Aktuelt oktober 2014 (PDF)

Download Report

Transcript Aktuelt oktober 2014 (PDF)

Sykkylvsbrua AS
Den årlege generalforsamlinga i Sykkylvsbrua AS vart avvikla 4. juli 2014.
Frå Sykkylven kommune møtte Petter Lyshol og Steinar Nordmo.
Frå Ekornes ASA møtte Jarle Tusvik
Frå Brufinans møtte Magnar Kvalvåg.
Øvrige som møtte: Per Blakstad, Rune Rokstad, Renate Karlsen og revisor Asbjørn Klokk.
-
Innkalling og sakliste vart godkjent
Årsmelding og årsrekneskap vart godkjent
Revisor si melding vart godkjent
Val av styre: Steinar Nordmo – attval for to år
Petter Lyshol – attval for to år
Styret har slik samansetting:
Rune Rokstad – styreleiar
Petter Lyshol – nestleiar
Renate Karlsen – styremedlem
Jarle Tusvik – styremedlem
Steinar Nordmo – dagleg leiar
Innkalling og referat er utlagt på: www.sykkylvsbrua.no
Frå årsmeldinga:
Etter at Sykkylvsbrua vart opna i oktober 2000 tok Statens vegvesen over heile anlegget og alt
ansvar for vedlikehald og drift av brua.
Selskapet Sykkylvsbrua AS sine oppgåver er difor avgrensa til å drive innkrevjingssystemet
for bompengar og følgje opp låneavtalar, inkl. vedlikehald av avtalar og nedbetalinga.
Den praktiske drifta av bomstasjonen og styringa av datasystemet har vore sett bort til Q-Free
ASA. Q-Free ASA har sett bort den lokale drifta til Vegamot AS.
Frå 1. januar 2014 er dette overteke av BT Signal AS.
2013 var det trettande driftsåret. Føresetnadene for vidare drift ligg i løyve til innkrevjing av
bompengar gitt av Stortinget, ST. prp. Nr. 77 1997-98, Innst. 251 og vedtak i Stortinget 18.
juli 1998 og hovudavtale med Statens Vegvesen.
Styret har gjennomført revidering av budsjettet for inntekter og utgifter. Konklusjonen i
rapporten viser at lån og aksjekapital kan verte tilbakebetalt innan utgangen av 2017.
Det er ingen tilsette i selskapet.
Omsetninga hadde ikkje auka i 2013 og er 18,9 mill. som i 2012. El-bil passeringane hadde
auka sterkt i 2013. Dette saman med ein månad med 4-dagers veke hos Ekornes, ga
inntektstap.
Totalkapitalen var 63,0 mill. per 31.12.2013 mot 76,5 mill. per 31.12.2012.
Eigenkapitalen var kr 22.383.000 per 31.12.2013.
Betalingsstasjonen vart fullautomatisert hausten 2012. Styret er tilfreds med det nye
betalingssystemet. Samarbeidet med Vegkontoret på Molde og Mesta har vore svært godt i
utbyggingsperioden.
Styret er av den oppfatning at brukarane har teke godt i mot det nye betalingssystemet.
Komplett innkalling, rekneskap og referat er utlagt på www.sykkylvsbrua.no
Av rekneskapen kann vi ta med:
Sum driftsinntekter
Driftsresultat
18.865.592 mot 18.895.657 i 2012
2.575.302 mot 2.803.238 i 2012
Årsresultat 384.456 vart avsett til dekning av tidligare udekka tap.
Innskutt eigenkapital er på kr 23.435.000 som er fordelt på 659 A-aksjar, 6.776 B-aksjar
og 16.000 C-aksjar. Kvar aksjar er pålydande kr 1.000,-.
Gjelda per 3112.2013 var på kr 63.001.930 mot kr 76.523.57 per 31.12.2012.
Samla utbetalingar til styret er bokført med kr 131.000,- i 2013.
Om trafikkutviklinga
Per 31. august 2014 var passeringar over brua 460.210 bilar.
Av desse var 21.357 passeringar El-bilar. Ein kraftig auke frå 2012.
Inntektstapet p.g.a. El-bil passeringer kan då reknast til å bli ca. kr 785.000,- for året 2014.
Ordninga med El-bilar er vedteke av Stortinget, og det er lite Sykkylvsbrua AS kan gjere med
dette inntil Stortinget evt. måtte endre på vilkåra.
I og med at Sykkylvsbrua AS er eit privateigd selskap (eigd av aksjonærane i Sykkylvsbrua
AS, så er konsekvensen at belastninga med å betale ned brua vert lagt på bilistane som betaler
netto kr 24,50 med brikke per passering. Tyngre trafikk betaler langt høgare satsar. Dette går
fram av skiltet ved bomstasjonen.
Interpellasjon i kommunestyret
Kommunestyret vedtok i møte 22.09.2014 å oppmode styret i Sykkylvsbrua AS å sjå på
moglege inntekter og evt. kompensasjon for manglande inntekter for køyrety som er fritekne
for bompengar.
Styret i Sykkylvsbrua AS ser ikkje heilt klart for seg korleis kommunestyret har sett for seg at
dette kan skje, men vil opprette kontakt med styresmaktene for om mogleg å sjå på dette.
Bakgrunnen for dette vedtaket var representanten Odd Jostein Drotninghaug (SP) sin
interpellasjon datert 6. august 2014.
I interpellasjonen tek Drotninghaug også opp aksjonæravtalen Sykkylvsbrua AS har inngått
med aksjonærane i brua, om tilbakebetaling av aksjeinnskota med rentekompensasjon.
I interpellasjonen tek han med forslag om å avvike frå lovnaden om rentekompensasjon til
aksjonærane, og skriv; Ein føresetnad for K.S, vil vere at eit stort fleirtal på ekstraordinær
generalforsamling gjer det same.
Styret ser ikkje dette som noko styresak og held seg til dei premissane som var lagt til grunn
då aksjekapitalen vart samla inn! Styret har heller ikkje motteke krav om ekstraordinær
generalforsamling, og eit slik framlegg er heller ikkje motteke til den ordinære
generalforsamlinga.
For styret i Sykkylvsbrua er det heilt uaktuelt å bryte avtalen med aksjonærane, - ikkje minst
dei som satsa på brua med eigne private midlar!
Vi håper at alle forstår dette.
Oktober 2014
Styret i Sykkylvsbrua AS