort lerres-bakteppe på scena, var ei flaske øl pr dag, og gramofonmusikk frå ei plate han
spesielt ønska: «Hvislende dugg». Stor innviingsfest i 1954.
Riksteateretet sine folk meinte at sena var trong, og derfor var det sjelden at dei hadde framsyningar
i Selje Samfundshus.
Kinodrift.
Kinomaskin for 20 mm film vart innkjøpt.
Det var Leif Berge og Arne Sæbø som stod for det, og drifta den ei tid.
Seinare vart det kjøpt inn større maskin. Kåre Hjertenes, som vart kasserar, hadde kontakt med
lånegjvaren – Folkets Hus. Han fekk kunnskap om at kinomaskina i Folkets Hus i Oslo skulle
skiftast ut, og den vart kjøpte inn for kr. 5000. Det var med ein montør til Selje, som brukte nokre
dagar til montering og opplæring av lokal maskinist. Oddmund Tunold tok seg av det.
I mange år var Kjell Hamre ansvarlig for Selje Kino. John Haugen var «kinosjef» i mange år, og
fleire kunne vore nemde.
I årsmeldinga for 1969 vert skrive at onsdagskinoen er dårlig besøkt, og er avslutta.
Sidan TV etterkvart vart alllemannseige, meinte styret at det kunne bli negativ utvikling for kinoen
vidare framover. At dei fleste også har minst ein bil, og kan dra dit dei vil, gjer også at trua på Selje
kino er dalande.
I 1982 blir det likevel kjøpt nytt kinoutstyr for ca. kr. 100.000.
Finansiert med lån kr. 60.000 og med 2 vekslar à kr. 20.000.
I forbindelse med kinodrifta vart det bygd eit tilbygg på austsida, som maskinrom og lager.
Iflg. Kåre var kinodrifta aldri lønnsam, bortsett frå den fyrste tid med 20mmm film, og gratisarbeid.
Kinodrifta er nedlagt for mange år sidan. Norsk Bygdekino hadde framsyningar i fleire år.
Samfundshus vart bygda si storstove, og dei fleste større tilstelningar vart halde der, slik som
bryllaup, basarar, 17.mai osv. (Tidlegare var Selje Sparebank sitt bygg i Hamremyrane fast
samlingsplass).
Alfred Maurstad var med på eit arrangement. Kåre huska ikkje akkurat kva tid. Han fortel at etter
festen, gjekk han ned i garderoben eit ærend. Der sat Paul Berstad og Alfred Maurstad og spela fele.
Han overhøyrde fylgjande replikkar: «Har du høyrt denne Alfred» - sa Paul og drog ein låt på fela.
«Ja, den har eg høyrt !» svara Alfred. Så spela dei den saman vidare.
Dansefestar
Laurdagfestane med dans var populære. Folk i festhumør kom også frå Stadt, frå Silda og søre
Selje, Kjøde og Moldefjorden. Mange lystige historier kunne forteljast om episodar på desse
festane.
Endring av tomtegrenser vart aktuelt då kommunal veg vart lagt aust/vest over hauen bak
Samfundshus, og tok av arealet der. Det var kompensert med nytt areal aust for huset. Festekontrakt
datert 31. mars 66.
Selje Idrettslag nytta garderobe og dusjanlegg i Samfundshus ved fotballkampar og andre
arrangement, fram til Selje Ungdomsskule kom i drift.
Forholdet til bygging av Selje Ungdomsskule.
Tomta for Selje Ungdomsskule har felles grenselinje med Selje Samfundshus mot sørvest.
Pga. ulike tomtenivå ville det bli ein stor høgdeforskjell i grenselinja, til ulempe for Samfundshuset.
Diverse møter vart halde og avtaler gjorde i den forbindelse.
Gravinga gjekk så langt inn på Samfundshuset si tomt, at flaggstanga seig på skeive.
Kloakken frå Samfundshuset vart etterkvart leia inn på skulen sitt kloakknett, etter eiga avtale med
skulen.
Nedanfor avskrift frå eit fellesmøte der partane vart enige om korleis grensa skulle ordnast
permanent.
(Ny avskrift v/ Leif Lesto, av dårlig fotokopi av dokument som Kåre Hjertenes har arkivert).
Selje 27.10.1970
Utskrift av sammøte mellom reprepresentantar og styre i Selje Samfundshus og byggenemnda for
Selje Ungdomsskule.
År 1968, den 2.5. var det møte i representantskap og styre i Selje Samfundshus, der form. i
byggenemnda for skulebygget, samt byggeleiar og skuleinspektør var til stades.
Ein drøfta tilhøve om skuleanlegget som etter planen vil kome noke inn på Samfundshus sitt
område.
Etter å ha drøfta saka og føreteke oppmåling, kom ein fram til semje om at støttemuren i sørvestre
hjørnet av skuletomta, blir lagt i ein avstand frå nordhjørnet av Samfundshuset på 8,5 m, og
vidare at skuleanlegget fører opp ein støttemur paralellt med Samfundshuset, og i høgd med
fyllinga framfor huset.
Elles var det også semje om at skuleområdet mot Samfundshuset blir forysnt med eit solid og
premanent gjerde på overkant på støttemuren, kosta, betalt og vedlikehalde av kommunen, då det
no vil bli ein høgdekilnad på plassen framfor Samfundshuset og vegen rundt skulebygget på ca. 3,5
meter.
Møtet slutt:
Signert av:
Ragnvald Berge. Magnus M. Berstad.
Trygve Berge . Alfred Nore. Jorunn Sæbø.
Sara Hamre. Berta Otnes . Bård Berge. Alfred Vengen. Wald Drageseth. Thorvald Lillebø
Kåre Hjertenes
Rett avskrift.
Kåre Hjertenes
Eg har nedanfor lagt ved div. årsmeldingar, kontrakter, møtereferat osv.
Dei siste to rekneskap Kåre Hjertenes fullførte før han trakk seg som kasserar etter 25 år.
Kåre Hjertenes var kasserar i Selje Samfundshus fram til 1983 – i ca. 25 år.
Huset var nedbetalt før det, laget hadde pengar på bok.
Ulike forhold gjorde at Kåre då fann å trekke seg frå sitt langvarige kasserararbeid.
Etter den tid hadde han ingen ting med Samfundshus å gjere, anna enn som dugnadsmann når det
trongs.
Det vart eit generasjonsskifte ved Kåre sin avgang.
Nye yngre krefter slapp til i A/L Samfundshus i Selje.
Samfundshusets Venner.
Det var ikkje enkelt å finansere drifta av Samfundshus.
Økonomien var kritisk i periodar.
Driftige damer etablerte tidlig «Samfundshusets Venner».
Mellom andre: Berta Otnes, Ella Hove, Solveig Vasseng og Olga Hjelmeland.
Dei samla inn pengar på ulik vis i alle år, og sikra Samfundshus sin økonomi.
Samfunnsutviklinga i Selje på 60-talet.
Ei rivande utvikling starta i Selje på 60-talet, med auka tilflyttinga til Selje. Her var det arbeid å få
på Selje Skjortefabrikk og Selje Bruk. Kommunale arbeidsplassar i administrasjon og helsesektor
auka, og var atraktive. Selje Sanitetsforrening bygde Selje Sjukeheim på Prestereina, og Selje Hotel
vart bygd der tildlig på 70-talet. Det var i det heile ei positiv utvikling i Selje.
(Det faktum at tomtevalet til desse institusjonane tok det mest produktive landbruksareal i Selje,
fall mi familie tungt for brystet ei tid. Eg hadde noken aktive ungdomsår som grønnsakdyrkar der,
som son til forpaktaren i Prestegarden, Lars O. Lesto. Men det er også eit faktum at arealet som då
brødfødde ei familie, no gjev arbeid til fleire 10-talls personar. )
Det største mest «berømte» arrangementet på Selje Samfundshus, var den 11.august 1968.
Kong Olav, kronprins Harald, med sin forlovede Sonja var i Selje i høve 900-års jubilet for
opprettelsen av Selje Bispedøme i 1068. For Sonja var det av hennar fyrste offesielle plikter for
kongehuset. Harald og Sonja gifta seg ca 3 veker seinare, den 29.august 1968.
Selje Samfundshus var dekka til festmiddag for Kongen og heile hans fylgje med Sogn og
Fjordane Fylke som vertskap, for 131 gjester.
Arkitekt Einar Vaardal-Lunde var formann i hovedkomitten.
Ragnvald Berge var formann i den lokale nemnda.
Heile Seljebygda stod på ende den sommaren. «Alle» stilte med nymåla hus, og ryddige hagar.
Nylaga sentrumspark med kvite singelgangar, fontener med lys i, og vakre blomsterbed.
Den drivkvite Seljesanden, og varmt sommarver, gjorde også sitt til at Selje sentrum framstod på
sitt aller beste.
Kåre Hjertenes var ein av dei invitert til kongemiddagen.
Undertegna (Leif Lesto) jobba på kommunekontoret i Selje då – og vart «utkommandert» til
prosjektet på ulikt vis. Var med i nemnda for å bygge festbord i salen. Eg køyrde til Måløy og henta
middagsmaten, fersk laks av utsøkt kvalitet, og fantastiske jordbær frå Gloppen.
Eg var også med i det store servitørkorpset, Vart drilla i alt vi skulle gjere, og utstyrt med kvitt
handkle over venstre underarm. Heile servitørgjengen bar opp dei anretta tallerkenrettane frå
kjøkenet nede. Skjenka i glassa og gjekk til hånde.
Ingeborg Eide, og Konstanse Kristiansen var sjefar for servitørane. Anna Berge (OskarAnna) og
Berta Otnes var lokale kokker. Ein resturatør frå Fylkesbaatane var kjøkkensjef.
Ved pianoet på sena sat den då unge guten, Mangar Aam frå Ørsta, og spela taffelmusikk under
heile middagen.
Det eg huska best var ein episode der ei flaske champagne skulle opnast nær Kongen sin plass.
Korken spratt rett i taket høgt der oppe med eit kraftig smell, og fall ned på Kongens bord. Kong
Olav hadde ein karateristisk latter – og den høyrdes over heile salen.
Eg sikra meg eit bordkort som låg att etter at gjestene var vekk.
Det tilhøyrde «Amanuensis Højen» - kven han no var.
Bordkart i høve Kongemiddagen i Selje Samfundshus 11.august 1968.
Kongen ytra ynskje om å spasere frå Nabbevågen og til Samfundshuset, etter seremonien i klosteret.
Det var folksomt i Selje den dagen. Kansje bortimot 10000.
Kongedoet i Samfundshus.
Jubileumsnemnda, som også skulle ivareta dei kongelige sitt verdslige ve og vel, meinte at
toalettforholda i Samfundshus ikkje var verdige nok. Derfor vart det bygd eit avlukke på eit
tilstøytande rom i 1.etg. Der slo dei opp betongplata i golvet, satte ned eit klosett av høveleg
standard. Dermed var eventull dogåing av geistlege gjester sikra. Om det var kobla til vatn, huska
ikkje Kåre Hjertenes. Om det vart brukt veit han heller ikkje. I så fall gjekk vått og tørt rett i
grunnen. Etter festen vart doet demontert og holet sementert. Det burde reisast ei minnetavle der !!
Det kom eit tidskifte, og eit generasjonsskifte for Selje Samfundshus.
TV var blitt allemannseige. Dei fleste hadde privatbilar til disposisjon.
Arrangementa i Samfundshuset hadde fått fleire konkurentar frå fjern og nær.
Ferre deltok i lagsarbeid i UL Framsteg, dugnadsånda bleikna.
Ein «kjøpte» seg underholdning, i staden for å produsere den lokalt.
Den generasjon som dreiv aktivt, vart eldre, og overlet etter kvart roret til yngre krefter.
Vekslande leiarskap og salg.
Iflg dokumentkopiar var det på 80-talet ofte utskiftingar i styret for Selje Samfundshus. Mange
personar var innom i styret. Kan hende det spegla den lokale samfunnsutvikling.
13 10 1987
Styret i UL Framsteg vedtek å overta Samfundshus.
Dei meinar at huset snart er konkurs.
Ungdomslaget har behov for det til sine aktivitetar, og vil sikre seg huset.
27 10 1987
Årsmøtet i representantskapet for Selje Samfundshus godtek tilbodet frå
UL Framsteg for ein sum på inntil
kr. 100.000, basert på sletting av all gjeld.
09 02 1988
Kontrakt om overdraging. Kontrakta var underskriven av:
Formann i Selje Samfundshus, Knut Djupedal, og
Leiar i UL Framsteg, Arve Åhjem.
10 02.1988
Prestegardstilsynet v/ formann Erling Nerheim skriv erklæring om ovedraginga.
Han tilrår at feste vert overdrege til ny eigar, og oversender til Departementet for
godkjenning.
Representantskapet i Selje Samfundshus peikar ut avviklingsstyre.
28 03 1988
14 06 1988
Skøyte utskriven
Signert av Knut Djupedal for Selje Samfundshus, og av Arve Åhjem for
UL Framsteg.
Selje Samfundshus mai 2012. Foto frå Risnakken v/ Leif Lesto.
Diverse dokumentkopiar ligg ved ./.
Ved denne overdraginga i 1988 var ein epoke i Selje over.
Ungdomslaget Framsteg er på papiret ny eigar av Selje Samfundshus.
Tida etter 1988 har eg ikkje sjekka ut eller dokumentert, men eg nemner nokre alment kjende
forhold.
Nytt tak.
Taktekket vart skifta ut på 1990-talet, då det var utett og ustabilt.
Selje Sanitetsforrening tok storparten av kostnaden.
Nye tilbygg for toalett.
I tida frå år 2000/2002 vart eit tilbygg satt opp, og moderne sanitæranlegg montert. Kloakkledning
kobla til Selje skule sitt kloakknett etter ingått avtale. Ferdigattest 26.11.02.
Det tener dei til ære som stod i spissen for det arbeidet.
Lån kr. 100.000 til formålet utbetalt 18.2.2003.
Moderne kjøkken
Likeeins vart det gjort eit stort arbeid med å modernisere kjøkkenet.
Kjøkkenet framstår no som godt og velutstyrt. Arbeidet vart utført i tida ca 2006/2009.
Selje Sanitetsforrening støtta økonomisk.
Huset blir utleigd til ulike grupper, selskap og til festar.
Selje Skule har i 2010/11 leigd klasserom i matsalen i høve ombygginga av skulen.
I det høvet var montert varmepumpe i matsalen.
I festsalen vart det montert speil på heile langveggen i 2011.
Spleiselag mellom Selje Idrettslag, Selje kommune og Samfunnshusets venner.
Zumba-klubben leiger der 2 kveldar i veka. Godt tiltak for folkehelsa.
Opne spørsmål.
Eigarskap av festenr. 64 under Selje Prestegard, gnr. 56, bnr 1.
UL Framsteg er eigar i henh. til signert skøyte datert 14.06.88.
Men Selje Samfundshus står som eigar/heimelshavar i Grunnboka v/ Statens Kartverk pr.
13.1.2012.
Festetomta nr. 64 under gnr. 56, bnr. 1, er overført til UL Framsteg i henhold til erklæring frå
Prestegardstilsynet 10.aug.88
Hverken Selje Samfundshus eller UL Framsteg er registrete i Foretaksregisteret eller
Enhetsregisteret i Brønnøysund pr. januar 2012.
«UL Framsteg v/kasseraren» ? mottek krav om årleg festeavgift frå Opplysningsvesenets Fond, og
den blir betalt frå kontoen til «Samfundshusets Venner», som er blitt ein driftskonto all drift av
huset.
Skiftande mannskap som no driftar Selje Samfundshus på vegne av Samfunnshusets Venner, veit
ikkje kven som er deira oppdragsgjevar, eller om eigar har eit styre med normal samansetning, eller
om det finnast personar som i dag representerer huseigar.
Det at Selje Sanitetsforrening støttar Selje Samfundshus med midlar, gjer at det framstår som godt
tenleg til ulike formål, til glede og nytte for Seljebygda.
Men veit Selje Sanitetsforening kven dei støttar ?
Selje januar 2012
Leif Lesto