Siste biten på plass, Hordaland folkeblad

Download Report

Transcript Siste biten på plass, Hordaland folkeblad

Tysdag 6. august 2013 | 9 |
Siste bit på plass på Torsnes
Utbyggjarane av kraftverket på Torsnes har venta
lenge på ein stor pakke frå
Kroatia. Torsdag kom han.
Inni var ein 58 tonn tung
generator.
BÅRD VALVATNE
Eigentleg skulle generatoren vore
på plass allereie i vår. Slik gjekk
det ikkje. Fabrikken klarte ikkje å
halda det den lova.
Henning Grønhaug er prosjektleiar for kraftverket på Torsnes.
Han seier at alt det andre har vore
på plass ei stund, og når generatoren no er komen, er den siste biten
i puslespelet på plass.
– Utan generator går det ikkje
an å produsere straum. Turbinen
installerte me i vår, og dei siste
månadene har me trakka vatn og
venta på generatoren. Når han no
er komen, er det ein milepåle. No
kan me truleg produsera dei første
kilowattane i september, seier han.
Lang reis
Den 58 tonn tunge generatoren
har hatt ei lang reise. Han vart
produsert på fabrikken Koncar i
Zagreb i Kroatia. Frå fabrikken
vart han frakta med ein spesialtrailer til Hirtshals i Danmark. Frå
Danmark gjekk turen med danskebåten til Bergen. Frå Bergen
bar det vidare med ferja MF Osterøy til Torsnes. På Torsnes vart
generatoren heisa opp på ei vogn
og trilla dei siste fem hundre metrane inn i maskinhallen, der ei
mobil kran heisa den på plass på
toppen av turbinen.
Grønhaug fortel at denne operasjonen er den mest krevjande til
no i kraftprosjektet. Mykje stort
og tungt utstyr måtte manøvrerast
på små område.
– Difor har me planlagt denne
dagen i meir enn eitt år. Fjellhallen er bygd nettopp med tanke
på denne operasjonen. Turbinen
og generatoren treng ikkje mykje
plass, og storleiken på hallen er
bestemt av kor mykje plass heisekrana trong for å løfta generatoren, seier han.
God planlegging er ikkje alltid
nok. Monteringa av generatoren
gjekk ikkje heilt utan vanskar. Då
dei 58 tonna vart løfta frå ferja til
vogna, braut ein sentral, berande
del i vogna saman.
– Sjølv om vogna var klarert
for så tung last, braut den saman.
Tungt og trongt: Arbeidslaget
held på å buksera den 58 tonn
tunge generatoren på plass inne i
jellhallen.
Foto: Kjell Handegard
Takk vera gode kontaktar fekk me
leiga ei ny vogn frå Søral aluminium på Husnes. Den nye vogna
måtte hentast på Husnes, og av
den grunn vart heile operasjonen
seinka med om lag fem timar, seier Grønhaug.
Krevjande utbygging
Grønhaug har bakgrunn frå Nordsjøen. Der har han arbeidd i tretti
år. Dei siste åra har han hatt permisjon for å vera prosjektleiar for
Fjellkraft Torsnes AS.
Han fortel at arbeidet med
kraftverket har vore krevjande.
– Mange entreprenørar og leverandørar har vore involverte,
og alt dei har levert, må passa
nøyaktig saman for at kraftverket
skal fungera. Det har vore mykje
arbeid å halde orden på alle trådane. Bakgrunnen frå Nordsjøen
har vore nyttig. Tungt monteringsarbeid har eg mykje erfaring med,
seier han.
Kraftverket i Torsnes har ikkje
ei demning som samlar opp vatn.
Det betyr at kraftproduksjonen er
avhengig av vassmengda.
Grønhaug seier at Fjellkraft
AS allereie har avtalar om sal av
krafta selskapet produserer, og
krafta frå anlegget i Torsnes vil
verta seld gjennom desse avtalane.
Det naudsynte nettet er allereie på
plass.
Nøyaktig kor mykje kraftutbygginga har kosta, vil ikkje
Grønhaug ut med. Prosjektet kjem
i hamn godt under budsjettet, forsikrar han.
Lite vedlikehald
Om det har vore mykje arbeid å
gjera anlegget klart, så vert dagane langt rolegare når anlegget
først er i drift.
– Dette er eit automatisert anlegg som treng lite vedlikehald.
Når det først har byrja produsera
straum, kjem det i stor grad til å
passa seg sjølv, seier Grønhaug.
Kruse Smith entreprenør AS
har hatt hovudansvaret for utbygginga. Likevel har lokale føretak
fått sin del av kaka. Grønhaug ønskjer å gje ros til dei mange lokale
handverkarane og leverandørane
som har bidrege.
– Gjennom dette arbeidet har
eg kome i kontakt med mange selskap både i Jondal og i Kvam som
eg ikkje var klar over. Alle har
gjort eit strålande arbeid og skal
ha sin del av æra for at utbygginga
har gått så bra, seier han.
Kva han sjølv skal gjera når
kraftstasjonen er ferdig, er Grønhaug usikker på.
– Det kan henda eg går attende
til jobben i Nordsjøen. Eller kanskje går eg her med ei pussefille i
baklomma og passar på at alt fungerer som det skal, seier han.
Pakke frå Kroatia: Godt pakka inn i grøn presenning står generatoren frå Zagreb på kaien på Torsnes.
Langvegsfarar: Generatoren vert heisa på land etter å ha kome den lange vegen frå Zagreb i Kroatia. Den siste
etappen frå Bergen til Torsnes vart han frakta med ferja Osterøy.
Siste bit i puslespelet: Pakken frå Kroatia er opna og trilla inn i jellhallen. Prosjektleiar Henning Grønhaug
seier han er letta over å få generatoren på plass.