Nordfjord Nytt 2 - 2011 - Reisemål Stryn & Nordfjord

Download Report

Transcript Nordfjord Nytt 2 - 2011 - Reisemål Stryn & Nordfjord

Nordfjord Nytt
Juni 2011
www.nordfjord.no
Internasjonal presse utforska vinteren i Nordfjord
Denne vinteren har Reisemål Stryn & Nordfjord vore vertskap for mange utanlandske pressebesøk. Skimagasin,
reisemagasin, fotografar og filmcrew har leika seg i pudder i Nordfjord. Dette er første vinteren der ein byrjar å sjå
resultat av arbeidet med å løfte fram Vestlandet som vinterdestinasjon. I februar hadde vi besøk av seks journalistar
frå Sverige som besøkte skianlegg i Nordfjord. I mars hadde regionen besøk av teamet frå russiske RideThePlanet.
Dei laga ski-film for NTV – Russland sin største kabel-tv kanal med dei beste frikøyrarane i Russland. I tillegg hadde
dei med seg fotograf og journalist for å spreie bodskapet i fleire kanalar. Filmen og bileta har spreidd seg raskt i
sosiale media. Russland er ein marknad i sterk vekst, og i ein rapport frå freeride prosjektet, viser det totale antal
sjåarar frå TV, internet og print materiell frå desember 2010 til mai 2011 på heile 12 mill. sjåarar!!
Foto og artikkel: http://www.ridetheplanet.ru/norway-stryn/
Film: http://www.ridetheplanet.ru/premera-ridetheplanet-norway/
Vikar i stillinga som produktsjef
Ann Helen gjekk ut i svangerskapspermisjon i midten av jun. Vi har tilsett ein vikar i
stillinga som produktsjef frå 1. juli. Den nytilsette er Yngve Stee, han er 25 år og født og
oppvaksen i reiselivskommuna Lom. Han jobbar per dags dato som prosjektleiar for
”Stoppunkt Eidsvatnet” i Eidsdal, Norddal Kommune. Han har studert Opplevelses- og
Attraksjonsutvikling ved Høgskulen i Lillehammer og har i tillegg mykje erfaring frå
turisme, blant anna 7 sesongar som breførar. [email protected]
Optimisme før årets sommarsesong
57 prosent av reiselivsaktørane trur at sommaren vil bli betre enn i fjor. Dette er dei
høgaste forventningane målt sidan 2007, viser Innovasjon Norge sitt turistbarometer. - Optimismen er igjen til
stede i reiselivet og askeskyen falt heldigvis til grunnen før den ble så omfattende at den vil påvirke turisttrafikken i
sommer, seier Per-Arne Tuftin, Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge. Han understrekar at sjølv om det er
optimisme i reiselivet, kan resultatet tolkast som ein noko moderat optimisme om ein ser det i forhold til fjorårets
sommartal der 50 prosent av respondentane opplevde ei faktisk auke. Vi ser også at det er regionale forskjellar, og
at byane er meir optimistiske enn reiselivet i distrikta.
Tyskland veks
Tyskland, som er Norges største sommarmarknad målt i antal kommersielle gjestedøgn, utgjorde i fjor 25 prosent
av alle utanlandske gjestedøgn. I år vert det venta enno større vekst frå Tyskland, der heile 61 prosent av
respondentane ventar ei auke i sommar samanlikna med i fjor. - Vi registrerer en særlig optimisme fra viktige
markeder som Tyskland, Danmark, Frankrike og Italia. Også fra Storbritannia meldes det at bunnen er nådd, og at vi
nå vil se ny vekst. Disse fem landene representerer nesten halvparten av de utenlandske gjestedøgnene, så de
positive signalene herfra er et godt tegn for sommeren, seier Per-Arne Tuftin i nyhetsbrevet frå Innovasjon Norge.
Frå 1. mai vart Vestlandsbussen, Ekspressbussen Bergen – Trondheim og Ekspressbussen Bergen –
Førde endra til Fjordekspressen
Ekspressbussruter som inntil no har hatt namn som Fjordekspressen, Vestlandsbussen, Ekspressbussen Bergen –
Trondheim og Ekspressbussen Bergen – Førde, vart frå 1. mai samla under namnet Fjordekspressen. Dette gjeld
også regionruter mellom Stryn og Ålesund. Samstundes vert det også gjort nokre tilpassingar i rutetilbodet:
Nattbussen frå Trondheim til Bergen endrar avgangstid frå kl 2000 til kl 2230 frå Trondheim. Dette gjev ruta mykje
betre korrespondansar i Stryn mot heile Nordfjord og store delar av Sunnmøre. Eit par ruter er også innstilte.
Fjordekspressen er ein del av rutenettverket til NOR-WAY Bussekspress.
Meir informasjon og nye rutetider: www.fjordekspressen.no
Nordfjord Nytt
Juni 2011
www.nordfjord.no
Nordmenn vil ha Norgesferie
Norge er fortsatt nordmenns mest ynda reisemål om sommaren. Det kjem fram i dagens distriktsbarometer, som
er utført av Sentio på vegne av Nationen. Direktør i NHO Reiseliv, Bjørn M. Bjerke, er godt nøgd med tala. – Vi
har hatt vekst i det norske markedet i flere år og det er satt inn ressurser for å markedsføre norske reisemål i
Norge. Satsingen har gitt positive resultater. (Kjelde: NHO Reiseliv).
Sikre levedyktige reiselivsbedrifter
NHO Reiselivs landsmøte krev at regjeringa ser på tiltak for å betre dei økonomiske rammevilkåra for
reiselivsnæringa. Blant dei aller viktigaste er det å redusere mva-satsen for servering frå 25 til 14 prosent.
Reiselivsnæringa er ei konkurranseutsett næring. Reiselivet vart hardt ramma av finanskrisa, og mange
reiselivsbedrifter, spesielt i distrikta har vanskar med å kome seg opp på fote igjen. Med ein snøfattig vintersesong i
2011, og tap av både utanlandske og norske gjestar, har dette gjeve alvorlige konsekvensar for mange
reiselivsbedrifter. For å unngå nedbygging av reiselivsnæringa må det sjåast på tiltak som kan betre den
grunnleggande lønnsemda. Det aller viktigaste tiltaket vil vere å redusere mva-satsen for servering frå 25 til 14
prosent. Ei harmonisering mellom servert mat og take away blir gjennomført i stadig fleire nasjonar. Seinast i
Sverige har regjeringa foreslått dette. No må Norge følgje etter. (Kjelde: NHO Reiseliv).
Bygdeutviklingsprisen 2011
Prisen vert delt ut til bedrifter eller personar som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene
og landbruket sine ressursar. Innovasjon Norge kårar ein vinnar som får 50.000 kroner. Fylkesvinnaren deltek i
konkurransen om den nasjonale prisen på 200.000 kroner. Hovudmålgruppa er bedrifter eller personar med
næringsverksemd i tilknytning til landbrukseigedomar. Kandidatane skal vurderast etter følgjande kriterier:
Økonomisk resultat/lønsemd, Sysselsetjing, særleg for kvinner og ungdom, Sosial og miljømessig berekraft,
herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet, Nyskaping/originalitet”. Meld deg
på som kandidat på www.innovasjonnorge.no/buprisen2011 eller ta kontakt med ditt næraste Innovasjon Norge
kontor innan 1. juli.
Superbloggar frå USA
Rundt 17. mai hadde vi besøk av Matt Kepnes, ein superbloggar frå USA. Han skriv for blant anna Frommer`s, New
York Times, CNN, Huffington Post og AOL Travel. Han reiste rundt på ulike attraksjonar i Nordfjord og
Vestlandet. Han blogga og twittra om besøket sitt i ettertid. Sjekk ut bloggen hans:
http://www.nomadicmatt.com/travel-blogs/the-fjords-of-norway/
Reiselivsmessa i Lillestrøm 13. – 16. januar
Vi deltok for første gong under ”Book Norge” plakaten på Reiselivsmessa i
Lillestrøm, m.a. som del av EVS-prosjektet vårt. Konseptet bak ”Book Norge”
er at kundane kan kjøpe ferdige opplevingspakkar over disk. Vi fokuserte på to
tema; ”Aktive opplevingar” og ”Kultur & Spa”. Innafor desse temaene hadde vi
fleire konkrete pakkar som ein kunne bestille og kjøpe direkte hos oss, både for
vinterferie, påske og sommar. I tillegg presenterte vi for eit 10-tals
turoperatørar dei ferdige rundreisepakkane som er produserte, og fekk svært
gode tilbakemeldinga på desse.
Trass i at vi hadde ei av dei alle beste plasseringane på messa, var det lite besøk
av publikum. Til dei som besøkte oss fekk vi informert godt om regionen vår,
men ingen var klare for å kjøpe ferietur der og då. Skal denne messa overleve blant norske destinasjonar og
tilbydarar, må ein fokusere meir på å få nordmenn til å feriere i eige land. Dette bør destinasjonane og Innovasjon
Norge jobbe aktivt med framover.
Nordfjord Nytt
Juni 2011
www.nordfjord.no
Reiseklar i Bergen 20. – 23. januar
RS&N deltok også i år på Reiseklar i Bergen. Vi hadde ein 24 kv.meter stor stand saman med fem bedrifter frå
Nordfjord. Vi delte ut smaksprøvar under vignetten ”Ein smak av Nordfjord”. Her var pølse frå Nordfjord as,
flatbrød og ramsløksmør frå Aabrekk Gard og vatn frå Olden. Moods of Norway uniformerte deltakarane med
fargerike skjerf. Besøkstalet var godt, vi hadde innbydt ein del norske turoperatørar/lag og organisasjonar.
Reisemål Stryn & Nordfjord i NCE Tourism Fjord Norway sitt regionale team
NCE Tourism Fjord Norway avgjorde i 2010 å etablere ei regional organisasjonsform med
oppstart frå 1.april 2011. I samarbeid med enkelte av destinasjonsselskapa på Vestlandet
ynskte NCE å etablere et prosjektteam beståande av fire deltids prosjektmedarbeidarar i
dei fire fylka. Desse skal bidra til betre forankring av NCE arbeidet lokalt. Hovudarbeidsområde for stillingane vil
vere iverksetting av ulike tiltak innan arbeidsområdet produktutvikling med fokus på dei fire tematiske
satsingsområda til NCE Tourism. Stillingane har også eit ansvar for informasjon og for lokale nettverkssamlingar,
samtstundes som kvart medlem bør ha sterk kompetanse på minst eitt av de fire satsingsområda til NCE Tourism.
Målet er at teamet som heilskap skal inneha dybdekompetanse om de fire satsingsområda til NCE: ski, vandring,
”adventure” og kultur. Reisemål Stryn & Nordfjord har fått hovudansvar for temasatsinga på vandring. Sentrale
arbeidsområde vil vere å etablere en lokal strategi for posisjonering innanfor de fire temaa, utarbeide
fyrtårnkonsept og bookbare produkt, samt sikre kvaliteten og heilheta i de produkta vi leverer.
Sentrumskart for Olden
Vi har i år laga nye sentrumskart for Olden. Dette er eit toårig kart som stort sett blir
brukt av cruiseturistar som vitjar cruisehamna i Olden. I år har vi eit nytt kartgrunnlag,
som viser litt meir kva tilbod Olden har både i sentrum og eit stykke oppover dalen. Karta
har ein storleik på A3 og kjem i bunkar på 100 stk som er klare til å berre rivast av.
BookNorway lansert på VisitNorway.com
10. mai vart den første versjonen av BookNorway (online booking) lansert på VisitNorway.com. I første omgang
vart dette lansert på dei tre engelskspråklige portalane og lansering på dei andre språka blir gjort fortløpande. Den
offisielle lanseringa av BookNorway skjer 8. september på Innovasjon Norge sin Kick off. Dei produkttypane som
var klare ved lansering var: Fly, ferje, overnatting (landsdekkande og representativt utval bookbare hotell) og
leigebil. Frå Nordfjord er det altså foreløpig kun kjedehotell som er lansert, men breidda av overnattingstilbod skal
utvidast og planen er at alle bedriftene vi har klargjort via GuestMaker Booking skal vere lansert innan 8.
september. Sjekk korleis løysinga fungerar: http://www.visitnorway.com/en/ og
http://booking.visitnorway.com/en/accommodation/start
Merking og gradering av turløyper
Hausten 2010 søkte NCE og Fjord Norge Gjensidigestiftinga etter pengar til merking og gradering av turløyper på
Vestlandet. Gjensigidestiftinga innvilga 10 millionar til eit toårig prosjekt med mål om å merke 500 turløyper etter
ein ny standard med gradering etter vanskegrad. Midlane vart fordelte fylkesvis og med utdeling i to omgongar, ein
med søknadsfrist 19. mars 2011 og ein våren 2012. Reisemål Stryn & Nordfjord samordna ein felles søknad for
Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje kommunar og 31. mai fekk vi tildelt midlar til merking av ca 35
turløyper i Nordfjord. No pågår det eit arbeid rundt i kommunane med å lage skiltplanar, turbeskrivelsar til bruk på
infotavler og web m.m. Dette prosjektet vil heve vandreprodukta i Nordfjord veldig. For meir info sjå
http://www.nordfjord.no/no/bransje/Artiklar-bransje/Merking-og-gradering-av-turloyper/ eller kontakt Eli Folven på
[email protected] eller tlf 57 87 40 53.
Nytt sentrum- og kommunekart for Eid
Reisemål Stryn & Nordfjord har laga sentrum- og kommunekart for Eid. Kartet er i A3
storleik med kart over Nordfjordeid sentrum på den eine sida og kart over kommunen på
Nordfjord Nytt
Juni 2011
www.nordfjord.no
den andre. I tillegg til kart er der bilete og annonser, og liste med namn på forskjellige overnattingsstadar, butikkar,
aktivitetar, attraksjonar og liknande. Kartet blir distribuert på turistinformasjonen, hotell, campingplassar,
restaurantar, busstasjon, aktivitetsbedrifter, museum, kafear, butikkar, bensinstasjonar m.m. Alle som kjøper
annonse/oppføring får kart til bruk i si bedrift.
Briksdalsbre Fjellstove har utvida
Briksdalsbre Fjellstove har ghutvida bygningsmassen med 500 m2, her har dei
utvida souvenirbutikken og i tilknyting til denne har dei bygd ein liten kafe der
dei vil servere smårettar, is og kaffi til gjester som skal til Briksdalsbreen. Der er
25 sitjeplassar innandørs, og 16-20 plassar på terrassen. www.briksdalsbre.no
Legg inn ditt arrangement på www.nordfjord.no!
No kan du legge inn ditt arrangement for synlegheit på nordfjord.no og dei to
største reiselivsportalane i Norge: www.fjordnorway.com og
www.visitnorway.com. Når du har sendt inn ditt arrangement blir det lagt til godkjenning hos Reisemål Stryn &
Nordfjord og publisert innan kort tid. Dersom programmet ligg inne frå før, men du vil endre noko eller legge til
nye/fleire bilete er det berre å sende e-post til [email protected].
Registrer ditt arrangement på www.nordfjord.no/Registrer-arrangement/
Kva skjer framover for reiselivsbransjen?
•
•
Nordfjord Vandrefestival 6. – 14.august – Nytt i år: Yogatur! www.nordfjord.no/vandrefestival
Workshop Moskva og St. Petersburg 29. August – 2. September
Vi ynskjer dykk alle ein innbringande og flott sommarsesong!
Synnøve Aabrekk
[email protected]
Beate Vik Hauge
[email protected]
Yngve Stee
[email protected]
Eli Folven
[email protected]