Kyrkjeblad - Luster kyrkjelege fellesråd

Download Report

Transcript Kyrkjeblad - Luster kyrkjelege fellesråd

Kyrkjeblad
for heile Luster
Nr. 3
SEPTEMBER 2014
74. årgang
Gullkonfirmantar Hafslo 31.mai 2014: 1.rekke frå venstre: Berit Røneid (Moene), Annlaug Nondal (Skjeven),
Milly Loftesnes (Skagen), Marie Fardal(Sætrehaug), Solveig Fretland (Søhoel) og Leidulf Kvam. 2.rekke frå venstre: Gerd Buene(Fredheim), Kirsten Rabben(Husum), Kathrine Duesund (Moe), Jorunn Loftesnes(Nes), Haldis
Hagen(Flatland),Erna Neset(Skjerven), Liv Fuglesteg(Lunde), Kari Hov(Opheim), Gudny Haugen(Øvrebø),
Reidun Moen(Melheim), Borgny Lien (Øygard).
Bak frå venstre: Kjell Solheim,Jon Kjell Lomheim, Magne Ahlin, Arvid 1. Ingvald Neset, Per Heggestad, Torstein
Skjerven, Agnar Hillereren, Bjørn Birger Bremer, Arnt Ree, Kjell Sandnes, Arve Stein Fossøy, Jomar Skjerven,
Olav Nes, John Bukve, Kåre Kvam, Per Torodd Nes, Odd Alme, Johannes Joranger
KYRKJE OG HEIMBYGD
1
Kroppsøving
No som kvardagen igjen er
over oss, så vil eg rette blikket
mot noko eg meiner er særs
viktig, og det er at kristendommen ikkje handlar om å ha
hovudet i skyene. Det unike
med Jesu evangelium er at det
ikkje er noko abstrakt; det er
særs konkret. Då Johannes i sitt
fyrste brev skulle oppsummere
kjerna i evangeliet, var språket
særs konkret: «Det som var frå
opphavet, det vi har høyrt, det
vi har sett med våre eigne auge,
det vi såg og det hendene våre
rørte ved, sjølve livsens ord, det
forkynner vi.» (1Joh 1:1) Fokuset er ikkje på noko abstrakt,
men noko konkret – på det ein
har høyrt, erfart og kjent på.
Det kristne verdssynet er
gjennomgåande fysisk eller
sakramentalt. Eit sakrament er
«eit synleg middel som Gud
gjev oss sin usynlege nåde
ved.» Vi ser dette i dåpen og
i nattverden. Det heng saman
med Jesus, med Gud som vart
KYRKJE OG HEIMBYGD
Utgjeve av
Luster kyrkjelege fellesråd.
Redaktør:
Oddny Urnes-6877 Fortun
[email protected]
I redaksjonsnemda:
Trygve Lerum,Vegard Bondevik Lie, Asbjørg Ormberg,Geir
Paulsen,Thorild Tønnesen og
Susanna Øvrebø
Bladpengar:
kr. 200- for året
både ­innan- og utanlands.
Kasserar:
Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøtun,
Pyramiden, 6868 Gaupne
Tlf. 57 68 56 47
Bankgiro 3785.60.15271
Sats og trykk:
Husabø Prenteverk a.s,
6863 Leikanger
2
kropp. Difor skal Luther ha sagt
at vi kan seie at vi berre hadde
eit verkeleg sakrament: Jesus
sjølv.
Mitt poeng her er at nådemiddelet natur er særs viktig. I vår
lutherske samanheng hevdar
vi at Gud knytter løftene sine,
frelsa si, og velsigningane sine
til desse konkrete stadene –
ordet, i dåpen og i nattverden
– til konkrete ting, til konkrete
teikn. Og dette vil eg hevda er
ei stor nåde. Jesus krev ikkje av
oss at vi heile tide prøver å vere
‘superåndelege.’ At vi prøver å
vere noko vi ikkje er. For vi er
konkrete, handfaste, kroppslege
vesen. Vi er ikkje reine ånder.
Vi må kroppsleggjere trua. Vi
kan t.d. bruke Kristus-kransen,
krossteiknet, ikon, olje, etc. Fokuset er på at heile skaparverket
kan vere ei kjelde til velsigning.
Gud kan ærast i sitt skaparverk,
og skaparverket hans ærar han.
Å krosse seg kan t.d. vere eit
teikn, og eg
har merka at
bønelivet mitt
ha vorte lettare,
og meir ekte,
etter at eg byrja
med det – etter
at eg byrja å
verkeleg bruke
kroppen. Men
det er ikkje
magi. Enkelte
meiner det. Dei
kan ikkje skjøna
kvifor mennesket treng faste
ord og uttrykk.
Og kvifor vi i
det heile tatt
treng liturgi.
Men grunnen
ligg nettopp i
det at vi er kroppslege vesen. Vi
er ikkje ånder, englar, etc. For
dette handlar om å ‘kroppsleggjera’ trua. Men dette er ikkje
eit pragmatisk argument. Eg
seier ikkje at liturgien vert ei
god hjelp for trua, ei slags krykke for dei som ikkje er åndelege
nok. Nei, kroppen er den vi er.
Paulus kallar kroppen for Guds
tempel, og i tempelet vart Gud
tilbeden på materielt, kroppsleg, vis. Når Paulus knyt
dette direkte til kroppen, så
forsterkar han dette perspektivet ytterlegare. Vi er ikkje innestengde ånder. Vi har eit kall
til å ære Gud med eit og alt! Vi
skal, som Paulus formanar oss,
«bera fram lekamen [vår] til eit
levande og heilagt offer som er
til hugnad for Gud.» Og dette,
seier Paulus, skal «vera [vår]
åndelege gudsteneste.» (Rom
12:1, jf. Rom 6:13) Gå ut og ten
Herren, slik du er, med glede!
Kjetil Kringlebotten
KYRKJE OG HEIMBYGD
Kyrkjeverja har
ordet
Innføring av ny norsk salmebok
I advent 2013 kom det ut ei ny
salmebok i Den norske kyrkja.
Sokneråda har kvar for seg teke
avgjer på om dei skal ta i bruk
den nye salmeboka, i kyrkjene.
Alle har landa på å skifta ut
dei grøne og grå med raude og
blå bøker, etter kvart. Den nye
salmeboka har tekstversjonar på
både nynorsk og bokmål mellom
same permar.
Det er ein lang prosess som ligg
bak det endelege resultatet. Frå
det fyrste vedtaket om arbeid
med ny salmebok vart gjort, har
rundt 5000 salmar vorte vurdert.
Det er 240 nye salmar i den nye
salmeboka. Sjangerbreidden
er større enn nokon gong –
Taize-salmar, middelaldersalmar
og anglikanske hymner står side
om side med visesongar, folketonar og ny norsk koral. I tillegg
er det ei rekkje salmar frå den
verdsvide kyrkja.
Komiteen for ny norsk salmebok
har hatt som målsetjing at denne
boka skal vera for både kyrkje og
heim, slik det stå på tittelbladet.
Difor er det gjort plass til ein del
salmar som sjeldnare brukast i
gudstenester, men som gjerne
kan syngjast heime. Kapittel som
«Ved senga» og «For dei minste» har fine songar med godt
bodskap, for born. Lengst bak i
boka finn ein også ei rikhaldig
bønebok med bøner for mange
av livets situasjonar. I tillegg er
det gjort plass til Luthers vesle
katekisme og nokre enkle liturgiar for m.a. tidebøner og privat
skriftemål.
Sidan salmeboka inneheld mykje
meir enn salmar til bruk i gudstenester, er det også fint å ha
eit eige eksemplar i heimen. Eg
vonar at alle vil få glede av den
nye salmeboka.
Synnøve Fortun flankert
av vinnarane
av hesteskokastingkonkuransen på
gudstenesta på
Flatningane
31.august:
Erene Øvrebø og Sigrid
Melsnes
Veum.
Bruktmarkand på Lustradagane!
Vi har opplevd stor interesse for brukte sportklær i alle aldra.
Så godt som alle plagg vart kjøpt og, me fekk då inn 700 kroner, som vi sendte vidare til Kirkens Nødhjelps flyktningearbeid i Syria – «Vann, sanitær og hygiene».
Det var 6 barn som selde varene sine og det var mange som
stoppa enten for å kjøpe eller berre leike litt. Alldeles fin
stemning. Ungane var meget fornøgde med dagen, dei sjølv
har allereie begynt å planlegge salget neste år. Me vaksne
fekk inntrykk av at dei fikk med seg veldig mykje erfaringer
ang. dette med forbruk, og at dei reiste heim med mange
nye tanker i hovudet. Mei fekk mykje god tilbakemelding
av fornøgde kjøpere eller folk som berre såg på. Det ser ut til
at dette tiltaket kunne bli ei god sak å jobbe med og utvikle
vidare.
Ordførar Ivar Kvalen sjekkar ut kva Sivert Saur har til salgs
KYRKJE OG HEIMBYGD
3
Aktivitetsdag
for 6åringane
Høyr opptak på www.radioluster.no
frå 13. juni om aktivitetsdagen v/Asbjørg Ormberg.
4
KYRKJE OG HEIMBYGD
Quiz på Lustramarknaden!
På Lustramarknaden hadde kyrkja laga til ein quiz. Fleire svarte på den quizen.
Vinnaren vart Oda Sønnesyn! Premien kan hentast på kyrkjekontoret!
Quiz
1. Kva for eit språk snakka Jesus?
a)
engelsk
b)
gresk
c)
arameisk
2. Kva heitte mynteininga på Jesu tid?
a)
denar
b)
shilling
c)
dollar
3. Kva for ein dag er den første dagen i veka i
Bibelen?
a)
måndag
b)
søndag
c)
fredag
4. Kva betyr evangelium?
a)
historie
b)
gledeleg bodskap
c)
bok
5. Kva for eit land styrte over Israel på Jesu tid?
a)
Romerriket
b)
Egypt
c)
Tyrkia
6. Kven var landshovding i Syria då Jesus vart
fødd?
a)
Herodes
b)
Kvirinius
c)
Augustus
KYRKJE OG HEIMBYGD
7. Kor gammal var Jesus då han vart igjen i
tempelet?
a)
10 år
b)
11 år
c)
12 år
8. Ved kva for ein by sat Bartimeus då Jesus kom?
a)
Jeriko
b)
Betlehem
c)
Nasaret
9. Då Jesus hang på krossen sa han: ”Elἰ, Elἰ, lemá
sabaktáni” Kva betyr det?
a) ”Elia, Elia, redd meg!”
b) ”Eg er tørst!”
c) ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate
meg?”
10. Kven var den første som møtte Jesus etter at
han stod opp igjen?
a)
Peter
b)
Maria Magdalena
c)
Johannes
Fasit:
1-c
2-b
3-b
4-b
5-a
6-b
7-c
8-a
9-c
10 - b
5
Pangstartleir på Lyngmo
11.-14.august
Heile gjengen samla etter å ha pynta seg.
FOTO: Fedor Duhrmann
Eg, Emma og Benedikte har vært
på ein super pangstartleir på Lyngmo,frå 11-14 August. Benedikte og
dei andre ungdomsleiarane begynte
ein dag før oss, den 10.August.Dei
hadde litt opplæring i dette med å
vere leiar på leir. Ho syns det var
kjekt, lærerikt og ein fin måte å bli
kjent med andre ungdomar på. Eg
og Emma kom beli med frå den
11. , men det var greitt det fordi me
allereie hadde fått litt opplæring
frå før av. Etter 2 dagar med ungdomsleir begynte barneleiren. I løpet av dei dagane me var der sykkla
me, var på geocaching, bada, padla
til "holmen", hadde badhairsalong
(det vil seie at me farga og pynta
hår så villt me kunne,hi hi), hadde
leirkveld, lærte nye ting frå Bibelen
og hadde masse anna kjekkt ilag.
Leiren bestod av mange kjekke
leiarar og deltakarar. Alle ungdomsleiarane fekk ansvar for to
born kvar. Desse to borna vart då
fadderborna våre på leiren. Oppgåva vår som fadder var å passe på at
dei hadde det godt og ikkje følte seg
aleine. Takka vera fadderborna så
føler me no at me har blitt flinkare
til å ta meir ansvar.Dette var ei god
opplæring. Me håpar at opphaldet
til borna vart betre takka vera våra
innsats i fadderordninga. Etter vår
meining syns me at pangstartleir
var ganske kjekkt og annleis i forhold til dei andre leirane på Lyngmo. Så me håpar me får moglegheita til å vere med neste år også.
Med vennleg helsing Ida Falkgjerdet
Svåi, Benedikte Falkgjerdet Saur og
Emma Agdal
6
Kreativiteten
blomstra i takt
med gode «frø»
(les:bibelord) frå
Bibelen?
FOTO: Fedor
Duhrmann
Etter 3 veker i Fortun ser Kåre med håret
slik utµ
KYRKJE OG HEIMBYGD
KYRKJE OG HEIMBYGD
7
Barnelagsdatoar Hausten 2014
INDRE HAFSLO BARNELAG
(Bildet)
Lambhaug bedehus 17.30-19.00
18.september,2.oktober,16.
oktober,30.oktober, 13.november,27.november,11.desember.
Eige opplegg for 5.-7.klasse
Juniorkonfirmantar.
8
KJELLARGJENGEN AKTIVITETSKLUBB HAFSLO BEDEHUS
FRÅ 5.KLASSE- juniorkonfirmantopplegg
25.september,23.oktober, 6.november,20.november
NES YNGRES
Skulehuset på Nes kl 18.0019.30
Frå 1.klasse og oppover
18.september,2.oktober, 16.oktober,30.oktober,13.november,27.
november,11.desember
SPRELL LEVANDE FORTUN
& SKJOLDEN
Frå 4 år og oppover. Frå i haust
deler me opp i to grupper under andakten og aktivitet. Me
byttast på å vere i bedehuset i
Fortun og Skjolden
Kl 17.00-18.30
11.september: Skjolden
25.september:Skjolden
8.oktober: Quizkveld i Fortun
22.oktober:Skjolden
5.november: Filmkveld i Fortun
19.november: Skjolden
3.desember. Juleavslutning i
Fortun
KYRKJE OG HEIMBYGD
Kyrkjelege handlingar
DØYPTE
Jostedal
06.07.14: Ella Kristin Fossen
03.08.14: Håkon Kreken Baggetun
Dale
29.06.14
Hafslo
23.07.14: Ole Johan Solvi, f 1925
Veitastrond
17.07.14: Lars Bakken, f 1937
Emil Bringebøen
VIGDE
Urnes
10.08.14: Ida Øvretun (busett Sogndal)
Gaupne
24.08.14: Tomas Hatlevoll Leirdal
Veitastrond
29.06.14: Maja Heggestad (dåp Tungestølen)
24.08.14: Ida Skildheim Nes
Hafslo
20.07.14: Thea Kjos Liljedahl
GRAVLAGDE
Fortun
20.06.14: Jarle Havreberg, f 1953 (bisetting
til kremasjon)
Gaupne
20.06.14: Rune Veum, f 1963
Dale
11.06.14: Margit Øygarden, f 1923
Fet
19.06.14: Signe Urnes, f 1923
Joranger
05.08.14: Per Bugge Næss, f 1926
29.08.14: Karl Hunshamar, f 1917
Jostedal
01.07.14: Ester Myklemyr, f 1925
21.08.14: Søren Aasestøl, f 1922
29.08.14: Norvald Bakken, f 1955
KYRKJE OG HEIMBYGD
Dale
31.05.14: Frederikke Haller og Aleksander
Olsen Wiedswang (busette Oslo)
28.06.14: Elisabeth Lomsøy Helgesen og Andreas Skogseth (busette Bergen)
19.07.14: Måne Marie Eriksen og Audun
Røksland (busette Nes på Hedmarken)
09.08.14: Linn Hesjevoll og Maths Listou
(busette Trondheim)
23.08.14: Christianne Kvam og Odd-Geir
Listou Høyheim
30.08.14: Hilde Strømner Gundersen og
Christian Thaule Hatt (busette
Oslo)
Nes
08.06.14: Caroline Elisabeth Flaaten og
Sverre Eilert Vik (busette Oslo)
09.08.14: Susanne Kvernmo og Eirik Holgernes (busette Oslo)
30.08.14: Maria Cecilie Kalstad og Guy Steffen Kristiansen Brun
Hafslo
31.05.14: Tonje Torgersen og Tormod Tufte
Tyssen (busette Sogndal)
07.06.14: Monica Aspeseter og Olav Asbjørn
Hammersland (busette Skogsvåg)
21.06.14: Helen Thi Nguyen og Ole Johan
Orrestad
02.08.14: Katrine Henden og Tage Nondal
30.08.14: Sandra Nesse og Joar Søhoel
Urnes
02.08.14: Hilde Salvesen og Roar Kjos-Wenjum (busette Sandvika)
9
Glimt frå Gullkonfirmantjubileum
10
KYRKJE OG HEIMBYGD
på Hafslo
Dalediakoniutval hadde stemne Stuppelshagen 10. august. Indre Hafslo spelemannslag og Einar Bolstad var med.
KYRKJE OG HEIMBYGD
11
Gudstenester
21. sept
15. søn i tr tida
Matt 5,38-48
Mika 6,6-8
Fil 1,9-11
kl 1100
SolvornHausttakkefest ved Kjetil Kringlebotten. Konfirmantpresentasjon. Bok
til 4- og 6-åringane. Bibel til 10-åringane.
kl 1100
NesHøgmesse ved Geir Paulsen. Ofring til kyrkjelydsarbeidet. Presentasjon
av konfirmantane. Nattverd.
kl 1930
FortunKveldsgudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
Laur 27. sept
kl 1200
JorangerDåpsgudsteneste ved Geir Paulsen.
28. sept
16. søn i tr tida
kl 1100
HafsloHausttakkefest ved Kjetil Kringlebotten. Bok til 4- og 6-åringane. Lus-
Mark 7,31-37
Sal 40,2-6
Rom,8,19-23
ter barnegospel syng.
kl 1100
Dale
Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Bok til 4- og 6-åringane. Bibel til
10-åringane. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffi.
kl 1600
Jostedal
Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Bok til 4-åringane. Bibel til 10-åringane. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffi.
05. okt
17. søn i tr tida
Joh 11,17-29;30-46
Job 19,21-27
kl 1100
Fet
Høgmesse ved Geir Paulsen. Dåp. Nattverd.
kl 1800
Gaupne
Kveldsgudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
12. okt
18. søn i tr tida
Matt 8,14-17
kl 1100
Hafslo
Høgmesse ved Kjetil Kringlebotten. Nattverd.
kl 1930
Dale
Kveldsgudsteneste ved Kjetil Kringlebotten.
Jes 53,1-5
2 Tim 1,7-12
Hebr 2,10-18
Nattverd.
19. okt
19. søn i tr tida
Matt 5,20-26
Sal 36,6-11
Gal 5,16-26
kl 1100
Veitastrond
Hausttakkefest ved Kjetil Kringlebotten. Bok til 4- og 6-åringane. Bibel
kl 1100
NesHausttakkefest ved Geir Paulsen. Bok til 4- og 6-åringane. Bibel til
til 10-åringane. Konfirmantpresentasjon.
10-åringane. Kyrkjemiddag i Fredheim (ansv: diakoniutvalet)
kl 1500
Fortun
Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Bok til 4- og 6-åringane. Bibel til
kl 1930
Solvorn
Kveldsgudsteneste ved Kjetil Kringlebotten. Nattverd.
26. okt
Bots og bønedag
Luk 13,22-30
kl 1100
Joranger
Høgmesse ved Kjetil Kringlebotten og Per Larsen. Ofring til Israelsmis-
10-åringane. Kyrkjekaffi.
Jer 18,1-10
Rom 2,1-11
jonen. Nattverd
kl 1100
Jostedal
Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd.
kl 1500
Gaupne
Hausttakkefest ved Geir Paulsen. Bok til 4- og 6-åringane.
Gaupne
Minnekveld ved diakon Orsi Szechey.
fre 31. okt
kl 1800
Pårørande frå 2014 er særleg innbedne.
12
KYRKJE OG HEIMBYGD
02. nov
Helgemesse
Matt 5,1-12
Jes 49,8-10
kl 1100
Hafslo
Høgmesse ved Kjetil Kringlebotten. Nattverd.
kl 1100
Dale
Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd.
16. nov
23. søn i tr tida
Mark 10,28-31
kl 1100
Gaupne
Gudsteneste
23. nov
Domssøn
Matt 25,31-46
kl 1100
Hafslo
Misjonsgudsteneste ved Kjetil Kringlebotten og utsending frå NMS.
kl 1100
Fortun
Diakoni-gudsteneste ved Orsi Szechey og Geir Paulsen. Nattverd.
kl 1930
Fet
Diakoni-gudsteneste ved Orsi Szechey og Kjetil Kringlebotten.
Jes 1,16-19
2 Tess 1,10b-12
Jes 57,14-16
Op 20,11-13
Nattverd.
kl 1930
Kveldsgudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
Nes
Op 7,9-17
30. nov
1. søn i adv
Luk 4,16-22a
kl 1100
Veitastrond
Gudsteneste ved Kjetil Kringlebotten.
Jes 61,1-3
Op 5,1-5
kl 1100
Jostedal
Gudsteneste/aktivitetsdag i samfunnshuset. Geir Paulsen og konfirmantane.
kl 1600
Gaupne
Lysmesse ved Geir Paulsen og konfirmantane. Korpset spelar.
kl 1800
Solvorn
Lysmesse ved Kjetil Kringlebotten og konfirmantane.
kl 1900
Dale
Lysmesse ved Geir Paulsen og konfirmantane. Fakkeltog frå skulen til
kyrkja. Hurt`n og Sturt’n spelar.
07. des
2. søn i adv
1 Kor 15,50-57
Jes 65,17-19
Luk 21,27-36
kl 1100
Hafslo
Gudsteneste ved Kjetil Kringlebotten.
kl 1130
Luster omsorg
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
kl 1930
Fortun
Lysmesse ved Geir Paulsen og konfirmantane. Sprell levande, Snikkellora og Sprø sangglede tek del.
Med atterhald om endringar!
Følg med på heimesida www.luster.kyrkja.no og kyrkja i Luster på Facebook
Misjonsmesse
Den faste, årlege misjonsmessa i Luster, er alltid i slutten av november. Slik vil det også bli i
år, helga 22. og 23. november.
Nytt av året er at messa vert konsentrert om
desse dagane, ikkje som før frå torsdag til
søndag. Bakgrunnen for endringa, er erfaringar andre stader ifrå, og tanken på at det vert
lettare å få friviljuge til å melda seg.
Annonseplass:
Her har din organisasjon,bedrift eller foreining
høve til å kjøpa annonseplass. På den måten
KYRKJE OG HEIMBYGD
Om det likevel vert misjonsbasar på Veitastrond fredags-kvelden, er ikkje avgjort enno.
Men altså: stor, felles messedag i Gaupne
laurdagen, og misjonsgudsteneste i Hafslo
kyrkje søndagen. Me trur at både opplevinga
undervegs og resultatet til slutt kan bli like bra
som før.
Alle foreningar og einskildmedlemer kan altså
sikta seg inn mot dette, og alle og einkvar kan
gle seg til å vera med!
får du støtte kyrkja sitt positive arbeid for barn,
unge og vaksne i alle aldra. Samstundes gjer du
di verksemd kjend. Velkomen til å ta kontakt.
13
Det skjer på
LOPPEMARKNAD
26. og 27. september 2014 vert det loppemarknad på Lyngmo.
Me tek imot lopper heile året.
AUGUST 2014
10. - 14. Pangstartleir 11 - 13år
28. Småbarnstreff
30. - 31 Bibelhelg
SEPTEMBER 2014
4. Knøttekor og Torsdagsklubb
11. Småbarnstreff
12-14. Leir for 2. – 4. klasse
18. Knøttekor og Torsdagsklubb
19.-21. Internatmøte for kvinner
25. Småbarnstreff
26-27. Loppemarknad
OKTOBER 2014
2. Knøttekor og Torsdagsklubb
3.-6. Leir for 4.- 7. klasse
9.-12. Leir for 7.-10 klasse
16. Knøttekor og Torsdagsklubb
23. Småbarnstreff
30. Knøttekor og Torsdagsklubb
31.Haustbasar
NOVEMBER 2014
6. Småbarnstreff
7.-9. Leir for 16 - 30år
13. Knøttekor og Torsdagsklubb
19.Damekveld
20. Småbarnstreff
21. – 23. Barnas Songleir 2.- 6.klasse
27.Julegraut for Knøttekor og Torsdagsklubb
29. Juleverkstad 4år-11år
DESEMBER 2014
4. Småbarnstreff
5. Julemiddag for alle
20. Julemiddag for Ungdom
31- 1. jan. Nyttårsfeiring
14
Alt utanom kvitevarer er av interesse:
Overskotet av loppemarknaden går til drifta
av senteret.
Ta kontakt for levering.
Mail: [email protected] eller
tlf: 57684366
Basar
Den årvisse haustbasaren for Lyngmo er i år
fredag 31. oktober klokka 19.00
Ta gjerne kontakt med oss på Lyngmo dersom
du ønskjer å få tilsendt loddbøker!
Selskap
Lyngmo har flotte lokale til konfirmasjonar,
minnestunder og andre selskap.
Ta gjerne kontakt for informasjon og tilbod
Mail: [email protected] eller
tlf: 57684366
Presang – gåvekort på leir
Av og til har fadrar, foreldre, besteforeldre,
onklar, tanter og andre lyst til å gje ei gåve som
betyr «litt meir».
På Lyngmo er det leirar for born og ungdom
heile året. Kanskje årets bursdags- eller julegåve kan væra eit gåvekort på leir!!
Ta kontakt med oss på Lyngmo for å kjøpe
gåvekort!
Mail: [email protected] eller tlf:
57684366
KYRKJE OG HEIMBYGD
LUSTER FAMILIMØTE
HAUSTEN 2014
Kl 16.00 i Gaupne bedehus desse søndagane:
21.september,12.oktober,19.oktober,2.november,16.november,
14.desember.
NYTT!!BARNEKOR PÅ GAUPNE BEDEHUS
13.oktober startas det opp barnekor på Gaupne bedehus! Aldersgruppe: frå siste året i bhg t.o.m 7.klasse. Leiarar: Mirjam
Tverberg, Hege Urnes og Marianne Brogeland
NYTT!!!UNGDOMSKVELDAR I
IDRETTSHALLEN/GAUPNE BEDEHUS
Annakvar fredag (oddetalsveker). Frå 8.klasse og oppover.
Frå kl 19.30 aktivtitetar i idrettshallen. Kl 21.00 på bedehuset:
mat,kiosksal,andakt,lovsang med meir.
Kontortider og telefonar
til kyrkjekontoret
Besøksadresse: Pyramiden II
Postadresse: Pyramiden - 6868 GAUPNE
Ope måndag - fredag
kjernetid 09:00-15:00
Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun
Tlf 57685647
Kontortid. Måndag-fredag 9-15
e-post:
[email protected]
Sokneprest Geir Paulsen:
Tlf.: 57 68 56 40
M 90108179/p57685239
e-post: [email protected]
Kontortid onsdag 10-12,
torsdag 11-13 og fredag 10-14
Vikarprest Kjetil Kringlebotn
Tlf 57685641. Mob: 41306667
[email protected]
Vakttelefon for prestane i
Indre Sogn, frå kl.17.-08:
Nummer 95 48 33 74
Organistvikar Roland Johansson:
tlf 57 68 56 48,
e-post: [email protected]
Kontortid torsdag kl.10 – 12
Kantor Sergey Shein
Tlf 57685639 Mob. 98077958
e-post: [email protected]
Diakon Orsolya Szechey:
Tlf 57685649 • M 917 76 416
Kontortid måndag og torsdag 9-13
e-post: [email protected]
Kyrkjelydssekretær og redaktør
for Kyrkje og Heimbygd
Oddny Urnes
Tlf 57685648/95934498
e-post: [email protected]
Kontortid måndag og torsdag 9-15
Trusopplæringsleiar Marianne Moseng:
tlf.:57 68 56 39
M 90818858
e-post:[email protected]
Kontortid:
tysdag - torsdag 10.30-14-00
Kontorsekretær Øygunn Elin Saur
tlf.:57 68 56 50
e-post:
[email protected]
Kontortid: tysdag, torsdag og
annakvar fredag 9-15
Kontortidene er kjernetider,
ein kan gjera avtalar
utanom desse.
KYRKJE OG HEIMBYGD
15
INFORMASJON
Hyttevert på Fannaråkhytta Eldar Venes, så prost i Indre Sogn prosti, Kjetil Netland og framme Netlands trio
Gudsteneste på Fanaråken
(2068 m.o.h)
16
VÅR SPREKE PROST MED
MUSIKARAR
Nokon av oss var så heldige
at vi fekk oppleva ei minnerik
helg på Fannaråkhytta 16.- 17.
august i år.
Etter ei varm mottaking av hyttevert Eldar Venes i den lune
og gode hytta med etterfylgjande tre retters middag fylgde
jazzkonsert med Netlands trio.
Å sitja der oppe i 2000 meters
høgde med berre levande lys
på borda medan vi lytta til utruleg flinke musikarar, ja, dette
må berre opplevast. Og berre
for å nemna det; desse spreke
ungdomane bar alle instrument
dei hadde med seg opp og ned
dei bratte bakkane til hytta.
Det kvite teppet hadde lagt seg
over Fannaråken denne natta,
men då vi kom inn i hytta for
å nyta frukost med heimebaka
brød og havregraut, som desse
dyktige og umåteleg blide
hyttevertane hadde stelt i stand,
smelta visst både snøen og alle
vi som var innandørs.
Så til høgdepunktet på søndagen, her stilte prost i Indre
Sogn prosti, Kjetil Netland, i sin
finaste skrud. Han heldt ei fin
gudsteneste der fjell og natur
var i sentrum. Musikarane
spelte attmed dei fine salmane
som alle hadde ei vinkling til
vår natur.
Etter denne opplevinga som
mange fleire skulle fått vore
med på, gjekk turen lett nedatt
til Turtagrø og vi kjem gjerne
attende til Fannaråkhytta. Tusen takk til alle dykk som ga oss
dette fine minnet.
Helsing fornøgde vandrarar.’
KYRKJE OG HEIMBYGD