Transcript Infoslipp
INFO SLIPPEN No. 1/ 2015 På veg til «Vårskjelven» for snart 100 år sida, langt tøffare klima for motorsyklistar den gang… Innhald: -Referat frå årsmøtet 2014 -Årsmelding 2014 -Rekneskap for 2014 -Aktivitetar 2015 Referat frå årsmøtet 21. november 2014. Tid og stad: Fredag 21.11. klokka 19:00, Gange Rolv MC sine lokale, Skutvika, Ålesund. Tilstades var: Arild Gravdehaug (s), Geir Eide(s), Atle Morsund(s), Nina Jones(s), Torgeir Båtnes(s), Terje Slåtten, Lars Røsok, Oddbjørn Vågnes, Jørn Høydal, Torgeir Vatnehol, Roar Indergård, Tor Arild Malin, Bernhard Øyangen, Geir Rønnestad, Runar Sæthre, Øystein Melbø Helgesen, Inge Bjermeland, Robert Sandberg, Janne Fladmark, Bjørn Rønnestad, Kenneth Hansen, Kirsti Lysberg, Jan Olav Røysland, Arnfinn Hammerø, Leif Karl Skorpen, Thore Gagnat, Hans Morten Midtsand (s)=styremedlem 1) Godkjenning av innkalling: Dei frammøtte hadde høve til å komme med innvendingar til møteinnkallinga, men slike kom ikkje og møtet vart sett 19:35. 2) Val av ordstyrar: Arild Gravdehaug 3) Val av referatskrivar: Torgeir Båtnes 4) Årsmelding: Årsmelding frå formannen vart opplest av møteleiar. Ingen kommentarar frå årsmøtet. Årsmeldinga ligg ved referatet. 5) Reknskap: Reknskapet vart lagt fram slik som det ligg ved dette referatet. Økonomien er god. Inntekter på om lag 77.229,- er frå Vårskjelven, kontingent og julebordet. Utgifter er 53.593,- : Vårskjelven (36.771,-), 10% av verdier (telt, vogn etc..) er avskreve (totalt 7.850,-), leige datasystemer (nettside), julebord (mat), premier (Vårskjelven). Totalt eit driftsoverskot medrekna avskrivingar på 23.636,Kontantar i kassa er 1.617,- og på bok er der 44.189,Reknskapet vart godkjent av årsmøtet. 6) Val av nytt styre: Desse verva var på val: Formann, Skrivar og Treffansvarleg. Valnemnda har arbeidd med saka, og har spurt sitjande skrivar om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til. Valnemnda har arbeidd med saka, og har spurt sitjande treffansvarleg om å ta ei periode til, og det sa ho seg viljug til. Valnemnda har spurt sitjande formann om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til. Årsmøtet si innstilling til dei verva i styret som er på val er: * Formann * Skrivar * Treffansvarleg : Arild Gravdehaug : Torgeir Båtnes : Nina Jones valperiode 1 år valperiode 2 år valperiode 1 år Årsmøtet si innstilling for formann, skrivar og treffansvarleg vart einstemmig innklappa. Atle Morsund held fram som heimesideansvarleg/pressetalsmann. Ny valkomité for 2015 vert Jørn Høydal og Bjørn Nybø. 7) Aktivitetar/Fredagsmøta 2015, sjå vedlagt liste. Innkomne saker: 8) –Kiosk/sekreteriatvogna gis bort til Tresfjord Røde Kors. Baklykter må plukkast av og erstattast med Biltemabaklykter på førespurnad frå Torgeir Vatnehol, då det er MZ baklykter på vogna, og disse er for verdifulle til å gje vekk. Utstyret til klubben vert vidare lagra hjå formann Arild. Forslag frå T. Vatnehol; få til ei ordning, betalt, der eigaren av Skoglund Camping lagrar utstyret for klubben. Evt. sponse utbygging av lagerskur. Slik at Vårskjelven i framtida ikkje krev «stor» logistikk, med hengarar, køyring hit og dit, etc.. Dette har vore lufta tidlegare med eigaren, utan å ha kome til mål. Årsmøtet meiner styret nok ein gong bør ta kontakt med campingplasseigar for å få på plass denne ordninga. 9) –Atle Morsund sit i styret i NVMC sentralt. Klubben slit med å finne arrangør for Skogsløpet 2015 ettar at Gjøvik og Finnmarksavd. har takka nei til forespurnadar frå NVMC sentralt. Atle har spurt styret i NVMC Sunnmøre om dette er noko lokalavdelinga kan arrangere. Skrivar har forslått evt. arrangering innanfor tilsvarande rammer som Vårskjelven, for enkelheits skuld – Skogsløpet er trass alt ikkje større enn Vårskjelven, sett i antal deltakarar. Atle har gitt styret i NVMC førebelse positive tilbakemeldingar, og NMVC sentralt vil då komme med forespurnad om lokalavdelinga kan arrangere Skogsløpet anten i 2015 eller 2016. Frå benkane: - Det kan tenkast at lokalavdelinga kan arrangere Skogsløpet i 2015, men då som ein «Skogskjelv», der ein sler saman Vårskjelven med Skogsløpet, og arrangerer dette i Juni 2015. - Dette er mogeleg for Vårskjelven å vekse på å arrangere Skogsløpet, då deltakarar på Skogsløpet, som vanlegvis ikkje kjem til Vårskjelven, kan få sjå kor flott plass Vårskjelven vert arrangert på og kor flott stemning det er der. Vi kan, ved å dra erfaringar frå arrangeringa av tidlegare Vårskjelvar og m.a. BSA International 2013, verkeleg «briljere» med eit slikt arrangement. - Det einaste som skil Skogsløpet frå Vårskjelven er sjølve løpet på laurdagen, som kunne tenkast å erstatte fellesturen på ein Vårskjelv. Det Vårskjelven har som ikkje Skogsløpet har hatt, er ei meir «sosial» ramme kring treffet, både på fredagskvelden og laurdagskvelden. - Ein skal og tenke på at Vårskjelven er eit «hellig» treff, ei merkevare, som ein skal vere varsam med å «tynne» ut med andre aktivitetar. - Kva med å gje styret sentralt signal om at istadenfor å arrangere Skogsløpet, so kan klubben sentralt heller støtte opp om eit treff pr. år, som hevast til løpstatus, og på sikt etablerer ei ordning som erstatter Skogsløpet. Årsmøtet stiller seg totalt sett lunken til forspurnaden, då berre 1/3 av årsmøtedeltakarane slutta seg til forslaget om å arrangere Skogsløpet, etter at ei handsopprekking. 10) Eventuelt: Kontingenten aukast? Nei, ikkje no heller. Vert som tidlegare 100,- året. Årsmøtet vart so heva klokka 21:00, og vi gjorde oss klar til å innta årets julebord. Styret for 2015: Formann: Arild Perry Gravdehaug Selneset 6393Tomrefjord tel. 952 50 534 [email protected] Skrivar: Torgeir Båtnes Aurhølå 18A 6036 Mauseidvåg tel. 957 80 975 [email protected] Kasserar: Geir Eide Valle 6260 Skodje tel. 702 76 005 mob. 941 48 609 [email protected] Treffansvarleg: Nina Jones Tuenesvegen 15 6006 Ålesund tel. 920 80 973 [email protected] „Native american art“, er det ikkje det det heiter… Pressetalsmann: Atle Morsund Ola Fladmarksveg 6 6412 Molde tel. 712 76 043 mob. 408 43 772 [email protected] Til slutt gjer vi medlemmane merksame på: -Medlemskontingent 2015 Denne er kroner 100, og må betalast inn v.hj. av giroblankett lagt ved denne forsendinga.De som ikkje har betalt for 2014 vert oppmoda om å betale vedlagt purring omgåande. Frist for innbetaling er sett til: 31. Mars 2015. Vi i styret ynskjer dykk alle ei God Jul og eit velsigna, innhaldsrikt Godt Nytt År! Årsmelding 2014 for NVMC avdeling Sunnmøre Enda ett år er tilbakelagt. Ja det er så en kan få inntrykk av, at åra er blitt noe kortere. I alle fall har vi lagt bak oss, en av de fineste somrene i mans minne, og den som ikke har fått luftet motorsykkelen i år, må ha en god forklaring. Klubbåret, har vært på det jevne, med fredagsmøter, og Vårskjelv. Medlemsmassen har vel heller ikke forandret seg nevneverdig, foruten at vi er ett år eldre. Fredagmøtene har vært jevnt over bra besøkt, med ett snitt på ca 12 personer. Men som sagt før, det er plass til flere. Kjenner du noen som kunne være interessert i ”rølping ”rundt det meste av mekanikk, så ta de med. Til de som ikke møtte, dere gikk glipp av mange gode historier. Men det skulle ikke forundre meg, om de ikke blir fortalt også neste år, og sikkert enda mer detaljert, og dramatisk. Så møt opp. I året som gikk, har vi vært på Slinningen hos Benna. 12 stk møtte opp for å se boksere i forskjellige stadium. Alltid hyggelig å komme hit, selv om verten kan bli litt utagerende. I februar hadde 18 stk tatt turen til Langevågen for å bivåne motorsykkelverkstedet til Runar Sætre. Det kan være kjekt å få se, hvordan profesjonelle motorsykkelreparatørene arbeider, og gi oss ett og annet tips. Mars var satt av for ett møte i Rosenes by. Atle tok i mot 9 utsendinger fra avd. Sunnmøre, samt noen lokale. Her ble det mulighet for å ”gløse” på de mange syklene til verten, samt å få en lytteprøve på trimma trømoped. Formannen tok imot 10 stk for kaffe, og godsnakk, i april. Her fikk vi også benyttet anledningen til årets første styremøte, for litt planlegging av Vårskjelven. Nina hadde som vanlig, det aller meste under kontroll. Årets mai tur gikk av stabelen allerede den 27/4, til Åndalsnes, og Syltes historiske bensinstasjon. Formannen hadde lovlig frafall da han var på studietur til Stafford. Men etter bilder å bedømme, ser det ut som 3 sykler, og 5 personer møtte? Vårskjelven gikk av stabelen første helga i juni, som vanlig. Dette ble ett av de bedre besøkte, og styret har inntrykk av, at deltakerne trives på ett litt rolig treff, uten for mye ståhei. Skrivaren tok i mot medlemmer på Fiskarstrand verft i september. Her ble det omvisning på ett av nybyggene, samt kaffe og knask. Fredagsmøtene ble avsluttet i oktober, med butikk, og verksted besøk hos AMS. Geir Rønnestad gaida oss igjennom en stort og rikholdig butikk, og ett flott verksted. Økonomien til klubben er sunn. Og driften i 2014 har ikke forverret denne. Dette tar kassereren mer om i neste sak. En årsmelding burde vel ta opp noen vyer for fremtiden, men det ser ut som medlemsmassen er rimelig fornøyd med tingenes tilstand. Styret har i hvert fall ikke registrert noen større ønsker til forandring. Formannen vil på vegne av styret, ønske alle medlemmer en god jul, og ett godt nytt år. Så håper vi at vi enda flere av oss vil møtes i det nye året. Styret har i år bestått av følgende: forman Arild Gravdehaug, kasserer Geir Eide, skriver Torgeir Båtnes, treffansvarlig Nina Lynn Jones, og hjemmesideansvarlig Atle Morsund «Indian Squaw» Reknskap 2014 for NVMC avd. Sunnmøre Aktivitetar Vinter / Vår 2015: Fredag 09. Januar Arild P. Gravdehaug tek imot oss heime i si eiga stue, på Selneset v/Tomrefjorden. Ring Arild P. på 952 50 534 om du treng GPS koordinatar. (NB!: Flytta møtestad frå marsmøte) Fredag 06. Februar Tor-Arild Malin tek imot oss på Borgund Vidaregåande Skule, billinja. Det vert omvisning, der ymse testutstyr og undervisningsmateriell vert demonstrert. Kaffi og knask vert det og tid til. Ring Tor-Arild på 913 81 247 for informasjon. Fredag 06. Mars Vi skal ut til ’Furtebua’ til Bernhard Øyangen. Den ligg på Lingehaugane 1, Slinningen, Heissa pr. Ålesund. Ring Benna på 900 66 094 og kom til ’Furtebua’ og furt i lag med andre furtne motorsyklistar denne kvelden. (NB!: Flytta møtestad frå januarmøte) Fredag 10. April Vi vonar at våren kjem for fullt i april, og sadlar opp for ein tur til Rekdal, der Jan Olav Røysland tek vel imot oss på den raude Sjøbua. Ring Jan Olav på 977 38 751 for info. Søndag 26. April ?? Fellestur til vårtreff for veterane og klassiske køyredoningar på to og fire hjul på Brødr. Syltes historiske bensinstasjon, Mjelva, Åndalsnes. For oppdateringar om dato, kontakt skrivar Torgeir Båtnes på telefon 957 80 975. Sjå www.nrkk.no for info og bileter frå tidlegare treff. Fredag 01.-03. Mai Lars Røsok inviterer oss til Harøya/Finnøya, der det vert opplegg med overnatting og moro. Meir info kjem etter kvart på heimesida www.nvmc-sunnmore.no og på fjøsboksida vår. Ring Lars på 926 02 664 for info og påmelding (overnatting). 05. – 07. Juni VÅRSKJELVEN 2015 Sjå eiga annonse i Sidevogna og på www.nvmc-sunnmore.no Aktivitetar Hausten 2015: Fredag 04.-06. September Torgeir Vatnehol arrangerer tur til Trandal med overnatting og åtgaum. Meir info kjem etter kvart på heimesida www.nvmcsunnmore.no og på fjøsboksida vår. Ring Torgeir Vatnehol på 928 13 390 for info og påmelding (overnatting). Fredag 02. Oktober Skrivar Torgeir Båtnes tek imot på Fiskerstrand Verft AS på Sula. Denne fredagen kan det verte høve til å få ei omvisning om bord på nybygga til Boreal Transport Nord A/S, som er avanserte, LNG drevne pendelferger, samt generell åtgaum kring storskjermen med diverse Youtube-snuttar og løgne opplevingar. Ein skvett kaffi og knask vil det og vanke på pauserommet til teknisk avdeling. Ring Torgeir Båtnes på 957 80 975 for info. Fredag 20. November Årsmøte/julebord 2015. Eiga innkalling vert sendt ut. Henderson Six – prototype, som det ser ut til å ha vore laga fleire eksemplar av – både «offisielt» og «privat»? Noko for dei kreative i klubben å lukte på? Støype ei blokk, maskinere ei veiv, smi ei rame… resten er vel hyllevare?