Artikkel s. 1 - Skogkompaniet

Download Report

Transcript Artikkel s. 1 - Skogkompaniet

24
TROLLHEIMEN RUNDT
Onsdag 23. februar 2011
.
Gjer innhogg i nye ma
Skog-Kompaniet er gasellebedrift og nominert til årets bedrift. Det gjer noko
med sjølvtilliten og ambisjonane å vere i så fint selskap. – Men framleis er
tømmerskogen beste staden å vere, tykkjer Lars Bjarne Mauset.
Han er medeigar og skogsentreprenør frå Øvre Surnadal, men
har i prinsippet heile landet som
arbeidsplass. Dei siste vekene har
han og Ponsse-maskina vore i
sving oppe i Vindøldalsvegen.
– Her har vi rydda trasé for ein
ny skogsveg for det lokale veglaget. 900 meter innover Øykjedalen, under Bankaren for
lokalkjende, er det no rydda ei
gate i skogen, og klart for vidare
arbeid. Snart blir det mykje meir
lettvint å drive skogen her, og vi
reknar med aukande aktivitet i
åra framover, seier Mauset. I tillegg skal det ryddast noko lenger
ned mot bygda, i samband med
at Vindøldalsvegen skal leggjast
om.
– Vi skal leggje til rette for omlegginga med å rydde unna skog,
og tek i tillegg noko langs vegkantane, for å betre utsikt og arbeidsforhold for Mikkelsen
Maskin som har fått konsesjon
for drift av grustaket oppi her,
seier Mauset.
PRISDRYSS: Sjefredaktør Amund Djuve (til venstre) i Dagens Næringsliv overrekte prisen for Årets gaselle i Møre og Romsdal 2010, til SkogKompaniet AS i Surnadal, ved dagleg leiar Kristen Bruset og gründer
Lars Dalsbø.
Han har drive skogen all sin
dag. I 2000 slutta han med
gardsdrift og dreiv tømmerhogst
og skogrydding gjennom sitt eige
firma. i 2006 var han med og etablerte Skog-Kompaniet saman
med Lars Erik Virum, Ivar Egil
Gjøra, Arnt Inge Ranvik, Per
Gunnar Sande og Lars Dalsbø.
Motivasjonen hos dei fem skogsentreprenørane den gong, var å
samle kreftene og sikre meir arbeid, samt å bidra til lokal verdiskaping.
Selskapet har på det meste hatt
rundt 30 personar i arbeid. I dag
er dei12 tilsette, som fartar landet
rundt på oppdrag. Ein eventyrleg
vekst i åra etter oppstarten,
gjorde at Skog-Kompaniet vart
kåra til årets Gasellebedrift i
Møre og Romsdal i 2010. Sjølv
med nedgangskonjunktur og krisetid i 2008 og 2009, opplevde
TØMMERMANN: Lars Barne
Mauset er medeigar og driv
skogsarbeid på fulltid for SkogKompaniet over heile landet.
VEGRYDDING: Vegkantrydding inn mot Todalen sist veke, i regi av traktorførar Svein Ove Holten og skogsarbeidar Njål Fiske. Skog-Kompaniet skal rydde 35 mil langs hovudvegar i Rindal, Halsa og Surnadal fram til
1. november.
ALLE SORTAR: Slip, skurdtømmer, laftetømmer, bjørkaved og olderved. Utvalget er assortert når ein skal
hogge ut skogsvegtrasé i nordmørsskogane, seier Lars Bjarne Mauset.
selskapet sterk vekst, noko dagleg
leiar Kristen Bruset delvis forklarar med krisepakkane som kom
frå sentralt hald.
– Vi vaks under finanskrisa, då
krisepakkane sørga for at vi
kunne halde fullt trykk. Då krisemidla tok slutt, måtte vi omorganisere. Vi opplever at det har vore
krevjande både å takle hurtig
vekst og nedgang etter vekstperioden. Vi er ei forholdsvis nyetablert bedrift, og ting har skjedd i
høgt tempo. Særleg første halvår
2010 var tøft med låg aktivitet.
Men vi kjem ut med eit lite overskot for fjoråret, noko vi er godt
nøgde med. No merkar vi ein aukande etterspørsel etter tømmerhogst, og pila peikar igjen
oppover, seier han optimistisk.
Nyleg kom nyheita om at
Skog-Kompaniet er nominert til
årets bedrift i fylket. Kristen Bruset seier det er utruleg motiverande å bli slik merksemd til del,
men at det skal noko til å nå opp
i eit så godt selskap to gonger på
kort tid.
Oppdragstypen har endra seg
noko dei siste åra. Bruset fortel
at dei no har bra oppdragsmengde, og at desse i hovudsak
kan delast i fire typar:
– Skogrydding langs veg har vi
mykje av som underentreprenør
for Mesta og Kolo Veidekke.
Innan 1. november, skal vi ha
rydda 35 mil langs alle hovudvegar i Rindal, Halsa og Surnadal.
Akkurat no er eit lag i sving med
vegrydding i Halsa og eit inne i
Todalen. Vi har dessutan hatt
ryddeoppdrag i Oppdal, Meldal,
Rennebu, Nesset, Tingvoll,
Gjemnnes og Sunndal dei siste
åra.
Vidare driv Skogkompaniet ordinær skogshogst av tømmer. Dei
to skogsmaskinene er viktige redskapar som forenklar og lettar det
fysisk tunge arbeidet ute i terrenget mykje. No er dei i forhandlingar for å skaffe seg ei ny
hogstmaskin. Fornying er viktig
for firmaet som tek oppdrag over
heile landet.
– Vi har vore både i Finnmark
og i Agder på oppdrag, seier Bruset.
Ein tredje «fot» for Skog-Kompaniet, er linjerydding for kraftselskap og jernbanerydding for
Jernbaneverket. Slike oppdrag får
dei jamt og trutt.
– Sist men ikkje minst tek vi på
oss ulike konsulentoppdrag. Og
her ser vi at vi kan ha potensial til
å vekse framover, seier Kristen Bruset.
Mellom oppdraga kan nemnast
vikartenester til Surnadal kommune i samband med permisjonen til skogbrukssjefen i fjor. Frå
nyttår tok selskapet over ansvaret
for tilsyn med Opplysningsvesenets Fond sine eigedommar i fylket. Det vil seie prestegardseigedommane.
– Vi har òg to mann i sving i
samband med planlegginga av dei
såkalla «monstermastene» til Statnett i Hardanger. Eller rettare, dei
er involvert i oppfølginga av
hogstbiten, og bidreg i anbodsprosessen for avskoging av linjetraseen, presiserer Bruset.
Noko av grunnen til at SkogKompaniet har lykkast med
HEILE LANDET: Skog-Kompaniet tek oppdrag
ver for dei 12 tilsette. Lars Bjarne Mauset (til ve
satsinga, trur Bruset er at dei frå
starten har hatt fokus på rask respons og godt arbeid.
– Vi flytter maskiner og folk på
kort varsel, og har dyktige tilsette
som står på og er glade i jobben
sin. Vi har kompetente folk i alle
ledd, både når det gjeld skogsarbeid, maskinførarar og høgskuleutdanna innan skogfaget.
Risikoviljen hos eigarane, har
også vore viktig, legg han til.
– Dei seks eigarane har vore
offensive, og satsa eigenkapitalen
fleire gonger i vekstfasen. No er
vi over i ein fase der vi skal styrke
posisjonen vi har vunne i markedet. Vi har ein god ordrereserve
no, og har tru på at det blir eit år
med bra aktivitet, siere Kristen
Bruset.
Rita Aarnes
[email protected]