EI HJELPANDE HAND

Download Report

Transcript EI HJELPANDE HAND

EI HJELPANDE HAND
Lars Birkeland saman med dotter Anne Gunn, og son Dag. Sistnemnde er kunstnar, og står
bak skulpturen "Ei hjelpande hand". Sjå meir om avduking av namneplanketten side2.
EI HJELPANDE HAND
Skulpturen "Ei hjelpande hand", som står utanfor hovudinngangen på P.O. Senteret
er ei gåve frå Synnøve og Lars Birkeland. Skulpturen er laga av son deira, Dag
Birkeland. Handskulpturen kom på plass i 2007, men eit informativt skilt kom fyrst i
slutten av september i år. Kommunen laga ei markering utav det heile, med
avduking av skiltet, ordførarvisitt, sprudlevatn, kaffi og kaker. Austevoll Helselag var
også med å lage til festen grunna den vart held i mondagskafétida. Finn Dyngvold
var tilstades, og han holdt tale for dagen, medan ordførar Renate Klepsvik sto for
avdukinga.
INDIAN SUMMER OG PICNIC I SOLA
Slike herlege dagar, beint fram ein historisk sommar, etterfulgt av nydeleg haustvær
med sokalla "Indian Summer" (20 grader og sol i september). To dagar på rad fylte vi
korga med kaffi, kjeks, heimelaga bollar og smoothies. Duk og ein ekte plastplante
vart også medbrakt, slik at vi kunne få det riktig så koseleg på rasteplassen ved
Hundvåkøybrua.
Med Hundvåkøybrua,
Storholmen m.m. i
utsikta, så er det ikkje
vanskeleg å nyte
augneblinken. Frå
rasteplassen ser vi
bl.a. Sotra, Krossøy,
Stolmabrua, Stolmen,
Rostøy, Storebø og til
og med snøggbåten.
Ein av picknicdagane
hadde Storebø
Barneskule sykkeldag.
Dei sykla heile vegen
til Kalve og attende, så
det var mykje spreke
born å sjå den dagen.
ELHOLM MUSIKKOMSORG
Vi inviterte Fredrik Elholm tilbake til vårt senter, og han ville gjerne kome og spele
litt for både Dagsenter og alle avdelingar. Det står mykje god og tradisjonell musikk
på repertoaret når Fredrik kjem, og mange får renska songstrupene iløpet av eit
besøk. Borgny song bl.a. solo på eit heilt vers frå "Vi har ei tulle med øyne blå", og
Ragnfrid song duett med Fredrik.
Ragnfrid song ilag med Fredrik
Smila kjem fram når Fredrik syng på huset
DANS
Så kom Lisa tilbake til oss, og det var like fantastisk som fyrste besøket i februar. Det
er spanande å sjå korleis ein kan bergta menneske med dans. Lisa dansar utan
musikk, men ho bruker til gjengjeld mykje mimikk for å fange interessa og knytta
kontakt med sitt publikum. Den knallgule kjolen gjer også sitt for merksemda.
KRABBEFEST I HAGEN
Vi kan ikkje la seinsommaren gå forbi utan ein skikkeleg krabbefest, så i slutten av
august vart det fest. Pleiemedarbeidar, Merete Horgen, var ein av to frivillige
krabbefiskarar. Teiner sto i sjø og krabber vart lagt i bur då det nærma seg den
annonserte krabbefesten. Grunna den varme sommaren så var ikkje fiskeriet så
sprekt denne seinsommaren, og panikken for at vi ikkje skulle få tak i nok krabbe
breia seg i arrangementgruppa, men det vart nok, ja, det vart plenty. Tilsynslege,
fiskar og parteigar i Birkeland og Talbor, kom som sendt ifrå oven ei veke før festen;
Talbor hadde prøvd ut eit nytt fiskeri, og det var etter den eksotiske snøkrabben.
Han hadde lyst å levere 20 kilo ferdig kokt av sorten, og den nye krabben kom til
huset dagen før festen. Merete sto også for kokinga av raudkrabben, herav også
plenty når alt kom til alt, og som de kan sjå på biletet nedanfor så var krabben kokt
på kaikanten nede ved sjøen. Krabben vart
kokt same dagen. Med andre ord rett ifrå
sjøen, opp i gryta, og rett på fat. Ferskare
kan det ikkje bli, og den gode smaken var
deretter; heilt fortreffeleg.
Festen vart eit etegilde utan like, og som de
kan sjå så var både sol og nye utemøblar
på plass. Det var ein flott dag for både
bebuarar og tilsette. Snøkrabben var ein ny
smak for dei fleste, og den var særdeles
god i smak, så alle måtte skryte av den nye
delikatessen frå havet.
Mange gyldne augneblink i sola denne
dagen.
26. august kom til oss med strålande sol. Alle
var samla for krabbefest i hagen ved avdeling
E/F. Her vart vi bortskjemde med krabbe på
fat, god drikke og masse kjekke folk.
Nedanfor ser du "nykomaren" Snøkrabben.
SONGSTUND MED BABYBESØK
Ingeborg og Sofie
Jon og Sofie
Det burde vore blå resept på heile befolkninga; å helda ein liten baby. Kva terapi kan
vere betre enn dette? Skuldre senkes, endorfinar straumer, og ei lita rørt tåre for
det nye livet piplar fram.
Sofie er barnebarnet til aktivitør Else, og ho hadde invitert svigerdotter og Sofie til
jobben, slik at alle kunne få gleda av denne herlege godjenta. Vi hadde fyrst
songstund, og då Sofie kom med mora, song vi alle "Vi har en tulle med øyne blå".
Deretter vart ho send rundt frå fang til fang. Beundringa var stor.
Olga held søte
Sofie
Gerd klappa
hennar kinn
FAMILIEDAG OG KARL OLAV
I august hadde vi familiedag med kaffi og
kaker. Karl Olav var med denne søndagen,
og trekkspelet var sjølvsagt på hans fang.
Det var allsong, og mange stemte i. Alt i
alt var dette ein kjekk familiedag med
ca. førti kafégjestar.
Familiedagen er ein fin og sosial
samling, og det hender ofte at både
bebuarar og vitjarar treff vener og kjende
som dei ikkje har møtt på lang tid.
Mange kjekke gjensyn rett og slett.
SENIORTREFF
Endeleg var sommarferien over, og ein ny haustsesong med Seniortreff er i gong.
Åse Solbakken song for full hals på Seniortreffet i september. Innlevinga hennar er
like god som alltid. Ho hadde også med seg ein av sine songelevar, Elisabeth Drønen.
Dette viste seg å vere ei jente med stort potensiale innan song. Ho framførde bl.a.
Summertime med si klokkeklare stemme, og formidlinga var allereie heilproff. Vi
vonar vi får sjå og høyre meir til henne.
I could have danced all night!
Summertime, and the living is easy…
TRIMMEN GODT I GONG
Det er ergoterapeut Mariann Aase, som trimmar oss kvar fredag. Då strekker vi og
bøyer, og vi dansar, og sparkar til og med litt fotball. Trimmen varer i ca ein
halvtime, og for ekstra motivasjon og moro så er det musikk til øvingane.
Når trimmen er over, så får ein igjen for jobben, gjerne i form av ein sunn smoothies
(bær, frukt og yoghurtdrikk), eller kanskje ein annan god og sunn drink. Drinken er
det kultur- og aktivitetsavdelinga som står for.
PUSEN VÅR
Det vert ikkje meir heimekoseleg enn når det kjem ein kosehungrig katt og legg seg
på fanget. På avdeling E og F bur "Pus". Han svinsar og svansar ute i hagen, og når
han vil ha mat og kos, så kjem han inn på avdeling E og finn seg eit fang.
Ingeborg og Pus er veldig gode vener