Den teknologiske utviklinga har gjort sjeldne bergarter meir

Download Report

Transcript Den teknologiske utviklinga har gjort sjeldne bergarter meir

6
NYTT
Fredag 21. oktober 2011
Den teknologiske utviklinga har gjort sjeldne bergarter meir interessante:
På jakt etter kvarts og feltspat i Iveland
Det kan i desse dagar bli skrive eit nytt kapittel i gruvehistoria i Iveland. Kommunen som er verdskjend for minerala sine, er denne hausten arena for omfattande kjerneboring etter kvarts, feltspat og sjeldne jordartsmineral. Det er selskapet Norse Minerals AS i Kristiansand som driv prøveboring
på Nils Frøysaa sin eigedom Rugdevollen på Frigstad.
Tekst og foto:
Sigurd Haugsgjerd
Tor Utsogn i Norse Minerals AS
seier til Setesdølen at selskapet alt
har satsa store summar på
registreringsarbeid og prøveboringa
som no er i gang. Den fremste fag-
lege ekspertisen på området er henta inn. Prøveboringa blir gjennomført av selskapet Sør-Norsk Boring
AS, og geolog Agnes Haker i konsulentfirmaet
Cowi
AS
i
Kristiansand er engasjert som fagleg ansvarleg. Og det er ei optimistisk stemning på boreplassen den
dagen Setesdølen er innom kjerne-
OVER: Tor Utsogn frå Norse Minerals AS i Kristiansand ved eit av dei gamle dagbrota ved Slobrekka på garden Rugdevollen på Frigstad i
Iveland. Til venstre svensken Markus Frensborg frå Frensborg Drilling AS som er innleigd av firmaet Sør-Norsk Boring for å gjennomføre kjerneboring i Iveland. Det skjer under fagleg leiing av geolog Agnes Haker, her
med ferske prøvar av bergartene.
borarane og får historia om prosjektet som no er sett i gang.
Teknologisk utvikling
-Den teknologiske utviklinga har endra seg mykje sidan dei siste gruvegangane vart stengde av i Iveland
etter stor aktivitet både på 50- og
60-talet, seier Tor Utsogn i Norse
Minerals AS. Han viser til at det er
særleg kvarts og feltspat pluss ein
del andre sjeldne jordartsmineral
som det i dag er stor etterspurnad
etter. Det skuldast m.a. at verdshan-
Mykje utstyr er på plass når det no blir bora 42 meter ned i berggrunnen fleire stader på Nils Frøysaa sin eigedom på Frigstad i Iveland.
Tor Utsogn i Norse Mineral AS i Kristiansand er spent på resultatet.
delen er endra. Kina, som er i sterk
teknologisk framgang, har i stor grad
trappa ned mineraleksporten - fordi
dei treng dette sjølv. Resultatet er
aukande etterspurnad i vår del av
verda og stigande marknadsprisar.
Dessutan har den teknologiske utviklinga sett stadig sterkare krav til
mindre einingar.
-Alt skal vere så lite i dag, og interessa for mineral med sterk magnetisme er difor aukande. Teknologien i ein bil er basert både på kvarts
og feltspat, og ein høgtalar i eit øyreapparat krev dimensjonar så små
at berre mineral med svært sterk
magnetisme kan brukast, seier Tor
Utsogn. Han stryk kulepennen over
ein av bergartsprøvane og oppdagar
at pennen blir hangande fast på mineralet.
-Det er bra, og tyder i alle fall på ein
viss magnetisme, seier han under
testen i plastteltet for prøvane som
blir tekne ut av fjellgrunnen i Iveland.
-Det er mykje kvart og feltspat i finteknologien i denne hybrid-bilen, seier geolog Agnes Haker i konsulentfirmaet Cowi AS i Kristiansand. Ho har det faglege ansvaret for kjerneboringsprosjektet på Frigstad.
NYTT
Fredag 21. oktober 2011
7
Tor Utsogn i Norse Minerals AS om kjerneboringa som er i gang på Frigstad:
-Kan bli industribygging i Iveland
-Geologar har gjennom fleire år sett på topografien og
peika ut interessante område for kjerneboring i dette
distriktet. Direktoratet har
seinare godkjent 12 utvinningspunkt på denne eigedomen på Frigstad. Målet no
er å gjere pegmatitten kommersiell og byggje nye arbeidsplassar i Iveland, seier
Tor Utsogn i utvinningsselskapet Norse Mineral AS.
Tekst og foto:
Sigurd Haugsgjerd
-12 utmål eller utvinningsrettar frå
direktoratet betyr i realiteten at området er vurdert som kommersielt
interessant. Det er heilt unikt i SørNoreg å få 12 utmål på ein gong,
seier Utsogn. Eigedomen der det
no er opna for kjerneboring, er på i
alt 3,6 kvadratkilometer.
-I denne bransjen er det veldig stort,
understrekar Utsogn.
-Alle utmåla ligg inntil kvarandre.
Det forsterkar trua på lønsemd fordi ein vil sleppe å flytte så mykje på
maskinar og utstyr når utvinninga
er i gang.
På Frigstad i Iveland er det i utgangspunktet snakk om å vinne ut verdfulle mineral frå pegmatitten, denne lyse fjellformasjonen som for millionar av år sidan har pressa seg opp
av eit svakt punkt i jordskorpa utan
å lage vulkanutbrot. Forekomstane
ligg difor så høgt oppe at ein sannsynlegvis vil greie seg med dagbrot. Det har også mykje å seie
økonomisk viss ein slepp djupe og
dyre gruvegangar.
5-10 meter ned i jorda
-Kjerneboringa har alt vist at ein
Tor Utsogn frå Norse Mineral AS i Kristiansand og geolog Agnes Haker frå konsulentfirmaet Cowi AS i Kristiansand studerer bergartsprøvar
som skal til nærare undersøking i laboratorie.
næringsliv. Utvinningsselskapet vil
her på Frigstad kan finne interes- til dagbrot der ein lettare ser heilNye arbeidsplassar
sante ting berre ein kjem 5 til 10 skapen og kan rydde unna verdi- -Ved utvinningsplassen må minera- likevel sysselsette både geolog
meter ned i jordskorpa, seier Ut- laus stein og samstundes finne uli- la rensast og grovsorterast for å se- under heile drifta, maskinoperatør
sogn.
ke forekomstar av interessante mi- parere magnetiske mineral, medan og folk til hjullastar og prosesseHan minner om fare for både ras og neral, seier Utsogn som sjølv har resten må knusast og sendast til ringsanlegg. I tillegg vil det altså bli
gass i djupe gruvegangar i forhold lang erfaring med knuseverk ved foredling andre stader, seier Utsogn. behov for sjåførar til å frakte masse
Flåt gruver på Evje.
Han trur på samarbeid med lokalt ut til mottaksanlegget ved kysten.
-Det er ein draum å få jobbe med
noko så spennande som det me
held på med akkurat no, seier han.
Lokal industribygging
Her nederst i bakkane på Frigstad på nedsida av fylkesvegen mellom Evje og Iveland er Tor Utsogn og selskapet Norse Minerals AS
i Kristiansand i sving med kjerneboring etter verdfulle mineral.
Utsogn meiner det også handlar om
å få vere med på lokal industribygging. Det er alt investert betydelege
summar, og investorar synest å ha
tru på prosjektet. Likevel krev det
også ei tolmodig innstilling.
-Førebuingane har vore i gang i
fleire år, og det kan gjerne ta både 1
og 2 år før alle analysene har gitt
svar, men for kvarts, feltspat og det
meste av sjeldne jordartsmineral
bør det ikkje gå så lang tid, seier han.
Utsogn har håp om å ha fått inn nok
risikokapital til å gå i gang med
kommersiell utvinning så snart ein
har laboratorieprøvene på bordet og
nødvendige godkjenningar frå kommunen. Han vil også i dialog med
kommuinen om ei konsekvensutgreiing.
-Me har alt førebudd ein viss infrastruktur for eit eventuelt utvinningsanlegg i Iveland og mottaksanlegg ute ved kysten.
900 millionar år
gammalt fjell
-Både i Evje og Iveland er grunnfjellet av vulkanske og sedimentære bergarter. Dei er danna i perioden for 1100-900 mill. år sidan. Pegmatitten i eit 30 kilometer
langt og 5 km breitt belte med
granittisk samansetting og med
innslag av kvart, feltspat og
sjeldne jordartsmineral som ein
no opererer i på Frigstad i Iveland
er mellom 900 og 850 mill. år,
slår geolog Agnes Haker fast.
Ho har fylgt kjerneboringa på Frigstad i haust med fagleg ansvar for
prøvane som er tekne.
-Eg er nøytral rådgjevar, men me
har vel alle eit håp om at dette
skal føre til kommersiell utnyt-
timg og dermed industribygging,
seier ho.
Norske interesser står bak
Geologen frå Nederland har inntrykk av at gruvedrift er på veg
oppover igjen i norsk industri etter mange år der styresmaktene
stort sett har konsentrert seg om
forskning på olje og petroleumsindustri.
-Det er berre så synd at det som
regel er berre utanlandske selskap
som står bak når det blir satsa
noko på mineralforekomstane her
i landet. I tilfellet her i Iveland er
det difor ekstra moro at det er
norske interesser som står bak,
seier ho.