Fotograf Berti frå Firenze

Download Report

Transcript Fotograf Berti frå Firenze

12

– Torsdag 10. oktober 2013

Tips kånn:

[email protected]

Tlf. 35 95 19 45 Christiansen fekk kulturpris

Sauherad kommune delte for første gong ut «Ungdommens Kulturpris» under Norsk Eplefest 2013.

Kulturkontoret peikar på at det var mange gode kandidatar, og at ein er stolt over at det er så mange flinke ung dommar i Sauherad. Årets prisvinnar er trialkøyraren Marius Christiansen (17). Juryen viser til merittlista hans i år: Noregsmeister junior, Nordisk juniormeister, EM-rundar i Tjekkia (15. plass) og i Italia (12. plass).

Christiansen har opptil 100 reisedøgn i året, er ein gut som trenar kvar dag og går på Bø vidaregåande skule.

Prisen er på 10.000 kroner, diplom og blomster.

Fotograf Berti frå Firenze

Italienaren Luca Berti (34) er på fototokt i Noreg. Han jaktar på menneske, kultur og natur.

Øystein Akselberg

[email protected] – tlf 906 38 453

Prosjektet er eit samarbeid med Norsk folkemuseum og ei rekkje folkemuseum rundt i landet, blant anna Telemark Museum. I Bø har Berti blitt teke godt imot av Finn Rønning ved Bø Museum som har hjelpt han med tips om folk og stader han kan besøke.

Berti driv som profesjonell foto graf i København. Han er eigent leg frå Firenze i Italia, men har budd i Danmark i seks år nå. Han har sitt eige firma med kontor og atelier, men der stoppar likheita med dei fleste andre fotografar i dag.

Store format

Berti arbeider nemleg hovudsak leg med analoge apparat og i store format. Med seg til Noreg har han blant anna eit Linhof Technika frå 1970-talet, som er eit storformatkamera med negati ver i storleiken 10x12 tommar.

– Det går i store format og mest i svart-kvite bilete, forklarar han, og viser korleis han set inn filmplatene han kallar chassis.

Dei kan ta eitt bilete på kvar av sidene av filmplata.

Fotografen er i Noreg og Telemark for å lage ein fotodoku mentar om landlege kulturar i vårt århundre.

Samarbeid med museum

– Eg fotograferer portrett av spennande folk eg møter på min veg. Helst litt spesielle og «gam maldagse» folk som har ei histo rie å fortelje, seier han.

Gamle gardar og kyrkjer kan vere aktuelle rammer for bileta hans.

Lokale fjes

– Målet er utstilling og bok neste år, seier Berti, og legg til at pro sjektet er ganske ambisiøst. Han mark, Setesdal, Voss, Hardanger, Sogn og vidare nordover til både Lofoten og Finnmark.

– Det skal vere eit kunstnarleg fotoprosjekt, seier fotografen, som har teke mange bilete av folk og stader i Bø og omland allereie.

Nokon av dei han har besøkt er Ole Bernard Oterholt, Aslaug Wilhelmsen, Styret i Bø Samtale lag, Hanne Aamodt, Nils Flatland, Finn Rønning, Per og Ingrid Tveiten i Lunde og dei to brørne som driv med telemarks kyr på Kleiv på Nordagutu.

– Den beste dagen min i Telemark var fredagen på Dyrsku’n i Seljord med mange fine folk og dyr, seier han, og legg til at gamlekyrkja i Bø og Nes kyrkje også var flotte bygg.

Han har vore på fleire rundar i Telemark, og gjerne på sykkel.

Blant anna tok han turen Hørte Lunde-Flåbygd-Kilen-Fjåge sund Kviteseid-Seljord-Bø-Hørte på tråsykkel med tungt fotoutstyr i bagasjen.

Berti lovar å sende nokre bile te til Bø blad når det nærmar seg utstilling.

Med glimt i augo

. Italienaren Luca Berti er på fotojakt i Noreg og Telemark for å fotografere folk han møter på sin veg.

Møtte ulv ved Seljordsvatnet

Toralf Tresland har opp levd eit sjeldan og nært møte med ulv. Frå berre tjue meter kunne han studere det digre dyret.

Øystein Akselberg

[email protected] – tlf 906 38 453

Det har vore mange ulveobserva sjonar i Telemark i haust. Nyleg kom meldingar frå Kviteseid og Flatdal om ein streifande ulv.

Derifrå er det ikkje langt til streif.

Gjekk over vegen

Det var sist torsdag ved 19-tida at Tresland var på veg i bilen sin langs Garvikstrondi ved Seljordsvatnet i retning Bø. Då han hadde kome like forbi Ulve neset såg han eit stort dyr framfor bilen. Dyret kryssa vegen og lunta nedover jordet.

– Eg er ikkje i tvil. Eg var berre 20 meter frå ein stor ulv. Den var verkeleg diger. Han kikka på meg, og viste ikkje teikn til å vere redd, seier Tresland.

Ulven gjekk over eit jorde, langs eit lauvkratt og ned mot vatnet. Så kom han opp att og forsvann i småskogen. Tresland køyrde ned ein veg på jordet for å kikke etter han, men såg han ikkje att.

– Eg hadde ikkje særleg lyst til å gå ut av bilen sidan eg ikkje hadde noko å forsvare meg med om eg skulle gå rett på han, seier han.

Møte med ulven varte i cirka fem minutt og Tresland hadde derfor god tid i å observere ulven.

Stort dyr

– Den var mykje større enn ein stor sjæferhund, slår han fast, og er ikkje i tvil om at dette var ein stor ulv.

Tresland seier han også tidle gare har vore i nærleiken av ulv då han såg ferske ulvespor frå to ulvar som hadde gått forbi ski trekket på Lifjell i 1983. Tresland målte den gongen poten til den største til heile elleve centimeter.

Også i november 2012 blei det observert spor ved Jønnbu og langs skogsbilvegen frå Vihus til Lifjellvegen. Poten blei her målt til i overkant av 10 centimeter.