Kjempar for lågare fart

Download Report

Transcript Kjempar for lågare fart

VASKERI
Åpent man-fre 07.30-15.00
Vasker alle typer tøy
Alt innen VVS, vannboren varme,
varmepumper og baderom.
Tlf: 53 43 16 60
Nr. 32 – 58 årg.
Avd. Hatlestrand - Tysnes tlf. 40 40 65 06
Laussal kr. 25,00
TORSDAG 19. AUGUST 2010
Kjempar for lågare fart
80 kilometer i timen er for høg fartsgrense på dei smale
vegane til Reksteren. Det meiner drosjesjåfør Reidun
Sellevåg. Men Statens vegvesen har ingen planar om å
setja ned fartsgrensa.
– Fartsgrensa er 80 heile vegen utover. Men det er ikkje
vegtilhøve til så høg fartsgrense. På nokre strekkjer må
Høg begerføring
Siglarlaget Njord/ Tysnes
hadde all grunn til å feira då
dei arrangerte jubileeumsfest
laurdag. Det er 75 år sidan
laget vart oppdretta, 25 år
sidan båtlagsnaustet Nordstø
stod ferdig i 1985, og dei hadde
æra av å arrangera det 30. NM
for oselvarar.
ein køyra i 30-40 for å køyra forsvarleg, seier Sellevåg.
Ho meiner det er kritikkverdig av vegvesenet å operera
med så høg fartsgrense.
– Dette er ein kamp som har pågått i minst åtte år, men
vegvesenet har ikkje gjeve noko tilbakemelding i saka.
Side 6
Full fart mot skulestart
Side 14 - 16
Populær
loppemarknad
Drivhuset ved Lunde senter
var fylt til randa både med folk
og lopper sist laurdag. Det var
Lunde bygdelag som arrangerte loppemarknaden. Då dagen
var omme, var det kome inn
kring 32.000 kroner. Eit resultat bygdelaget godt nøgd med.
Side 17
Etterlyser reelt
språkval
Kristoffer Gjerstad (t.v.) og William Raknes Leithe er samde om at lekser antakelegvis vert det kjekkaste med skulen. – Me har faktisk aldri hatt lekser før, berre
førskuletrening. Og det er jo ikkje det same, fortel dei.
Børge Pedersen vil at dottera
skal læra spansk, men Tysnes
skule har berre fransk. Han har
søkt om privat opplæring for dottera. Tysnes kommune seier nei.
Kristoffer Gjerstad og William Raknes
Leithe har fleire ting til felles. Dei er
begge 5 ½ år, skal bli fotballproffar når
dei vert store, og sist men ikkje minst;
dei har sin fyrste skuledag i dag.
Ingen av dei synest det er dumt at ferien er over og skulen tek til. Tvert imot.
Kristoffer fortel at det faktisk er litt kjede-
leg med ferie i lengda. Dessutan går dei
fyrste dagane på skulen ut på å ha det
kjekt.
Side 13
Side 15
”
– Eg vil oppdaga ting på eiga hand og forstå kvifor ting er som dei er.
Morven Muilwijk som skal til Afrika i fire månader Side 12
Tips oss !
53 43 22 20
14
TYSNES
Torsdag 19. august 2010
«Teddy» frå Hjellestad
Seilforening. Dei enda til
slutt på ein tolvteplass.
Laurdag og søndag arrangerte Siglarlaget
Njord/Tysnes NM i sigling for
klassa Oselvar Spri. 24 oselvarar deltok i meisterskapen. Beste Tysnes-båt kom
på fjerdeplass.
Det var i fjor at oselvaren
vart kåra til Noreg sin nasjonalbåt av Redningsselskapet.
Noregsmeisterskapen
på
Bjørnefjorden er fyrste oselvar-NM sidan båttypen mottok
den nye tittelen.
Elles kan dette seiast å vera
eit NM for jubileum. Dette var
den 30. meisterskapen for oselvarar.
I
tillegg
feira
Siglarlaget Njord/Tysnes 75års jubileum, båtlagsnaustet
«Njordstø» hadde 25-års jubileum, og det var i år 65 år
sidan Oselvarklubben vart
stifta. Alt dette vart markert
under siglarfesten laurdag
kveld.
Bra vêr
Oselvaren er ein tradisjonsrik
båt, og sjølv om den i dag er
utstyrt med rigg i aluminium
og nye segl, er båten stort sett
lik den tidlegare generasjonar
nytta
i
dagleglivet.
Konkurransen i helga vart
segla med 8m2 sprisegl. I kvar
båt var det ein rormann og eit
mannskap på to. Blant konkurrentane kunne ein finna
båtar laga i fyrste halvdel av
1900-talet, medan andre nyleg
var sett på sjøen. Seks seglasar vart sigla i helga. Fire fyrste dagen, og to på søndagen.
På laurdag såg det ei stund
mørkt ut, då vinden svikta.
Heldigvis endra dette seg, og
forholda tok seg opp. Utover
ettermiddangen vart det flott
siglvêr for deltakarane. Trass
noko svak vind på søndag var
stemninga god, og to seglasar
vart sigla siste dagen i meisterskapen. Søndag ettermiddag var det premieutdeling på
kaien framføre båtlagsnaustet.
Under premieutdelinga fekk
medhjelparar utdelt kvar sin
jubileumskopp frå båtlaget.
Denne fekk også alle som
hadde vore med som siglarar i
meisterskapen. Etterpå vart
trofé delte ut til siglarane på
dei åtte beste plasseringane.
Ei utmerking som var ny for
året, var Nasjonalbåtprisen.
Denne vart gitt til rormannen
på båten som kom på fyrsteplass.
Vellukka NM
– Eg har hovudsakleg to para-
Nasjonalbåt-NM i
meter som bestemmer om ein
seglas har vore vellukka. Den
eine er smilande fjes, og den
andre er lite arbeid på juryane. Dette har me hatt, og me
har også hatt eit flott NM.
Slik starta president i Noregs
Seilforbund, Peter L. Larsen,
talen under premieutdelinga i
Våge.
Etter laurdagens seglasar
kunne presidenten fortelja at
forbundet plar å ha ein representant på kvart NM som vert
arrangert i sigling. NM for
oselvar spri er berre eitt av
mange sigl-NM i år.
– Kombinasjonen av meisterskapen og alle jubilea som
skulle markerast i Våge gav
oss ein god setting å vitja
Siglarlaget Njord/Tysnes på,
forklarer Larsen. Han tykkjer
fyrste dagen har gått svært
bra.
– Gjengen lokallaget har
hatt med seg både under førebuingane og under gjennomføringa av meisterskapen, har
gjort ein flott jobb, rosar presidenten.
Vidare legg han til at det
var kjekt å sjå at vêret tok seg
opp utover dagen. Ein må ha
minimum fire seglasar for å få
godkjent NMet. Larsen forklarer at det stundom er vanskeleg for klubbar å få nok
påmelde til slike meisterskapar, då det lyt vera 20 påmelde båtar eller meir. Med tanke
på at det er tre personar i
kvar båt, er det snakk om ein
god del siglarar som pløgde
bølgjene på Bjørnafjorden i
helga.
Tradisjon for gull
Carmecita stakk i år av med
tittelen Noregsmeister i oselvar spri. Det var Olav Endre
(15), Christian og rormann
Olav H. Østervold som førde
båten til siger. Dei tre generasjonane Østervold segla for
Austevoll Seilforening.
– Nøkkelen til å vinna? Det
er vel det å vinna seglasane
vil eg tru, ler rormannen etter
premieutdelinga. Familien
har delteke med Carmecita i
Noregsmeisterskapen kvart
år sidan dei fekk båten i 1993.
Til no har dei motteke tre
gull, tre sølv og tre bronse i
NM-samanheng.
Olav vedgår at trioen kanskje ikkje nyttar nok tid i oselvaren, og at den gode båten
Carmecita kanskje skal ha litt
av æra for dei gode prestasjonane.
– Me har vore borti havseglarar og liknande båtar,
men det er noko fasinerande
og nostalgisk ved oselvaren,
slår Christian fast. I tillegg til
dette er far, son og barnebarn
samde om at det er noko eige
med fartskjensla ein får i
nasjonalbåten når det blæs
skikkeleg. Det er når vinden
ruskar i håret og ein lyt pressa ned ripa for å ikkje kollsegla at det verkeleg er spanande. Denne kjensla er noko
av det som gjer at yngstemann, Olav Endre, vil oppmoda andre på hans alder om å
gje oselvaren ein sjanse.
– Det er ein utruleg kjekk
båt å segla, avsluttar den
unge gullvinnaren.
God hjelp
Olav Andersen var regattasjef
i helga. Han tykkjer meisterskapen har gått kjempebra.
– Me har hatt lageleg vind,
og eg trur den har gjeve deltakarane like forhold, fortel
Andersen. Vidare fortel han
at det var 24 båtar som deltok, og at 23 av desse fullførte.
Dette var fordi eine oselvaren
fekk
mastehavari
fyrste
dagen. Årets NM er 8. eller 9.
som vert arrangert av
Njord/Tysnes.
– I tillegg til hjelp frå lokale krefter har me også hatt
god hjelp utanfrå. Kjell
Totland frå Milde Båtlag har
gjort ein flott jobb i NM-komiteen. Milde stilte også med
merkebåt. I tillegg kom Lars
Einar Sandtorv frå Hjellestad
Seilforening med startbåt. Me
er svært takksame for all hjelpa, avslutta regattasjefen.
TYSNES
Torsdag 19. august 2010
15
«Knuppen» sigla for Njord/Tysnes. Siglarar var Arild Gjerstad,
Robert Dalland og Ole-Kristian Dalen.
Tysnesbåten «Seira» med Sindre Økland, Åshild Økland og Svein
Økland nytta høvet til å slappa av etter at dei passerte mål.
«Terna» i god stil over Bjørnafjorden.
Tysnesbåten «Spretten» med rormann Kåre Gjerstad og mannskap Alexander G. Kleppe og Andreas G. Kleppe.
Olav Endre Østervold hiv knyttneven i veret og seglar inn til
siger i seglas 2 på laurdag i båten Carmecita. Dei vann også
NM i Oselvar Spri.
Barnebarn Olav Endre (15), son Christian og far Olav H.
Østervold vann gull i NM for oselvar i helga.
Våge
Resultat 6 seglasar 14. og 15. august
President på jåttutstilling
Pl. Båtnamn
Rormann
Mannskap
Klubb Poeng
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
Olav H. Østervold
Nils-Ove Nipen
Andreas M. Iversen As.Sf
Jan Vee
Terje van der Meeren
Erling Nesse
Svein Økland
Kjell Magnus Økland
Jan-Erik Christophersen
Stein Olav Drange
Gisle Didriksen MB
Øyvind Epland
Kåre Gjerstad
Kjell Totland
Anders Jelmert
Trond Østervold
Nils Arne Fosse
Erlend Marius Henriksen
Arild Gjerstad
John Arne Opstvedt Os.Sf
Torunn Nødland
Lars Grøteide
Ove Gjerstad
Christian Østevold / Olav E. Østervold
Ove G. Nipen / Harald Nipen
Morten-Joh. S. Steene / Kristian Holst (Hj.Sf)
Lars N. Grøteide / Jan M. Hansen (MB)
Gro van der Meeren / Frode van der Meeren
Birte Sture / Inger Lise Milde
Åshild Økland / Sindre Økland
Vegard Aslaksen / Sigvard Madsen
Mats Christophersen / Jan Christophersen
Lene Visthoff Drange / Hilde Visthoff Drange
Sigmund Sandvik / Rolf Jacobsen S N/T
Bernhard Gjerstad / Kristin T. G. Kleppe
Alexander G. Kleppe / Andreas G. Kleppe
Bjørn Rasmussen / Kjell Milde
Øistein J. Skjolddal / Håvard Rabben
Olav O. Østervold / Karsten Møkster
Stig Arild Fosse / Yngve Bjarte Berge
Torgrim Henriksen / Gaute Henriksen Hj.Sf
Robert Dalland / Ole Cristian Dalen
Thor Aakre S N/T / Mikkel Bjørge
Eli Flatråker / Sunnøve H. Malkenes
Bjørn Magnus Larsen / Marte S. Grøteide
Baard Gjerstad / Heidi Gjerstad
Aus.Sf
MB
Aus.Sf
S.N/T
Aus.Sf
MB
S.N/T
S.N/T
Hj.Sf
MB
MB
S.N/T
S.N/T
MB
Aus.Sf
Aus.Sf
S.N/T
MB
S.N/T
Os.Sf
S.N/T
S.N/T
S.N/T
Carmecita
Terna
Hyggen
Berserk
Ægir
Ulrik
Seira
Fenrir
Teddy
Stegg
Kryss
Glimt
Spretten
JO
Lilland
Margrethe
Sørvik
Bambi
Knuppen
Fant
Luna
Harvey
Olaien
«1 Bambi « beste start 2. løp laurdag 14. august, 2,3 sek. Vinnar av Startpokal
«85 Hyggen» beste start 1. løp sundag 15. august, 11 sek. Vinnar av Startpokal
21.7
30.7
31.7
35.4
46.7
48.0
56.4
63.7
66.0
70.0
74.7
79.0
86.7
96.0
99.0
101.0
103.0
104.0
105.0
112.0
127.0
142.0
149.0
Fredag ettermiddag
var det celebert selskap på jåttutstillinga
i Våge. I samband
med noregsmeisterskapen i oselvarsigling vitja presidenten
i Noregs Seilforbund
flytenaustet i Våge.
– Presidenten, Peter
L. Larsen, hadde fått
tilbod om å koma
innom for å få eit lite
innblikk i jåtthistoria.
Det ynskte han, og
Larsen og formann i
Njord/Tysnes tok fredag turen nedom lokalet i Våge, fortel Kjell
A. Lunde. Han og Hans
Ole Dalland stilte opp
som representantar for
venelaget som står bak
jåttutstillinga.
Det
var
Lars
Grøteide, formann i
siglarlaget, som hadde
ordna med besøket.
Lunde fortel at presidenten på førehand
hadde blitt informert litt
om bakgrunnen for den
sterke tilknytinga til
jåtthistoria på Tysnes.
– Me set stor pris på
at presidenten i siglarforbundet ville koma å
sjå på visningssenteret. Då Larsen skreiv i
gjesteboka på utstillinga, kom det tydeleg
fram at han var imponert over både historia
og utstillinga, slår
nestleiar i venelaget,
Kjell A. Lunde, fast.
Framover vil utstillinga vera open for besøkjande i helgene. I tillegg til dette vil kystsogevekene vera på jåttutstillinga 4. september.
16
TYSNES
Torsdag 19. august 2010
Siglarlaget heidra veteranane
Siglarlaget Njord/ Tysnes
hadde all grunn til å feira då
dei arrangerte jubileeumsfest
laurdag. Det er 75 år sidan
laget vart oppdretta i
Vonheim i 1935, 25 år sidan
båtlagsnaustet Nordstø stod
ferdig i 1985, og dei hadde
æra av å arrangera det 30.
Noregsmeisterskapen for
oselvarsigling. Høgdepunkta
for festen vart utdeling av
æresprisar, talar, og publisering av ny nettstad for siglarlaget.
Sigling er enkelt og nynorsk
Leiar i siglarlaget og vert for
kvelden, Lars Grøteide, starta
med å seia nokre ord om namnet Siglarlaget Njord / Tysnes,
som har skifta namn fleire
gonger oppover åra. I 2008
valde laget å endra det tidlegare Båtlaget til Siglarlaget.
– Dette namnet beskriv godt
kva me gjer i sporten vår, og kva
siglarlaget står for. Dessutan er
det for oss viktig å halde nynorsken i levande bruk, argumenterar leiaren.
Deretter nytta han høvet til å
promotera for den nye nettstaden til laget. På Sigling.no kan
ein fylgja Siglarlaget gjennom
nyhende, terminlistar og bilete.
– Frisk sigling gjennom 75 år
Kjell Magnus Økland tok over
merksemda då han fortalde historia til siglarlaget i presentasjonen «75 år på sju minutt».
Han viste fram bilete av høgdepunkta til laget oppover åra.
Økland drog fram Siglarveka i
1989, Eli Sandvik sin 16. plass i
VM for brettsegling
og då
Åshild Økland tok gull i NM i
1998, som store hendingar for
siglarlaget.
Ein kunne også sjå ei perle av
ein amatørfilm frå sommarregattane i 1956, laga av Helge
Åkre.
det siste æresmedlemmet alltid
set interessene til laget høgast,
og stiller opp som arrangør kvar
gong han får førespurnad om
det.
Gratulantar frå alle hald
Jubileeumsfesten var på langt
nær berre for Tysnesingar, også
siglarane under NM og besøkande frå andre siglarklubbar
tok turen. Representantar frå
Tysnes
kommune,
Os
Seilforening, Milde Båtlag,
Austevoll
Seilforening
og
Oselvarklubben slutta seg til
gratulantane. Mest stas var det
nok at presidenten i Norges
Seilforbund, Peter L. Larsen,
var til stades. Han synest det
var flott å kunna vera med på
eit slikt arrangement.
– Dette var ein flott fest verdig jubilanten, og ei perfekt
ending på ein god siglardag,
konkluderer sunnmøringen.
Presidenten trekte fram det å
vera i kontakt med oselvaren
som eit høgdepunkt med NM på
Tysnes. Han mottok ei bok om
Oselvaren frå Siglarlaget i
gåve, og ser fram til å læra meir
om båten.
– Det er ein elegant, kvikk og
sjarmerande båt utan monstermast, smilar Larsen som sjølv
er aktiv i siglarsporten.
Under Tysnesbesøket hadde
han også høve til ei omvising i
jåttmuseet på øya.
– Godt høve til å treffa andre
siglarar
Deltakar i NM og medlem i jubileumskomiteen, Åshild Økland,
har
ei
lang
historie
i
Siglarlaget.
– Eg byrja å sigla regatta i
Oselvar då eg var ti, og deltok i
mitt første NM då eg var 13 år.
Under dette NM er ho mannskap i båten «Seira» saman med
bror Sindre og far Svein
Økland. Ved sidan av siglinga,
er festen noko av det ho har sett
fram til under siglarhelga.
– Jubileumsfesten er eit godt
høve til å treffa kjende folk i
siglarmijøet, smilar ho.
Overraskande æresmedlem
Nøgd leiar
– Alle lag og organisasjonar er
avhengig av personar som yt
ekstra mykje av seg sjølv for det
dei brenn for, sa ordførar Helge
Hauge i sin tale til siglarlaget.
I år var det fleire som skulle
hedrast for sin innsats for laget
oppover åra. Kåre Gjerstad,
Torodd Nødland, Olav Andersen
og Svein Økland, som alle er
medlem i laget, mottok ærespinsar for deira innsats for
Siglarlaget Njord/Tysnes.
Leiar Lars Grøteide tok så til
ordet og trakk fram enda eit
æresmedlem som ikkje var
medlem i Njord/ Tysnes, men i
Milde Båtlag.
– Det står i reglementet vårt
at enkeltpersonar som skiljer
seg ekstra ut, kan verta æresmedlem, tala han og ropa fram
Kjell Totland til ståande applaus frå publikum.
Grøteide kan ikkje få rosa
Totland nok. Han fortel at utan
Totland, hadde ikkje Oselvaren
vore konkurransebåt den dag i
dag. Siglarlaget verdset høgt at
Lars Grøteide var svært godt
nøgd med sluttresultatet av
arrangementet.
– Det er viktig for siglarlaget
å kunna markera eldsjelene, og
gje dei den heider dei fortener.
Grøteide set også pris på
besøk frå øvste hald i Norges
Seilforbund.
– Det er uvurderleg å ha presidenten her. Det viser at
Seilforbundet har interesse av
mindre lag og Oselvaren som
siglarbåt.
Han stikk fram at oselvaren,
som Siglarlaget Njord/ Tysnes
siglar, er Noregs nasjonalbåt, og
den båten som har blitt brukt
lengst samanhengande i konkurransar.
– Me håpar at eit vellukka
NM og ein fest som dette kan
bidra til å løfte interessa for
Siglarlaget Njord/ Tysnes,
avsluttar han.
Kåre Gjerstad viser fram æresmedaljen han mottok frå Siglarlaget Njord/Tysnes.
Av Nina Sundfjord
Æresmedlemma saman med presidenten i Norges seilforbund og leiar i Siglarlaget Njord/ Tysnes.