Hordaland T26111309

Download Report

Transcript Hordaland T26111309

tysdag KULTUR
HORDALAND 26. NOVEMBER 2013
9
Fallhøgd: Kristine Nilsen Oma viser det uføreseielege, det skremmande, det såre, det skyhøge og det nitriste som fylgjer eit liv med rus, både for den narkomane og for dei som lever
tett på.
Vondt og vakkert
om tabu-tema
– Eg ynskjer å visa at narkomane også er menneske,
seier Kristine Nilsen Oma.
Gjennom ord og dans
formidlar ho sin
vanskelege oppvekst.
– Eg hugsar kjenslene meir enn episodane. Og eg hugsar at det viktigaste av
alt var at ingen, INGEN, måtte få vita
det. Difor sa eg aldri noko. På skulen
var eg best. Utanfor skulen var eg
ingenting. Men eg dansa. Eg dansa,
dansa og dansa, nesten tvangsaktig.
SÅ INDERLIG VEL. Faren kunne slå, han
terroriserte og var ustabil, men han
var også den som fekk dottera til å le,
sanselaust. Faren er ein mann ho var
og er glad i, men som også har påført
familien sår som dei på kvar sine vis har
bearbeidd og levd med.
For Kristine sin del, var dans og yoga
terapi, og fyrst i trettiåra klarte ho å
snakka med nokon om oppveksten sin.
Gjennom ei rekkje framsyningar av
«Far, far away» har ho nådd ut til eit
stort publikum, som får beinharde fakta og kjensler. Med seg har ho Øyvind
Hegg-Lunde på slagverk, ein glitrande
jazz- og improvisasjonsmusikar som
lagar ein fin tråd i stykket.
DU MÅ IKKE TÅLE. Sundag framførte
dansekunstnar Kristine Nilsen Oma sin
performance «Far, far away» i galleri
Basement på Voss. Stykket kom til etter
ein work-shop, der ho improviserte til
ein tekst ho hadde skrive om oppveksten med ein narkoman far.
– Eg fekk offentleg støtte til å jobba
fram ei forestilling, men eg utsette det
i det lengste, fordi eg hadde ein sterk
indre motstand mot å gå inn i alt det
vonde.
DEN URETT SOM IKKE. Performancen
startar med at Kristine Nilsen Oma sit
naken og samankropen inntil veggen.
Ho reiser seg sakte og smertefullt. Med
bøygd hovud og hender som skjuler
nakenheita, skjelvande og nølande vandrar ho tett inntil rekkja av publikum.
Det er åndelaust stilt. At ho er naken,
tenkjer ein ikkje over. Det ein ser, og
kjenner på kroppen, er det såre og det
useieleg einsame.
Kleda kjem på, fasaden er på plass,
ord og ytre framtoning dekkjer over
korleis ein har det på innsida. Men det
ligg der, sjølv om ein reiser «Far, far
away», slik Kristine gjorde. Ho studerte
og jobba i utlandet i mange år, for å få
sin eigen oppvekst på avstand.
RAMMER DEG SELV. Å vera narkoman
er å falla utanfor, ikkje høyra til inne i
varmen. Du vert ein som alle andre kan
gå forbi, eit problem som ikkje vedkjem
oss andre. Du vert omtala turt i statistikken, av nyhendeopplesarar eller sett
på som eit upersonleg prosjekt av invaderande terapeutar.
– Eg ynskjer at publikum skal
kjenna på ein røyndom som finst i
dag, og måtte forhalda seg til det.
Det vedkjem oss alle. Viss det er nokon som lir, er det ingen som kan ha
det skikkeleg godt, meiner Kristine
Nilsen Oma.
anne rivenes | tekst og foto
[email protected]
STERKT: Dansekunstnar Kristine Nilsen Oma og jazzmusikar Øyvind Hegg-Lunde i galleri Basement på Voss.