av Toralf Tveiten - Kulturnett Aust

Download Report

Transcript av Toralf Tveiten - Kulturnett Aust

”Mellom Sjøhattar og engelskmenn”
av Toralf Tveiten
Heim til Eiken
November 1942
I 1942 flytta me til Eiken. Me skulle bu på Skogly, hjå onkel Pål. Han var den eldste broren til
mor. Dei var mest like gamle.
Onkel På1 budde åleine i eit stort, kvitmåla hus. Uthuset var raudmåla. I fjøset var det sauer,
kyr, ein hest, mange høner og ein flott hane.
Det kom ofte folk som ville tala med onkel Pål. Eg visste det ikkje då, men seinare fekk eg
vita at han var med i det hemmelege arbeidet mot tyskarane. Nokre av dei som kom på besøk, var
på flukt frå Gestapo. Dei måtte røma til Sverige eller til England. Om ikkje dei kom seg vekk, kunne
dei bli arresterte og koma i tysk fangenskap.
Me skulle feira jol på Skogly saman med onkel Pål. Flyttelasset gjekk i november. Men det
var ikkje snø. Grusvegen var berr, heile vegen frå Kvås til Eiken.
Me hadde mange flyttelass med hest og kjerre. Torleiv hadde køyrt høy frå Moi til Skogly
mange gonger den hausten. Me skulle
Ha med oss både hesten og alle tre kyrne til Skogly. Difor måtte me ha mykje høy.
Det var langt å køyra med hest frå Kvås til Eiken. Ei heil dagsreis kvar veg. Å jaga kyr etter
vegen tok endå lengre tid enn å køyra med hest. Kyrne går seinare enn hesten. Difor måtte me
begynna å gå tidleg om morgonen.
Torleiv skulle leia dei tre raudkollene, og eg skulle gå saman med han heilt til far tok oss att
med hesten og flyttelasset på firehjulsvogna.
Den første timen gjekk det greitt. Frå Moi til Kvåsfossen hadde eg gått før. Når det var
sommarleir på ungdomsskulen, hadde ungdomane utflukt til Kvåsfossen. Vatnet spruta frå fossen og
opp på brua over elva. Somme gonger kunne ein sjå regnbogen i vassspruten som stod som ein fin dusj
høgt over brua.
Det såg fint ut. Men ein måtte springa fort over brua, elles blei ein våt.
Elva som lagar Kvåsfossen, heiter Lygna. Ein gong på skulen spurde læraren kva den lengste
elva i Noreg heitte. Eg retta opp handa, for det var eg sikkter på eg visste.
-- Lygna, svara eg.
Lygna var den største elva eg visste om. Ho gjekk heilt frå Eiken til Lyngdal.
Det måtte vera den lengste elva i verda.
Men svaret var ikkje rett. Sverre, ein av dei andre gutane i klassen visste at Glomma var den
lengste elva i landet vårt. Eg blei veldig impnert då han svara rett, for eg hadde aldri høyrt om den
elva før.
Sverre var flink til å hoppa på ski også. Læraren vår, Arne Stuestøl, arrangerte skirenn på
Vemestad skule. Etterpå sende han premielista til Farsunds Avis. Der stod det at Sverre hadde fått
første premie og at eg hadde fått andre premie. Men det var visst berre to deltakarar i vår klasse. Det
stod det heldigvis ikkje noko om.
Dei tre raudkollene var ikkje ivrige til å gå. Når dei såg ei grastuste i vegkanten, blei dei
svoltne og ville helst ha matpause. Av og til måtte dei få lov til å eta litt.
Grønt gras fanst ikkje, for det var seint om hausten. Graset var grått og vått i vegkanten og
overalt elles også. Men det var ikkje snø og is. Berre blautt og grått.
Somme stader var det ein liten sementkumme i vegkanten der det samla seg vatn som hestane
kunne drikka. Det var mange som køyrde med hest på den tida.
Bilar såg ein sjeldan. Dei som hadde bil, kunne ikkje køyra så ofte som dei ville, fordi det var
lite bensin å få kjøpt. Bussane køyrde på generator. Det var mest som ein stor omn der dei fyrte
med ved. Knott kalla dei det. Lastebilar og drosjebilar kunne også køyra på knott.
Me gjekk i fleire timar. Eg kan ikkje minnast at me møtte ein einaste bil. Me hadde vegen for
oss sjølve. Eg trur me hadde ein eller to matpausar. Elles var det berre å gå og gå og gå heile dagen.
Då me kom til Jåddan, møtte me ei kone på vegen. Eg trur ho gjekk med stav i den eine handa.
Eg syntest ho såg litt rar ut.
- Kor skal de hen? spurde ho og såg på oss.
Heile kona såg ut som eit stort spørsmålsteikn.
Torleiv smilte lurt då han svara:
- Me skal til himmelriket.
- Å-å-å, svara kona. - Ska de det?
Ho stoppa opp og såg frå den eine til den andre. Så snudde ho seg rundt og gjekk vidare.
Seinare fekk eg vita at ho var sjuk på forstanden. I gamle dagar hende det at slike folk fekk
tilsyn og hjelp av vanlege folk på ein eller annan gard. Det var ikkje så mange sjukehus for slike folk
då som nå.
Då me kom rundt svingen, like før jernbanestasjonen på Snartemo, då kom far med hesten og
flyttelasset på firehjulsvogna.
Gjett om eg blei glad.
Men eg var visst både sur og sinna også. Det har Torleiv fortalt meg etterpå. Eg var sur og
sinna fordi far korn så seint. Eg trudde han skulle koma tidlegare. I fleire timar hadde eg gått og venta
på han. Endeleg kom han, så eg fekk sitja på kjerra og køyra frå Snartemo til Skogly.
Eg veit ikkje om eg sat og sov. Men det eg veit, er at eg hugsar ingen ting frå køyreturen frå
Snartemo til Eiken.
Mor tok bussen frå Moi til Eiken med Aslaug og Asbjørn. Dei var fire og seks år gamle.
Systera mi heiter Aslaug, men me kalla henne Syste. Det kalla me henne heilt frå den første dagen
etter at ho blei fødd.
Somme gonger kalla me Asbjørn for Appelaisen. Det var namnet han gav seg sjølv før han
greidde å seia namnet sitt.
Om kvelden var både folk og dyr komne fram til Skogly, trøtte og svoltne. Der var onkel Pål.
Han venta på oss. Han hadde god plass i huset sitt. Sjølv budde han i den halvdelen av huset som
vende utover mot Kvernøyan. Me skulle ha den halvdelen som vende oppover mot kyrkja og
Hekkfjellet. Far hadde vore med og bygt huset seks år tidlegare. Før me flytta til Kvås, budde me der.
Så dette var mest som å koma heim att.