100 turar * 100 vener difor friluftslivskulen

Download Report

Transcript 100 turar * 100 vener difor friluftslivskulen

nordfjord
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* Nr.1 Skuleåret 2013/14
Kebab på bål
Lær å lage mat i det fri
Difor friluftslivskulen
Møt 12 av dei 135 elevane våre
100 turar * 100 vener
Bli med på store opplevingar på bre, til fjells og til havs
80 grader i teltet
Badstove på tur
Jakt og fiske * Ekspedisjon * Vind og vatn * Norge på langs * Ski og surf
Aktivitet * Vertikalt * KRIK Høgt og lavt * Vegleiing * Bu- og arbeidstrening
*1
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
”Gje dei noko av naturlivet
tilbake. Det dei manglar, men
som alle bevisst eller ubevisst
lengtar mot. Og livssynet skal bli
sunnare, og livsgleda lysare”.
Fridtjof Nansen
Foto: Matias Myklebust
* Nordfjord
Nordfjord
Magasin for Nordfjord folkehøgskule,
friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Ansvarleg redaktør: Tore Humstad
Redaksjon: Lars-Ove Eikje ,Odd Harald Halse
og Jorunn Eikenes.
Design: Innoventi
Opplag: 8 000
Kontaktinfo
Nordfjord folkehøgskule
Vereide, 6823 Sandane
Tlf 57 86 80 40,
[email protected]
www.friluftslivskulen.no
facebook.com/friluftslivskulen
twitter.com/nordfjordfhs
#nf1213, #nf1314
Om Skulen
Eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane
Elevplassar: 135
Gjennomsnittsalder: 20 år
Ein himmel å sette
spor under
RUNDT OSS har vi på Nordfjord folkehøgskule ein storslått natur med brear, fjordar og
fjell som gir oss eit spennande læringsmiljø.
I vest slår havet inn mot flotte surfestrender
ved Stad. I nord ligg Sunnmørsalpane som
ein majestetisk bakgard, og i aust innbyr
Jostedalsbreen og Jotunheimen til fleire
kortreiste opplevingar. Sør for oss ligg flotte
skifjell og den snørike Gjegnalundsbreen.
Lenger unna ligg resten av verda. Her engasjerer vi oss gjennom felles segltur til
Shetland og linjeturar til Alpane, Middelhavsregionen og Svalbard. I tillegg følgjer vi eit
bistandsprosjekt i Nepal.
BAK OSS har vi ei 90 år gammal historie
som folkehøgskule, og meir enn 7 000 elevar
har fått med seg verdifull kompetanse etter
eit år på Nordfjord. Skulen har ein kristen
ståstad. Samtidig har vi god erfaring med at
menneske med ulike livssyn kjem saman og
utviklar gjensidig respekt og engasjement
for kvarandre. Dei tolv siste åra har skulen
hatt ein reindyrka friluftslivsprofil, og dagens
friluftslivlinjer har røter heilt tilbake til syttitalet.
Kontonummer for gåver og betaling:
Skulen: 3710.05.00117
Bistandsprosjekt: 3705.13.05842
og tryggleik. Undervisninga skjer tett på naturkreftene og livet. Her får du oppleve sterke
og personlege uttrykk som gjer inntrykk og
set gode avtrykk som er fine å ta med seg når
livet går vidare etter at skuleåret er ferdig.
TIL DETTE LANDSKAPET inviterer vi deg
som elev eller støttespelar på annan måte.
Fridtjof Nansen oppmoda samtida si slik i ein
tekst frå i 1900: ”Gje dei noko av naturlivet
tilbake. Det dei manglar, men som alle bevisst
eller ubevisst lengtar mot. Og livssynet skal bli
sunnare, og livsgleda lysare”. Kva kan så Nordfjord tilby? Vel, ein fjord å segle på. Ei fjellside
å klatre opp. Eit brefall å boltre seg i. Venner å
bli kloke på. Og ein himmel å sette spor under.
OVER OSS ønskjer vi å teikne ein open
himmel. Gjennom heftige naturopplevingar
og gode fellesskapserfaringar, ønskjer vi å
formidle både kunnskap og tru, naturglede
Sjekk friluftslivskulen.no for søknadsskjema, oppdatert info, bilde, turrapportar,
filmar og meir.
rektor
Les meir om skulen sin profil og visjon på friluftslivskulen.no
2 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Søknad og søknadsfrist
Vi har ingen søknadsfrist, men startar opptaket 1. februar. Dei siste åra har vi hatt full
skule, og enkelte linjer er ekstra populære.
Det er lurt å søke tidleg!
Framsidefoto:
Brekurs på Haugabreen. Matias Myklebust,
Ingrid Støyten, Una Tveit Hauan og Per
Thomas Byrkjedal. Foto David Zadig
* Innhald
Foto David Zadig
27
Foto: Matias Myklebust
HARDE FAKTA
Foto David Zadig
22
* Fellestur
Til sjøs med Statsraaden
Difor Nordfjord
Les kvifor 12 elevar bestemte seg for
å gå på Nordfjord folkehøgskule
4 Årets bilde
12 Turbadstove
13 Kebab på bål
21 Valfag
23
* Læraren
På Nordfjord har vi mange gode
lærarar. Ein av dei er Bjørn.
Foto: Matias Myklebust
Foto: Oddvin Agnalt Østmo
6
Meir:
10
Skjulte perler
Heile ti Linjer
Med friluftsliv
å velge Frå
Få oversikt, side 16-20
16
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
*3
* Årets bilde
Det blir tatt mange
flotte bilde i løpet
av eit skuleår. Kvart
år arrangerer vi
fotokonkurransar.
Vinnaren skuleåret
2011/2012 vart Morten
Håvik med dette bildet:
”På veg mot toppen av
Ola-Hans-fjellet”
4*
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
*5
* Difor friluftslivskulen
Kva får ungdomar frå heile landet til å investere i eit år på Nordfjord folkehøgskule?
Ute på tur:
Difor
Valde eg
Nordfjord
Tekst: Jorunn Eikenes. Foto: David Zadig
6*
Oskar Asplin Oslo
- Dette året er avslappande og
deilig - det er ikkje så mange bekymringar, akkurat! Ingen prøver
og ingen innleveringar, akkurat det
eg trengde etter mange år på skule. Det ville vere hardt å begynne
rett på studiane, det er veldig
godt å ha noko kjekt å gjere dette
året. Og så skal eg bruke året til
å tenke på kva eg skal vidare, og
forhåpentlegvis finne ut kva eg
skal studere og kva eg skal bli.
Det blir nok litt annleis neste år…
Karine Medhus
Hafrsfjord
- Eg gledde meg veldig til
turen med Statsraad Lehmkuhl.
Det er så bra å prøve nye ting!
Å vere på eit stort seglskip har
eg aldri prøvd, og seglturen var
ein viktig grunn for å søkje på
akkurat denne skulen. Turen over
havet til Shetland var kjempebra!
Vi vart så godt kjent, og der
lærte vi å leve tett – akkurat
som vi lærer det resten av dette
skuleåret.
Matias Myklebust Oslo
Sara Margrethe Ommedal Tønsberg
- Everyday is a Saturday! Sånn er det på Nordfjord. Vi står opp
­tidleg, men det er jo null stress når vi berre skal gjere bra ting!
­Matias er erfaren på friluftsliv, for eksempel klatring, ski, topptur,
kite og padling.
- Eg kunne jo i teorien budd heime og brukt året på friluftsliv,
men kva hadde det blitt utan det geniale: Å bli vener med masse
folk som det er kjekt å reise på tur med!
- Denne skulen trur eg at eg har visst om heile livet. Sara
­Margrethe bur i Tønsberg, men vaks opp i Hyen, ei bygd ikkje så langt
frå Nordfjord folkehøgskule. Mor hennar har gått her, og ho har alltid
høyrt masse om skulen.
- I fjor var søskenbarnet mitt elev her, og eg spurde han om alt
og pumpa han for opplysningar om korleis det var her. Og då vart eg
overbevist om at eg ville gå her. Eg hadde lyst på forandring og nye
utfordringar, og dette er plassen for å få prøve masse nye ting.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
*7
Marthe Bjella
Kongsberg - He, he… eg er vel ikkje akkurat
den tøffaste...kanskje… Men
dette året skal eg utfordre meg
sjølv, og prøve ekstremt mange
nye ting – aktivitetar som eg aldri
har vore i nærleiken av. Og så
skal eg oppleve Norge. Eg lurte
på om eg skulle gå på ein skule
med stor utanlandstur, men så
fann eg ut at dette året vil eg
heller bli kjent med det norske.
Eg vil oppleve norske fjell, og
håpar på ei ny oppleving av mitt
eige land.
Vilde Sines
Vegårdshei
- Eg kjente ingen då eg kom
til Nordfjord, eg tenkte eg ville
begynne heilt på nytt. Og det har
gått så fint! Romkameraten min –
det kjennest som eg har kjent ho
heile livet. Det fine her er at det
ikkje er press på kle og sminke
og sånne ting – det er godt å få
vere som eg er! Eg søkte Nordfjord både på grunn av friluftsliv
og fordi det er ein kristen skule.
I klassa mi heime var eg åleine
kristen, her er det fleire. Det er
veldig fint.
8 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Per Thomas Byrkjedal
Sandnes
- Kvifor Nordfjord? FRILUFTSLIV. Eg
vil bygge vidare. Eg gjekk friluftsliv på
vidaregåande, og no er eg klar for endå
meir turar og endå meir opplevingar.
Per Thomas såg ei oppdatering på
Facebook der ein kompis hadde lagt ut eit
bilde frå Nordfjord. Og dermed visste han
kvar han ville.
- I Stavangerområdet er det altfor få
toppar og for lite laussnø, eg søkte Nordfjord for å få meir av begge deler.
Sigri Sognnes
Andresen
Trondheim
- Det er godt å vere her. Eg
er på heilt rett plass! Sigri
bestemte seg i løpet av siste året
på vidaregåande for at ho ville gå
på folkehøgskule. Ho ante ikkje
kva skule ho skulle søkje på, og
gjekk inn på fellessida for alle
folkehøgskulane.
- Der kryssa eg av på
interessene mine, og så dukka
det opp ei liste med skular som
kunne vere aktuelle. Av dei var
Nordfjord. Eg las på nettsida,
vart overbevist, og gledde meg
masse. Så her er eg!
Helene Hvattum
Bærum
- Eg vil lære ting. Det er det eg
vil dette året. Lære å stå telemark. Lære å surfe. Lære å ha
det ekstra bra på tur, lære å nyte
friluftslivet fullt ut. Eigentleg er
eg skikkeleg lat, altså. Eg burde
trene meir, men eg er ikkje så
glad i å trene styrke og sånn.
Men no har eg allereie blitt i betre form, det er kjekt å gå på tur
og trene saman med andre, og
her er vi på tur heile tida. Og her
går det an å prøve nye ting og
lære nye ting saman med andre utan å bli flau for at eg ikkje kan
det frå før.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
*9
Foto: Halfdan Bergersen
* Turtips
Skjulte
perler
Skåla, Jostedalsbreen, Hoddevika og Stad: I Nordfjord
ligg store og kjende naturperler på rad og rekke.
Men små, skjulte perler er nesten endå betre,
og vi veit vegen…
Skjerdalen
På vestsida av Hyefjorden ligg Skjerdalen.
Ei lita, veglaus grend med ein barnefamilie i
eit hus, og besteforeldra i nabohuset. Du går
på land på kaia, ruslar gjennom tunet, helsar
på den lodne hunden, og startar vandringa
over den brusande elva og oppover i dalen.
Halvvegs inn i dalen, møter du langbeinte og
høgreiste arabarhestar som beitar på støylskvia. Dei spør om du har ein sukkerbit, og når
du seier nei tiggar dei heilt til dei får ete noko
anna frå nista di. Du går vidare i det irrgrøne
landskapet og kjem fram til vatnet i botnen
av dalen. Det ligg så kaldt og så blankt og
så klårt at du ser fisken symje på botnen.
Gjegnalundsbreen kvelvar seg over fjellkammen, og om du ikkje er aldeles bortskjemt på
opplevingar blir du overvelda.
Månelandskap
Det er som ei anna verd. Fjellformasjonane
er forvridde, landskapet er goldt, og med
berre ei lita dose fantasi er du trygt plassert
på månen. Men sjekkar du kartet ser du at du
framleis er i Nordfjord, i fjellmassivet rundt
Ålfotbreen. I dette området, med fjellhyller,
sprekker og vanskelege ruter får du utfordringar både fysisk og mentalt.
Foto: Jon Olav Husabø Eikenes
10 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Foto: Oddvin Agnalt Østmo
Våtedalen
Det er nesten latterleg å kalle
det ei skjult perle. Men vi gjer
det likevel. For sjølv om trafikken på Europaveg 39 dundrar
gjennom Våtedalen, er dette
ei skjult naturoppleving for
dei fleste. For når du berre
sit i bilen kan du ikkje kjenne
lukta av gras, vatn og jord i
den friske og regnvåte lufta.
Du kan ikkje høyre brekinga og
mekringa frå dei fleire hundre
sauene og geitene som pleiar
kulturlandskapet. I bilen får du
heller ikkje med deg fargespelet i den grøne elva, og du får
slett ikkje kjenne på kreftene i
vatnet som strøymer forbi. Gå
ut av bilen. Slå opp teltet. Prøv
elvekajakken.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 11
* Turtips
Foto: Odd Harald Halse
80 grader
i teltet
100 elevar har klatra og vandra ulike ruter
over fjellet frå Sørstranda til felles leirplass
ved Gjengedalsvatnet i Hyen. Etter at gnagsår er pleia og magen er metta, er det tid for
prikken over i-en: Ei dampande badstove rett
før leggetid.
Det dreiar seg ikkje om ei varm og god
badstove med solide trebenkar i trappetrinn
oppetter veggen. Badstova er eit utrangert
telt, men til dette er det godt som gull. Teltet
er fylt av fuktig og varm luft, og sjølv om det
eigentleg er litt surt ute er det berre å kaste
kleda, ta eit bad i det friske fjellvatnet og deretter dykke inn i den varme dampen.
Foto: Odd Harald Halse
Slik gjer du det
• Bruk eit gammalt yttertelt du ikkje
er redd for.
• Eit stykke frå teltet fyrer du opp
eit svært bål.
• Legg mange passeleg store
steinar inn på bålet.
• Når steinane er sotfrie er dei
gjennomvarme.
• Bruk ein spade og flytt steinane frå
bålet og inn i midten av teltet.
• Tøm vatn over steinane, og vips
fyller teltet seg med damp.
* Difor friluftslivskulen
Foto: Lars-Ove Eikje
Foto: Lars-Ove Eikje
Foto: Emilie Kvamme Fjeldstad
Thomas Immanuel Weisser
Vang i Valdres
Silje Røsåsen Høivangli
Hakadal
Kjell Einar Erikstein
Vinje i Telemark
- Dette er eit friår, eit tenkeår. Thomas
Immanuel har gått tre år på musikklinje på
vidaregåande, og trur kanskje han hamnar
på Musikkhøgskulen i Oslo neste år. Så dette
året blir annleis-året.
- Det er digg å få eit år med så masse friluftsliv! Eg får prøvd masse som eg ikkje ville
gjort på eiga hand.
- Eg drøymer om ekspedisjonar. Berre
høyr på ordet! Det er jo fantastisk! Å vere
lenge vekke, gå lange, lange skiturar, bestige
fjell…ah… Eg lever berre ein gong, og eg vil
bestemme og gjere det eg har lyst til!
Etter eit år på Nordfjord trur eg at eg kan
nok til å reise på eigne ekspedisjonar.
- Eg har fått nok av mykje teori og hard
satsing på idrett etter tre år på skigymnas.
Dette året skal eg berre ha det morsomt!
Eg bestemte meg for Nordfjord fordi her er
det både jakt og mykje anna friluftsliv. Vi var
på Statsraad Lehmkuhl, rypejakt, og denne
veka skal vi på bre. Dette er eit år med stort
spenn, ingen dagar er like.
12 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* Mat i det fri
Foto: Ellen Lande Gossner
Oppskrifta er henta frå boka ”Mat
i det fri” av Øystein Vegge og Per
Momrak. Per er lærar på linja
Friluftsliv/Jakt og fiske på Nordfjord
folkehøgskule.
Kebab
på bål
Du treng
1 løk
1-2 fedd kvitløk
1 kilo kjøtdeig
2 tomatar
1 paprika
1 ts salt
½ ts svart peppar
Riv opp løk og kvitløk i små bitar,
helst med rivjarn, og bland løk,
kvitløk og kjøtdeig. Lag små pølser
av blandinga og pakk dei rundt
eit grillspyd. Skjær tomatane og
paprikaen i skiver og fest dei på
grillspyda. ­Server med pitabrød
og dressing.
Pitabrød (16 brød)
1/2 liter vatn
50 g tørrgjær
1 ts salt
3 dl sammalt kveite, grov
10 dl kveitemjøl
Varm opp vatnet til ca 40 grader.
Tilsett det tørre og bland dette godt.
La deigen stå og heve i ca 20 minutt.
Kjevle ut deigen i små flate brød på
ca 20 cm i diameter. Steik i olje på
steikepanne, steinhelle eller i ovn.
Dressing
1 fedd kvitløk
3 dl rømme
3 dl majones
1/4 sitron
1 ts salt
1 ts peppar
Finnhakk kvitløken og bland den
saman med rømme og majones. Ha
over sitronsafta og smak til med salt
og peppar.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 13
Foto David Zadig
* fag
100 turar
100 vener
Nordfjord folkehøgskule er friluftsliv, og mykje meir.
Det er opplevingar og fellesskap, det er 100 turar og 100 vener.
Mykje av fellesskapet og opplevingane får du gjennom fagtilbodet:
Linjefag, valfag, prosjektveker og fellesturar.
14 *
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 15
Foto: Eirik Tengesdal
* Linjefag
Friluftsliv/KRIK Høgt og lavt Gå difor ut
Kvifor nøye seg med ein liten sjokolade når du kan gå berserk i smågodthylla? På denne linja får du prøve alt som er verdt å prøve. Høge
høgder, flotte menneske og sterke inntrykk i Nepal. Store naturopplevingar i Norge. Bølgjer, havblikk, surfing og kiting. Fjell, ski og klatring,
bre og kajakk. Bål og telt, god mat, gode vener, rolege kveldar og stille
morgonar. KRIK står for Kristen Idrettskontakt. Høgt og lavt har vi alt
forklart. Gjer deg klar til eit år med friluftsliv, idrett, Gud og menneske.
På KRIK Høgt og lavt får du ikkje berre utsikt. Du får innsikt.
Fakta om KRIK Høgt og lavt: Nepal 16 dagar
+ Skikøyring i Alpane/Sunnmøre + Vandretur på hausten
+ Brekurs + Skredkurs + Klatring + Elvekajakk
+ Toppturar + Havkajakk + Skiveke i Hemsedal + Surfing på
Stad + Snøholetur + Segltur med Statsraad Lehmkuhl
+ Terrengsykling + Kokelagstur + KRIK- linjesamling i Oslo
+ Isklatring + Pilegrimsvandring + Teambuilding/leiartrening
+ Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Tinderangling
Foto: Øystein Vegge
Friluftsliv/Vertikalt
Bratt læringskurve
Nokre av oss har ein draum. Ein draum om å vere mest mogleg i
fjellet, på reise, i rørsle. Sjå for deg eit raudt telt midt ute på Jostedalsbreen. Sjå for deg interrail gjennom Alpane, hengje ut av togvindauget, peike på toppane, gå på toppane. Sjå for deg ein sekk som alltid
er ferdig pakka, ei klatrerute som trufast ventar, ei offpistelinje på
Sunnmøre. Kvar gong du har vore langt borte, er det betre å komme
heim. Til dei nære fjella. Til bålet i skogkanten.
På denne linja blir du globetrottar og nordfjording på ein gong.
16 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Fakta om vertikalt: Klatretur til Sør-Europa + Sports­
klatring + Isklatring + Brekurs + Tinderangling + Toppturar
+ Elvepadling + Terrengsykling + Skikøyring i Alpane/
Sunnmøre + Skredkurs + Toppturar + Skiveke i Hemsedal
+ Basistur haust + Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur
+ Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur
+ Pilegrimsvandring + Skileik
Foto: Hilde Hoel Stenmark
Friluftsliv/Norge på langs
Det beste av alt. Det beste av Norge og det beste av friluftsliv, eit
eventyr frå nord til sør. Vi startar på sykkel frå Nordkapp, og seglar
i vind og blæst langs trøndelagskysten. På Sunnmøre skal vi svinge
oss innover fjordane i kajakk. Sørover gjennom Breheimen og Jotunheimen går vi på ski, og til slutt opplever vi våren på Lindesnes. Med
base på skulen, men likevel eit år på reise i eige land.
Norge på langs. Friluftsliv på tvers.
Frå topp til tå
Fakta om Norge på langs: Sykkeltur Nordkapp – Lofoten
+ Kajakkpadling + Segltur + Skitur Breheimen og Jotun­
heimen + Sykkeltur Jotunheimen - Lindesnes + Skredkurs
+ Toppturar + Skiveke i Hemsedal + Bre + Klatring
+ B
­ asistur haust + Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur
+ Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur
+ Pilegrimsvandring + Skileik
Foto: Lars-Ove Eikje
Friluftsliv/Ekspedisjon
Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med
Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit
forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det
kjende og inn i det ukjende saman med folk du stolar på. Saman med
folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss
skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda
i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå
fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang
rekkje overnattingar i telt og under open himmel.
Dei lengste turane
Fakta om ekspedisjon: Skitur på Svalbard (12-14 dagar)
+ Hausteventyr (8-10 dagar) + Langtur i vinterfjellet (6-8
dagar) + Brekurs + Klatrekurs + Havkajakk + Skiveke i
Hemsedal + Toppturar på ski + Tinderangling + Skredkurs
+ Kite/surfing + Snøholetur + Vandretur på hausten + Segltur
med Statsraad Lehmkuhl + Førstehjelpskurs + Kokelagstur
+ Åleinenatt + Skileik + Pilegrimsvandring
Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar?
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 17
Friluftsliv/Jakt og fiske
Foto: Torger Eimhjellen
* Linjefag
Licence to kill
Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med
jakt. Du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte
på den gode kjensla. Du skal leve som Lars Monsen, med teltet og
rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske
med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få
prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og
bratt klatring.
Fakta om jakt og fiske: Hjortejakt + Rype-, hare- og
skogsfugljakt + Revejakt + Gåsejakt + Seljakt + Villsvinog beverjakt + Innlandsfiske + Havfiske / segling + Kano/
kajakk + Klatring + Toppturar + Skredkurs + Skiveke i
­Hemsedal + Basistur haust + Segltur med Statsraad Lehmkuhl
+ Kokelagstur + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur
+ Vintertur + Pilegrimsvandring + Skileik
Kort sagt: velkomen til eit vilt år.
Foto: Hanna Lønning Gjerdi
Friluftsliv/Vind og vatn
Ein heilt annan fartskontroll
Vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. Dei gir dei sterkaste
opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar
heng du i riggen om bord i ein seglbåt. Eller etter ein kite på Hardangervidda. Regnvérsdagane fyller opp padleelvane på Voss. Varme
solskinsdagar lokkar med bølgjesurfing. Og under vassflata ventar ei
annleis verd. Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og tørre
snøkrystallar. Eit år med rein natur og rein moro.
Eit år med wetlook og bakoversveis.
18 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Fakta om vind og vatn: Surfe- og kitetur til varmare strøk
+ Elvepadling på Voss + Surfing på Stad + Segling/kystveke
+ Havkajakk + Kiting på snø + Skredkurs + Toppturar
+ Skiveke i Hemsedal + Bre + Klatring + Basistur haust
+ Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur + Pilegrimsvandring
+ Skileik
Foto: Johannes Kristianslund
Friluftsliv/Ski og surf
Eit år med fri flyt
Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å
finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller
blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den
rette balansen. Ut og leite etter dei største ­opplevingane. Om det no
er i dei beste laussnø-anlegga på ­Vestlandet. Eller på ein draumestad
i dei ekte Alpane.
Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit
heilt skuleår i Nordfjord.
Fakta om Ski og surf: Surfing på Stad + Toppturar
+ ­Basistur haust + Bretur + Hav- /elvekajakk + Klatring
+ ­Åleinenatt + Kokelagstur + Skredkurs + Skikøyring i
anlegg på Vestlandet + Skikøyring i Alpane + Toppturveke
i ­Hurrungane + Segltur med Statsraad Lehmkuhl + Førstehjelpskurs + Skileik + Skiveke i Hemsedal + Snøholetur +
Pilegrimsvandring
Foto: Arne Erdal
Friluftsliv/Aktivitet
Mykje vil ha meir
Nokre gongar treng du ikkje velje. Her er turmiksen for deg som
vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet.
Gutar og jenter: vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre,
padling i elv, surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av Josten
og heiskort til offpistekøyring på Sunnmøre. Denne linja reindyrkar
variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og
kiting den tredje.
Fakta om aktivitet: Toppturar + Skiveke i Hemsedal
+ Bre + Klatring + Skredkurs + Havkajakk + Tinderangling + Bølgesurfing på Stadt + Elvekajakk + Kiting
+ Isklatring + Jostedalsbreen på langs + Kystfriluftsliv
+ Basistur haust + Snøholetur + Vintertur + Skileik +
Kokelagstur + Statsraad Lehmkuhl + Pilegrimsvandring +
Åleinenatt + Førstehjelpskurs
Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 19
Bu- og arbeidstrening
Foto: Lisbeth Momrak
* Linjefag
Det første året heimanfrå
Nye vener. Nye aktivitetar. Og nye erfaringar. Som elev på Bu- og
arbeidstrening vil du ta del i eit inkluderande fellesskap og lære deg å
bli meir sjølvstendig. Hos oss kan du øve på å halde ditt eige rom ryddig, halde orden på kleda dine, måltida dine og fritida di. Sjølvsagt skal
vi hjelpe deg. Dei tilsette vil sørgje for at du får den hjelpa du treng.
Både når du er på skulen og når du er ute på tur har du 100 ungdomar å dele opplevinga med.
Dette året vil bety mykje for deg.
Og for alle oss andre som blir kjende med deg.
Fakta om Bu- og arbeidstrening: Matlaging +
Personleg økonomi + Arbeidstrening + Fysisk aktivitet +
Friluftsliv + Sosial trening + Romvask + Klevask +
Personleg hygiene + Norsk/data + Musikk + Teikning/maling
Foto: Oddvin Agnalt Østmo
Friluftsliv/Vegleiing
Når eit år ikkje er nok
For nokre blir ti månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir
­friluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du
stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med
friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn.
Som stipendiat får du praksis som vegleiar for andre elevar på
tur, du er med i det sosiale miljøet på skulen på ettermiddags- og
kveldstid, og du er assistent og støttekontakt for elevane på Bu- og
arbeidstrening. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg
tett oppfølging.
20 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.
Fakta om vegleiing: Vegleiarpraksis
+ Assistent/støttekontakt + Pedagogikk
+ Leiarutvikling + Personleg utvikling +
+ Leiingsteori + Skredkurs + Brekurs
+ Miljøarbeid
+ Spesialpedagogikk
Gruppeprosessar
+ Klatrekurs
* Valfag og prosjektveker
Ditt år frå ende til annan
Valfag
Tenk deg for ein unik sjanse du
har til å komponere akkurat det
året du vil ha. Bunken med valfag
på Nordfjord folkehøgskule er
stor og tjukk, vi nemner allidrett,
ballspel, barmarkstrening, bibelfag, buldring, dans, filosofi,
flugebinding, fotball, foto, gitar,
havkajakk, hybelkokk, idrett,
jegerprøve, kajakkbygging, keramikk, klatring, knivmaking, kor,
kristendom, longboard, musikk,
smiing, terrengsykkel, topptur,
toving, trearbeid, utstyrslaging,
volleyball og web. For eit år det
kan bli!
Det er du som vel kva linje du vil gå. Og i­kkje nok
med det, i løpet av året får du velje m
­ ellom 50 valfag du vil fordjupe deg i. Og så kjem p
­ rosjektvekene
på toppen: Fire veker med e­ ksklusive opplevingar i
løpet av året.
To prosjektveker i
november, velg mellom:
• Revy
• Praktisk uteprosjekt
• Klatring i Sør-Europa
• Din tur
• Kajakkbygging
Foto: Ragnhild Tronvoll
Prosjektveke i desember,
velg mellom:
• Smiing
• Treningsleir
• Kystveke
• Dykkarkurs
• Jaktveke
• Tradisjonsmat og julegodt
• Utstyrslaging
• Bibelskule
• Kite/topptur
• Film
• Musikk
Prosjektveker
I prosjektvekene er timeplan
eit framandord. Då er det store
enkeltprosjekt i ei heil veke, og
du kan for eksempel delta i revy,
dykking, tradisjonsmatlaging,
toppturar, jakt, praktiske byggeprosjekt, klatretur til Frankrike
eller Spania, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur
eller musikk.
Prosjektveke i mars, velg
mellom:
• Toppturar
• Vintertur med telt
• Kystveke
• Skianlegg i Østerrike
• Skianlegg i Norge
* Dette fekk vi med oss. Fire tidlegare elevar om kva dei sit att med etter sitt år på Nordfjord.
Foto: Ingeborg Lund Mathisen
Foto: Markus Johannessen
Foto: Cecilie Bjelke
Narve Honningsvåg
Ragnhild Tronvoll
Johannes Asheim
Thea Holth Hovemoen
Av og til kjem Narve på besøk
til Nordfjord folkehøgskule. Eller,
eigentleg kjem han heim. - Her
vil eg vere, seier Narve. Ikkje med
ord, nødvendigvis, men med
heile seg. Narve var elev på Buog arbeidstreningslinja i to år, og
kan ikkje gløyme alle venene han
fekk. Og ingen kan vel gløyme
Narve, heller.
- Eg fekk med meg livsviktig
lærdom: Ta alltid med tørre
sokkar, og skaff deg vener med
sjokolade i sekken. Og så er
det sånn at uansett kvar eg er i
landet, kan eg besøke ein ven frå
Nordfjord. Og om fem eller femti
år kan eg framleis besøke dei
same venene.
- På Nordfjord har eg utfordra
meg sjølv og trua mi. Johannes
har blitt meir bevisst på både kva
han trur på, og kvifor. - Det er inspirerande å høyre elevar og
lærarar prate om sitt forhold til
Jesus. Og så er det spennande å
diskutere tru og tvil. Eg har ikkje
nødvendigvis fått så mange fleire
svar, men eg har blitt meir nysgjerrig og interessert i det som
har med tru å gjere.
- Nordfjord ga meg eventyr,
utfordringar, turar, erfaringar og
opplevingar i massevis! Det beste
er alle dei bra folka å dele det
med. Nordfjord er ei investering
i livet, eit eventyr i seg sjølv. I ettertid har det gitt inspirasjon til
endå fleire turar og opplevingar,
og grunnlag for mange gode
minne og vennskap.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 21
* Fellestur
Foto: Wenche Christine Olsen
Den vakraste
Ho er størst, eldst, full av minner frå den gong…
Måndag 16. september 2013 går elevar
og personale om bord, og blir med på
tokt til Shetland. Gled deg til ei veke
med hav på alle kantar! Les meir om
skipet på www.lehmkuhl.no
22 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Foto: Kristian Aurlien
Edeltre. Blankpussa messing. Knirkande
tauverk. Hengekøyer. Tenk – deg sjølv til rors
på ein 258 fots bark anno 1914. Eller i utkikken – speidande…
Som medseglar om bord på Statsraad
Lehmkuhl får du delta i vakter og arbeidsrutiner på skipet. Du får lære havet å kjenne
- på godt og vondt – slik norske sjømenn har
gjort i generasjonar. Statsraad Lehmkuhl
osar av nostalgi, tjære og ramsalt sjø. Ho har
ikkje forandra seg stort sidan 1914. Nydeleg
restaurert. Ein tanke modernisert. Ho er ein
draum under kvite segl – mot nye hamner,
nye eventyr…
* Læraren
Foto: David Zadig
Bjørn Torleif Lia
lærar på Ski og surf-linja
- Dette er jo Norges beste folkehøgskule, hehe, klart eg vil jobbe her! Det er
best natur, heilt rå faktisk, og best folk!
Bjørn gliser. Han er ikkje redd for å
seie kva han meiner. Han er i grunnen
­ikkje redd for så mykje. Han er 28 år, glad
i høge toppar og endå meir glad i liene
ned frå dei høge toppane.
- Eg er ein skimann. Sånn er det
berre. Og det er fantastisk å kunne dyrke
interessa mi i jobben her på skulen.
Denne hausten gjekk Ski og surf deler av
­Tinderekka i indre Nordfjord. Frå Skåla til
Bødalssetra.
- For ein tur! Vi gjekk langt, kryssa to
brear, og var så fornøgde då vi kom ned
til Bødalssetra. Alle klarte turen, og det
var enormt god stemning. Og det er det
artigaste med denne jobben: Når eg ser
elevar som meistrar ting dei ikkje trudde
var mogleg.
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 23
* friluftslivskulen.no
Sjekk friluftslivskulen.no for
søknadsskjema, oppdatert info,
bilde, turrapportar, filmar og meir.
Følg Nordfjord folkehøgskule på
Facebook og Twitter!
24 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Foto: Elevar ved Nordfjord folkehøgskule 2012/2013
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 25
Heim
Du flyttar ut. Det er ingen tvil om det. Pappa har lånt tilhengar
med naboen, og fylt den opp med alt han og Mamma meiner
du treng i livet. Og så køyrer dei deg vekk. Langt ut på bygda.
Det fine er at du ikkje berre flyttar ut. Du flyttar inn.
Foto: Kristian Engebretsen
Det er viktig å vere ambisiøs. Og vi vil
vere ambisiøse. Difor seier vi: Velkomen
heim! Dei sa det faktisk allereie tidleg på
1900-talet, då Nordfjord folkehøgskule vart
oppretta. ”Skulen er ein heim”, sa dei. ”Og
denne heimen er ein skule”. Og akkurat slik
skal det vere, også i 2013.
Heime får du vere den du er. Heime har
ikkje alle like meiningar, men alle blir respekterte for dei meiningane dei har. Heime bidreg
alle for at det skal vere ein god plass å vere.
På Nordfjord folkehøgskule bur dei aller
fleste elevane på dobbeltrom. Og på tur er
det tre eller fire i teltet. Du lærer å leve tett
på.
Det er Normisjon som eig skulen. Vi håpar du vil merke at den kristne trua pregar
kvardagen på skulen, men du treng ikkje vere
kristen for å vere elev her! Vi ynskjer å vise
kva vi står for, men samtidig ha stor respekt
for tankane dine.
Året ved friluftslivskulen er starten på noko nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv,
der du vel kva som er viktig. Starten på nye
venskap, venskap som varer. Du møter folk
som deler friluftsinteressene dine. Du møter
lærarar og medelevar med ulik bakgrunn,
meiningar og livssyn. Du møter deg sjølv.
Det du lærer aller mest på friluftslivskulen, er å vere menneske.
Velkomen heim.
Kokkestatistikk
Når kokkane ikkje er opptekne med å
bake rundstykke, lage middag, vaske opp,
handle inn eller knyte slips, går tida sjølvsagt med til statistikk. Elevane er glade i
mat, og kokkane er glade i å telje. Dei kan
fortelje at det går med 35 brød til kvart
frukostmåltid, og 40 liter mjølk. Til middag et elevane meir enn 15 kilo grønsaker
og 40 kilo poteter. Frivillege potetskrellarar kan gjerne ta kontakt.
26 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Foto: Odd Harald Halse
Folkehøgskuleelevar blir skulda for å leve
eit år i si eiga verd, kapsla inn i ei einaste
stor boble, og utan å tenke på verda rundt
seg. Men slik er det faktisk ikkje! Kvart
år har elevane på Nordfjord eit bistandsprosjekt der dei samlar inn pengar på
ymse vis. I fjor kunne elevane, etter ein
formidabel innsats, sende imponerande
247.241,71 kroner til eit sjukehus i Okhaldunga i Nepal.
Foto: Jorunn Eikenes
Foto: Øyvind Kopperstad
Utanfor bobla
Dugnad
Det er Norge sitt nasjonalord, og på
Nordfjord får du vere med! Tre gongar i
året er det dugnadsdagar. 150 elevar og
tilsette i felles arbeid for skulen. Vi høgg
tømmer og sagar ved, reparerer gapahuk
og gamme, plukkar frukt og bær, vaskar
og kostar. Dugnadsdagane gneistrar av
energi, arbeidsvilje og fellesskap, og blir
belønna med ekstra god mat. Og ei god
kjensle av å ha vore med på eit storverk.
Foto: Jonas Eng
Sentralt
Det er kanskje å ta litt hardt i å seie at
Nordfjord folkehøgskule ligg sentralt.
Men: Det er berre 4 kilometer til Sandane lufthamn Anda. Og frå flyplassen
kan du fly direkte til Oslo og Bergen.
300 meter frå skulen ligg E39, og der
kan du gå på ekspressbussar til Oslo,
Trondheim, Ålesund og Bergen. Skulen
ligg 6 km frå Sandane sentrum - altså
butikkar, post, bibliotek, svømmehall,
kunstgrasbane, kino, kulturhus + +
Harde fakta
Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule. Vi har lang erfaring
med faget, og har lærarar med svært høg kompetanse.
Du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring
for å søkje på Nordfjord folkehøgskule, men
du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar.
På skulen er det plass til 135 elevar, fordelt på 10 linjer. Gjennomsnittsalderen er ca
20 år, og dei siste åra har det vore like mange
gutar og jenter. I løpet av året blir det minst
40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo,
hytte eller under open himmel.
Skulen er stor og har mange rom, vi nemner smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramikkrom, syrom, mørkerom og ein
250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg
vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, stor
gapahuk, gamme og bålhus. Rett nedanfor
skulen har vi naust med eigne båtar.
Pengar. Eit år på Nordfjord folkehøgskule
kostar ca 90.000 kroner. Dette varierer litt
frå linje til linje og kva valfag og prosjektveker du vel. Går du inn på nettsidene våre
www.friluftslivskulen.no kan du finne ut meir
nøyaktig kva året ditt vil koste.
Alle norske elevar kan søkje lån gjennom
Statens lånekasse via nettsidene deira www.
lanekassen.no Du kan låne rett i overkant av
90.000 kr. Når du har fullført skuleåret med
minst 90 % frammøte, blir ca. ein tredjedel av
lånet gjort om til stipend.
Søknad. På nettsidene våre, www.friluftslivskulen.no, finn du søknadsskjema. Vi har
ingen søknadsfrist, men startar opptaket 1.
februar. Dei siste åra har skulen vore heilt
full, og enkelte linjer er ekstra populære. Det
er med andre ord lurt å søke tidleg.
Miljø
Vi er ein friluftslivskule, og nyt naturen
i fulle drag. Og vi vil at generasjonane
etter oss kan gjere det same. Difor vil vi
inspirere deg til ein gjennomtenkt livsstil. Ein gjennomtenkt livsstil handlar
om små ting. Bruk matboks, ikkje plast
og papir. Skru av lyset. Ikkje kast mat.
Dusj passeleg lenge. Sorter søppelet.
Enkelt men viktig!
Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
* 27
Foto: Ørjan Brunstad
* slik søkjer du:
friluftslivskulen.no
eller
folkehogskole.no/nordfjord
Vi har ingen søknadsfrist, men
startar opptaket 1. februar.
Skulestart: 24.08.2013
Nokre spor varer evig
Vennskap som tåler minusgrader, høge toppar og djupe dalar.
Kunnskap gjennom store opplevingar. Spor som blir sterke av
ver og vind. Hos oss vil du sette spor etter deg.
www.friluftslivskulen.no
Nordfjord folkehøgskule
Vereide, 6823 Sandane
[email protected]
Tlf 57 86 80 40