ÅRSMELDING 2013 - Fjellhaugen Skisenter

Download Report

Transcript ÅRSMELDING 2013 - Fjellhaugen Skisenter

ÅRSMELDING 2013
Selskapet sin aksjekapital er på kr. 800.000,- fordelt på 8.000 aksjar à kr. 100,Av desse eig Kvinnherad kommune 4.535 aksjar = 56,7 %.
Totalt har selskapet 80 aksjonærar, men ingen av dei andre eigarane eig kvar for seg meir enn 20 % av aksjane.
VERKSEMDA
Fjellhaugen skisenter A/S driv eit allsidig skianlegg med skitrekk, barnetrekk og lysløype.
Anlegget ligg i området ved Fjellhaugvatnet i Kvinnherad kommune.
STYRET
Generalforsamling vart halde på Rådhuset i Rosendal 13.5.2013. I samsvar med § 5 i vedtektene
er følgjande personar valde/peika ut til styret:
- Eskil Moen
- Bjarne Lilleaas
- Sveinung Lokøy
- Karin Thauland
- Per Åge Lyngnes
- Ivar Berge Soldal
- Daniel Skeie
-Jarle Mehammer
Utpeika av KK
Utpeika av idr.l.
Utpeika av idr.l.
Aksjonærvald
Aksjonærvald
Aksjonærvald
Aksjonærvald
Utpeika av KK
(2012)
(2008)
(2003)
(2009)
(2006)
(2013)
(2009)
(2013)
- styremedlem
- styremedlem
- styremedlem
- leiar
- styremedlem
- 1. varamedlem
- 2. varamedlem
varamedlem
Aksjar à kr. 100
0
5
0
0
0
0
0
0
Styret har i 2013 halde 7 styremøte og handsama 41 saker.
Revisjon: BDO AS har utført revisjon.
DRIFTA/ ORGANISASJON
Arbeidsoppgåvene med drifta har vore fordelte blant styremedlemene og driftsutvalet.
Frode Alfarnes er dagleg leiar, kasserar, rekneskapsførar og han har administrativt ansvar.
Truls Skeie er driftsansvarleg for trekka, og han har ansvar for operativ drift. Ivar Berge - Soldal overtek ansvaret etter Truls.
ARBEIDSMILJØ
Det har ikkje vore skader eller ulukker mellom dei som utfører arbeid i anlegget. Me jobbar heile tida med å gjera det trygt for dei som jobbar i
anlegget.
Drifta og anlegget er lagt opp etter lover og forskrifter og vert kontrollert kvart år av Taubanetilsynet.
LIKESTILLING
Styret i Fjellhaugen skisenter er opptekne av likestilling. Styret har både mannlege og kvinnelege medlemmer.
YTRE MILJØ
Anlegget er avhengig av elektrisk energi. Det vert nytta drivstoff til snøscooter og trakkemaskin.
Det avfallet som vert generert er vanleg hushaldningsavfall som vert levert i container i området.
Det er tilrettelagt for skiaktivitetar og skisenteret er ikkje til ulempe for miljøet i området.
SLALÅMANLEGGET
Teknisk sett har trekket fungert bra, og det har ikkje vore lengre stopp i trekket. Det kom mykje snø da trekket opna, men har vore lite nedbør
sida. Det har vore gode tilhøve etter opning, men noko hardt grunna lite påfyll av snø.
Preparering i bakken har som tidlegare vore utført av Olav Gunnar Hjelmeland, og brukarane gjev positive tilbakemeldingar om tilhøva. Me
takkar for godt samarbeid.
Vedlikehald av trekket er det Truls Skeie og Olav Gunnar Hjelmeland som har hatt hovudansvaret for. Dette arbeidet er utført på ein god
måte.
BARNETREKK
Barnetrekket har fungert godt. Dette er eit godt tilbod for dei minste brukane av anlegget. Dette er eit trekk som dreg folk til fjells og me får
mange positive tilbakemeldingar.
LYSLØYPA
Lysløypa vert mykje nytta både av aktive løparar og turgåarar. Det har vore open for bruk kvar dag. Preparering har vore utført av Olav
Gunnar Hjelmeland. Det vart laga ny sprintløype på 1 km.
TURLØYPER
Det er kjørt opp turløyper til Nautavatnet, Nesjastøl, og Skaheia. Friluftsrådet Vest har gitt noko støtte til dette.
MIKROKRAFTVERK
Produksjonen for 2013 har gitt samla inntekter på kr. 195.365,-
VARMESTOVE/TOALETT
Tilhøva rundt varmestove og toalett er stadig ikkje tilfredsstillande. Bygga er for små og veldig slete.
ARENAHUS
Fyrste del av arenahuset (garasjen) vart fullført i 2005. Me har jobba med å få ei god planløysing for del 2, og det er sett i gong ein prosess med
å få opp råbygget.. Sponsoransvarlig har gjort ein god jobb med å skaffe midlar. Styret jobbar stadig med å skaffe meir. Skal ein klara å
realisera heile bygget er vi avhengig av økonomisk tilskot frå kommunen.
PARKERING
Inntektene frå parkering var på 106.986 i 2013. Dette er høgare enn gjennomsnittet dei siste åra.
REKLAME
Me har i 2013 halde fram med stadionreklame, reklame på internettsida vår og me har “sponsoravtale" med lokalt næringsliv. Det siste året
har reklame/sponsing teke seg bra opp takka vera god oppfølging av sponsoransvarleg.
Styret har inngjekk i 2012 ein sponsoravtale med -Harding Safety AS verdt 70.000,- over tre år.
Me takkar alle dei som har støtta drifta.
KIOSKSAL
Kiosksalet ved skitrekket fungerer tilfredsstillande. Det er eit enkelt utval og det er enkle tilhøve for klargjering av det ein serverer. Inntekter
frå kiosksal var på 32.196.
ØKONOMI
Nokre hovudtal:
Driftsinntekter:
Driftskostnader:
Driftsresultat:
Finanskostnader:
Resultat
1.028.661
788.923
239.738
120.472
119.266
Styret meinar at føresetnaden for vidare drift av anlegget er til stades.
Dette ligg som grunnlag for rekneskapen som er lagt fram.
DUGNAD
Heile drifta av anlegget er tufta på dugnad. Dette er unikt når det gjeld eit slikt anlegg.
Også i 2013 er det utført ein svært stor dugnadsinnsats på alle område: Styrearbeid, driftsutval, driftspersonell, medhjelparar frå idrettslaga
og andre. Ei vurdering av timetalet ligg på om lag 2500 timar. Utan denne innsatsen hadde ikkje drifta av skisenteret vore mogleg.
Styret vil framheva og takka for det store frivillige arbeidet som Olav Gunnar Hjelmeland gjer for anlegget.
MASKINAR OG UTSTYR
To nye snøskutarar kom på plass dette året, og ny løypemaskin vart henta i desember på Lillehammer!
Fjellhaugen Skisenter AS har som før engasjert Olav Gunnar Hjelmeland til å preparere lysløype og alpinanlegg. Det er gitt signaler om at
anlegget kan verte tildelt ein vesentleg sum frå kompensasjonsmidlane frå arbeidsgjevaravgifta. .
INFORMASJON
Skisenteret har eige internettside: www.fjellhaugen.no. Med Web-kamera.
Denne sida vert oppdatert jamleg og det er den viktigaste informasjonskjelda vår.
Facebook nyttast og aktivt for å kommunisere med publikum. Det er og trykt opp nye brosjyrar dette året.
Styret for Fjellhaugen Skisenter vil nytte høvet til å takka alle som i 2013 har hjelpt til,
enten med dugnad eller tenester i samband med drifta.
10.4.2014
Karin Thauland
styreleiar
Sveinung Lokøy
Bjarne Lilleaas
Eskil Moen
Per Åge Lyngnes