repotasje i Fjordabladet

Download Report

Transcript repotasje i Fjordabladet

8
SPORT
FJORDABLADET LAURDAG 1. FEBRUAR 2014
Tatt ut til hovudlandsrenn
Hagen-scoring i debuten
ALPINT: Komande søndag er det duka for Hovudlandsrennet i
utfor på Hafjell. Frå Sogn og Fjordane deltek fem alpinistar, der
Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL er ein av dei uttekne.
Dei andre er Johannes Betten, Førde IL, Andreas Strand, Jølster
IL, Jørgen Lambrecths, Førde IL og Mathias Hagen, IL Veten.
Hovudlandsrennet i utfor er for jenter og gutar fødde 1988 og
1999.
FOTBALL: Eidaren Marius Hagen (21) gjekk frå 2.
divisjonsspel i Notodden til Nest Sotra på landets nest
øvste nivå før denne sesongen. I ein treningskamp
mot Nordre-Fjell blei det braksiger 10-0 for Hagen og
Nest Sotra. Hagen sette inn Nest Sotra sitt nest siste
mål i kampen, melder Haugenfotball.no.
Andrine Englund Mårstøl. (Foto: Privat)
januar har spelt golf på vintergreenane, seier han.
Døgntilbod
Som i alle idrettar krevst det ein
del trening for å oppleve meistring.
– Den dagen du treff skikkeleg,
får du ei god oppleving. Fordelen vår er at du kan trene åleine
når som helst på døgnet. Driving-rangen vår er open 24 timar
i døgnet. Det einaste du treng er
å putte på ein mynt, og så kan du
trene på utslag. Dette kan du også gjere om du ikkje har kurs,
fortel Tryggestad.
Ei viktig årsak til at dei kan gje
så gunstige tilbod, er at golfklubben har ein velordna økonomi.
– Opp gjennom åra er det investert over fem millionar kroner i
bana. Etter at vi har fekk utløyst
tippemidlar, sit vi igjen med ei
gjeld på berre 350 tusen kroner,
fortel Tryggestad.
Kent Tryggestad (t.h.) og Tøger Lien skiftar ansvarsområde i Nordfjord Golfklubb.
Satsar på dei yngste
GOLF: Nordfjord Golfklubb ønskjer at fleire barn
og unge skal oppleve gleda av å spele golf. Fleire tiltak
er no sett i verk for å auke rekrutteringa.
Nyleg var det leiarskifte i golfklubben, som held til på Stokkenes like utanfor Nordfjordeid
sentrum. Kent Tryggestad tar
over som leiar for Tøger Lien.
Sistnemnde tar over vervet som
leiar for banegruppa.
– Tidlegare har eg vore leiar for
golfklubben i ti år, så eg veit godt
kva det inneber. Når Tøger no
går over i ei rolle som baneansvarleg, tar han over ei rolle som
eg har hatt fram til i dag. Vi byter
rett og slett ansvarsområde i
golfklubben, seier Kent Tryggestad.
Sosial trim
Den store utfordringa for golfmiljøet i Eid er den same som for
mange andre aktivitetar – dei vil
ha fleire aktive.
– Vi har ei perfekt bane med for
lite aktivitet. Hovudmålsettinga
vår er å få fleire barn og unge til
å oppdage golfsporten, seier
Tryggestad, som er sikker på at
mange vil ha glede av å drive
med golf.
– Det gjeld berre å få dei til å
prøve seg, så vil interessa kome.
Golf er ein individuell sport, der
det ikkje er krav om at ein må
springe og slite seg ut. Likevel
får ein god trim, og i tillegg er
det sosialt medan ein spelar. Det
er ikkje mange idrettar som har
desse kvalitetane på same tid,
seier Tryggestad.
Held fram med knøttegolf
Det er no oppretta ei fast skulekontakt, og golfklubben vil gje
tilbod om at skulane kan bruke
bana til dømes i gymundervisning.
– Thomas Storøy er skulekontakt, og vi håpar og trur at det vil
få sving på sakene. I tillegg vil vi
halde fram med knøttegolfen,
som er eit tilbod til barn opp til
12 år. Dette er eit gratis tilbod,
der vi stiller med utstyr og
instruktørar, fortel Tryggestad,
som oppmodar folk om å sjekke
heimesida norgolf.com.
– Her finn ein oversikt over alle
tilboda våre. Mange trur at golf
er ein dyr sport å drive, men det
er heilt feil. Spesielt for dei
under 20 år er det billegare enn
dei aller fleste andre aktivitetar,
meiner Tryggestad.
Lettare inngang til sporten
Eitt av verkemidla for å auke rekrutteringa, i alle aldersgrupper,
er at ein har gått vekk frå ordninga med grønt kort.
– Det er mykje lettare å starte
med golf no. Det einaste ein
treng er eit kurs over tre-fire
kveldar, som heiter vegen til golf.
Ingen stryk på kurset, så det er
inga hindring for å melde seg på.
Tryggestad understrekar også at
ein ved å drive med golf, vil
skaffe seg ein aktivitet dei fleste
kan drive med heile livet.
– Ein kan halde seg aktiv, så
godt som utan risiko for skadar.
Eitt eksempel er Toralv Maurstad, som framleis held på i ein
alder av 87 år.
Myte om tidsbruk
Eit vanleg argument mot å byrje
med golf, er at det skal ta så mykje tid.
– Dette er eit argument vi ofte
høyrer, og det er ein feilaktig
myte. Fakta er at du går runden
på bana på Stokkenes på rundt
ein time. Det vil ikkje eg kalle
lang tid. Dessutan får ein ein
flott spasertur i vakker natur og
frisk luft. Eg vil hevde at vi har
den flottaste bana mellom Bergen og Ålesund, seier Tryggestad.
I fjor blei det ingen god sesong
på grunn av mykje nedbør. Akkurat no er stoda heilt annleis.
– Det er faktisk nokon som nyt
godt av snømangelen, ler Tryggestad. Vi har fleire som i heile
Treng aktive – ikkje dugnad
Grunnlaget for den gode drifta
av golfklubben, er eit stort dugnadsapparat.
– Alt blir gjort på dugnad. Ingen
får lønn. Vi er 15-20 personar
som deler på det nødvendige arbeidet, blant anna gjennom klippeteam på ulike maskinar. Sjølv
brukar eg fem-seks timar kvar
tredje veke, men vi har også dei
som er der kvar dag, seier Tryggestad.
Han understrekar at dei ikkje er
ute etter fleire folk til å drive
dugnadsarbeid.
– Dugnadsarbeidet har vi god
kontroll på. Det vi er ute etter er
å få fleire til å spele golf, seier
Tryggestad.
Eiga damegruppe
Nordfjord Golfklubb har si eiga
damegruppe, og no vil dei få
eigne dagar på bana.
– Damene skal få ein dag der
dei får spele i fred, utan innblanding frå mannfolk, ler Tryggestad, som understrekar at dette er
ein måte å ufarleggjere golfsporten på.
– Det er ikkje så vanskeleg som
mange skal ha det til. Alle kan ha
det moro på sitt nivå, og handicap-systemet gjer at ein faktisk
kan vinne mot ein langt betre
spelar, då ein talet slag per hol
står i forhold til kva ein har i handicap, seier Tryggestad, som
håpar at mange lar seg freiste til
å prøve seg på golf.
– Det er ein flott og sosial aktivitet der ein får fin trim utan å
måtte slite seg dønn ut, og det er
noko ein kan drive med heile
livet, seier Tryggestad.
YNGVE TOLAAS
[email protected]
Direkte telefon: 57 88 53 16